søndag, januar 31, 2021

Dagbok 2021: 31.januar

Klokka er no 17.05, temperaturen på trappa er minus 3 grader C og det har vore ein strålande fin dag. Det har ikkje vore heilt klårt så sola har ikkje vore framme heile tida. I går snødde det non stop og det trur eg det gjorde utover natta også. I alle fall hadde det snødd ca ein halv meter sidan eg moka i går, det var så vidt eg fekk opp utedøra.Eg såg med ein gong at eg aldri ville klare å moke tunet i dag. Men så var det ein av naboane som stilte opp med fresar og fresa heile tunet + veg ned til kjellaren. Det var veldig snilt gjort. Eg finpussa litt med spade og mokebrett. Men eg hadde ei anna oppgåve, eg ville prøve å moke altanen og det vart jobben min i dag. Eg målte snødjupna på altanen mot vest og den var 40 cm. Det var tredje gongen eg moka i år.Det tok si tid, men eg kom i mål. Då stod sola høgt på himmelen, og eg hadde lyst å gå tur, men fann ut at det skulle eg ikkje, for det var noko plunder med eine kneet.Dermed laga eg meg mat og åt "middag". Så kveikte eg i omnen og sette meg i godstolen, og der blei eg sittande. Det er no søndag og kviledag! Det er lenge sidan vi har hatt skikkeleg gammaldags vinter og eg synest det er heilt fabelaktig, berre det ikkje kjem enda meir snø. No kan eg tenke meg nokre dagar med sol og snø. Dei nye skorne mine er veldig bra, fordi dei er så høge at dei støttar rundt ankelen. Eg føler at eg går trygt. Sidan eg ikkje har gjort anna enn å moke snø i dag., har eg ikkje mykje å skrive om. Eg har begynt på siste boka av Joy Fielding så den har eg hatt på øyret mens eg slappa av. Eg har ikkje strikketøy akkurat no, men trur hendene skal få kvile litt, armane som var så vonde i fjor er ganske bra no, fingrane er ikkje heilt gode-men mykje betre enn dei var. Og i morgon startar vi på februar, og sola står høgare på himmelen for kvar dag, den varmar inne i hus og så er det LYSET-før jul var det mørkt nesten heile døgnet-no ser vi lyset i tunnelen -i alle fall viss vi får vaksine.

lørdag, januar 30, 2021

Bøker 2021-Bok nr. 10 : Sin mors datter

Om Sin mors datter Amanda Travis er 28 år og forsvarsadvokat i Palm Beach. Hun trives som vellykket karrierekvinne i sin moderne, helhvite leilighet med havutsikt - gjerne med et glass god vin for hånden. Fortiden og minnene vil hun helst være foruten. Moren som hun har kuttet all forbindelse med, faren som er død, to eksmenn, en stormende kjærlighet som en gang fortærte henne og utallige one night stands tilhører den forhatte fortiden. Helt til den dagen hun får en telefon fra sin første mann. Han ber henne innstendig om å komme hjem til Toronto for å bistå moren som etter sigende har skutt og drept en mann hun hevder at hun ikke kjenner. Amanda vegrer seg og har liten lyst til å se igjen sin barndomsby og bli nødt til å kjenne på alle de vonde minnene hun har begravd der. Men hun skjønner at hun må dra, og blir igjen et hjelpeløst vitne til den mørke, underlige makten som moren hennes ser ut til å ha over alle. Med barndommens kjælenavn - Dukkeliten - som et illevarslende ekko i ørene, må Amanda til slutt se fortiden i øynene for å komme løs fra demonene som holder henne fast. ............................................................................................................... I dag las eg ut denne boka, den nest siste av bøkene til Joy Fielding av dei som ligg på Storytel. Bøkene er lettleste fordi det skjer noko heile tida.Somme gonger skjer det så mykje at det er vanskeleg å fordøye alt, det gjekk litt over stokk og stein i denne boka. Men som sagt dettte er lettlest underhaldning og då stiller ein andre krav enn til meir seriøse bøker. No skal eg ta til på den siste i serien-

Dagbok 2021: 30.januar

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er 0 grader og det snør og snør og lavar ned. Vi hadde det så fint før i veka med snø og sol og fine vegar, men det tok slutt. Sist natt hadde det ikkje kome noko særleg med snø, så det var ikkje behov for å starte mokinga. Eg sette meg berre til å strikke til Ragnhild kom med skorne mine som ho hadde henta i posten.(Ho kjøpte dei i sitt namn sidan ho er medlem).Eg måtte ein liten tur på butikken i dag, for det var ymse eg mangla. Køyrde veldig forsiktig og kom meg vel heim att. Eg hugsar i gamle dagar då vi hadde Escorten, då hadde vi problem med den siste bakken når vi skulle heim. Etter kvart fekk eg på meg nyeskorne, men det vart ikkje tur, i staden måtte eg moke tunet. Det var heilt greitt, det var ikkje tungt eingong. Eg fekk no kosta trappa og moka sånn nokolunde på tunet, før eg gjekk inn att og åt middag. Eg brukte sjølvsagt dei nye skorne i dag og dei funka heilt fint. Dei to i kjellaren moka fram bilen sin, og så reiste dei heim til Sunndalsøra/Oppdal. Til middag i dag hadde eg restar frå i går , så det var enkelt. Etter middag strikka eg ferdig den 6. og siste lesten av garnet eg kjøpte førre laurdagen. Eg skal ikkje moke meir i dag, men i morgon skal eg ta både tunet og altanen. Eg likar faktisk å moke når det ikkje blir for tungt, det er nesten like kjekt som å klippe plen. Eg har hatt søndagskjensle i heile dag, men eg seier til meg sjølv at det er laurdag-og Melodi Grand Prix- ja, viss det vert like dårleg som førre laurdagen er det ikkje mykje å glede seg til. Men først skal eg lese ferdig ei bok.
Dette er piggskorne mine, som de ser er der noko som ein kan ha over piggane viss ein t.d. går inn på ein butikk. Skorne er kjøpe på nett frå"Enklere liv".

fredag, januar 29, 2021

Dagbok 2021: 29.januar

Framleis julestemning i Starevegen. Klokka er no 17.30, temperaturen ute er minus 1 grad. Det hadde ikkje snødd mykje sist natt, men det har kome litt lett snø i løpet av dagen, så no var eg ute ein tur og moka på tunet. Det var ikkje tungt. Eg har ikkje gått tur i dag, så det var godtå få vere ute litt. Dessverre har vi ikkje sett sola i dag, men det har heller ikkje vore så kaldt. For å få opp dampen i dag tidleg, gjekk eg ut og moka altanane mine, det var lett og fint arbeid; viss ein tek unna etter kvart, slepp ein dei tunge taka. Elles har eg vore nokså lat i dag, sat ei lang stund og las i boka mi, så bytta eg på senga og la i hop ein klesvask etc. og så laga eg middag-i dag også. Eg hadde så mykje poteter som var begynt å bli gamle i kjøleskapet, derfor tok eg og laga god gammaldags potetstappe av dei, og så hadde eg ei såkalla julepølse i frysaren. Det vart ein herremiddag og det veste av alt, eg har nok i morgon også. Eg har fått ein uvane med at når eg set meg ned etter middag så sovnar eg - om eg strikkar så sovnar eg med strikkepinnane i hendene. Så det er berre å gi seg over. Etter middagsluren sette eg meg til å strikke og høyre lydbok, men så kom eg på at eg ikkje hadde henta inn avisa, og då eg gjorde det, såg eg at eg kunne moke tunet, så fekk eg i alle fall LITT mosjon i dag. Viss det er bra føreforhold i morgon kan det bli ein tur på butikken, men berre på KIWI-trur eg. Som de ser så er ikkje dagane mine så spennande, men eg har det bra, og eg har fylt ut skjema til vaksinering, så er det berre å vente på tur. Det kan ta si tid. Førre fredagen skreiv eg alt alle måtte m passe seg på glatta, likevel var vi eit par stykke som datt på rygg. No er det ikkje så glatt lenger som det var, likevel må vi vere forsiktige. Eg trur eg får piggskorne mine i morgon. Dei siste dagane har eg gått med broddar ute. No skal eg varme meg ein kaffikopp, så skal eg brette Møre-Nytt ut over kjøkkenbordet og gå igjennom den frå a til å.Etterpå skal eg ta bladet Pensjonisten, og så blir det TV frå kl.19.God helg til alle ! Mandag startar vi på februar og så er det snart vår.

