onsdag, juli 31, 2019

Dagbok 2019: 31.juli

Klokka er no ca.18.00, temperaturen er + 21 grader og vi har hatt litt regn både sist natt og i dag. Det gjer berre godt, og eg slepp å vatne i dag.
Eg har gjort fint lite i dag til tross for at eg var tidleg oppe. Eg storma opp og ut for eg trudde bossbilen var på veg, og eg hadde gløymt å sette ut dunkane. Eg kunne ha spart meg, for bossbilen kom ikkje før nærmare kl.12.
Prøvde å lese i Elling-boka mi, men greidde ikkje å konsentrere meg. Det vart litt data og dermed også litt spansk. Fann nokre klede som eg strauk etc. Men når ein ikkje har planar, blir det som regel ikkje gjort noko. Det er ikkje alt eg kan gjere heller, men den låke armen.
Men -eg fann ut at eg kunne vaske og rydde litt i vaskekjellaren. Linda skal truleg overta det gamle kjøleskapet som står der, derfor flytta eg det bort til døra. Så hadde eg ut golvteppa og vaska golvet. Så veldig grundig vart det ikkje-men litt vask er betre enn ingen vask.
Eg fann ut at eg måtte ha ein køyretur i dag, så eg tok ein tur på AMFI. Trefte ikkje ei sjel som eg kjende, men fekk no handla litt, og så hadde eg turen.
Dette må vel vere det som ein kallar ein "lopradag" ? Eg har ikkje snakka med nokon i dag anna enn på Messenger. Hadde på TV og såg ifrå Jølster, og no høyrde eg på radioen at dei meiner at ein mann fór på vatnet i lag med bilen sin. Det var heilt uverkeleg det som hende- ikkje lenger unna - og her gjekk vi og sveitta i strålande sol.

tirsdag, juli 30, 2019

Dagbok 2019: 30.juli



Nedanfor tilbygget veks det tre sortar klematis, ein rosa, ein lavendelblå og ein mørk lillablå+ ei gammal Dawn -rose. Klematisane trivst så godt i lag at dei er aldeles omslynga. Eg klipper dei ned kvar haust, så eg har tenkt å splitte dei opp. det vart ikkje i år heller. New Dawn -rosa klipte eg også heilt ned i fjor, hadde tenkt å male sprinkelverket, men så regna det heile hausten. Det heiter seg at ein ikkje skal klippe ned klatreroser, men eg har gjort det mange gonger, og det har gått bra. Bildet er dessverre dårleg, så eg ser fram til å få ny telefon. Viss nokon veit om ein stad ein kan få reparert eit speilreflekskamera, vil eg gjerne ha eit tips.


Klokka er no 18.30, temperaturen er + 26 grader C, det er lette skyer på himmelen og litt vind. Heilt himmelsk vêr altså. Det har vore varmt i dag også men ikkje så varmt som det har vore i det siste, så eg er redd "sommaren" er slutt.
I går var eg veldig låk i høgrearmen min, og eg var ikke så bra i dag-morgon heller, men etter kvart vart eg betre og no nesten heilt bra, men eg skal ikkje strikke!
Heilt frå morgonen av var det bestemt at eg skulle vere lat i dag, så eg tok livet med ro. Pusla litt med spanskleksa osb. Gjekk ut i hagen og smårydda litt. Så tok eg ein tur opp til Marit. vi sat ute på platten hennar og prata. 
Eg fekk referat frå bryllaupet i Aberdeen, og det var veldig kjekt. Hadde sett nokre bilde på FB før på dag. For dei som ikkje er orientert kan eg fortelje at det var sonen til Kjartan, Kenneth, som gifta seg med Kimberley. Begge to har vore rundt i verda og budd andre stader, men no skal dei bu i ein forstad til London der Kenneth jobbar som lærar på ein barneskule. Han utdanna seg først til kokk, men forlet grytene. Det var veldig artig å høyre korleis til dømes maten var i bryllaupet-der var ikkje sunnmørske kakebord til dømes. Tida gjekk fort og brått var klokka blitt lunsjtid, så eg gjekk ned att og åt litt og løyste tysdag-sudokuen før eg gjekk ut i hagen.
Der vart det latmanns-arbeid; -sitte på ein stol og vatne med slange! Ja, eg bar no rundt litt vatn i bøtter også. Eg vart så lei av å sjå på det graset som låg att etter klippinga i går. Eg hadde vore litt for ivrig og klipt Skråninga før graset var tørt. Eg kunne ha tatt ei rive og raka, men å rake er noko av det verste eg skal gjere med armen min, så etter litt om og men starta eg opp klipparen og fór over heile området og samla opp. Tre fulle "beholderar" vart det- og Skråninga vart mykje finare. Eg vart full av sveitte og gras, så det vart rett i dusjen, og etterpå la eg meg ut på solsenga. I dag vart det ikkje for varmt. Og armen tok ikkje skade
Olaug og Alexander skulle koma att frå Roma i dag, men Solveig og Øystein skal vere att til torsdag.

mandag, juli 29, 2019

Dagbok 2019: 29.juli. Olsok

Norvegiae Rex Olav.
Bidet er frå ei kyrkje i Roma.

Klokka er no17.45, temperaturen er + 29 grader C og max. temp i dag var +32 grader.
Eg var bestemt på at eg skulle klippe Skråninga i dag uansett. Eg var så dum at eg strikka litt i går, og det likte ikkje den høre armen min. Kva som feiler den veit eg ikkje, somme gonger er den bra, andre gonger ikkje. Eg har legetime den 13.august, så då kan eg kanskje få eit svar.
Doggen var ikkje ute av graset då eg begynte å klippe, så det ser ut som om eg har klipt bio, men RAKE kan eg ikkje, det er verre enn alt for armen. Då eg var ferdig med Skråninga bestemte eg meg for å ta resten også, så vart eg ferdig med det og fekk spylt klipparen. Som tenkt, så gjort, men det vart mange drikkepausar innimellom. Det gjekk med ca1,5 liter Pepsi i dag.
Sveitten rann og eg var meir og mindre dekt av gras då eg var ferdig, så eg gjekk rett i dusjen. Så begynte det å blåse ute og mørke skyer segla over himmelen. Då kunne eg legge meg ut på solsenga på altanen-for då var det ikkje for heitt. Etter kvart stilna vinden og det blei varmt igjen; då gjekk eg ut og vatna med slangen, det er eit makeleg og fredeleg arbeid og eg håper plantane set pris på det.
I dag er det to veker sidan Solveig og Øystein reiste til Italia, så dei kjem vel snart heim att. Bildet over er frå ei av kyrkjene dei har vore inne i. Som kjent er det Olsok i dag, minnedagen for kong Olav den heilage, som fall på Stiklestad. Viss alt har gått etter planen er der ein gjeng frå pensjonistlaget på Stiklestad i dag og skal sjå "Spelet om Heilag Olav". Elles blir det vel mindre varmt i dagane framover, og onsdag er det meldt regn. Så då blir det vel meir slik vi er vande meg.
Sjølv om eg synest dette er i varmaste laget, så likar eg varme og fint sommarvêr.
Eg reknar med Marit kjem att i løpet av kvelden-eg saknar veninna mi.
Denne kulpen er ikkje langt unna, så kokar eg over kan eg kjøle meg her.



