torsdag, juni 30, 2022

Dagbok 2022: 30.juni


                                                     Skjærsminen blomstrar no

Klokka er no 18.22, temperaturen ute er +24 grader, det har vore sol og varmt i heile dag. Eg var oppe før klokka var 7 , og då får eg sol på kjøkkenet og på tunet. Marit køyrde til treninga i dag, og etter treninga var vi ein tur på ALTI før vi handla på Spar.

Eg hadde så smått tenkt meg ein tur på plantasjen i dag, men fann ut at eg kunne ta det litt med ro, så kanskje blei eg litt betre i foten.

Eg sat ei stund på benken oppe hos Marit. Ho passa hunden (Janne er på Island).

Eg åt eit par brødskiver til lunsj -og  syntest at eg måtte gjere noko nyttig. Så eg gjekk ut og spyla bilen min og fekk bort måse-skiten. Og så vatna eg heile hagen med slangen. Det er ikkje så travelt, for eg sit på ein stol og held i slangen. Så gjekk eg inn og sat  ei stund med lydbok, før eg såg TV. I går kveld var TV-en heilt tullete, så i dag tok eg ut kontakta ei stund, og då eg sette den inn igjen, var alt i orden.

Måtte ha meg ein tur ut og sjå på hagen, kva som blomstra etc. Eg fann litt arbeid også, så det vart no litt gjort i dag også. Eg kan ikkje forstå st det er fredag i morgon, for det har no nettopp vore helg. Og tenk at vi har lagt heile juni månad bak oss, Denne sommarstida går så altfor fort.

Slike nellikar hadde eg i kjøkkenkassane i fjor. Dei overlevde vinteren og no har eg planta dei nede ved muren.
Dei gule liljene er ein villig sort, men i år vart dei litt for voldsomme, så dei gjekk ut i spagat.

Eg fekk ikkje så fine bilde i dag, så eg får ta det att. Nytt av året er det at klatrerosa attmed kjellardøra blomstrar.

Med dei andre rosene er det både og, nokre kjem fint att-andre er eg meir skeptisk til, den første New Dawn-rosa er komen, og det litt spesielle rosetreet eg kjøpte i fjor ser fint ut. Jordbæråkeren ser ikkje ut i det heile tatt, men eg trur der blir mykje bær. No skal eg snart lage med eitkvart som liknar på middag, får sjå kva eg finn.

Det er framleis nydeleg ver ute, men det skal visst komme regn.


onsdag, juni 29, 2022

Dagbok 2022: 29.juni


Det var vanskeleg å få eit skikkeleg bilde på grava i dag, men her ser de blomsten eg planta

Klokka er no 18.07, temperaturen ute er + 23 grader C , men det var varmare tidlegare på dag. No vart det vind, noko som er sjelden her.

Eg hadde ein aktiv føremiddag, men så vart det heilt stopp, mykje på grunn av den vonde foten etc.

Det første eg gjorde etter at eg hadde ete frokost og sett serien min, var å køyre ned på Shell og fylle bensin på bilen og på ein av kannene som eg brukar til klipparen. Eg likar ikkje å fylle bensein for eg er redd for å søle,men det går alltid bra.

Så fylte eg bilen opp med 6 sekker med hageavfall, mest gras, og køyrde bort på VØR og tømte dei der. Eg kan ikkje vente for lenge med å tømme, for då blir det berre griseri.

Marit og eg hadde tenkt oss på gravplassen og plante i dag,  men først måtte vi bort til gartnaren frå Urke som held til i det som før var Gartnerhallen. Eg hadde tenkt på ein raud begonia og det hadde han, men både Marit og eg syntest dei var for store, så vi tok ein annan sort. Men eg fekk kjøpt ein rosa granium, samme soert som eg hadde i fjor, den skal eg plante i den store grå potta, men eg må ha meir jord. Jord finn eg sikkert i kompostane mine, men eg fekk ikkje gjort noko idag. 




Grunnen til at eg miste litt av energien, var den vonde foten. Eg åt litt midt på dagen , men har ikkje hatt middag enno. Eg la meg ut på solsenga og slappa av ei god stund og så har eg sete og høyrt lydbok. Det er lenge sidan eg har blitt så oppslukt av ei bok som det eg er no. No skal eg gå ut og ta nokre bilde, og så er det snart Dagsnytt

I morgon reiser Solveig og Øystein på ein liten ferietur, eg trur dei kan trenge å slappe av litt no. Rasmus og fam. er framleis i Egypt, men dei har lova å komme hit i midten av juli.

I morgon er det siste dagen i juni og siste treningsdagen før ferien. Så i morgon får også ein pensjonist ferie. Og takk for det.

 

Eg likar å sjå utover heile godset mitt, særleg når det er nyklipt

tirsdag, juni 28, 2022

Dagbok 2022: 28. juni

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 20 grader. 

 Det er overskya, men opplett.

I dag var det trening, det gjekk bra til tross for at foten ikkje var heilt god.  Vi er tre nordfjordingar på gruppa, ei frå Stårheim og ei frå Olden, og så eg. Brita er frå Olden, og i dag fortalde ho at ho hadde hatt besøk av bror sin, og då hadde ho servert kryddersild, slik som eg likar så godt. Broren hennar likte den godt at han for på butikken og kjøpte 6 pakkar med seg heim til Olden- så det er ikkje berre eg.....

Eg handla på heimvegen, og i dag vart det grønsaksalat med fetaost til middag. Det må eg ha ein gong i veka. Eg skulle sjå serien min , men eg var så trøtt at ev sovna fleire gonger. Eg er framleis trøtt og sovna litt då eg skulle sjå nyheiter kl.17også.