torsdag, januar 28, 2021

Bildet over er tatt frå altanen kl.16.00 i dag. På rekkverket kan ein sj kor mykje snø som har kome sidan i går.---- Klokka er no 16.10, temperaturen ute er minus 1 grad, men det kjennest kaldare ut no når sola er borte. I dag hadde vi tenkt oss på trening og eg skulle køyre. Derfor gjekk eg ut etter frokost og begynte å moke tunet. Det gjekk fint sidan snøen var fin og lett. Kunne godt ha moka meir for den del, men eg skulle dusje og vaske håret før treninga. Det er rettnok is under snøen, så ein må vere klar over det, men det gjekk heilt fint å bruke gamle støvlettar + broddar. Ingen problem med å køyre bil i dag. Kjende litt vodt i knea med det samme eg begynte å trene, men det gjekk over. Marit skulle ikkje handle i dag, så vi køyrde rett heim etter treninga. Eg hadde i grunnen lyst til å gå tur, men beherska meg . Hadde ikkje planlagt middagen i dag, så det vart til at eg samla i hop alle fløte og rømmerestar og kokte rømmegraut. Eg åt ikkje så veldig mykje av den, så eg har ei heil skål til å putte i frysaren. Eg prøver å kjøpe minst mulig mat no, for eg har på langt nær ete opp det eg kjøpte til jul. No har eg fyrt godt i omnen, så eg skal flytte eg inn på stova til strikketøyet mitt.Det er ikkje så klårt og fint i dag som det var i går, så det spørs om det ikkje kjem meir snø. Vi snakka om det på treninga i dag at det har vore uver både nord og sør i landet, men her har vi stort sett hatt ein fin vinter til denne tid,- verken storm eller veldige nedbørsmengder.Utruleg at vi er komne til torsdag -synest vekene fer fort.Har sett på ein klesvask, men elles vert det lite gjort i huset.Vil helst vere der varmen er.

onsdag, januar 27, 2021

Bøker 2021 - Bok nr. 9: Noen ser deg

Fengslende thriller fra dronningen av psykologisk spenning. Privatetterforsker Bailey Carpenter blir overfalt og voldtatt mens hun er ute på overvåkningsoppdrag, og går fra å være en selvsikker karrierekvinne til å stenge seg inne i leiligheten sin. Hun prøver desperat å huske detaljer som kan føre til at politiet tar gjerningsmannen. For å få tiden til å gå studerer hun menneskene nede på gaten og i høyblokken vis-à-vis gjennom kikkert. Det er spesielt én mann som fanger interessen hennes. Men en natt hun ser ut av vinduet, er det han som stirrer på henne. -------------------------------------- No har eg slukt enda ei bok av Joy Fielding, den åttande. Men eg har eit par til som eg skal høyre. Om det ikkje er stor litteratur, så er bøkene spennande på ein måte som gjer det vanskeleg å legge dei frå seg.

Dagbok 2021: 27.januar

Bildet:Øvst oppe i Storebakken-Vernet til høgre. ----- Klokka er no 15.40, temperaturen er minus 5 grader C, det er nesten heilt klårt, det har vore sol og ein nydeleg dag så langt. Då eg var ferdig med frokosten i dag, var eg så syndig at eg sette meg til å høyre bok på Storytel og strikke. Etter kvart fann eg på å shine og vaske bad og kjøkken. Det var litt meir nødvendig enn vanleg, for eg har rota litt med matlaging på kjøkkenet og badgolvet ligg ofte fullt av lesta, vottar og skor som skal tørkast og varmast.Det blir ein del støv. Jobben tok ikkje så lang tid, så eg ville gå ein tur før middag i det nydelige vêret. Sola har vore litt av og på her vi bur, men eg trur den har vore heile føremiddagen øvst på Vallabøen. Eg hadde litt trøbbel med å få broddane til å henge på skorne, men fekk det til. Eg gjekk opp og inn på Fonnavegen, opp på toppen av Storebakken,ned til Olavsgata og innover og heim. Eg trefte først to damer som eg ikkje kjende, men som eg prata med likevel, så møtte eg ei eg kjende i Storebakken, og i Olavgata trefte eg ei venninne frå Pensjonistlaget.Det var fantastisk fint å vere ute i dag, eg såg at der var folk på Vernet, men eg ville ikkje dit i dag. Det gjekk fint å gå med broddar, men det går ikkje så fort-like bra for så fekk eg vere ute i sola ein heil time. Eg kom heim akkurat tidsnok til å lage middag til kl.15, og no har eg ete pannekaker for andre gong denne veka. No er det akkurat passeleg med snø, passeleg kaldt og fint brøytt overalt, no kunne vi hatt det slik nokre dagar, men det skal visst komme meir snø. Då hjelper det ikkje at ein har moka fint, Even var ned og freste litt på tunet mitt i går, så der er heilt topp. Men eg har høyrt at det skal komme meir snø-det treng vi ikkje. Fekk to brev i posten i dag, det eine var om Korona-vaksinering, skjema som eg skal fylle ut. Datoen har eg enno ikkje fått. Det andre var ei rekning for telefonkonsultasjon med legen min.Så fekk eg Giro på Digipost -det var SV som ville ha kontingent. No er alt ordna og eg kan ta fri resten av dagen. Har litt att på boka eg held på med og litt att på lesten eg strikkar.

tirsdag, januar 26, 2021

Dagbok 2021: 26. januar

Bildet over er frå "Millionærsvingen" Klokka er no 15.20, temperaturen ca. 0 grader og no snør det igjen. Det hadde kome mykje snø sist natt, og Erik var i gang med å moke før eg var ferdig med frokosten. Snøen var lett og fin. Eg sa at han trong ikkje å moke så mykje til meg for eg skulle ikkje ut med bilen. Mens han moka tunet , moka eg trappa og altanen, også den vestover; lettare å ta 20 cm nysnø enn 30 cm tung snø. Då hadde det slutta å snø, og det var fint ute. Eg hadde støvlettar med broddar på, så eg gjekk ein tur, ikkje på Vernet, men rundt omkring på Vallabøen. Øvst i Storebakken trefte eg ein mann som eg kjenner, han var ute og moka tunet sitt. Vi blei ståande å prate litt-og eg vart så forundra over at han var blitt så liten og gammal.Då eg gjekk vidare, merka eg at eg ikkje hadde briller på meg-ikkje rart at han vart liten.Trefte eit par naboar også, ein med piggsko og ein som meinte at broddar var best. Då eg var heime att, tok eg og moka ein del på tunet, fordi det var så kjekt å vere ute. No har det skya til igjen og det snør litt også. Eg pratar med Marit heile dagane-på Messenger. Ho er framleis litt forkjøla. Og så fekk eg langt brev frå Bodil-på Messenger, det har eg printa ut, slik at eg har det. Ho skriv kva alle barn og barnebarn styrer med, eg har sagt at eg likar å få vite slikt, og gjerne skriftleg, slik at eg ikkje gløymer det. I dag laga eg pannekaker til middag, det var sist haust eg begynte å lage middagar til meg sjølv,etter 2-3 år utan mange middagar. Eg greier aldri å lage passeleg lite, så det blir to dagar med pannekaker også. Det blir ikkje så mykje "gjort" i huset med meg, litt tidleg å begynne med husvask etc., så no skal eg sette meg til å strikke med lydbok på øyret.Eg har fyrt i omnen, så no forlet eg datarommet og flyttar til godstolen i stova.
Starevegen i dag.