søndag, juli 28, 2019

Dagbok 2019: 28.juli

Klokka er no 17.45, temperaturen er no + 31 grader C, om den har vore oppe på 33 i dag er eg ikkje sikker på, men 32 er bra det også. Eg likar varme, men denne gongen har eg vore meir "mødde" enn før. Trur det kjem av at det blir så varmt inne, sidan sola ikkje er så høgt på himmelen lenger, men skin inn glasa. Før, når vi fekk slike varme dagar brukte vi å fare ut på Rjåneset og ev. bade. Det er ikkje så populært når ein er åleine.
I dag før middag shina eg opp kjøkkenet, før eg sette meg til å strikke og høyre lydbok. Så gjekk eg ut og rydda litt i hagen og vatna alle buskar og blomster med slangen eller vatnekanna. Men det varer ikkje så lenge før det er like tørt igjen. Ser at gifta eg hadde på ugraset har virka bra.
Eg prøvde å sitte på altanen og lese, men det vart til at eg slengde meg inn på senga på soverommet ei stund i staden. No har eg vore ute i hagen att, men det står dårleg til med arbeidslysta. Det er noko heilt anna å vere i syden når det er varmt og ein kan dukke seg i havet.
Prata litt med Solveig nabo i dag, men ho skulle til Molde og besøke mor si. Så eg har vore her åleine heile dagen. Det er ikkje noko problem og eg kunne køyrt meg inn i Fonna og dukka meg i Kulpen, men eg trur eg tek dusjen i staden. No druknar eg snart i min eigen sveitte. Ser fram til at Marit skal kome heim att.

lørdag, juli 27, 2019

Dagbok 2019: 27.juli

Somme av naboane synest er  litt for glad i å klippe tre og buskar. Eg hevder at plantane har godt av det. Denne spireabuska klipte eg heilt ned for to år sidan - og no er den finare enn nokon gong før. Dessverre får eg ikkje gode bilde på DORO- en min.


Klokka er no 17.00, og grunnen til at eg skriv blogg så tidleg er at eg ikkje orkar å vere ute. Gradestokken i skugge på trappa står no på +33 grader, og sveitten renn i ansiktet sjølv om eg sit i ro.
Eg er ikkje vant til å sveitte noko særleg , så dette er nytt for meg. Eg vil ikkje beklage meg, for eg er veldig glad i varmen uansett.
Eg var litt usikker på korleis eg skulle gripe den an i dag. Skulle eg handle tidleg eller seint t.d.
Det vart til at eg putta ei saks i veska og køyrde fram på gravplassen tidleg på føremiddagen. Eg klipte vekk graset nær steinen og vatna blomstrane. Stakk innom Kiwi på heimvegen og handla det eg trong for helga.
Her heime gjorde eg det einaste eg orka, eg SAT og vatna blomster og gras. Men aller først tok eg på meg hanskar og regnjakke m.m. og sprøyta "plenrens " der det var mest ugras i plenen. Trur eg må fare over ein gong til viss det skal virke.
Eg måtte berre gå inn og vere inne ei stund. Det er i slike høve eg grip til "Spansken", så eg føler at eg gjer noko nyttig. Sette meg ut på altanen i skuggen og høyrde litt lydbok.
Så ringde telefonen og ei hæs og forkjøla Ingeborg forkynte at ho og mora ville komme oppom ein tur- og det gjorde dei. Eg serverte is, fruktcocktail , kaffi og brus. Ein blir ikkje så svolten i varmen.
Margrete henta Amanda då ho var ferdig på jobb, og så skulle dei ut til Ulsteinvik ein tur.
I dag er det 57 år sidan Nils og eg gifta oss i Bergen. Vi fekk mange år i lag, og det er eg takksam for, sjølv om eg gjerne skulle hatt enda fleire.
Det er også Olaug jr. sin dåpsdag-ho er 22år gammal no.
Sidan det er så langt utpå sommaren, står sola lågt på himmelen og varmar meir enn vanleg inne i huset. Når det lid til kvelden skal eg legge meg ut på solsenga, men ikkje no!
Solveig, Øystein , Olaug og Aleksander er framleis i Italia, men eg reknar med at dei snart kjem heimover igjen.

fredag, juli 26, 2019

Dagbok 2019: 26.juli

Klokka er 17.15, temperaturen på trappa er + 32 grader C, sola lyser frå skyfri himmel og det har ho gjort i heile dag. Og eg sit inne og skriv? Fordi eg skal legge meg ut på altanen når det blir meir leveleg temperatur. Eg var ute ei stund på føremiddagen, men det vart til at eg sat på ein stol og heldt i hageslangen og vatna, mens sveitten sila. I går kveld la eg meg ut på solsenga og sovna tvert.
Då eg skulle legge meg i går kveld tok eg ikkje på meg ulltrøye og ull-lestar, som vanleg, det får no vere måte på! Resultatet vart at eg vakna midt på natta og verkte over alt, i armen, føtene og det heile. Armen er litt vond enno.
Eg hadde tenkt å støvsuge i dag, og jammen greidde eg det - sjølv om det var heitt. Og så hengde eg ut ein klesvask, som eg har tatt inn no.
Som sagt fekk eg vatna litt ute, men då rann sveitten som elvar i ansiktet; kan aldri hugse å ha sveitta slik før!
I 14-15 tida tok eg meg litt mat, og så la eg meg inn på senga, men gardinene framfor glaset, og slappa av.
Eg skulle i grunnen vore ute og sprøyta ugraset med plenrens, men det får vere til litt seinare. Linda er her no, og skal vere her til sundag, då skal ho på jobb igjen, og litt seinare på slekts-treff, så då blir ho lenge vekke. Ho var og lånte printeren min i dag, og litt seinare fann eg fredags-VG på trappa, den hadde ho lese mens bilen vart vaska, sa ho. I går ville ho legge seg ut på graset, då fann eg ei nesten ubrukt solseng til henne. Eg trur vi kjem til å koke godt i lag.
Det får våge seg at det ikkje blir gjort så mykje verken ute eller inne, slike dagar. Eg har i alle fall vatna så ingen ting skal døy av vassmangel. Eigentleg likar eg varme-men skulle vore nær havet-kanskje.
Eg har snakka med Amanda om å få SIM -kort i både den gamle og den nye telefonen, eg er vand til å Doro-en på meg eller med meg døgnet rundt.

torsdag, juli 25, 2019

Dagbok 2019: 25.juli

Klokka er no 18.40, temperaturen er + 29 grader C, max temperatur i dag var + 32 grader C. Det er heitt. Eg har ikkje vore ute på altanen i dag, men no mot kveld er det kanskje leveleg der.
Det var ikkje så mykje sol frå morgonen av, så eg vart inspirert til å vaske. Bytta på senga mi og vaska soverom, bad og kjøkken og sette på ei vaskemaskin. Har sete attmed dataen og pugga spansk i pausane. Elles var eg ute og jobba litt i hagen, vatna og rydda i beda. Sveitten rann som elvar.
Eg hadde tenkt meg bort på El-kjøp i Furene når Amanda kom på jobb kl.16.00 og trafikken tok av litt. Det er lenge sidan eg han køyrt på "Stripa"- så eg følte eg måtte til pers. Eg har køyrt for lite i det siste. Om det var varmt ute så var det kokvarmt i bilen som hadde stått parkert i sola. Eg sette på kjøleanlegget for eg likar ikkje å køyre med opne glas. Og kakkinga var borte, eg køyrde den gata som er full av fartshumpar for å utfordre bilen
På El-kjøp venta eg til Amanda var ledig, så ho kunne hjelpe meg å ta ut ein høveleg mobil. Eg var særs interessert i at den tok gode bilde for speilreflex-kameraet mitt funkar ikkje. Veit ikkje om det finst folk som reparerer slike? Vi bestemte oss for ein telefon, men eg får den ikkje før uti neste veke.
Etterpå var eg inn på Plantasjen og kjøpte plenrens -så eg skal få ugrasfri plen slik som naboen har. Handla litt mat på Coop, blant anna ein mexikansk salat med tacochips og dressing, som blei middagen min då eg kom heim. Bilturen gjekk heilt fint og eg greidde å halde farten oppe sånn cirka.
Eg ser på kalenderen og registrer at juli syng på siste verset - og sommaren har nyss kome hit til oss. Ikkje verst for oss som her ferie heile året--eg er like glad kvar haust for at eg slepp å begynne på jobb. Marit er i Aberdeen der ho skal delta i bryllaupsfeiringa til eine barnebarnet i morgon.
Sola skin enno, men det er nesten som vi ser fram til at den skal gå ned i vest så vi får kjøle oss ned.
Men eigentleg er eg veldig glad i varme.

onsdag, juli 24, 2019

Bok nr. 17. - 2019: Sommerlys og så kommer natten.

