mandag, november 30, 2020

Dagbok 2020: 30. november

Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det er ikkje fritt for at det har regna i dag, men eg har vore for det meste inne, og då er det ikkje så nøye. På førmiddagen i dag laga eg to stk. Karstens fruktkake slik eg plar gjere til jul, ei til Margrete og ei til meg.Då eg hadde fått steikt begge og vaska opp både i maskin og med hand, tok eg ein tur ned på Alti. Eg skulle på Clas og kjøpe pynt til jul.Men der var det bra utplukka, dompapane som eg hadde tenkt å kjøpe var der ikkje lenger, men eg fekk no tak i batteri og lyspærer(til adventstake m.m.)og så kjøpte eg ein dørkrans med lys(batteri). Eg trudde set skulle vere ei enkel sak å få den klar tl bruk.Men det stod med strenge bokstavar: LES HELE BRUKSANVISNINGEN FØRST. Det gjorde eg, men når eg ikkje går inn for å forstå -så forstår eg ikkje heller, så kransen kjem ikkje på plass utan at eg får hjelp av andre.Heile hjernen stenger av når eg skal løyse slike problem. Eg hadde eit ærend på apoteket, og så kjøpte eg litt mat på Bunnpris.Til middag i dag kjøpte eg såkalla julepølse og ein pakke med potetmos. Den bruksabnvisninga forstod eg , men resultatet vart ein kjempefast klump som skulle vere mos. Eg hadde nedi litt melk såpass eg greidde å røre rundt, men nokon goumet-mat vart det ikkje sjølv om eg blei skikkeleg mett. Kva eg skal styre med resten av dagen, veit eg enno ikkje. Det er så lett å "ta kvelden" når det er så mørkt ute, eg er i beit for strikkegarn men prøver å få til lestar av restar-kan no bruke dei sjølv, om ikkje anna. Sjølv om vi ikkje har spansklekse lenger, "jobbar" eg litt med spansken kvar dag utan at det tek for mykje tid.Eg reknar med at vi fer på trening i morgon, Marit og eg; den forkjølinga som eg kjende på klokka 5 i dagmorgon, den forsvann etter ei stund, så no har eg friskmeldt meg sjølv. PC-en virkar framleis.

søndag, november 29, 2020

Dagbok 2020: 29.november

Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 7 grader C , det er opplett, men likevel litt vått i lufta. I dag har det vore ein avslappa dag, rettnok har vaskemaskina gått, og eg har bakt brød, men mykje av føremiddagen sat eg framfor TV-en og såg serie-episodar i lag med Marit, ho hadde gått glipp av nokre, så eg inviterte henne til å sjå her på NRK TV. Etterpå ville eg fram på grava og tende lys og Marit vart med. Så kom vi oss litt ut i dag også. Eg ville ikkje gå tur på Vernet i dag sidan eg vart såpass låk i knea i går då eg gjekk ned og oppat frå hotellet med støvlettar med hælar. Det var ikkje bra. No har eg ete restar frå fredag til middag i dag, til kvelds ein gong ut på kvelden, skal eg ete av det ferske brødet. Eg skulle ha gjort både det eine og det andre, men det blir vel helst å slappe av med bok,TV og strikketøy. Og så vaskar eg klede i kjellaren imens. Eg skriv på storemaskina no, ho virkar ikkje heilt som ho skal, men håper det går bra med bloggen.

lørdag, november 28, 2020

Dagbok 2020: 28.november

Klokka er no ca.21.30, temperaturen er + 6 graderC og det er opplett ute, det er så mørkt at eg ser ikkje korleis det elles er. Eg kom att frå hotellet for vel ein halvtime sidan. Vi var samla 12 personar frå pensjonistlaget, ikkje alle har gått på spanskkurset. Dei hadde dekka eit stort langt bord, så vi sat med god avstand til kvarandre, og vi prata stort sett med dei som sat nærmast. Maten var god, men store porsjonar var det ikkje. Eg trur at dei porsjonane som Margrete og eg fekk på Marias i Volda var dobbelt så store. Dessert fekk vi også, men ikkje kaffi før Eli spurde etter det-og då hadde vi ete opp desserten. Men alt i alt hadde vi ei kjekk stund. Eg gjekk på føtene både ned og oppatt, det var ikkje noko problem eigentleg, men det dumme var at eg hadde tatt på med støvlettar med hæl på så det vart litt vondt for knea mine. Eg har ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, berre rydda litt i huset, vaska klede etc. Og så har eg halde på med litt spansk. Eg begynte tidleg å lage meg i stand til "festen"; dusja, vaska håret, filte neglene, lakka neglene, prøvde å få i stand ein frisyre etc.etc. Så har eg enno ein gong fått Storemaskkina til å virke.Fekk lagt inn bilde tidleg på dag, for sikkerheits skuld.( Bildet er tatt i dag, ca.kl.13.)Og no virka den enda den har vore av mens eg var vekke.Resten av kvelden skal eg kose meg åleine med TV-en . Ser fram til Lida Eides språksjov, det er ein favoritt. For morgondagen har eg ingen planar, men eg finn sikkert på noko nyttig å gjere og morgon kan eg i alle fall tenne eit lys!

fredag, november 27, 2020

Dagbok 2020: 27.november

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er +1 grad C. Eg trur det er åt og klarnar opp. I dag har det vore ein sosial dag. Det første som skjedde var at ei dame ringde frå EIK-senteret, og sa at loket til bensintanken på grasklipparen min var kome for lenge sidan. Eg hadde ein mistanke om det, for mobilen min har vore litt av og på. Sidan eg skulle på Kiwi og handle, tok eg og køyrde fram på Mosflata med ein gong, og på EIK -senteret stod en mann klar med lokket mitt-70 kr.-Ikkje noko å seie på det. Handla på Kiwi såpass tidleg på dag at der var lite folk. Det er lurt. Då eg kom heim att tok eg fredagsvask på bad og kjøkken, før eg begynte å førebu middagen. Eg hadde lagt i vatn pinnekjøt, skrella påteter og rabbe i går, så det var ikkje så mykje å gjere i dag. Men eg laga ei skål med dessert av ein lettvint type. Eg skulle dampe pinnekjøt og hadde til og med kjøpt pinnar; det eg gjorde feil var at eg tok ei panne med tynn botn. Dermed svidde eg heile greia i botnen, og brannalarmen gjekk for fullt. Pinnane var svartbrende, men kjøtet var uskadd, så det var berre å ta ei ny og betre panne. Einar ville også komme på besøk så vi vart 4 rundt bordet i dag, som åt julemat og drakk julebrus eller SANTA Claustaler. Det var no veldig kjekt for meg i alle fall. Når ein ikkje kan ta imot store grupper får ein lage små. No er eg åleine att, har rydda kjøkkenet og sett på oppvaskmaskina, og så skal eg sette meg til framfor TV-en. Amanda har fiksa mobilen min, så no skal den vere heilt i orden igjen. Ønsker alle ei god helg og håper at vi alle kan få ei god adventstid.

torsdag, november 26, 2020

Bok nr.60 -2020: Egne rom

Denne boka har eg lese på senga , berre nokre sider kvar kveld. Eg hadde ein liten mistanke om at eg hadde lese den før, men hugsa ingen ting-nesten. Derre to setningar i heile boka kjende eg att. Boka er heit uinteressant, kunne like godt ha skrive den sjølv. Ikkje direkte dårleg, men så alminneleg at kven som helst har opplevd noko av det samme. Viss ikkje forfattarane har noko meir interessant å skrive om, kan dei i grunnen like godt la det vere. No fann eg ei anna bok i hylla, ei som eg ikkje har lese før, og den er faktisk ganske lovande, så langt. Så får vi sjå kva som skjer.

Dagbok 2020: 26.november

Klokka er no 16.25,temperaturen ca + 4 grader C. Det såg ut til at vi skulle få fint vêr i dag, men då vi sat i bilen til Marit etter treninga, begynte det å regne igjen. Meir veit eg ikkje, for eg har ikkje vore ute sidan. Torsdagane er det trening 12.30 -13.30.I dag fekk eg støvsuga alle teppegolva før trening, så det vart no gjort litt. Då eg kom heim, tok eg og kveikte i omnen, for eg syntest det var litt kaldt i huset. Etterpå steikte eg pannekaker av røra som var att frå i går. Sette meg inn i godstolen etterpå og der vart eg sittane i over ein time, såg litt TV, og det var visst ikkje heilt fritt for at eg sovna litt innimellom. Eg har visst fått ein stygg vane der.Arbeidsdagen er ikkje lang for meg no-det blir tidleg mørkt. Eg har tenkt å prøve å få i gang PC-en, hadde eg berre hugsa kva Helge gjporde sist det var problem! Eg skal i alle fall slå av nettverket og starte på nytt, det kan no hende det hjelper. Men då må eg varskue dei nede. I morgon ventar eg Amanda og Margrete og laurdag kl.18 skal eg på hotellet og ete middag i lag med andre pensjonistar, stort sett slike eg har vore i lag med på spanskkurset. I dag trur eg ikkje det blir noko meir å skrive om-og det er kanskje like godt.

onsdag, november 25, 2020

Dagbok 2020: 25.november

Klokka er no 16.50, temperaturen er + 5 grader C og det har regna i heile dag. I dag var det siste spansktimen før jul, og vi hadde det kjekt som vanleg. Med det same eg kom heim att litt etter klokka 13, sette eg i gang å pynte, fann fram adventstake og stjerne etc.etc. så no begynner det å bli litt julete her. Før brukte eg å pynte med lilla til advent, no tek eg berre litt julepynt for kvar dag. Så laga eg meg middag, i dag vart det pannekaker med bacon og blåbærsylte , det er vår stil. Eg var litt skranten i eine kneet, så eg fann ut at eg måtte mosjonere før det vart mørkt. Litt før halv fire gjekk eg til Vernet og tok ein runde. Hadde ikkje regnjakke på meg så eg vart våt til skinnet, men det er ikkje så farleg. Trudde eg skulle vere der åleine i dag, men brått var der ei heil forsamling. Det var ei trimgruppe som hadde gått Kanalvegen på Vinjevoll opp til Skålavegen og så til Fonnvernet og så skulle dei gå vidare ut att til Vinjevoll, der mange hadde bilane sine ståande. Mellom anna naboane mine; han for ut att og skulle hente bilen, men Marit gjekk heim att for å lage ferdig middagen. Men så hadde ho ikkje nøkkel som passa til døra, så ho kom inn til meg og venta her til mannen kom att. Det var no hyggeleg for meg, folk renn ikkje ned dørene til kvarandre for tida. I går kveld fekk eg melding frå Ingar på Kongsberg, han var i karantene,for ein av gutane i klassen hadde fått Corona. Eg fekk ny melding i dag om at heile familien var friske. Så får vi sjå. Eg går på trening og eg har gått på kurs, men det er veldig strengt både her og der, så eg trur det er trygt. På butikkane kjem ein ikkje så nær dei andre, og vi spritar oss rikeleg. Her i Ørsta er det kontroll på smitten, i Volda er det ein som er smitta utan at dei veit kvar smitten kjem frå. Det er litt utrygt. No skal eg lage meg kaffi, og i dag skal eg ikkje tømme den ned i fanget mitt.Trur eg! Eg tok bilde på Vernet i dag også, men storemaskina funkar ikkje så eg får ikkje lagt dei inn.
Dette er Vikeelva nedanfor Vernet. Fossen til venstre er vatn frå grøfta ovafor Storebakken.

tirsdag, november 24, 2020

Dagbok 2020: 24.november

Klokka er no 16.10, temperaturen er + 5 grader og det har regna mykje i dag. Eg sit her og er litt irritert fodi "Storemaskina" sviktar, og eg må skrive på laptopen, noko eg ikkje likar . For ein time sidan eller vel det fekk eg betalt ei rekning på maskina, då funka den. Nok om det, i dag var Marit og eg på trening og etterpå på handel, først på ALTI, etterpå på Spar. Eg kjøpte meg ei lita adventstjerne på Clas, eg ville sjå korleis eg likte den før eg ev kjøpte fleire.Den er på straum-ikkje batteri. Men der låg batteri på disken og eg ville ha ein pakke (Eg brukar ein del slike små batteri, blant anna til lyset på grava.)Men viss eg kjøpte to pakkar med batteri kunne eg få ei lommelykt gratis. Alt som er gratis er no fristande, så eg slo til. Då eg kom heim fekk eg hengt opp stjerna i eine kjøkenglaset, men lommelykta fekk eg ikkje lys på same korleis eg sette inn batteria. Det var 2X2 batteri- så der har eg noko å mødast med. Marit skulle begynne pynte til advent i dag, eg må sjå kva som er brukbart av det eg har av pynt. Hugsa ikkje om adventstaken er intakt, hugsar at det var noko pluder i fjor. I år har eg julepynten i kjellaren, så eg slepp å ha hjelp til å ta den fram. Hugsar ikkje om eg hadde den der i fjor også. Til middag i dag åt eg opp resen av suppa, og sidan eg var så flink fekk eg dessert og kaffi etterpå. Sat og halvsov med kaffikruset i handa, då mobilen ringde høgt og skjerande rett bak meg. Eg kipte meg såpass eg sølte kaffi på buksa mi som var heilt rein i dag. Det er ei som ringer kvar dag, men eg tek ikkje telefonen- eg har sjekka kven det er og det er for eit kraftselskap langt herifrå.Trur ikkje eg får gjort noko i dag. Måfare over spansken ein siste gong og sjå om eg til slutt kan finne eit indirekte objekt. I dag fyller Erlend 17 år, akkurat ein månad før julaftan. Det er ikkje så mykje eg ser til barn og barnebarn for tida, det er på grunn av cronaen, men fredag får eg besøk av Margrete og Amanda. GRATULERER MED DAGEN, ERLEND! Eg får ikkje sette inn bilde i dag, for bilda ligg på den andre maskina.

mandag, november 23, 2020

Dagbok 2020: 23.november

Klokka er 17.18, temperaturen ute er knappe +4 grader C, det har stort sett vore opplett i dag, men alt er så vått! Eg har nesten vore i karantene frå og med torsdag i førre veka,var ein liten tur på Kiwi på laurdag, men elles har eg ikkje vore i nærleiken av andre,så eg er framleis smittefri, trur eg. I dag hadde eg ingen plan,tenkte eg kunne rydde på kontoret mitt, men det var ikkje så fristande.Så istaden tok eg og pussa vindua på stova og kjøkkenet, på innsida, det vart faktisk betre. I samme slengen tok eg ned blomsterkassane utafor kjøkkenglasa, tømde dei og spylte dei. Spylte også kjøkkenvindua utanpå. Det er slik eg gjer med dei, altfor vanskeleg å vaske dei på utsida på annan måte.Slik gjekk no føremiddagen utan altfor store anstrengelsar. Men det eg såg, var at vêret var så bra at det gjekk an å vere ute. På med Hoka-skorne, jakke og skjerf og så vart det tur på Vernet - lenge sidan sist. I dag fekk eg gå "rette"vegen, dvs. ned trappa som no har rekkverk. Eg møtte ei sprek venninne frå Pensjonistlaget, ho var også ute og trimma. Ho er mange år eldre enn eg, men er med og går Spaserstokk-turar.Vi var i lag i styret då eg begynte i laget. Då eg kom heim var det ikkje tid for middag på ei stund, så eg plundra litt med spansken mens eg venta. Det var suppe frå i går på menyen, den var godt etande i dag også, men ikkje så god som i går. Dessverre er der enda ein god porsjon att. Eg skulle ikkje ha laga fullt så mykje når eg må ete alt åleine. Eg laga meg kaffi med det samme og sat og pelma den i meg framfor TV-en, for ikkje å sovne. Og der blei eg sittande og sjå eit interessant program om japansk arkitektur, og så vart det nyheiter om enda ein ny vaksine som lovar bra. Det var lenge ein såg på covid 19 som ein lett og ufarleg sjukdom, for no viser det seg at mange får etterveknader av den, så eg håper så inderleg at vi får vaksine så snart som mulig. Viss det går etter planen denne veka skal eg på tening tysdag og torsdag; onsdag er det siste spanskkurset før jul, så då får eg mindre å konsetrere meg om. Kanskje eg må førebu litt ymse til jul, men det er ikkje godt å vite korleis alt blir. Det viktigaste no er å klare å halde smitten borte til vi får vaksine, så får det vere det samme om ikkje jula blir som vanleg. Eg er budd på alt-trur eg. Blir ikkje mykje kakebakst i alle fall.I går fylte Rolf, broren til Nils, 79 år, så neste haust blir det jubileum både for han og min bror. Eg hugsar så tydeleg fødselsdagen hans i 1963, vi budde på Raudeberg då, og Solveig var baby og låg og rulla seg på golvteppet. Eg sat attmed-då kom det ei sjokkmelding på radioen som stod på: President Kennedy var skoten! Slik hugsar eg år og dato for den hendinga.No er eg utan "spøt" igjen , så eg får sjå om eg finn nokre garnrestar som kan bli til noko.Viss ikkje så skal eg no nedover i morgon. Litt dumt med "svart veke" i corona-tida.Blir no litt frista til å gå på handel.
Starevegen i dag.

søndag, november 22, 2020

Dagbok 2020: 22.november

Klokka er no 17.12, temperaturen er + 5 grader, det regnar og det er bekmørkt ute. Det er på ingen måte fristande å gå ut, så eg har ikkje vore lenger enn til garasjen for å hente ved i dag. Sidan det er søndag har eg ikkje gjort så mykje anna heller, men dagen og timane går fort likevel. Eg prøvde meg på spansken i dag igjen, men no har eg nesten gitt opp å finne indirekte objekt i teksten. Eg håper dei andre har funne dei. Bala litt med å få eld i omnen i dag, men fann litt rusk og rask til kveikje, så då vart det varmt i stova. Når eg først har fått opp varmen, held det med varmepumpa. Eit heilt hus, med berre ein person-det må bli kaldt. Dei to som bur i kjellaren har vore vekke sidan i går før middag, men eg trur ikkje dei har juleferie enno. Elles har eg strikka aldri så lite og sett ein episode på NRK TV.Ja, som de ser så skjer det ikkje mykje-og det er kanskje bra. Eg tek ingen risk når det gjeld corona, så eg held meg stort sett heime. I dag laga eg like god suppe som førre søndagen. Eg hadde lagt i vatn 3-4 stykker med lammeribbe som eg kokte i lag med gule erter, løk og kål. Dette kokte lenge og vel før eg hadde oppi gulrot, poteter og kålrabi, som fekk seg ein liten halvtime.Ein bullingterning frå Maggi var også med. Alle grønsakene var "friske"-ikkje frosne, og det gav ein nydelig søtsmak på suppa. Eg kokte så mykje at eg har nok til ein dag til- eller 2 ?Eg kjøpte to pakningar med lamme-pinnekjøtt-eg er ikkje sikker på kven produsenten var, men trur det var Ringdal. Viss eg kjem frampå meir av samme sorten, så kjøper eg. Pinnekjøtt kan ein bruke til meir enn julafta- mat.Til dømes til ballj.Etter at eg hadde ete, sette eg meg i godstolen, og sovna på no time. Det er visst blitt ein vane, men det var ikkje mange minutta. Eg var på butikken så vidt i går, elles har eg ikkje vore i lag med folk sidan onsdag. Men det gjer ikkje noko, for eg trivst i mitt eige selskap. I helgane er det så mykje kjekt på TV at eg saknar ikkje selskap, og så pratar Marit og eg litt på Messenger. Første halvdelen av november var veldig fin-men no er det på den andre måten. Litt får vi tole, og kanskje folk held seg inne og heime slik at coronasmitten stoppar opp. Det er lov å håpe.

lørdag, november 21, 2020

Dagbok 2020: 21.november

Klokka er no ca 17.00, temperaturen ute er+ 6 grader. I dag har vi hatt nokså mykje vêr, regn,vind og torden for eksempel. Eg var på kontoret mitt nesten heile føremiddagen. Eg jobba med spansken. Denne gongen med eit grammatikkalsk "problem". Eg har hatt lite problem med grammatikk før, men det er nye nemningar på mykje - det er ein ting- og så er ikkje den spanske setningsbygginga lik den norske. Eg ser på You tube, skriv av , og til slutt skriv eg det på maskina og printar ut. Det tek si tid.Eg såg at dei i kjellaren var vekke med bilen. Då såg eg mitt snitt til å prøve å komme meg opp på vegen, eg tok vekk litt snø med brettet, og så var det plass nok til å rygge opp på vegen, sidan "kjellarbilen" var vekke. Eg køyrde opp og ned nokre gonger, og så gjekk eg inn og kledde på meg for å fare på butikken.Eg syntest eg måtte ha litt godt å kose meg med i helga og i kjøleskapet var det ikkje mykje å hente. Eg hadde fyrt i omnen før eg for så det var varmt og godt på stova. Eg laga ikkje middag i dag, men laga meg eit par gode smørbrød. Så sette eg meg til å sjå ein serie på TV, og neimen om eg greidde å halde meg heilt vaken i dag heller, men eg hadde ikkje kaffikoppen i handa i dag. No skal eg ned i kjellaren og flytte klede over frå vaskemaskina til tørketrommelen, stort anna blir det visst ikkje gjort i dag. I morgon skal eg lage ertersuppe igjen, slik som førre søndagen. Dagen i dag har gått fort, og i morgon blir det vel litt meir jobb med spanskleksa, men det er den siste før jul.Neste sundag blir det middag på hotellet om det går etter planen.

fredag, november 20, 2020

Dagbok 2020: 20.november

Klokka er no 16 .05, temperaturen ute er 0 graderC og eg trur det har vore opplett i dag.Men sist natt kom det meir snø. Det var ein nydeleg morgon, men etter som lærde folk seier skal det komme mildvêr og uver i morgon.I dag har eg vore i sjølvpålagt karantene for å få unna noko arbeid; viss er fer og rek så blir ingen ting gjort. I dag skulle eg vaske skikkeleg grundig på badet, og det vart gjort. Eg har vore litt usikker på om eg skulle henge opp att julegardinene som eg kjøpte i fjor-det er ikkje akkurat JULE-gardiner, berre kvite blondegardiner. Eg hadde tenkt å vaske dei først , men fann ut at det var ikkje naudsynt. Det er ein jobb å ta ned 6 lengder og få av klypene, for så å sette klyper på 6 nye lengder og henge dei opp.Ikkje det kjekkaste eg veit, men har ein viljen, så går det bra.I dei små pausane eg innvilga meg, sat eg ved laptopen og øvde på spanskleksa-den er ikkje heilt enkel. Så måtte eg dusje og vaske håret så eg vart litt meir sivilisert.Neste sundag skal vi ha "avslutning" i pensjonistlaget/spanskgruppa m.fl. Då skal vi ha middag på hotellet. Men vi får ikkje vere meir enn 20. Til middag i dag laga eg pasta carbonara, laga litt for mykje-men eg åt det opp. No har eg kveikt i omnen for å få det litt koselig og så skal eg sjå TV og drikke kaffi. Eg vil ønske alle ei god helg. Hugs å vaske hendene.
Dette bildet er frå i går kveld, men det blir vel noko liknande i kveld også.

torsdag, november 19, 2020

Dagbok 2020: 19.november

Klokka er no 17.17, temperaturen ute er + 2 grader, men eg trur det har slutta å snø. Eg målte snødjupna før i dag med ein linjal på 20 cm, det var meir snø enn det. Erik i kjellaren hadde funne fram det nye snømoke-brettet og tok mesteparten av tune.Linda ville moke for garasjen så eg skulle få ut min bil, men eg stoppa henne og sa at eg ikkje skulle ut i dag. Men ho har tatt trappa og ein veg bort til garasjen. Eg var ute og henta ved og då berre vassa eg i snøen. Eg verkte i høgre armen i natt så eg er litt forsiktig med kva eg gjer.
Eigentleg skulle Marit og eg på trening i dag, men eg kunne ikkje køyre og ikkje ho heller; det var dårlege køyreforhold. Marit tenkte vi kunne ta drosje, men eg vegra meg-delvis på grunn av prisen. Eg hadde nok å gjere heime så eg hadde ingen problem med å få ein "fridag". Det har tikka opp til fleire spansklekse-ark inn på Laptopen, og dei må eg først skrive av med hand, for så å skrive dei inn på PC-en og printe ut. Å skrive av spansk er ikkje som å skrive av norsk, for det første er det mange ord ein ikkje forstå til å begynne med, og så er det alle dei ulike aksentane som står over ymse bokstavar. Eg brukte nesten heile føremiddagen på spansken. Så fann eg ut at det var litt meir eg skulle vaske på kjøkkenet, så då tok eg like godt fredagsvasken der med det samme. Badet skal få seg ein skikkeleg vask i morgon. Må vaske litt ekstra godt no fram til jul.Men det er for tidleg å ta kjøleskapet. Det vart ikkje laga middag i dag heller, berre skivemat, men det er ok. Eg vaspa gjennom snøen ut i garasjen tidleg i dag og henta inn ved, eg har fyrt i omnen i dag, då eg sette meg til å slappe av vart eg frostig. Eg trur ikkje det blir gjort så mykje meir i dag, men eg kan no feste trådane på det lesteparet som no er ferdig - og så får eg sjå om eg har såpass mange restar at det kan bli til noko. Og viss eg blir heilt arbeidsledig, har eg eit rom som eg kallar kontor-der er det mange gode ryddeprosjekt. Say no more.

onsdag, november 18, 2020

Dagbok 2020: 18.november

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 1 grad C, og snøen lavar ned. Det begynte fint og pent i 15 -tida ogno er det full vinter. I dag var det spanskkurs, det nest siste i år. Eg var på plass i god tid før klokka 11, hadde ikkje gjort stort anna enn å dusje og vaske håret før eg for.Kurset var slutt klokka 13 og eg køyrde rett heim. I går vaska og rydda eg matskapet og i dag tok eg resten av skuffer og skap på kjøkkenet, med unntak av dei fire skuffene som eg vaskar titt og ofte. Klokka 15 vart dei ein pause, såpass eg fekk meg litt mat, og så tok eg resten. Eg blir litt overraska over kor fort eg blir trøtt, det er alderen som gjer seg gjeldande, forstår eg.I og med at eg stort sett har halde meg på kjøkkenet har eg ikkje så mykje å fortelle om. Eg må på ein eller annan måte få kvitte meg med diverse som ikkje er brukbart, og som er det.Eg har altfor mykje av alt no når eg er åleine. Eg er glad for at eg no er såpass i armar og hender at eg greier å gjere litt meir. No skal eg ta ei lita opprydding på kjøkkenet før eg set meg til med neste spansklekse.Det er slikt arbeid eg likar, det også. Det er bekmørkt ute, men om ein mådads tid snur sola-mens vi ventar på det, kan vi moke snø.

tirsdag, november 17, 2020

Dagbok 2020: 17.november

Klokka er no 16.20, det er +8 grader ute, det regnar og det er mørkt. Det vart ein brå slutt på finevêret, men vi får vere glade for dei dagane vi fekk.Dagen i dag har vore lite effektiv for meg, vi er nesten ferdige med dagen utan at eg har gjort så mykje. I dag vakna eg og hadde vondt overalt,armar og bein og til og med hovudet verkte, men panna var kald - så eg utelukka corona. Det var nok "berre" gikt! Det får eg ofte når det kjem regnvêr.Eg stussa litt på om eg skulle fare på trening, men eg blei fort bra.Så trening vart det. I dag gjekk tida fort for vi begynte å snakke om den gamle tida, då vi vaks opp, og alt det "gale" vi var med på-vi som no er 80+. Vi er samme gjengen i lag kvar gong så vi blir etter kvar godt kjende.I dag skulle verken Marit eller eg handle, så vi for rett heim. Vi avtalte før vi gjekk kvar til seg at vi skulle drikke kaffi og lese avisa dvs. Møre-Nytt. Og slik vart det. Det eg ikkje hadde rekna med var at der var så mykje å lese i avisa i dag at det tok si tid.Klokka var nesten middag då eg var ferdig å lese, eg rakk berre litt spansk før eg varma opp siste resten av rømmegrauten.Så no er eg ferdig med den-takk og pris for det! Det er slik når ein er åleine, at viss ein lagar noko, må ein ete det sjølv-ikkje alltid like populært.Og så vart det å gå inn til datamaskina og gjere ferdig ei spanskoppgåve, det balla på seg med ekstraarbeid sidan det ikkje vart kurs førre veka.Eg har no vore borte i både engelsk,tysk og fransk før, men spansk er meir framandt enn dei språka, og derfor vanskelegare å lære. Det er trim for hjernen-og det treng eg, det er ikkje nok berre med sudoku lenger. Det ser ikkje ut til at eg får gjort stort anna i dag enn å øve på spansken, eg er den eldste på kurset og sikkert den som må øve mest. Då eg kom heim frå treninga i dag, henta eg inn nokre vedkjeppar og kveikte opp i omnen for å få det lunt og godt, men siste timen har eg sete på kontoret framfor datamaskina utan å ha på varme, så no kan det bli godt å komme inn att i stova.(Eg er heilt bra no, har ikkje vondt nokon stad).

mandag, november 16, 2020

Dagbok 2020: 16.november

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 10 grader og det har vore opplett i dag. I 10-tida på føremiddagen skein sola inn i stova, men før eg rakk å ta bilde, var der kome skyer framfor sola, og etterpå vart ho borte bake Melshornet, før ho kom att i 14-tida i Os-skaret. Då tok eg bilde. I dag var eg rimeleg aktiv på føremiddagen. Rett etter frokost sette eg ein brøddeig sidan eg hadde nesten ein heil liter melk som gjekk ut på dato i dag. Sist eg baka brød vart dei heilt mislykka, og eg har enno att to av tre.Ein skulle ikkje tru at brød kunne bli så mislykka-eg har aldri opplevd det før. Dei eg bakte i dag var heilt OK. Så ringde Eli, ho hadde snakka med Møre-Nytt og eg fekk "ordre" om å sende manus på nytt. Redaktøren og eg har truleg misforstått kvarandre. Så no har eg sendt manuset på nytt, så kjem det vel i avisa til slutt. Eg hadde bestemt meg for å farge håret mitt i dag, og då eg hadde fått brøda i omnen kunne eg sette i gang med det prosjektet.Skal til frisør 22.desember,så dette vart berre litt oppshining-så lenge. Så stod neste programpost for tur. Eg måtte ned på ALTI og kjøpe litt meir garn, så eg får gjere ferdig lesten eg har begynt på. På heimvegen frå Vik stakk eg innom Kiwi og kjøpte tunge ting:t.d. mjøl og Coca Cola -det må eg ha i hus i tilfelle Amanda kjem på besøk, for ho drikk ikkje kaffi. Då klokka nærma seg 15, vart det middag; oppvarma suppe frå i går. Den smakte godt i dag også, men grønsakene blir litt blaute under oppvarming. Eg er ikkje kresen, så maten gjekk ned på høgkant. Eg sette meg inn i godstolen og såg/høyrde coronanytt frå Oslo. Eg hadde ikkje tenkt å gå tur i dag, men så tenkte eg at det kom sikkert regn snart, så eg måtte nytte høvet. Eg er ikkje god i knea, men eg veit ikkje kva som er best, trening eller avslapping. Det vart i alle fall ein runde på Vernet i skyminga. I dag var rekkverket ferdig og eg gjekk lett opp trappa.No kan eg også gå ned trappa og då kan eg gå motsett veg rundt.
Eg møtte ein nabo der oppe og han spurde om eg hadde telt trinna. Det hadde eg ikkje gjort i dag, men eg har talt to gonger før og fått 42. Han hadde fått 43-men kanskje dei har lagt til ein ekstra stein? Dagane er korte og kveldane lange for tida, men alle priser det fine vêret vi har hatt no. I morgon skal eg på trening og onsdag på spansk. Vi har mykje lekse i spansk for tida, særleg når kurset gjekk ut førre veka. Mykje av leksa går ut på å høyre/ sjå på You tube, så det gjer eg i nesten alle pausar.Eigentleg skulle eg ha vaska/pussa vindu i dag, men eg kan no vente til nærmare jul.

søndag, november 15, 2020

Dagbok 2020: 15.november

Klokka er 15.12, temperaturen ute er + 14 grader, det har vore litt sol i dag, men no skyar det meir og meir over. Sola kom inn i huset her i halv ellevetida, så forsvann den bak Melshornet, men kom att i Os-skaret litt før klokka 14,kor lenge ho hadde tenkt å vere her, veit eg ikkje for det kom meir og meir skyer. Det er vel litt tidleg å oppsummere dagen, men skjer det noko meir kan eg skøyte på seinare. Det einaste eg hadde planlagt for dagen, var middagen.I går kveld la eg i vatn nokre bitar av lammeribba eg kjøpte på tilbod, eg ville sjekke om den var ok. Så i dag sette eg den på kok og plussa på med løk og guler erter som hadde stått i vatn over natta. Eg skrella og gjorde klart, før eg sette meg til med spansken min og diverse anna på data. Datamaskina er veldig god å ha når ein ikkje har altfor god hukommelse.Det er mange eksempel på det. I går var det ein melodi som gjekk på repeat oppe i hovudet mitt. Eg kunne ikkje hugse kva song det var, men etterkvart kom det fram ei linje "My masterpiece unsigned"-Søkte på den linja og fekk oppklart at det var Leonard Cohen sin "Came so far for beauty". Eg hadde ein heil L.C. konsert liggande på TV-en lenge. Den var med norske artistar, og mange av songane var omsette til norsk. Men denne vart sungen av Annli Drecker på engelsk. Så slapp eg å grunde meir på den tonen. Bodil ringde til meg i dag og vi prata lenge om laust og fast, kjekt å snakke saman på telefonen når vi ikkje kan møtast. Etterpå skar eg opp grønnsaker;gulrot,rabbe og potet, og hadde i suppa som fekk stå her åleine og koke mens eg gjekk ein tur på "Vernet". Eg har gått der nesten kvar dag denne veka, må nytte finevêret. Det var mykje folk der i dag og ein del som eg kjende. Og i dag gjekk eg opp trappa sjølv om rekkverket ikkje er heilt fedig. Gjorde som mange andre, gjekk siste biten ved sidan av trappa. Då eg kom heim var suppa mi nesten ferdig så eg slapp å vente lenge på maten. Suppa var god og det var ingen ting i vegen med lammekjøtet som var kjøpt på tilbod. No skal eg lage meg kaffi med noko attåt-trur eg. Eg lever godt!Og eg er glad for kvar dag utan snø og kulde. No er det berre ein i storfamilien som har fødselsdag i november, det er Erlend. Då han var liten feira han i lag med begge bestefedrane.

lørdag, november 14, 2020

Dagbok 2020: 14.november

KLokka er no 16.40, temperaturen står fast på litt under 10 plussgrader. Tenk at vi har det så fint i november! I dag visste eg ikkje kva eg skulle ta tak i, men det blei støvsugaren. Skulle gjerne ha pussa vindu, men hendene var ikkje heilt klare for det. Det er så mykje eg kunne ha gjort, men ikkje alt fristar. Eg hadde ein post på programmet og det var å ta ein tur på grava til Nils, sidan det er fødeselsdagen hans. For tre år sidan gjorde vi klart for 80-årsfeiring, vi bestilte koldtbord og etterpå vaksinerte vi oss før vi tok ein tur på Amfi. Me så vart Nils sjuk, og vi trudde det var vaksinen, men det var det ikkje. På 80-årsdagen, seint på kveld vart han innlagt på sjukehuset i Volda for første gong, det vart fire gonger seinare + eit par gongar på Ørstaheimen. Sommaren 2017 var han heime, først i desember flytta han inn på Ørstaheimen. Han fekk ha 81-årsdagen heime på Vallabøen, men det vart siste fødseldagen hans. I dag tok eg med fyrstikker og batteri, var innom Kiwi og kjøpte gravlys mellom anna. I buret på gravsteinen har eg eit stearinlys som går på batteri, det lyser så lenge som batteria virkar. I dag tente eg også eit anna lys, så får eg håpe det ikkje slokna for fort. Sist eg var på gravplassen hadde eg også eit lys som brann, men det forsvann av ein eller annan grunn. Då eg kom heim att, øvde eg litt på spanskleksa før eg åt "middag", det var rømmegraut frå i går. Eg sette meg inn i godstolen etterpå-med ein kaffikopp. Eg heldt på å skulle sovne heile tida, men passa koppen. Eg såg litt på eit opptak, men vart lei, så no må eg finne på nok anna, men eg skal ikkje gå på Vernet i dag. No er det dessutan mørkt ute. Før var det vanleg å fare til Vik ,gjerne på Amfi, om laurdagane, for å treffe folk. I denne coronatida er det best å halde seg heime, men eg skal innrømme at det no begynner å bli nok av å vere så mykje åleine. I sommar merka eg det nesten ikkje for då traff eg folk ute heile tida. Eg trur eg må legge meg opp eit meir spennande handarbeid, eg begynner å bli lei av å strikke lestar, men det er no greitt når eg ser på TV. Kveldane, særleg i helga, har ein mykje selskap i TV-en, så då saknar eg ikkje selskap.

fredag, november 13, 2020

Dagbok 2020: 13.november

Desse bilda er tatt mellom kl.12.30 og 13; eg såg sola i fjella, og lurte på om den rakk ned til meg, det gjorde den visst ikkje, men det var sol lenger ute i gata og på Vernet. Eg fekk lyst å gå på Vernet i dag også, men eg hadde bestemt meg for å jobbe litt i huset i dag og spare litt på føtene mine. No er klokka 15.30, det er lysare ute enn i går på denne tid, men eg ser at det held på å bli litt skymt.Det er nydeleg vêr og temperaturen er no + 12 grader C. I dag hadde eg planen klar, og når eg det har, blir noko gjort. Først shina eg opp og vaska kjøkken og bad. Deretter gjekk eg ned i kjellaren og vaska og rydda vaskekjellaren. "Det var eit visst behov," som eg brukar å seie. Eg kunne i grunnen tenkt meg å jobba litt meir, men ryggen protesterer. Når eg slappar av frå husarbeid etc. jobbar eg med spansken.I går kveld rundt midnatt, fann eg ut at Eli hadde sendt oss ein ny song som vi skulle lese på og omsette till norsk. Eg sette i gang, fann teksten på nettet, skreiv den ned og omsette, før eg tok kvelden. Eg veit ikkje kva som gjer det, men eg får ofte eit anfall av energi rundt kl.24. Men då må eg begynne å tenke på å legge meg viss eg skal halde samme ruta som andre folk. I dag kokte eg rømmegraut. Det gjer eg av og til. Når eg kjøper kremfløte blir som regel ikkje alt brukt før den går ut på dato. Derfor frys eg fløterestane, og så tek eg dei opp, blandar med lettrømme, som eg alltid har på lur, og kokar rømmegraut. I dag hadde eg ekstra mykje fløte så grauten vart feit og god, der vart ikkje plass til melk i den i dag. Eg åt sjølvsagt ikkje opp alt. I morgon er det Nils sin fødselsdag, han hadde blitt 84 år om han hadde fått leve. Før brukte vi å samle heile storfamilien og servere julemiddag på dagen hans. Eg hadde tenkt å ta opp att den skikken i år, men så er det denne coronatida! Eg har kjøpt kjøtt, men utsett "feiringa" til det er tryggare å samlast. Mange i familien jobbar i skulen og er i kontakt med mykje folk. No etter kvart kjem ungdommane heim frå studiane sine også, men så langt er ingen av dei sjuke. Ja, det er ei rar tid, og ikkje trudde vi vel i sommar at det skulle gå slik-at det skulle vare så lenge. No kjem det vaksine , men så er det mange som er skeptiske og ikkje vil ta den, så då spørs det. For 14 dagar sidan sende eg referatet frå pensjonistmøtet til Møre-Nytt, og enno er det ikkje kome i avisa, så no kan dei berre spare seg. Dei har fått referatet, og eg har hatt kontakt med redaktøren-så det er ikkje bortkome.(Det eg veit) No er det så veldig fint ute at eg må visst ta ein tur på Vernet likevel-før det mørknar.Ønsker alle ei god helg.