mandag, januar 25, 2021

Dagbok 2021: 25.januar

Klokka er no 15.46. I dag før middag var det klårt, sol og kuldegrader; no har det skya over og temperaturen nærmar seg 0 grader.Dette har vore ein lite effektiv dag til denne tid. Det første eg gjorde var å sende melding til Helge og så ringde han meg opp att. Han forklarte kva vi kunne gjere for å betre nettverkstilgangen som leigebuarane har problem med. Vi blei samde om den mest vanlege reparasjonen av alle-ut med pluggane-vente - og inn att med pluggane. Det funka i dag også. EG har to forsterkarar her med meg så det vart mange pluggar. Eg hadde planlagt å lage rundstykke etter ei oppskrift i Møre-Nytt, så eg sette ein deig.Det vart 20 rundstykke av den. Rundstykka skulle vere særs "saftige"- og det var dei, men elles var dei veldig alminnelege til tross for mykje finraspa gulrot, honning etc. Men eg åt av dei til "middag" og vart i alle fall veldig mett. Innimellom har eg festa trådar på eit par lestar eg strikka i helga og lagt opp til ein lest til. Trur eg får tre par av dei 4 buntane med garn. Når eg strikkar høyrer eg lydbok eller ser TV. I dag fekk eg til å feste broddane på eit gammalt støvlettpar, såpass eg kom meg ut i garasjen etter ved. Om eg kjem meg på trening i morgon, veit eg enno ikkje, det er mykje is på vegen enno. Helge var innom då han kom frå jobb, han ville høyre korleis det gjekk-om dei hadde nett-tilgang nede, og det har dei. Han sa at det var rimeleg glatt på vegane. Eg håper piggskorne som Ragnhild har bestilt til meg kjem snart. Eg kunne saktens gå ute med broddar på skorne, men det er så plundrete. Eg gjorde det den vinteren Nils var på Heimen.No blir det vel til at eg set meg ned og strikkar, då gjer eg i alle fall litt til nytte.Har fått litt meir spansk å øve på; Eli legg ut "lekser" på data-sida vår.Denne gongen var det ein song med enkel tekst, det var berre to ord eg ikkje forstod.

søndag, januar 24, 2021

Dagbok 2021: 24.januar

Klokka er no 16.40, og temperaturen har krope under 0.Det har vore strålande vakkert vêr i dag, og sola har skine inn i stova både før og etter Melshornet-det er enno ei tid før ho "kliv honnje" -som vi seier her. Eg har vore heime og inne i heile dag, det er rett og slett ikkje råd å gå ut med vanlege sko, det er såpeglatt på tunet, og is på gata.Eg har for det meste sete og strikka mens eg har høyrt lydbok, og ikkje gjort særleg mykje til gagns. Middag hadde eg att frå i går, og etter eg hadde ete trur eg at eg sovna ei lita stund.-- Det var noko som skjedde i går, som eg ikkje ville fortelje før i dag. Eg var nemleg ute for ei lita "ulykke" då eg var til Vik. Eg kunne ikkje ha på meg piggskorne til Ragnhild sidan eg skulle køyre bil.Men sålane på støvlettane er gode, så det skulle gå bra. Eg køyrde ned til ALTI og parkerte bilen der mens eg tok ut pengar i Minibanken. Det var is overalt,mykje verre enn eg hadde tenkt, men bra godt sanda. Så skulle eg opp i gata på strikkebutikken-eg gjekk veldig forsiktig steg for steg, passa på å gå der det var sand, det gjekk bra heilt til eg steig ned frå fortauet og ned på gata, då for beina under meg og eg hamna på rygg i full fart.(Det regna så sanden hadde vel rent bort) To unge menn som kom ned Vikegeila skreik opp såpass Mariann på strikkebutikken kom ut. Eg hadde det ikkje vondt, og etter den eine unge mannen hadde hjelpt meg opp, gjekk eg berre over gata og inn på butikken. Eg hadde ikkje det minste vondt i hovudet, men eg sette meg på ein stol i butikken og snakka med Mariann, der var ingen andre kundar. Eg måtte overbevise henne om at eg var OK. Så gjekk eg ned att til Alti og tok bilen og køyrde opp til Kiwi og handla. Eg ville sjå om eg kom til å få vondt etter kvart, det gjorde eg ikkje, er litt låk i nakken og skildrane, men det kan like godt vere av snømoking. Eg var redd for at viss eg skreiv om dette i går, så ville det vere einkvan som vart redd for at eg hadde skada meg, det har eg ikkje. Eg er heilt bra, men eg kjem til å bli enda meir forsiktig i framtida-TRUR EG.Og så må eg slutte å legge meg ned på vegar og gater- og kjøkkengolv. Det er nok no!

Bøker 2021: Bok nr.8 : Mellom liv og død

Omtale Mellom liv og død De vet ikke at hun kan høre dem ... Casey Marshall har alt en kvinne kan ønske seg: Hun er vakker, lykkelig gift, har gode venner og driver et fremgangsrikt interiørfirma. Hun kunne ikke vært mer tilfreds – helt til en bil kjører inn i henne i høy fart, knuser nesten hvert ben i kroppen hennes og etterlater henne i koma. I sykehussengen ligger Casey hjelpeløs, for selv om hun ikke er i stand til å se eller kommunisere, kan hun høre alt som blir sagt. Sjokket er stort da hun innser at vennene hennes ikke er som de har gitt seg ut for å være, og at ulykken slett ikke var noen ulykke … I en tilstand av levende død er Casey fast bestemt på å avsløre sannheten. Uansett hva som må til.
.....................................................I dag før middag har eg lese ferdig denne boka mens eg strikkar lestar. Har lese mange bøker av denne forfattaren no, og det som er litt spesielt er at det er heilt nye folk og miljø for kvar bok. Dei fleste andre krimskribentar har gjerne både ein og fleire personar som går att i bøkene. Eg likte denne boka også, så det blir vel til at eg les fleire. Det er lettleste og relativt enkle bøker, og bra underhaldning. Margrete og Solveig driv også å les dei.

lørdag, januar 23, 2021

Dagbok 2021: 23.januar

Klokka er no 16.10, det er + 2 grader og regn ute. Eg hadde tenkt meg nedover i dag viss føret ikkje var altfor gale.Eg tok nokre prøvebremsingar og det gjekk bra. Parkerte ved ALTI for å ta ut pengar i minibanken. Etterpå gjekk eg opp til strikkebutikken og kjøpte garn, så no er eg i leste -modus igjen. Handla litt mat på Kiwi på heimvegen. Ragnhild kom og henta skorne sine i 14.30 tida, men ho ville ikkje kommme inn; både ho og mannen hennar er i risikogruppa i tillegg til alderen. Skulle ønske eg hadde hatt piggskorne på meg i dag, for det var mykje is i sentrum. No har ho bestillt skor til meg, så eg håper dei kjem før isen er borte. Eg har ikkje gjort særleg mykje i dag, men eg kokte meg ei grønnsaksuppe til middag, godt med litt lettare kost etter tre dagar med medisterkaker. Eg har ikkje sett på TV-en i dag, enno, men Marit held seg oppdatert på Koronaen heile tida-eg orkar ikkje det, så eg les lydbok og strikkar; eg har sakna strikketøy siste dagane. No er det berre ei veke att av januar, eg synest tida har gått fort. Marit og eg meiner at dei kunne ha vaksinert heile Oslo først, så vart det kanskje ein slutt på Koronaen-Her er dei ferdige med dei som er på sjuke-og aldersheim, neste pulje er dei som er over 84 år og bur heime-og så kjem vi andre som er over 80. Av og til er det ein fordel å vere gammal.Eg gler meg til å få vaksine, men skulle ønske eg fekk alt på ein gong.Eg er her mykje åleine, men kjeder meg aldri! Eg har TV-en, datamaskina, strikketøy, lydbok og så litt husarbeid innimellom. Alle dagar blir for korte.

fredag, januar 22, 2021

Dagbok 2021: 22.januar

Klokka er no 16.30,og eg har nettopp tatt bildet over; dagane vert litt lengre og lysare etter kvart no framover. Men sola har vi ikkje sett i dag heller, det er overskya, opplett og + 2 grader C. Slapset som låg på gata i går fraus til is sist natt. Ragnhild, venninna mi, skulle komme ein tur innom i dag, og vi hadde ikkje avtalt tidspunkt. Dermed begynte eg å vente på henne tidleg på føremiddagen. Ho kom ikkje før seinare, men ho hadde med seg piggskona sine slik at eg skulle få prøve dei, og eventuelt kjøpe samme sorten. No har eg gått ein aldri så lite tur på dei isa vegane, og det gjekk heilt fint, eg gjekk så det knasa under føtene. - Elles har eg ikkje gjort mykje i dag, sidan eg vaska og styrte i går; det har vore litt klesvask og rydding. Elles har eg studert litt spansk, lese Møre-Nytt og høyrt litt lydbok. Eg hadde ete middag før Ragnhild kom, så no blir det kaffi og ev. dessert. Eg har tatt inn eit bord frå altanen som eg har sett framfor godstolen min. Der har eg plass til mobil, div. fjernkontrollar,penn og papir, kaffi og ev. mat. så slepp eg å reise meg opp så ofte.(HA HA !) Marit kunne ikkje komme ned i dag, så det blir ikkje "The Crown" i dag heller. Serien er på 60 episodar og vi ha sett ca 6. I morgon trur eg at eg må ha ein tur på butikk.-- Ønsker alle ei god helg utan fall på glatta. -

Bøker 2021: Bok nr. 7 : Døden skal du lide

Engelsklæreren Sandie Crosbie har flyttet til den lille byen Torrence i Florida sammen med familien. En fredelig by midt i alligatorland, der innbyggerne lar dørene stå ulåste og hvor ungene er vant til å leke fritt overalt. Da en av elevene hennes blir funnet drept i en grunn sumpgrav, føler mange i Torrence at mistanken henger over dem. Stedets sheriff overfor en helt ny og annerledes hverdag enn den solfylte og behagelige han er vant til. Da han arresterer en mistenkt, er lettelsen stor. Men så forsvinner Sandies egen unge datter. Hele byen deltar i letingen, som til slutt fører dem til et møte med en alle kjenner svært godt: morderen. ..........................Enda ei av bøkene til Joy Fielding er konsummert. Eg angra på at eg ikkje laga ei namneliste då eg begynte på boka. Det vart mange personar å halde orden på etter kvart. Handlinga er lagt til ein liten by i Florida og vi blir kjent med mange av elevane på "vidaregåande"og foreldra deira. Eg synest at skildringa av familiane var ganske bra; foreldre som åtvarar og set grenser for barna-men kanskje ikkje for seg sjølve. Skildringa av ungdomsmiljøet var etter mi meining veldig bra-og tankevekkande. Mordaren blir avdekka heit til slutt-og det var ikkje den som eg hadde venta.Eg hadde forresten ikkje gjort meg opp ei meining. Eg synest denne boka var ei av dei beste eg har lese av forfattaren.

torsdag, januar 21, 2021

Dagbok 2021:21.januar

Klokka er no 16.00, temperaturen er + 2 grader, det har regna og snøen smeltar. Eg har ikkje noko imot at det blir mildare, men det var fint slik det var i går. Mange har henta fram sparkstøttingane sine i år -det er ei stund sidan sist eg hadde min framme. - Vi skulle eigentleg ha vore på trening i dag, men Marit var ikkje bra,så ho måtte avlyse. Eg sjekka veg og føreforhold og konkluderte med at eg verken kunne gå eller køyre sidag det var livsfarleg glatt. Men eg kom meg i aktivitet, eg støvsuga alle teppegolva og så vaska eg bad og kjøkken. Oppvaskmaskina tok oppvasken frå i går,og no har eg sett på klesvask. - Einar kom på sein ettermiddagsvisitt i går, og eg laga sein middag til oss to.I dag åt eg restar, og det kjem eg til å gjere i morgon også. No er vegen oppkøyrd og sanda så det ligg som ei sørpe i vegbana. Håper det blir berre vegar i morgon. -Eg har fyrt i omnen og laga kaffi, så no blir det tid for lydbok og kos.Leigebuarane er attkomne, så no blir det vel mindre golvkaldt.

onsdag, januar 20, 2021

Dagbok 2021: 20. januar

Klokka er no 15.00, temperaturen ute er minus 2 grader C, det er overskya, men opplett. I dag vakna eg tidleg og vart liggande å høyre lydbok til det var høveleg tid å stå opp. Det var 5 kuldegrader ute då, og ikkje særleg varmt inne heller. Eg sette meg på datarommet og las meir lydbok, før eg tok til vitet og gjorde diverse husarbeid, shina opp kjøkkenet til dømes. I dag ville eg gå ein tur mens det var lyst ute, eg gjekk ein liten runde på Vallabøen før eg gjekk opp på Vernet. Sist eg var ute og gjekk såg eg at det var pløgt ein smal veg på vernet, men då gjekk eg ikkje opp, det gjorde eg i dag. Det var ikkjge godt å gå der for mange hadde trakka så vegen var veldig ujamn, men eg trefte ei anna gammal dame som sa at det var god balansetrening å gå der, så då var det greitt. Eg gjekk berre halve runden, og ikkje på sjølve Vernet. Der var litt krevjande, men som sagt god trening.Eg kom meg heil heim til tross for diverse utfordringar.- I dag morgon fekk eg melding frå Einar at han ville komme ein tur i 18-tida. Det var kjekt. Har ikkje hatt besøk sidan jul-av andre enn Marit. Han plar komme å ete middag i lag med meg, i dag var det litt seinare enn vanleg, så eg spurde om han ville ha sein middag og det ville han. Eg kjøpte inn rikeleg mat til jul, og har ikkje ete opp alt enno. Tenkte eg kunne skrive blogg no, slik at ingen begynner å lure på kva eg styrer med. Eg har det berre bra og er frisk -og sprek-for alderen.

tirsdag, januar 19, 2021

Dagbok 2021: 19.januar

Klokka er no 17.40, temperaturen er minus 1 grad , det er opplett og fint vêr, og i dag har vi sett sola. Ho skein inn på stova ei stund rundt klokka 11, men det var ikkje så mykje eg fekk nyte den, sidan vi skulle på trening . Vi starta litt seinare enn vanleg i dag fordi det skal vere lenger opphald mellom gruppene. Det vart til at eg køyrde, og det gjekk heilt fint, sjølv om vegane ikkje var særleg mykje grusa.- Etter treninga var vi ein tur på Spar og handla litt; det var ikkje så mykje eg trong, men kom likevel ut med eit tungt nett.- Før eg åt "middag" tok eg meg ein spansktime på data; eg har vore lite flink å øve no i det siste; men viss eg ikkje jobbar litt med det, så gløymer eg det vesle eg kan.- Som før fortalt, har eg strikka ny høgre-erm på den oransje kofta mi. Det viste seg at den nye erma var litt kortare enn den skulle vere. Eg trudde ikkje det gjorde så mykje, men då eg fekk kofta på meg var eg ikkje heilt nøgd. Derfor rekte eg opp brotet for å forlenge erma. Eg strikka med opprekkstråden, men då eg var nesten ferdig tykte eg det blei stygt.Eg rekte opp att det eg hadde strikka og strikka på nytt med ubrukt garn. Det blei betre. Skøyten synest sjølvsagt, men det går seg til.- Eg trudde eg hadde kjent det i armane i dag at eg heiv på snø i går, men armane var heilt OK i dag, så då går eg ut frå at senebetennelsen er over.- No er det mørkt ute og eg ser månesigden på himmelen utanfor glaset, det er veksande måne. Eg har begynt på enda ei bok av Joy Fielding, les på Storytel. Det er ikkje så mykje å gjere verken ute eller inne i dette vêret. Viss snøen blir liggande får eg ta fram sparken.

mandag, januar 18, 2021

Dagbok 2021: 18.januar

Klokka er no 18.00, det har vore nokså skya i dag, så eg har ikkje sett sola, men det har vore opplett. Det var godt å stå opp til ein dag som ikkje var så iskald, kaldt er det framleis, men det er + 3 grader C no. I dag er det fødselsdagen til Håkon, han vart fødd i OL-året 1994, det er ein av grunnane til at han fekk namnet sitt. Håkon har hatt eit spesielt år i Koronatida; han er blitt far til ein liten gut og gifta seg. Det var spesielt både meg vigsle og barnedåp i denne tida. GRATULERER MED DAGEN HÅKON!!!! For dagen i dag hadde eg ikkje store planar, så eg sette meg til å høyre lydbok på føremiddagen.Men etter kvar kom eg i gang med noko eg hadde tenkt å gjere, eg ville begynne å fjerne snøen frå altanen utover. For to år sidan gjorde eg same jobben, men då trur eg ikkje at eg tok heile på ein dag. Snøen var 30 cm tjukk-og veldig tung. Det som er litt utfordrande for meg er å hive snøen over rekkverket. Men eg greidde, med diverse pausar å tømme altanen. Armane mine er ganske bra no, hendene og fingrane ikkje heilt gode. Men eg er veldig glad kvar gong eg får litt god mosjon, og det har snøen sytt for i det siste. Til middag i dag åt eg suppa som var att frå i går, og ei skive + kaffi til "dessert". Etter maten sette eg meg til og las ut boka. Eg veit enno ikkje om det blir trening i morgon.

Bøker 2021: Bok nr.6 - 2021: Skyggenes gate

Omtale Skyggenes gate Etter å ha tilbrakt ett år i fengsel, er det én ting Ralph Fisher har klart for seg: Hevnens time har kommet. Han skyr ingen midler for å få tak i den hemmelige adressen til ekskona – kvinnen han mener er årsaken til alle hans problemer. Nå skal han vise henne hva rettferdighet er. Han setter seg i bilen og forlater Floridas solfylte strender, med kurs for Dayton i Ohio, hvor ekskona lever i konstant frykt, under falskt navn og identitet i Skyggenes gate. .......................................................................... Då har eg lese enda ei bok av Joy Fielding-og denne var også bra.

søndag, januar 17, 2021

Dagbok 2021: 17. januar

Klokka er no 17,00, og eg er nettopp ferdig med middagen; i dag vart det broccolisuppe á la blomkålsuppe. Ute har det blitt mykje mildare , + 4 grader no. Ikkje så fint og lyst som det var, men så slepp vi kulden. I dag kveikte eg opp i omnen tidleg, så det var varmt og godt då Marit kom klokka 13.Det vart til at vi såg 3 episodar av serien i dag, men der er nok å ta av.Vi fann ut at sidan det var sundag kunne vi unne oss ein ekstra episode. Trur ikkje vi begynte på begynnelsen då vi hengde oss på. Mykje av det vi såg i dag hugsa vi. I vår ungdom var det dei kongelege som var "kjendisar" i vekeblad og på Filmavisen, som var vår tids TV. I og med at eg har sett så mykje serie og så laga middag har det ikkje blitt gjort stort anna enn det høgst nødvendige. Det hadde vore fristande med ein tur ut, men i dag var eg redd det var glatt. Ikkje alle i gata har tatt ned julelysa utandørs enno, og det er i grunnen fint. Dei eg hadde var på batteri, og batteria varde heller kort tid. No skal eg bevilge meg ein kopp kaffi med nogo attåt, og så skal eg høyre lydbok. Eg må begynne å strikke igjen snart, for sist natt fekk eg ikkje sove fordi eg verkte i fingrane. Trur strikking er bra for mine fingrar i alle fall.

lørdag, januar 16, 2021

Dagbok 2021: 16.januar

Klokka er no 13.40, temperaturen ute er minus 7,5 grader C og vêret er framleis strålande. I dag fekk eg sett sola skikkeleg ei lita stund. Eg fekk tatt bilde ut vinduet på datarommet, men vinduet var ikkje akkurat blankpussa, noko som kjem fram på bildet. Det hasta med å ta bildet før sola for igjen-men ho skin i fjellet. Dei siste par dagane har eg gått og småfrose inne og eg forstod ikkje at folk kunne gå tur ute i slikt vêr. I dag tok eg meg sjølv i nakken, kledde meg varmt, skreiv handleliste og bestemte meg for ein tur på butikken. På vegen ned til KIWI ombestemte eg meg og køyrde ned til ALTI, eg hadde ærend på Europris. Det eg skulle ha, hadde dei ikkje, men eg kjøpte diverse reingjeringsmiddel-det er billeg der. For å sleppe fleire parkeringar handla eg matvarene eg skulle ha på BUNNPRIS. Der hadde kassadama munnbind på seg, det første munnbindet eg har sett i Ørsta. Då eg kom heim hadde eg lyst å vere meir ute, så eg gjekk ein runde på bilvegane her på Vallabøen.Eg trefte blant andre legen med rullator og piggskor. Då eg gjekk ned Storebakken såg eg at der visstnok var moka ein smal veg på Vernet, eg vart freista til å gå opp, men beherska meg og gjekk heim. No skal eg fyre godt i omnen, for klokka 15 kjem Marit og då skal vi sjå serien om "The Crown"- ja, vi rekk no ikkje heile serien på EIN dag.Det er derfor eg skriv bloggen så tidleg, men viss det skjer meir i dag skal eg legge det til.

fredag, januar 15, 2021

Dagbok 2021: 15.januar

Klokka er no 1.50 og eg har nettopp ete middag.Det er strålande vêr ute , men temperaturen har falle til minus 7 graser og det er altfor kaldt for meg.Tidlegare i dag var den oppe på 2 minus.Det var kaldt nok. I dag før middag såg vi nesten skin av sola i aust; det er alltid slik at det legg seg skyer der sola skulle vere, men om eit par dagar har vi litt sol i stova. Når det er så vinterleg og kaldt kjem eg meg ikkje ut-utan at eg er heilt nøydd til det. I dag skulle eg finne på noko nyttig å gjere inne, så eg valde å rydde på datarommet mitt, fordi der er varmt. Eg rydda i skapet og eg sorterte nokre papirer som hadde hopa seg opp, det blei mykje kveikje til omnen. Eg fann ein lest med eit digert hol. og det måtte stoppast. Det høyrest vel litt skrytande ut, men eg likar faktisk å stoppe lestar. Ikkje det at eg er flinkt til det, men eg likar å "reparere"- det eg kan. Det vart til at eg begyte å rydde og sortere alle garnrestane mine-og det tok si tid. Eg sorterer etter fargar og har ei stor plastkasse full nede i kjellaren. Eg studerer heile tida på kva eg skal bruke alt garnet til.Trur eg må til med "hønsestrikk" igjen. Middagen i dag var lettvint; eg tok suppa som var att frå i går og forlenga den litt, med vatn, fond, frosne grønsaker og litt juleskinke. Laga litt for mykje, men tvinga det ned, for eg ville ha slutt på suppa for denne gong. Før eg åt kveikte eg opp i omnen på stova så eg fekk varmen i meg både innanfrå og utanfrå. Eg har ikkje hatt annan trim i dag enn å gå opp og ned kjellartrappa, driv og vaskar litt klede langsmed. No fekk eg nesten lyst å gå ut, men trur ikkje det blir.Kanskje ein tur på butikken i morgon? Altanen skal eg moke når snøen fell meir i hop og ligg i ro på spaden.No skal eg flytte inn i stova og sette på litt kaffi. Vi pensjonistane har det godt !! (Når vi får vere friske)No kom eg på at det er fredag så eg må ønske alle ei god helg. Pass på å ikkje bryt beina! Bildet under er tatt ca kl.12.

torsdag, januar 14, 2021

Dagbok 2021: 14.januar

Klokka er no 16.00, temperaturen ute er minus 8 grader C, to grader "varmare" enn i dag morgon. Det er utruleg fint ute, med fin, kvit snø, sol i fjella og i det heile tatt nydeleg. Bortsett frå temperaturen- etter min smak er det altfor kaldt, enda eg hugsar godt vintrar med dobbelt så mange kuldegrader I dag har eg ikkje vore ute og moka såpass eg har fått tempen opp. Men får eg moke - abstinens, så har eg ein heil altan som burde tømmast.Der er 30-40cm snø på heile altanflata. Slik var det for eit par år sidan også, då brukte eg fleire dagar på å tømme altanen for snø. Tungt var det og, sidan eg måtte hive snøen over rekkverket. Men i dag har eg ikkje overanstrengt meg på nokon måte. Mykje av føremiddagen sat eg og las ut ei bok-ei lydbok, sat og la kabal på data mens eg høyrde, det hjelper på konsentrasjonen å ha noko å fingre med. Til vanleg strikkar eg når eg les lydbøker. Innimellom rakk eg å shine og vaske kjøkken og bad-fredagsvask kallar eg det, uansett dag. Til middag i dag laga eg grønsaksuppe med pølsebitar, det smakte godt på ein kald dag. No har eg fyrt i omnen, i tillegg til at eg har på varmepumpa + ein liten vifteomn. Det er så husekaldt her når det ikkje er folk som varmar opp i kjellaren, men så lenge eg har ved får eg opp tempen. Her på datarommet mitt har eg ein laus elektrisk omn som varmar bra, derfor held eg meg mykje her på føremiddagane viss eg ikkje er ute. Det frydar meg å sjå at dagane vert stadig lenger og lysare.Lurer på om eg skal ta ein tur til Vik i morgon, eg begynner å gå tom for blant anna frukt og grønsaker, elles har eg rikeleg av alt. No skal eg strikke ferdig den nye erma på kofta mi, i staden for å bøte eit stort hol, klipte eg av erma og strikkar nytt. Hadde rikeleg garn att, så eg kunne gjere det slik. I dag fyller "tantebarnet" mitt, Roar 53 år. Han er sonen til Nils sin bror Rolf.Han har overtatt Nils sin barndomsheim i Trovågen.