Men eg har ikkje eigentleg lagt på latsida, eg har klipt heile skråninga og det var nokså tungt og vått. Eg måtte klippe litt for hand også, og så flytta eg på granstammane såpass eg fekk klipt der også. Men no skal eg ikkje klippe meir plen denne veka. Eg har vaska ei maskin med klede og hengt ut, men det er no ikkje så mykje arbeid. I morgon kan det hende eg køyrer på VØR og tømmer sekkane mine. Og så må eg kjøpe bensin både til bilen og klipparen. Det får ikkje hjelpe at den er dyr-bensinen altså.

Eg må studere diverse tørketromlar på nettet før eg kan handle. I dag var eg bortom gravplassen og sjekka. Der trengst det nye blomster. No skal eg ha raude begoniar, det er det som andre anbefaler, for dei toler godt regn.

No er eg ikkje så opptatt med arbeid at eg ikkje tek imot besøk. Det meste kan settast på vent -så eg ser gjerne at døtre og barnebarn etc. ser innom ein tur. Viss de seier i frå på førehand, kan eg lage sveler t.d. Eg har ingrediensane.

No skal eg ut og sjå om eg finn noko å ta bilde av. Nedanfor garasjen er der to potteroser som eg har planta ut. Ei gul som eg fekk av Einar då er vart  81, den er stor og har mange knuppar, men eg veit ikkje om den kjem til å blomstre så mykje. Den andre er ei som eg planta på grava og tok heim etterpå, den er mindre men ser friskare ut. Storkenebb-plantane står veldig fine no, og peonane er snart klar for å sprette ut.Eg skal snart på Plantasjen også.


Denne rosebuska kjøpte er 22.juli i fjor, det er den friskaste rosa i år.






                                  Rosa Mayesii er delvis avblomstra

mandag, juni 27, 2022

Dagbok 2022: 27.juni

 

Klokka er no 19.23, temperaturen ute er + 19  grader C. På føremiddagen og langt utover dagen låg her skodde, men no er den vekk.

I dag var eg nokså elendig i venstrefoten/hofta då eg stod opp. Slik er det når eg sit og latar meg i to dagar. Ergo veit eg kva som må til. I dag har eg shina i kjellaren, ikkje så veldig fint, men slik at gutane til Rasmus kan få ligge på rommet sitt når dei kjem, og så tok eg vaskekjellaren. Eg vaska ikkje tak og vegger , berre golvet, og til slutt spylte eg med slangen. (Eg tok ut dei elektriske kontaktane for sikkerheits skuld) Eg tenkte at tørketrommelen var så lett at eg skulle klare å få den ut sjølv og det gjorde eg. No står den ovafor huset, der Bing-mannen forlangar at ein skal sette ting. No kan det hende at eg får hjelp av andre, så eg slepp å betale i dyre dommer for å få ein trommel frå Furene og hit.


Då eg var ferdig i kjellaren støvsuga eg stova og gangane  og så laga eg meg litt mat som eg kalla middag. Så skulle eg slappe av litt med lydbok, og då leita eg fram ei bok som Margrete anbefalte "En tid for å leve" av Jan Kjærstad. Eg blei hekta med ein gong og vart sittande å legge kabal på PC-en med bok på øyrene. Det er ein god måte for meg, så greier eg å halde fokus på boka..  

Men eg tenkte at eg måtte få gjort litt meir i dag, så eg gjekk ut og klipte plenen rundt huset og oppe mot gata. Då kom Gudmund heim , så han fiksa kantklipparen min. Den var ikkje tom for sen, den var berre slitna. Skråninga skal eg klippe i morgon eller ein annan dag.

Eg skal ikkje vere med Mari t å sjukehuset i morgon. Når eg ikkje ville køyre, så var det ikkje noko hjelp i ha ha meg med. Då kan eg fare på trening, og så må eg lage ei nokså lang handleliste og fare på KIWI.Eg forstår ikkje kvar all maten eg kjøper blir av. (Men eg har eit bra lager)

No må eg snart bort på VØR med hageavfall igjen, men eg kan no vente til eg er ferdig å klippe.. Eg må ha vekk graset også for eg kan ikkje ha for mykje  kompost.

Bo er Dagsrevyen sikker slutt, men eg finn den att på NRK TV, så det er ikkje noko problem


Apropos problem, så er venstrefoten nesten heilt bra no.


søndag, juni 26, 2022

Dagbok - 2022- 26.juni

 



Klokka er no 19.22, teperaturen er no + 24 grader C, tidlegare i deg var det + 28 grader. Det er nokså skya no, men tidlegare i dag var det sol. 

Denne dagen har gått fort, utan at det har hendt så mykje. Eg var ikkje oppe i gryotta i dag, men låg og slappa av litt før eg steig fram. Etter frokosten vart eg sittande å sjå litt nyheiter og så såg eg sørgegudstenesta frå Oslo domkyrkje.

Eg var ute ei stund og reinska litt ugras frå garasjebeddet og frå beddet nedanfor garasjen. Der var det veldig tørt, men eg har ikkje vatna i dag, for eg trudde det kom ei byge, slik som i går.

Ein av grunnane til at eg har vore så lite i aktivitet i dag er at eg har vore dårleg i venstrefoten. Eg sat mykje i ro i går, og i dag, det beste for foten er å vere i bevegelse, men då må ein vere villig til å ha det vondt ei stund først. 

Då klokka nærma seg 15 gjekk eg inn og laga meg ein fabelaktig middag; kryddersild, poteter, kålstuing m.m. Etterpå la eg meg ut på altanen med lydbok. Eg meiner at eg sovna litt, men då eg sjekka lydboka hadde eg fått med det aller meste. Då eg kom inn att las eg ferdig boka.

Even har jobba litt på taket i dag også, han må nytte høvet så lenge det er opplett.

