fredag, september 05, 2008

Kjekt å ha?


Sidan eg skulle til behandling likevel, gjorde vi Voldaturen til ei lita "oppleving". Vi berekna oss god tid, gikk i butikkar og åt middag på kafe, mellom anna.

Vi har snakka litt om å kjøpe oss ei jus-presse, for vi har eit stort tre med stygge eple som ofte ikkje vert brukt til noko. Så fann vi ut at sjølv nedfallsfrukta kunne brukast til jus. No har vi prøvekjørt vidunderet og den funka fint.Jusen blei fort brun, så ein annan gong skal eg prøve med litt sitron i.Men den smaka syrlig og godt og er sikkert veldig sunn.
Det følgde med ei DVD-plate med ein veldig entusiastisk mann som presenterer oppskrifter og fortel om alle sjukdommar han har hatt som han no er kvitt-takka vera all den sunne jusen han drikk............
Kjekt å ha? Tida vil vise om dette er noko som blir brukt eller om den hamnar i lag med diverse anna som ein har trudd ein MÅTTE ha ein gong i tida. Reknar med at det ikkje er berre vi som har eit slikt lager?

4 kommentarer:

solveig sa...

Gratulerer!
Då eg fekk mi, kosta både eple og gulrøter mellom 25 og 30 kr!
Vi laga jus av appelsiner på tilbod. Det var kjempegodt. Vil ein ha med fruktkjøt, er det vel berre å putte det opp att i.
Eg er overbevist om at heimelaga jus har mykje meir vitaminar og antioksidantar.
Eg skulle berre ønske at det var eit marked for "jusfrukt".
Viss det vert mykje skvåsj her, kan eg kanskje køyre den gjennom pressa før eg frys den.

Besta sa...

På den DVD-en som følgde med, var det mange gode oppskrifter, både med frukt og grønnsaker. Du kan kanskje bruke den i undervisninga? Elles så trur eg at vår juspresse er betre enn di, sidan den kosta over 1000 kroner.Skal kanskje tigge noko rips hos naboen og lage jus av den?

solveig sa...

Eg har ikkje prøvd med bær enno. Blaute bær som jordbær, kan ein ha i hutigmiksar/mose med stavmiksar.
Må berre legge til at desse fleire sjukdomar ein "medisin" hjelper mot, dess meir skeptisk blir eg!
Sunt kosthald hjelper nok mot mykje, då.

Hildegard sa...

Sikkert lurt med ei slik presse.
Du får informere oss etter kvart som du får erfaring - kanskje noko for oss også som har både pærer og epler + viktoriaplommer som no kjem for fullt.
Eidabesta.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...