Bøker 2021 - Bok nr.5: Hvor er hun?

Om Hvor er hun? «Jeg tror mitt egentlige navn er Samantha. Jeg tror jeg er datteren din.» Caroline Shipleys hjerte slutter å slå da ordene i telefonen når henne. Umiddelbart er hun femten år tilbake i tid, til feriestedet Baja i Mexico og den fatale natten da alt falt i grus. Reisen til Mexico skulle være en feiring. Ektemannen Hunter overbeviste henne om at det var greit å la de to døtrene, Michelle og Samantha, være alene på hotellrommet mens de to spiste middag i hotellets restaurant. Men da de kommer opp på rommet etterpå oppdager de til sin skrekk at toåringen deres er sporløst forsvunnet. Dagene og ukene som følger er et eneste langt mareritt for familien. Men Caroline gir aldri opp håpet om at datteren Samantha en gang vil komme tilbake. ................................................................................................... Dette er den fjerde boka av samme forfattar. Eg likte i grunn best dei to første eg las. Men alle fire handlar om lovbrot innan familien. Elles legg eg merke til at mor/bestemor ikkje er så sympatisk. Denne boka vart litt langdryg etter min smak.

onsdag, januar 13, 2021

Dagbok 2021: 13.januar

Starevegen i dag klokka 15.00. No er klokka 15.50, temperaturen er minus 9 grader, sola skin i fjella og det er ein strålande dag, berre det ikkje hadde vore så kaldt. I dag var eg innstilt på å moke sjøl, men før eg var oppe hadde ein av naboane sett i gang med å frese heile tunet mitt, og dessutan laga veg heilt ned til kjellarleilegheita. No er ikkje leigebuarane i kjømda enno, men eg fekk veg så eg kunne gå ned i tilbygget og hente diverse.Og arbeidslaus vart eg heller ikkje for både trappa og altanen måtte mokast i dag også, så var det ved som skulle hentast inn og bossdunkar som skulle opp til vegen. Ja, det var tusen ting å gjere for den som vil. Til slutt gjekk eg i dusjen og vaska håret; sveisen var ikkje presentabel etter ei veke i strikkahue. Får eg gjekk i dusjen la eg i omnen, varmepumpa duger ikkje når det er så kaldt. Eg heldt meg på datarommet til det vart på tide å lage middag. Middagen i dag var som den var i går, berre at sausen var laga og eg hadde ei kokt potet att. I dag bevilga eg meg dessert, det vart krumkaker og is ! Eg synest sjlølv at eg et for mykje for tida, det er for at eg har for god tid til å lage mat, men komande tysdag får vi begynne å trene igjen, så då blir det mindre matlaging. Slik det er no blir det mykje å sitte inne og varme seg-og ete. Ja, eg plar no strikke litt innimellom, men eg vart litt usikker på det strikketøyet eg held på med, så no har eg lagt det bort, midlertidig, for eg vil at Solveig skal sjå på det. Men så har eg klipt av nesten heile erma på ei kofte der det var eit stort hol. Eg fann ein garnrest som var stor nok til at eg kunne klippe vekk mesteparten av erma og strikke ny. Det kan eg gjere mens eg høyrer lydbok eller ser TV.Det er lenge sidan vi har hatt så mykje snø og så kaldt som vi har det no, men eg hugsar korleis vintrane var før i tida. Eg skal vere heilt ærleg å seie at eg likar ikkje kulde. No har eg bestilt meir ved med Even, for det skal litt til for eitt menneske å varme opp eit heilt hus. Marit var til kontroll med legen sin i dag, og då fekk ho vite at ho skal få vaksine i februar. Viss eg er i samme gruppa, får vel eg det også? Elles så fekk eg utskrift frå banken på det eg har betalt til Telenor. Eg betaler enno for tvillingen som slutta å virke i august.

tirsdag, januar 12, 2021

Bøker 2021: Bok nr. 4: Kvinner i Ørsta og Volda

Denne boka fekk eg av Margrete til jul. Det var ei bok eg ønskte meg, av mange grunnar. Eg kjenner godt ho som har skrive boka, eg hadde henne som lærar då eg tok norsk grunnfag på DH i Ørsta, og seinare gjekk eg på franskkurs med henne.Det var ein grunn til at eg gjerne ville lese boka. Den andre grunnen er innlysande, eg kjenner mange av kvinnene ho skriv om, somme kjenner eg godt, andre berre av omtale.Somme av kvinnene vart fødde langt tilbake på 1800-talet, og døde for lengst, andre er på alder med barna mine og lever enno i beste velgåande. Reidun har skrive ei viktig bok, og ho har ikkje tatt lett på oppgåva. Ho har funne fram til kvinner som har utmerka seg på ein eller annan måte, gjennom arbeidet sitt og/ eller i politikk og samfunnsliv.Boka speglar kvinnerolla gjennom mange år og er såleis også eit historisk "verk". Det siste kapittelet i boka handlar om konene på gardar i Åmdalen, der Reidun si mor var ei av dei. Det var kanskje det mest "rørande" kapittelet. Eg har hatt stor glede av å lese boka, og kjem sikkert til å ta den att innimellom. Eg kan nemne at boka har over 300 sider med tekst og bilde, og historia til nærmare 40 kvinner. Mykje arbeid har Reidun lagt ned i dette verket-eg veit ikkje om andre som har gjort noko liknande.

Dagbok 2021: 12.januar

Klokka er no 16.30 og bilda tok eg frå trappa for ein augneblink sidan. Temperaturen er så vidt over 0 og det snør framleis. Eg var budd på at det hadde kome mykje snø sist natt, for det begynte å snø i går kveld.Så det var ikkje anna å gjere enn å ta på seg strikkahue og vottar og kome seg ut. Eg hadde i grunnen ikkje så mykje imot det. Men først spada eg vekk snøen på altanen. Nils var så nøye på at snøen ikkje skulle ligge der til den smelta. Så begynte eg på tunet og var godt i gang då hjelpa kom i form av ein motorisert brøytebil. Ja, eg har sett den før, den var her i fjor og året før også, meiner eg.Eg kjenner godt sjåføren , eg har ein gong i tida hatt han som elev. Han overtok mokinga og moka vidare enn eg har gjort før, så han fekk vekk gammal og hard snø. Sidan eg sparte litt energi , tok eg og støvsuga teppegolva i staden.Så laga eg middag. I dag vart det juleskinke med poteter, saus, og grønsaker. Eg hadde planlagt maten utfrå tanken på at eg skulle bruke mange kaloriar på snømoking, no vart det sikker nokre kaloriar for mykje. Det får stå si prøve. Slik det ser ut no kjem eg til å ha nok snø åå moke i morgon også. I dag ringde legen min og svarte på eit brev eg skreiv til henne. Det gjeld høyreapparat. Eg har gått utan høyreapparat i minst ti år, for dei siste eg fekk hjelpte lite. No skal eg få kome til ein i Ulsteinvik som driv med det der, i staden for å fare til Åse sjukehus, der eg har vore før.Ho skulle sende meg eit brev med tilvising. Så no slepp eg å gå å vakte på telefonen heile tida. Etter at eg hadde ete middag sette eg meg til å lese i boka eg fekk av Margrete til jul, men då kjende eg at eg var litt trøtt og sliten så etter ei stund klappa eg att boka, men eg sovna ikkje.No skal eg snart lese vidare, strikke kan eg gjere når eg ser TV. Eg har ikkje vore på butikk på over ei veke, men mat har eg så eg klarer meg til påske. Kanskje.