Denne boka har eg lese for andre gong no. Har hatt den som sengelektyre i lydbokformat. Eg likte den godt første gongen eg las den, og den blei ikkje dårlegare no. 
Forfattaren er islands og hendingane i boka er lagt til ein liten by nord på Island. Det er fleire nesten uavhengige forteljingar om folk som bur i byen. Eg var innom på nettet og ser at boka har fått både terningkast 5 og 6. Så det er ikkje berre eg som likar den. I og med at det er fleire forteljinga gjer det ikkje noko om ein brukar lang tid på å bli ferdig slik som eg har gjort. Sovnar som regel ganske kjapt etter at eg har lagt meg. Bildet får meg til å tenkje på Margrete på Island-ho skulle ha vore på hesten.

Dagbok 2019: 24.juli

Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 27 grader C, det var den før føremiddagen også, men eg har mistanke om at det har vore varmare i mellomtida.
No på ettermiddagen har eg lege på solseng med lydbok, og til slutt var eg så oppheta at eg gjekk inn for å dusje. Ikkje før hadde eg kome i dusjen, så ringde det på døra. Eg avslutt badet fort for å sjå etter , men såg ikkje ei sjel, så no er eg spent på kven det var.
På føremiddagen hadde eg ein lite jobb som måtte gjerast og det var å avvikle kvepsebolet. Tenkte eg skulle vere litt human, så eg tende på litt gras og papir, slik at kvepsane kunne berge livet. Eg tok jo frå dei hus og heim og sikkert mange uklekte egg. 
Kvepsane forsvann litt etter litt, og då nesten alle var borte, slo eg ei bøtte vatn over bolet og hadde det i ein plastpose ned i "restavfall". Eg hadde kledd godt på meg, men ikkje ein einaste av kvepsane prøvde å stikke meg. (Eg har kika ned i bossdunken for å sjå om der sveiv kvepsar rundt nedi der. Det gjorde det ikkje.) Prata ei stund med nabo-Solveig, men elles har eg gått her og sosa åleine. Eg har sola meg, lese og vore innom datamaskina når det var for heitt ute. Eg likar godt varme, men i år er det litt uvant. I dag har eg hatt ferie. Eg skulle både ha vaska og støvsuga-eigentleg, men eg vel å nyte dei få sommardagane vi har.
No skal eg sette på plass papirdunken som vart tømt i dag og så er det snart tid for nyheiter.

tirsdag, juli 23, 2019

Dagbok 2019: 23.juli- første hundedag.




Klokka er no ca. 19.30, temperaturen er+ 22 grader, tidlegare i dag var den + 25  -utan sol. Det har vore ein sosial dag, og den har gått altfor fort.
Sette ikkje i gang noko storarbeid i dag, gjekk berre og smårydda litt-ute. Så vart det bestemt at Svein skulle komme og fikse bilen min. Eg hadde lite godsaker i huset, så eg slo i hop ei vaffelrøre, slik eg ofte gjer når eg får "plutselige" gjestar. Men før Bodil og Svein kom, dukka Audun opp, han skulle ut og fiske i lag med Håkon som kom litt etterpå.Dei har fiskesakene sine her.
Svein sette inn nye støtdemperar på bilen min, så tok eg ein prøverunde for å teste, og bankinga var vekk. Takk og pris for det. Vi hadde ein kaffipause midt i arbeidet.

Bodil var uheldig og dulta bort i eit plastnett som hang i garasjen, og ut aula det med kvepsar i alle variantar. Ho fekk eit stikk som vart behandla med eddik og allergitablett.  Ho lurte på korleis eg skulle få bukt med kvepsane, og eg svarte kjekt at eg skulle dynke dei med bensin og tenne på, det har eg ein gong for lenge sidan sett at nokon gjorde.
Då eg var att åleine, tok eg på meg regnjakke, hanskar og ein "hals" som eg drog opp over ansiktet, eg kunne sjå litt gjennom den. Så tok eg plastposen ned frå kroken og tømde den på marka. Kvepsane flaug til alle kantar, og tilbake låg kransen som eg hadde på grava til jul. I vår såg den like fin ut , så eg tok vare på den. Kvepsane hadde laga seg bol midt i ringen. Meir har eg ikkje gjort med saka-enno, men eg fekk litt støtte for eld-tanken då dei to karane kom att frå fisketur. 
Dei fekk i oppgåve å ete opp resten av vaflane, så då Ingeborg kom innom litt seinare var det berre tomme fat. No har eg tenkt meg ein liten tur på butikken og handle, slik at eg har litt mat i huset om fleire skulle dukke opp. No har eg bil igjen så eg kan få handle når eg vil. Takk til alle som har vore her i dag for at dei har gjort dagen sosial og hyggeleg for meg.


mandag, juli 22, 2019

Dagbok 2019: 22.juli

I dag på 22.juli, fekk eg denne vakre rosa av Ingeborg. Det følgde med kort også. Alle har vel sine minne om det som hende for 8 år sidan. Det som vart litt spesielt for oss var at Ingeborg hadde meldt seg på og skulle til Utøya det året. Men så vart det så mykje regn at Margrete ville ein tur til Tyrkia for å oppleve sol og varme. Ho spurde om Ingeborg ville vere med og det ville ho. Derfor var ho ikkje på Utøya den dagen det grusomme skjedde. Og takk for det

Klokka er no 18.50, temperaturen er + 21 grader C, det kom nettopp nokre regndropar, men før i dag har det vore opplett.
Då det leid utpå føremiddagen sette eg i gang med å klippe plenar etter at eg først gjorde litt anna hagearbeid, og klokka var 16.30 før eg var heilt ferdig. Hadde nokre pausar innimellom, men eg jobba hardt. Slo alle plenstykka i dag, somme av dei to gonger, fordi klipparen spytta ut gras. Plukka nokre bringebær som eg åt med sukker og fløyte i ein av pausane -fordi eg fortente det.
Då eg kom inn att tok eg meg litt mat og så tenkte eg å flate ut. Men så såg eg at Rasmus hadde sendt ei melding om at bildelane var komne til Ørsta og kunne hentast på Eurospar. Så ringer Margrete og vil komme oppom ein tur, ho og Ingeborg var i Ørsta. Så ringer Rasmus og vi pratar til Margrete og Ingeborg kjem. 
Dei har med kaffimat som vi kosar oss med; idet dei skal fare avtaler vi at dei skal hente pakken, og det gjer dei. Så no er dei nye støtdemparane i hus. Dei må fare att i same rennet og eg set meg inn til datamaskina. Då ringer Solveig frå Roma ! Olaug og Aleksander er komne dit ned no, så dei bur i leilegheita og Solveig og Øystein flyttar til eit hotell. Veldig rart å snakke i telefon frå Roma, merkar ikkje at det er langt borte.
Så no har eg snakka med alle tre "barna" i løpet av kort tid. Men no skal eg snart parkere med sjølv framfor TV-en og ikkje gjere det steikje støv meir i dag.
Eg er veldig fornøgd med at det regnar ned i dei nyklipte plenane.

søndag, juli 21, 2019

Dagbok 2019: 21.juli

Klokka er 18.30, temperaturen er +15 grader og det har visst endeleg slutta å regne.
Eg har ikkje vore ut for ei dør i dag, og det likar eg ikkje. Det var ikkje vêr til å vere ute i hagen, og stort lenger plar eg ikkje fare.
Eg har stort sett sete i ro og strikka mens eg har høyrt lydbok på data og elles lytta på radioen.
Fekk strikka ferdig eit lestepar og begynt på eitt par til. Det er ei stund sidan eg har strikka, på grunn av den vonde armen min, men i dag tok eg sjansen, så får eg sjå korleis det går. Eg kan ikkje sitte med hendene i fanget heller, og eg er ikkje så ivrig til å jobbe inne som å gjere hagearbeid.
Så i dag har eg hatt kviledag; om eg har halde den heilag er ei anna sak, men eg høyrde gudstenesta på radio i dag også. Der har dei opptak som dei sender om att, i dag var det gudsteneste frå eit danse-festival -eller kva det no heiter- i Sel i Gudbrandsdalen. Det var fin musikk og god stemning. Blant andre var Rune Larsen og Tor Endresen der. Og så var det ein annan som song ein nynorsk versjon av "You raise me up".
Eg har framleis ikkje fotoapparat som verkar, så det blir fargelause innslag på bloggen. Ikkje har eg bil for tida heller, så eg kjem meg ikkje av garde for å kjøpe telefon etc.Men det blir vel orden på alt etter kvart.

