tirsdag, september 30, 2008

Heimturen.

Utsikt nedover dalen.Elva til høgre, vegen til venstre.



Dei elevane som ikkje orka å gå så langt, fekk leike på desse slettene ved elva til dei spreke kom tilbake.Siste gongen eg var der på skuletur,
var eg i lag med dei minst spreke. Vi bygde demningar i elva m.a.
Det var kjekt!
Posted by Picasa

Bilde frå turen.

Kart over turen.

Kolåstinden

Steinestølen

Posted by Picasa

Bonus-dag.

Best som vi trudde at det var slutt på alt som heitte sol og fint ver, fekk vi denne uventa fineversdagen. Slike dagar går under namnet Bonusdagar her i familien. Eg var på trening frå 9-10, og etter at eg hadde slappa av litt, fann eg ut vi måtte gjere noko nyttig! Og kva er meir nyttig enn å nyte bonusdagen?
Eg har så mange gonger hatt lyst fram i Romedalen, ein dal som tek av til venstre frå Follestaddalen, og der eg har gått mange gonger, både på skuletur og i lag med Nils. Det er ein lang og ganske flat dal, berre litt stigning til å begynne med. Å gå den turen er ikkje å tenkje på, men for den beskjedne sum av 35 kr kan ein køyre heile dalen med bil, fram til Steinestølen.Det har vi aldri gjort før i dag.Vegen er smal og kronglete, men tek ein tida til hjelp er det mykje som går. Eg var lykkelig over å få komme dit igjen og sjå att dei kjende stadane.Fjella var utruleg vakre med eit lite melisdryss. Vi passerte rett forbi den kjende Kolåstinden t.d. Vi har alltid kartet av Sunnmørsalpane med oss i bilen, slik at vi kan orientere oss.

Ein litt annleis krimroman.

Denne boka las eg ut i dag. Eg tykte den var bra, sjølv om den var litt langdryg til tider.Les omtalen bak på boka!
I dag har eg vore på biblioteket og fått ny forsyning, m.a. to bøker av min nye favoritt Arnaldur Indridason: Røsten og Myren.

lørdag, september 27, 2008

Eid sundagsskule 1946.


Dette bildet er teke utanfor kyrkja, men sundags-skulen heldt vanlegvis til på bedehuset Betania kvar sundag klokka 10.Søster Åse som står bakerst til venstre var ei kjær søndagsskulelærarinne.
For å dokumentere frammøtet hadde vi stjernekort, der vi fekk stempla stjerner kvar gong. Tiande kvar stjerne var gullstjerne. Nesten alle gjekk på sundagsskulen og der trefte vi også borna som gjekk på Skipenes skule. Det var dei som budde på hi sida av elva som gjekk der.Eg hugsar spesielt to nydelige lyskrølla jenter frå Os. Kvar gong vi song "Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn" måtte eg sjå på dei. Namna var Jorunn og Kari, og då går det vel eit lys opp for nokre av dykk. Eg kjenner nesten alle på bildet. Dei største gutane sit fremst, så kjem dei yngste på første benk.Der sit Svein og eg som nummer tre og fire.

onsdag, september 24, 2008

Kongsberggutane alias Kongsbergtigerane.







Det er ikkje lett å foto-grafere ungar som stort sett er i aktivitet.
Men ein prøver no i alle fall.For dei som ikkje ser gutane så ofte, kan eg fortelje at Eivind no er blitt skulegut og går i 1.klasse på Wennersborg skole. Vebjørn er to år og går i barnehagen.Begge diggar Queen, særleg Vebjørn som går rundt med ein DVD i handa det meste av dagen.Han snakkar ikkje så mykje enno, men har i alle fall lært seg:Disk is dirty ! Og så må faren vaske plata.
Eivind er spesielt interessert i himmelrommet for tida.Så begge har felles interesser med farmora og vi har mykje å snakke om.
PS: Eg plar fortelje Eivind om Hareidsulvane når han ikkje vil ete. Så fann vi ut at dei andre barnebarna også måtte ha namn. "Bjørnaset-bjørnane " gav seg sjølv- og så vart vi altså samde om Kongsbergtigerane. Veit ikkje om vi var inspirert av genseren til Eivind, eller....?

Vintergrønt.


Det dabbar sakte men sikker av med blomster-vekster i hagen.
Då synest eg det er godt å ha noko som held seg grønt heile vinteren.Denne buska heiter Laurbærhegg og har blanke grøne blad heile året. Om våren har den kvite blomster, men i år har det vore ein nokså spesiell sommar, så no blomstrar den for andre gong i år.Så spørs det til våren? Vi har ei anna vintergrøn buske som også plar blomstre tidleg på våren; i fjor blomstra den to gonger, men i år har den ikkje blomstra enno. Imidlertid står den full av knoppar NO. Er det noko som er i utakt i naturen eller er dette eit vanleg fenomen? Har forresten vore ute og ete gule bringebær frå dei nye skudda som skulle bære neste sommar.

tirsdag, september 23, 2008

Siste stopp på vegen heim.




I fjor kjøpte vi mandel-poteter i Skjåk. Hos Ola Sylfest Ødegård som bur rett ovanfor Nordberg kirke. Nok til oss to for heile vinteren. Vi var veldig godt nøgde med dei, derfor stoppa vi i dag også og kjøpte nokre sekker. Ein sekk ville vi forære familien på Bjørnaset, men då vi kom dit, var det berre ein heime og det var hesten Gnir.
Men om litt dukka nr.3 opp i lag med ei veninne. Bianca fekk vi berre sjå gjennom vinduet.
Den minste sekken inneheld noko som heiter baby-mandel og skal brukast til det som på svensk heiter "klyftad potatis".(Eg har berre ete det på restaurant i Mora.) Altså:Dei skal delast i to(uskrella) og steikast i steikomn med salt og krydder. Dei er visstnok veldig dyre-i Oslo.

Gamle Strynefjellsvegen.











Vi har aldri fått sett fjellet i si finaste drakt. Anten har det vore for tidleg på sommaren, det har vore for seint på hausten, vinter eller regn osb.

I dag var det perfekt. Sola skein, lufta var klar og himmelen blå. Lauvet hang enno på trea og var i alle dei nydeligaste fargar. Det går ikkje an å beskrive, berre oppleve. Vi er ikkje flinke fotografar og ikkje har vi spesielt gode kamera, men eg skal legge inn nokre av bilda likevel. Mi beste tilråding er:Reis og sjå sjølve viss de kan.

Det var Eidabesta som skrytte slik av denne vegen og lokka oss til å prøve turen! Takk for det! Sjølve vegen er ikkje så MYKJE betre enn han var, men med liten bil gikk det bra. Vi har ikkje kjørt denne vegen over 20 år, trur eg, og ingen av oss hugsa korleis der såg ut.

Vi kjører E6







I går kveld enda vi opp på Quality Resort Hotel på Øyer. Eit koselig og roleg nattelosji, der vi sov godt i natt og fekk god frokost i dag.LO-rabatt fekk vi også!Veret vart finare etter kvart i går kveld og i dag vakna vi opp til sol frå klår himmel. Og så dei haustfargane! Prøvde å ta nokre bilde gjennom bilvinduet men det vart ikkje noko særleg.Vi stoppa ved Skei Kro på Bismo, der har vi ete middag mange gonger, men i dag vart det berre ein kopp kaffi med sUkker til-frokosten sat lenge i. Og kven sat ved nabobordet i dag? Arne Brimi !!!!

Nei, så tjukk du har blitt........


Frå Charlotten-berg gikk ferda mot Kongsvinger og derifrå til Elverum, mot Hamar. Då vi nærma oss Mjøsbrua, fekk vi kaffi og kake-abstinenes. Vi kan vel ikkje nekte for at det har blitt litt for mykje både av det eine og det andre i Kongsberg. Laurdag var vi på kafe GLOBUS på Storsenteret i Kongsberg og søndag kom foreldra til W. på besøk og hadde med seg eplekake. Altså fann vi oss ei veikro. Nils bestemte sg for Napoleon-eg tok marsipan! Så sat vi der og kosa oss-heilt eg oppdaga at Norges Dansebandkonge sat ved bordet rett i åsynet mitt. Det var som om eg hørte favorittlåten...........P.S: Eg trur han åt salat ! Kona var i alle fall veldig tynn!

