lørdag, januar 17, 2015

Dagbok 2015: 17.januar

Klokka er ca 18.30, temperaturen er + 1,7grader C, det er mørkt og det har regna meir og mindre i heile dag.
Eg har halde meg inne, og passa på at eg ikkje har gjort noko som eg får vondt i ryggen og hofta av. Det er ganske kjipt å gå slik å passe seg, men enda verre å verke. Det har eg ikkje gjort så mykje i dag. Nils var ein liten tur innom biblio og henta ei bok som eg har venta på lenge.
Eg sette meg ned og skreiv førehandsomtalen til pensjonistmøtet, det skal inn i redaksjonen i god tid før avisa kjem ut. Greitt alt som eg gjort. 
Eg måtte ha noko meir å gjere på, så det vart til at eg laga to doble porsjonar med fiskegrateng. Etter at vi åt den eine porsjonen til middag, har vi tre middagar att. Skal ikkje gå i detalj om framgangsmåten, men ein annan gong skal eg ha fisken opp i sausen-det gjorde eg faktisk forrige gong eg laga.
At eg sette på oppvaskmaskina og tok ein handoppvask ved sidan av, er ikkje mykje å skrive heim om.
Så rippa eg "Slåttekar i himmelen", og la den inn på minnepenn til Solveig og på min eigen iPod, mens eg strikka bitte lite grann og høyrde på ei anna lydbok- multitasking er eg ekspert på !
Så ropte Nils at han hadde laga kaffi, men eg somna på sofaen mens kaffien kolna. Han skal alltid ha på TV-en med sport eller nyheiter, det er reine skire sovemedisinen for meg.
Så blir det vel både nok og for mykje TV resten av kvelden. Men no fekk Nils telefon frå søskenbarnet sitt i Solund.Han har mange telefonvenner.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...