For morgondagen har eg ikkje lagt planer, men det er no ei veke sidan eg klipte plen, så vi får sjå kva det blir til. Må vel snart ein tur bort på VØR igjen.

No har det vore Dagsnytt som eg får ta å sjå i etterkant, det er no ikkje problem.



lørdag, juni 25, 2022

Dagbok- 2022: 25.juni


 Klokka er no 19.48, temperaturen ute er + 22 grader Cog det har vore ein fin og varm dag.

Eg kom nettopp att frå Hareid, der eg har vore mesteparten av dagen. Øystein fylte 60 år den 22.juni, men feiringa var i dag. 

Eg stod opp til vanleg tid, og laga  dessert som eg hadde med meg til festen, i tillegg til ei ostekake. Det var mitt bidrag.

Margrete kom innom og plukka meg opp på veg utover. Broren til Øystein kom med kone, døtrer og to barnebarn. Systra var der med mann, dotter, svigerson og eitt barnebarn. Så vi var bortimot fulltallige. Alle fire barna til Solveig og Øystein var der, Olaug med sambuar, Håkon med einaste barnebarnet til Solveig og Øysten, Amund.

Det var berre eg frå min generasjon.Eg er den einaste som er att.

Før var vi relativt ofte i lag med slekta til Øystein. Det var barnedåpar, konfirmasjonar m.m. No var det lenge sidan sist, og det var veldig kjekt å treffe alle igjen.

Det var dekt på kjøkkenbordet og eit langbord i stova. Det var ståande buffet men mykje god mat, det var ikkje råd å smake på alt. Desserten var karamellpudding som Solveig hadde laga , pluss det som eg hadde med.

Det var så fint vêr og varmt at vi kunne sitte ute. Dei har kjøpt nokre lettvinte bord som dei kan slå opp og ned. Uteplassen deira er heilt skjerma av hekk og store tre, så det er nesten som eit rom. Etter ei stund fekk vi kaffi og kaker som vi åt ute. Tre små gutar og ei litt større jente hadde god tumleplass. 

Akkurat på den tida vi begynte å tenke på heimvegen kom dei første regndropane.

Då vi kom tilbake til Ørsta skein sola her, men det var vått på vegane.

Takk til Solveig og Øystein for ein fin og koseleg dag.

Og takk til Margrete for transporten.


Øystein har laga til ei lita hes, og hesja gras oppi den. Margrete poserer på kommando.


fredag, juni 24, 2022

Bok nr.16 - 2022: Mødre og døtre.


 

Om Mødre og døtre

Nominert til Ungdommens kritikerpris 2020 Dette er en historie om sorg. Og om kronglete kjærlighet. Og om psykisk helse. Og om det mørkeste mørke, og det lyseste lys. Og om å være pårørende. Og om et av de 593 selvmordene i Norge i 2017. Og om å være mødre og døtre. Men det er også en historie om latter.


"Aakres styrke ligger blant annet i et vidunderlig mykt poetisk språk. (...) Det er en vanskelig å fortelle åpent om sykdommen og døden til en av dine nærmeste, uten å utlevere dem. Det er kanskje her hun imponerer mest. Hun framstår ærlig, men også svært varsom. (...) Varmt og nydelig morsportrett, og en ramsalt kritikk av psykisk helsevern." "Lysende familieportrett og indignert anklageskrift. Tiril Broch Aakres bok om morens selvmord hviler på etisk og litterær finfølelse. (...) Hos en mindre begavet forfatter kunne resultatet lett blitt sprikende, men i Mødre og døtre klarer Tiril Broch Aakre å løfte den individuelle familiehistorien opp til et allment nivå av stor samfunnsmessig interesse." "Tiril Broch Aakre viser hvordan litteraturen er en form som kan favne det uberørbare: en mors selvmord. (...) Jeg ville ikke anmeldt Broch Aakres roman om jeg ikke kunne si at jeg berøres av den og tror på den, underforstått: den er god, forfatteren har funnet de passende ordene." "Personlig og engasjerende, men aldri intimt og utleverende, skildrer Broch Aakre morens sykdom. Samtidig møter vi velferdsapparatets likegyldige kjølighet overfor enkeltmenneskets skjebne - gripende og aktuelt." "En personlig beretning om det å miste en mor til selvmord, som samtidig peker utover seg selv. (...) I spennet mellom den ambivalente sorgen og den standhaftige frustrasjonen får boka en energi som gjør at den stråler."


................................................................................................................................

Eg har lese denne boka på Storytel, og det var heilt greitt. Boka var ikkje slik som eg forventa, og eg er heller ikkje så opptatt av psylkisk helse. Men det er vel nokså innlysande at det er ei bok som ungdommar likar. Boka er kort og det likar eg -  særleg når eg les lydbøker. Opplesaren er bra!

Dagbok 2022: 24.juni


Klokka er no18.49, temperaturen ute er framleis + 27 grader og sola skin. Det vart litt overraskande at veret vart så fint i dag.

Men eg hadde ein arbeidsplan som eg følgde likevel. Først laga eg ei kake, så tok eg fredagsvasken, og så tok er ein tur ned på Jernia og kjøpte ein kantklippar- om lag samme sort som vi hadde før i tida -og sleit ut. Eg handla med Senior på butikken, og eg snakka frampå om sen- om eg skulle kjøpe meir med det samme. Men han meinte eg fekk komme innom når det var tomt. Dermed trudde eg der var veldig mykje på snella, og vart litt forundra då det plutseleg var stopp. Det er litt annleis system på denne enn på den vi hadde før, så no har eg fått enda meir å grunde på.

Men før eg gjekk ut for å klippe åt eg litt og så skulle eg legge meg ut på altanen med lydbok. Då var telefonen sjølvsagt tom for straum så eg måtte sette meg inn til datamaskina og ladde mens eg høyrde ferdig boka. Då først fekk eg gå ut og klippe. Eg ser at eg er veldig avhengig av duppedittane mine.