Bok nr. 16 - 2019: Falken




En trikk blir kapret i Oslo sentrum. For gislene og politiet venter et åndeløst mareritt.
Med politiet på hjul kjører trikken rundt i byen en stekende het juli-ettermiddag. Ingen vet hva som foregår bak de tildekkede vinduene. I denne intenst spennende thrilleren følger vi kaprerne, gislene, politiet, politikerne og mediene - minutt for minutt, hjerteslag for hjerteslag.
«De var ti. Ti tilfeldige, hentet ut av sin hverdag og tildelt hovedroller i et drama som snart skulle bli fulgt av millioner av tv-seere verden over. Gislene. De ti som risikerte å dø hvis ikke kaprerne fikk det som de ville.»
…………………………………………………………………………………….

Det blir lese lite for tida, dels fordi eg ikkje har hatt bøker som fenger meg og dels fordi det er andre ting eg heller vil gjere. I seinare tid har eg lese tre bøker parallelt: Ei papirbok, ei på datamaskina og ei på MP3-en på senga. Det blir berre rot av slikt, så i dag bestemte eg meg for å lese ferdig den som låg på maskina. Fekk strikka eit lestepar langsmed.
Boka har Solveig skrive om før Kanskje likte ho den betre enn eg, Eg syntest den blei langdryg i lengda og ikkje spesielt spennande. Eg likar ikkje så godt bøker der ein heile tida blir dradd rundt frå A til Å- og tilbake. Eg synest det er travelt. men det er mi meining.

lørdag, juli 20, 2019

Dagbok 2019: 20.juli

Klokka er snart 18.30, temperaturen ute er ca. +20 grader og det har nyss vore ei lita byge.
I dag er det 50 år sidan det første mennesket steig ned på månen. Eg hugsar at vi såg det på TV i Trovågen. Eg sat med Margrete på fanget, ho var 1år og ein månad den dagen, og eg tenkte at når ho vart større skulle eg fortelle henne at ho faktisk hadde sett den første månelandinga; eg rekna ikkje med at ho ville hugse det. 50 år går veldig fort når ein ser tilbake.
I dag, etter at eg hadde ete frokost og tatt ein spanskleksjon gjekk eg ut i hagen og begynte å jobbe. Eg tok fram kompostkverna og så fylte eg trillebåra fire gonger med kvister og greiner frå thuja-hekken. Fylte opp i fire plastsekker. Då kom naboen og takka for at hekken var blitt lågare, og han sa at han skulle ta den siste dungen med greiner. Den dungen er ikkje så stor. Det å male opp så friske og våte greiner tek si tid, men eg måtte skrue opp berre to gonger for å løyse opp.
Eg brukte 2,5 timar på jobben, og då var eg både trøtt og sveitt.
Eg gjekk inn og dusja, vaska håret og kledde meg om før eg år middagsrestar frå i går. Eg slo i frå meg å vere med Marit og handle, men bad henne på kaffi. 
Eg la meg på sofaen og kvilte ei stund, til Marit kom og det blei kaffidrikking og prat. No har ho gått opp att til seg sjølv, og det er snart på tide  å sette i gang TV-en og få med seg litt av det som skjer i verda. Sommardagane går fort unna-altfor fort synest eg.
Eg kjenner litt både i armen og i knea nåe eg styrer på, men kan ikkje tenke meg å sitte i ro heile dagane.

fredag, juli 19, 2019

Dagbok 2019: 19.juli

Klokka nærmar seg  20.00, temperaturen er + 21 grader, det er lettskya og fint ute.
I dag vart eg ferdig med fredagssudokuen ved frokostbordet, så eg fekk unna litt arbeid på føremiddagen. Først strauk eg ein haug med klede, så gjekk eg ut og begynte å sage opp det tjukke greinene frå hekken. Eg tek vare på alt som kan bli til ved.
Einar ville komme innover og male så snart det vart opplett, det regna nokre dropar på morgonen, men gav seg fort. Han blei åleine med målinga i dag, men fekk måla innsida på altanrekkverket blant anna. Eg hadde laga til rikeleg med middagsmat i tilfelle det kom fleire, men det vart berre Einar og eg til bords i dag.
Etter at vi hadde drukke litt kaffi, reiste Einar ut att, og etter at eg hadde rydda opp og fått på oppvaskmaskina gjekk eg ut og saga ferdig greinene mine. Det var ikkje så lenge gjort. Tok meg ein tur opp på platten til Marit som var åleine heime, det er så fint å sitte der i kveldssola.
Eg har vore ganske bra i armen i dag også, men det er eitt eller anna som ikkje er i orden inni der. Dei nye støtdemparane kom ikkje i dag, det hadde eg heller ikkje venta.
Den nye leigebuaren var her sist natt, så ho er sånn halvvegs innflytta. Eg har lova henne det høge kjøleskapet som står i vaskekjellaren. Ho har ein far og ein kjærast som kan bere det inn. Eg har eigentleg ikkje bruk for det.
Det er visst fredag i dag, så eg vil ønske alle ei god helg.

torsdag, juli 18, 2019

Dagbok 2019: 18.juli

Klokka er no 18.50, temperaturen er +19 grader. Det er overskya, opplett, men eg ser at gata og trappa har fått seg litt væte. Det er ikkje mykje.
Det har vore ein god arbeidsdag for meg i dag; eg har fått gjort litt av kvart- ute og inne.
Eg var ikkje så veldig låk i armen i dag, så eg torde å klippe greiner frå hekken. Wenche og Rasmus tok ned høgda på thujaene som står nede på grensa til naboen. Dei var begynt å bli alvorleg høge, men eg torde ikkje å begynne å klatre opp med mine dårlege kne. W og R tilbaud å rydde opp, men det ville eg gjere sjølv. I dag fekk eg sortert ut dei tjukke greinene som ikkje går i kompostkverna. Var litt skeptisk til klipping på grunn av armen min, men det gjekk heilt fint. No har eg ei trillebår full av tjukke greiner som skal sagast opp og to store haugar som skal i kverna.
Så tok eg og klipte bio på heile Skråninga, det har eg ikkje gjort før i år. Då fekk eg klippe utan stopp, så eg slapp å starte meir enn ein gong.  No er heile tomta nyklipt - om det ikkje er så perfekt. Skulle tatt ein tørn med kantklipparen også, men det får bli ein annan dag. Elles har eg vaska fleire maskiner med klede og hengt ut. 
Då eg avslutta arbeidsdagen åt eg godt, før eg la meg inn på dagsenga for å lese i ei papirbok. Det gjekk ikkje så bra, for når eg hadde lese ei linje, dikta eg den neste sjølv, så det vart berre rot. Eg låg og døste litt, og kanskje sov eg litt også? Sov ikkje så godt sist natt.
Etter oppstandelsen har eg sjekka opp klesvasken, og så har eg gått gjennom spanskleksa for i dag. Ein slepp å kjede seg når ein har hus og hage. Strikketøyet har eg lagt bort på ubestemt tid. Viss vêret tillet det kjem her målarar anten i morgon eller laurdag.
Så spørs det kva tid det kjem ein pakke med nye støtdemparar til bilen. No er eg utan bil. No rekk eg kanskje vêrmeldinga på NRK 1.

onsdag, juli 17, 2019

Dagbok 2019: 17.juli


I mangel av eigne bilde, legg eg til dette bildet frå Italia, der Solveig og Øystein er på ferie. Bildet er frå EUR -Moussolini og fascistane sin framtidsby.
Eg kan med det same anbefale andre som reiser til Italia til å få med seg Øystein si bok om "Italienske reiser".


