tirsdag, februar 28, 2023

Dagbok 2023:28.februar


Klokka er !8-00, temperaturen ute er+4 grader og no er det opplett. Før i dag har vi hatt regn. 

Eg hadde ikkje tenkt å lage noko oppstand over det øydelagde ansiktet mitt i dag då vi kom på trening. Eg hadde kamuflert litt med å ha håret fram i panna, men Ingvil såg det med ein gong, Og så måtte eg ut med heile historia - enda ein gong. Det gjekk bra på treninga og eg er elles i god form. 

Etter treninga var vi ein tur på ALTI der eg mellom anna kjøpte ein krem som eg skal bruke til kamuflasje når skurvene dett av. 

Då vi kom heim gjekk eg ein tur på Vernet, mens eg hadde ytterkleda på. Men då var det nokså mykje regn. Til middag i dag vart det grønsaksalat med Apetinaost, det er ein av dei 80favorittane mine i matvegen. Etter middag fyrte eg i omnen , sette på TV og strikka,, Telefonen min ringde og eg svarte utan å sjå på nummeret. Det var ei dame som snakka ørstlandsdialekt, og eg kjende henne ikkje , så eg slo av. Litt etter slo eg på telefonen igjen, og då var det Bodil sitt nummer som kom opp. Derfor ringde eg til henne. Det var ikkje ho som hadde ringt til meg, men vi fekk oss ein hyggeleg prat.

Så skulle eg skrive blogg, men kom meg ikkje inn på min eigen blogg kor eg bala. Eg var no ikkje heilt sikker på passordet heller, for det har blitt endra mange gonger og boka der eg har alle passorda mine finn eg ikkje att. Då sette eg meg inn att i stova og strikka og tenkte litt. Så gjekk eg inn att til PC-en og alt var i orden. Snøen er neste borte igjen, og det er vårleg ute. Snart er det mars, og skulle det bli meir vinter då så har vi sol i alle fall. 

I morgon skal eg på spanskkurs,  eg veit ikkje kva vi har i lekse,men eg kan no lese eit par sider i boka.Eli er sikkert ikkje så streng med meg når ho veit kva eg har vore gjennom.




mandag, februar 27, 2023

Dagbok 2023; 27.februar


 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 5 grader og det ser ut til at skyene forsvinn og himmelen kjem fram. Før i dag har det regna litt, og det er våt snø nesten overalt. 

Sist natt sov eg ikkje så godt, det begynte å stikke inne i vestre foten slik det gjorde i den høgre før eg fekk helvetesild, men eg har ikkje kjent noko etter at eg stod opp. Så eg håper venstrefoten går klar.

I dag før middag tok eg ut oska frå omnen og støvsuga på stova og gangen; eg er ikkje så god i ryggen, så det tek si tid.. Eg vaska håret i dag for første gong etter "fallet."   Såra gror fint no, så det er berre eit tidsspørsel kva tid skurvene på såra dett av .         

Då klokka var 14 gjekk eg opp til Marit og vi sat og prata eit par timar. Vi hadde ikkje vore i lag på eit par dagar så det var mykje å berette om.

Eg åt det som var att av middagen frå i går før eg tok ein tur på Vernet. I går var eg ikkje ute og gjekk, og laurdag gjekk eg berre på vegane. Eg hadde ikkje regna med at der var såpass mykje snø og slaps, eg vart vår på føtene , men det gjer no ingen ting når eg går i ull-lestar.

Eg hadde tenkt meg på ALTI i dag, men det vart utsett til i morgon, for då har både Marit og eg ærend på apoteket. Men først skal vi på trening.Det er slutt på ferien vår også.


                                             Det lysnar i vest

søndag, februar 26, 2023

Dagbok 2023: 26.februar


 Klokka er no15.50, temperaturen ute er + 4 grader C, det er skodde og regn og så pass utriveleg ver at eg held meg inne. Snøen smeltar, men ikkje fort, det som plogen la att i går, er det mykje att av no, men eg let det ligge for eg skal ikkje ut med bilen i dag.

I dag er eg heime åleine heile dagen, men det går bra. Før middag strikka eg, såg TV, strauk nokre klede etc. Til middag i dag laga eg Pasta carbonara, hadde akkurat nok av det eg trong, så no må eg hugse å skrive på handlelista mi.

Etter at eg hadde ete og vaska opp att, sette eg meg til å sjå ein serie på Netflix, men då sovna eg visst. Det var utbrent i omnen, så eg måtte kveike opp for andre gong. No har eg brukt opp all småveden , så no må eg visst til å kløyve meir.

Eli ringde i går kveld, så eg fekk vite nytt frå pensjonistmøtet og frå spansken. Såra mine gror litt for kvar dag, men det er eit litt større sår i panna som sikkert treng litt lengre til. Eg kan lage ein lite pannelugg som skjuler det meste. I morgon skal eg til Vik, trur eg, og då skal eg stikke innom til Mariann og høyre om ho har kamuflasje-krem. Denne veka har eg tenkt å fare både på trening og spansk.

Eg likar ikkje dette veret, men eg synest det er heilt utruleg at vi snart er komne til mars månad. Blir det klårt og kaldt no så har vi i alle fall mykje sol. Mens eg ventar på vår og sommer likar eg å sjå på inneplantane mine og passe på at dei får det dei skal ha.


lørdag, februar 25, 2023

Dagbok 2023: 25.februar


 Klokka er no17.40, temperaturen ute er + 1grad og det er overskya , men opplett.

Eg var nettopp ute og gjekk ein liten tur på vegane på Vallabøen, ville ikkje gå på Vernet i dag for eg rekna med at der var snø og slaps: eg trefte ei som eg snakka med, men ho skulle på Vernet.. Eg fekk melding frå Rarnhild mens eg var ute og gjekk, så eg ringde henne då eg kom heim.

På føremiddagen var eg ute og moka tunet med mokebrettet, det klarer eg for ryggen, men ikkje å moke med spade. Eg fekk det no bra til på tunet, men så kom plogen og skrapa alt som var på vegen ned mot tunet, så då vart det stengt. Forresten så begynte det å snøve igjen.

