torsdag, februar 09, 2023

Dagbok 2023: 9.februar


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er+1 grad og det snøar, tung , våt snø. Denne vinteren kan vi i alle fall ikkje klage på lite variasjon i vêret. I går kveld bles det så kraftig at eg tok alt som stod på altanen utanfor vindua og flytta det ut på det ytste altanen ,der tok ikkje vinden så hardt. Men vinden stilna av og før eg hadde lagt meg, var det stilt- Det hadde kome litt kvitt på tunet i går kveld og i dag var der meir. Men eg skulle ikkje ut med bilen i dag, så eg brydde meg ikkje. No på ettermiddagen kom eg på å ta tilbake dei tinga eg hadde flytta i går. Putekassen var full av pledd og puter etc. og alt var gjennomvått, så no heng det på tørk i vaskekjellaren. Det er inga katastrofe.

I dag hadde eg heimedag, hadde ikkje noko å fare ut etter-ingen vits i å gå på Vernet eller på tur rundt omkring. Så eg prøvde å få gjort noko inne. Eg held enno på med å rydde skap og skuffer, litt kvar dag. I dag kom eg frampå ei skuffe med løperar og slike ting; vart glad då eg fann nokre løperar som eg hadde sakna, måtte stryke eit par stykke som eg la på-inne i stova. Eg blir heilt fortvila når eg ser kor mykje eg har som aldri er i bruk, men for godt til å kaste. Vi som bur her har meir enn vi treng-mens andre i verda manglar det meste, det er ei skeiv fordeling.

I går kveld då klokka hadde passert 20, fekk eg plutseleg lyst på middag. Eg kom på at eg hadde "Hverdags-kjøttdeig"  i kjøleskapet. Så eg laga kjøttkaker i brun saus (frå pose) i ein viss fart, kokte poteter og fann fram grønsaker. Klokka 21 åt eg middag og det var ikkje så verst. Kjøttkakene var laga av lammekjøttdeig, og det var ikkje heilt topp-det smaka vel mykje sau. Det verste var at det vart så mykje at eg måtte ete det i dag også-og enno er det ei kjøttkake igjen. Eg er litt fortvila over denne appetitten min, eg trudde det at når eg vart gammal så ville eg ikkje vere SÅ glad i mat- men det er eg. Og når eg går her mykje åleine blir det fristande å finne seg noko godt. Ser fram til ei tid då eg skal vere ute i hagen og jobbe, då gløymer eg vel maten ?

I dag før middag fann eg fram ei gulrotkake frå frysaren som eg hadde "glasur" på. Desse kakene er så greie med  det at ein kan fryse og ta dei opp att fleire gonger, for det er ikkje ofte vi er så mange på ein gong.

I går kjøpte eg nye strikkepinnar i bambus, så no har eg strikka hælen på den første av lestane, Det går litt seinare og tregare med desse pinnane, men så slepp eg at maskene glir av. Eg har no strikka litt i dag også, men eg har hatt så mange småjobbar at det har ikkje blitt så mykje spøt. Marit blir vekke eit par dagar, så eg skal sjå litt etter LOLLO, katten. Ho brukar å komme ned til meg når Marit er vekke.

Eg har alt begynt på spanskleksa til onsdag, eg som hadde så lett for å lære utanboks før, eg strevar med den enklaste ting no. Men eg håper at det stimulerer hjernen min. I kveld får eg Møre-Nytt på nett i 22-tida,, då hentar eg ut sudokuen og prøver å løyse den før eg legg meg. Det er ikkje alltid like lett, men som regel går den i boks.

Fredag er det veldig ofte og no er vi komne dit igjen snart. Eg synest vekene går frykteleg fort.


                                            Slik er det ute no


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...