Bok nr. 59 - 2020:

Denne boka har eg lese på senga nokre få sider kvar kveld. Eg veit ikkje om eg kan vurdere boka ut frå det, men eg har eit inntrykk av at boka var god. Eg kjenner ikkje forfattaren frå sør, men ser på omslaget at han har fått god kritikk for mange bøker

torsdag, november 12, 2020

Dagbok 2020: 12.november

KLokka er 16.15, temperaturen er + 12 grader og det har vore opplett i heile dag så vegar og gater er tørre. Det er heilt nydelig vêr til årstida å vere -men det mørknar tidler. Alt kl.15 var det åt og skymest. I dag føremiddag var det litt rot oppe i hovudet mitt, det har vore fram og tilbake både med spanskkurset og treninga. Spanskkurset var først flytta til i dag, men i gå kveld fekk eg melding om at det var utsett til neste veke. Derfor kunne eg fare på trening i dag, men det eg gløymde var at torsdagane begynner vi treninga kl 12.30-ikkje klokka 11, som på tysdagane. Dermed var eg klar til å fare før klokka var 11. Men Marit stoppa meg. Dermed fekk eg strikka ferdig ein lest og sett siste episoden på serien min. Fysioterapeuten var på plass igjen i dag, men hadde vore og testa seg for sikkerheits skuld.Ho var frisk. Etter treninga var vi på Spar og handla, og etterpå ein tur på ALTI.Det vart ikkje til at eg laga middag i dag, det heldt med eit par brødskiver. Eg heldt på å sovne attmed laptopen etterpå, men eg vil ikkje sove på dagtid. Så lurte eg på å gå ein tur på Vernet i mørkninga, men eg har enno ikkje bestemt meg.Eigentleg skulle eg heller ha rydda i vaskekjellaren.Ein av naboane ringde på og gjorde meg obs. på at bilen stod med lysa på inne i garasjen. Eg har ikkje sett på lysa med vilje, men eg trur at eg har kome borti brytaren. Dette har hendt før. Heldigvis starta bilen utan problem. No har eg laga meg litt kaffi og så får eg sjå kva meir det blir til. Eg har tre novemberkaktusar som blomstrar no. Den på bildet er den største ,med mest blomster, men den har så lyse blad. På Amfi i dag var der nissar og julepynt overalt og tonane frå Silent Night fylte lokala med "julestemning".Ja, ja, vi skal bli bra leie før jula kjem. Forresten trur eg at mange kjem til å ta fram julepynten tidleg i år.Det kjem i alle fall eg til å gjere. Det som er no er at mange pyntar til advent og rydder jula fort ut att etter jul. Slik var det ikkje før. No skal eg ha meg ein kaffikopp. Kl.18ca.Det blei til at eg tok ein liten tur på Vernet mellom kl.17 og 18. Eg fekk ikkje gå trappa i dag heller. Eg tenkte på å ta med meg lommelykt, det skal eg gjere ein annan gong, for dei fleste andre som var der hadde det. Skulle ta eit bilde av byens lys, men det vart mislykka.

onsdag, november 11, 2020

Dagbok 2020: 11.november.

Klokka er no 15.25, temperaturen ute er ca +14 grader, og det har stort sett vore opplett i dag. Eg gjekk tur på Vernet mellom kl.14 og 15. og det var nydeleg å vere ute.Trefte ei av Spansk-venninnene mine, ho var også på trimtur. I dag låg eg til klokka var 9, det var fordi eg ikkje hadde sovna før i 4-tida i natt-dessutan var det fridag ettersom spaskkurset er flytta til torsdag denne veka. Det er ei avtale vi han med hotellet at vi kan vere litt fleksible. I går oppdaga eg at det var kome ein ny sesong på NRK TV av serien"Et sted å høre til." Eg såg ein episode i går kveld og to episodar i dag, mens eg strikka. Men sidan eg hadde fått ein uventa fridag måtte eg gjere noko ekstra.Eg henta gardintrappa og så vaska eg alle hyllene over kjøkkenbenken. Og denne gongen var det behov for det. Det er lenge sidan eg hadde føter til å klatre opp og armar til å løfte ned alt som er i hyllene. Men i dag gjekk det bra, sjølv om hendene ikkje er heilt gode. Kvar gong eg ryddar skap og skuffer ser eg at eg har altfor mykje av alle ting. Eg skulle ønske at dei unge kunne ta imot litt av kvart, dei som etablerer seg med eige husvære. Ja, dei andre også sjølvsagt. Det er begrensa kva eg treng no. Medan eg rydda og vaska tok maskinene unna både klesvask og oppvask. Eg kan berolige alle med at eg har MANGE fleire skuffer og skap som skal ryddast og vaskast-mykje har stått på vent mens eg har vore plaga med armane, hendene og føtene. No får eg seie som Trup:Eg har ikkje vore så bra som eg er no på 20 år. Det er nesten sant. No skal eg kaffi og dessert. Middagen i dag var to skiver med leverpostei og rødbetar.Så blir det kanskje ein episode til på TV.
Starevegen sett frå Vernet

tirsdag, november 10, 2020

Dagbok 2020: 10.november

Klokka er no 16.40, temperaturen er + 9 grader og det har regna i dag også. Eg trudde eg skulle få gjort så mykje i dag når det ikkje vart trening, men eg er ikkje fornøgd med meg sjølv. Eg stod opp klokka 8, og etter frokosten jobba eg med spanskleksa meir og mindre til Marit og eg skulle på gravplassen klokka 11. Eg hadde med nye batteri til lyset og så la eg på ein mosekrans(lav) etter at eg hadde tatt vekk lyngplantane. Så no er det gjort, dessverre hadde eg ikkje med mobilen så eg fekk tatt bilde. Då eg kom heim laga eg til lunka vatn i ei bytte, helte i bilsjampo og vaska bilen grundig med ein svamp før eg spylte med slangen. Det er første gongen eg har såpevaska den, og eg har vel hatt den i to år? Sidan eg ikkje fekk trene i dag, ville eg ta ein tur på Vernet mens eg hadde ytterkleda på.Det er ikkje likt kvar dag, sundag gjekk eg så lett som ingenting, i dag var knea litt trøblete. Eg fekk ikkje gå på sjølve Vernet i dag, for dei heldt på å sette opp rekkverk, men eg tok vegen langs med, så turen blei like lang som vanleg.Då eg kom heim malte eg over nokre skrubbsår på bilen, med billakken min, før eg køyrde inn i garasjen. Dekka hadde eg fått på plass tidlegare. Til middag i dag steikte eg løk og poteter frå i går+ at eg grov fram karbonader frå fryseskuffene. Det vart ein bra middag, men ikkje så god som den eg hadde i går. Imidlertid måtte eg slappe av framfor TV-en ei stund, måtte sjå eit par episodar frå ein serie som eg har sett før-fordi eg hadde gløymt korleis det var. I alle "ledige stunder" ser eg på spanskleksa mi-det er ikkje det samme å lære no som då eg var ung. Eg kan seie det på spansk: "Ademas, que yo ya no soy joven"(Dessutan er eg ikkje ung lenger.)Setninga vert uttalt akkurat som den er skriven, med eitt unntak:j blir uttalt som H. Eg har ikkje så mykje problem med å lese og forstå språket, men å lage eigne setningar er vanskeleg, fordi orda blir bøygde i kjønn og tal til det heilt ugjenkjennelege.Til dei som har tenkt å lære seg spansk:Begynn før de er 80 ! Så i morgon er det på hotellet igjen. Vi betaler for kvar gong, og på bankutskrifte står det "overnatting" så no lurer dei vel dei i banken på kva vi styrer med ei natt i veka. Det er kjekt å vere der, men ikkje så kjekt som før, no når vi må vere så langt frå kvarandre.

mandag, november 09, 2020

Dagbok 2020: 9.november

Klokka er no 17.30, det er mørkt ute og berre +5grader C. Eg er frostig, men har både ved og elektrisitet å varme opp med. I dag grudde eg meg til å kontakte avisa anten på mail eller telefon, men då eg sette på PC-en var der ein hyggeleg mail frå redaktøren.Så var eitt problem ute av verda. Nr. 2 var å vurdere om veret var bra nok til å fare på VØR ogdet var det. Fylte opp baksetet og bagasjerommet med sekker med hageavfall. Det gjekk heilt greitt å levere slikt boss i dag. To andre damer på om lag same alder som meg var der også med hageavfall, den eine hadde ein mann med seg. Då eg kom heim att kom eg på at eg køyrde på heilårsdekk, men eg hadde ikkje merka nokon skilnad. Så då er sikkert alt i orden, men skulle vel ha sjekka lufttrykket i dekka. Marit er flink å følgje med på prisar og tilbod, og i dag hadde ho tenkt seg på Plantasjen; eg ville sjølvsagt vere med. Ærendet vårt var å kjøpe kransar til gravene, vi fer kanskje fram på gravplassen i morgon etter trening. Vi måtte ein tur på Coop Extra, det høyrer til når vi er i Furene.Der fann eg ein av favorittane mine-nemleg spekesild. Dei har nokre pakkar med berre 2 filetar, og dei er ikkje saltare enn at ein kan ete dei med ein gong. Dei er veldig gode. Det blei ein litt forseinka middag i dag, men den var vel verdt å vente på. Kål hadde eg også kjøpt på Coop, for det var ikkje mykje att av det "gamle" kålhovudet. Nils var vandt til kålrabistappe til sild, eg ville ha kålstuing, men begge likte vi både det eine og det andre, så det vart som regel-kålstuing. Kokte meg ein kaffiskvett og sette meg inn og såg litt på TV, prøvde hardt på å ikkje sovne, men det var heilt mislykka, eg både sov og drøymde, men kaffikoppen heldt eg rett. Eg såg nyheitene kl.17 og no var det gode hyheiter om vaksine. Det var i Sveits dei hadde funne opp ein vaksine som var 90 % effektiv. Det var godt nytt.Berre ikkje viruset muterer, slik det har gjort på mink i Danmark. Det var snakk om å begynne vaksinering frå 1.desember. Det har ikkje blitt gjort mykje heime i dag, men eg har no kika litt på spanskleksa. Det kom meir lekse på datamaskina i går, så Eli held oss i gjenge. Ho har undersøkt med dei styrande om vi kan halde fram med kurset og vi har fått grønt lys for det. Viss vi ikkje får stopp-melding frå fysioterapeuten skal vi på trening i morgon. På facebook i dag har eg sett at dei har begynt å sette opp rekkverket ved steintrappa på Fonnvernet. I dag har eg ikkje vore der.Det blir så tidleg mørkt at ein må nesten gå på føremiddagen. For meg betyr det at eg må vere heime til kl.15.

søndag, november 08, 2020

Dagbok 2020: 8.november

Klokka er no 17.10, det er mørkt ute. Det har vore litt vått i dag også, utan at eg kan gjere greie for kor mykje det har regna. Eg var oppe til vanleg tid, og føremiddagen brukte eg til å strikke litt, rydde på plass og sette i gang fryseskapet, sjekk facebook etc., men mest tid brukte eg på spanskleksa. Eg må rekne med minst ein spansktime for dag, til vanleg, men når eg i tillegg må skrive av leksa, går det meir tid. Då klokka var ca.14 gjekk eg ut, og i dag vart det to runder på Vernet. I dag trefte eg ingen kjende, men eg var der heller ikkje åleine. Når eg alltid tek bilde på turane er det for å vise vêr og årstid. Det blei middag kl.15 i dag også, det var berre å varme opp resten frå i går. Så sette eg meg til å sjå "Hver gang vi møtes" på opptak, og då tru eg at eg sovna dei siste minutta. Men så sette eg over på NRK 1 og fekk høyre talen til Biden, eller i alle fall mykje av den. Han har store planar for kva han skal gjere, godt gjort når han er såpass gammal. Men han har vore lenge i "gamet".No har eg ein liten kaffitår på gang på kjøkkenet, kvelden er enno ung -det er lenge til leggetid. Kveldane er det heilt greitt å vere her åleine, for då er det mykje å sjå på TV. I morgon, viss ikkje vêret er altfor gale, må eg prøve å komme meg bort på VØR med eit lass hageavfall. Det blir kanskje det siste i år-eller kanskje ikkje. Det er mange som les bloggen min, har eg fått vite, men sjelden nokn som skriv kommentarar under.Kunne tenke meg små livsteikn.

lørdag, november 07, 2020

Dagbok 2020: 7. november

Klokka er no 17.20, temperaturen er + 9 grader, det regnar og det er mørkt ute. I dag har eg hatt besøk av Einar, han skreiv på Messenger at han ville komme innover og skifte hjul på bilen min klokka 14.30, og skriv han 14.30, så kjem han då. Før han kom hadde eg vore ein liten tur på butikken og handla mat, så hadde eg laga ei suppe som etter kvart likna meir på ein lapskaus. Eg hadde i tillegg fått eit ekstra arbeid, fryseskapet i kjellaren var heilt nede-isa fordi døra ikkje hadde vore heilt igjen. Så gale har hendt før, men det var lenge sidag sist. Eg fekk redda mesteparten av varene over i Storefrysaren. Isen er ikkje borte enno, men den kan no få lov å tine i fred.Det positive var at eg oppdaga at eg hadde fleire kakerestar på lur. Einar ville skifte hjul før vi åt. Han hadde problem med å løyse hjula fordi mutterane var hardt attskrudde. Einar lurte på om Svein hadde hatt maskinelt utstyr til å skrue med, men eg visste ikkje. Einar fann ut at han ville ned å kjøpe noko slikt. Han var ikkje lenge borte, og kom i heim med ein slags drill han hadde kjøpt på Clas, deretter gjekk det fort. Då eg såg kofferten til grillen, var det noko kjent med den, så eg trur Svein hadde samme sorten. Eg betalte drillen , så no kan alle i slekta komme hit og skifte hjul-om dei vil. Jekk hadde eg frå før.Så vart det tid for middag, kaffi og prat.Det er alltid kjekt å få besøk av Einar. Eg har ikkje følgt så mykje med på nyheitene i dag, men eg får vel sjansen til oppdatering utover kvelden. Håper alle er friske og har det bra.

fredag, november 06, 2020

Dagbok 2020: 6.november

Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 10 grader og det er stort sett opplett. I dag har eg vaska fredagavask, øvd på spanskleksa, sett på klesvask etc. Innimellom har eg følgt med på TV-når det gjeld Corona og valet i USA. Det er stort sett det det dreiar seg om for tida. Etter at eg haddee gjort pliktene mine, tok eg ei runde på Vernet før eg åt "middag"-den var ikkje så spennande som middagen førre fredag. Naboen min var ute og gjorde hagearbeid, men eg har ikkje tenkt å gjere så mykje meir i hagen, men eg må fare på VØR med hageavfall om ikkje altfor lenge. I dag snudde eg kamera og tok bilde av bygda - ikkje fjorden. Det er mykje som har blitt bygt hersida vi kom hit for snart 55 år sidan.Byggefeltet øvst heiter Mos-marka. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg!