Eg har vore litt husmor i dag, eg har bytta på senga og vaska klede. Når eg vaskar sengetøy brukar eg tørketrommelen, elles ikkje. Eg har ei maskin gåande no også, det er ikkje alt som kan vaskast i lag.

Elles har eg fyrt i omnen, strikka og sett TV, som vanleg. Men i dag var det nesten berre sport å sjå, og det er eg ikkje så interessert i. Eg åt ein grønnsaksalat til middag i 14 tida, men no svelt eg igjen. 

Ho som eg gjekk tur i lag med hadde vore på pensjonistmøtet, så eg fekk no vite at styret held fram omlag som før, med Eli som leiar. Det går sikkert bra.



fredag, februar 24, 2023

Dagbok 2023: 24.februar



 



Klokka er no 16.10, temperaturen ute er + 3 grader C, og no skin sola, men det har vore både regn og snø trur eg. På PC-en står det" Av/på  med snø."
 Eg har ikkje vore ute i dag, ikkje gått tur. I dag har eg jobba litt heime i huset. Først var det fredagsvask og rydding, og så tok eg meg sammen og vaska gardinene. Eg gjorde det på samme måte som dei to siste åra. Til jul tok eg gardinene ned og la dei bort. I dag vaska eg dei i vaskemaskina og tok dei rett frå maskina og hengde dei opp. Dei vart verken tørka eller strokne. Men det er slik dei blir finast. Eg må nok rette litt på dei her og der etter kvart som eg ser feila. 
Å henge opp gardiner er noko av det verste eg skal gjere, først må alle klypene på og så må eg ha dei inn i gardinbrettet. Men no er det gjort og då er strevet gløymt.  I og med at eg vaskar berre tre lengder om gongen, fekk eg ein pause , og då åt eg middag.  Tredje dag med gryterett frå TORO. Gjer meg ingen ting, eg har så god appetitt at eg kunne ete kva det var. 
Eg har no hatt litt pauser i dag også, då eg har sett TV og strikka. Eg strikkar sånn cirka ein lest for dag; når det er tynt garn og store lestar kan det hende at eg ikkje kjem i mål, men det gjer ingen ting, trur vi har bra lestelager både Solveig og eg.
Eg veit ikkje om eg kjem meg ut og gå i dag, det er litt sørpete og vått, så eg veit ikkje om eg skal gå. Kanskje slappar eg av litt inne i staden. Akkurat no var eg litt mett, men har lyst på kaffi. Kanskje eg kan gå tur når det begynner å mørkne, har ikkje lyst å vise meg fram til kven som helst slik eg ser ut no.
Ja, og så er vi på fredag igjen, synest den dagen kjem mykje oftare enn andre dagar. Og no er vinterferien slutt -den gjekk fort unna den også.
Eg vil no berre ønske alle ei god helg!



Ikkje ver å vere ute i

torsdag, februar 23, 2023

Dagbok 2023: 23.februar


                            På kvilebenken, med ansiktet mot "sola"


Klokka er no17.52, temperaturen ute er +1 grad C, og det regnar stort sett; det er ikkje heilt lyst heller. Det hadde kome litt ny snø sist natt, men den vart fort vekke.

I går kveld la eg meg på venstresida, den som er minst skada,  eg sov godt i natt og vakna i samme stilling i dag. Det er sjeldan eg ligg så roleg om natta. Det første eg gjorde var å gå på badet og sjå om ansiktet hadde blitt betre. Det hadde det ikkje, det var heller meir raude flekkar enn før. Men heller ikkje i dag var det særleg vondt.

Eg hadde avtalt med Marit at vi skulle handle på KIWI idag, så eg måtte prøve å stelle meg slik at eg kunne gå ut blant folk. Eg prøvde å dekke over med litt make up og det blei faktisk klitt betre. Og så let eg berre håret henge litt laust fram i ansiktet. Vi kom oss på butikken og eg trur ikkje nokon la merke til meg.

Då vi kom heim att, ville eg gå tur på Vernet mens eg enno hadde ytterklede og sko på meg. Eg gjekk veldig lett i dag, i dei nyaste støvlettane, der var ikkje mykje snø og is i dag. Eg trefte ei dame som eg snakka med , eg veit ikkje kven ho var, men eg trur ho kjende meg. Eg måtte no fotelle om det store fallet, og ho fortalde om ein gong ho braut foten. Sånn er det no berre. På Vernet kjenner alle alle. Eg møtte nokon som eg kjende godt og dei fekk også høyre om skaden, og på heimvegen fekk eg fortalt det til ein av naboane også.

Elles har eg vore åleine heime resten av dagen. Middag hadde eg att frå i gå, og eg har mat til meg sjølv i morgon også.

Eg har fyrt godt i omnen i dag, og så har eg sete og strikka og sett/høyrt på TV.

Eg er så spent på det nye styret i pensjonistlaget, men det kjem vel i MøreNytt, og den avisa kjem på nettet kl.22 i kveld. Då kjem der vel ein ny vanskeleg sudoku igjen. Eg veit at eg kjem i mål til slutt, men eg brukar kanskje mange timar. Eg har vore bra lat denne veka, men så har eg no hatt vinterferie eg også.

No skal eg strikke ferdig ein lest , så då er første paret av dei tynne lestane til Solveig i boks;eg skal berre felle av no. Og så blir det ein ny lest, eg varierer pinnar og garn så blir det litt meir spennande.

I morgon blir det fredagsvask og rydding i heimen, det har vore litt sløvt denne veka.




onsdag, februar 22, 2023

Dagbok 2023: 22.februar



 
Klokka er no 18.00,temperaturen ute er +3  grader og det regnar.Regn/snø står det på datamaskina 
Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet. Eg gjekk heimanfrå då det begynte å mørkne litt, for eg ville helst vere der åleine. Men jammen var der andre også som trossa regn og mørke.
Denne dagen vart ikkje slik som planlagt, eigentleg skulle eg har vore både på spansk-kurs og pensjonistmøte, men i dag skofta eg alt.
Eg har ein uvane med at eg ofte set inn bilde på FB på den sida som alle kan sjå, i staden for på vår hemmelige familieside. I går hadde eg sett eit bilde av det øydelagde ansiktet mitt på den sida som alle ser. Det var ikkje meininga.Så eg tok det vekk. 
I dag tok eg nytt bilde, og då rota eg det også til. Dermed har heile verda fått med seg at eg har tryna-bokstavleg talt. Så eg har fått både meldingar og telefonar frå folk som lurer på kva som har hendt. Det var no ikkje meininga mi, men på same tid er det godt å sjå at folk bryr seg-
Eg var litt spent på om eg fekk sove i natt, men eg sov som ein stein til klokka var 7 då stod eg opp og tok ut av oppvaskmaskina. Eg slo den av før eg sovna i går kveld.
Eg har ikkje strikka så mykje i dag, eller sett så mykje TV. Marit kom ned og var her ei stund, og etterpå laga eg god middag til meg sjølv og eg trur eg har nok til i morgon også.
Ansiktet mitt ser ikkje ut, men eg håper det blir sånn litt betre etter kvart. Og så får eg hjelpe til med sminke når så langt kjem.Eg får konsultere Ingeborg.

I dag fyller Audun, den nest eldste av barnebarna mine, 33 år. Eg hugsar godt den dagen han vart fødd, då silregna det også. Eg hadde Einar her, og vi var til Vik og skulle kjøpe gåve til veslebroren. Ein lite bamse vart kjøpt. Eg hadde Einar i sportsvogn med regnjakke størrelse 12 år, det var det eg hadde her. Men det regna så fælt at vi tok drosje heim. Og det var litt stas.
Audun bur i Oslo no og jobbar for RØDE KORS (Han er jurist)
Gratulerer med dagen, Audun!


tirsdag, februar 21, 2023

Dagbok 2023: 21.februar


 Klokka er no 16.20,temperaturen ute er +3 grader, og det har vore ein fin dag med mykje sol. I dag venta eg Ingeborg, men ho skulle ikkje vere her før 12.30, så eg rakk no å strikke litt og lage vaffelrøre.Og øve litt på spanskleksa. Det var kjekt å snakke med Ingeborg, og då vi hadde drukke kaffi og ete vaflar tok vi ein tur på Vernet. 

Etter at Ingeborg hadde fare såg eg ut på altanen, og der hadde vinden ruska det bra til.Eg skulle rydde litt, men på ein eller annan måte greidde eg å snuble og dette, men halve ansiktet ned i betongen.  Det er vel berre skrubbsår men det svir, og eg lurer på korleis eg skal få vekk blodet. Brillene hadde eg heldigvis ikkje på meg, dei kunne ha blitt øydelagt. Det er ei god stund sidan sist eg datt, så eg trudde eg var slutta med det.

Litt morsomt at vi til i morgon har i spansklekse og fortelje om ansikt og hår.

                                       Her var det eg skulle rydde

mandag, februar 20, 2023

Dagbok 2023:20. februar

Klokka er no !7.30, temperaturen ute er +5 grader C, og det regnar og blæs. Eg kom nettopp innatt frå ein tur på Vernet, eg hadde ikkje tenkt å gå tur i dag, men så vart eg så lei av å sitte inne heile dagen. Eg tok på meg piggskorne på vona der var is, men det var helst sørpe på Vernet, men is i Starevegen.Uannset ver og føreforhold var det friskt å komme seg ut. Eg hadde tatt på meg den side raude regnkåpa i dag - var ikkje interessert i å bli gjennomblaut ein gong til.

Elles har det vore ein fredeleg og kjedeleg dag, men det kan no vere mi eiga skuld. 

Etter at eg var ferdig med frokosten vart det TV  og strikketøy. El felte av lesten eg strikka i går og festa trådane. Eg prøvde å sjå ein serie, men det vart berre rot, så eg sette på "nyhendestraumen" og har høyrt det samme om att og om att.

 Så var det spanskleksa, det var i grunnen ikkje så mykje å øve på, men kanskje tek eg det for lett.

Utpå dagen vaska eg håret og kledde meg om litt, og så kokte eg meg litt graut fordi eg hadde lyst, og vaska opp for hand, fordi eg hadde lyst til det også.  Etter kvart la eg opp eit nytt strikketøy. Solveig har kjøpt masse garn, og eg trur ho var litt redd for at eg skulle bruke det opp for fort. Derfor la eg no opp til eit par tynne lestar på trepinner nr. 2,5, då kan det hende eg har arbeid ei stund.

Eg har mykje anna eg skulle ha gjort i huset, men eg har ikkje fått ånden over meg enno. Eg skal ikkje på trening i morgon(vinterferie)                                    ,men då ville Ingeborg komme på besøk. Ho reiser heim til Oslo i morgon kveld. Onsdag er det spansk på føremiddagen og pensjonistmøte på ettermiddagen. Det er årsmøte,og i år har eg ikkje noko med det å gjere, i 10-11 år har eg skrive "årsmelding", men no er  eg fri.

            Det begynte å mørkne før eg kom heim, det er ikkje vår enno

 

                                           Ferdig og på begynt

søndag, februar 19, 2023

Dagbok2023: 19 februar

 

Klokka er no16. 40, temperaturen ute er 0 grader; det har vore opplett i dag med ein del sol, men også skyer.

På føremiddagen styrte eg litt med husarbeid og strikking, til det leid på, men då gjekk eg tur på Vernet. Der trefte eg fleire av naboane som også var ute og lufta seg. Eg hadde avtale med Marit at eg skulle komme opp til henne i dag  klokka 14, så då gjekk eg sjølvsagt opp. Der fekk eg kaffi og fastelavensbollar med krem, så det vart nokre kaloriar i dag også. Vi hadde som vanleg noko å prate om.

Komande veke har vi vinterferie frå treninga, men onsdag er det spansk-undervisning på føremiddagen og pensjonist-årsmøte på ettermiddagen, så då er det litt å styre med.

No skal eg sjå om eg finn noko godt i frysaren min som eg kan ha til middag, eg kan ikkje leve berre av krem og kaker, trur eg.




lørdag, februar 18, 2023

Dagbok 2023


 No er klokka 18.15, temperaturen ute er 0 grader C. Veret i dag har veksla mellom snøbyer og sol. Om det ikkje var så lange stunder med sol i stova, så var det no eit teikn på at vinteren er litt på retur.

I dag skulle vi feire  morsdag; Solveig, Margrete, Ingeborg og eg. Eg visste ikkje sikkert kva tid dei kom, så eg gjorde alt klart i god tid. Var ein tur ned på Kiwi og handla, og mens eg venta på "jentene" sette eg meg til å strikke og sjå TV.

Dei kom med fine morsdagsgåver, og ei god kake. Eg hadde no ei kake sjølv også.

Orkidéen fekk eg av Solveig, ho veit at eg er svak for orkidéar. Det har vore vanskeleg å få dei til å blomstre fleire gonger, men no trur eg at eg har løyst gåta. Eg må snakke med plantane, det fungerer fint, no har eg fleire orkidéar som blomstrar for andre gong - eller meir.

I timesvis jobba eg med sudokuen i går - utan å komme i mål. I dag tidleg tok eg innspurten nokså fort.

Eg har ikkje vore ute og trimma i dag, tvert imot har eg sett til livs uante mengder med kaker og kaloriar. Det får bli litt smalhans i morgon. Og i alle fall mosjon. Det kjem an på føreforholda i morgon, om snøen legg seg til eller smeltar.

Uansett så er det kjekt å få besøk, eller gå på besøk, som eg truleg skal i morgon.

                                         Så blei det vinter igjen

fredag, februar 17, 2023

Dagbok 2023: 17.februar





Klokka er no17.03 , temperaturen ute er + 3 grader og det regnar. Eg er litt småsint her eg sit- Eg er sint på meg sjølv, så det går ikkje ut over andre. Eg plar alltid løyse sudokuane i Møre-Nytt, men i det siste har eg hatt trøbbel med dei som kjem i fredagsavisa. No har eg site i timesvis og prøvd om att og om att utan å få den til. Eg kunne ha brukt tida betre ! Eg unnskyldar meg med at eg trimmar dei små grå.

Først på dagen var eg nokså flink. Eg vaska skikkeleg på bad og kjøkken, sette på ein klesvask etc. etc. I dag tok eg og køyrde "renseprogram" på oppvaskmaskina. Der har lagt litt "rusk" att i botnen kvar gong, og eg har tørka det opp med ein klut. Neste gong har det vore det samme. I dag tok eg det som var i maskina og vaska for hand, før eg sette i gang rensinga som tok over 3 timar . Maskina vart gullande rein, men det låg noko smuss i botnen i dag også, forstår ikkje kva det er , for det var ingen ting som kunne forklare dette. Men no veit eg i alle fall at maskina er rensa. og rein, får eg håpe.

Venninna mi heilt frå tidleg barndom, fyller 83 år i dag, og eg ringde og gratulerte henne. Då fortalde ho at både ho og mannen hadde hatt Covid og vore veldig sjuke, særleg han. Og dei hadde tatt alle vaksinane, akkurat som eg, men eg tek vanleg influensavaksine kvart år i tillegg. Eg har ikkje vore forkjøla ein gong, på mange år. Eg vart litt sår i halsen førre helg då eg gjekk på Vernet og var søkkande gjennomvåt, men eg har ikkje blitt forkjøla no heller trur eg.

I dag har eg ikkje vore lenger enn til garasjen , der eg har henta ved. Det er ikkje så mildt no lenger, men om vi hadde fått kulde no, så hadde vi hatt sol og fint ver, vil eg tru. Som eg har skrive så mange gonger før, kjem fredagane  mykje oftare no ek\nn den tida ein lengta og såg fram til"Week-end". 

No vil eg ønske at alle får ei god helg- fordi vi fortener det. Eg skal halde fram med å strikke lestar, eg feller av ein lest kvar dag. Men eg strikkar berre når eg ser TV.

torsdag, februar 16, 2023

Dagbok 2023: 16.februar


 Klokka er no17.08, temperaturen ute er ikkje meir enn +4 grader, men det er i alle fall +. No regnar det igjen, men det var opplett ei stund no på ettermiddagen. 

I dag vakna eg tidleg, men låg i ro til 7.15, då stod eg opp og gjorde meg klar til trening. Men eg fekk tid til å sjå serien min før vi for, det var episode nr. 256 , trur eg, og eg har sett alle. Men no var det slutt på 1. sesong, så det kjem an på om det kjem ein 2.sesong. Kven veit? Slutten var nærmast ein cliffhanger-så det skulle ikkje forundre meg om det kom meir.

På treninga gjekk det greitt, og vi fekk vite at vi har vinterferie neste veke. Men Spansken dett ikkje ut. 

Marit og eg handla på KIWI på heimvegen, det var ho som køyrde i dag , og vi hadde ei nokså lang pratestund i bilen før vi gjekk kvar til oss.

Eg åt rå grønsaker til middag. Etterpå drakk eg kaffi, strikka og såg TV. Eg har funne att serien som eg leita etter. Eg skulle sikkert ha gjort noko husarbeid i dag, men i morgon er det fredag og då står det husvask på timeplanen min.

Eg hadde ikkje tenkt å gå på Vernet i dag og bli våt til skinnet slik eg vart på søndag, men så letta det opp ei stund, og då tok eg ein tur. Det var ikkje mange der oppe i dag, eg såg berre ei mor med ein son og hund. Veret er slik at ein knapt tenkjer på at det er vinter, men det skymest tidleg likevel.Eg fyrte opp i omnen før eg gjekk ut, men no er det vel slokna- Eg fekk no kløyvt litt opptenningsved i går.




onsdag, februar 15, 2023

Dagbok 2023: 15.februar

Klokka er no16.12, og temperaturen ute er +11,5 grader C, heilt utruleg at det kan vere slik i februar, men vi får nyte det så lenge det varer. Vi kan enno få skikkeleg vintervêr .
 Eg var relativt tidleg oppe i dag, så eg fekk både sjå serien min og øvd på leksa før eg køyrde nedover. Eg stakk innom KIWI og kjøpte ein potteplante til Eli som har fødselsdag i dag. I dag fekk vi enda ein ny elev i gruppa vår, eg kjenner henne frå før, og ho har også vore borte i spansk før.

Eg køyrde beine vegen heim i dag, for eg ville gå tur på Vernet. Då eg gjekk utover gata kom Marit U springande etter og så gjekk vi i lag, dvs. ho gjekk ikkje heile runden, for ho hadde noko å gjere heime. Der var ikkje så mange i dag som i går, men der var no kjentfolk i dag også.

Då eg kom heim vart eg ståande å snakke ei stund med naboen, ho var ute og raka plen!

Eg laga ikkje middag i dag, åt resten av det eg hadde i går, og så var det kaffi og kjeks etterpå. 

Eg har felt av ein hæl,og meir har eg ikkje gjort i dag. Eg hadde tenkt å sjå vidare på ein serie som eg såg to episodar av i går, men eg fann den ikkje att. Og så hugsa eg ikkje namnet. Men det var om tre damer som vart enker fordi dei sprengde båten med mennene i lufta, og tok pengane deira. Det var no ikkje så pent gjort, men det var litt "morsomt". Kanskje nokon veit kva serien heiter, den var på NRK-ikkje på Netflix.

No kjem sola inn vinduet til meg før ho går ned, og eg får dårleg samvit for at eg ikkje har pussa vindua. I dag har eg tatt heilt fri, men no skal eg ta meg av nokre klede som heng til tørk.

I morgon er det trening igjen, men så har eg mange "fridagar"

tirsdag, februar 14, 2023

Dagbok 2023: 14.februat. Valentinsdag.


Klokka er no 15.53, temperaturen på trappa mi er +6 grader, og det er sol frå nesten skyfri himmel. Sola varmar godt opp i stova i dag. Det har vore ein aktiv dag, så langt. Eg vakna grytidleg, men greidde å ligge i ro til klokka var 7. Frå 10-11 var vi på trening, etterpå hadde vi ærend på ALTI og så handla vi mat på KIWI.

Då eg hadde fått på plass det eg hadde kjøpt, gjekk eg beine vegen opp på Vernet. Der var det folksomt i dag, eg trefte mellom anna to som eg går i lag med på SPANSK, og dei som eg kjende og prata med, hadde andre kjende som eg vart kjend med i dag. Eg er ikkje sikker, men eg trur dei visste kven eg var i alle fall. 

Det var veldig sosialt å gå tur i dag og eg drygde turen ut men å sitte på benkane og "sole" meg. Veret i dag minner om tida rundt påske i fjor, men då var her is på tunet her. No har vi altså sol heile dagen, og det er nesten for godt til  vere sant. Men det er ikkje godt å vite kor lenge det varer, så vi får nyte det.

Då eg kom heim, laga eg meg grønsakmiddag, og det er noko av det beste eg veit. Og så er det sunt.

I morgon er det spansk kl.11-13, og eg håper eg kan gå på Vernet då også, for å helse på folk og hundane deira. Eg trur mange går der forå vere sosiale. For oss som bur åleine, og vi er mange, er det veldig kjekt å komme i lag med "folk", heilt uforplikta.

                               For moro skuld tek eg bilde rett mot sola
No må eg legge meg opp eit nytt spøt, som eg kan jobbe med mens eg puggar spansk og/eller ser på TV. Det blir vel eit par lestar igjen?


 

mandag, februar 13, 2023

Dagbok 2023: 13.februar








 Klokka er no16.43, temperaturen ute er+ 6 grader , det er overskya, men opplett.

Litt kjedelig vêr, men betre enn iskaldt. Det har ikkje vore så mykje skikkeleg vinterver i år. No hadde eg gjerne sett at det vart klårver og sol. Men det er ikkje eg som bestemmer.

I dag hadde eg i alle fall ein ting på dagsplanen min, eg skulle støvsuge litt skikkeleg på stova og gangane. Fekk ikkje gjort det førre veka, for eg fekk ikkje til å opne og skifte pose. Einar hjelpte meg på laurdag, så i dag starta eg med tom pose, og sterkt sug. Eg brukar litt tid på støvsuging, for det røyner på ryggen  så eg må kvile innimellom. Då eg var ferdig kledde eg godt på meg og gjekk tur på Vernet, det regna ikkje, så eg kunne gå i ei skikkeleg boblejakke. Eg bestemte meg for å gå rangsøles i dag til ei forandring. Då eg var komen heil opp sette eg meg ned på ein benk. Då kom det ein som eg kjenner, og som eg har gått tur med før-han er gift med varaordførar Karen, som eg går i lag med på spansk. Så gjekk vi vidare i lag

Det er kjekt å møte folk som ein kjenner meir og mindre når ein går tur der oppe, for då møter ein kanskje folk som ein kjenner litt og som kanskje har litt nytt å berette. Då vi skulle gå kvar sin veg, kom der ei dame som han kjende og så snakka eg litt med henne også. Det er det som er så artig med Fonnvernet at der kan ein snakke med alle - anten ein kjenner dei eller ikkje. Det er nesten som når ein går tur i skog og fjell.

Vel heime, og tørr i dag, varma eg opp siste resten av middagsmaten frå laurdag, så det var svært lite som gjekk til spille. Eg er ikkje kresen, så eg et gladeleg same mat i dagesvis når eg lagar til for mykje. 

Eg bala litt med å få det til å brenne i omnen i dag. Eg har nesten berre store kubbar, så eg har tenkt at viss det blir ein fin tørr dag, skal eg ta fram vedkløyvaren og lage meg til litt opptenningsved. No brenn det godt og eg slappa av i godstolen ei stund, med ein kaffikopp.. Eg strikka meir enn ein halv lest i går kveld, så det blir ein å felle av i dag også. Men det første eg skal gjere no er å øve på spansken.

