lørdag, januar 31, 2015

Dagbok 2015. 31.januar

Klokka har passert 16.00, temperaturen ute er + 1 grad C og vi har hatt ein fin dag med sol og lette skyer. Etter litt somling og avislesing etc. her heime, tok vi turen på Amfi. Og i dag trefte vi mykje folk vi kjenner, ikkje berre Nils, men eg også. Prata med mange som eg ikkje har sett på lenge, så no føler eg meg rimeleg oppdatert.
Vi skulle ikkje ha så mykje, men fekk i alle fall brukt rabatt-lappane våre.
Då vi kom heim, kokte vi berre ein kaffikopp og tok ei brødskive, så middag har vi enno ikkje ete, vi skal ha kokt lange i dag.
Eg følte for å gå ein liten tur i dag, ikkje at eg kjende meg særlig sprek, men vêret var fint og vegen var nesten berr og i tillegg sanda.  Eg brukar sko med vinterdekk, men har ikkje hatt på broddar.
Eg klarte med litt møye og besvær å komme meg rundt Storebakken, plagast med hofta, men kan ikkje gi meg heilt. Nils likar best å gå i terreng, så han for opp i skogen. Der har dei tatt ut mykje grantre, også etter at dei var ferdig med orkanskogen .(Øvste bildet.)Eg synest der kunne vore finare rydda der som vinden huserte. Vi brukar å kalle området Hiroshima, men etter kvar bøter vel naturen sjølv på øydelegginga. Eg stod på vegen og såg Nils forsvinne inn mellom trea. Han er ikkje komen heim enno. Tok nokre bilde av utsikta frå toppunktet. Såg glimt av sola av og til.
Trur ikkje det blir gjort noko meir fornuftig i dag. Ingenting hastar når ein er fri kvar dag.



Og slik er stoda i Starevegen i dag.




fredag, januar 30, 2015

Dagbok 2015: 30.januar

Klokka er 18.45, temperaturen ute er +3 grader C. Det har vore for det meste opphaldsvêr i dag.
Nils skulle ut og fiske f.m. men det var for mykje vind til å legge utpå. Så han ausa båten og kom heim att. I mellomtida støvsuga eg teppegolva.Så fann han ut at han kunne gå på fredags-sang på Bakk-Ola i staden for fisketuren. Han trudde det begynte klokka 12.00, men då han kom 11.30 var programmet halvkøyrt, så det vart nesten bomtur det også.
Klokka 11.30 gjekk eg bort til naboen, der eg var invitert til formiddagskaffi i lag med eit par andre. Vi fekk god mat, og som vanleg var det nok å prate om. Etterkvart kom også strikketøya fram.
Då eg kom heim att utpå dagen, hadde eg meg ei stund på sofaen med lydboka mi, før eg laga Taco til relativt sein middag.
Elles er det ikkje all verda som skjer her i Starevegen, og det kan no vere like godt.
No skal vi ha oss kaffi, og så blir det vel mykje TV resten av kvelden. Vi er begge veldig opphengde i "Anno", eitt av dei få realityprogramma eg har likt.
Ønsker alle ei veldig god helg!

torsdag, januar 29, 2015

Dagbok 2015: 29.januar

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er minus 1 grad C; det har vore ganske fint vêr i dag, men ikkje så klårt at sola har vore særleg mykje framme. Men vi fekk registrert at ho forsvann bak Melshornet i 12-tida (bildet). Så då kan det ikkje vere så lenge til ho "kliv honnje", som vi seier her i Ørsta.
Dagen i dag har gått fort unna utan at det har hendt så mykje. Eg sette meg til å skrive referat før middag, var ferdig i 12-tida. Då kom Nils heim, han hadde vore eit lite ærend nedover, og vi åt lunsj. Vi pusla rundt litt til det vart tid å lage middag. I dag vart det fiskegrateng frå frysaren; eg raspa gulrøter og kokte broccoli til, så vi sløyfa potetene.
Elles har eg lese litt i boka eg begynte på i går, den tek faktisk til å interessere meg. Handlinga er lagd til Afganistan. Og mens eg les strikkar eg lester.
Med andre ord har dette vore ein dag utan store opplevingar, men det gjer ingen ting.
I morgon skal eg på lunsjbesøk til ein nabo. "Damelunsj" kan vi kanskje kalle det.

onsdag, januar 28, 2015

Dagbok 2015: 28.januar

                           Eli Kjøde og Eirik Stave
Klokka er 20.30, temperaturen er + 4 grader C, det har vore overskya og litt regn i dag, men det betyr ikkje så mykje når ein har fullt program inne.
Vi somla litt på føremiddagen før vi kom oss nedover, hadde ærend på apoteket i dag også.
Så var vi på Bakk-Ola og henta songbøker og årar etc. før vi var på Kulturhuset og dekka bord og gjorde klart til møtet.
Vi fekk eit par timas pause heime, så vi fekk laga oss litt mat, dusja og "pynta" oss. Vi må møte i god tid før møtet, sidan Nils er med og sel billettar.
Det såg ikkje ut som det skulle komme så mange, men så ramla det inn folk i massevis, fleire enn vi hadde berekna mat til. Elles var det no veldig kjekt.
Særleg sidan Øystein var dagens trekkplaster. Han var der og fortalde om Store-Rasmus, ikkje romanfiguren, men den verkelege personen. Trur alle tykte det var interessant.
No skal eg ikkje referere heile møtet her i kveld, referat til avisa skal eg skrive i morgon.
Nils vann to gevinstar i dag, ein primula (no har vi fire) og ein stor mørkeblå handduk.
Eg blir alltid litt surrete i hovudet etter slike møte (tinnitus), så no skal eg ha meg ei stille stund og legge i hop klede.
Så får han Nils sitte og høyre på at politikarane tyt om att og om att på samme argumenta.

tirsdag, januar 27, 2015

Bok nr. 10 - 2015


Vinternoveller
Ingvild H. Rishøis bøker kan ikke unngå å berøre leseren, og mer enn noen annen klarer hun å fremstille hvor skjørt og sårbart mennesket kan være, hvor uberegnelig hverdagen er. Novellene hennes er både bevegende og litterært kresne, og dypt innsiktsfulle i sitt blikk på menneskene.
I Vinternoveller handler det om å være på rømmen med Valdresekspressen, om karaoke, kjøpesentre og snø, og om hvor vanskelig det kan være å få kjøpt seg en pute. Men først og fremst er Vinternoveller tre historier om kjærlighet. Om mennesker som vil godt, som gjør sitt beste, men som ikke alltid får det til.
..................................................................
No har eg lese ut enda ei bok. Denne novellesamlinga var på berre 3 CD-plater.Dei tre novellane var veldig gripande, anmeldaren, som eg fann fram til, hadde gitt boka terningkast 6, og eg trur den fortener det.
Margrete har nyss skrive om boka, så eg fattar meg i kortheit. Det eg synest var det aller beste med novellane, som eigentleg var ganske triste, var at dei slutta godt. Ikkje på den måten at problema vart løyste der og då, men at ein såg ei eventuell løysing lenger framme.
Varmt anbefalt.