Klokka er 20.15. Temperaturen er + 19 grader C, det har vore opplett det meste av dagen og ein god del sol. Det var berre då eg la meg ut på solsenga at det vart skya og litt regn, såpass eg måtte gå inn att.
No er det slutt på husmorferien min, for i dag reiste gjestane mine. Eg har tatt det lettvint mens dei var her og verken vaska eller støvsuga etc.Vi toler litt rusk og rask når vi er i lag.
I dag reiste heile Rasmus-familien kl. 10.20, og no er dei heime i Kongberg igjen. I dag tok dei vegen gjennom Gudbrandsdalen til ei forandring.
Det blir alltid litt tomt når gjestane reiser, så då er det bra å ha noko å henge fingrane i. I dag shina eg opp kjøkkenet først av alt, så var det sengetøy som skulle vaskast og til slutt kom støvsugaren fram.
Då eg var ferdig  tok eg meg ein kaffikopp og to bitar med konfekt-fordi eg fortente det.
Der var att både saus og bacon frå i går, men eg kokte ny spagetti, så hadde eg middag i dag også.
Eg skulle sole meg, men det vart til at eg la meg inn på dagsenga mi på datarommet og kvilte ei stund fordi det skya over. 
Eg gjekk ut og såg at graset var langt, så det vart til at eg klipte plenbitane opp mot gata og plenen rundt huset. Altså står Skråninga att.
Eg veit veldig godt at dette ikkje er bra for armen og skuldra mi. Eg har vore veldig rolig eit par dagar og då vart eg betre. Det er særleg det å dra i startsnora som ikkje er så bra. No tek eg i alle fall kvelden for denne gong, og så får vi sjå kva det blir til i morgon. 
Einar snakka om å kome innover og male fredag eller laurdag. Håper det ikkje går for lang tid før eg får dei nye støtdemparane til bilen  som Rasmus bestilte. Der stod at det skulle ta berre to dagar, men det tvilar eg på.
I dag fekk eg eit offentleg brev-noko eg alltid er skeptisk på. "Kommunal- og moderniseringsdepartementet" , stod det på konvolutten. Eg var redd det var skjema som skulle fyllast ut. Men det var noko dei sende ut til alle som stod på val til kommunestyre og fylkesting. Eg har ikkje tatt det så alvorleg, sidan eg står nest sist på lista, og det ikkje er det minste sjanse for at eg kjem inn. Og takk for det. No skal eg finne fram til TV-en min og kanskje finn eg noko som er verd å sjå.

tirsdag, juli 16, 2019

Dagbok 2019: 16.juli


Siste kvelden med Charlie

Klokka er no 13.25 og temperaturen er + 13 grader. Det har vore ganske fint vêr i dag, og sola har vore framme. Eg har vore mest inne likevel, men det få eg ta ansvaret for sjølv.
Rasmus har styrt med bilen min, og bestilt delane som skal skiftast. Dei kjem eg til å få i posten, og så får eg nok hjelp til å sette dei inn/på.
Rasmus og eg var ein liten tur på butikken og handla litt før middag, og etterpå vart det samarbeid med å koke spagetti, steike bacon og lage Carbonara-saus. Det gjekk rimeleg fredeleg for seg. Og det vart god mat. Desserten var som vanleg is og enda meir is, og då Margrete og Svein kom litt seinare vart det is og kake enda ein gong.
Vi har no hatt ein kjekk dag i dag også, og spesielt kjekt var det at Margrete og Svein N. kom og hadde hunden Charlie med seg. Ingar er spesielt glad i den.
I morgon skal gjestane mine reise. Då blir det tomt i huset, men eg har nok å henge fingrane i, så eg slepp å sitte og sture. Hare vore bra i armen/skuldra dei to siste dagane, men så har eg heller ikkje jobba så hardt. Eg håper eg blir arbeidsdyktig no framover for eg har ein del å styre med både ute og inne. 
Rasmus kom kanskje ikkje heilt i mål på lista, men arbeidet med bilen vart meir enn eg hadde trudd. Gutane styrer seg stort sett sjølve, men telefonar , brett og andre leiketøy. Men ferien er ikkje slutt enno- for dei. Og eg har heilårsferie.

Dagbok 2019: 15.juli

Klokka er ca. 23.50, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar- meir og mindre. Kan ikkje hugse å ha sett sola i dag.
Dagen har gått fort. Rasmus var av stad med bilen min og ville få den undersøkt og ev. reparert, men det var lang ventetid på alle verkstadane, så har tok og jekka opp bilen inne i garasjen og meiner han har funne feilen. Det er truleg noko gale med støtdemparen  på eine bakhjulet. Så får vi ta det derifrå. det er ikkje farleg å bruke bilen slik han er, men veldig irriterande å høyre på kakkinga.
Dei fleste i familien er seint oppe, så føremiddagen vart kort. I 14-tida kom Margrete og Ingeborg med Charlie, noko som vakte stor glede hos Ingar- mellom andre. Erlend var att heime for han var ikkje i form,; Amanda og Eirik var på jobb. Vi hadde avtalt å gå ut og ete pizza etter arbeidstid, så her hos meg fekk dei berre vaflar og kaffi. Vi sat her og prata og kosa oss til det var på tide å fare. Vi hamna på den indiske restauranten som eg aldri hugsar namnet på, den som før heitte Rosabella.
Vi vart til slutt 10 til bords, kjøpte 4 store pizza, og alt blei fortært. Så skilde vi lag med Margrete og hennar familie på parkeringsplassen, med løfte om snarleg gjensyn.Vi andre for heim i Starevegen og drakk kaffi enda ein gong.


søndag, juli 14, 2019

Dagbok 2019: 14.juli

I dag er det 19 år sidan Wenche og Rasmus gifta seg på Mauritius og eg vil gratulere dei med dagen. Vi har ikkje hatt så mykje feiring i dag, men det blir kanskje meir i morgon.
Dett er også fødselsdagen til mor mi, ho vart fødd i 1904.

Klokka er no 20.00, temperaturen er + 15 grader, det er delvis skya og opplett. Det har vore bra vêr i heile dag, men eg har ikkje vore mykje ute.
I dag då eg vakna var eg heilt bra i armen, truleg fordi eg gjorde lite og ingenting i går. No er eg ikkje bra, det er så vidt eg greier å skrive på tastaturet. Eg synest det er urettferdig at eg skal få så vondt i armen no når eg er relativt bra i knea. Det er ikkje så mykje betre å ha problem med høgre armen. Men eg får slutte å syte.
I dag skulle eg lage fisk til middag. Det var den store blå-longa som skulle til pers. Rasmus skar den opp i kotelettstykke, eg steikte den på steikepanna først og hadde den inn i steikomnen etterpå. Så skrelte eg poteter og gulrøter til. Eg kokte også risgraut til eit par av gutane av risen som vart til overs i går. Kjøkkenet såg ut som det var bomba. Eg har blitt vant til å vere her åleine og ha orden rundt meg, slik blir det ikkje når vi er 6 i familien. Men vi har det kjekt. Fisken vart god, den var verken seig eller hard, mest som torsk av konsistens. Og etterpå vart det is og kaffi.
Wenche begynte å klippe thujaane før middag og seinare hjelpte Rasmus til, såpass dei vart ferdige. Eg skal ta att rusket når eg blir i stand til det.
I morgon skal Rasmus ta ein runde for å få diagnosen på bilen min og ev. få den reparert.
Wenche sit og strikkar, men eg torer ikkje å ta i strikketøy. I morgon har vi tenkt oss på kafé i lag med Margrete og ev.barn. Gutane er snille og greie og underheld seg sjølve. Dei var på ein liten tur i lag med Rasmus før vi åt middag. Dei har vel opplevd så mykje tidlegare i sommar at dei likar å slappe av.