Eg har vaska opp i maskina i dag, og litt med hand. No har eg klede på vask i kjellaren, det er det som eg skal ha på trening i morgon- Eg synest det er så rart at det blir såpass mykje husarbeid når eg er berre ein. Ein gong var vi fem! Apropos så ringde Rasmus i går kveld og vi prata ei heil stund. Det hadde vore kjekt å hatt han litt nærmare, men han har det sikkert bra der han er no også.      

 


                       Her ser vi heile Starevegen frå Fonnvernet


søndag, februar 12, 2023

Dagbok 2023: 12. februar. Morsdag


 Klokka er no 17.50, termometeret på trappa viser + 7 grader C, på PC-en står det + 9. Og i dag har det regna  alvorleg mykje. Eg bestemte meg tidleg i dag at eg skulle gå tur på Vernet, men eg vart litt forsinka sidan eg skulle felle av ein lest først. Fekk litt trøbbel med fellinga, så det tok lengre tid enn planlagt. Det regna ute, men eg var optimist og tok på meg den gamle boblejakka med hette på. Det var så lett å gå i dag at det vart ei lyst, etter kvart forstod eg at det var fordi eg ikkje gjekk  med piggsko. Der var litt is i dag også oppe på Vernet, men det gjekk and å gå utanom isen så det gjekk bra.

Det var ikkje mange som var på Vernet i dag, og det var lett å forstå. Då eg kom heim vart eg klar over kor mykje det hadde regna, for eg måtte skifte alt eg hadde på meg fordi eg var våt til skinnet. Så våt er det lenge sidan eg har vore.

Men når ein kjem heim til seg sjølv og kan kle seg om, gjer det ingen ting. Etter kvart fekk eg eld i omnen og her vart varmt og godt. Middagsmat hadde eg att frå i går. Marit ville komme ned i 15.30 -tida og det gjorde ho, så no har eg fått høyre om turen til Nordfjord. Menyen var is+ krumkaker, som vanleg.

Eg er no ferdig med to par lestar til Margrete,  eg trur der kan vere garn til eitt par til, men først må eg strikke ein make til ein lest eg har liggande fordi eg  mangla garn. No fekk eg garn frå Solveig i går, så då har eg noko å henge fingrane i i kveld. Innimellom må eg øve litt på spansk-leksa, så eg har boka innan rekkevidde. Eg er sjokkert over kor dårleg eg er blitt til å lære utanboks, eg som lærte så fort før. Men slik er det berre.


Eg er fullt klar over at det er morsdag i dag, men døtrene mine og eg skal "feire" neste helg, for det passa ikkje for alle i dag. Så har vi noko å sjå fram til.


lørdag, februar 11, 2023

Dagbok 2023: 11.februar


Klokka er no 17.20. Temperaturen ute er  +5  grader C, og nesten all snøen som var her i går er borte, men no står det på skjermen min at det skal bli "temperaturfall", det tyder kanskje at det som er regn no, skal gå over i snø.

Det har vore veldig skiftande ver denne vinteren. Det var dei finaste dagane då det var snø og kaldt- men SOL om dagen.

Denne dagen har gått veldig fort. Eg stod opp i bra skikkeleg tid i dag, og etter frokosten greidde eg å fullføre sudokuen, som eg måtte legge vekk i går kveld. Så no kan eg framleis seie at eg har løyst alle sudokuane i Møre-Nytt.

Eg fekk melding frå Einar i går om at han ville ta seg ein tur innover i dag, så då ville eg lage middag til oss to, som så mange gonger før. Eg likar å lage mat når det er fleire enn eg sjølv som skal ete den. Eg kom på at eg hadde ein pakke med svinekotelettar nede i frysaren, dei hadde lagt der lenge nok. Men i fall dei ikkje var så gode, så tok eg opp kjøttkaker også. Eg skrella poteter og laga saus etc. før eg tok ein tur på butikken og handla det eg mangla. Eg treng vel ikkje å seie at eg har mat eit par dagar fram i tid.

Einar kom som avtalt, og med ein stor plastpose med garn frå Solveig. Ho kjøper garn på nettet og det er mykje billegare enn det eg kjøper på butikkane. Eg veit ikkje kva ho har tenkt, men eg trur ho vil at eg skal strikke meir lestar. Eg brukar å seie at lestane kjem til å vare lenger enn eg sjølv. Men då er det  godt for meg at dei slepp å fryse, men kan sende varme tankar til ei gammal bestemor. No held eg enno på med det andre paret som eg strikkar av garn som Margrete kom med førre laurdagen.

Denne helga skulle vi eigentleg ha feira morsdag, men det kom noko i vegen, så det vart utsett ei veke, då kan vi få med oss Ingeborg også, for ho kjem ein tur heim.

Eg fekk Einar til å hjelpe meg med å skifte pose i støvsugaren, det gjekk ikkje an å støvsuge med breddfull pose, men i morgon eller på mandag kan eg trå til. Der eg sit og strikkar, ser eg at der ligg små ulldottar på teppet. 

Marit er komen heim att frå ferietur til Nordfjord, så no passar ho katten sjølv. Even har vore her med nye 5 sekker ved, og eg har vippsa pengar til han. Eg varskuar når eg begynne på nest siste sekken , så kjem han med meir , ber det inn i garasjen, så der kan eg hente det. Eg slepp å ha stort lager-for då måtte eg ha hatt det i tilbygget. No skal eg snart sette på TV-en, for ein gongs skuld har eg ikkje høyrt nyheiter i dag.


 

fredag, februar 10, 2023

Dagbok 2023: 11. februar


 Klokka er no 15.45, temperaturen ute er +2 grader C -  og vi har fått ny forsyning av tung, våt snø-

Ein eller annan av naboane har frest unna snø på tunet, eg går i støvlar når eg går ut i garasjen,  trur snøen smeltar av seg sjølv snart. Håper det. 

