lørdag, januar 23, 2021
Dagbok 2021: 23.januar
Klokka er no 16.10, det er + 2 grader og regn ute. Eg hadde tenkt meg nedover i dag viss føret ikkje var altfor gale.Eg tok nokre prøvebremsingar og det gjekk bra. Parkerte ved ALTI for å ta ut pengar i minibanken. Etterpå gjekk eg opp til strikkebutikken og kjøpte garn, så no er eg i leste -modus igjen. Handla litt mat på Kiwi på heimvegen. Ragnhild kom og henta skorne sine i 14.30 tida, men ho ville ikkje kommme inn; både ho og mannen hennar er i risikogruppa i tillegg til alderen. Skulle ønske eg hadde hatt piggskorne på meg i dag, for det var mykje is i sentrum. No har ho bestillt skor til meg, så eg håper dei kjem før isen er borte. Eg har ikkje gjort særleg mykje i dag, men eg kokte meg ei grønnsaksuppe til middag, godt med litt lettare kost etter tre dagar med medisterkaker.
Eg har ikkje sett på TV-en i dag, enno, men Marit held seg oppdatert på Koronaen heile tida-eg orkar ikkje det, så eg les lydbok og strikkar; eg har sakna strikketøy siste dagane. No er det berre ei veke att av januar, eg synest tida har gått fort. Marit og eg meiner at dei kunne ha vaksinert heile Oslo først, så vart det kanskje ein slutt på Koronaen-Her er dei ferdige med dei som er på sjuke-og aldersheim, neste pulje er dei som er over 84 år og bur heime-og så kjem vi andre som er over 80. Av og til er det ein fordel å vere gammal.Eg gler meg til å få vaksine, men skulle ønske eg fekk alt på ein gong.Eg er her mykje åleine, men kjeder meg aldri! Eg har TV-en, datamaskina, strikketøy, lydbok og så litt husarbeid innimellom. Alle dagar blir for korte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar