mandag, september 08, 2008

Vi fiskar og vaskar og saftar....


I dag for Nils på sjøen tidleg om morgonen.Eg hadde ikkje noko spesielt eg MÅTTE gjere, så eg strikka litt, styrte litt i hagen osv.

I heile sommar har eg gått og lurt på korleis eg skal få vaska ned kjøkkenet sidan eg verken kan klatre opp eller bøye meg ned.Men så fann eg ut at eg fekk gjere det på same måte som i fjor og året før....Tok moppen, og på mindre enn ein time var heile kjøkkenet vaska. Ikkje på same grundige måte som i gamle dagar, men det får vere godt nok. Akkurat i det eg var ferdig, kom Nils heim med fangsten:sei, hyse, kolkjeft,brosme. Så no skal vi kose oss med fersk småsei til middag.Elles så skal han no fiske slik at vi kan ha med oss til Kongsberg om vi tek ein tur.Det var snikane han fiska med i dag.Med makrell som agn.
Sidan alt MÅ med på bloggen, må eg også fortelje at vi i går koka saft av kvit og raud rips. Det var Nils som var den ivrigaste sidan bæra tok opp plass i frysaren-plass som skulle vere til FISK.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at du klarer å gjere litt "nyttige" ting også, så er det gjort til jul!
Fin fangst, litt av ein fiskarmann du har. Skal tipse min om agnet. Han har brukt mykje sild som agn og fått litt makrell. Eg "samlar" opp andre fiskesortar, skal lage fiskemat etter turen, tenkte eg.
Eidabesta

Besta sa...

Lagar du fiskemat av frosen fisk? Eg gjorde det i gamle dagar, men då måtte eg tilsette noko som heitte Tragant e.l. som eg kjøpte på apoteket.No har eg ikkje laga fiskemat på lenge, vart lei av både lage og ete den. Men lysta kjem vel igjen. I morgon begynner eg på trening igjen og viss det går bra, blir det to gonger i veka. Då går mykje tid vekk.Særlig sidan eg treng ein "kviledag" etter kvar behandling.......

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...