søndag, september 14, 2008

1. Mosebok vers 30-34.

I Bibelsoga las vi om Esau som selde førstefødselsretten sin for ein porsjon linsesuppe, som broren Jakob hadde laga.Noko som fekk meg, matglad som eg alltid har vore, til å lure på kva linsesuppe var. Kva var den laga av og korleis smaka den?Og kva var eigentleg linser?

Det er ikkje så mange år sidan linser kom i handelen heller, og slett ikkje lenge sidan eg begynte å bruke dei.For dei som enno er uvitande om det, kan eg berre seie at dei smakar om lag som gule erter men eg mykje mindre og treng kortare koketid.Dessutan inneheld dei mykje protein,og kan ernæringsmessig erstatte kjøtt.
Sundag for 14 dagar sidan var eg heime åleine, og då måtte eg lage med noko som var godt, magert og mettande. Det var då eg fann på å lage min variant av linsesuppe.
Eg tok ein halv pakke grønne linser og koka i lag med ein stor løk og eit par bulliongterningar til linsene var godt kokte. Så tok eg ca 10 cm spekemor(alle sunnmøringar har mor i huset!)og skar i bitte små bitar og koka med ei stund. Og så var det berre å putte i litt gulrot, potet etc. (Man tager hvad man haver).Suppa var godt etande på dette stadiet, men sidan det var sundag putta eg i ein skinkeboks også.( I dag tok eg 4 grillpølser i staden.)
Som de forstår, kan ein gjere omtrent som ein vil...men det som "gjorde" suppa var i grunnen moren.Linsene jamna suppa og gjorde den fyldig og fin.Suppa som eg laga var nok til meg på sundag og til oss begge på mandag.
I dag brukte eg raude linser, det går for det samme.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...