tirsdag, mars 31, 2015

Dagbok 2015: 31.mars

Klokka er 16.30. Temperaturen er ca +7 grader C, det er skya og litt vind, men ikkje nedbør.I dag har Nils stort sett halde seg i garasjen, mens eg har vore innomhus. Slik er det ofte her i garden, vi trakkar ikkje så mykje i føtene på kvarandre.
I dag hadde Nils ein stor fiskefangst å ta seg av, han hadde sløgt i går, men så var det filetering av mange store langer. Ikkje blå- men kvitlange. Har er ferdig med dei største no, men har nokre halvstore att. Men filetere det kan han. På Raudeberg arbeidde han ei tid på eit fiskemottak, der han fileterte fisk, eller har han no styrt med fisk heile sitt liv. Eg vil berre gjere merksam på at det ikkje er eg som har ansvaret for å rydde i garasjen. Det er hans domene.


Eg vaska mykje klede i går, så i dag har eg lagt i hop klede og stroke det som strykast skulle. Eg er så gammaldags at eg stryk putevar og dynetrekk-om dei ikkje er av krepp. Elles var det nokre dukar etc. Eg likar å stryke, for då kan eg ha lydbok på øyret; i dag vart de Paasilinna. Merkeleg nok vart eg sliten i ryggen av strykinga-men slik er det berre.
Eg steikte småsei til middag og det var godt med litt skikkelig mat igjen, det har gått litt på halv åtte no nokre dagar. Og så somna eg sjølvsagt på sofaen etterpå.
Eg har ikkje vore til Vik sidan torsdag, så i morgon må vi handle litt til helga, trur ikkje vi treng så mykje.
I dag fyller Audny 50 år. Ho er eldste dottera til bror min. Ho feirar dagen på Kanariøyane.Vi gratulerer henne med dagen.

mandag, mars 30, 2015

Dagbok 2015: 30.mars.

Klokka er 18.00, temperaturen er + 7  grader C, og det har skya over. Tidlegare i dag har det vore sol og fint. Eg hadde meg ei stund på solsenga på altanen.
Nils for tidleg på sjøen i dag for å sette liner. No er han ute og dreg. Håkon og Audun skulle komme til Eiksund og gå ombord der for å hjelpe til med draginga.
Eg nytta finevêret til å bytte på sengane, lufte sengetøyet og vaske soverommet. Og sidan eg hadde så "godt vann" vaska eg dei andre golva også. Elles har vaskemaskina gått i eitt, og eg har hengt opp kleda ute. No håper eg berre at det held seg opplett ei lita stund til, så eg får tørre dynetrekk.
Elles har eg gått med ei bok på øyret mykje av dagen, og er endelig ferdig med ei bok eg aldri skulle begynt på.
Hadde meg ein prat med naboane og eine dottera deira, ho bur i Oslo så det er ikkje ofte eg ser henne
Dei små påskeliljene dukkar opp overalt i hagen no, men som de ser er ikkje dette beddet så velstelt.

Bok nr.28 - 2015: Savner deg.

Savner deg av Harlan Coben (Lydbok-CD) 

Kat Donovan, NYPD-etterforsker, prøver å spore opp en savnet kvinne, samtidig som hun i all hemmelighet forsøker å finne ut hvem som drepte hennes far nesten 20 år siden. En venninne mener hun trenger adspredelse, og insistere på at Kat skal prøve onlinedating. I jungelen av profiler dukker plutselig et kjent ansikt opp. Det føles som om verden eksploderer, og følelser Kat har ignorert i mange år slår henne i hodet. Den som stirrer tilbake fra PC’en er hennes eks-forlovede Jeff, mannen som knuste hjertet hennes 18 år siden. Hun kontakter ham, men han mener fortid bør være fortid. Men slik er det aldri i en bok skrevet av Harlan Coben.
De forskjellige handlingstrådene griper inn i hverandre på de mest urovekkende og overraskende måter, og i likhet med andre Coben-thrillere er dette en bok du leser nærmest i ett strekk.

....................................................................................
Eg har det med å blande saman Harlan Coben og John Hart av ein eller annan mystisk grunn. Derfor vart denne boka med heim, til tross for at eg ikkje er spesielt begeistra for denne forfattaren. Eg synest boka til tider er rett og slett kjedelig, og det har vore mange tilbakespolingar og oppattlesingar fordi eg "dett ut". Så mange unødvendige ord!
Sjølve handlinga, plottet, er i grunnen spennande nok, men det blir for mange digresjonar og forklaringar undervegs at det er lett å miste tråden.
Boka er dessutan langdryg, type slutt som aldri blir slutt. Denne boka likte eg IKKJE.


søndag, mars 29, 2015

Dagbok 2015: 29.mars


Klokka er 20.00. Temperaturen ute er 4,4 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag, men enno er det lyst ute, takka vere sommartida.
Ja, vi hadde ikkje stilt klokkene før vi la oss i går, så det var langt på dag så snart vi hadde ete frokost.
Vi fekk med oss det meste av palmesøndagsgudstenesta på TV- litt uvant at barna vifta med "palmegreiner" og song "Kanskje kommer kongen"-det overgjekk nesten dåpsdagen til Eirik, der dei hadde greiner av thuja.
Middagen i dag var restar frå i går. Ja, eigentleg har det vore litt "dagen derpå" i dag, eg har vore veldig lat. Sat og strikka litt mens eg høyrde på ei dødskjedelig lydbok; det er berre viljen som får meg til å lese den ferdig. Og eigentleg forstår eg ikkje kvifor eg føler meg forplikta til å fullføre.
Så går eg her og ser på alle dei fine blomstrane som kom i hus til bursdagen min. Eg er veldig glad i blomster !
I morgon hadde dei to yngste gutane på Hareid tenkt seg på Kolåstinden, men Nils kontakta ein fagmann som frårådde dei å ta turen. Så no skal Nils ut og sette garn i morgon tidleg og så kjem dei to karane for å hjelpe til med å drage. Så får eg håpe det blir ein bra fangst. Eg finn meg vel litt husarbeid å henge fingrane borti.

lørdag, mars 28, 2015

Dagbok 2015: 28.mars



Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 5  grader C og freden har senka seg i heimen. Ute har eg ikkje vore i dag, men det har vore overskya og kanskje litt regn.
Vi starta feiringa tidleg, dei første gjestane kom klokka 13, og så avslutta vi tidleg. Det passar godt for gammalt folk.
Barn og barnebarn som hadde høve til det møtte fram for å glede 75-åringen. Traktementet var enkelt, så ingen trong stresse. Det var eit lite spleiselag, slik som det ofte blir i vår familie.
Eg har fått utrulig mange nydelige blomste: korger, potteplantar og bukettar. Det er overveldande.I tillegg har eg fått mange fine gåver. Her går ein og trur at einhar alt ein treng, men så kan det hende at andre ser at ein treng noko nytt.  Eg vil takke alle som har hugsa på meg i dag.


fredag, mars 27, 2015

Dagbok 2015: 27.mars



God påske
Klokka er snart 18.30. temperaturen er + 7 grader, det er overskya, men opplett. Det har vore ganske fint i dag også, sola har vore framme av og til.
I går kveld og sist natt hadde eg veldig vondt i hofta og foten, så eg låg våken det meste av natta. Derfor har eg tatt det veldig med ro i dag, det er dessverre de einaste som hjelper; og aldri har eg slik arbeidslyst som når eg ikkje kan gjere så mykje.
I dag vaska eg bad og kjøkken, så no er det i alle fall reint til helga.
Vi åt kjøpepizza til middag, før eg fekk meg ein god middagslur.
Vi har gjort klart det meste til morgondagen, så vi slepp å stresse i morgon før middag. I fjor var vi på Kongsberg i påska, i år vert vi heime, men så blir det tur til Solund etter påske om alt går etter planen.
Vil ønske alle blogglesarane mine ei fin påske, anten de er heime eller ute og fartar.

torsdag, mars 26, 2015

Dagbok 2015: 26.mars


KLokka er no 19.00. Det er lettskya og opplett ute, men temperaturen er berre + 2 grader C.
I dag før middag henta Nils heim veden han saga i går. Som de ser er det or, men om den har litt mindre brennverdi enn bjørka, så er det mykje mindre arbeid med den. Bjørkene der inne som han vedar er dessutan rotne i midten. Ein annan fordel med or, er at den ikkje svertar så mykje på glaset i omnen som det bjørka gjer.
Viss de studerer bildet, vil de sjå at Nils har konstruert ein smart sagkrakk der han legg alle dei tynne lengdene og sagar dei i eitt jafs. Eg er ganske lei meg fordi eg ikkje er i form til å vere med på veding, for det er noko av det kjekkaste arbeid eg veit. I fjor gjorde eg ein bra jobb ved vedkløyvaren; ikkje slik no.
Men eg fekk i alle fall støvsuga alle teppegolva, det er også eit nødvendig arbeid.
Etterpå var vi ein tur nedover og handla, og ein tur innom biblioteket.
Til middag i dag hadde vi fiskekaker, siste rest av den "eldste" porsjonen.
No er Nils på nominasjonsmøte i SV, eg har nytta åleinetida til å rydde kjøkkenet, og til å lese ut boka mi.

Bok nr. 27 - 2015: Den grenseløse.


Den grenseløse

Hvor langt vil du gå for å beskytte dine egne? «Den grenseløse» er den sjette lydboken om Carl Mørck og Avdeling Q i København-politiet.

Midt i sin sedvanlige og sårt tiltrengte morgenlur med beina på skrivebordet i kjelleren på politigården i København, får Carl Mørck en oppringning fra en kollega på Bornholm. «Har du tid til å høre litt på meg?» spør han. Men Carl er avvisende når han forstår at kollegaen er i ferd med å prakke på ham en ny sak. Dermed legger mannen i den andre enden stille på røret.
Bare få timer senere viser konsekvensene av den avbrutte samtalen seg. Den er totalt uforutsigbar. Carl presses hardt og må begynne å grave i en 17 år gammel sak med et ekstremt tragisk utfall. En ung, livsglad kvinne forsvant og ble funnet drept hengende i et tre.

Avdeling Q står overfor en sak som er både vanskelig og obskur. Samtidig driver en mystisk manipulator et kynisk spill for å beskytte seg selv og sine. I møte med kompromissløse og alternative miljøer blir Rose, Assad, Carl og nykommeren Gordon utfordret på alle tenkelige vis.

.........................................................................
Eg har lese alle bøkene i serien om Avdeling Q, og denne er like bra som dei andre. Men desse bøkene MÅ lesast som lydbøker, for opplesaren Helge Winther-Larsen løfter bøkene enda eit hakk. Sjølv er eg mest av alt fascinert av språket i  bøkene, så oversettaren har også gjort ein god jobb.Anbefalt!
For dei som enno ikkje har lese denne serien, vil eg anbefale å lese bøkene i kronologisk rekkefølge.



onsdag, mars 25, 2015

Dagbok 2015: 25.mars

KLokka har passert 18.00, temperaturen er + 8 grader og sola skin framleis.
Det har vore nydelig vêr i heile dag. Sidan eg ikkje er heilt i form for tida, held eg meg mest på altanen når sola skin. Var litt i overkant aktiv i går, og måtte ta det med ro i dag. Ikkje særleg kjekt, men får gjere det beste ut av det.
Gjorde litt husarbeid før middag, elles har eg lege på solsenga med lydbok mykje av dagen.
Nils er litt hyper, i dag for han på vedaskogen før klokka 10.00. Det er ikkje langt vekke, så det er lettvint å vede der, og folk er glade for å få meir sol og lys.
Til middag i dag hadde vi torsken som Nils fiska i gå kveld, men skal eg vere ærlig likar eg seien betre. Blir aldri lei av sei.
Viss alt har gått etter planen, kom Håkon heim med flyet for ei stund sidan. No manglar berre Audun , så er alle heime. Håkon vil gjerne til Ørsta og fiske, så vi får håpe det lagar seg med vêret neste veke.
Sidan eg ikkje har vore lenger enn ut på altanen i dag, har eg ikkje så mykje å berette.

tirsdag, mars 24, 2015

Dagbok 2015: 24.mars



Klokka har passert halv seks, og det begynte å bli lite sol på altanen, så eg gjekk inn. Det har vore ein nydelig dag, litt skyer først, men etter kvart heilt klårt. No er temperaturen + 7 grader C. Nils fekk lyst å fare ut for å fiske småsei, så eg er heime åleine. Men eg har Jussi! (lydbok)
Før middag var eg veldig flittig, fekk rydda og vaska litt både her og der-ikkje nødvendig å gå i detaljar. Nils var til frisøren og fekk klipt håret. 
Vi hadde tidleg middag, i dag fann vi pølser i frysaren. Etter middag reidde eg opp solsenga mi, og låg der og las og sov eit par timar. Eg er ikkje i form til å gå tur, så då blir altanlivet eit alternativ. Der er i alle fall sol og frisk luft.
Det er fint ute i hagen no; Nils raka vekk litt rusk i dag. Vi vart sittande på ein benk å sjå på ei humle som for frå den eine krokusen til den andre nede på plenen. Som eg sa til Nils: Ein har jammen god tid når ein kan sitte og sjå på ei humle ! Men som alle veit, er humlene grunnen til at vi menneska kan leve her på jorda.
Snart blir det gras og plenslått, då blir det meir å henge fingrane i.
Det er heilt utruleg at vêret kan skifte så mykje frå den eine dagen til den andre, men eg håper vi kan få ein finevêrsdag eller to til.


mandag, mars 23, 2015

Dagbok 2015: 23.mars

For 22 år sidan i dag, vart Ingeborg fødd. Eg hadde fødselsdag nokre dagar seinare og i gave fekk eg eit fotoalbum. Det tok eg fram i dag, og der var det stort sett bilde av Ingeborg, men også av dei to eldre fetterane.Dette bildet er frå hausten 1993, mens dei budde i Bugarden i Ulsteinvik. Det har vore mykje fokusert på at Ingeborg ikkje er verdens høgaste, derfor fall eg for dette bildet, det ho viser kor stor ho EIGENTLEG er.
Gratulerer med dagen store, vesle Ingeborg! Ja,vi gratulerer  heile familien med dagen !

Klokka er snart 18.00. Ute regnar og blæs det, men yr lovar full sol i morgon- litt vanskeleg å tru, men vi lever i håpet. Temperaturen er 5,5 grader C.
I dag har eg vore relativt flittig. Det første eg gjorde var å lage fiskekaker av 1,7 kg melen fisk. Nils fileterer fisken og mel den på gammaldags handkvern, så mitt arbeid er å lage røra og steike kakene. Det var mest lyr i dag, med ein liten tanke sei i tillegg. Fiskekakene vart gode og hadde ein fin konsistens. Fekk litt angst for å lage fiskekaker etter den porsjonen med "gummikaker" som eg laga i haust ein gong.
Så var vi nedover og handla litt. Blant anna skulle eg ha Citronsyre til kopar og messingpuss. Ja, det vart no kjøpt litt anna også. Middagen var grei, det var fiskekaker, sjølvsagt. Så blanda eg citronsyre, Zalo og vatn i ei bøtte og la kopar og messingtinga oppi og let dei ligge mens vi kvilte middag. Dessverre vart ikkje resultatet så godt som då eg gjorde det same før jul, men det får halde. Det blir fort stygt att uansett.
Så har eg "pynta" litt til påske, skifta løparar, lys etc.Litt stryking blei det også. No er eg ikkje så veldig "pyntete" av meg, eg er meir opptatt av det praktiske.
No har Nils frose ned 4 middagar med fiskekaker.

søndag, mars 22, 2015

Dagbok 2015: 22.mars

Klokka  har passert 18.00. Ute er det overskya, regn og + 5 grader C.
Eg plar seie at eg aldri kjeder meg, men i dag var det like før. I så fall er det min eigen feil.Men det må få lov å vere litt lei av alle desse grå dagane?
Og då tenkjer eg på vêret.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør. Baka ei kake f.m. og las ut ei bok. Nils gjekk ein liten tur. Til middag hadde vi enda ein rest å ete opp, så det blei lettvint. I morgon har eg fiskekaker på programmet, så då har eg plan for dagen.
Kom på at eg kunne no ha begynt å pynte litt til påske, såg på FB at somme hadde begynt med det. Men eg skal no ikkje pynte så VELDIG mykje.
Har begynt på ei ny bok, av Jussi Adler Olsen.Har likt godt dei andre bøkene i serien om Avdeling Q, så eg håper at denne er bra også. Men av og til har eg faktisk lyst å gjere noko anna enn å lese. Slik det er no kan eg ikkje ein gong strikke. Men elles har eg det bra.

Bok nr.26 - 2015: Marmor.




Marmor


Marmor» handler om galskap og normalitet, om annerledes foreldre og underlige barn. Toril Brekke har skrevet en slektsroman utenom det vanlige.
En eldre kvinne begraves fra Paulus kirke på Grünerløkka. På annen rad sitter barnebarnet Carla og tenker tilbake på hva bestemoren fortalte om livet sitt og generasjonene før. Ikke få barn! sa hun da Carla var tenåring: Vi må stoppe disse gærne italienske genene i slekta!
«Marmor» er en original slektsroman om en annerledes familie. Flere er rikt begavet, likevel strever de med samfunnets uskrevne regler. Vi får glimt av en stamfar fra Italia, vi treffer den avdødes to døtre som fremdeles hater henne intenst, og vi møter Carlas millionærfetter Jam som lever isolert fra omverdenen. Carla selv har nettopp fått vite at hun er gravid. Skal hun våge å få barnet?
......................................................
Denne boka var nokså snar å lese, berre 8 CD-plater. Eg har lese mange bøker av Toril Brekke før. Bøker med historisk bakgrunn. Denne boka er annleis, her slepper ho fantasien meir laus, og vi får ei forunderleg familiehistorie. Den fekk meg somme tider til å tenke på "Arsenikktårnet", men når ikkje halvvegs opp i kvalitet. Det er ein mangel ved alle TB sine bøker, dei blir for overflatiske. Ho går ikkje inn i personane, vi får ikkje dele kjenslene deira i den grad at vi føler med dei. Boka har fått mykje ros, eg er ikkje så sikker på kva eg meiner, men den var i alle fall grei å lese. Dette er mi høgst personlege meining.


lørdag, mars 21, 2015

Dagbok 2015: 21.mars

Klokka er 17.45. Temperaturen ute er ca+ 5 grader C. Det har skya over no, men tidlegare i dag var det strålande sol frå heilt klår himmel. No har Nils tatt seg ein tur ut med båten, eg er heime åleine og rippar bøker m.a.
Det har ikkje hendt så mykje i dag. Vi var ein tur nedover på biblioteket på føremiddagen, og handla litt på Nær-Kiwi. Etterpå snakka vi litt med naboar som var ute, og gjekk ein bitte liten tur, for å få vere ute i finevêret. Det var litt for kaldt å ligge ute på altanen i dag.
Til middag vart det diverse sortar spekepølse med potetsalat og mandelpoteter etc. Så det har blitt ein del drikking etterpå.
Sjølv om det ikkje skjer så mykje for tida, så kjeder eg meg aldri så lenge eg har bøker!
PS: Nils fekk ein stor lyr, så på mandag blir det å lage fiskekaker!

fredag, mars 20, 2015

Dagbok 2015: 20.mars



Klokka er 19.00, temperaturen ute er+2 grader C. Vêret var både regnfullt og grått frå morgonen av, og det var lita von om å sjå solformørkinga.  
Utover ettermiddagen vart det berre finare og finare. No er det nesten heilt klårt, men sola har gått ned. Neste helg skal vi over på sommartid og det gler eg meg til.
Det første eg sette i gang med i dag var støvsuging, etterpå hadde vi tenkt oss til Vik og handle på rabattlappane våre. Men så fekk eg melding frå ei veninne som ville på kafe. Det ville eg også, men først måtte eg vaske håret og shine meg opp.
På Fugl Fønix, der vi skulle møtast, var det fullt, så vi forflytta oss over gata til Fru Svendsen. Der trefte vi ein felles ekskollega og mannen hennar og vi fire vart sittande i lag og prate. Som vanleg når så mykje gammalt folk kjem i lag blir det mykje prat om sjukdom, og i dag var ikkje eg "verst"- dvs.ikkje sjukast.
Mens eg var på kafe, var Nils på Bakkola og høyrde på ei dame frå Hareid som har skrive ei bok frå krigens dagar. Kan vere greitt at vi skiller lag av og til så har vi litt å fortelle kvarandre om.
Middag hadde vi nesten klar, eg kokte ris til ein gryterett som Nils hadde funne i frysaren.
Då vi såg ut vinduet etterpå, såg vi at det rauk veldig på andre sida av fjorden. Vi henta kikkerten og såg at det var eit hus som stod i brann. Ikkje kjekt for dei som opplever slikt.
Det vart ein lang pause på sofaen i dag, så no er vi godt rusta for Gullrekka. Ønsker alle ei flott helg, vêrmeldingane er gode, men det blir vel ikkje reprise på solformørkinga?

I dag fyller Ivar i Innvik 77 år og vi gratulerer!


torsdag, mars 19, 2015

Dagbok 2015: 19.mars

Klokka er 15.30, temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Ja, eg kjende det på meg i går at noko var på veg. Eg reagerer på vått vêr.
Nils tok seg ein tur ned på kommunestyremøtet, det var spesielt ei sak han var spent på. Det er nokre år sidan han var med i kommunestyret no, men han er framleis med i styret for SV.
Eg er altså åleine heime, og har ei bok å høyre på. No er det "Marmor" av Toril Brekke. Vi hadde tidleg middag i dag, steikt sei.
Sidan eg ikkje var så god i hofta i dag, tenkte eg at det gjorde ikkje noko om eg vart enda litt verre. Så eg tok like godt og vaska ned badet. Eigentlig skulle eg berre ta vanleg vekesvask, men så vart det litt meir. Det er ikkje slik vask som eg dreiv med før, med klatring i trapper etc. No går det for seg med mopp på langt skaft, og det får vere greitt nok. Tok berre golvet på kjøkkenet. Somme som les bloggen min, påstår at eg vaskar mykje. Det gjer eg ikkje. Eg vaskar bad og kjøkken ein gong for veka, soverommet sjeldnare, og så støvsuger eg teppegolva ein gong i veka. Det er vel ikkje meir enn normalt? Men når ein fordeler det utover fleire dagar høyrest det kanskje mykje ut?