Halve Norge og litt av Sverige.


Ja, slik følest det i alle fall. Vi har kjørt og kjørt og sett mykje, mest gjennom bilvinduet. Vi skulle liksom ta ein omveg heim att, ein liten tur innom Sverige for eksempel -og slik vart det. Men ikkje akkurat slik som vi hadde tenkt; det blir det aldri! Starta frå Kongsber i 1/2 10-tida om morgonen og SUSA gjennom Kongsberg, Hokksund,Drammen og Oslo.
Obs! Der fekk vi sjå eit glimt av Operaen! Obs! Der var vi forbi Stockholmskiltet. Ja,ja, det går vel fleire vegar til Sverige? Gjennom Lillestrøm i same farten -der har eg aldri vore før- og så er vi plutselig i Fetsund.Så roar det seg litt og det positive er at vi er på ein veg vi ikkje har kjørt før-mot Bjørkelangen. Det negative er at skodda ikkje lettar, tvert imot blir det berre meir og meir grått.Vi køyrer gjennom typisk "elglandskap" med stille tjern,glissen furuskog og altså skodde. Nydelig på sin måte, men ikkje egna til fotografering gjennom bilvindu. Hilde, du skulle ha vore der!Etter kvart gikk det opp for oss at vi kom til å ende opp i Charlottenberg i år også.Og slik gikk det.
Då var vi alt uthungra og kjøpte oss lunsj på Thons hotell, før vi hamstra litt mat på kjøpesenteret. Så snudde vi heim att. Kva anna kan ein gjere når skodda er grauttjukk og ein har bilen full av kjøt?

mandag, september 22, 2008

Så går reisa til...?

Her skal alle på jobb, skule eller barnehage, så då høver det at vi takkar for oss. Kvar vi fer, veit vi ikkje enno. Vi let dagsform o.l. bestemme. Men vi fer ikkje same vegen tilbake, og vi kjem ikkje heim i dag. Det er om lag så mykje som eg veit akkurat no.Vi er sjølvsagt tilgjengelige pr. mobil.

lørdag, september 20, 2008

Helsing frå Kongsberg

Vi kom hit torsdag ettermiddag. Reiste over Hemsedalsfjellet, der det var kome fine haustfargar. Vi hadde fint ver, men ikkje sol.Turen gikk veldig raskt og fint; fine vegar og lite trafikk. Vi såg ein reinsdyrflokk på fjellet. Lenger nede i dalen såg eg to gonger "gule" sauer, noko som var nytt for meg. Då den eine reiste seg opp, forstod eg at det var ein lama.Ålreite dyr det også. Tenkjer mest på ulla......
I går hadde Rasmus undervisningsfri, så han var heime, og Vebjørn fekk vere heime frå barnehagen. Rasmus nytta høvet til å gå til frisør med han.Elles åt vi, prata og såg TV. Veret var overskya med litt regn.
I dag skin sola, så vi finn kanskje på noko. Reknar med at det kan bli bra temperaturar utover dagen.

tirsdag, september 16, 2008

Gratulerer med dagen!


I dag fyller kusina mi, Ellen Marie, 70 år. Det er ikkje til å tru! At tida går altfor fort er vel noko som dei fleste oppdagar etter kvart som dei blir eldre.
Far min og mora hennar var søsken. Ellen Marie voks opp på Eid og vi var mykje i lag heilt til ho flytta i 1956.Den siste tida dei var på Eid budde dei på Hildegard i 2. etasje hos bestemor og bestefar. Eg beundra henne veldig;ho var to skuleår eldre enn eg og altså MYKJE eldre- den gongen.
Det året EM var ferdig på realskulen, flytta familien til Sørumsand. EM vart att på Eid ei stund etter at dei andre var reiste, for å gjere ferdig eksamen.
Eg hugsar at EM hadde ein grønnrusskjole i stoff som ikkje skulle strykast, men så hadde bestemor stroke den likevel og EM kunne ikkje ha den på festen samme kveld. Men ho tok det veldig pent. Det hadde ikkje vore EG!!!
Men slik var ho og slik er ho!
EM visste heile tida kva ho ville bli, nemlig sjukepleiar, og det vart ho. Ikkje utan ein viss motstand frå fleire kantar.Sist eg snakka med henne var ho framleis i arbeid, noko som eg ser på som ein indikasjon på at ho elskar arbeidet sitt.
Vi har ikkje hatt altfor mykje kontakt i seinare år, men no håper eg at ho snart får orden på dataen sin, slik at vi kan kommunisere litt meir.
Vi ønsker henne til lykke med dagen og håper ho får mange gode år framover!!

mandag, september 15, 2008

Hausten 1949.




Har site og rota og leita gjennom gamle bilde igjen, og då finn eg alltid eit kvart som vekkjer gamle minne.
I åra 1948-53 budde vi i ei av dei tre offisersbrakkene på Plassen.I ei anna budde Anne-Lise, klasseveninna mi, og familien hennar. Den tredje brakka vart brukt av det militære når det var repetisjonsøvingar på Eid.
Ein gong budde der ein som heitte Mikkeltvet og var frå Evanger ved Voss . Han hadde med seg kona si og den vesle dottera Inger Marie. Eg vart fast barnepike for henne og hadde kontakt med familien i fleire år etterpå. Dei fekk seinare ein gut som heitte Knut Norvald.Det er ikkje mange bilde eg har av meg sjølv som 9-åring, så eg set pris på desse. Hugsar godt skjørtet som eg hadde på meg, lyseblått med kvite prikkar. Og så hadde eg datidens motefrisyre, ei flette på kvar side som var bundne saman med ei sløyfe oppå hovudet.Eg trur ikkje eg var spesielt pynta; vi gjekk kledde slik til kvardags den gongen. Vi kan sjå brakka der vi budde i bakgrunnen, den var finare måla og oppussa enn dei andre. Pappa hadde også køyrt til mold og gjødsel og laga hage midt i sandørkenen. Utanfor glasa på den sida vi ikkje seg, hadde han sett opp grønmåla blomsterkassar der han kvart år sådde blomkarse.Kanskje det er derfor eg er så glad i dei blomstrane?

søndag, september 14, 2008

1. Mosebok vers 30-34.

I Bibelsoga las vi om Esau som selde førstefødselsretten sin for ein porsjon linsesuppe, som broren Jakob hadde laga.Noko som fekk meg, matglad som eg alltid har vore, til å lure på kva linsesuppe var. Kva var den laga av og korleis smaka den?Og kva var eigentleg linser?

Det er ikkje så mange år sidan linser kom i handelen heller, og slett ikkje lenge sidan eg begynte å bruke dei.For dei som enno er uvitande om det, kan eg berre seie at dei smakar om lag som gule erter men eg mykje mindre og treng kortare koketid.Dessutan inneheld dei mykje protein,og kan ernæringsmessig erstatte kjøtt.
Sundag for 14 dagar sidan var eg heime åleine, og då måtte eg lage med noko som var godt, magert og mettande. Det var då eg fann på å lage min variant av linsesuppe.
Eg tok ein halv pakke grønne linser og koka i lag med ein stor løk og eit par bulliongterningar til linsene var godt kokte. Så tok eg ca 10 cm spekemor(alle sunnmøringar har mor i huset!)og skar i bitte små bitar og koka med ei stund. Og så var det berre å putte i litt gulrot, potet etc. (Man tager hvad man haver).Suppa var godt etande på dette stadiet, men sidan det var sundag putta eg i ein skinkeboks også.( I dag tok eg 4 grillpølser i staden.)
Som de forstår, kan ein gjere omtrent som ein vil...men det som "gjorde" suppa var i grunnen moren.Linsene jamna suppa og gjorde den fyldig og fin.Suppa som eg laga var nok til meg på sundag og til oss begge på mandag.
I dag brukte eg raude linser, det går for det samme.

mandag, september 08, 2008

Vi fiskar og vaskar og saftar....