Dagbok 2015: 27.januar

Klokka er 18.15. Temperaturen er +4 grader C ; det har vore ein grå og våt dag med tanke på vêret.
Eg hadde ei lang telefonsamtale med ei veninne tidleg på føremiddagen i dag. Har mykje kontakt med eit par av veninnene frå barndommen og ungdommen.
Vi måtte nedover i dag, for eg oppdaga at eg var lens for nokre tablettar som eg må ha. Då eg kom ut frå apoteket stod Nils og prata med nokre som eg ikkje kjende med det samme. Men det var altså Lise og Kjell som var på bytur. Vi sette oss inn i kafeen og drakk kaffi. Kjøpte oss kvar si svele. Og det var eit heilt måltid i seg sjølv. Svela var stor og tjukk og smurd med eit tjukt lag "smør" som smakte som majones. Direkte ekkelt, men eg åt den opp, på tross.(Det var ikkje under trappa, der har dei gode sveler). Vi prata vel og lenge, før vi tok ein runde rundt omkring i senteret, ute var det så glatt at det var livsfarleg å gå.
Då vi kom heim, åt vi resten av suppa frå søndag, før vi hadde siesta.
Eg driv og les på den novellesamlinga som Margrete skreiv om for litt sidan, vanskelig å legge frå seg. Men no får eg ta eit lite tak i huset, med bok på øyret.
Elles så kjøpte eg ei papirbok i dag, ei slik av "bestseller"- typen. Vi kan no ha den på omgang i familien. Eg samlar ikkje på bøker lenger. I morgon er det pensjonistmøte, så då har vi program for dagen.

mandag, januar 26, 2015

Dagbok 2015: 26.januar.

Klokka er 22.30, det er + 1 grad ute. I løpet av dagen har det kome ein del nedbør i form av sludd og regn.
Eg vaska skuffer og skap på kjøkkenet, og taket, før jul. Veggane vart ståande uvaska heilt til i dag. Då gikk eg i gang med å vaske, tenkte eg fekk ta så mykje som eg orka, det enda med at eg gjorde meg ferdig. Måtte berre ha litt hjelp til å ta fram kjøleskapet. Eg var veldig glad og letta då eg var ferdig. Eg er litt skeptisk når det gjeld å klatre opp og ned på stolar og bord, men så fann eg ut at eg kunne bruke nokre gamle briller, som ikkje er så sterke. Det var lurt. Alle som brukar sterke, progressive briller forstår kva eg meiner.
Nils skulle til fastlegekontroll klokka 14.00, så då passa eg på å lese i boka mi mens han var vekke.Trudde eg skulle bli ferdig, men så viste det seg at den var på 10 CD-plater, ikkje sju som eg trudde. Eg veit ikkje om det var noko eg ikkje oppfatta, men eg fekk lite og ingenting ut av den boka.
Då Nils kom heim, laga han middag, kokt salta lange, med gulrot og potet. Det enkle er ofte det beste. Etter siestaen strauk eg og hengde opp reine gardiner på kjøkkenet, og stjernegardinene ligg i vaskemaskina. Klar til neste jul.
NIls henta ei ny bok til meg på biblioteket, veit ikkje om den er noko for meg, men eg får SMS frå dei når dei har noko eg ikkje har lese før. Eg har i alle fall rippa den i kveld.(Mens eg høyrde ferdig boka mi og strikka på ein lest).
Det har vore fleire TV-program i kveld også. Ser sjølvsagt "Anno", og så ser eg "Arvingane" også, enn så lenge. Eg synest det er rimeleg sjukt.

Bok nr.9 - 2015: Din nestes hus



Din nestes hus av Jette A. Kaarsbøl (Lydbok-CD)

Omtale frå forlaget:
Laus Lindborg lever et tilsynelatende spennende ungkarsliv i København. Eget arkitektfirma, gode venner, mange kvinner. Likevel kjenner han et stadig voksende tomrom. Og den dagen hans far dør uventet, truer tomrommet med å sluke ham helt.

Som en honnør til farens uforløste drømmer bestemmer Laus at begravelsen skal finne sted i provinsbyen St. Randing. Samtalene med presten som som skal forrette begravelsen fører til et slags vennskap mellom de to svært ulike mennene. Laus bestemmer seg for å bli i St Randers en tid for å arbeide med et fotoprosjekt, og snart er han husvenn i prestegården. Alma, heter prestens unge kone, en kvinne Laus lar seg fascinere av.
.......................................................................
Forfattaren hadde stor success med den førre boka si. Derfor kjøpte eg denne boka , billeg, på Clas.
Eg begynte på den tre gongar før eg tenkte at eg like godt kunne lese den ferdig. Eg trudde den var på 7 CD-plater, dessverre var det 10.
Forteljaren i boka er ein mann, forfattaren er kvinne. Trur ikkje det er så bra?
I alle fall fekk ikkje eg mykje ut av denne boka. Forstår eigentleg ikkje kva ho VIL med det ho skriv.

søndag, januar 25, 2015

Dagbok 2015: 25.januar

Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 5 grader C og det er opphaldsvêr.
Det hadde kome litt meir snø sist natt og den ligg enno. Nils gjekk ein liten tur før middag, men eg har halde meg inne heile dagen.
Ikkje berre har eg vore inne, eg har vore forferdelig lat. Det einaste eg gjorde før middag var at eg laga oksehalesuppe, og det var ikkje mykje arbeid, for halane hadde eg kokt og reinska før i veka, og Nils skrella grønnsakene, så det var i grunnen berre å skjere opp og blande. Godt vart det til slutt-det skal eg ha.
Etter middag vart det siesta. Vi sov litt dårlig sist natt, for det var nokon som dreiv og skaut opp fyrverkeri i timesvis; dette var noko vi var plaga med før jul, no har det tatt seg opp att. Kan ikkje forstå at politiet ikkje grip inn, syndarane skulle no ikkje vere vanskelege å finne?
Elles har eg lese mykje i boka mi i dag. Den som eg begynte på for tredje gong. No har eg bestemt meg for å lese den ut og bli ferdig med den. Så får eg prøve å finne noko meir interessant.
Og så blir det vel nokre timar TV i kveld også.
I går ettermiddag/kveld kom Solveig på overraskande besøk. Ho måtte til Ørsta og kjøpe klede. Og litt av kvart anna. Blant anna ein fin krysantemum som vi fekk.