I dag fyller Einar, eldste barnebarnet mitt, 35 år. I morgon er det ingen som har bursdag, men då skal eg til Hareid og feire Øystein litt på etterskot.

Dette bildet er gammalt no,; det vart tatt ein sommar Einar og Audun var på ferie i Ørsta og fekk fotballdrakter. Einar har vore trufast mot laget sitt heilt sidan tidleg barndom Tottenham Hotspur

 Dette bildet er berre 10 år gammalt, Einar står mellom far og morfar.



                       Gratulerer med dagen Einar !



torsdag, juni 23, 2022

Dagbok 2022: 23.juni -Jonsokaftan

Der er store bregner i begge åkrane. Den eine tok eg opp med rota i fjor, utan at det hjelpte.

 Klokka er no17.55, temperaturen ute er faktisk + 21 grader, men det kjennest ikkje så varmt ut på grunn av at det blæs. Tidleg på dagen regna det litt. 

I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit var ikkje i form. Etter treninga var eg ein tur bort i banken for å få litt hjelp igjen. I dag trefte eg på ei veldig hyggelig dame, men då vi skulle sette oss inn på eit rom med PC, sat han der, han som eg snakka med sist. Vi hadde det riktig hyggelig, men eg veit ikkje om vi løyste gåta. Det vil tida vise.

Eg måtte innom KIWI i dag også for det var eit par småting eg mangla. Då eg kom heim var eg så svolten at eg måtte lage meg litt mat, eg var oppe minst ein time tidlegare enn vanleg i dag.

Eg hadde klart for meg kva eg skulle jobbe med i dag. For eit par dagar sidan spadde eg opp "jordbæråker" nr. 2 -der veks det ingen ting i år. Før har der vore litt poteter. Eg reiv vekk alle jordbærplantane eit år, men i eine "åkeren" har eg sett nye plantar. Plantane er store og friske, men dei står ikkje så fint på rad. Før hadde vi plast på jordbæråkrane, den reiv eg også vekk. Eg hadde spadd opp den tome  åkeren, vendt om på "torva". I dag prøvde eg å jamne meir ut og få bort ugraset. Eg stelte åkeren i fjor haust, men det vart for lenge før eg fekk tatt den i år. Å drive på med slikt tek tid når ein er låk i rygg og hofte og må kvile ofte. Men eg vart no på ein måte ferdig. Eg veit enno ikkje kva eg skal bruke åkeren til, men eg vil i alle fall ikkje ha meir plen. Eg såg at der var jordbær på plantane mine, men langt frå store og langt frå raude. Eg kan hugse eitt år då vi åt jordbær på Øystein sin fødselsdag. Elles forbind eg jordbær med mamma sin bursdag.

Etter at eg hadde fått åkeren sånn nokonlude klipte eg graset rundt begge åkrane, med hand-saks. Eg har store planar om å kjøpe kantklipper, men det vart ikkje i dag heller

Elles så mødest eg med diverse, med å kople meg til Netflix, blant anna. Men det er ikkje så farleg, for eg har mykje anna eg kan sjå på. Så er bilde-behandlings-programmet mitt på PC-en omkalfatra, så eg får ikkje lage bilda slik eg vil ha dei. Og det eine med det andre.......

Naboane mine er aktive. Ein som er 84 år går og trakkar oppe på taket sitt, slik han gjer kvart år. No er vi slutta å snakke til han. Når han absolutt må gå slik-får han ta følgene. Eg høyrer at naboen på austsida klipper plen, det skal ikkje eg gjere før neste veke. 

Det er mykje som blomstrar etter kvart og ugraset trivst godt. Men det er veldig kjekt for meg å halde å med "skikkeleg" arbeid ute. Eg trur ikkje det blir tur på Vernet i dag heller, eg har no vore på trening -og arbeidd i hagen, så det får vere nok.

Det skulle vere jonsokfeiring på Aktivitetsenteret (Bakk-Ola) for eldre, med rømmegraut ogunderhaldning, men det var vel tidleg på dag. Eg følte ikkje for å gå dit uansett. Det er mange herrens år sidan eg feira jonsok, men eg trur dei skulle ha noko på den gamle uteplassen inst i Olavsgata, der vi heldt til i gamle dagar.



onsdag, juni 22, 2022

Dagbok 2022: 22.juni


 Klokka er no 18.24, temperaturen ute er + 15 grader C. Det har vore opplett i dag. Eg var på veg til ein tur på Vernet, men snudde heim att for det var vind og svarte skyer, så eg var redd det skulle komme regn ned i det nyfriserte håret mitt.
Opp Storebakken.


I dag har eg med handa på hjartet ikkje gjort nokon ting verken i hus eller hage- eller i alle fall veldig lite. Eg skulle til frisør kl. 12.30 så eg kunne ikkje sette i gang noko storarbeid. Det var ein stor dag i dag, nesten som då Harald Hårfagre miste lokkane sine; for eg hadde ikkje klipt meg sidan før jul. Dessutan skulle eg til ny frisør i ny salong. No skal det seiast at det vart ikkje klipt så mykje , for eg ville ikkje ha gutteklipp denne gongen. Eg har hatt det lenge, så eg ville prøve noko nytt. Men frisøren sa at eg kunne komme att viss ho skulle ta bort meir.



Eg handla på heimvegen i dag også, det er alltid noko eg treng, og når eg først er på butikken så ser eg diverse som er kjekt å ha.

I dag kjøpte eg ingredienser til ein av favoritt-rettane mine: Grønnsaksalat med fetaost. Det blir eg aldri lei av, men kan ikkje ete det for ofte.