mandag, januar 11, 2021

Dagbok 2021: 11.januar

Klokka er no 16.20, temperaturen ute er minus 7 grader C, og det er gammaldags kvit, kald vinter ute. Då eg stod opp i dag registrerte eg at det hadde snødd ganske mykje sist natt, og at det blei ein liten jobb å moke. Det hadde slutta å snø, så vona var at det ikkje kom meir. Kor lenge eg var ute og moka er eg ikkje sikker på, men det må no ha vore eit par tre timar. Eg stressar ikkje, men tek meg god tid, og får både mosjon og frisk luft - eg likar å vere ute. Målet var å få det såpass at eg kunne ta ut bilen om eg ville -og at det vart plass til ein besøksbil på tunet. Har ikkje moka bilplassen til leigebuarane mine enno, eg veit ikkje kva tid dei kjem att. Då eg var ferdig gjekk eg inn på PC-en og skreiv meldingar og så ringde eg søskenbarnet mitt i Stryn. Etter kvart blei det tid for middag, den tredje og siste dagen med bacalao. Jammen greidde eg å ete opp alt, men eg trur det tek si tid før eg får lyst på meir.Eg har lagt i omnen så eg har det varmt og godt, strekte meg ut på sofaen ei lita stund etter middagen. Barnebarnet Eirik hadde tenkt å komme på besøk i dag, han skal reise tilbake til Trondheim i morgon, men så hadde han vore på besøk hos ei i går som var forkjøla; sjølv var han frisk og utan symptomar, men han valde å ikkje komme. Eg er meir forsiktig no enn før-vil ikkje gjere noko dumt no når vaksinen ikkje er så langt unna. Eg er litt maroder i hendene og skuldrane etter mokinga, så eg trur ikkje eg skal strikke så mykje i dag. Det er åt og skymest ute, men snøen lyser opp-eg håper den får ligge i ro ei stund-komande sundag får vi sjå sola om veret er like fint då. Vi har hatt ein lett vinter til denne tid, med mykje fint vêr i desember og også i januar.Bilda tok eg ca kl.14 frå trappa.

Bøker 2021:Bok nr. 3: Løgner fra fortiden

En fengslende psykologisk thriller, perfekt for alle som liker Naboparet, Lisa Gardner og Harlan Coben. Hvor godt kjenner du dine nærmeste? Førti år gamle Terry Painter bor i en småby i Florida, der hun arbeider som sykepleier og lever et rolig liv alene i huset hun arvet etter moren. Da den unge og livlige Alison Simms leier annekset på eiendommen hennes, blir de to raskt venninner, og Terry blir introdusert til et fantastisk nytt liv, med restaurantmiddager, shopping, bli ny-seanser og en romanse med den kjekke sønnen til en av de aldrende pasientene hennes. Men litt etter litt oppdager hun at det er mye ved den nye venninnen som skurrer. Terry begynner å føle seg overvåket og invadert, og kampen for å få tilbake livet har startet. Nervepirrende, mørk og full av overraskelser, Løgner fra fortiden er en oppslukende thriller fra den bestselgende dronningen av psykologisk spenning, Joy Fielding. ............................................................................................ Dette er den treje boka eg har lese av Joy Fielding. Eg las til klokka var nærmare tre sist natt for å bli ferdig. Etter min smak var ikkje denne boka så bra som dei to første eg las, det vart liksom too much , særleg på slutten. Men eg kjem sikkert til å lese fleire bøker av denne forfattaren . Når eg høyrer bøker på Storytel kan eg strikke på samme tid, så gjer eg noko nyttig -også.

søndag, januar 10, 2021

Dagbok 2021: 10.januar

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er minus 2 grader. Det hadde kome ein god del snø sist natt, men trur ikkje det har kome meir etter at eg moka på føremiddagen. I dag stod eg opp til nesten vanleg tid, til tross for at eg las til klokka halv tre i natt. Eg såg gudstenesta frå Gjerdrum på TV før eg gjorde meg klar og gjekk ut og moka. I fjor vinter hadde eg ikkje armar som funka, det har eg i år, og så har eg nytt og betre brett, mindre og lettare enn det vi hadde før. Problemet er berre at eg ikkje er høg nok til å få brettet i rette posisjon, men eg fekk no moka nesten heile tunet såpass at eg kan ta ut bilen om eg vil. Torbjørn kom og fresa vekk brøytekanten. Snøen var tung i dag og våt på botnen, men det var fin mosjon å moke, så eg kutta ut tur på Vernet i dag. I staden var eg opp til Marit ein tur for å prate litt og sjå noko som ho hadde kjøpt i går. Sat der til det var på tide med Bacalao igjen, greidde ikkje å ete opp resten i dag, så det blir ein dag til med "drikking". Etter middag og kaffi har eg høyrt lydbok og strikka rundt og rundt på jakka mi. Eg er spent på korleis storleiken matchar meg, for eg har ikkje eit påliteleg mønster, men eg har no diskutert det med Solveig, ho har meir strikke-erfaring enn eg. Eg strikka no mykje før, men i det siste har eg strikka berre lestar. Elles har eg lite å berette, held meg stort sett heime; i morgon er det ei veke sidan eg var på butikk, så eg må snart ha ein tur, er snart lens for kaffi. Eg har lyst å kjøpe både det eine og det andre, men prøver å vente -med håp om å få vaksine om ikkje altfor lenge. No ser eg veldig fram til at vi skal kunne treffe familie og venner igjen. Både Marit og eg er samde om at lærarar skulle fram i vaksinekøen, sidan det er så viktig at skulane er opne og i drift. No skal eg strikke meir, og kl.19 set eg på TV.Eg les no den tredje boka av Joy Fielding: " Løgner fra fortiden".

lørdag, januar 09, 2021

Dagbok 2021: 9.januar

Klokka er no 17.00, temperaturen er + 3,5 grader, det blæs litt og snøen smeltar. Kom ikkje på å ta bilde før det var blitt mørkt ute, for eg har vore inne i heile dag. Dagen begynte med at eg "forsov" meg, og stod opp eit par timar seinare enn vanleg. I tillegg sette eg meg til å strikke med det samme og fekk ermar og bol inn på same rundpinnen. Det vart mange masker. Hadde ein liten prat med Solveig i telefonen, ho er rådgivar når det gjeld strikking, eg er litt ute av trening på alt strikkearbeid, med unntak av lestar. Tida går fort når eg styrer med noko, men etter kvart fann eg ut at eg skulle lage bacalao til middag i dag. Eg hadde ferdig utvatna klippfisk i frysaren. Eg fann ei oppskrift på nettet som eg følgde -litt. No har eg ete middag, og den var både salt og "hot"- men god. Eg hadde ein heil raud chili i, utan steinar, + ein skvett olivenolje med chili. No har eg att mat til i morgon -og kanskje lenger. Heldigvis hadde eg att Santa Claustaler frå jul - den kjølte ned. Det vart ikkje tur ut i dag, dagen vart kort og vêret var ikkje så freistande. Eg hadde endeleg fått orden på dagane oppe i hovudet mitt-i går det var fredag. Men i dag var det sundag igjen i hovudet mitt-blei vant til mange "sundagar" i jula.No "skal" eg ingen ting-heile veka, så eg har ikkje knaggar å henge tida på. No skal eg i alle fall snart lage meg litt kaffi og ete eit stykke kake til -sidan det (liksom) er søndag."God helg"skulle eg ha skive i går- men eg meiner det framleis.