lørdag, januar 24, 2015

Dagbok 2015: 24.januar

Start
Klokka er no 17.30, og eg føler at det har vore mørkt i timesvis. Temperaturen er + 2 grader C, og det snøar ute no; før i dag har det både regna og sludda. Til ære glede for naboar og andre som ferierer i varme strøk, legg eg ut desse ufyselige bilda.
I dag før middag gikk Nils ein trimtur i skog og mark, før vi begge køyrde ned til Amfi. Mens han var vekke farga eg håret og shina meg opp litt.
På AMFI var det mykje folk , som vanlig, og Nils trefte mange han kjende, det gjorde ikkje eg. Men eg fekk no litt "innemosjon". Det var ikkje så mykje vi trong, men litt hamna i korga i dag også.
Eg har gått og sett på noko rakørret, som har frista meg, og i dag kjøpte vi ein pakke. Det blei middagen i dag, med mandel-poteter og sennepsaus, flatbrød og meierismør. Rakørreten var god, men veldig salt, så Nils måtte spandere av juleølet sitt.(Munkholm-alkoholfritt).
Så vart det siesta på sofaen. Eg held på med ei kjedelig og dårlig bok for tida, så no blir det lenge til neste bokblogg. Har begynt på den minst tre gonger, så no må eg berre lese den ut.
Før eg kledde av meg etter "byturen" gikk eg ei bitte lita runde i nærområdet. Akkurat då kom det ei gedigen sluddbyge, som var over så snart eg var komen i hus.
Elles har vi kokt ein stor porsjon med erterstuing, som vi frys i høvelige porsjonar. Vi kokar av fem pakkar erter om gongen. Det går for det samme. Nils vil ha grønerter attåt nesten all slags mat.
No blir det vel TV mykje av denne kvelden også. Trur eg gløymde å seie GOD HELG ! i går, så då får eg gjere det i dag.

Stopp

fredag, januar 23, 2015

Dagbok 2015: 23.januar

Klokka er  17.15. Temperaturen er + 5 grader, og det er overskya med litt regn. Slutt på finevêret for denne gongen, trist å ikkje sjå sola, men godt med mildvêr.
Vi har ikkje vore så altfor aktive i dag heller. Nils var nedover og fekk klipt håret før middag. Eg vaska golv, og smårydda som vanlig.Men det ser ikkje så altfor ryddig ut på bildet.
For eit par dagar sidan bruna eg ein stor porsjon med oksehalar og kokte dei, i dag renska eg dei for kjøt- det vart lite kjøt og mykje bein. Krafta måtte eg sette til kjøling, for den var så full av feitt at den må avfeittast. Much ado about nothing?
Nils fekk vakumpakkemaskin med meg til jul. Det var det han ønska seg. I går prøvde han den på fisk, i dag pakka han sjølvsalta flesk for frysaren. Han tek eit veldig ansvar for at vi skal ha mat i hus.
Til middag i dag hadde vi fiskegrateng frå frysaren.


Elles så las eg ut boka eg heldt på med, den har eg skrive om under her.
Har funne ut at det gjer veldig godt for ryggen min å ligge heilt flatt på sofaen utan pute, så det gjorde eg i dag også. Men somna så tungt at det var vanskeleg å komme til seg sjølv igjen. Men no har eg hatt meg ein god kopp kaffi.
Komande veke blir det møte i pensjonistlaget, så då får vi litt meir å jobbe med. Har mykje vi skulle gjort her heime også, men det er så korte dagar no på vinteren.
I kveld blir det i alle fall nok TV, reknar eg med.

Bok nr.8 - 2015: Det dyrebare


Det dyrebare av Linn Ullmann (Lydbok-CD)
I «Det dyrebare» baler hele tre generasjoner av familien Brodal Dreyer med bedrag og fortielse.
Noen er mer uskyldige enn andre, og kanskje nærmer familien seg en større ærlighet før dramaet er over. Men først må noen dø.    

EN SVEITSERVILLA i en kystby sør for Oslo er åstedet for bokas viktigste hendelser. Året er 2008. Det er en tåkefull sommeraften og villaens eier, Jenny Brodal, er full. Hun har ikke drukket på tjue år, men nå skal syttifemårsdagen hennes feires. Det har datteren Siri bestemt. Stridbare Jenny ergrer seg. Hun vil ikke dette selskapet. 
Drøyt to år senere, 2010: Det er snart vinter i kystbyen. Simen og kameratene hans skal grave opp en skatt. De graver seg ned, ikke til skatten, men til et lik. Det er nitten år gamle Mille, som forsvant den sommerkvelden Jennys selskap gikk av stabelen. 
Mellom disse to tidslagene beveger Ullmann seg behagelig uanstrengt. Hun gir ordet til flere av aktørene, som ser og erindrer, og dermed utvides tids-rommet. Vi følger, i tillegg til Jenny, datteren Siri; en driftig og egenrådig restauranteier. Siris forfatterektemann, Jon, og parets datter, Alma, gis også stemmer. Og Mille, som forsvinner. 

Sommeren Mille blir borte, er hun ansatt hos Siri og Jon. Hun merker seg fornøyd en viss interesse fra Jon. Siri derimot, irriterer seg. Over Mille, og over Jon. En ting er at Siri må forsørge Jon, der han dag ut og dag inn stanger hodet i skrivesperren. En annen ting er troløsheten hans, som Ullmann langsomt avdekker. 
.....................................................................
Dette er handlinga i boka, saksa frå nettet. Men kva ein elles får ut av boka er mykje opp til ein sjølv. Margrete og Solveig har lese boka før, og gitt den god kritikk.
Eg synest boka var veldig gripande. Vil ikkje fortelje så mykje meir, berre anbefale andre å lese den.
Som de ser har eg lese mange bøker etter jul, det har sine grunnar. Blant anna har dei fleste bøkene vore "tynne", dvs. relativt korte.


torsdag, januar 22, 2015

Dagbok 2015: 22.januar

I dag hadde vi sola ein knapp time frå klokka 10.35, men no kjem ho att i Os-skaret klokka 14.30. Ho var her ca 10 minutt og dett var dett.
No er klokka 14.45, temperaturen ute er minus 4grader C, og det er kanskje siste finevêrsdagen.
I dag gjorde vi oss eit lite ærend til Volda, der det er sol og sommar samanlikna med slik det er her. Der var det bert og dei har sol nesten heile dagen.
Etterpå var vi ein liten tur til Plantasjen og kjøpte oss tre primula, kan kjøpe fleire etter kvart, dei står ikkje så lenge. Men så plantar eg dei ut til våren. Det står ein stakkar frå i fjor ute og blomstrar NO.
Måtte ein snartur inn på Amfi i dag også, hadde eit ærend på Apoteket. Så var det heim og steike fiskekaker, trur det var siste porsjonen av den mislykka produksjonen med seige kaker. Men vi kastar ikkje mat. Vi et med glupande appetitt begge to. Eg vel å sjå det som eit positivt teikn at vi har slik matlyst- i vår alder.
Nils har fått på TV-en med det som eg kallar "ski-mas", men eg trur har somnar i frå heile greia. Eg skal slappe av med ei bok av Linn Ullmann. Ho er faktisk ein svært god forfattar, og det er mannen hennar også, Nils Fredrik Dahl.




onsdag, januar 21, 2015

Dagbok 2015: 21.januar

Klokka er 17.30. Temperaturen er  minus 4 grader C og vi har hatt enda ein nydelig dag. Sola var her nesten ein time i dag, frå klokka 10.30. Og så kom den att ei lita stund i 14.30-tida.
Nils var relativt tidleg oppe og for på sjøen. Eg venta litt før eg steig fram frå sengevarmen. Mens han var vekke fekk eg støvsuga alle teppegolva litt grundig, og flytta om på dei to sofaane. Eg veit at det siste straffar seg, men så gjer eg det likevel.
Elles har eg gjort ein del av det som eg vil kalle kontorarbeid. Til middag hadde vi resten av suppa frå mandag, så det vart ikkje ferskfisk i dag. Men Nils fekk gitt bort litt av fangsten til naboar og venner. Han hadde ikkje fiska så lenge, for der var is i båten, regn som hadde frose til. Saltvatn frys ikkje så lett.Eine fiskekameraten hans er sjuk for tida, og Matias er i full jobb(?) som prest igjen, så Nils må fiske åleine. Eg likar ikkje det så godt.Men der er som regel folk i hamna og på sjøen når vêret tillet det.
I det vi skulle til å ete middag, kom endeleg elektrikaren som vi har venta på i månadsvis, kanskje eit halvt år. Han skulle legge opp ein jordledning, og så godkjende han det Nils sjølv har gjort når det gjeld varmepumpa. Det hadde ikkje vore så greitt å grave ned noko akkurat no.
Etter middag måtte eg berre lese ferdig papirboka eg begynte på i går, men eg har også ei lydbok som eg har starta på. Det har blitt mykje lesing i det siste, sidan eg ikkje er heilt sprek, og sidan vêret er så ymse. No har det rett nok vore fint nokre dagar, men det er noko glatt på vegane.

Bok nr.8 - 2015: Finne ly

Skogen syg meg inn i seg og lukkar seg rundt meg, slik han løynde meg då eg trong han, eit ly mot dei som jaga meg. Det kunne gått så gale, alt saman. Men det har gått godt i staden, og no er eg her.

Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for hans forsøk på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid.
...............................................................

Aina Basso (født 14. mai 1979) er en norsk forfatter og historiker. Hun kommer fra Giske i Møre og Romsdal. Basso har utgitt fire romaner: Ingen må vite (2008), Fange. 59. Taterpige (2010), Inn i elden (2012) og Finne ly (2014), alle på Det Norske Samlaget.
Hun ble i 2012 nominert til Brageprisen i klassen for ungdomsbøker for romanen Inn i elden. I 2013 ble hun nominert til Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for samme bok. I 2014 fikk hun Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for Fange 59. Taterpige.
Aina Basso bor i dag i Oslo.

................................................................................
Dette er den andre boka eg har lese av Aina Basso. Har også lese Fange.59. Taterpige. Eg begynte å lese boka i går kveld, og no har eg lese den ferdig. Den er nesten umuleg å legge frå seg; den har det eg kallar nerve. Det skjer ikkje all verda, men ein skjønar heile tida at noko vil skje. Noko forferdeleg vil skje!
Margrete las nyleg boka og ho har skrive meir utførleg om den.Eg kan berre anbefale andre å lese litteratur av denne forfattaren, som skriv på eit flott nynorsk.(Eg las papirutgåva av boka, den er på ca 250 sider, somme sider er blanke, andre står det lite på.)


tirsdag, januar 20, 2015

Dagbok 2015: 20.januar

Dette blir truleg det siste amaryllisbildet for denne gongen. Av dei fire eg kjøpte, står no tre og blomstrar på den andre stilken, den tredje står framleis i knopp. På første stilken hadde planten på bildet 4 blomster, men på stilk nr. 2 kom den med seks.


Klokka er no ca 15.30, og vi har nettopp ete middag. I dag vart det steikt sei! Vi har det same fine vêret som i går, og temperaturen er 0 grader C. Stort finare kan ikkje vinteren vere.
Før middag i dag shina eg opp kjøkkenet, så shina eg opp meg sjølv; vaska håret og bytte på meg respektable klede. Så vart det ein tur på Amfi. Har ikkje vore ute for ei dør sidan torsdag i førrre veka, så no er eg spent på om eg får mein av utfarten i dag.
Det var ikkje så mykje vi skulle handle, men så treffer ein mange som ein kjenner og pratar med dei. Å ha eit kjøpesenter som Amfi, er å ha ein "møteplass" -slik er det med den saken. Mange pensjonistar er innom nesten kvar dag, og mange sit i kafeen og pratar med kvarandre. Eg synest det er fint.
No skal eg ha ein pause på sofaen og lese ferdig Hoem si bok. Den nærmar seg slutten.

mandag, januar 19, 2015

Bok nr. 7 - 2015: Slåttekar i himmelen.


Slåttekar i himmelen» er ein inspirert roman frå forfattaren av «Mors og fars historie». Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vere villig til å satse og om å gjere store offer. Nominert til P2-lytternes romanpris 2014!
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar i Reknes-lia og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får han med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra — stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
.................................................................................................
Så har eg lese ferdig denne boka også. Den er på 8 CD-plater. Å høyre Hoem sjølv lese bøkene sine, er ei fryd i seg sjølv. Innhaldet er på ein måte enkelt og kjent. Oldeforeldra til Hoem er berre litt eldre enn mine eigne besteforeldre. Fleire i slekta hans reiser til Amerika, slik også min morfar gjorde- men han kom att. Boka fortel også om den tekniske utviklinga i andre halvdelen av 1800-talet, som eg i si tid studerte grundig.
Men det er sjølvsagt menneska som er i sentrum.Menneska som lever og arbeider så godt dei kan for å skaffe det mest naudsynte til seg og barna.
Boka er enkel, med eit lett forståeleg språk. Men eg veit ingen som kan skrive vakrare enn Hoem om det enkle, og vanskelege livet.
Når bokmålsfolk skal rose nynorske bøker, skriv dei ofte: "Jeg glemte helt at jeg leste nynorsk......."  Noko eg synest er utruleg komisk, men dei meiner det positivt. Denne boka er skriven på Hoem sitt eige språk-og det er nynorsk. Boka er anbefalt på det varmaste.

Dagbok 2015: 19.januar




Klokka er 19.00. Temperaturen er minus 2 grader C og det har vore eit nydelig vêr i dag.
For første gong i år skein sola inn i stova, gjennom rimeleg skitne glas. Eg var ikkje sein om å finne fram eddikvatn og mopp og vaske vekk det aller verste. Sola var her frå klokka 10.40 -ein knapp time.
Eg har halde meg inne i dag også, driv og bygger opp forma. Har vore bra eit par dagar no. Sidan eg ikkje kan halde på med tungarbeid, driv eg mykje med matlaging. I dag laga Nils og eg i fellesskap ein stor porsjon brennsnut, nok til både oss og Margrete med fam. Og eg laga foccaciabrød til.
Vi venta Margrete på lynvisitt i dag, sidan ho skulle køyre Amanda på ballett. Vi skulle dessutan byte bøker; eg låner her og ho der, og så les vi bøkene etter tur. Det blei også tid til ein kaffikopp.
Elles har det ikkje skjedd så mykje, men det var utruleg godt å sjå sol og blå himmel igjen. Eg kom til å tenke på eit dikt/ song, som blir meir aktuelt for kvart år som går: "Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma."
I dag kan vi gratulere Øyvind frå Eid med 22-årsdagen

søndag, januar 18, 2015

Dagbok 2015: 18.januar.

