fredag, januar 16, 2015

Dagbok 2015: 16.januar

Klokka er snart halv seks, og ute er det bekmørkt. Trur det regnar litt også. Temperaturen er + 2,6 grader C.
Vi hadde tenkt oss til Sæbø i dag, men det vart ikkje, for eg vart så heilt elendige i går kveld og i natt, verkte like gale same kor mange tablettar eg tok. Somna litt då det leid mot morgon, man var ikkje i noko særleg form. Nils fann ut at han ville fiske, så han for på Rjåneset, mens eg fekk vaska håret om ikkje anna.
Nils kom att med fisk, så eg tenkte eg skulle ringe Bodil, så dei kunne kome oppom og få litt av den, men eg ville vente til det var slutt i kyrkja. Men det vart Bodil som ringde først.
Det var litt artig at det var Matias som forretta i gravferda på Sæbø i dag, så fekk dei bli kjende med han. Dei har no høyrt mykje om fisketurane han og Nils har hatt i lag.
Eg fann fram litt mat og Nils kokte kaffi, så vi fekk oss ei skikkeleg kosestund med mykje godt prat. Alltid kjekt at nokon stikk innom; det har vore lite besøk i seinare tid.
No er Nils i gang med å koke fersk småsei til middag, det er ei stund sidan sist vi hadde den retten. Og så blir det vel mykje TV resten av kvelden, tenk at det alt er ei veke sidan vi låg og grov for å finne holet der ledningen skulle inn. Tida flyg! Så vil eg ønske alle ei god helg! Håper det blir råd å vere ute !

1 kommentar:

Hildegard sa...

Det vart eit herleg måltid på oss også med fersk småsei og nykokte poteter då vi kom heim. Takk for det. Vi har Mira på overnatting, Kristine og pappaen skal til Høyanger tidleg i morgon, fotball kretslaget, og mammaen har nattevakter.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...