Eg inviterte Marit på is og kaffi etterpå, slik at ho skulle vurdere den nye sveisen min. Og ho var fornøgd, så langt, men det kjem an på korleis den blir når eg skal vaske og stelle håret sjølv, det er ikkje så kort som eg er vand til å ha det.

I morgon skal vi på trening, men vi har planar om å skulke på tysdag, då skal Marit ein tur på sjukehuset og eg har lova å vere med. Men før den tid skal eg til Hareid på laurdag og feire Øystein sin 60-årsdag. Sjølve dagen er i dag. Det er ingen ende på fødselsdagar  i juni.

             GRATULERER MED 60-ÅRSDAGEN, ØYSTEIN !



tirsdag, juni 21, 2022

Bok nr.15-2022: Hjerteknuseren


 Denne boka har eg lese på Storytel, og der funka den godt. Få personar, enkel handling,etc.

Egna seg godt på solseng etc. Dei som vil kan lese om boka på nettet. Stor litteratur er det ikkje, men vi aner at noko kriminelt har hendt. Slutten er uventa.




Dagbok 2022: 21.juni


 Som de kanskje ser på blda eg har lagt ut siste dagane, så har eg litt problem. Bildebehandlingsprogrammet er ikkje attkjennande og eg prøver å finne meg fram til det eg kunne så godt før-

Klokka er no 17.33, temperaturen ute er +12 graderC og det regnar. I dag var eg budd på slikt ver for det starta opp i går kveld. Så mykje nedbør som vi har hatt dette siste halvåret er det lenge sidan vi har hatt. Eg trøster meg med at vi får billeg straum. Eg får ikkje gjort så mykje i hagen som eg eigentleg ville, men er i alle fall glad for at eg klipte plen i går. Eg har mange arbeidsoppgåver på planen min, men eg treng opphaldsver.

I dag var vi på trening og så handla vi på Spar etterpå. Der var det 10-kronesmarked i dag. Og gjekk kva eg fann ? Sild!-Den kryddersilda som eg er så glad i-så i dag vart det skikkeleg middag !Til 10 kroner ++

Når vi trenar, går på butikk og sit ei stund i bilen og pratar, då er føremiddagen gått.

I dag var eg bestemt på at eg skulle bake brød. Ikkje berre hadde eg melkerestar etc. men eg trong også brøda. Så i dag laga er to porsjonar á tre brød. I dag vart det litt mutitasking i det at eg laga middag og bakte brød på samme tid, men det gjekk bra. Mens dei første brøda stod i omnen slappa eg av med serien min, men greidde å sovne aldri så lite. Men det gjekk bra, brøda vart godt steikte , men ikkje brende. 6 grovbrød vart altså dagens jobb. Ikkje så mykje å skryte av, men godt å ha.

I morgon blird det vel enda mindre gjort for då skal eg til frisørsalongen "Hårdraum" og få klipt håret mitt. det er på høg tid, sist eg klipte meg var til jul.

Eg har planar om å rydde i kjellaren og i garasjen, men då treng eg opphaldsver.

Elles må eg vel snart begynne på ei liste til Rasmus, såpass han får litt å gjere når han kjem. Eg tenkte mellom anna at eg kunne få kjøpt meg trommel då. Når vi blir fleire er det godt å få tørka kleda etter kvart. Han alr alt lova å ta med grana ved Urke-garasjen.

I går var det 22 varmegrader-i dag 12. Når eg ser vêrkartet på TV, så ligg der alltid tre regnskyer, ei ved Ålesund, ei ved Florø og ei ved Bergen. Eit gode er det med regnet,det er veldig frodig og grønt ute, og vi slepp å vatne med slangen.

Plommetrea mine vart snauklipte i fjor, så eg trur ikkje eg får ei einaste plomme i år, men trea veks til att.


                                       Det er frodig og grønt i alle fall.


I går hadde Margrete fødselsdag, i morgon fyller Øystein 60 år, men feiringa blir på laurdag. Einar fyller 35 år på fredag. Birte har fødselsdag den 25.juni og Solveig kjem hakk i hæl den 3. juli. Så her går det for seg.


mandag, juni 20, 2022

Dagbok 2022: 20.juni


Klokka er no 17.34 , temperaturen ute er +22 grader. Det har vore sol og fint i heile dag, men no held det visst på å skye over. Det er litt vind og saså kjem det vel regn på sikt.

Det har vorte nokre endringar på bildebehandlingsprogrammet mittr, så eg får ikkje forbetra bilda mine slik eg er vand med.Det er ymse anna også som skulle ha vore fiksa men eg set min lit til Rasmus som kjem ein tur seinare på sommaren.

I dag hadde eg bestemt meg for å rake graset som låg att etter plenklippinga sist laurdag. Eg sette i gang med river og greier, men vart fort lei. Det var mykje seint arbeid og det er ikkje noko for meg. Så det vart til at eg klipte heile tomta på nytt, no med oppsamlar. Og det angrar eg ikkje på. Er det noko eg kan utrette heilt smertefritt så er det klipping med maskin. Det vart fryktelig mykje gras, somt la eg i komposten her, resten vart fylt i sekker.

Eg var ganske sliten då eg var ferdig, og svolten. Så det vart mat i ein fart. Etterpå la eg meg ut på solsenga med lydbok av Anne B.Ragde. Den var så lettleset at eg greidde å følgje med -og ikkje sovne.

Verre for meg enn å klippe plen er det å klippe kantar med hand, så no vurderer eg å kjøpe ein slik kantklipper som vi hadde i mange år før. Den eg kjøpte seinare er eg ikkje nøgd med. Som sagt før, er det å bøye seg det verste for meg,

I dag fyller Margrete 54 år, det er ikkje til å tru. Vi kan ikkje feire alle fødselsdagar i familien i juni månad, då hadde vi ikkje fått gjort anna, desutan er det vel i desse tider skuleåret er slutt -og det blir vel feira . Men sidan Øystein er jubilant i år skal han feirast på Hareid komande laurdag. Det blir vel helst dei eldste i slekta som skal dit, pluss at syskena til Øystein kjem med sine familiar. Dei er der ikkje så ofte.

Margrete er visst fullt opptatt med elevane sine og Erlend, som no er ferdig med vidaregåande i desse dagar. Men eg har no gratulert henne på FB.

Men eg kan no skrive det her også :

         GRATULERER MED DAGEN;MARGRETE



søndag, juni 19, 2022

Dagbok 2022: 19. juni


 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 20,5  grader og sola skin. Vêret har blitt betre og betre utover dagen. Eg har ikkje fått pynta så fint verken på trappa eller andre stader sidan vi har hatt så mange regnversdagar, men stemorsblomstane er i alle fall nydelege. Det må vere intelligente blomster, for dei i midten veks seg høgast.

No har eg nettopp vore ein tur på Fonnvernet. Det var ikkje så nødvendig å gå tur i dag sidan eg gjekk så langt i går- Men eg berre MÅTTE. På baksida av venstrefoten er det ein muskel som er trøblete. Det er ikkje vondt å gå, men å bøye seg framover og knyte skolissene , det er låkt. Ja, i det heile tatt å bøye seg framover. I dag hadde eg gjort det ganske mykje, så eg måtte gå ein tur for å bli bra.

På føremiddagen styrte eg litt inne, tørka støv, strauk klede og anna lettvint arbeid. Så gjekk eg ut i hagen. Eg hadde tenkt å rake graset som låg att, men det vart mest til at eg tok saksa og klipte rundt diverse planta og anna. Eg har ikkje fått gjort alt etter kvart i år, så eg er litt på etterskot.

I dag åt eg restar frå i går til middag, også sette eg meg opp til Marit  og vi sat på benken og prata ei god stund. I morgon skal vi kanskje ein tur til Vik. Men eg har i grunnen mykje å gjere her heime for å få hagen á jour.

Eg kom til å tenke på at Elin Torvik har fødselsdag i dag-og i morgon fyller Margrete år.




lørdag, juni 18, 2022

Dagbok 2022: 18.juni

 

Her sluttar bilvegen herifrå kan ein GÅ opp i Skåla


                                 Her går Kanalvegen ned til Vinjevoll

                                         Utsikt frå Kanalvegen

Klokka er no øyeblikkelig 17, temperaturen ute er  +17  grader og det regnar litt av og til, men sola er også framme no og då. Heilt OK vêr for så vidt. Eg kom nettopp heim frå ein lang gå-tur og såg fram til å legge ut mange fine bilde frå turen, men dessverre får eg ikkje gjort det,. Bilda ligg på telefonen min, men det var berre nokre av dei som kom seg inn på datamskina. Dei andre ligg visst i skya- og der blir dei liggande? Det er slike ting som gjer meg veldig frustrert fordi eg ikkje veit kva eg skal gjere.

I dag tok eg det med ro frå morgonen av for eg hadde ikkje så store planar. Eg skulle til Vik og sjå om eg fekk meg frisørtime, og så skulle eg kjøpe matvarer på KIWI.

Naboen hadde tipsa meg om ein salong som heitte "Hår-draum" - eg kika inn glaset der sist eg var nede, men då syntest eg der såg så uferdig ut. Det var der ikkje, der var veldig fint eigentleg og eg fekk time komande onsdag.I same gata fann eg ein annan salong også, men eg har aldri vore der. Eg har stort sett vore hos Åse i Mosmarka og hos diverse frisørar på ALTI. 

Så hadde eg eit lite ærend på ALTI, der var forferdelig mykje folk i dag. Matvarene handla eg på heimvegen, og så laga eg middag, I dag vart det spagetti med litt bacon og pastasaus. Pastasaus har eg aldri kjøpt før, den tida vi åt mykje spagetti heile familien, så laga eg sausen sjølv.

Etter å ha prata litt med Margrete på Messenger, ville eg gå ein tur på Vernet. Då eg kom opp dit fann eg ut at eg ville gå "Skålavegen" opp til huset som høyrer til vassverket, der sluttar bilvegen. Den vegen er kjempebratt og tung for meg, men eg kom no opp. Der stod eg ei stund og såg nedover "Kanalvegen" som går ned til Vinjevoll. Nils og eg gjekk den mange gonger, men då køyrde vi ut til Vinlevoll , gjekk opp Kanalvegen og ned att. Eg gjekk eit stykke nedover, der var lite utsikt til å begynne med, for det har vakse opp mykje skog. Eg har vanskeleg for å snu når eg går tur, derfor går eg rundt og rundt på Vernet  når eg skal ut og gå. Men i dag kom eg til å gå heile vegen ned til Viljevoll, og der var det så fint og nydelig at eg tok mange bilde. Eg gjekk samme ruta i fjor i påska også og då hamna eg til slutt nede ved folkehøgskulen. I dag skulle eg prøve å finne ein veg litt høgare oppe-forbi Ørstaheimen. Men eg hamna i Vik og fekk ei lang rås heim att. Det som var annleis i år enn i fjor, var at no stod det benkar overalt så det var råd å sette seg ned og kvile. Som eg plar seie:"Gamle folk kan godt gå langt viss dei får kveil undervegs."

Eg har budd over 50 år i Ørsta men eg er ikkje kjend alle stader. Det er sikkert mange som aldri har sett at ut på Vinjevoll er det store gardar og sauer som går ute på markane. Det er no ikkje så langt frå sentrum.

Eg sette på oppvaskmaskina før eg gjekk, så no er den vel ferdig snart med det 3 timar lange programmet. Då skal eg koke meg kaffi-for eg har vaska kanna.