Vi gratulerer Håkon med 21-årsdagen i dag. Dette bildet er tatt ved Hovdevatnet sommaren 1998, då det var eit særs godt blåbærår. Alle tre gutane var på ferie i Ørsta og vi hadde vore på Berkneset og sett på kanonstillingane etter 2.verdskrigen. Fotballdrakter var obligatorisk!
Håkon feirer fødselsdagen sin i hovudstaden, der han studerer norsk ved universitetet.

Klokka er no 18.45, temperaturen er + 1 grad C og det ha vore ein fin dag. Hadde det vore litt mindre skyer på himmelen hadde vi hatt sol i stova i dag. Eg har halde meg inne, og brukt tida til diverse småjobbar i form av matlaging og rydding.
Vi driv og et opp diverse som vi finn i matlageret vårt; i dag fann vi ein pose kjøttkaker i frysaren. 
Innimellom har eg lese i "Slåttekar i himmelen". Har strikka bitte lite grann også, men må vere forsiktig med å sitte for mykje. Så lenge eg passar på det, går det bra.
Elles har det skjedd veldig lite her i pensjoheimen.

lørdag, januar 17, 2015

Dagbok 2015: 17.januar

Klokka er ca 18.30, temperaturen er + 1,7grader C, det er mørkt og det har regna meir og mindre i heile dag.
Eg har halde meg inne, og passa på at eg ikkje har gjort noko som eg får vondt i ryggen og hofta av. Det er ganske kjipt å gå slik å passe seg, men enda verre å verke. Det har eg ikkje gjort så mykje i dag. Nils var ein liten tur innom biblio og henta ei bok som eg har venta på lenge.
Eg sette meg ned og skreiv førehandsomtalen til pensjonistmøtet, det skal inn i redaksjonen i god tid før avisa kjem ut. Greitt alt som eg gjort. 
Eg måtte ha noko meir å gjere på, så det vart til at eg laga to doble porsjonar med fiskegrateng. Etter at vi åt den eine porsjonen til middag, har vi tre middagar att. Skal ikkje gå i detalj om framgangsmåten, men ein annan gong skal eg ha fisken opp i sausen-det gjorde eg faktisk forrige gong eg laga.
At eg sette på oppvaskmaskina og tok ein handoppvask ved sidan av, er ikkje mykje å skrive heim om.
Så rippa eg "Slåttekar i himmelen", og la den inn på minnepenn til Solveig og på min eigen iPod, mens eg strikka bitte lite grann og høyrde på ei anna lydbok- multitasking er eg ekspert på !
Så ropte Nils at han hadde laga kaffi, men eg somna på sofaen mens kaffien kolna. Han skal alltid ha på TV-en med sport eller nyheiter, det er reine skire sovemedisinen for meg.
Så blir det vel både nok og for mykje TV resten av kvelden. Men no fekk Nils telefon frå søskenbarnet sitt i Solund.Han har mange telefonvenner.

fredag, januar 16, 2015

Dagbok 2015: 16.januar

Klokka er snart halv seks, og ute er det bekmørkt. Trur det regnar litt også. Temperaturen er + 2,6 grader C.
Vi hadde tenkt oss til Sæbø i dag, men det vart ikkje, for eg vart så heilt elendige i går kveld og i natt, verkte like gale same kor mange tablettar eg tok. Somna litt då det leid mot morgon, man var ikkje i noko særleg form. Nils fann ut at han ville fiske, så han for på Rjåneset, mens eg fekk vaska håret om ikkje anna.
Nils kom att med fisk, så eg tenkte eg skulle ringe Bodil, så dei kunne kome oppom og få litt av den, men eg ville vente til det var slutt i kyrkja. Men det vart Bodil som ringde først.
Det var litt artig at det var Matias som forretta i gravferda på Sæbø i dag, så fekk dei bli kjende med han. Dei har no høyrt mykje om fisketurane han og Nils har hatt i lag.
Eg fann fram litt mat og Nils kokte kaffi, så vi fekk oss ei skikkeleg kosestund med mykje godt prat. Alltid kjekt at nokon stikk innom; det har vore lite besøk i seinare tid.
No er Nils i gang med å koke fersk småsei til middag, det er ei stund sidan sist vi hadde den retten. Og så blir det vel mykje TV resten av kvelden, tenk at det alt er ei veke sidan vi låg og grov for å finne holet der ledningen skulle inn. Tida flyg! Så vil eg ønske alle ei god helg! Håper det blir råd å vere ute !

torsdag, januar 15, 2015

Bok nr 6 -2015 : barndom 40-tallet

Denne boka fekk eg i julegåve, og no har eg lese den frå perm til perm, litt no og litt då. For meg vart det ei artig mimrebok. Den handlar om tida både under og etter krigen. Om mat, klede,leikar,bøker,blad, filmar og mykje anna. Det er rart å vere så gammal at ein hugsar alt dette.
Eg fekk ei bok om 70-talet også, då barna våre vaks opp. Jammen er det mykje som har endra seg sidan dei åra også.

Dagbok 2015: 15.januar

Klokka er ca 14.45. Temperaturen ute er + 5,7 grader. Og himmelen klårnar litt etter litt. Det er nesten som om vi ser sola-eller skinet av den. Det går rette vegen. Og som de ser av bildet over har amaryllisane begynt å blomstre på stilk nr.2. Like vakre som første blomstringa.

I dag har vi vore på rek, det er ei stund sidan sist. Først var eg på biblioteket der det var lite nytt å finne, men no står eg først på lista til "Slåttekar i himmelen". Etterpå var vi på Clas Ohlson, der eg kjøpte nytt tastatur til til den stasjonære datamaskina. Det eg har virkar så dårleg at mange bokstavar ikkje kjem med når eg skriv, så det blir ein heil jobb  rette. Dei har billege lydbøker også på Clas, og eg fann ei som kanskje kan vere interessant. Trur eg har lese ei bok før av Jette A. Kaarsbøl. Den heitte "Den lukkede bok". (Eg er ikkje heilt sikker på om eg har lese den, eller berre lese om den.)
Og i dag hadde vi ikkje planlagt middagen, så då blei det kina-restauranten i Volda. Der fekk vi god, nylaga mat, litt i underkant av 200 kr for to. Det må no vere bra? For dei som ikkje veit kvar det er, så  er det i same hus som Coop Mega.
No skal vi ha oss ein kaffikopp før vi skal slappe av; Nils med sport på TV, eg med lydbok.Og himmelen blir meir og meir blå.

onsdag, januar 14, 2015

Bok nr.5 - 2015: Angrep fra alle kanter.



Image for Angrep fra alle kanter from Norli



Den briljante Sandnes-gutten Ben er fed up av sin gjerrige far og sin psykotiske mor. Han er lei av å sniffe bensin med storebroren Rikki bak det nedlagte speiderhuset. Nå har han en sommerfgulkniv i lomma og vil sette himmel og helvete i bevegelse for å skaffe seg et nytt liv. 
Seksten kilometer lenger nord ligger verdens rikeste by, Stavanger. Der bor Hillevågsgjengen: onkel Rudi, Jan Inge og Cecilie. De lever utenfor loven. De er KrF-fans, digger heavy metal og gir blanke i oljesamfunnets regler. Det eneste de mangler er et brekk som gir store penger. 
Sammen med sin skremte storebror Rikki forlater Ben barndomshjemmet og legger ut på en reise som skal bli katastrofal for enkelte og skikkende for andre. 
Det er oktober i Rogaland. Jorden drønner. Pengene knitrer. Pariserhjulet dreier. Stakkars barn av regnbuen. 


Med den potente og amoralske thrilleren «Vi ses i morgen» fornyet Tore Renberg spenningsromanen, til stor applaus hos lesere og kritikere. Den var første bok i Teksas-serien. «Angrep fra alle kanter» er andre bok.

......................................................................
Då eg las "Vi ses i morgen", visste eg ikkje at boka var den første i ein trilogi. Derfor måtte eg lese den om att før eg las "Angrep fra alle kanter". Den første boka likte eg veldig godt, og gledde meg til å lese meir om den meir og mindre kriminelle gjengen.
Bok nummer to vart liksom litt "too much", særleg til å begynne med.
Boka handlar om ein gjeng med skakk-køyrde kriminelle menneske, som på ein måte bygger seg eit alternativt univers med eigne lover og moralomgrep.Deira verdsbilde er liksom eit vrengebilde av røyndommen-veit ikkje akkurat korleis eg skal uttrykke det. Alle har dei hatt ein vanskeleg barndom, med foreldre som har svikta på ymse måtar. 
Spåket er på samme tid røft og poetisk. Det samme er menneska, røffe, brutale og poetiske. Kanskje ikkje heilt realistisk, men eg har sans for boka.        







Dagbok 2015: 14.januar

Klokka er 17.00, temperaturen er + 2 grader C, og det regnar. Bilda tok eg i 13-tida, då snødde det tett.Vi såg knapt over på andre sida av fjorden Det hadde også snødd sist natt, så Nils hadde jobb med å mòke med hand, før han hadde eit ærend til Vik. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag heller.
Og ikkje har eg gjort så mykje inne heller. Noko form til å gå laus på store arbeidsoppgåver har eg ikkje, men eg finn alltids ei skuffe eller tre som treng opprydding. Klesvask og oppvask er ikkje arbeid lenger. No treng eg ikkje å gjere så mykje, men blir i betre humør når eg føler at eg har gjort ein jobb.
I dag var det Nils som kokte middag; vi hadde påstråla lange, og det smakte godt.
Elles så driv eg å les lydbok i ledige stunder, og så strikkar eg litt innimellom. Ikkje mykje å skryte av det heller, det blir mest lestar, men eg har inntrykk av at det er relativt populært.
Eg er ikkje glad i dette vêret; best som det kjem mykje fin snø, så regnar den bort. Det er ikkje råd å ta ut sparken, slik eg ønsker meg. Om det vert fint vêr no, så får vi sola. Den er hos oss seinast 18.januar.



tirsdag, januar 13, 2015

Dagbok 2015: 13.januar

Klokka er 18.10, temperaturen ute er ca +1 grad C, og det snør. Dessverre er ikkje snøen så fin og lett som eg skulle ønske, meir på grensa til slaps. Skulle ønske vi fekk fin, kvit snø som låg i ro, men meldingane er ikkje gode.
Dagen i dag har vore rimelig sløv-for meg. Shina opp kjøkkenet før middag, og mens Nils var i Volda til kontroll, skreiv eg referat frå møtet i går.
Sidan vi ikkje hadde planlagt noko til middag i dag, bestemte eg meg for heimelaga pizza, då fekk eg bruke litt av matlageret vårt. Hadde berre fått laga deigen då Nils var tilbake. Han hadde komme inn til legen "før tida". Tilbakemeldingane var gode.
Etter å ha ete opp pizzaen, la eg meg på sofaen med lydbok, og der vart eg liggande både lenge og vel. Her var varmt og godt i stova, så det var lett å slappe av. Det blir vel ikkje så mykje aktivitet resten av kvelden , heller. Det er framleis mørkt ute frå tidleg ettermiddag.

mandag, januar 12, 2015

Dagbok 2015: 12.januar

Klokka nærmar seg halv fem og vi er nyss ferdige med middagen - fiskekaker. No har vi berre ein porsjon att av dei mislykka kakene,og takk for det! Temperaturen ute er litt i underkant av + 5 grader og det blæs litt. Har høyrt "tora" også.
I dag støvsuga eg teppegolva før det vart på tide å fare nedover. Vi skulle på styremøte klokka 13.00, men skulle handle litt først. Eg var innom Gåvebua for å finne små dukar til små bord, men fann ingen ting som passa. Eg får vel grave fram noko frå skuffer og skap så lenge.
Så handla vi litt mat og medisin på Amfi.
Møtet tok nesten to timar, og etterpå tok vi ein tur ut i hamna og såg etter båten til Jørn. Vi skal ikkje mange metrane ut frå sentrum før det er heilt bert. Her på Vallabøen ligg det framleis snø; eg likar at det er litt kvitt rundt dørene, men snøen er ikkje så rein lenger. Bildet over tok eg klokka 15.15, då var det alt skymt, så blitzen gjekk av. Når det er klårvêr er det lyst til klokka er over 16.00.
No skal vi slappe av ei stund før det blir tid for kaffi.

søndag, januar 11, 2015

Dagbok 2015: 11.januar

Klokka er ca 12.30. Temperaturen er +1,5 grader C og det er fint lettskya vêr. Mens mykje av Vestlandet hadde ekstremvêr i går, men det knapt eit vindpust her. Slik var det då det var ekstemnedbør i slutten av oktober, den dagen vi køyrde gjennom heile Sogn og Fjordane, eller i alle fall nesten.
I dag har eg brukt føremiddagen til å rydde ut jula, og det som skal på loftet har kome dit no.
Den nye løparen på salongbodet fekk vi av Solveig til jul. Den er sjølvsagt frå Ekelund. Det er fine og gode ting dei lagar der, berre ein ting kan vere eit lite problem og det er jarekantane. Som de ser har dei ein tendens til å "bølge seg " litt.Den var litt mindre farge i stova no, amaryllisane er heller ikkje som dei var for nokre dagar sidan, men alle har ein ekstra stilk, så eg håper på ny blomstring. Når dei takkar for seg for godt, får eg kjøpe primula.
Nils ser sport på TV, men eg finst ikkje interessert, så eg må finne på noko anna. Skal no lage middag om ei stund.I dag blir det juleskinke -innkjøpt til jul.


lørdag, januar 10, 2015

Dagbok 2015: 10.januar.





Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 2 grader C. I dag hadde vi forventa både storm og det som verre var, men fjorden låg flat og blank som ein spegel, utan det minste vindgrel. Floa var imidlertid svært høg, og om det hadde blese, hadde nok sjøen kome langt innover land. No skal vi ikkje kjenne oss heilt trygge, det kan enno blåse opp.
No er eg litt sånn i tvende sinn når det gjeld vind; eg likar godt at det tutar og blæs, men ikkje at folk eller ting vert skadde, eller at vi misser lyset. Her i Ørsta er skikkelig vind veldig sjeldan.
I dag var vi på ei lita shoppingrunde. Vi kjøpte oss eit lite bord til å ha mellom dei to reclinarane, og eit par andre "oppfriskande" ting. Berre litt frukt og melk på kolonialen.
Til middag blei det pølser+potet og kålrabi. Vi har enno mykje att av "julematen". I morgon skal eg rydde vekk resten av "jula"- det er ikkje så mykje som står att. Juletreet gjekk i lag med det runde bordet. Så blir det vel ein lang TV-kveld-om ikkje noko uforutsett skulle skje.
(Bildet over tok eg sånn i 14.30-tida. Det blir litt for mørkt når ein rettar linsa mot ein lys himmel.)

fredag, januar 09, 2015

Dagbok 2015: 9.januar

Klokka er snart halv fire, og enno skin sola langt nedetter fjellsida.Neste veke skal vi få sol i stova om det blir klårt. Temperaturen er minus 1,7 grader C. Hadde det berre villa vare. Men det gjer det ikkje. Det er meldt både storm og orkan, så her må vi vere budde på det meste.
Sidan det var så fint og lett vêr vakna eg ein time tidlegare enn vanleg i dag.Ryggen var vond, som vanleg, men energien var på topp. Sidan vêret var så fint høvde det godt å skifte på sengane, lufte dynene og vaske soverommet. Badet og kjøkkenet fekk også ein omgang, måtte komme i rute med fredagsvask, sjølv om det ikkje var så veldig skite.
Så ville Nils ut og fiske litt frå land og sjå etter at båten låg som han skulle før uvêret set inn. Eg såg mitt snitt til å lese ferdig boka eg heldt på med, på same tid som eg strikka på ein lest. Kom akkurat i mål før han kom heim. Han hadde ikkje fått fisk, så det vart å ete fiskegrateng frå i forgårs til middag i dag.
Har plukka vekk ein god del av "jula", det meste blir vel vekk i løpet av helga. I dag tok Nils bort det som hang ute, i tilfelle orkan. Har litt problem med å forstå at det er fredag igjen, ikkje så lett å halde styr på dagane når kvar dag er "som en herlig feriedag".
God helg til alle som er innom bloggen min!

Bilda er tatt frå trappa vår klokka 14.30.

Bok nr.4 - 2015: Den største forbrytelsen

En rystende fortelling om frontkjempere, statspolitiet og de nazistiske byråkratene som gjorde den norske jødeutryddelsen mulig. Vinner av Brageprisen 2014!
På begynnelsen av 1900-tallet kommer det unge jødiske ekteparet Benzel og Sara Braude til Kristiania. De slår seg ned på Grünerløkka og får fire barn. På en annen kant av byen vokser Stian Bech jr. opp. Han er sønn av en antisemittisk høyesterettsadvokat og sliter med å leve opp til omgivelsenes forventinger. Krigen skal gi Bech jr. nye muligheter. En kald februardag i 1941 kommer Wilhelm Wagner fra sikkerhetspolitiet i Berlin til Oslo for å kartlegge alle jøder i Norge. På hvert sitt vis flettes alle disse skjebnene inn i nazismens fanatiske utryddelsesprosjekt.
26. november 1942 står ofre og gjerningsmenn ansikt til ansikt. Da går den første transporten med norske jøder til Auschwitz. Bare et fåtall skal vende tilbake i live.
Hvem stod bak forsøket på å utslette jødene fra Norge? Hvorfor og hvordan kunne denne forbrytelsen skje? Marte Michelet behandler det traumatiske kapitlet av norsk krigshistorie i sin fulle bredde, basert på moderne forskning og en møysommelig gjennomgang av norsk og tysk arkivmateriale. Det er en rystende beretning, og samtidig et levende portrett av jødisk liv i Norge i mellomkrigstiden og de skjebnesvangre okkupasjonsårene.
............................................................
Eg var knappe to veker gammal då tyskarane okkuperte Norge, men eg hugsar "krigen" dvs.soldatane som gjekk forbi huset vårt kvar dag. Eg hugsar "freden" som kom den 8. mai 1945, då besten heiste flagget i Innvik, der vi budde siste delen av krigen.
Alle var glade for at krigen var slutt, og eg trur mange valde å ikkje snakke for mykje om det som hadde vore. Skulebøkene vår hadde ikkje mykje stoff om krigen, og eg las ikkje mykje om det som hadde skjedd. E
Elles har eg inntrykk av at det var "heltelitteraturen" som kom først. Kanskje har ikkje tida vore moden før no for å skrive den heile og fulle sanninga om alt som hende. Historia om jødane vart eg først skikkeleg kjend med i vaksen alder. Eg har ikkje vore spesielt interessert i krigslitteratur, det må eg berre vedgå. Derfor var eg ikkje så ivrig etter å lese denne boka heller.


Men no er det gjort! Og for ei bok! Eg gir den utan å nøle terningkast 6- og det gjer eg ikkje ofte. Eg las den som lydbok, den er på 7 CD-plater, og ho som les den les roleg og greitt. Likevel blir det mange namn å halde greie på, så eg burde nok ha notert undervegs. Derfor vil er kome med følgande råd til andre: Les boka! Kjøp den gjerne i papirutgåve, då kan ein notere etc. om ein vil.
NB: Dette er ein rein dokumentar, ikkje ein roman.

torsdag, januar 08, 2015

Dagbok 2015: 8.januar

Klokka er14.30, temperaturen ute er +3,3 grader C, og det er vått og grått som aldri før. Det var enda så, om eg ikkje hadde kjent det så godt på kroppen.
I dag vart det ein tur nedover på oss begge, etter at NIls hadde vore ein tur i banken-åleine.
Vi køyrde bort på Skeidar for å sjå etter eit lite bord med avishylle, men fann ikkje det i dag heller. Ikkje hadde dei Løfbergs kaffi på El-kjøp heller, men vi kjøpte ein pose med heile bønner som dei anbefalte. Så var vi innom biblioteket og der fekk eg tak i Tore Renbergs bok "Angrep fra alle kanter"   som er eit framhald av "Vi ses i morgen".
På Amfi hadde vi ein del ærend i dag, men kjøpte ikkje anna enn det som stod på lappen - berre litt.
No har vi ete ein relativt tidleg middag med spekemat, poteter og potetsalat. Eg får av og til ein voldsom salthunger, og då smakar det godt med spekepølser etc.

Her er adoptiv-/bonuskatten til Nils. Han kjem og får fisk og anna godt kvar dag, men han er ikkje direkte tam. Vi trur det er katten til AO, den som heiter Chat Noir.

Nils har mykje nytt fiskeutstyr hengande i garasjen. Desse linene er ferdige til bruk, han treng berre nokre steinar til å henge på. Men med orkan i sikte blir det vel ikkje fiskeri med det første.

onsdag, januar 07, 2015

Dagbok 2015: 7.januar

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 7 grader. Det har vore opplett, lyst og fint i dag. Men eg har halde meg inne. Prøver å komme i gå-form igjen, men det tek si tid. Sidan eg ikkje hadde noko spesielt på programmet i dag, rydda eg ei skuffe m.m., og så laga eg fiskegrateng til ein tidleg middag. Etter siestaen hadde eg litt klede å stryke, og så heldt eg fram med ein jobb eg begynte på i går.
Eg har samla på Ørsta-kalenderar i fleire år(ca 30) og hadde lyst å ta vare på mange av dei fine bilda. Kalenderane har lege i ei skuffe og venta på at eg skulle orke å begynne på jobben. I går kveld fekk eg ånda over meg. Eg har ein giljotin som eg kan skjere til bilda med; så har eg skrive på årstal, hatt dei i plastlommar og sett dei i perm. Det var ganske mykje arbeid, men det gjekk greitt unna-med lydbok på øyret. No les eg ei dokumentarbok om jødane i Norge før og under andre verdskrigen. Det er veldig interessant.Boka heiter "Den største forbrytelsen"-trur den er ganske ny.No skal vi sjå Anno på TV, synest det er mange interessante program på TV for tida. TV er for meg NRK 1-ein sjeldan gong TV 2.



tirsdag, januar 06, 2015

Dagbok 2015: 6.januar

Klokka er 17.00, temperaturen ute er 8 grader C. Det er mørkt ute no, men vêret har vore bra i dag.
Nils hadde ærend til Volda før middag. Mens han var vekke fekk eg støvsuga alle teppegolva, og vaska håret. Så no er både huset og eg nokonlunde presentable.
Til middag i dag hadde vi restar frå sundag, så no er mesteparten av julematen fortært. Med unntak av kakene-dei varer vel til neste jul........
Eg rydda ikkje ut "jula" i dag, plukka berre vekk litt nissar og englar. Less is more.
Elles har eg gjort lite og ingenting, litt klesvask, oppvask etc.-berre slikt som ikkje er noko arbeid lenger. Prøver å halde meg unna strikketøyet, i håp om at ryggen skal betre seg litt. Det held hardt, så eg må kanskje strikke bitte lite grann ......?
Ikkje har eg noko fristande lesestoff heller. Håper eg snart får melding frå biblio; eg har bestillingar inne heile tida.


I dag er det Trettande dag jul, eller Heilage tre kongars dag. Dagen blir også kalla Gamle juledag (på grunn av kalenderomlegginga i 1700). Då hadde dei i gamle dagar eit trearma lys på bordet og skåla for det nye året. Om kvelden måtte ein halde seg i hus, for då begynte Åsgårdsreia tilbaketoget sitt. Det ein drøymde denne natta vart sett på som sanndrøymt. Så det er berre å passe på.Sov godt!

mandag, januar 05, 2015

Dagbok 2015: 5.januar

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 5 grader. Det har vore veldig grått og vått i heile dag.
I dag ringde telefonen før vi var oppe, men vi sov ikkje. Det er tydelig at arbeidslivet er i gang igjen! Det var varmepumpe-mannen som ville komme og sjekke pumpa i kjellarleilegheita. Dermed fekk vi ein litt "flying start" på dagen.
Eg hadde som mål for min del å gjere skikkelig reint på bad og kjøkken, og det blei gjort.
Hadde så smått tenkt å støvsuge også, men så lurte Nils på om vi kunne ta ein tur ut i Fosnavågen. Eg veit kva det betyr, det er fiskeutstyr som skal kjøpast inn. Det var ikkje meg imot, og vêret skulle visst vere bra også - der ute. Akkurat når det galdt veret tok vi feil, der var verre enn her. Vi har trass alt litt kvit  snø rundt dørene, der ute var det heilgrått. Men fiskeutstyr har dei. Det vart kjøpt både liner, forsyn, onglar og sen, så no har han visst tenkt å drive stort !
Etterpå skulle vi på stamkafeen vår og ete lunsj, men der var ikkje mykje å få. Der var rettnok ope, men berre to einslege kaker i disken. Det var ikkje stort likare på dei andre stadane vi stakk innom.
Vi tok like godt på heimveg, stoppa berre på Pekas og kjøpte noko skrommel, og handla litt mat på Kiwibutikken ved sidan av. Og så var det rett heim, der vi kokte lange med poteter og gulrot.Dessert hadde vi også, den siste fløytepakken frå jul  var ute på dato, men var fullt brukbar.
Ikkje for  å syte og klage, men eg verker mykje i hofta for tida, i dag har det vore skikkelig gale. Trur det har mykje med vêret å gjere. Eg skriv det berre for å forklare kvifor eg ikkje er ute og går på ski etc.
No har Nils knytt 40 onglar på like mange forsyn. Eg har strikka litt, og så skal eg legge i hop ein klesvask.

Bok nr.3 - 2015: Sommeren uten menn.


Sommeren uten menn - Siri Hustvedt Siri Hustvedt Bodil Engen Bodil Engen


Mia legges inn på psykiatrisk avdeling for en kortere periode. Deretter forlater hun hjemmet i Brooklyn, New York for å tilbringe sommeren hos moren i Bonden, småbyen hun kommer fra, et sted i Midtvesten.
Mia går gjennom hele følelsesregisteret, fra sammenbrudd og gråt, til hyl, raseri og bitter ironi
Levd liv og heftige diskusjoner
I Bonden, sammen med moren og en lesesirkel bestående av hennes aldrende venninner - "de fem svanene", som de gamle damene kalles, damer som "lever intenst i nuet" - og sammen med en gruppe på sju jenter tidlig i tenårene, som Mia underviser i poesi, kommer vår heltinne langsomt til hektene igjen. Og det blir slett ingen begivenhetsløs sommer. De gamle kvinnene, inkludert moren til Mia, bærer alle sammen med seg sine liv og sine hemmeligheter som stiger opp til overflaten. Og blant de unge jentene som skal lære seg å skrive poesi, syder det av konflikter, konstellasjoner, sårhet og en helt egen og fascinerende mangel på empati som man gjerne finner i unge tenåringsjenter.
..........................................................
Denne boka har eg lese før, men følte at eg hadde fått lite ut av den. Så i mangel på anna fristande lesestoff, bestemte eg meg for å lese boka om att. Trur ikkje eg får så mykje meir ut av den no. Denne boka burde eg ha lese på papir, for opplesaren les for fort til at eg får tankane med meg.

søndag, januar 04, 2015

Bok nr.2 - 2015: En ny grevinne





Siste bind i «Kjærlighet og arv»-trilogien.

England 1903. Det er full panikk på godset til Lord Robert og Lady Isobel Dilberne. Snart får de storfint besøk av kong Edward VII, og da overlates ingenting til tilfeldighetene.
Dessverre for Lady Isobel vil ikke resten av familien samarbeide. Hun krangler med svigerdatteren Minnie O’Brien om oppdragelsen av barnebarnet James, og Minnies mamma er på
besøk fra USA og lager kvalm. Niesen Adela skaper også massehysteri blant tjenerne ved å hevde at det hviler en forbannelse over huset.
Som om ikke det var nok, spøker det også for finansene til det fornemme ekteparet. Og mens stresset tiltar, forandres plutselig hele rangordningen på godset.

Boken er spekket med drama, romantikk og humor, akkurat som vi er vant med fra Fay Weldon.
...........................................................
God og morsom underhaldning på historisk bakteppe.



Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...