fredag, juni 30, 2023

Dagbok 2023:30.juni


 Klokka er no 18.05, temperaturen ute er ca 20 grader , det er opplett og sol. Også i dag var det overskya og regn då eg stod opp, men etter kvart kom sola fram. Det er kjempefint å ha regn om natta så slepp ein å vatne så mykje.

I dag hadde eg bestemt meg for å vere flink husmor, så eg henta 5 kg med frosne plommer opp frå frysaren og kokte sylte. Plommene er frå 2021,då hadde eg masse plommer som eg fraus ned. I fjor fekk eg ikkje ei einaste plomme på trea mine, i år kan det bli litt igjen. Eg et nesten berre plommesylte på skiva -når eg har. Eg hadde også kjøpt inn for mykje melk som heldt på å gå ut på dato, derfor sette eg ein brøddeig også. Heile kjøkkenet flaut, men det gjer ingen ting, for det er no berre å rydde opp att. og det gjorde eg, vaska panna  m.m. for hand, og så vart oppvaskmaskina full også. Då det var blitt rimeleg ryddig kunne eg gå i gang med fredagsvasken. Og då alt var ryddig og reint, tok eg meg eit måltid. Det vart nysteikt brød med plommesylte i dag.

Mens eg heldt på å koke og steike oppdaga eg at eg mangla eitt og anna; eg lurte på å ta ein tur på butikken, men utsette det til i morgon.

Etter at eg hadde ete, kjende eg at eg var litt sliten, så då tok eg TV pause, før eg kledde meg om litt og gjekk på Vernet. Eg rasar ikkje av stad når eg går, for knea mine er ikkje heilt gode, det er no derfor eg går på trening.

På bildet over kan de sjå ein kvilebenk. Desse benkane vert laga på ein fabrikk her i Ørsta (VIK ØRSTA). Dei er tunge og stødige, men eg trur dei er dyre.Der står fleire slike på runden .

Akkurat der denne benken står er det ein liten vegstubb opp til granene, men stigen går lenger. Der gjekk eg somme tider før. No går eg ikkje i terreng fordi eg ikkje har balanse som er god nok, og eg vil helst sleppe å dette.

I dag reiste Margrete med følgje til Solund, og blir der ei veke. Solveig og Øystein reiste til Sverige. Solveig , spesielt, trong å få slappe av. Ho hadde samme slags forkjøling som eg hadde, men ho gjekk på jobb alle dei 3 vekene ho var "sjuk". Det var vanskeleg å skofte sidan det var eksamenstid, med muntlege eksamenar også. Får håpe ho slappar godt av no.

Eg reknar med at Rasmus og fam. kjem oppover ein gong i juli slk at familien blir samla. Då skal vi feire Solveig sine 60 år.

Den dagen ho vart født på sjulkehuset på Eid, kom oversøster ÅSe med ei rose ho hadde plukka i beddet utanfor sjukehuset. "Her kommer jeg med sommerens første rose" sa ho. Det var forresten ein veldig fin sommar!





Dette er den første Leonardo da Vinci-rosa i år, fargen står godt til dei små nellikane som også er i beddet ved garasjen. I dag også fann eg eit par jordbær i åkeren min.

torsdag, juni 29, 2023

Dagbok 2023:29.juni

 

Klokka er no 15.52, temperaturen ute er +22 grader C, det har vore overskya det meste av dagen, men ikkje regn. Regnet fekk vi sist natt såpass at vi slepp å vatne i dag, trur eg.

I dag var det siste treningsøkta før ferien. Det er litt godt å få meir tid til eigen disposisjon. Sjølv om vi trenar berre ein time går det tid til å gjere seg klar og så blir det kanskje ein tur på butikken etterpå. I dag måtte eg på ALTI for eg skulle ha tablettar på apoteket. Så kjøpte eg meg to par med hagehanskar på Clas og sitteputer til kjøkkenstolane på KID. Det eg gløymde var at eg skulle ha olje til altangolvet, så då blir det snart ein tur til. Mat kjøpte eg på KIWI på heimvegen.

Eg sende melding til Marit då eg kom heim og spurde om eg skulle komme opp, og det ville ho.Eg hadde no helsingar med frå mange på treninga blant anna. Det går relativt bra med foten hennar.

Eg hadde ete litt grønsaker før eg gjekk opp, så då eg kom heim att sette eg på vaskemaskina og gjekk tur på Vernet. Det tok litt tid i dag, for eg hadde kledd meg for varmt, så eg måtte kvile på nesten alle benkane. No har eg hatt meg ein kaffikopp med noko attåt, og så har eg hengt ut klesvasken. 

Dei to som var her i går fann eit par jordbær i åkeren min, og i dag fann eg også. Heile åkeren er berre rot og ikkje orden. På den andre åkeren som vi hadde jordbær på før, veks det ingen ting, men no lurer eg på å spade den opp og plante jordbær der også. Eg spadde den opp minst to gonger i fjor, men no ligg den heilt brakk. Eg har eigen- produsert jord som eg kan spe på med. Grunnen til at jordbæråkeren har fått dårleg stell er at ryggen min protesterer somme tider.


Alle tre bilda som eg legg ut i dag er tatt frå samme ståstad. Det som er øvst-nedover og dei to andre opp mot skogen. Der kan vi sjå at det kjem opp små tre over alt. Den raude steinen er raud fodi ein av bekkane som kjem ovanfrå  har mykje jern i vatnet, så det raude er rust, rett og slett..

 No skal eg ta på meg arbeidsantrekk og gå ut og jobbe.


onsdag, juni 28, 2023

Dagbok 2023: 28.juni


 Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 19 grader C og det regnar. Før i dag har det vore opplett og til dels sol.

Eg kom relativt tidleg i sving i dag. Eg lufta teppe og sengetøy til rommet i kjellaren , der gutane til Rasmus plar ligge, og så vaska eg golvet. Godt alt som er gjort, og i dag var det fint å henge frå seg ute. Det var sol og fint lenge, men ut på ettermiddagen skya det til-og så kom regnet. 

Men før den tid hadde eg reinska vekk ganske mykje ugras både her og der. Eg har funne ut at det kan vere lurt å ta skvallerkålen ofte så blir det ikkje så mykje. Eg hadde ein liten operasjon oppe ved postkasse-stativet, der var det litt ruskete. og eg var nede på muren og ruska opp litt der også-

Eg laga skikkeleg middag til meg sjølv i dag, og så fekk eg melding frå Amanda om at ho og Eirik kom ein tur på ettermiddagen. Eg laga ei vaffelrøre i tilfelle dei var svoltne- eg håpte det, for eg likar ikkje å ha restar. Og heldigvis vart eg av med vaflane då dei to kom nærmare 16.30. 

Det var kjekt å få besøk, og vi har alltid noko å snakke om. I dag hadde vi også "visning" på kjellar-leilegheita , eg kjem ikkje til å ta inn leigebuarar med det første. Særleg om sommaren er det kjekt å ha huset heilt for seg sjølv og eventuelle gjestar. No lir det så langt på dag at eg kjem ikkje til å gå tur på Vernet, men eg har no trimma litt her heime i dag også.

I morgon er det trening igjen, og det er siste gongen før sommarferien.



tirsdag, juni 27, 2023

Dagbok 2023: 27. juni


Klokka er no 18.47, temperaturen ute er + 17 grader. Eg sveittar, for eg kom nettopp att frå en snartur på Vernet- det var varmt nok. Det regna sist natt og i dag har det vore overskya og opplett-Eg synest det er ei grei ordning at vi få regn om natta-og ikkje om dagen.

Dagen i dag vart litt annleis enn eg hadde tenkt, men det var no kan hende berre bra. Først var eg på trening, reiste åleine i dag fordi Marit hadde skada seg litt.

Då eg kom heim var eg opp til henne ein liten tur. Eg fekk melding frå Solveig då ho reiste heimanfrå . Ho kom til avtalt tid og hadde med både rabarbrapai og krem, så eg hadde berre å koke kaffi. Ho hadde også avtalt med Margrete at ho og skulle komme. Så då vart vi tre. Vi åt og drakk kaffi, og prata og prata. Det er godt for jentene å få ferie no og kople av frå skulearbeidet.

Etter at dei to var reist, fann eg ei melding frå Amanda om at ho og Eirik ville komme på besøk, men sidan det leid så langt på dag og dei skulle ha middaag klokka 7, vart det besøket utsett til i morgon. Eg går her mykje åleine, men no når det er ferietid risikerer eg å få besøk no og då- Og det er sjølvsagt kjekt. Men i dag har eg ikkje fått reinska eit einaste blomsterbed. Viss ugraset får stå til i morgon-blir det lengre til neste gong eg må luke.


mandag, juni 26, 2023

Dagbok 2023:26.juni

Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +21 graderC,  det er overskya og på PC-en står det:Regn kommer, og det trur eg så gjerne. Før i dag har det vore strålande sol.-

Det var Margrethe K. som bad oss til selskap heime hos Tone, for det er best for Tone å halde til heime.Ragnhild plukka opp meg  og Astrid på vegen bort. Eg skal ikkje gå i detaljar men vi hadde ei fin stund og vi fekk god mat. Det er ikkje så mange att av dei eg jobba i lag med, men vi som er har sterke band, vi har følgt kvarandre meir og mindre tett i alle pensjoniståra også . Eg er anten den eldste eller nesteldste av oss.Alle syntest at den nye toppen min var fin.

Då eg kom heim var det berre å få på seg arbeidsklede og komme i gang med å klippe plen. Denne veka klipper eg ikkje skråninga. Etter at eg hadde klipt rydda eg opp der som valmuene stå, der var mykje rot og ugras, Eg såg meg ikkje syn med å begynne på skvalleren i dag. Eg ser at graset sprer i bringebæråkeren, men skvalleren leder.- den er komen lengst.Eg trur ikkje eg skal gå på Vernet i dag, eg har no trimma med klipparen. 

Eg har ikkje snakka med Marit i dag, men det er no enno tid. I morgon er det trening og det blir det torsdag også, men så får vi ferie i juli.
 

Viss de ser godt etter ser de at dei raude peonane blomstrar. Marit U sine har blomstra og visna allereie.

Ser de lenger ned så ser de at Bjørn har sett opp stillas, han driv og reparerer taket sitt. Eg tenkte at vi kunne hatt stillas når veggen skal malast, eg vil ikkje at nokon skal falle ned.

søndag, juni 25, 2023

Dagbok 2023: 25.juni.


 Klokka er no18.35, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Vi har hatt eit fantastisk ver i juni i år-måtte det berre bli fint resten av sommaren også, regn om natta og sol om dagen, betre kan det neppe bli.

I dag har eg vore åleine heime heile dagen. Føremiddagen vart ikkje så lang og då eg hadde sett TV etc tok eg ein tur på Vernet, så var det gjort. Det er varmt der oppe også, men der er nesten alltid ein liten bris. Som før sagt ser eg mykje på blomster og andre vekster når eg går der oppe. Lupinen er på retur no og det er Svæven som dominerer(sjå bildet).

Då eg kom heim att laga eg litt middag og så la eg meg ut på solsenga med lydbok. Ein eller annan gong har eg begynt på ei bok som poppa opp og i dag las eg den ferdig. Eg likte boka veldig godt.

Eg hadde planar om å drive med stille hagearbeid i dag, men det vart ikkje mykje av det. Det er faktisk veldig varmt å arbeide. 

Eg var ut i hagen no og tok bilde av det som blomstrar mest. Som eg har skrive før er det ei voldsom blomstring i år, men ingen ting varer lenge.

Desse gule liljene er ein villeg sort, dei kjem også frå bestemor sin hage. I år er det ekstra mange blomster på den


Dei blå storkenebb- blomstrane fekk eg av Sissel då ho budde her i gata. Eg fekk 4 røter som ho hadde kjøpt. Slike blomser veks no vilt også, men dei er litt mindre.
Eg har altså ikkje utretta noko i dag - men det gjer vel ingen ting?
I morgon skal eg til Volda,der vi skal ha treff for "gamle" kollegaer. Ragnhild kjem og hentar meg kl. 11.20 og vi skal opp til Tone.

Bok nr.6 2023: Privatlivets fred

 

Eg les ikkje så mange bøker no, det blir til at eg ser TV i staden. Men så vart det fint ver og soling på altanen. Då er det kjekt med lydbok.

Det var heilt tilfeldig at eg las denne boka, men eg angrar ikkje på det. Den er morsom på ein satirisk måte.
Dei som er interesserte kan  lese på nettet -men les gjerne utan å vite noko på førehand. Eg likte denne.
Eg trur at veldig mange vil kjenne seg sjølv igjen  igjen. Denne boka var mykje betre enn eg hadde tenkt, og det var heilt tilfeldig at eg las den.

Den som kun tar spøk for spøk og alvor kun alvolig, han og hun har faktisk fattet begge deler dårlig.

lørdag, juni 24, 2023

Dagbok 2023: 24.juni

 

Heilt til venstre på bildet ser vi Starevegen.

Klokka er no18.30,temperaturen ute er + 25 grader, sola skin og sveitten renn-men det er berre nydeleg.Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, der oppe er det nesten alltid ein liten bris, og det kjem vel med.

Denne veka som no er slutt har eg fått gjort nokså mykje både inne og ute. I dag har eg gjort ingenting. Det einaste eg hadde på programmet var at eg skulle kjøpe meg ein ny "topp" til eg skal i selskap på måndag. Marit hadde også ærend på Aandahls, så eg venta til ho kunne vere med. Eg var ut på altanen og retta litt på nokre flakar som ikkje låg som dei skulle, og då måtte eg klippe vekk meir eføy. Eg hadde tenkt å kjøpe olje og ha på i dag, men slo det frå meg, for eg visste ikkje om der var tørt nok.

Vi kom oss no av stad, Marit og eg. På butikken ,som er stor er der veldig mykje varer og alle kleda er sorterte etter farge. Eg stod til slutt med to toppar som eg prøvde. Eg trudde eg skulle velje den eine, men så vart det den andre. Noko av det verste eg veit er å prøve klede på butikk-men må ein så må ein! Eg kom heim med ein heilt enkel topp, men eg likte fargane godt. Det var derfor eg tok akkurat den. Det er ikkje ofte eg kjøper meg nye klede-kanskje altfor sjeldan. Og no blir kleda også dyre, toppen min kom på 600kr

Eg tok meg litt mat då eg kom heim, og så skulle eg legge meg ut på solsenga. Vi hadde to slike, men den eine har eg skrota før, og no skal den eg har att få seg ein tur på vør, den også. Eg hadde lydbok med meg men så for sola vekk bak ei sky og det vart kaldt, så eg gjekk  inn att. Eg vart sittande her med kabal på maskina og lydbok på øyra, heilt til eg greidde å rive meg laus og gå tur. Der var lite folk på Vernet i da, eg var vel så å seie åleine.Eg likar å sjå på alt som veks der oppe, i dag var der kome revebjeller, og eg fekk skikkeleg sommarkjensle då eg såg at dei slo Åsmund-marka

Eg går og ser på hagen min, og nyt alt som blomstrar og er fint. Det er veldig frodig i år, menblomstrane held ikkje ut så lenge.Mange av buskene mine er avblomstra.

Eg likar rosa roser, og dette er den nyaste rosa eg har, men ei rose står berre ein dag før den visnar, men så kjem ei ny. No har det regna såpass at eg nok må begynne å reinske ugras igjen. Det er eit stillferdig arbeid som ein også kan gjere på helgedagar.

I dag fylle eldste barnebarnet mitt, Einar 36år, han og begge brørne er på tur til Gøteborg, der dei skal vere på ein konsert. Eg får håpe dei får ein kjekk tur -og eit minne for livet.
No skal eg sjå Dagsnytt, det er ikkje kjekt å sjå og høyre på korleis det artar seg i Russland og Ukraina. Eg trur det er dags for ein ny revolusjon i Russland

fredag, juni 23, 2023

Dagbok 2023: 23.juni- Jonsokaftan

Klokka er n019.00,temperaturen ute er+19 grader og sola skin. Sist natt regna det mykje , og eg trudde dett skulle bli ein grå dag. Men så skein det opp.

I dag tok eg fredagsvasken på føremiddag, men vart tidleg ferdig, så eg fann ut at eg kunne gjere meir- Eg har mykje arbeids-lyst for tida. Eg fann ut at eg skulle gjere noko som eg har gjort berre ein gong før. Eg skulle løfte opp flakane som ligg på altangolbvet og spyle både flakane og plasten under. Det var ingen liten jobb og tungt var det også, men eg kom i mål. Viss det no blir opplett framover, kan det hende eg går laus og oljar inn fjølene. Eg brukte over to timar på  jobben i dag
 

Under arbeid

Ferdig
                                               

Eg hadde ikkje lyst på rømmegraut i dag også, men då eg var ferdig med jobben kunne eg ha ete kva som helst-så då vart det graut. Etter middag var eg opp til Marit og drakk kaffi med henne, men så måtte eg ta ein tur på Vernet, trur det var første turen denne veka.

                     Frå Vernet såg eg røyk frå bål på andre sida av bygda

                 No vil eg berre ønske alle ei god helg!

torsdag, juni 22, 2023

Dagbok 2023: 22.juni

Klokka er no 19.23, temperaturen ute er + 14  grader C, og det har nyss vore ei kraftig regnbye, og meir kjem det visst. Det gjorde godt med ei skikkeleg bløyte no, så slepp eg å vatne på ei stund. Det var nesten som om eg såg at graset voks i dag.

I dag var vi på trening igjen og vi skal trene neste veke også før det blir sommarferie,

Eg handla på Kiwi på heimvegen i dag, eg skulle lage rømmegraut til middag i dag for Einar skulle komme på besøk og då tenkte eg vi kunne feire litt josok. Det er Øystein sin 61-årsdag i dag, men familieselskap blir det seinare på sommaren når vi kan samle fleire. Solveig blir 60 år  i år, så det blir jubileum.

Einar og eg gjekk ein runde og såg etter kva som må gjerast i løpet av sommaren, av maling t.d. Vi sjekka også leilegheita i kjellaren. Den må no oppgraderast litt før eg kan leige ut igjen, men det har ingen hast. Eg synest det er kjekt å ha huset for meg sjølv om sommaren når eg skal styre mykje ute i hagen. Då kan eg rote litt meir enn elles.

Etter at Einar var reist kom Marit ned og drakk kaffi med meg. Det er lenge sidan ho har vore her og vi hadde behov for å prate. Eg har ikkje gått på Vernet i dag heller, så no er det på tide eg tek opp att den "treninga". Men i kveld er det for vått.

På bildet over kan de sjå Rosa Moyesi buska mi, den er full av rosa blomster. Den skulle ha vore klipt ned for lenge sidan, men no ventar eg til hausten. Der kjem nyper på den seinare i sommar, og den veks fort opp att.


 

onsdag, juni 21, 2023

Dagbok 2023: 21.juni


 Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 23 grader, det har stort sett vore overskya i dag,men det har vore opplett.

I dag hadde eg planane mine klar; I dag var det hagedag og ikkje noko anna.

I går hadde eg fått til å sette opp "grinda" til å samle gras i, eg hadde ei frå før også, der graset var blitt mold, så tømde eg 4 store sekkar med årets klipp. Sjå den fine greipa som eg kjøpte i fjor-då hagesesongen var over. I framgrunnen på bildet ser ein bringebæråkeren, der reinskar eg litt skvalder kvar dag, men no begynner grasfrøa å spire. 

Etter at eg hadde vrengt og spyla sekkane, gjekk eg over på jobb nr,2: Eføyveggen.

Dette er vestsida på huset. Ein gong i tida, bygde Nils eit tilbygg til huset, der vart ei bod under og altan oppå. Den vart bygd i Lecastein og då den var ferdig var ikkje Nils lysta på legge sementblanding oppå steinane. Men eg hadde ei løysing: Eføy.

Naboen hadde mykje av den sorten og dei var ikkje heime så eg forsynte meg rikeleg av sorten. Straffa vart at eføyen trivdest så altfor godt både på veggen ute og også inne. Kvart år står eg og prøver å rive vekk noko ute, og om hausten står eg i ei gardintrapp inne i buda  og prøver å rydde opp i lauv og greiner . I år begynte eg tidleg å sage ned dei tjukkaste greinene  og dermed hindre at dei fekk næring frå rota. Men sjå midt på veggen, der kjem det lauv på greinene likevel. Det er eit heilt arbeid å rydde opp her og det blir ikkje gjort grundig kvart år, men altså i dag.

Så vart det middagspause, eg hadde ikkje skikkeleg middag , men eg fekk i alle fall mat.

                     Så var det jobb nr. 3: Planting av Rhododendron
Mandag var Marit og eg på Plantasjen, og eg kjøpte ein Rhododendron på tilbod -350 kr. Då Rasmus var her i fjor sommar saga han ned ei stor gran,men rota stod att. Eg ville plante Rhododendronen attmed den rota. Eg grov store holer både her og der, men der var for mange røter att, men eg fann ein plass til slutt attmed muren til naboen.

Siste jobben i dag var å klippe graset attmed steinhellene og materialen. Eg kjøpte ny kantklippar i fjor, og naboen hjelpte meg å sette på sen. Han forklarte korleis eg skulle gjere det, men det var han som gjorde det, og eg hugsar ingen ting av det han sa, så i dag klipte eg graset her med ei vanleg kjøkkensaks. Det gjekk no bra det også.

No skal eg berre ut og rydde opp litt, så skal eg sjå nyheiter og strikke litt. I morgon er det trening. Eg har sløyfa turar på Vernet både i går og i dag,men eg har no hatt litt mosjon likevel. Eg har mange jobbar på vent, så eg slepp å kjede meg. Eg likar veldig godt å jobbe ute.
PS. Eg gløymde å seie at eg vatna heile tomta i dag også, men no regnar det.

tirsdag, juni 20, 2023

Dagbok 2023: 20.juni

                          Vi misser sola her vi bur, i 21-tida om kvelden

Klokka er no 20.11,temperaturen ute på trappa er +24 grader C, og det er sommar!

Måtte det berre vare.

I dag vakna eg av vekkerklokka klokka 8, som regel er eg vaken før den ringer.

Eg gjekk ut og såg om Marit var oppe-om  ho hadde trekt frå gardinene, Det hadde ho ikkje, og derfor ringde eg på telefonen. Det viste seg at Marit var oppe, men ho hadde fått melding frå fysioterapeuten at det ikkje vart trening i dag. Meldinga var sendt i går kveld etter kloppa 23, så eg hadde ikkje sett den.

Dermed fekk vi ein fridag ekstra og då kunne vi gjere ærenda våre i Furene. Marit skulle på EL-kjøp og eg hadde endeleg bestemt meg for å kjøpe ein rhododendron, dei er på sal no til 350 kr stk. Eg kjøpte ein som var nesten kvit, dvs. den var avblomstra no , men kjem att neste vår om alt går som det skal. Vi handla litt på Coop før vi for heim.

Eg hadde time hos frisør klokka 14, så det vart ikkje så lenge eg var heime, men eg fekk i alle fall snakka med ein tidlegare kollega på telefonen om eit treff vi skal ha komande mandag.

 Eg var ikkje ferdig hos frisøren før klokka var nesten 17, og sidan vi skulle møtast klokka 18 for å feire Margrete, vart det berre ei lita stund heime, fordi eg skulle innom ALTI først. Eg kom bort til den indiske restauranten før dei andre, så eg tok meg ein liten spasertur bort og såg på Velle-skulen, den som var, og den som dei bygger no.

Margrete og Co var komne inn på restauranten før meg, men så var vi alle samla og fekk nydeleg indisk mat.Tre ulike rettar som alle fekk smake på. ja, vi fekk sjølvsagt meir enn ein liten smak. Margrete fekk dessert som restauranten spanderte. Ein kaffikopp hadde vi også plass til. Erlend og Ingrid hadde kjøpt ein liten leike-apekatt til busdagsbarnet, så no kan ho kose med den til ho får kvalpen sin om 4 veker.

PS. No  var eg ute og henta posten, Der var eit krav på 1000 kr for festeavgift for 2023-28 for grava på Askjellhaugen. Det skal eg betale med ein gong så det ikkje vert gløymt. Alle andre faste utgifter har eg på avtale-giro.

Takk til Margrete et.co for ei koseleg stund.





mandag, juni 19, 2023

Dagbok 2023: 19.juni

Klokka er no16.50. Temperaturen ute på trappa er no+29 grader C. Det er godt og varmt , synest eg. Men eg har sveitta min del i dag. Jobba ute- stort sett frå kl.11-15, men nokre pausar innimellom. Det eg gjorde va å klippe alle plenstykka våre. Det såg ikkje ut som om det var så mykje gras, men klipparen var heilt stappfull fleire gonger. Klipparen oppførte seg litt rart i dag, for når eg slo av for å tømme, ville han ikkje starte igjen før eg hadde ladda opp batteriet. Det gjorde sitt til at jobben tok tid. Men i dag klipte eg alt vi har av plenar. 

Problemet mitt er no at eg har ørten sekker fulle med gras.Eg må anten køyre på VØR eller så må eg prøve å få i hop "bingen" som eg kjøpte i fjor. Eg har ein frå før, men den er nesten full. Eg sette den i hop sjølv, men det var ikkje enkelt- for meg. Det som er, viss eg skal levere på VØR, er at eg må køyre bort før graset begynner å gi frå seg væte-då blir heile bilen stinkande. Eg har ikkje lyst å køyre halvråte boss i bilen-og ikkje er det kjekt å stå og tømme sekkane heller. Så eg trur eg går for å lagre heime-då blir det smått om senn til mold.

I dag skulle Marit og eg eigentleg på Plantasjen, men så var ikkje Marit i form. Ho driv og prøver ut medisin. I morgon skal vi på trening klokka 10-11, så skal eg til frisør klokka 14 og seinare på dag skal eg møte Margrete og Co på den indiske restauranten. Så det blir ein innhaldsrik dag.

Denne dagen har gått fort unna. Då eg var ferdig med slåtten laga eg meg middag og åt-fordi eg fortente det. Det blir ikkje tur på Vernet i dag, men kanskje eg legg meg ut på altanen og søv middag. Elles kan det vere at eg vatnar litt i hagen-eg vatna ikkje i går, og har eg meir energi, så veks skvalleren opp att så fort at en kan luke kvar dag om ein vil. Elles har eg skimta veksande gras i bringebæråkeren. Ser fram til at der skal bli grønt-.



søndag, juni 18, 2023

Dagbok 2023: 18.juni


 Klokka er 16.42, temperaturen ute på trappa har kome opp  i + 28 grader C, det er sol men det er disig i lufta. Trur vi kan få torever eller regn eller begge deler.

Eg hadde planar om mykje eg skulle gjere i dag, men har ikkje kome i gong enno og no går det fort mot kveld. 

Eg såg TV, strikka, dusja etc. før eg var klar for ein runde på Vernet i dag. Der var ikkje mange ute og gikk, dei meir turglade tek lengre turar slike dagar. Som vanleg hadde eg med telefonen for å ta bilde av blomster og anna på min veg. På bildet over ser de "Svæve" som liknar litt på løvetann men er meir spinkel. Litt anna ser vi og på bildet, eg synest det var godt gjort å få meg sjølv med.

Då eg kom heim att begynte eg på middagen, som vanleg er den ferdig på mindre enn 10 minutt.Kokte ris i mikroen,og tinte opp grønsaker. Steikte kylling på steikepanna og opna eit lite glas med ein slags indisk saus som sette litt smak på retten. Og dett var dett. Desserten var ein clementin.

Det var så varmt og fint at eg la meg ut på solsenga med lydbok på øyret, og der har eg lege til no.

Eg hadde planer for hagearbeid i dag, men no er det viktigaste å klippe plen , og det kan eg ikkje gjere før i morgon, Då kan det hende vi har fått regn så då får eg ikkje gjort noko. Men Gudmund har heller ikkje klipt, så då tek eg det med ro.

Eg går og ser på hagen min og i år er det veldig frodig,eg har ikkje sett så mykje lauv på trea og buskene nokon gong før. No har Dan store rosebuska blitt veldig stor og full med blad og blomar Rosa Moyesi er det visst den heiter.Det blir meir og meir disig ute og no er sola vekke.


Desse to plantane kjem frå hagen til bestemor på Hildegard. Det er villige og hardbalne sortar. Det er noko med fargen på valmuene som eg synest er så fint. Dei er verken heilt raude eller oransje men noko i mellom der. At bilda ikkje er så klare i dag kjem av at lufta heller ikkje er heilt klar.

Eg må vel ta meg ein tur ut, eg vatnar ikkje enno-vil først sjå om det kjem regn.

lørdag, juni 17, 2023

Dagbok 2023: 17.juni

 

Klokka er 17.35,temperaturen ute er +21graderC, det er litt vind men heilt nydeleg ver. Eg er glad for kvar fineversdag eg får. Det var skodde om morgonen i dag også, men den låg ikkje så lenge. Eg stressa ikkje med noko i dag, men eg står opp i rimeleg tid.I dag måtte eg dusje og vaske håret for å prøve å sjå litt skikkeleg ut når eg skulle på butikken. Eg var berre ned på KIWI, skulle gjerne ha vore i Vik og sett på livet-men ikkje åleine.

Eg laga meg grønsakmiddag i dag igjen, det er rå grønsaker med apetina ost. Det er noko av det beste eg veit, har det vanlegvis ein gong i veka. Denne veka vart det to. Eg tok ein tur opå Vernet i dag, og om der ikkje var så mykje folk, var det ein interessant tur. Der som før var berre jord og sand , stiller no med mange vekster og eg interesserer meg for alt som veks. Eg kjenner namnet på dei fleste ville blomar, men gras har eg ikkje greie på, kjenner stort sett berre timotei og kløver. Som før sagt er der no veldig mykje lupinar, og meir blir der frå dag til dag. 

Det er eigentleg ein hageplante som har speidd seg meir enn folk likar. Molda og grusen som ligg oppå steinane kjem sikkert mange stader frå, eg har sett fleire gyvlar t.d. og det er no også ein hageplante. Bringebær og bjørnebær veks vilt i dette området og no er dei også komne på Vernet. Elles er der no tepperot, smørblomst og svæve som ser ut som ein miniløve- tann. Mykje gule blomster med andre ord. Eg ser ofte skuleborn og lærarar der oppe, men eg veit ikkje om borna lærer så mykje om plantar no lenger. 

Då eg kom heim sat Marit ute på benken og passa hunden , så eg vart sittande der i lag med henne ei god stund.

Då eg kom heim att til meg sjølv vart det å sette i gang ein klesvask oså vatne stort sett heile tomta, eg er ikkje sikker på  om det var eit behov, men ein kan aldri vite.I morgon skal eg gjere som eg gjorde førre søndagen, eg skal klippe med saks og ikkje bråke. Håper fineveret varer nokre dagar til. No skal eg i alle fall ta meg ein kaffikopp.

God helg!


                                   Norge i raudt,kvitt og blått.

       

fredag, juni 16, 2023

Dagbok 2023: 16.juni

Klokka er no 17.23, og temperaturen ute er + 21 grader i skyggen. Det var skodde til langt på dag, men den for til slutt.

I dag tok eg fredagsvasken først. Så la eg inn att teppa på vaskekjellaren og rydda alt på plass. Når eg går slik og styrer i huset, tenkjer eg på at her har vi budd i snart 50 år- og huset som vi bygde er ikkje heilt nytt lenger og ikkje heilt moderne heller, men det er det einaste huset eg har budd i utan å betale leige. Draumen då vi vaks opp på Eid var å få eit eige hus, eit hus som var vårt. Det skjedde ikkje då, men både bror min og eg vart no huseigarar seinare. I år synest eg det er ekstra  kjekt å halde på i hagen, når eg ikkje har leigebuarar og kan gå her og rote åleine.

Eg hadde ikkje tenkt å grise meg til i dag igjen, men så kom arbeidslysta. Så eg tok og spadde opp heile beddet ved Urke-garasjen og reinska vekk ugras og anna som ikkje skal vere der. Eg har lenge tenkt å plante noko som det ikkje er så mykje styr med, men har enno ikkje bestemt kva det skal vere.

Det er ikkje alltid eg er like fornuftig når eg kler meg for hagearbeid. I dag t.d. hadde eg crox på føtene utan lestar e.l.  Men eg hadde råd for det. Eg fyllte eit fat med grønsåpevatn og slapp nedi ein god slump med KLORIN. Så sette eg meg med føtene i vatn og kava med sudokuen som eg ikkje har fått til enno. Det vart heilt perfekt. Ikkje ofte eg er så rein på føtene. 

Som de ser har eg ikkje rydda opp etter meg enno, så det skal eg gjere no. Men så får eg passe på å ikkje  begynne å reinske ugras etc. og skitne meg til igjen. Det som eg no kallar bringebæråker prøver eg å reinske kvar dag-for skvalderkål, men eg håper at plenfrøa som eg sådde begynner å røre på seg snart.

Eg har fleire sekker med gras som skulle ha vore på VØR, men eg har ikkje lyst å fare bort der med graset. Eg har ein "binge" med gammalt gras som er blitt mold og i fjor kjøpte eg ein til som eg skal ha til reint gras, men eg har ikkje fått til å sette den i hop enno.. Det blir fin og god mold av reint gras.

Eg har aldri vore så glad i hagearbeid som i år, men det har vel sitt å seie at veret er fint-og då er det kjekt å vere ute.

Eg ønsker alle ei god helg!

torsdag, juni 15, 2023

Dagbok 2023: 15. juni

 

Klokka er no 18.30. Temperaturen ute er+ 25 grader og eg sveittar, men nyt varmen.

I dag har eg hatt ein relativt travel dag,  men så brukar ikkje dagane mine å vere så travle. Først var vi på trening frå 10-11. Eg køyrde i dag, og etter treninga var vi eit ærend på Alti. På turen heim svippa eg bortom Askjellhaugen og vatna blomsten som eg kjøpte førre veka, og så handla vi litt  på KIWI før vi var heime. 

Eg hadde laga meg til arbeid før eg for, for i dag skulle eg vaske vaskekjellareb. Eg trudde stoppekranen var tett når eg vatna, men i går kveld oppdaga eg at golvet var søkkvått. Men eg hadde ikkje gløymt å skrue kranen igjen slik som eg først trudde. Då eg kom heim hengde eg ut golvteppa og spylte dei vel og lenge. 

Eg laga meg grønsakmiddag i dag og så gjekk eg i gang med å vaske. Det er litt av eit styr fordi der står så mange ting som eg må ta fram for å få vaske. Eg tok fram alt anna enn vaskemaskina og tørketrommelen. Til og med den store frysaren fekk eg fram åleine, den var faktisk ikkje så tung. 

Eg sette på slangen i dag også og vatna heile tomta-nesten. Men å vatne er lett arbeid, då sit eg på ein stol og held slangen. Eg har altså ikkje gått tur på Vernet i dag, men eg la meg ut på solsenga ei stund, med lydbok på øyret-

No skal eg ikkje gjere så mykje meir i dag-anna enn å rydde opp i kleshaugen - det har vore mange ombyttingar i dag. I morgon håper eg på ein roleg og lat fredag-med like fint ver som i dag.




I juni månad i året 1966 budde vi på Melle, og mamma var på besøk, ho hadde tatt ut litt av ferien sin. Den tida hadde vi ikkje så godt som ein telefon, så det var posten som kom med nyhendene. Eg fekk eit postkort frå bror min, Svein , der han fortalde at han hadde fått dotter nr. 2. "Då må eg heim att ", sa mamma og pakka i full fart, og så var det å gå ned i Vik og ta bussen. Ho kunne ikkje vente med å sjå den "nye" jenta som etter kvart fekk namnet Hilde Bjørg. Ho har fødselsdag i dag og eg har rekna ut at ho må vere 57 år. Ho er still going strong. Ho er lærar, er gift og har 4 vaksne søner pluss ein diger hund som heiter  Max. 

Gratulerer med dagen Hilde!

onsdag, juni 14, 2023

Dagbok 2023: 14.juni


Klokka er no17.00, temperaturen ute er + 25 varme grader, og det er heilt nydeleg. Det gjer berre godt om ein må svette litt.

Eg hadde ikkje så mange planar i dag, men eg fekk no endeleg bestilt frisør, slik at eg kanskje kan sjå litt betre ut med tid og stunder. Etterpå ringde eg til Bodil og  gratulerte henne med det 4.oldebarnet, og vi snakka no stund.........

Så tok eg på med Hoka-skorne og gjekk tur på Vernet, tenkte eg like godt kunne gjere turen ifrå meg. Den første eg møtte i dag, var naboen min på andre sida av gata. Det er sjelden vi pratar, for ho held seg i sin hage, og eg i min. Men det var kjekt å få snakke litt. 

Då eg kom heim begynte eg å vatne overalrt i hagen, og så begynte eg å rense gras og ugras nede under altanen. Eg er ikkje heilt ferdig der. Mens eg heldt på gjekk tankane to år tilbake i tid. Då renska eg veldig fint opp der, trur eg brukte meir enn ein dag. Men best hugsa eg sundagen, Margrete sin bursdag då heldt eg på der også. Etterpå var eg til Volda der vi først gjekk tur og etterpå åt Sushi på "My Kitchen". Seinare vart eg med til Solund, der Margrete leigde "Rorbu". Det var ein fin ferie.

I går kveld kokte eg risgraut for å bruke opp noko melk eg hadde kjøpt, då vart det graut til kvelds, og riskrem til middag i dag. Med andre ord så vart det berre dessert i dag, men det gjer vel ingen ting? Så la eg meg ut på solsenga med lydbok-men sovna ikkje i dag. No skal eg ta litt meir hagearbeid før eg avsluttar "arbeidsdagen". I morgon er det trening igjen, men eg skal ikkje til frisør før på tysdag.

tirsdag, juni 13, 2023

Dagbok 2023: 13.juni


 Klokka er no18.43, temperaturen ute er + 24 graderC , det har ikkje vore heilt klart i dag, men ein nydeleg dag likevel.


Vi starta dagen med trening i dag, etter treninga var vi ein liten tur på Alti, men så var det rett heim. Eg bytte på meg Hoka skorne mine og gjekk ein runde på Vernet. Sat litt på benkane og sola meg. Då eg kom heim att  begynte eg å vatne, og det har eg gjort fleire gonger i løpet av dagen. Eg laga meg litt middag og så la eg meg ut på solsenga ei stund før eg gjekk ut og vatna enda ein gong, og så prøvde eg å få vekk all skvallerkålen frå det som no heiter "bringebæråkeren". 

No har eg hatt ein liten runde og sett på det som veks og gror. I dag kjøpte eg ein pakke med grasløkfrø på Europris, eg trur ikkje der var meir enn 10 frø i pakken, men eg har sådd dei i ei potte så får vi sjå kva det blir til.

Akkurat no er det rhododendron-buskene som blomstrar. Vi har to som er heilt

 like, så det ser ut som ei.

Elles er det ikkje så mykje som blomstrar no. Den kvite buska i hagen står med visne blomster og laurbærheggen sin kvite blomstrar er på ved å visne, dei også.

Denne valmuen stammar frå bestemor sin hage på Hildegard. Det er ein villeg sort. Eg gleder meg over alt som gror og blomstrar-berre ikkje skvalleren.
Eg har ingen planar for morgondagen, men det dukkar vel opp eit kvart.

mandag, juni 12, 2023

Dagbok 2023: 12.juni

 Klokka er no 15.42, temperaturen ute er + 19 grader C, det er overskya og det har kome nokre regndropar. Eg har jobba heile føremiddagen, så eg fann meg litt mat , utan å gjere det innvikla. Eg var trøtt og svolten, så no sit eg og kviler. Så tenkte eg at eg like godt kunne skrive blogg i pausen.

Dagen begynte med at eg slo frå meg å fare ned på legesenteret og betale, for det kunne eg gjere på nettet. I staden tok eg og heiv ut golvteppa og dyna frå soverommet til altanen. Det var fint ver for lufting og vask.

Men det var no relativt fort gjort å vaske, så då gjekk eg ut og slo plenane opp mot gata, og rundt huset. Skråninga var det ikkje naudsynt å ta i dag.

Men eg har alltid eit eller anna som står på vent og i dag fekk eg gjort noko. Det vart ein god del rot etter takskiftet i fjor og eg har ikkje fått rydda opp i alt. Eg hadde begynt på beddet ved Urke-garasjen ein laurdag då Solveig kom på besøk.

Der er ei fin buske med lyslilla blomste, den har spreidd seg bort på naboen, så eg let litt av buska stå att, mens eg klipte ned alt som var på min eig-fordi den var heilt nedgrodd med  skvallerkål, så eg måtte gå litt brutalt til verks. Eg drog opp mykje skvaller, men noko stod att. I dag prøvde eg å få vekk meir før eg legt buska vekse opp att frå rota.

          Slik ser det ut no. Litt vanskeleg å skilje mellom skvalder og buske.
  
Slik ser resten av beddet ut. Det er her eg har tenkt å plante noko lengst oppe, der Rasmus saga ned ei gran i fjor. Eg har renska dette beddet før i år, men det er ei stund sidan.




Her ligg diverse rot enno etter takskiftet  m. m. Attmed kjellarmuren var det berre skvalder og skvalder, så verken klatrerosa og klematisen var  å sjå. Men her gjorde eg ein god jobb med å rydde opp i dag. Eg la der nokre ekstra heller for å kvele litt av skvalderen. Eg var akkurat ferdig då regnet kom.
No står tørketrommelen på. Eg brukar den berre når eg har sengetøy på vask.
Og så skal er strekke på senga. Eg veit ikkje kva meir eg finn på i dag, kanskje går eg tur på Vernet-eller kanske ikkje. Imorgon er det trening og då blir det vel til at vi handlar litt også





søndag, juni 11, 2023

Dagbok 2023: 11.juni


 Klokka er no16.22, temperaturen ute er +26 grader C, det er fint ute , men ikkje klår sol. Tidlegare i dag var det meir overskya og vind. Det er kanskje vel tidleg å oppsummere dagen, men om det skjer nok viktig, kan eg henge det på seinare.

Føremiddagen gjekk med til morgonstell og TV med strikketøy. Eg gjorde ferdig ein lest og festa trådar i to par. Så gjekk eg ein tur på Vernet. Eg hadde ei jakke på meg for å ha lomme til telefonen, men det vart veldig varmt. I dag var der kome plantar i "beddet"-kjekt at dei pyntar opp litt for det er veldig mange som går eller spring der oppe, kvar dag.

Då eg kom bned att laga eg meg godmiddag med steikt laks med poteter og grønsaker. Eg var så mett og døsig då eg gjekk frå bordet og inn i godstolen. Eg har ein mistanke om at eg sovna ei lita stund.

Ikkje alle lupinane er blå.

No har eg fått meg ein kaffikopp. Hadde ikkje noko attåt, men leita og fann ein kjekspakke,men ser de kva som står på den?

No har eg tenkt meg ut for å klippe kantar med handsaks, det går vel bra på ein sundag. Eg blir ikkje arbeidslaus med det første.


Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...