I dag er det bestemor Hilda sin fødselsdag; ho vart fødd i 1878. Litt rart å tenke på at ein har kjent folk som levde på 1800-talet. Hugsar bestemor sine fødselsdagar, då var vi samla på Hildegard, alle i familien som var i nærleiken den tida. Og bestemor fekk alltid sviblar, som lukta så godt. Bestemor levde til ho var 91 år gammal.

Bildet over er frå ein sommardag i hagen på Hildegard. Det er bestefar Eivind med tvillingane Kari Gunn og Helene Eva, Ellen Marie sit i midten, John Per på fanget til bestemor, og så er halve meg med lengst til høgre. Svein har sikkert hamna utanfor bildet. Men det er han som bur på Hildegard no.

onsdag, mars 18, 2015

Dagbok 2015: 18.mars

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 7 grader og i dag har det vore overskya. Merkar tydelig at eg har mindre energi dei dagane det ikkje er sol.Hadde ikkje noko anna på programmet i dag enn at eg skulle på biblioteket, men der opnar dei ikkje før klokka 12.00.
Men så var det ei veninne som ringde, og då var det heilt greitt å ha tid til ein lang prat.
Ettepå var vi både på bibliotek og apotek. Sidan apoteket er på Amfi, blei det ein tur dit. Andre ærend hadde vi ikkje der. Vi hadde ikkje lyst å fare rett heim, så det vart til at vi reiste til Volda og åt Kina-lunsj. Då vi kom heim måtte vi kvile litt, før vi drakk kaffi.
Eg hadde ein liter melk som var ute på dato, så eg laga ein brøddeig. Det går ein del brød for tida, så det er ikkje vekkasta å bake.
No skal eg rippe dei to bøkene eg fann i dag. Den eine er kjend, den heiter "Marmor" og er skriven av Toril Brekke.
Fekk lese ut "Fyrsten", men orka ikkje å skrive så mykje om den. Dei som er interesserte finn mykje stoff på nettet.
Eg har vore relativt smertefri nokre dagar no, men kjenner på meg at det er vêrbyte på gang. Elles håper eg alle har fått med seg reportasjen i Regionavisa i dag, der Svein journalist og Svein prest (han som konfirmerte Eirik) velsigna gamlegymnaset i Volda. Første året eg gjekk på lærarskulen budde eg i huset rett nedafor gamlegymnaset-då var det i bruk som skule.

Bok nr.25 - 2015: Fyrsten



Fyrsten

Wonderboy er tilbake!

Tretten år etter at dot.com-bobla sprakk, har Christian von der Hall skjønt at det finnes én ting her i livet som er mye mer interessant enn penger: makt. Christian von der Hall står foran sin kanskje største bragd. Alt han har arbeidet for de siste tretten årene peker frem mot dette øyeblikket. Høsten 2013 skal det skje. Ingenting må gå galt...
Henrik Langeland har kommet opp med en tett og heidundrandes roman om hvor langt noen er villig til å gå for å oppnå makt. Han har satt alle elementene i fortellerens abc sammen på forbløffende medrivende vis. Plotet hviler mye på den makt som ligger i å vite om andres hemmeligheter. De stadige nestenavsløringene gir romanen et høyt tempo. "Fyrsten" er intens som en god thriller, men er også så mye mer, der den spinner rundt maktspillet Christian bedriver for sine oppdragsgivere og hans kamp på det personlige plan.

Alt faller på plass i Langelands fortelling: humoren som gjennomsyrer romanen er stilfull, men ikke så latterlig at fortellingen knuser alle illusjoner noen eventuelt måtte ha om redelig og demokratisk valgkamp i vårt ikke helt uskyldige lille land.
..................................................................
Eg har ikkje lese "Wonderboy" , så eg stilte heilt blank då eg begynte på denne boka. Eg trudde det var tungt stoff, det er det ikkje. Eigentleg er det sladder på "høgt nivå", men til tider ganske morsomt.


tirsdag, mars 17, 2015

Dagbok 2015: 17.mars

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 6 grader, max temp i dag var + 12 grader C. Sola har gått ned no, men har skine frå klår himmel i heile dag. Det var eg ikkje heilt budd på, men fekk no vere lenge på solsenga sjølv om eg hadde litt å gjere inne først. Hagearbeid er det for tidlig å starte på så vi kan berre late oss om vi vil. Nils hadde litt fisk å filetere og noko ved som skulle i sekker. Litt må vi ha å henge fingrane i.
No på kvelden var vi på Kiwi og handla litt matvarer, dit kan vi fare utan å byte om. Tok eit par bilde frå parkeringsplassen, og jammen fekk eg med ein "kjendis" på det eine. Ikkje godt å kjenne att på den avstanden.
Nils skal på gruppemøte i SV klokka 20. Synd eg ikkje har ei meir spennande bok å kose meg med.