Barnebarna spelar Monopol. På Hareid.

Dagbok 2019: 13. juli

Berre Øystein manglar her, for det var han som tok bildet.


Klokka er 25 minutt inn i den nye dagen, timane flyg av garde så fort at eg ikkje rekk å skrive bokk før vi har passert midnatt. Her i huset søv vi om morgonen og ikkje om kvelden. Temperaturen kl. 0.30 var + 12 grader C Ingen har lagt seg enno så vidt eg veit. Gutane styrer seg mykje godt sjølve, dei er flinke.
Det har ikkje hendt så mykje i dag. Rasmus, Wenche og Ingar har vore og handla, og dei var også ein tur fram på grava. Rasmus og Wenche var først ein tur , kjøpte blant anna bensin på kanna mi og fylte opp bilen min. Seinare var Rasmus og Ingar på El-kjøp der dei trefte Amanda. Rasmus finn ikkje ut kva som feilar bilen min, han og naboen hadde den inn i nabogarasjen; der det er grav, så dei fekk sjå oppunder, men dei fann ikkje feilen. Noko av skammelet kom av ei plate som var under bilen, det hjelpte noko å få den vekk, men kakkinga er ikkje borte.
Wenche har reparert skaden i parketten, så den viser nesten ikkje lenger. Eg har stort sett rydda ut og inn av oppvaskmaskina. 
Håkon og Audun kom innom etter at dei hadde drege lina på føremiddagen, så i morgon skal eg lage steikt blålange, så sant Rasmus får skinnet av fisken. Dei fekk kaffi og is i lag med hine gutane, kjekt å ha besøk av fem barnebarn, alle gutar, i alderen 9-29 år.
Til middag i dag hadde vi ovnsteikt kylling og ris. Det var lettvint og godt. Rikeleg med rå grønsaker til. Sidan eg ikkje har anstrengt meg mykje i dag har armen vore bra, i alle fall før eg begynte å skrive her.
Den 13. juli 2016 var heile storfamilien samla på Hareid, for siste gong. Vi er glad for å ha bilde og minne frå den dagen.

fredag, juli 12, 2019

Dagbok 2019: 12.juli



Klokka er no 21.50 og temperaturen er + 15 grader C. Det var litt skodde først på dagen, men då vi køyrde utover til Hareid i 13-tida var det fin sol. Solveig og Øystein baud inn til familiesamling før dei reiser på ferie. Forutan Meg og Rasmus sin familie, kom Margrete og Erlend frå Straumshamn og Systera til Øystein og mannen hennar frå Molde. Og så var heile familien på Hareid til stades, med unntak av Einar som jobba kveldsskift i dag. Det var fint å sitte ute i hagen , godt skjerma av granhekken, men middagen tok vi inne. Nydeleg brennsnut, og dessertar, mellom anna karamellpudding. Seinare vart det kaffi og kaker i hagen, der dei vaksne prata og "ungane" leika.
Vi hadde ein fin dag. På heimvegen var vi innom Coop i Furene og handla mat etc. før vi køyrde heim.
Takk til Solveig og Øystein fordi dei samla familien enda ein gong.

Dagbok 2019: 11.juli.

Strengt tatt er vi no komne over midnatt og såleis er det 12.juli, men eg skriv om dagen som er over.
Akkurat no er det + 12 grader på trappa og det er nokså mørkt ute.
Dagen i dag har vore givande på mange måtar. Eg brukte ein del av føremiddagen til å lage mat. Det er ein lang tradisjon å servere Lasagne når familien frå Kongsberg kjem- og tradisjonar kan ein ikkje bryte.
Familien kom i 15-tida, og litt etter åt vi, og så vart det gulrotkake og kaffi, noko som også er tradisjon.
Rasmus har alt fiksa på både det eine og det andre, og såleis kome langt nedover på lista mi. Så no får eg orden på ting som eg ikkje fiksar sjølv. Vi har for det meste ete og prata heile tida, og sett litt TV innimellom. Rasmus fiksa litt på lyden, så no høyrest det bra ut. Mellombror har lagt seg og sovna, vi andre er i ferd med å finne sengene våre også.
I morgon skal vi vere hos Solveig klokka 14.00, så vi må stå opp i skikkelig tid.Vi håpar på fine dagar framover.

onsdag, juli 10, 2019

Dagbok 2019: 10.juli

Gutane på veg til Ørsta


Klokka er 17.45, temperaturen i skyggen er + 20 grader. Det varte ei stund før sola kom fram i dag, for skodda låg langt nedetter fjellsidene. No er skodda vekk, men det blæs kald skoddevind. Eg har lege og sola meg/ sove på altanen, men det resultat at eg verker i venstre kne. Uansett kva eg finn på så får eg eit mein.
På føremiddagen i dag vaska eg golv og rista teppe. Gjestane mine er på veg, siste livsteiknet hittil fekk eg frå Fodnes, men eg ventar dei ikkje før i morgon. Elles har eg vaske klede, reinska litt ugras etc. Eg har ikkje hatt det travelt i dag, og eg har ikkje falle for freistinga å klippe plen, men jammen veks det fort , graset, no. Tok meg ein liten spansktime på føremiddagen.
Elles har eg veldig lite å berette. Det blir vel livlege dagar no frametter, blir kjekt å få besøk.Elles synest eg det er skummelt at så mykje av sommaren er forbi.

tirsdag, juli 09, 2019

Dagbok 2019: 9.juli

Klokka er 18.20, temperaturen ute er no + 21 grader C. Det har blitt finare og varmare utover dagen.
På føremiddagen dreiv eg med litt vasking og rydding inne. Så var eg ut å stelte litt i jordbæråkeren, klipte vekk lange utskudd og klipte på kanten. Så litt klipping vart det i dag også, sjølv om klipparen har fått fred.
Det vart etter kvart så fint at eg la meg ut på altanen ei lita stund, så ringde det på, så eg måtte stå opp, og då eg la meg på solsenga att, skya det over og vinden vart kald.
Då var det at eg gjekk inn att og kledde på meg for å fare på butikken. Då eg var klar, skein det opp att, og sidan har det vore fint.
Eg hadde ei lang hugseliste i dag, og sidan eg hadde tre fulle plastposar og vel så det, køyrde eg handlevogna ut til bilen. I bilen ved sidan av var det ein ung og sjarmerande kineser. Han spurde om han skulle hjelpe meg, eg takka og sa at nok skulle klare det sjølv. Då berre sette han i gang å lempe inn varene mine i bagasjerommet, og så sprang han inn på butikken med vogna. 
Eg fylte kjøleskapet i kjellaren då eg kom heim, men det kan vere eg må ein tur i morgon også. Det er alltid noko ein har gløymt.
Eg sov godt sist natt og var ikkje oppe før nærmare 9, har litt problem med høgre armen, men det går seg til utover dagen, verst med det samme eg er oppe. Eg må børste håret med venstrehanda. Det er eit LITE problem.
I følge Solveig skal veret halde seg fint til og med fredag, så då får vi håpe på ei fin samling på Hareid.