Sidan det er fredag i dag, har eg tatt "fredagsvasken"- som ikkje er særleg imponerande. Elles driv eg og vaskar diverse i vaskemaskina. Har nettopp hengt opp vanlege klede som eg tørkar på stativ i vaskekjellaren. Så må eg  vaske puter og teppe etc. som eg tok inn frå altanen i går.

Eg har fyrt opp i omnen og så åt eg litt middag. I fredagsavisa (Møre-Nytt) er der vanskelegare sudokuar enn i tysdagsavisa, men eg har greidd alle til denne tid. For 14 dagar sidan, var eg nær ved å gi opp, men kom i mål til slutt. I dag balar eg -men har ikkje gitt opp enno............... Mykje unyttig kan ein bruke tida på, men litt utfordring  må ein ha.

Det kjem ikkje til å skje så mykje meir i dag,så eg vil no berre ønske alle ei god helg.


                     Eg kjem ikkje til å gå tur i dag heller- Trur eg.

torsdag, februar 09, 2023

Dagbok 2023: 9.februar


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er+1 grad og det snøar, tung , våt snø. Denne vinteren kan vi i alle fall ikkje klage på lite variasjon i vêret. I går kveld bles det så kraftig at eg tok alt som stod på altanen utanfor vindua og flytta det ut på det ytste altanen ,der tok ikkje vinden så hardt. Men vinden stilna av og før eg hadde lagt meg, var det stilt- Det hadde kome litt kvitt på tunet i går kveld og i dag var der meir. Men eg skulle ikkje ut med bilen i dag, så eg brydde meg ikkje. No på ettermiddagen kom eg på å ta tilbake dei tinga eg hadde flytta i går. Putekassen var full av pledd og puter etc. og alt var gjennomvått, så no heng det på tørk i vaskekjellaren. Det er inga katastrofe.

I dag hadde eg heimedag, hadde ikkje noko å fare ut etter-ingen vits i å gå på Vernet eller på tur rundt omkring. Så eg prøvde å få gjort noko inne. Eg held enno på med å rydde skap og skuffer, litt kvar dag. I dag kom eg frampå ei skuffe med løperar og slike ting; vart glad då eg fann nokre løperar som eg hadde sakna, måtte stryke eit par stykke som eg la på-inne i stova. Eg blir heilt fortvila når eg ser kor mykje eg har som aldri er i bruk, men for godt til å kaste. Vi som bur her har meir enn vi treng-mens andre i verda manglar det meste, det er ei skeiv fordeling.

I går kveld då klokka hadde passert 20, fekk eg plutseleg lyst på middag. Eg kom på at eg hadde "Hverdags-kjøttdeig"  i kjøleskapet. Så eg laga kjøttkaker i brun saus (frå pose) i ein viss fart, kokte poteter og fann fram grønsaker. Klokka 21 åt eg middag og det var ikkje så verst. Kjøttkakene var laga av lammekjøttdeig, og det var ikkje heilt topp-det smaka vel mykje sau. Det verste var at det vart så mykje at eg måtte ete det i dag også-og enno er det ei kjøttkake igjen. Eg er litt fortvila over denne appetitten min, eg trudde det at når eg vart gammal så ville eg ikkje vere SÅ glad i mat- men det er eg. Og når eg går her mykje åleine blir det fristande å finne seg noko godt. Ser fram til ei tid då eg skal vere ute i hagen og jobbe, då gløymer eg vel maten ?

I dag før middag fann eg fram ei gulrotkake frå frysaren som eg hadde "glasur" på. Desse kakene er så greie med  det at ein kan fryse og ta dei opp att fleire gonger, for det er ikkje ofte vi er så mange på ein gong.

I går kjøpte eg nye strikkepinnar i bambus, så no har eg strikka hælen på den første av lestane, Det går litt seinare og tregare med desse pinnane, men så slepp eg at maskene glir av. Eg har no strikka litt i dag også, men eg har hatt så mange småjobbar at det har ikkje blitt så mykje spøt. Marit blir vekke eit par dagar, så eg skal sjå litt etter LOLLO, katten. Ho brukar å komme ned til meg når Marit er vekke.

Eg har alt begynt på spanskleksa til onsdag, eg som hadde så lett for å lære utanboks før, eg strevar med den enklaste ting no. Men eg håper at det stimulerer hjernen min. I kveld får eg Møre-Nytt på nett i 22-tida,, då hentar eg ut sudokuen og prøver å løyse den før eg legg meg. Det er ikkje alltid like lett, men som regel går den i boks.

Fredag er det veldig ofte og no er vi komne dit igjen snart. Eg synest vekene går frykteleg fort.


                                            Slik er det ute no


Bok nr.3 - 2023: Alle fugler små


 
Denne boka er på 320 sider, og eg har lese heile boka på senga, nokre få sider kvar kveld, så det har tatt si tid. Eg las mykje meir før, men no er det så mykje å sjå på TV at eg vel TV+ strikketøy framfor bøker. Boka er ein slags krimroman og på slutten minner den veldig om film. Eg vil ikkje seie så mykje om boka, men den var lett å lese - Men eg har eit lite merke på kor bra språket er. Denne forfattaren "ryggar bakover"-det seier litt om språket. Forresten er handlinga lagt til Trondheim.

onsdag, februar 08, 2023

Dagbok 2023: 8.februar



Frålandsvind i dag

Er det nokon som ser Yarisen min?


Klokka er no16.52, temperaturen er +9 grader og det er nokså sterk vind. Vind har vi sjeldan her i Ørsta, men av og til kjem det ein skikkeleg storm, då er det best at ein ikkje har lause ting på altanen, som vinden kan få tak i. Eg må ha meg ein tur ut og sjekke kor det står til. Det eg er refor et at ting kan blåse opp og treffe vindua. Eg ser på nokre kjempehøge lerketre nede ved Olavsgata som lett kan bli tatt av vinden. Det hadde ikkje vore meg imot, men eg vil ikkje at noko anna skulle bli skada, slik det ofte blir når trea fell ukontrollert.
Denne dagen har gått mykje opp i tull. Når ein skal vere på spanskkyurs kl.11  blir det ikkje gjort noko særleg før den tid- Kurset slutta klokka 13, men etterpå var eg ein tur til Vik. Var på strikkebutikken og kjøpte nye strikkepinnar i tre, og så stakk eg innom ALTI og sjekka om Clas har utelampar , og det har han. Men eg vil gjerne ha med meg einkvan viss eg skal kjøpe.