mandag, mars 16, 2015

Dagbok 2015: 16.mars


Klokka er 19.15, temperaturen er + 6 grader C, det er overskya, men opplett.Sola var framme stundesvis tidlegare i dag, men det strålande vêret vi har hatt siste dagane, er det visst slutt på. Dessverre.
Nils var vekk då eg stod opp i dag, men eg rekna med at han var ute og fiska, og det stemte. Det vart ingen storfangst i dag heller, det var det eg vil kalle småsei. Men det er godt det også. No har vi nettopp ete kokt småsei til sein middag.
Eg har vore litt tutlete i dag. Baka litt f.m., både kake og brød, elles har det vore litt klesvask etc.
Midt på dagen oppdaga eg at Nils var vekk og eg ante ikkje kvar han var. Langt om lenge kom han heim att, då hadde han vore på vedaskog. Ja, han hadde snakka om at han skulle stad og rydde opp att etter seg, men eg hadde ikkje fått med meg at det var i dag. Han er litt hyper.
Margrete var innom ein snartur mens Amanda var på ballett og drakk ein kaffikopp i lag med oss.Kjekt når ho stikk innom. No skal vi ha kaffi igjen, det er litt for seint å sove middag-fersk fisk er sovemedisin, så vi må ha litt motgift.
Bildet over tok eg klokka 18.30, derfor er det litt mørkt. Fotoapparatet svikta tidlegare i dag, men kom seg då eg ladda opp batteriet. Bildet av vedkløyvaren er tatt med mobil.

søndag, mars 15, 2015

Dagbok 2015: 15.mars



Klokka er 18.00. Temperaturen på baksida av huset er + 7 grader C og vi har hatt enda ein nydelig dag, med sol frå klår himmel.
Eg har prøvd å vere mest mulig ute. Før middag var eg med Nils ut på Rjåneset og såg etter båten og gjekk litt tur i nærområdet til hamna. Hadde med fotoapparat og såg blant anna etter teikn på vår.
Då vi kom heim sette eg meg opp til Marit på ein benk i solveggen, og der sat eg til Nils ropte at han hadde laga middag. Eg visste ikkje kva han hadde funne i frysaren, men gjetta på julepølser -og det stemte. Med ribbefeitt, rabbe og mandelpoteter vart det reine julestemninga.
Så la eg meg ut på altanen i sola, med teppe dyne og lydbok- og der vart eg liggande nesten utan avbrot til sola stod så lågt på himmelen at rekkverket laga skugge.
Ser at mange fer til fjells i finevêret, på ski. Skulle ønske eg var sprek nok, men hadde ikkje valt snø og fjell uansett. Uansett form, så er det i alle fall godt å vere ute i sol og frisk luft, det har vore mykje innevêr denne vinteren.




lørdag, mars 14, 2015

Dagbok 2015: 14.mars

Klokka er 19.15. Temperaturen ute er + 3 grader C, tidlegare i dag var det opp i +10. Vêret har vore nydelig i heile dag, ikkje ei sky på himmelen. Klokka 18.00, då eg tok bilda, var sola vekk her hos oss, men då var det sol i Mosmarka og på Melle.

I går var eg så elendig -verkte heile dagen. I dag var eg betre, og for at eg ikkje skulle bli dårlig igjen, har eg tatt det veldig med ro.Rydda litt i huset før vi var nedover og handla. Etter lunsj gikk Nils tur i lag med Torbjørn, mens eg la meg på solsenga, godt nedebreidd, med lydbok. Sol og frisk luft fekk eg i alle fall, sjølv om eg mykje heller ville ha gått tur.
Det blei sein middag i dag også, i dag vart det skikkelig mat, steikt sei.

Bok nr. 24 - 2015: Den urolige mannen


Den urolige mannen


Den ellevte og aller siste boka i Henning Mankells bestselgende serie om Kurt Wallander.
En pensjonert marineoffiser forsvinner under en av sine daglige spaserturer. Kurt Wallander, som fortsatt er politimann i Ystad, vet at det var noe som gjorde mannen urolig før han forsvant. Wallander kan ikke la være å engasjere seg, til tross for at etterforskningen tas hånd om av politiet i Stockholm. Da også offiserens ektefelle forsvinner like sporløst, like gåtefullt, blir Wallanders engasjement i saken om mulig enda større. Sporene peker bakover i tiden, til den kalde krigen, høyreekstremistiske grupperinger og østeuropeiske leiemordere. Kurt Wallander aner at han er kommet på sporet av en hemmelighet, kanskje av noe som er mer alvorlig enn Wennerström-affæren, den verste spionsaken i svensk historie.
..........................................................................
Då eg kom heim med denne boka, oppdaga eg snart at eg hadde lese den før, men bestemte meg for å lese den ein gong til. Eg likar å lese bøker fleire gonger, men unntaket er krimbøker. No er eg velsigna med dårleg hukommelse, så eg likte godt å lese denne boka om att. Det er siste boka om Kurt Wallander, og boka handlar mykje om korleis Wallander opplever det å bli "gammal". Boka er nokså "politisk"-noko som ikkje er meg imot. God bok.

fredag, mars 13, 2015

Dagbok 2015: 13.mars

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader C og det har vore nydelig vêr i heile dag. Litt vind kjøler ned, men det gjer ikkje så mykje.
Eg støvsuga teppegolva i dag, og vaska og hengde ut ei maskin med klede, det er alt eg har gjort.
Mykje av dagen har eg lege rett ut på solsenga, men puter, teppe og dyne etc. og lese i lydboka mi. Har vore mykje plaga med smerter i rygg, hofte, kne osb. så eg ville prøve varmebehandling. Det gjorde i alle fall godt å få sol og vind i eit vinterbleikt ansikt.
Nils fekk på plass resten av veden, og så gikk han og Torbjørn tur. Det gjeld å gripe dagen mens vi har den.Motivet på bildet over er velkjent, det er berre for å vise kor fint vi har det i dag. Krokusane var meir utsprotne i dag og veldig fine. Ingen blomster blir vel meir sett pris på enn dei som kjem først.
Det er fredag den 13. i dag, men hittil har det ikkje skjedd noko dramatisk.
                   No vil eg berre ønske alle ei god helg.