mandag, juli 08, 2019

Dagbok 2019: 8.juli

Klokka er 17.45, temperaturen er komen opp i +19 grader, det er skya, men opplett.
Eg har vore nokså flittig i dag, men no har eg pause. Sit med farge i håret og skal i dusjen om ei stund.
I dag var eg oppe litt seinare enn vanleg, så eg måtte komme i sving med noko ganske kjapt. På resepten i dag stod det: Støvsuging, og det blei det. I tillegg vaska eg vinduskarmar og tørka støv på stova etc. etc. Ja, eg gjorde mykje anna også, men skal ikkje gå i detaljar.
Tok ein liten spanskpause -det forsømmer eg aldri.
Så ville eg sanke opp det lause graset i skråninga, men i staden for å rake tok eg klipparen -samla opp og klipte på samme tid. Etterpå tok eg like godt plenen rundt huset. Graset hadde vakse mykje sidan fredag. Eg skal ikkje kjøpe robotklippar, eg skal vere robot sjølv. Dette er min sommar-mosjon. Eg kan ikkje gå menge stega på vegar og gater, men eg kan trakke rundt på plenen kor lenge det skal vere. Og armen som verker heile tida når eg er i ro, sluttar å verke når den får dra i snora. Det er nesten som å vere på trening. Og i pausane åt eg jordbær i åkeren. Naboen kom og peila oljen på klipparen min, han var ute og slo sjølv. Eg har ikkje peiling på peiling, men der var altså olje på klipparen. Og leitar eg i garasjen finn eg sikkert olje der også.
Då klokka var ca. 16, måtte eg ha mitt andre måltid i dag. Då gjekk det med eit par skiver og ein boks med makrell i tomat. Etterpå la eg meg nedpå her på dagsenga, men så stod eg opp att for eg skulle farge håret.
Fekk melding frå Linda om at ho kanskje kom ein tur i dag/kveld. Linda er den nye leigebuaren min, som er halvvegs innflytta.
No ser eg veldig fram til at Wenche og Rasmus skal komme, og så gutane sjølvsagt. Trur eg må handle inn litt i morgon, men det når seg onsdag også. Eg har tenkt ut mange ting som eg kan få litt hjelp med når dei kjem-så dei må berre glede seg!
No skal eg vaske fargen ut av håret!!

søndag, juli 07, 2019

Dagbok 2019: 7.juli

I omnen no.


Klokka er 18.00. Temperaturen er + 19 grader C, det er lettskya, sol og vind. No er det fint, men tidlegare i dag var det nokså grått.
Etter frokost m.m. i dag laga eg ei kake, den kaka må vere på plass når gjengen frå Kongsberg kjem. 
Så vart det litt rydding både her og der før klokka var 11.00 og eg sette meg til med strikketøy ved radioen. I dag var det kyrkjekonsert frå 11-12 , den var fin nok den, men eg hadde høyrt den før.
Litt spansk tok eg meg tid til, før eg manna/kvinna meg opp til å gå ut og rake litt. Det var ikkje det at eg var lat eigentleg, men eg vart låk i ryggen av å bøye meg. Prøvde å få klipt litt rundt diverse plantar så eg fekk rake med det samme. Det varte ikkje lenge før eg gav opp og sette meg på ein stol på plenen.
Då kom Marit. Vi hadde ein avtale om at ho skulle komme ned med ei oppskrift til meg.
Vi gjekk inn og drakk kaffi og prata ei stund før ho skulle ete middag.
Då sette eg i gang med å bake, og no skal baksten i omnen. Det er grove hamburgerbrød som dei likar godt over gata, så no skal eg prøve om dei slår an her hos oss også. Ein kan sikkert ete dei som vanlege rundstykke også.
Eg har ikkje direkte vondt etter strabasane i går, kjenner meg berre litt mørbanka. Det kan hende eg fer over skråninga med klipparen i morgon og samlar opp graset som ligg att-det er kjedeligare å rake.
Eg ser fram til å få besøk, og håper på å få fint vêr så vi kan bruke uterommet. Fredag skal vi ut til Solveig alle som kan, for Solveig og Øystein reiser til Roma neste mandag, så det var ikkje så mange dagar å gå på. Ikkje alle kan kome, somme av ungdommane jobbar på butikk -for eksempel. Som pensjonist har eg høve til å vere med på det meste, så lenge helse held.

lørdag, juli 06, 2019

Dagbok 2019: 6.juli

Klokka er16.40, temperaturen er + 16 grader C, det er lettare overskya og litt vind, så direkte sommarleg er det ikkje.
Eg blei litt irritert då eg stod opp i dag og såg at det hadde regna. Hadde eg visst at det skulle kome regn i natt, hadde eg klipt ferdig Skråninga i går-men det er lett å vere etterpåklok.
For å skryte litt av meg sjølv, så har eg fått gjort mykje i dag, både inne og ute. Eg skal ikkje nemne alt her, det kan umulig ha interesse for andre enn meg sjølv.
Men eg kan skrive om plenklippinga, som er noko av det tyngste eg har vore borti sidan eg overtok hagearbeidet. Der er mykje mose i bakken, langt gras var der og på langt nær tørt, men sidan det er laurdag måtte eg berre få gjort det før helga. Det var tungt, for eg bestemte meg for å klippe nedåt, slik at eg slapp å klippe med det samme igjen. Eg måtte legge heile tyngda mi på klipparen i tillegg til at eg sette på "draget". Skråninga ser ut som om eg har klipt bio, så mykje gras har klipparen spytta ut att, men eg tømde 4-5 fulle "korger" med gras i komposten. Det kan hende eg tek ei rive og rakar pent og stille i morgon.
Eg kom i mål og så spylte eg klipparen godt etterpå. Eg har ikkje  høgtrykkspylar, det saknar eg av og til, men det er ei grense for kor mykje ein skal kjøpe i hop av maskineri etc. No har eg ete litt, og så var eg nesten i mål med Fredags-sudokuen. Då eg skulle skrive ned siste talet-var det feil. Eg begynte på den torsdags kvelden. 
No skal eg snart ta helg, men eg må vel brette eit par klesvaskar først, og så skal eg ein snartur på butikken. Matbutikkane er opne utover kvelden på laurdag også.
Den nye leigebuaren min har lege her i natt og sove godt. Eg føler at ho og eg kan kome  til å trivast i lag, vi er alt blitt godt kjende.
No ser eg fram til at Rasmus og familien skal kome, eg trur eg må lage ei arbeidsliste til Rasmus, det er så mykje eg treng hjelp til. Eg er ikkje så god på alt som har med diverse maskineri å gjere, så eg treng assistanse. Ja, eg ser no fram til at vi skal kose oss i lag alle saman også - ikkje berre jobbe og fikse. Eg har omsider funne ut at eg ikkje greier alt åleine. 
Då skal eg kle meg om litt og ta ein biltur ned på butikken. Ikkje AMFI i dag, men Kiwi eller Spar. Og så skal eg slappe godt av etterpå.

fredag, juli 05, 2019

Dagbok 2019: 5.juli

Eid 1925

Eid 1931

Desse bilda fann eg på Facebook i dag og då vart eg reint nostalgisk. Eg var ikkje fødd i 1931, og absolutt ikkje i 1925, men eg kjenner meg godt att på bilda. No er det så mykje som er forandra på heimstaden min at eg kjenner meg nesten framand når eg kjem dit, men tida står ikkje stille verken her eller der.

Klokka er no 19.00, så eigentleg skulle eg sett nyheiter, men det får eg ta att. Tida renn i frå meg støtt, og dagane vert for korte. Eg har gått for halv maskin ganske lenge no, vore lat og ikkje orka så mykje. Men så kjem sola og finevêret tilbake og energien kjem att. No er det + 16 grader ute, men eg vonar på varmare vêr.
I dag føremiddag høyrde eg at plenklipparane begynte å surre i nabolaget, så eg gjekk ut og testa plenen opp mot vegen. Eg fann ut at den var tørr nok, så eg klipte. Eg var ikkje heilt ferdig då Magrete , Amanda og Erlend kom, men tok det att seinare, då klipte eg også rundt huset og litt nede i bakken. Hadde lyst å gjere meg ferdig, men fann ut at eg måtte passe knea mine. Håper vêret held seg så eg får fullføre i morgon. Det var mykje gras, og ikkje heilt tørt, så mange stader måtte eg fare over to gonger. Men dette arbeidet likar eg.
Eg hadde berre laga vaflar til Margrete og Co kom, og det var ikkje så mykje dei åt, så blir det vel å gomle vaflar både i dag og i morgon-for min del.
Dei hadde med seg sjokolade og kaffi til meg. Amanda jobbar no på El-kjøp i Furene, der dei sel yndlingskaffien min.
Bodil og Svein hadde vore opp til Magrete i går og levert noko som eg skal ha når eg skal reparere parkettgolvet i kjellaren. I går fekk eg melding frå Rasmus om at dei kjem torsdag i komande veke, så då har eg diverse oppgåver til han. Han kan rekne med å bli utnytta.
Den nye leigebuaren min har begynt å flytte inn. Ho blir her ikkje så mykje til å begynne med, for ho har sommarjobb i Olden.
Det surrar og surrar i klipparar, graset er langt og mosen mjuk.
Eg ønsker alle ei god helg. I morgon blir det vel ein tur på butikk-etter litt mat etc.