Eitt av husa som er bygt på andre sida av Vikelva. No er det kome bru så ein kan gå rett over- så er ein åpå Vikemarka skule. Eg fekk lagt inn nokre bilde. Ikkje dei mest spennande dessverre.

fredag, juni 17, 2022

Dagbok 2022: 17.juni


 Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 17 grader og  det regnar.

I går kveld var eg litt deppa, for eg var så låk i venstrefoten at eg tenkte at eg aldri meir skulle få klippe plenen min.

I dag morgon var eg mykje betre og sette i gang med fredagsvasken, tenkte det var best å vente med plenklippinga til det vart litt tørrare i graset. men det varte ikkje lenge så høyrde eg klipparane surra både i aust og vest. Då eg var ferdig å vaske, gjekk eg ut og klipte eg også, då hadde Gudmund alt klipt ovafor garasjen min. Eg klipte rundt huset , men graset var vått og la seg til inne i klipparen i staden for å hamne i oppsamlaren. Det låg så mykje gras att på marka at då eg skulle ta skråninga , tok eg like godt og klipte utan å samle opp. Det ser ikkje så pent ut, men viss det blir opplett kan eg rake! No kunne eg faktisk tenke meg litt sol og sommar. Eg skal også ta i bruk stuttorven, viss eg finn brynet.

I august kjem han som skal legge tak til meg, han var innom i dag og tok nokre mål som han mangla, På andre sida av vegen/gata driv svigersonen til Marit og legg nytt tak.

Eg orka ikkje å lage middag i dag, men tok meg eit smørbrød med ost og skinke som eg varma i mikroen. Etterpå datt eg ned i godstolen og kvilte ei lang stund før eg tok fram spanskboka. Så tok eg ein hurtig dusj/ med hårvask i full fart før Einar kom. Eg visste at han skulle komme innom ein tur, så eg hadde tatt opp rabarbrakake frå frysaren og kokt kaffi. Han skulle innover og sjå ein kamp.

For morgondagen har eg ikkje planer men det dukkar vel opp eit kvart. No er skuleåret snart slutt, så då kan det bli at ein fer litt hit og dit. Einar hadde hatt ein kjekk tur til Stavanger i lag med ein kamerat. Kjekt å komme seg ut litt-for alle.

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg.



torsdag, juni 16, 2022

Dagbok 2022: !6. juni

 



Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 15 grader og det har regna i dag også. Plenen veks og blomstrar, og det ser ikkje ut til at eg får klippe med det første. Synd at ein av dei finaste månadane i året skal regne vekk-.

I dag har eg hatt det som vi på 80+ meiner er ein litt travel dag, Første post på programmet var trening frå 10 til 11. Då må vi stå "tidleg" opp for å gjere oss klar. Etter treninga, var vi innom KIWI, men det var berre Marit som handla.

Eg fekk så vidt sett litt av serien min då eg kom heim, for så måtte eg bytte om igjen, og då klokka var vel 13 køyrde eg ned til legesenteret. Eg hadde time kl.13.20, men eg kom no ikkje inn med det samme. Eg var snar hos legen i dag, vi snakka litt og så var det på labben og ta blodprøve. Resultatet sender ho til meg på Digipost. Viss verdiane ser ut til å vere nokså stabile, så kan vi gå over til halvtårs-kontroll. Det hadde eg vore godt fornøgd med. Det har i alle fall vore stabilt sidan eg begynte målingane i november i fjor.

Men eg hadde fleire ærend, eg skulle bestille frisør til neste veke. Eg var innom alle frisørsalongar som eg fann, men ingen hadde ledig time neste veke, og alle hadde lange ventelister. Før var det frisør på ALTI og der var det berre å droppe inn. Ho som har vore frisøren min i alle år, nesten, har slutta å frisere, og eg veit ikkje om ho kjem til å begynne igjen. No lurer eg på om det er like gale i Volda, eg har ikkje klipt håret sidan før jul !!!!!

Eg var innom ALTI og kjøpte eit par ting, den eine tingen var eit LUDO. Det hender at barnebarna vil spele brettspel når dei er her. Eg plar seie at LUDO er det verste spelet, for det blir alltid krangel om reglane. Slik var det i min barndom og slik er det enno. Då eg spelte Ludo med eitt av barnebarna i fjor, blei eg skulda for å lage reglane sjølv. Men eg hadde faktisk lese reglane. Det einaste brettspelet eg likar er Kinasjakk, for der brukar eg å vinne...................

Då eg kom heim att var eg trøtt og svolten, så eg laga meg middag og åt. Då vart eg veldig trøtt, men eg har ikkje sove middag. Kanskje eg går ein tur, eller kanskje ikkje. Venstrefoten er ikkje heilt brukbar, men eg greier godt å gå likevel.

Det var så kjekt å samlast i går alle vi naboane som har halde i lag i mane år. Urke og vi er dei som har budd her aller lengst, til jul blir det 50 år sidan vi flytta inn, både vi og dei, den 14.desember1973. Vi var hos Urke, dei har bygt på huset så dei har ei ekstra stove, så der var plass til alle.

Det er heilt utruleg at det er fredag i morgon igjen. "Regn kommer" står det nedst på skjermen min. Eg sat nettopp og såg vermelding på TV og det er ingen tvil om kvar i landet det regnar mest.





onsdag, juni 15, 2022

Bok nr.14 - 2022: Mors og fars historie.




 Edvard Hoem skriv denne gongen ein roman om det foreldra hans ikkje snakka om, korleis mor hans og far hans trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag.

