fredag, november 27, 2020
Dagbok 2020: 27.november
Klokka er no 19.40, temperaturen ute er +1 grad C. Eg trur det er åt og klarnar opp.
I dag har det vore ein sosial dag. Det første som skjedde var at ei dame ringde frå EIK-senteret, og sa at loket til bensintanken på grasklipparen min var kome for lenge sidan. Eg hadde ein mistanke om det, for mobilen min har vore litt av og på. Sidan eg skulle på Kiwi og handle, tok eg og køyrde fram på Mosflata med ein gong, og på EIK -senteret stod en mann klar med lokket mitt-70 kr.-Ikkje noko å seie på det.
Handla på Kiwi såpass tidleg på dag at der var lite folk. Det er lurt.
Då eg kom heim att tok eg fredagsvask på bad og kjøkken, før eg begynte å førebu middagen.
Eg hadde lagt i vatn pinnekjøt, skrella påteter og rabbe i går, så det var ikkje så mykje å gjere i dag. Men eg laga ei skål med dessert av ein lettvint type.
Eg skulle dampe pinnekjøt og hadde til og med kjøpt pinnar; det eg gjorde feil var at eg tok ei panne med tynn botn. Dermed svidde eg heile greia i botnen, og brannalarmen gjekk for fullt. Pinnane var svartbrende, men kjøtet var uskadd, så det var berre å ta ei ny og betre panne. Einar ville også komme på besøk så vi vart 4 rundt bordet i dag, som åt julemat og drakk julebrus eller SANTA Claustaler. Det var no veldig kjekt for meg i alle fall. Når ein ikkje kan ta imot store grupper får ein lage små. No er eg åleine att, har rydda kjøkkenet og sett på oppvaskmaskina, og så skal eg sette meg til framfor TV-en. Amanda har fiksa mobilen min, så no skal den vere heilt i orden igjen. Ønsker alle ei god helg og håper at vi alle kan få ei god adventstid.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar