tirsdag, juli 30, 2019

Dagbok 2019: 30.juli



Nedanfor tilbygget veks det tre sortar klematis, ein rosa, ein lavendelblå og ein mørk lillablå+ ei gammal Dawn -rose. Klematisane trivst så godt i lag at dei er aldeles omslynga. Eg klipper dei ned kvar haust, så eg har tenkt å splitte dei opp. det vart ikkje i år heller. New Dawn -rosa klipte eg også heilt ned i fjor, hadde tenkt å male sprinkelverket, men så regna det heile hausten. Det heiter seg at ein ikkje skal klippe ned klatreroser, men eg har gjort det mange gonger, og det har gått bra. Bildet er dessverre dårleg, så eg ser fram til å få ny telefon. Viss nokon veit om ein stad ein kan få reparert eit speilreflekskamera, vil eg gjerne ha eit tips.


Klokka er no 18.30, temperaturen er + 26 grader C, det er lette skyer på himmelen og litt vind. Heilt himmelsk vêr altså. Det har vore varmt i dag også men ikkje så varmt som det har vore i det siste, så eg er redd "sommaren" er slutt.
I går var eg veldig låk i høgrearmen min, og eg var ikke så bra i dag-morgon heller, men etter kvart vart eg betre og no nesten heilt bra, men eg skal ikkje strikke!
Heilt frå morgonen av var det bestemt at eg skulle vere lat i dag, så eg tok livet med ro. Pusla litt med spanskleksa osb. Gjekk ut i hagen og smårydda litt. Så tok eg ein tur opp til Marit. vi sat ute på platten hennar og prata. 
Eg fekk referat frå bryllaupet i Aberdeen, og det var veldig kjekt. Hadde sett nokre bilde på FB før på dag. For dei som ikkje er orientert kan eg fortelje at det var sonen til Kjartan, Kenneth, som gifta seg med Kimberley. Begge to har vore rundt i verda og budd andre stader, men no skal dei bu i ein forstad til London der Kenneth jobbar som lærar på ein barneskule. Han utdanna seg først til kokk, men forlet grytene. Det var veldig artig å høyre korleis til dømes maten var i bryllaupet-der var ikkje sunnmørske kakebord til dømes. Tida gjekk fort og brått var klokka blitt lunsjtid, så eg gjekk ned att og åt litt og løyste tysdag-sudokuen før eg gjekk ut i hagen.
Der vart det latmanns-arbeid; -sitte på ein stol og vatne med slange! Ja, eg bar no rundt litt vatn i bøtter også. Eg vart så lei av å sjå på det graset som låg att etter klippinga i går. Eg hadde vore litt for ivrig og klipt Skråninga før graset var tørt. Eg kunne ha tatt ei rive og raka, men å rake er noko av det verste eg skal gjere med armen min, så etter litt om og men starta eg opp klipparen og fór over heile området og samla opp. Tre fulle "beholderar" vart det- og Skråninga vart mykje finare. Eg vart full av sveitte og gras, så det vart rett i dusjen, og etterpå la eg meg ut på solsenga. I dag vart det ikkje for varmt. Og armen tok ikkje skade
Olaug og Alexander skulle koma att frå Roma i dag, men Solveig og Øystein skal vere att til torsdag.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...