torsdag, mars 12, 2015

Dagbok 2015: 12.mars

Klokka er 16.30, og temperaturen ute er + 9 grader C. Det både bles og regna sist natt, men då morgonen kom skein det opp og vi har hatt fint vêr i dag, ikkje heilt klårt, men mykje sol.
Dagen starta med legebesøk, der eg raskt vart godkjend for sertifikat i tre år til. Etterpå var vi på biltilsynet og "bestilte" nytt sertifikat.Lurte på å stikke innom Opel og kjøpe meg bil, sidan vi var i området. Det vart ikkje noko av, men vi var nær El-kjøp også så det blei til at vi kjøpte ny mus til laptoppen. I går måtte eg ta den som er på den stasjonære maskina og kople den til. No kjøpte eg ny trådlaus.
Vi var også på Felleskjøpet og handla hønsegjødsel som vi skal ha på blomsterbeddet nedanfor garasjen, i håp om at kattane vil halde seg vekke og ikkje grave opp løkane. Det er mykje å tenkje på når våren er i kjømda. Heldigvis klipte vi ned alle stauder etc. sist haust, så vi slepp det no.
Då vi kom heim var det mange naboar ute i gata, så vi vart ståande og gåande og prate med dei ei god stund før vi var inn og fekk oss lunsj.
Har gjort lite til nytte i dag, fekk litt av ei verkenatt etter gårsdagen, så eg måtte ta det med ro i dag. Er bra no.
Nils har styrt med ved, og på slutten var eg ut og hjelpte til med kløyvinga, så no er alt oppkløyvt, men ikkje alt er kome sekker. Ca 25 sekker er ferdig lagra og så blir det nokre til.
Til middag i dag trur eg vi leitar fram ein pizza frå frysaren sidan vi ikkje har planlagt noko anna.
Eirik har tatt teoriprøva til sertifikatet i dag, og neste mnd. fyller han 18 år, så då blir det å køyre opp. Han har køyrt mykje både med foreldra og bestefedrane, så han stiller sterkt.
 Det poppar opp løkvekstar overalt for tida. Krokusane er i blomst.
Denne primulaen har blomstra i heile vinter til tross for at han ser litt sjaber ut.

onsdag, mars 11, 2015

Dagbok 2015: 11.mars

                                           Kløyvd.
Klokka er16.45. Temperaturen er + 9 grader C og det har vore ein nydelig dag med sol frå nesten klår himmel.
Når det er fint vêr får eg arbeidslyst. Nils dreiv og køyrde heim ved, og eg tek og vaska dusjkabinettet+ bad og kjøkken før eg gjekk ut ein tur. Prata litt med naboar, raka litt singel frå plenane etc.etc. Så var eg med nils og henta siste vedlasset før vi åt lunsj.
Nils begynte å kløyve ved etter at vi hadde hatt ein pause, og eg lurte meg til å kløye litt eg også, men passa på å ikkje bøye meg ned, og heller ikkje løfte for tungt. Sist eg kløyvde enda det med telefon til legen, det var i fjor vinter. Men å kløve ved er berre så kjekt!
Det har ikkje vore så mykje effektivt arbeid i dag, men kjekt med nabokontakt etter ein lang vinter.
No skal vi lage middag, i dag blir det fiskekaker frå frysaren.
I morgon skal eg stille opp hos legen og få mitt pass (dvs. sertifikat) påskrive - håper eg.
                   Ukløyvd ved. Ikkje beste kvalitet, men gratis.

tirsdag, mars 10, 2015

Dagbok 2015: 10.mars


Klokka er no 16.20 og det bøttar ned som aldri før. Men i morgon skal det etter vêrmeldingane bli SOL. Vanskelig å tru på det akkurat no. Så lite sol som det har vore denne vinteren, kan eg ikkje hugse det har vore nokon gong før. Temperaturen ute er + 5 grader.
Når det  er slikt vêr blir eg enda latare enn vanleg, så i dag greip eg til det eg gjer når eg ikkje har noko anna å gjere, eg baka brød. Berre 3 stk. men til oss to varer det lenge.Det blei brødmat til "middag" også, med karbonadar og anna salt pålegg. Sidan vi skal på pensjonistmøte/fest trong vi ikkje all verda. "Festen" er frå klokka 18-21; sidan dei er i arbeid dei som arrangerer, må det bli såpass seint.Der plar vere masse gode smørbrød og bløtkaker med krem, slik som vi gamle likar.Og så plar der vere loddsal og MANGE gevinstar.
Nils fekk veden frå plenen og ned til garasjedøra f.m. i dag. Han måtte kle seg i oljehyre for å vere ute. Han sette ikkje i gang å kløyve, og det er eg glad for. Mesteparten av veden ligg att på hogstplassen- det er dei store kubbane som ligg att. Skulle ønske eg kunne stille opp og kløyve, men det kan eg ikkje, same kor kjekt eg synest det er.
Så får vi berre vere glade for at verken lyng eller rhododendron tørkar opp denne vinteren, slik som i fjor. No er Nils ferdig på badet og det er min tur.

mandag, mars 09, 2015

Bok nr.23 - 2015: Perlen

Denne vesle boka har eg lese i dag ettermiddag mens eg rippa eit par andre bøker etc. Den er berre på 3 CD plater. Det er Toralv Maurstad som les, og eg synest lesestilen hans er litt for sakte og gammalmodig. Likevel passar den til teksten.
Få kan fortelle ei historie som John Steinbeck, og denne fortellinga, som eigentleg er ein anekdote frå ei anna bok, er ikkje noko unnatak. Det handlar kort sagt om ein fattig mann som finn ei enormt stor perle. Som forfattaren sjølv seier kan fortellinga godt lesast som ein allegori.

