fredag, januar 22, 2021
Dagbok 2021: 22.januar
Klokka er no 16.30,og eg har nettopp tatt bildet over; dagane vert litt lengre og lysare etter kvart no framover. Men sola har vi ikkje sett i dag heller, det er overskya, opplett og + 2 grader C. Slapset som låg på gata i går fraus til is sist natt. Ragnhild, venninna mi, skulle komme ein tur innom i dag, og vi hadde ikkje avtalt tidspunkt. Dermed begynte eg å vente på henne tidleg på føremiddagen. Ho kom ikkje før seinare, men ho hadde med seg piggskona sine slik at eg skulle få prøve dei, og eventuelt kjøpe samme sorten. No har eg gått ein aldri så lite tur på dei isa vegane, og det gjekk heilt fint, eg gjekk så det knasa under føtene. - Elles har eg ikkje gjort mykje i dag, sidan eg vaska og styrte i går; det har vore litt klesvask og rydding. Elles har eg studert litt spansk, lese Møre-Nytt og høyrt litt lydbok. Eg hadde ete middag før Ragnhild kom, så no blir det kaffi og ev. dessert. Eg har tatt inn eit bord frå altanen som eg har sett framfor godstolen min. Der har eg plass til mobil, div. fjernkontrollar,penn og papir, kaffi og ev. mat. så slepp eg å reise meg opp så ofte.(HA HA !) Marit kunne ikkje komme ned i dag, så det blir ikkje "The Crown" i dag heller. Serien er på 60 episodar og vi ha sett ca 6. I morgon trur eg at eg må ha ein tur på butikk.-- Ønsker alle ei god helg utan fall på glatta.
-
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar