fredag, juni 16, 2023

Dagbok 2023: 16.juni

Klokka er no 17.23, og temperaturen ute er + 21 grader i skyggen. Det var skodde til langt på dag, men den for til slutt.

I dag tok eg fredagsvasken først. Så la eg inn att teppa på vaskekjellaren og rydda alt på plass. Når eg går slik og styrer i huset, tenkjer eg på at her har vi budd i snart 50 år- og huset som vi bygde er ikkje heilt nytt lenger og ikkje heilt moderne heller, men det er det einaste huset eg har budd i utan å betale leige. Draumen då vi vaks opp på Eid var å få eit eige hus, eit hus som var vårt. Det skjedde ikkje då, men både bror min og eg vart no huseigarar seinare. I år synest eg det er ekstra  kjekt å halde på i hagen, når eg ikkje har leigebuarar og kan gå her og rote åleine.

Eg hadde ikkje tenkt å grise meg til i dag igjen, men så kom arbeidslysta. Så eg tok og spadde opp heile beddet ved Urke-garasjen og reinska vekk ugras og anna som ikkje skal vere der. Eg har lenge tenkt å plante noko som det ikkje er så mykje styr med, men har enno ikkje bestemt kva det skal vere.

Det er ikkje alltid eg er like fornuftig når eg kler meg for hagearbeid. I dag t.d. hadde eg crox på føtene utan lestar e.l.  Men eg hadde råd for det. Eg fyllte eit fat med grønsåpevatn og slapp nedi ein god slump med KLORIN. Så sette eg meg med føtene i vatn og kava med sudokuen som eg ikkje har fått til enno. Det vart heilt perfekt. Ikkje ofte eg er så rein på føtene. 

Som de ser har eg ikkje rydda opp etter meg enno, så det skal eg gjere no. Men så får eg passe på å ikkje  begynne å reinske ugras etc. og skitne meg til igjen. Det som eg no kallar bringebæråker prøver eg å reinske kvar dag-for skvalderkål, men eg håper at plenfrøa som eg sådde begynner å røre på seg snart.

Eg har fleire sekker med gras som skulle ha vore på VØR, men eg har ikkje lyst å fare bort der med graset. Eg har ein "binge" med gammalt gras som er blitt mold og i fjor kjøpte eg ein til som eg skal ha til reint gras, men eg har ikkje fått til å sette den i hop enno.. Det blir fin og god mold av reint gras.

Eg har aldri vore så glad i hagearbeid som i år, men det har vel sitt å seie at veret er fint-og då er det kjekt å vere ute.

Eg ønsker alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...