torsdag, november 05, 2020

Dagbok 2020: 5.november

Klokka er no 17.15, temperaturen er + 9 grader og det regnar. På føremiddagen var det finare, litt mildare og ikkje regn. I dag var eg klar på at eg skulle gjere ein jobb før treninga, og den jobben var å legge opp buksa mi. I dag tok eg rette buksa og klipte av litt og la den opp, eg var nøgd med heksestinga mine, men då eg prøvdeu buksa, var det litt underleg - eg hadde på eine buksebeinet bretta buksa opp på utsida. Det var berre ein ting å gjere og det var å ta opp att. Men eg vart ferdig til eg skulle fare. At eg gjer mykje feil har ikkje noko med alderen min å gjere, for eg har vore slik støtt: FORT OG GALE! Men eg prøver å ikkje ta med meg den trenden i bilkøyringa. På treninga var det greitt, som alltid, og då eg kom heim var vêret så fristande at eg tok ein tur på Vernet med det samme eg hadde kleda på meg. Det var bra! Då eg kom heim att litt før klokka tre, varte det ikkje lenge før regnet og mørkret kom. Til middag i dag kokte eg spagetti og prøvde diverse ting ved sidan av.Eg sette meg i stova med laptoppen og skreiv av meir spansklekse-så fekk eg følgje med på TV samtidig; etterpå datt eg ned i stolen framfor TV med ein kaffikopp, og enno er det ikkje klart kven som blir president i USA. Har litt ymse eg må gjere i dag, men i morgon skal eg vere heime og ta fredagsvasken m.m.Desse dagane eg "skal på noko" blir det ikkje gjort så mykje her heime. No er det ikkje slik at eg har all verda å gjere, men eg har ein del på ventelista mi, og dagane er korte. Men takk og pris for kvar dag utan snø og kulde. Det var vi samde om på trening i dag. Vi er alle i gruppa pluss/minus 80, men vi har det kjekt i lag etter kvar som vi blir betre kjende. Og no når eg ikkje driv med hagearbeid treng eg annan mosjon. Det er trist at vi ikkje blir kvitt denne coronaen, men eg las eit innlegg på facebook i går som sjokkerte meg. Det var ein kvinneleg lege som hadde sett det inn. Eg lyt jobbe meir med spansken i kveld. På grunn av at ikkje alt er i orden med datamaskinene mine må eg skrive av frå laptopen og så skrive om att på PC-en for å kunne trykke det ut. Håper eg lærer litt under prosessen også.

onsdag, november 04, 2020

Dagbok 2020: 4.november

Klokka er no 16.46, det er nesten mørkt ute og det har regna i heile dag. Temperaturen er + 6 grader og eg er frostig, men no har eg tent opp i omnen.I dag var det spansk-kurs igjen, vi skal halde fram ut november i første omgang. Det er ganske mykje å sette seg inn i ,og noko sit att, vil eg tru. I går kveld sat eg og såg TV ganske lenge, men greiddde å legge meg å sove til vanleg tid. Stod ikkje opp før 8.30 i dag, men då var eg snar å sette på TV-en. Kom att frå kurset i 13.30 tida, handla litt på veg heim, og då var det på med TV-en igjen. Men så tenkte eg å legge op buksa eg kjøpte sist fredag, så eg fann ei bukse same sorten, som eg hadde lagt opp før, og klipte av så mykje som den var for lang. Dvs. eg klipte feil bukse, så det var den gamle som vart enda kortare, mens den nye er like heil. Takk og pris for det, for dette var ikkje dagen for slikt arbeid. Til alt overmål hadde eg tatt fram symaskina, den tok eg faktisk fram tidlegare i sommar ein gong, og sydde på den.I dag skulle eg sette inn ein annan spole , men korleis var det no? Eg fann det ut til slutt, og greidde etter litt strev å træ maskina. Gudane må vite kor mange år det er sidan eg brukte symaskin. Då alt var i orden, skulle eg sy- men det vart ingen saum! Då gav eg meg på det. Eg ser det slik, at hjernen min er som ein harddisk som no er full. Derfor må ein slette litt av det gamle for å få plass til alt det nye som skal inn. Til eksempel må eg slette "symaskin" for å få plass til spanske gloser. Nok om det. Til middag i dag vart det salat med apetinaost og brød. Og så kokte eg ei kanne kaffi før eg konsentrerte meg om valet i USA. Eg berre datt ned i stolen og begynte å følgje med, så det blir visst ikkje så mykje gjort i dag heller. Men eg kan no strikke om ikkje anna.Det er interessant å følge med på dette valet,det er harde tider i USA. I morgon er det trening igjen, då blir eg ferdig med "pliktene" for denne veka.Får gjort for lite heime når eg skal ut og flakse om dagane.Og dagane er korte når det blir så tidleg mørkt.

tirsdag, november 03, 2020

Dagbok 2020: 3.november

Klokka er no 15.50, temperaturen er + 8 graderC, og akkurat no regnar det ikkje, men det har vore regnbyer i heile dag. I dag tidleg regna det voldsomt, men brått skein sola gjennom regnet. Det var spesielt og eg prøvde å fange det i eit bilde, men det kom ikkje så tydeleg fram. I dag vakna eg tidleg og kom meg med litt besvær fram or senga; eg såg på klokka, den var 5.Så det vart til at eg la meg nedpå eit par timar til. Treninga er klokka 11, så eg hadde god tid til å øve på spanskleksa før vi for. Det var Marit som køyrde i dag. Etter treninga var vi på ALTI. Begge hadde ærend på apoteket og på Europris. Eg hadde med meg mynt, såpass eg kunne ta ei handlevogn, for det var tunge ting eg skulle ha . For ein gongs skuld så gjekk det litt pengar i dag, enda alt er billeg der.
Trefte kjentfolk på ALTI i dag, blant anna ein gammal kollega som eg ikkje har sett på veldig lenge, og ein annan kollega som har dottera si i New York. Det vart prat om Trump der også, vi hadde hatt opp temaet på treninga og. Trump og Corona er vel det som vert mest diskutert for tida. Marit handla litt på Bunnpris, men eg fann ut at eg greidde meg med den maten eg har. Når vi kjem heim att til Starevegen har vi oftast ei pratestund i bilen, før vi går kvar til vårt. Så klokka nærma seg middagstid før eg var inne. Til middag blei det resten av suppa frå i går + ei brødskive. Så vart det ei heil stund med avisa, og då var klokka så mykje at eg avlyste alle planar om å "gjere noko"i dag.. No har eg skaffa meg litt billeg garn på Europris, såpass eg kan strikke lestar og sjå på TV, men er trur ikkje eg bør sitte heile natta, eg kan ikkje gjere verken til eller frå.

mandag, november 02, 2020

Dagbok 2020: 2.november

Klokka er no 17.00; temperaturen ute er + 9 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag. Eg hadde ein liten plan for denne dagen og det var at eg skulle støvsuge teppegolva. Så eg sette i gang på stova først best. Skulle gjere det litt ekstra i dag, så eg tok fram dei to sofaane og fekk støvsuge der dei stod før dei var på plass igjen. Dei er så tunge at armane mine greier ikkje å flytte dei, men når eg tek heile kroppen i bruk går det greitt. Eg tok meg god tid. Etterpå bytta eg på senga mi og sette på ei maskin med klede,. Så festa eg trådar på eit par lester før eg sette meg til å øve på spansken. Då var klokka blitt så mykje at eg kunne lage middag. Det gjekk fort og greitt, grønsaksuppe med pølse i dag igjen. Det var godt, så det vart ikkje så mykje att til i morgon. Eg begynte å lage kaffi etterpå , men då ringde telefonen. Det var ei venninne, så vi fekk ein kjekk prat. Både ho og mannen hennar er i risikogruppa , så dei held seg mykje for seg sjølve. Eg hadde så smått tenkt å ta ein tur nedover, for eg er lens for garn, og så er det litt anna eg treng også. Men det lyt vere til vi fer på trening i morgon, då tek vi ein tur på ALTI etterpå. Det er ein del smitte i Volda for tida, så vi lyt vere forsiktige no, men eg kjem no til å gå på trening når der er ope-og sameleis med spanskkurset. Viss alle hadde vore like forsiktige som eg (og mange andre) så hadde vi vore ferdige med CORONA no-trur eg. Som de ser så skjer det ikkje så mykje interessant her med meg- og det er kanskje det beste. Det er korte dagar og lange kveldar no-men slik er det kvart år på denne tida.Eg får sjå om eg finn meg nokre garnrestar som kan bli til noko. Eg hugsar restegarn-genserane til barnebarna. Eg dikta mønsteret etter kvart-det var ganske morsomt. Bildet tok eg frå trappa ein gong mellom 16-og 16.30. Forresten fekk eg bladet Pensjonisten i postkassa i dag, og der er det Sudoku, blant anna.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...