Edvard Hoems far var lekpredikant og heldt i krigens år 1940-45 meir enn sju hundre møte i det han kalla Dalenes dal, Gudbrandsdalen. Mora var kokke på Fåberg pleieheim, og ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945.
Ingen ville vel ha trudd at lekpredikanten og kokka ville finne kvarandre.
«Mors og fars» historie handlar om at livet somme gonger tar sin eigen veg og at ingen ting blir slik som vi først hadde tenkt oss det. For denne romanen mottok Edvard Hoem Melsomprisen, og han vart nominert til både Nordisk Råds litteraturpris og Kritikerprisen.
.............................................................................................................
Eg har nettopp lese denne boka  for andre gong, og den var like bra som eg hugsa den. Edvard Hoem les sjølv lydbok versjonen, og han er ein framifrå opplesar. Anbefalt.

Dagbok 2022: 15.juni

 Klokka er no 16.25,temperaturen er + 20 grader, og det er vel opphaldsver.  Eg skal gjere meg klar til å fare i selskap hos naboen, som fyller 80 den 2. juli. Men så inviterer ho naboane på  "vorspiel" i dag. 

Eg har gjort lite , men ikkje ingenting, i dag. Eg trudde ikkje det gjekk å klippe plen, det var vått i graset og dropar i lufta. Ein av naboane klipte likevel, men eg stod over. Eg har styrt med litt forskjellig både inne og ute, men er er ikkje overarbeidd på nokon måte. 

Eg styrte litt i hagen, men var ikkje så altfor ivrig, prøvde å rydde litt i jordbæråkeren, der ser det ut som om plantane har rotta seg i hop nedst i åkeren, men plantane er store og fine og blomstrar voldsomt. Men det blir ikkje tidlege jordbær i år.

Inne har eg rydda litt her og der , stroke eit par dukar, bytta på senga, vaska og og hengt ut klede etc.etc. Eg må liksom dokumentere at eg ikkje har lagt på latsida- men det har eg vel eigentleg. No skal eg vaske håret og shine meg opp, det blir vel ikkje den store forvandlinga. Eg skal skrive meir når eg kjem tilbake.

I dag har eg gratulert tantejenta mi, Hilde Bjørg, med 56-årsdagen. Eg forstår faktisk ikkje at den generasjonen nærmar seg pensjonsalderen.


Klokka er no 20,50, og temperaturen ute er +14 grader. Mens vi har vore i selskap har det regna, så no er det vått ute. Det var veldig hyggelig å vere i selskap i lag med nesten alle naboane.. Det var berre to som ikkje kunne komme. Som vanleg hadde vi mykje å prate om. Det er kjekt at somme har ork til å lage til slike samkomer, for no når dei fleste av oss er pensjonistar har vi behov for å komme i lag. Eksta kjekt er det at dei som er litt yngre og ikkje pensjonistar vil vere i lag også. Takk til Marit og Torbjørn for ein hyggelig kveld.

tirsdag, juni 14, 2022

Dagbok 2022: 14.juni


 Klokka er no 17.30, temperaturen ligg på ca +15, og det har regna litt innimellom i dag også; som vanleg lysnar det mot kveld, men det er søkkvått i graset, så eg får ikkje gjort noko ute. Dessverre har eg ikkje gjort noko inne heller, så eg er ikkje særleg nøgd med meg sjølv i dag.

Marit og eg var på trening i dag, det var ho som køyrde enda det var min dag. Ho skulle gjere opp for at eg køyrde ein gong det var hennar dag. Etter treninga var vi ein tur på Alti, men vi handla ikkje så mykje.

Då eg kom heim var postkassa full av rekningar, aviser etc. og eg sette meg til å betale eit par små rekningar på data. Det var ei rekning på 338 kr. blant anna. Eg plundra det til litt så eg måtte starte frå begynnelsen igjen, og då eg vel hadde sendt pengane av garde såg eg at der hadde stått att eit 3-tal frå første forsøk, så eg hadde sendt av garde 3338 kr, altså tre tusen for mykje. Det var ingen ting eg kunne gjere med det, anna enn å kontakte banken. I staden for å ringe ned, tok eg bilen og køyrde ned i banken som har kontor i gågata. (Eg hadde i grunnen tenkt meg ned på banken i alle tilfelle denne veka) PÅ kontoret sat ein ung mann heilt åleine og såg ikkje ut til å ha noko å gjere, så eg tenkte det var bra at eg kom og heldt han med selskap. Han var kjekk og grei og ringde til firmaet som hadde fått for mykje pengar; dei lova å sende pengane tilbake til meg. Så hadde eg eit anna problem, eg ville ha bank ID på telefonen min, og det ordna han også. Om eg er i stand til å bruke den, veit eg enno ikkje. Eg takka han for god hjelp- og det var heilt gratis.

Då eg kom heim att var eg så svolten at eg åt eit par rundstykke, for eg hadde ikkje tid å vente på middag. Og så måtte eg sjå serien min, lese på spanskleksa og sjå nyheiter og lese avisa, og dermed var dagen så å seie oppbrukt. Eg kunne ha gått ein tur , men eg tek heller og samlar energi til i morgon. Det kan no hende det blir fint vêr. 

Eg har lenge tenkt at eg ville lese om att Edvard Hoem si bok "Mors og fars historie". Eg begynte så vidt på den sundag kveld og i går kveld hadde eg problem med å legge den frå meg. Eg les den på Storytel, eg likar så godt å høyre stemmen hans. Eg kjem vel til å lese den ferdig i løpet av kvelden.

Eg var ute i hagen for å sjå om der var noko fint, men det er ikkje så mykje som blomstrar akkurat no. Syrinen var no heilt øydelagt og roten av alt regnet.

Klokkebusk

Gyvel

                                           Timian (?)
                                 Det går i rosa og lilla for tida. Rosetrea ser skrale ut, men                                     eg ville vente litt før eg eventuelt kjøper noko nytt.


Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...