torsdag, juli 04, 2019

Dagbok 2019:4.juli

Klokka er 17.00, temperaturen er + 13 grader og sola skin akkurat no. Det vil seie at det er ein liten betring når det gjeld vêr. I dag har det vore regnbyger i staden for samanhengande regn.
Var ein liten tur ut i hagen, og plenen var å gå på som det tjukkaste mjuke golvteppe. Det blir no ei stund til eg kan klippe graset.
Jordbæråkeren er en katastrofe, fann eit par raude bær, men om der har vore fleire, så er skjora der før eg.
No har eg vaska håret og bytta om til andre klede, for Marit og eg skal på kino i 18-tida og sjå filmen "Yesterday"-vi kom oss ikkje av garde til premierekvelden, men kan no bli kjekt i kveld også.
I dag har eg vore lat!  De var i går kveld det begynte, eg trudde eg hadde fått ei sykje for eg var så uopplagt. Eg er på ingen måte sjuk, men det er som om lufta har gått ut av ballongen. Vaska golv etc. før middag, men elles har eg sete og strikka og høyrt lydbok, og så sette eg på TV-en, noko eg sjeldan gjer før kl.19.00der var det matprogram både på NRK 1 og TV 2-og det er no litt kjekt å sjå på.
Eg håper temperaturen stig kraftig no, for snøen ligg i fjella. I år er det frå eine ytterleg-kanten til den andre, best som frukttrea blomstra, så snødde det. Så hadde vi kjempevarme i mai, og kulde og snø sist i juni. Det blir spennande å sjå kva det blir no framover. Ja, eg er opptatt av vêret, for eg har mykje som skal gjerast ute, og det er arbeid eg likar.
Eg skriv kanskje meir i kveld, om det er noko å skrive om då. Eg trur det er fredag i dag, men i morgon ER det fredag, og då kjem Margrete innom ein tur.

onsdag, juli 03, 2019

Dagbok 2019: 3.juli

Solveig fyller 56 år i dag-  kvar alle åra har blitt av,  forstår eg ikkje. Eg husar så godt den sommaren ho vart fødd. Eg gjekk på Eid på "overtid" i ein alt for vinterleg kjole, for sola steikte. Det gjekk så langt over tida at Nils måtte reise til Island før barnet kom til verda. Slik var det den tida. Kva han skulle på Island. Han skulle fiske sild. Han var yrkesfiskar den gongen. Han kom ikkje tilbake før Solveig var 6 veker gammal, han fekk vite om fødselen via radio-eller kva det no var. Eg sende telegram. Sola skein og skein den sommaren, så då overlege Wennevold spurde kva jenta skulle heite, sa eg  kalla opp att sommaren. Namnet var bestemt på førehand, og ho vart liksom kalla opp att etter far min, som var død, han heitte Storm, så det var no berre førebokstaven ho fekk.
Oversøster, Aase, kom inn på fødestua med ei rose som ho hadde funne i sjukehushagen. "Her kommer jeg med sommerens første rose", sa ho; det var forresten far min som hadde planta rosetrea.
Ein dag etter fødselen kom dei og skulle ta all slags prøver av meg, og ingen sa kvifor. Då gjekk eg ned på sjukehuskjøkkenet og sa til mamma at ho fåtte få greie på kva det var. Eg var så redd det var noko med barnet.
Etter ei stund kom oversøster og forklarte at dei tykte eg var så gul i ansiktet at dei lurte på om eg hadde fått gulsott. Forklaringa på fargen var ei heilt anna. Eg var veldig solbrun då eg vart innlagd, og etter kvart vart fargen litt gul.
Eg hugsar veldig mykje frå desse dagane på "føden"- eg låg der ca. ei veke for eg måtte ha to kurar før ungen ville komme til verda. Ho var mitt første barn, mamma sitt første barnebarn, og to av oldemødrene levde enno ho var vel første oldebarn også.

Eg synest godt at sola kunne skine på Solveig i dag også, men vêret er heilt sorgen i dag, + 6 grader, regn og snø i fjella. Stort verre kan det vel ikkje bli på denne årstida.
Men dagane og timane går fort uansett, og eg kjem aldri i mål med det eg skal gjere.
I dag rakk eg å stryke nokre klede før Marit og eg for nedover. I dag var det ho som køyrde. Vi skulle bort på Ose og kjøpe blomster med gartnaren som held til der. Men vi måtte sitte i bilen ei heil stund før vi kunne gå ut. Det var sjølvsagt på grunn av regnet.
Så var vi bort i Gågata, Marit hadde eit par ærend og eg gjekk inn på "Målar-Olav" for å få vite kva eg skulle gjere med parkettgolvet. Mannen eg snakka med meinte eg kunne fylle opp med lakk, noko eg sjølv også hadde vurdert, men eg gjorde ingen ting då eg kom heim , for eg hugsa at Svein hadde foreslått noko anna. I ettermiddag fekk eg melding frå Bodil om at Svein hadde kjøpt noko som kunne brukast og han ville komme å gjere det sjølv.
Vi var også på Amfi, Marit og eg, på apoteket for eksempel. Vi trefte mange vi kjenner, det er alltid mykje folk på Amfi når det er dårleg vêr.
I dag måtte eg snakke meg sjølv til rette. Eg har gått og tenkt at eg skulle vaske rommet i kjellaren, det er ingen stor jobb, men i dag måtte eg love meg sjølv både kaffi og resten av isen før eg kom meg ned. No ventar eg på at det skal bli opplett såpass at eg får rista teppa.Elles har eg studert spansk i dag også, og strikka ferdig ein lest. No skal eg ha meg eit betre måltid-trur eg.

tirsdag, juli 02, 2019

Dagbok 2019: 2.juli





Desse bilda tok eg med min Doro-telefon klokka21.15.Sjekk nysnøen i fjella.

Klokka er 18.30, temperaturen på trappa er knappe 8 grader, og det er nysnø i fjella. Ikkje akkurat sommarvêr.  Voldsomme regnbyger har det vore mange av. Men eg har no hatt ein kjekk og sosial dag i alle fall.
Marit G og eg var bedne til føremiddagskaffi hos Marit U. Først då vi såg kaka forstod vi at det var fødselsdag. Eg trur at eg har hugsa fødselsdagen hennar kvart år, men altså ikkje denne gongen.
Kanskje var det fordi eg hadde diverse å tenke på. Bodil og Svein skulle komme ein tur oppover i dag, og det varde ikkje lenge etter at eg kom heim, så var dei her. Det var surt og kaldt ute i dag, så eg hadde kveikt i omnen før dei kom.
Det var ikkje mykje til servering dei fekk, men vi har alltid så mykje å snakke om at maten kjem i andre rekke.
Svein ville sjå på bilen enda ein gong, og han fann feilen, men kunne ikkje reparere, for han måtte ligge under bilen -og det er ikkje så enkelt her på tunet. Eg fekk han også til å sjå på opplegget til oppvaskmaskin i kjellaren. Det blir ikkje så vanskeleg å få til.
Bodil og Svein var vel fornøgde med TV-en min og benken det står på.
Eg har altså ikkje gjort noko særleg arbeid i dag, men eg kan no skrive det opp som ferie.
Rasmus og familien er på veg heim no. I morgon har Solveig fødselsdag, men det blir ikkje feiring, ho er ikkje heilt bra av "sykja" enno.
Også i kveld ser det ut til å lette opp litt.Så får vi håpe på sol og varme om ikkje altfor lenge.

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...