I dag for Nils på sjøen tidleg om morgonen.Eg hadde ikkje noko spesielt eg MÅTTE gjere, så eg strikka litt, styrte litt i hagen osv.

I heile sommar har eg gått og lurt på korleis eg skal få vaska ned kjøkkenet sidan eg verken kan klatre opp eller bøye meg ned.Men så fann eg ut at eg fekk gjere det på same måte som i fjor og året før....Tok moppen, og på mindre enn ein time var heile kjøkkenet vaska. Ikkje på same grundige måte som i gamle dagar, men det får vere godt nok. Akkurat i det eg var ferdig, kom Nils heim med fangsten:sei, hyse, kolkjeft,brosme. Så no skal vi kose oss med fersk småsei til middag.Elles så skal han no fiske slik at vi kan ha med oss til Kongsberg om vi tek ein tur.Det var snikane han fiska med i dag.Med makrell som agn.
Sidan alt MÅ med på bloggen, må eg også fortelje at vi i går koka saft av kvit og raud rips. Det var Nils som var den ivrigaste sidan bæra tok opp plass i frysaren-plass som skulle vere til FISK.

søndag, september 07, 2008

Finsk historie.


Denne boka har eg så vidt begynt på, men eg har alt erfart at her må eg vere vaken, denne kan eg ikkje lese i halvsøvne. Bakgrunnen er finsk historie frå ca 1900 og framover, noko som er relativt ukjent land for meg.Vi får også med oss kva som skjer i verda elles.
Vi møter mange personar, både historiske og fiktive, men ein må vel vere finsk for å skilje dei frå kvarandre?
Eg er ikkje sikker på om denne boka blir lett å lese som lydbok, sjølv om den sikkert er veldig bra.

fredag, september 05, 2008

Kjekt å ha?


Sidan eg skulle til behandling likevel, gjorde vi Voldaturen til ei lita "oppleving". Vi berekna oss god tid, gikk i butikkar og åt middag på kafe, mellom anna.

Vi har snakka litt om å kjøpe oss ei jus-presse, for vi har eit stort tre med stygge eple som ofte ikkje vert brukt til noko. Så fann vi ut at sjølv nedfallsfrukta kunne brukast til jus. No har vi prøvekjørt vidunderet og den funka fint.Jusen blei fort brun, så ein annan gong skal eg prøve med litt sitron i.Men den smaka syrlig og godt og er sikkert veldig sunn.
Det følgde med ei DVD-plate med ein veldig entusiastisk mann som presenterer oppskrifter og fortel om alle sjukdommar han har hatt som han no er kvitt-takka vera all den sunne jusen han drikk............
Kjekt å ha? Tida vil vise om dette er noko som blir brukt eller om den hamnar i lag med diverse anna som ein har trudd ein MÅTTE ha ein gong i tida. Reknar med at det ikkje er berre vi som har eit slikt lager?

torsdag, september 04, 2008

To par strømper til............................


Berre eit lite bevis på at strikke-pinnane er komne i bruk igjen;med stor forsiktigheit, rett nok. Dei to heldige som får nye lestar denne gongen er minstejenta og morfaren.
Det minste paret er strikka i Sisu, det største i tynn Regia.

tirsdag, september 02, 2008

Så var det gjort......


Heilt sidan tidleg i vår har eg vore på jakt etter sommar-gardiner til stova,utan å finne noko som fall i smak. Sidan eg må ha seks lange lengder, må ein liksom tenkje seg litt om også.No er sommaren på hell, og eg fann ut at det var på tide å legge tanken om nye gardiner på hylla. Så vart det til at eg vaska dei 8 år gamle tjukke offwhite - gardinene enno ein gong, strauk dei og hengde dei opp. Mykje arbeid, men eg var vel fornøgd då det var gjort! Gardinene er av god kvalitet og held minst ein vinter til. No har eg begynt å lure på om eg ville ha nye, berre for å sleppe å vaske( og stryke) dei gamle?

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...