fredag, januar 08, 2021

Dagbok 2021: 8.januar

Frå Vernet kan vi sjå opp til raudehytta no når det ikkje er lauv på trea. Klokka er no 16.00, temperaturen ute er minus 3 grader C, det har klårna opp og då blir det kaldare.Men fint er det ute! Sist natt fekk eg ikkje sove før utpå morgonkvisten, då sov eg til klokka 9 og er i fin form.I dag gjorde eg noko som eg aldri plar gjere; rett etter frokost sette eg meg til å sjå dei to siste episodane av ein serie. Eg strikka ikkje ein gong! Etterpå la eg i hop klesvask, strauk diverse klede etc. Eg var frostig så eg måtte sjå til å få dampen opp; derfor tok eg ein runde på Vernet i dag også. Og kven trefte eg? Jau, det var H.-i dag gjekk han i lag med ein annan mann, så han kunne ikkje stoppe for å prate. Klokka var ca 14 då eg gjekk heimanfrå, så det var ikkje så mykje folk der i dag. Eg har gått og vakta på telefonen min i dag, i fall legen skulle ringe. Eg hadde trøbbel med telefonen i går, men så slo eg den heilt av-og på igjen. Det virka bra. Det er slik eg "reparerer" PC-en også, titt og ofte-eg dreg ut ledningane og set dei i att. Det er ikkje mykje å skrive om på bloggen no når eg stort sett berre går her heime og stullar. Har kontakt med Marit mange gonger for dag-på Messenger og telefon. No trur eg at eg må strikke litt på jakka mi, så kan eg høyre bok samstundes-eller sjå TV.I dag er det altså fredag og heretter vil det vel bli enklare å halde styr på dagane.Bolen er no godt over 30 cm så det nærmar seg at eg skal ha ermane inn på same pinnen. Det irriterer meg litt at eg ikkje kan lage avsnutt i teksten her på bloggen, men slik er det berre.

torsdag, januar 07, 2021

Dagbok 2021: 7.januar

Kniven på dette bildet låg i ei skuffe, men eg visste ikkje kven Nils hadde fått den av. Det viste seg at det er Arne, svigerfaren til Rasmus som har laga den, så no skal den retunerast til rette familien. Klokka er no 16.15, temperaturen har gått opp til 0 grader og det nerkast både ute og inne.I dag har eg ikkje gått tur, men vore husmor. Eg har vaska og styra inne, det var eit visst behov, som eg plar seie. Når det er så fint ver og verken regnar eller snør, brukar eg å vaske på soverommet fordi eg då kan henge ut golvteppe og dyne m.m. Etterpå jobba eg med spansken ein times tid før eg åt "middag" som i dag bestod av egg og bacon. Sette meg inn i stova etterpå med ein kaffikopp og såg og høyrde frå Amerika. TV-en har stått på i heile dag utan at eg har følgt med.Det er sjokkerande at slikt kan skje i USA - med ein president som fyrer oppunder.Ja, eg skal ikkje gi meg inn på å prate politikk, eg er ikkje så veldig oppgradert.Eg har i heile dag trudd at det var onsdag, men no er eg á jour.Eg har veldig lyst til å fare på butikkar etc. men no skal eg vere veldig forsiktig heilt til eg har fått vaksinen. Eg såg på TV at også vaksinen Moderna var blitt godtatt, så då går det enda fortare å få vaksinert heile befolkninga.Vi håper det beste. Her eg bur er det lite smitte. No skal eg sette meg til å strikke rundt og rundtog rundt !

onsdag, januar 06, 2021

Dagbok 2021: 6.januar

Klokka er no 16.20. Temperaturen ute er minus 2-3 grader C. Det har vore litt meir skyer på himmelen i dag, men likevel nydeleg ver. Eg starta dagen med å sove til klokka 10- men det var ikkje så tidleg eg la meg i går-og las på senga.Eg hadde berre ca 2 timar att på lydboka mi, så eg hadde planlagt å lese den ferdig på føremiddagen i dag. Og det gjorde eg. Det gjekk no litt meir enn to timar, men eg strikka heile tida, så eg nytta tida godt synest eg. No er bolen til jakka ca 20 cm, garnet er relativt tynt så det veks ikkje så fort. Eg fekk melding frå fysioterapeuten om at vi ikkje startar opp att treninga før 19.januar. Enda ein god grunn til å ta ein tur på Vernet. Eg trefte folk i dag også som eg kjende, og ei eg ikkje kjende stoppa og sa at ho tykte eg gjekk godt til tross for låke kne. Ho kjende tydeligvis meg., Då eg kom ned att på vegen trefte eg den venninna som ville ha konsert på Vernet, og vi vart no pratande ei stund. Bilda i dag er frå det eg kallar "Avgrunnen"-det er området mellom vegen og sjølve Vernet. Det går an å gå der også, men det har eg ikkje gjort så mange gonger. No ser eg på området som eit konserlokale med fantastisk akustikk. Det som manglar er elektrisitet, men det kan ein vel får til. Då eg kom heim att laga eg med eit måltid av grauten som var att frå i går+ spekepølse og litt brød. Etterpå laga eg kaffi som eg ikkje er heilt ferdig med enno. Eg har fyrt i omnen og har det varmt og godt.

Bøker 2021: Bok nr. 2: Sannhetens mareritt

Om Sannhetens mareritt En dag befinner Jane Whittaker seg i en gate i Boston uten å ane hvem hun er. Hun har hukommelsestap, blod på kjolen og 10.000 dollar i kontanter i lommen. I blind panikk kjøper hun nytt tøy, og låser det gamle og pengene inn i en oppbevaringsboks. Først da henvender hun seg til politiet, som sender henne videre til et sykehus. Da blir hun gjenkjent - og hentet av sin mann. Men hun kjenner heller ikke ham, og hun føler seg som en fremmed i det ugjestmilde og truende huset de sier er hennes hjem ... Med et sjokk går det opp for henne at marerittet ikke er over. Det har såvidt begynt! ............................................................................. No har eg lese ut den andre boka av Joy Fielding. Det er ikkje direkte krim ho skriv, men det som kan komme under kategorien" Psykologisk Thriller". Også denne boka handlar om det som kan skje mellom familiens fire veggar. Boka er spennande, så spennande at eg i dag sette meg til å lese boka ferdig rett etter frokost-utan å gjere noko nyttig. Ja, eg kan no unnskylde meg med at eg strikka heile tida, så bolen til jakka mi veks-det er 289 masker rundt og rundt. No kjem det an på om eg greier å la vere å begynne på neste bok av same forfattar. Eg les på Storytel på telefonen, derfor kan eg strikke samstundes.

tirsdag, januar 05, 2021

Dagbok 2021: 5. januar

Dei tre bilda over har eg tatt utan å flytte føtene, slik at dei som ikkje har vore der kan få sjå litt av utsikta på Vernet. Klokka er no 16.03, temperaturen på trappa er minus 2 grader i dag, så det er ikkje så kaldt som i går. På føremiddagen i dag sette eg på ein vifteomn på stova i tillegg til varmepumpa, så fekk eg det såpass lunt at eg kunne strikke og høyre lydbok. Eg driv og strikkar på bolen til jakka mi mi no, så det er lange "rundar"-men sytalaust. Eg fekk lyst å gå på Vernet i dag også sidan vêret er så fint. Eg trefte att han som eg vart kjend med i går, og det vart ein lang prat i dag også. Møtte ei dame som eg kjenner også. Trur vi er mange som er litt pratesjuke sidan vi er mykje åleine-og på Vernet pratar alle med alle, anten ein kjenner dei eller ikkje. Det er omlag slik som når ein går på skogs-eller fjelltur. Då eg kom heim att kokte eg rømmegraut av fløte-og rømmerestar + melk som var ute på dato. Og så fyrte eg i omnen.Eg hadde klart eit brev som eg hadde skrive til legen min, og svippa nedom KIWI der det er postkasse.Før har eg brukt å levere brev i skranken på Legesenteret, men no veit eg ikkje om det er lov å gå inn der. Det eg skreiv om, hadde med høyreapparat å gjere-ikkje sjukdom. No skal eg snart finne fram spøtet mitt igjen-og lydboka, som ligg på telefonen. Eg ventar litt med å sette på TV-en. For morgondagen har eg ingen planar, men torsdag blir det kanskje trening.

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...