søndag, mars 08, 2015

Dagbok 2015: 8.mars


Klokka er 20.00. Temperaturen ute er 3,5  grader C. Vêret har vore vekslande i heile dag, snøbyger, sol etc. Eg har ikkje vore ut for ei dør, eg har vore gørlat og stort sett lese. Eg er ikkje typen som kan kose meg med ei bok over lengre tid, eg må lese ferdig-og i dag vart det to bøker. Det må visst ikkje skje igjen.
Har vaska eit par-tre maskiner med klede, det er ikkje arbeid i våre dagar. Til middag steikte eg sei- den er best før den har vore frosen.
Nils har sett mykje sport på TV- då kan eg lese med godt samvit. Ikkje har vi feira kvinnedagen heller.
I går kveld etter at vi hadde lagt oss, vart det eit voldsomt bråk ute. I dag såg vi at det hadde gått mange ras i Melshornet.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg liker ikkje ras! Ser ut som det er både jord og snø?

Besta sa...

Rasa frå Melshornet er som regel ikkje så store. Der er for bratt til at det samlar seg mykje snø. Og det er helst mildversras-blanda med mold.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...