Dagbok 2015: 9.mars

Klokka er no 18.30. Temperaturen ute er +6 grader C og det er opplett. Det var regn litt tidlegare på dag. I dag brukte eg mykje av føremiddagen til å lage ei kake og rydde opp att. Så var vi ein tur nedover på biblioteket, der eg tok med meg tre bøker av relativt lite interesse. Var også ein tur på Amfi og handla meir mat. Blant anna kjøpte eg svinekotelettar som eg steikte til middag. Det er ei stund sidan sist vi hadde det no, så då vart det ei avveksling. Etter middag sette eg meg til å rippe bøker, og så vart det ei lita lesestund på sofaen, mens Nils var av garde og henta ved som han saga opp. Trur ikkje eg skal kløyve denne gongen sjølv om eg har veldig lyst. Har vore ganske bra nokre dagar no. Mens han styrte med ved, hadde eg ein liten oppvask og litt rydding på kjøkkenet. Dagane fer som ein røyk anten ein gjer noko eller ikkje.
(Eg må inn på Google for å få lagt inn bilde. Lurer på om det er derfor resultatet blir så dårlig? Men det er berre å klikke på bildet, så blir det betre). 



søndag, mars 08, 2015

Dagbok 2015: 8.mars


Klokka er 20.00. Temperaturen ute er 3,5  grader C. Vêret har vore vekslande i heile dag, snøbyger, sol etc. Eg har ikkje vore ut for ei dør, eg har vore gørlat og stort sett lese. Eg er ikkje typen som kan kose meg med ei bok over lengre tid, eg må lese ferdig-og i dag vart det to bøker. Det må visst ikkje skje igjen.
Har vaska eit par-tre maskiner med klede, det er ikkje arbeid i våre dagar. Til middag steikte eg sei- den er best før den har vore frosen.
Nils har sett mykje sport på TV- då kan eg lese med godt samvit. Ikkje har vi feira kvinnedagen heller.
I går kveld etter at vi hadde lagt oss, vart det eit voldsomt bråk ute. I dag såg vi at det hadde gått mange ras i Melshornet.

Bok nr.22 - 2015: Svøm med den som drukner.




Svøm med dem som drukner


Høsten 1971 blir et kjærestepar funnet omkommet i Frankrike, på en avstengt, skogbevokst slagmark fra første verdenskrig. Deres tre år gamle sønn Edvard er sporløst forsvunnet. Fire dager senere dukker han opp på et helt annet sted i Frankrike.
Ingen vet hvor Edvard har vært, og han vokser opp på en fjellgård i Gudbrandsdalen sammen med sin tause bestefar.
Hva gjorde foreldrene i det avstengte skogholtet, og var det en tilfeldighet at de tråkket på en gammel gassgranat fra krigens dager?
Og hvem har, til bestefarens begravelse, sendt dem et praktstykke av en kiste, snekret i et treverk ingen har sett make til?
Letingen etter svar fører 23 år gamle Edvard både til Shetland og tilbake til Frankrike, der han må grave seg inn i de mørkeste krokene i familiens fortid. En fortid som er tett vevd sammen med de store europeiske hendelsene fra forrige århundre, men også lidenskapen til en mestersnekker som søkte lykken i 30-tallets Paris.
........................................................................
Denne boka har eg lese før, men følte at eg ikkje hadde fått med meg alt, så eg bestemte meg for å lese den om att, parallelt med papirboka. Må ha noko å lese på senga etc. Eg er glad for at eg las den ein gong til, for det var faktisk noko eg ikkje hadde fått med meg.
Heilt tilfeldig har dei to bøkene eg har lese samtidig  mykje felles.To unge menn er fotellerar i kvar si bok. Den eine reiser til Færøyane, den andre til Shetland t.d.


Bok nr. 21- 2015: Buzz Aldrin hvor ble det av deg i alt mylderet.


Nummer to
Gartneren Mattias blir født i 1969, nøyaktig samtidig med at amerikanerne landet på månen. Mattias blir besatt av Buzz Aldrin, mannen som steg ut av raketten som nummer to, han som ble glemt. Mattias' historie starter som en studie i den tilsynelatende normalitet. Mattias er den inkarnerte toer, din anonyme klassekamerat, han du ikke husker navnet på, han som går bevisst inn for ikke å synes - så til de grader at medelevene betrakter ham som litt sprø.

Det normale blir abnormt. Også hjemmet er slik, i det ytre harmonisk, men, som Mattias uttrykker det, det «ble aldri de store kranglene hjemme hos oss, heller ikke de gangene det burde blitt det».Historien likner lenge på en såkalt generasjonsroman; en tenåringsskildring med tilhørende tidskoloritt og henvisning til populærkultur. Men så eksploderer handlingen. Kjæresten slår opp. Gartneriet går konkurs. På ett nivå opplever hovedpersonen dette nærmest som en befrielse. «Ting hadde endelig begynt å ramle fullstendig fra hverandre, og det var nesten en lettelse å merke det.»
.........................................................
Det er laga TV-serie av denne boka. Eg kan så vidt hugse litt av den. Pål Sverre Valheim Hagen spelte hovudrolla som Mattias.(Skodespelaren er vel mest kjent frå Kon Tiki-filmen, der han spelte rolla som Thor Heyerdal).
No har eg lese denne boka på papir-630 sider- det meste ståande ved kjøkkenbenken. Det er svært sjeldan eg les tjukke bøker i papirutgåve, sidan eg ikkje kan sitte så mykje. Margrete las heile boka på EIN dag, eg har brukt litt lenger tid.
Det er ei fantastisk bok, heilt utan dødpunkt. Ein vil berre lese vidare og vidare-kanskje litt fordi her er få punktum ? Margrete har skrive om boka før, og elles er der mykje på nettet.
Eg vil berre skrive: ANBEFALT !

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...