PÅ heimvegen fann eg ut at i dag kunne eg gå på gravplassen og sjekke korleis der ser ut, og eg vart positivt overraska, der såg bra ut, men det spørs no kor mykje vinden får herje.

Men det var ein vakker morgon.




 

tirsdag, februar 07, 2023

Dagbok 2023: 7.februar

 



Klokka er no16.00, temperaturen ute er+ 4 grader C, det har vore overskya og regn i dag. No er det som ein vårdag ute, med grøne plenar etc. Men det er vel for tidleg til å tru på våren enno. Eg er glad for kvar dag eg slepp å moke snø, i fjor moka eg mykje, men eg trur ikkje ryggen min hadde greidd det i år. 

Eg hugsar februar månad for 33 år sidan, då var det full vår. Av ein eller annan grunn var Nils og eg på biltur til Selje m.a. og der var det ein hage som var full av snøklokker. Eg hugsar det fordi vi fekk vårt andre barnebarn nokre dagar etterpå.

I dag køyrde vi til treninga, Marit og eg. Det silregna, så det var ikke så kjekt. Vi tok ein tur på ALTI etterpå og kjøpte litt av kvart.

I dag hadde eg ikkje planar om trim-tur, for eg tenkte eg måtte jobbe litt med spansk-leksa og det har eg gjort no.. Tok meg litt mat først. Leksa var ikkje så vanskeleg som eg trudde, og det grøvste hadde eg gjort frå meg i går. Eg brukar PC-en til å skrive på, då blir det ryddigare enn når eg skriv med hand. Eg er ikkje nøydd til å lære spansk, eg klarer meg godt utan, men eg synest eg må trimme hjenecellene litt. Eg har lyst å gå tur, men har ymse anna som er ugjort, som eg må få unna. Ev vaska mykje klede i går, og noko må strykast t.d.

Eg har strikka ferdig første lesteparet av ganet som Margrete kom med, men eg plundra mykje for å få det til. No skal eg snart begynne på par nr. to og no veit eg meir om korleis eg må gjere det, Garnet er på samme tid tynt og loddent, nesten slik som genseren Solveig strikka til meg ifjor. Eg hadde tenkt å kjøpe nye pinnar i deg, men det var så vått nede i Vik at eg orka ikkje å gå opp i gata på strikkebutikken.

Eg tok nokre bilde, men eg fekk ikkje til å legge dei inn på datamaskina i dag. Alle andre dagar har det gått heilt fint, så eg får prøve igjen.



Då eg såg gjennom avisa for andre gong i dag, fann eg bilde av Erlend Harry Trovåg Bjørneset. Harry-namnet har han tatt på eige initiativ- Han er vel det vi får kalle "kunstneren" i familien. Kva kunsten heiter, veit eg ikkje, men han lagar musikk og musikk-videoar m.m.



mandag, februar 06, 2023

Dagbok 2023: 6.februar: Samefolkets dag


 Klokka er no15.54, kanskje littfor tidleg å oppsummere dagen, men det går an å henge på noko viss det skjer noko av interesse. Det har vore overskya i dag og temperaturen ute er +8 grader C. På skjermen står det at det skal regne i morgon, og eg tviler ikkje. Men det var så godt at mildveret kom og smelta is og snø på trappa mi -for eksempel.

I dag stod eg opp til vanleg tid, og etter frokosten sat eg og strikka og såg serien min-som vanleg. Eg hadde litt planer for dagen i dag, og det første eg gjorde var å sette på ein klesvask som ikkje skulle i trommelen. Då eg hadde fått den første vasken til tørk, sette eg på ein stor kvitvask-og så gjekk eg tur på Vernet. Der var mindre snø enn i går, men ikkje bert enno. Eg trefte folk eg kjende og prata med i dag, det er kjekt, for eg er nokså mykje åleine og pratar berre med meg sjølv. Men det er også heilt OK-eg har no på ein måte valt det sjølv-

Då eg kom heim hadde eg planen klar, i dag skulle eg koke plommesylte igjen. Eg har enno att av plommene som eg hausta for snart to år sidan. Rundt juletider fann eg ut at eg hadde ei stor aluminiums-panne i kjelleren, samme sort som eg har brukt å koke sylte i, berre at den er mindre. No tok eg den store panna og hadde oppi 4kilo++med plommer og kokte sylte. Eg hadde tenkt å koke meir, men så hadde eg ikkje fleire store glas for hand, så det blei utsett. Eg har mykje plommer att enno, men eg et nesten berre plommesylte på skivene, så det går unna. Det er no ikkje heilt fritt for at eg maular litt innimellom også. Det er forholdsvis lite sukker i sylta mi, i dag var det bortimot 5kilo plommer og mindre enn1 kilo sukker. Plommene er søte i seg sjølv.

Stor-klevasken kosar seg i trommelen no, eg har jobba litt med spansken innimellom alt anna eg har styrt med. Eg har slått av varmepumpa, sidan eg brukte så mykje straum andre stader, men så har eg ikkje vore på stova heller. No har eg henta inn ved og skal kveike i omnen, så kan eg strikke og sjå TV til kleda i trommelen er tørre og skal leggast i hop. I deg er eg nøgd med min eigen innsats, eg har vore lat lenge nok-. I morgon er det trening, så då blir det ikkje gjort så mykje heime. Men vi brukar ofte å gå på butikk før vi fer heim, så v slår to fluger i ein smekk. Merkeleg , men vi treng nesten støtt noko frå butikken.


Dagbok 2024: 20.februar

                                  Vegen frå meg til Marit er framleis isa og glatt Klokka er no 18.23, temperaturen ute er +6 grader og det ...