søndag, september 07, 2008

Finsk historie.


Denne boka har eg så vidt begynt på, men eg har alt erfart at her må eg vere vaken, denne kan eg ikkje lese i halvsøvne. Bakgrunnen er finsk historie frå ca 1900 og framover, noko som er relativt ukjent land for meg.Vi får også med oss kva som skjer i verda elles.
Vi møter mange personar, både historiske og fiktive, men ein må vel vere finsk for å skilje dei frå kvarandre?
Eg er ikkje sikker på om denne boka blir lett å lese som lydbok, sjølv om den sikkert er veldig bra.

2 kommentarer:

solveig sa...

Heilt ukjent for meg. Utanlanske namn er vanskleg på lydbok!
Eg synest det er kjekt med litt lærerike bøker innimellom mykje krim.

Besta sa...

Faktisk synest eg at eg lærer noko av alle bøker, også krim. Dei islandske krimbøkene eg har skrive om før, var for eksempel veldig "lærerike" på samme tid som dei var enkle å lese på lydbok.Kan tenkje meg at dei som har betre kjennskap til finsk historie ,får meir ut av denne boka enn eg.Men så får vi håpe eg lærer litt.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...