lørdag, november 30, 2024

Dagbok 2024: 30.november

 


Klokka er no17.35, temperaturen ute er + 8 grader, det er litt vått og grisete, men eg håper snøen blir borte-ei stund-

I dag har eg ikkje gjort noko til gagns i heimen, eg fekk kjensle av at det var søndag, heilt frå byrjinga av dagen, så eg slappa av.

Men eg hadde avtale med Marit om at vi skulle fare på basar i lag. Det er lenge sidan vi har vore ute på noko som helst, så vi såg fram til dette. Basaren var på Kulturhuset der Janne, dottera til Marit, er sjef. Og dottera til Janne skulle spele i lag med nokre andre. Der var fullt då vi kom ca11.30,men vi fekk plass ved eit bord det det sat fleire gamle damer-alle med kvitt hår.

Eg var så heldig at for nokre dagar sidan fann eg ein konvolutt med papirpengar i ei skuffe. Det var kjekt å ha når eg skulle kjøpe lodd. Men eg vann ingen ting, ikkje Marit heller-og ho brukar å vinne. Kaffi og kake fekk vi kjøpt, og det var også ei som selde lefser. Det kjøpte eg og Marit også, dei var frosne og det skal dei få vere heilt til jul. 

Vi var der til ungdommane hadde spelt mange julesongar på blåse-instrument, dei stod på scena bak alle gevinstane etc. så det var ikkje så mykje vi såg av dei.

Dei ropte ut når brennsnuten var ferdig, men vi skulle ikkje ha, så vi reiste heim.

Dei som heldt basaren og fekk inntektene var Revmatikar-laget. 

Då eg kom heim åt eg eit par brødskiver med kjøttpålegg og sa at det var middag. Så sette eg meg i godstolen og strikka ei stund. Det einaste eg har gjort til nytte i dag , er at eg har stroke diverse. Av ein eller annan grunn har eg ikkje hatt så mykje energi i dag.

Eg ser at folk pyntar både ute og inne, men eg er ikkje komen i gang med det. Skal sjå om eg finn på noko i morgon. Eg gjekk ikkje tur i går, og har ikkje gått i dag, så i morgon må eg komme meg ut og gå igjen.

Og i morgon er det 1.desember, så då kan eg opne første luka i Røde kors-julekalenderen. Tenk om eg vinn noko der! Det vil i så fall vere første gong, men eg har kjøpt kalender kvart år.

Det blir så tidleg kveld no, men om ein månads tid lysnar det igjen -litt og littEg må innrømme at eg har gjort fint lite "til jul",men litt må eg no greie i år også.


fredag, november 29, 2024

Dagbok 2024: 28.november


Klokka er no18.20, temperaturen ute er +5 grader C og det regnar, eg likar verken regn eller snø, så eg er ikkje fornøgd med veret i dag heller. Men eg har hatt så mykje å styre med inne at eg kan halde meg i ro-utan å gå tur altså.

Eg la meg seint i går og stod opp seint i dag, trur eg sov til klokka var 9-.

Og i dag var det fredagsvasken som stod for tur. Men det er ikkje så mykje arbeid, så eg fekk legge til litt. Sidan det snart er jul pussa eg vindua på kjøkkenet, så tok eg ned gardinene og vaska dei i maskina.

Det som står i tallerken-hylla på veggen blir aldri brukt, så eg sette det i nn i oppvaskmaskina i lag med det andre som var der, for å få det fint og blankt-og det blei det. Før eg var ferdig med vaskinga var gardinene ferdig vaska, så eg kunne henge dei opp. Desse gardinene er har no, både på kjøkken og stove skal ikkje strykast men hengast opp våte. No er i alle fall dette gjort til jul.

I morgon er det basar på Kulturhuset og Marit får lov å gå, så då skal vi ned dit. Barnebarnet til Marit skal vere med å spele i lag med nokre andre. Dei er flinke. Det blir ein del underhaldning og så får ein kjøpe mat etc. Eg har tenkt å kjøpe meg nokre lefser til jul. Vi kan drikke kaffi eller kjøpe brennsnut der nede. Eg har vore på ein liknande basar ein gong for lenga sidan.

Fredagsvasken min tek ikkje så lang tid, så eg fekk tid til å sjå på Sudokuen. Sist helg lova eg meg sjølv at eg skulle slutte å stresse med desse oppgåvene i Mørenytt, men no trur eg at eg har forstått litt meir, for no i dag løyste eg det heile men ein liten vri. 

Eg har ikkje laga middag i dag, men åt brødskiver med sylteflesk og raudbetar til middag,  Eg prøver å ete mat som inneheld jern, for det var einaste feilen legen fann på blodprøva mi-litt for lite jern. Solveig har greie på slikt, ho hadde no eit studieår i Bergen der ho læte om" Mat og helse". Så no har ho sett meg på diett.

Eg likar ikkje den nye frisyren min, det var vel ikkje så mykje å få utav hårtufsane mine,men sist eg klipte meg vart det fint. Eg får spare til parykk!

No går det fort mot jul. Her i nabolaget er det så mykje lyspynt som aldri før-

Det vart vel julestemning med ein gong snøen kom. No fer snøen igjen, og i dag har eg ikkje vore ute for ei dør.

 

torsdag, november 28, 2024

Dagbok 2024: 28.november


Klokka er no 15.43. Temperaturen ute er minus 3 grader, men det er kaldt nok-
bilda er tatt på parkeringsplassen ved ALTI.Det har vore sol i heile i dag, men den kom ikkje så langt ned at vi hadde nytte av det.
Det har vore ein relativt aktiv dag så langt.

Eg var på trening frå 10-11, som vanleg, men då eg kom heim ville eg ha meir trim, så eg tok på meg piggskorne og tok staven i handa og gjekk ein relativ stor runde, Eg  likte ikkje så godt å gå ute når det var mørkt, slik som i går, så eg ville gå på dagtid. Eg gjekk ein relativt stor runde, men det var fint å vere ute.
Då eg kom inn att laga eg meg ein hurtig middag av restane frå i går.
Så var det ikkje lenge før eg skulle til frisør. Eg parkerte ved Alti, slik eg gjer når eg skal i gågata, og i dag passa eg på å ikkje parkere for nær andre bilar.Det var mange bilar på ALTI i dag , det er vel nedsette prisar heile veka, men mest på fredag , trur eg.
No er eg heime att og skal vere her til i kveld, då skal eg opp til Marit og vi skal sjå 2, delen av filmen om Quisling. Filmen er delt opp i 5 delar, så det blir fleire veker før vi har fått med alt.
Eg kjem ikkje til å gjere så mykje no., men eg kan no strikke litt og sjå TV.
No vart det eir lite avbrekk her for det ringde på døra. Og der stod det ein mann med ein pakke.

Eg lukta lunta med ein gong,Den eldste av alle barnebarna mine brukar kvart år å kjøpe ein blomst eller 
eller ei samanplanting til meg før jul. No jobbar han i Oslo for ein periode, men ikkje gløymt meg.


Tusen takk, Einar!

onsdag, november 27, 2024

Dagbok 2024 .27.november


 Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt

Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadde varma kaffien min i microbølgeomnen, og opna døra mens det enno gjekk rundt. Då vart det mørkt på kjøkkenet  og kjøleskapet vart stille. Med andre ord så vart elektrisiteten borte vekk. Eg tenkte at eg kunne sjå på sikringane og der var det kome ut noko som såg ut til at det kunne trykkast inn. Eg prøvde, men eg rakk ikkje opp. Og eg har lova meg sjølv at eg aldri skal klatre opp så nær kjellartrappa. Så var det å mase på naboane igjen. Eg skreiv ei melding, og det varte ikkje så lenge før eg hadde ein nabo her som fiksa det heile på ein augneblink. Det var sikringane!

Eg hadde lova Marit at eg skulle køyre henne til tannlegen i dag, så det gjorde eg sjolvsagt. Tannlegane held no til i det store huset på hjørnet, der som det var postkontor ein gong i tida. Eg pakerte bilen der, mens eg tok ein runde ned i Gå-gata. Først var eg på banken, der eg er ein flittig gjest. I dag ville eg prøve om dei kunne gjere noko med bankkortet mitt, som ikkje vil betale bensin-alle andre stader er kortet fullt gangbart, men ikkje på SHELL. Eg fekk snakke med ei dame og ho tok kortet og skreiv noko-eg veit ikkje kva. Men ho sa at eg skulle bruke kortet på ein butikk og sette det inni der vi betaler, og slå koden. (ikkje berre legge det oppå "vinduet" Så no må eg snart kjøpe bensin såpass eg får sjå om kortet er i orden. Så hadde eg eit anna ærend og det var på brillebutiken. Eg gjekk inn og spurde om dei kunne bøye brillestengene mine litt  slik at dei heldt seg bak øyrene -og det gjorde dei gratis. Eg var lei av at brillene datt fram på nasa. Det heile hadde tatt veldig koret tid, så eg måtte vente ei stund på Marit. Eg sat mest i bilen og såg meg om. Men så syntest eg det vart lenge og eg var kald, så eg gjekk inn i huset og akkurat då kom Marit ned trappa(Tannlegane held til i 3.etasje) Vi handla litt på heimvegen i dag også, så i dag har eg kosa meg med julepølser etc. til middag.
I morgon skal eg først på trening, og så skal eg til frisør. Julebordet har eg ikkje meldt meg på. Så då blir det ikkje stress.
Det varte ei stund før Marit var ferdig, eg sat for det meste i bilen og såg ut, men så vart eg lei og gjekk inn i huset, der møtte eg Marit i døra.
Vi handla på heimvegen i dag også, så eg hadde julepølsemiddag i dag.
I morgon er det trening og så skal eg til frisøt. Eg har ikkje meldt meg på julebordet, så eg har ingen ting å stresse med.

tirsdag, november 26, 2024

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken

Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overskya men opplett. Eg kom nettopp inn att frå ein relativt lang spasertur; Opp Storebakken, ned Fonnavegen, ut Olavsgata og tilbake til start. Det er liksom ein runde. I dag hadde eg fått ein stav med Marit som eg brukte, det var god hjelp i den til å halde ryggen oppe, og til støtte om ein skulle dette-nesten.

I dag var det trening og Marit vart med, men eg køyrde. Etter treninga var vi på KIWI og handla. Då eg kom heim att greip eg tak i sudokuen i avisa. Eg trudde det skulle vere enkelt, men så fekk eg det ikkje heil til med det samme. Litt mat måtte eg også ha når det leid på. EG fekk betalt Møre-Nytt i dag,på datamaskina. Årsprisen har gått opp 600 kroner sidan i fjor, så nå betaler eg 3600, men då får eg avisa i postboksen og på PC-en. Enten får ein betale det det kostar eller så får ein greie seg utan.

I dag var vi altså på trening, og i morgon skal eg køyre Marit til tannlegen. Her heime blir det ikkje så mykje gjort, i dag har eg stort sett ete og fyrt i omnen. No skal eg få gjort ferdig sudokuen, og så skal eg legg opp til eit nytt strikketøy. Eg har gjort ferdig dei to lestepara som eg har strikka av restar, så får eg sjå kva det blir til. Eg får ikkje til å sjå TV viss eg ikke har noko på hendene-

Tilbake til start



 

mandag, november 25, 2024

Dagbok 2024: 25.november


 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane.

Eg har berre så vidt vore ute for døra i dag, eg køyrde ned på butikken og kjøpte litt mat. Og dett var dett. 

Elles har eg vore her heime. eg stod ikkje tidleg opp i dag, så føremiddagen vart kort. Eg laga meg ei fiskesuppe i dag, men eg får ikkje rette smaken på den  når eg ikkje har skikkeleg fiskevatn, eller kva eg skal kalle det. Men eg åt i alle fall fisk, det skjer ikkje ofte.

Elles, det er flaut å seie det, men eg har site og strikka for det meste i dag. Eg har plundra litt innimellom så det har ikkje gått heilt glatt føre seg. Prøvde meg ein siste gong på sudokuen også utan å komme stort lenger, men i kveld klokka 10 går eg inn på Møre-Nytt på datamaskina og ser avisa som kjem i morgon, og der står løysinga, men også ein ny sudoku som kjem i mandagsavisa, og den er ikkje så vanskeleg som den i fredagsavisa. Det er hjernetrim å løyse desse sudokuane-trur eg .

Eg kjem ikkje til å gå på julebordet på hotellet på torsdag, det har eg bestemt, men eg går til frisøren og klipper håret uansett-det er no snart jul

Apropos jul så er folk veldig flinke til å lyse opp i vintermørket. Eg har no diverse eg også, men berre litt. Problemet er at er ikkje er sæ flink til å lage det til. 

PÅ bildet ser vi kva som ligg att av snø, men tunet er så å seie bert, etter at Øystein moka i går.

I dag har eg sete med ryggen mot YV-en og høyrt på programma.

søndag, november 24, 2024

Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-


Strikk og musikk



Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør. Eg stod ikkje opp så tidleg i dag, og ikkje fekk eg gjort så mykje heller. Eg venta Solveig og Øystein på besøk i dag, men eg sende melding om at det kanskje var lurt å utsette turen for her var dårleg moka m.m. Men dei ville komme likevel og det første Øystein gjorde var å moke heile tunet. Solveig hadde med seg garn, for det trong eg. Eg strikkar lester til heile slekta omtrent, det er sånne lette ting å jobbe med. Eg trur ikkje eg kjem til å strikke genserar etc. meir. Ja, ein skal aldri seie aldri. Solveig hadde med seg garn som ho ikkje brukar, så no skal eg kose meg med fargar -og mønster kanskje. Eg likar å strikke slikt som blir fort ferdig.
Margrete sende melding om at ho kunne hente meg så vi kunne gå på korpskonsert i Volda. Det var no fristande, men eg er litt forsiktig med høge lydar for då vaknar tinnitusen til live igjen, elles høyrer eg den berre svakt som regel.
Barnebarnet som bur i kjellarleilegheita mi fyller 21 år i dag. Då er han myndig etter dei gamle reglane. Eg veit ikkje om han var med og spelte i korpset, men Amanda var der i alle fall. Om eg ikkje var der kan eg sjå og høre dei på Facebook.
Eg skulle ønske at all snøen vart borte, slik at eg kunne få gå på Fonnvernet, det er kjekkare enn å gå gatelangs.Komande veke er det mykje som skal skje. Eg skal sjøvsagt på trening, så skal eg til frisør  og truleg på julebord med pensjonistlaget.
Men i morgon er eg fri til å gjere akkurat kva eg vil.

lørdag, november 23, 2024

Dagbok 2024: 23.november


Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av naboane hadde moka så fint til meg i går, men i dag var der ny forsyning med snø. Janne og Even ville hjelpe meg å moke, men eg sa at det var ikkje nøye med for eg skulle ikkje ut med bilen i dag.
Eg trudde kanskje at Solveig hadde tatt seg ein tur i dag, men så var ho opptatt på skulen med å bake lefser i lag med besteforeldre. Det er visst ein tradisjon der ute. Ja, eg ser ikkje på lefsebaking som eit must, eg har ikkje baka ei lefse i heile mitt lange liv. Men eg har ete mange gode lefser som andre har baka.
Eg hadde ingen plan for dagen og derfor vart lite og ingenting gjort, men det var greitt nok så lenge eg trudde det var søndag. Seinare fann eg ut at eg kunne pusse vindua på stova -på innsida. Eg vaska dei på utsida for eit par veker sidan, men fann ut at det ikkje var bra nok, så det må eg ta igjen. Vindua var skitne opå innsida også for vatnet vart heilt grått, og eg veit at det kjem av at eg er litt tøff når eg fyrer i omnen. Men så er no ein jobb unnagjort til jul.
Eg strikka litt også, eg fann litt garn i går som eg kunne bruke, og i morgon får eg vel  litt med Solveig . Ho får garnet att i form av lestar.

Men så måtte eg ha ein lufterunde, på med yttertøy og piggsko. Staven min fann eg ikkje; eg treng den når eg går llitt ustødig på piggane. Eg gjekk ut Starevegen og innover Olavsgata, men eg kjende meg ikkje att, for kvar var vegen som gjekk opp til Starevegen igjen? Eg såg meg rundt til alle kantar etter kvart som eg gjekk, og brått kjende eg meg att, eg var komen heilt til enden av Olavsgata, så eg måtte snu,-så snart eg såg ein veg som gjekk oppover tok eg den og gjekk mot vest, Så på venstre sida var det brått to hus som eg kjende att. Det var huset som Agnes og Svein hadde før, og huset nedanfor, og eg var redda, for no var det lett å finne vegen heim. I over 50 år har eg budd i Starevegen, og er stort sett kjend i nabolaget, men snøen og mørket kan forvirre ein.

Mange har pynta husa sine opp men lys og det er no fint, somme har veldig mykje lys

Her har dei ikkje spart på straumen-men fint er det.


 

fredag, november 22, 2024

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt etter på bildet, kan de sjå ein trakka sti, det var eg som laga den då eg var ute i postkassa og henta avisa. Eg hadde  på meg piggsko, men datt likevel i den høge snøen. Heldigvis kom der ein mann gåande på vegen og han hjelpte meg opp att. Det var eit mjukt fall i  alle fall.Eg kan ikkje hugse at vi har hatt så mykje snø i november før.

I dag er det fredag og vaskedag. Eg vaska bad og kjøkken og støvsuga teppegolva. Det er ikkje så mykje arbeid, men nok for meg og ryggen min. Til lunsj åt eg brødskiver med godt pålegg og kaffi attåt. Så har eg hatt meg eit par stunder med sudokuen, det ser ikkje ut til at eg greier å løyse den denne gongen, førre veka gjekk det bra.

Eg har hatt ein god pause i stolen min framfor TVen, men eg sakna spøtet mitt, eg har no litt garn som eg kan få laga noko av, viss eg vil. Men handa er ikkje heilt god, så det kan vere at eg skal unngå å strikke så mykje.

Det er fredag igjen, desse dagane kjem veldig ofte, og eg synest tida går fort.I dag har Rolf, bror til Nils, fødselsdag, han fyller 83 år; bror min var på samme alder, men han døde for to år sidan. Komande søndag har Erlend, som bur her i huset mitt, fødselsdag. Han blir 21 år.

Det er minus 2 grader ute no, og opplett-

Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei god helg.




 

torsdag, november 21, 2024

Dagbok 2024: 21.November

 

                   
                                          Starevegen i vinterdrakt

Klokka er no 17.32, temperaturen ute på trappa er minus 8 grader C, noko som er heilt uvanleg så tidleg på vinteren. Eg har varmepumpa på fullt og fyrer i omnen i tillegg. Men så er eg litt meir frostig enn vanleg i dag.Kanskje fordi eg ikkje har strikketøy.

Det kom litt snø i går kveld , trur eg, eg var i alle fall ikkje sikker på om eg skulle på trening i dag. Eg gjekk ut og tok fram bilen, og etter at eg hadde moka litt, kom eg meg opp på vegen,- så då kom eg meg på trening. På heimvegen stoppa eg på KIWI og handla, og så laga eg meg litt god lunsj, før eg kledde meg om litt og gjekk ut. Eg går ikkje på Vernet når det er snø, for der blir ikkje brøyta og då blir vegen ujamn av alle som trakkar i laussnøen.

Eg tok på meg piggsko og gjekk på vegane. Opp Storebakken, ned Fonnavegen, bort Olavsgata og så opp Storebakken eit lite stykke før eg var i Starevegen igjen. 

Det var ein fin tur, men eg fekk ikkje sjå sola i dag. Ho kom seg visst ikkje over fjella i sør.

Etter at eg kom heim har eg ikkje gjort anna enn å fyre i omnen og drikke kaffi, og sjå TV. Trur eg sovna ei lita stund.

I kveld har eg avtale med Marit om at eg skal komme opp til henne og sjå film på TV2. Det er ein dramaserie om Quisling. Det kan no vere interessant. Serien er heilt ny -frå 2024. Den begynner klokka 21.40 og kjem i 5 delar.

I morgon er det fredag igjen, så då må eg no få gjort noko i huset, i dag har eg ikkje gjort det grann.

                                     Fin utsikt frå Storebakken


onsdag, november 20, 2024

Dagbok 2024 : 20.november


Storebakken i dag

Klokka er no 17.13, temperaturen ute er 0 grader og det har vore opplett i dag. Det har på mange måtar vore fint i dag, vi har til og med sett sola ei lita stund.
Eg hadde ikkje lagt nokon plan for dagen så eg kom ikkje i gang med noko skikkeleg arbeid, eg hadde ikkje strikketøy ein gong. Mykje av tida gjekk med til å lage ein plan. 
Det første eg fann på i dag var å rydde opp i alle krydderboksar og posar. Eg oppdaga for litt sidan at eg hadde 6 glas med paprikakrydder, eg har berre kjøpt på nytt utan å sjå etter kva eg har. I dag rydda eg opp, og skreiv ned  kva eg hadde. Så får vi sjå om det blir orden på kryddene.
Klokka 14.15 tok eg på meg piggsko og vinterklede for å gå tur. Eg går ikkje på Vernet når det er snø, då går eg på vegane rundt på Vallabøen, Det var heilt nydeleg å vere ute i dag, ikkje kaldt heller, gradestokken stod på 0.
Då eg kom heim, hadde eg ein plan; då tok eg ned alle bilda på veggane i gangen, og det er mange, så vaska eg veggane og pussa glasa på bilda og hengde dei opp att-så er det gjort til jul. 
I morgon skal eg på trening og då må eg handle litt også; eg held på å gå på veggane fordi eg ikje har strikketøy, så eg må få kjøpt meg noko garn. Eg har ikkje sett TV i heile dag, fordi eg ikkje har strikketøy. Eg greier ikkje å sitte i ro med hendene i fanget-trur eg.Eg får no prøve å få med meg dagsnytt.

                                                                       Lyngvegen i dag

tirsdag, november 19, 2024

Dagbok 2024: 19.novemger




Klokka er no 18.00, temperaturen er under 0, kanskje minus 5?

I dag har eg hatt ein sløv dag. Det einaste jobben eg har gjort, er å lage ei gulrotkake -på føremiddagen. Det  vart no litt oppvask og rydding, men mest strikking. Eg begynte på eit lestepar i går og no er dei snart ferdige.

Eg har hatt på TV og sett nyheiter om att og om att .Marit har vore hos lege i dag, eg har berre fått referat på Messenger.

Ut på ettermiddagen tenkte eg meg ut å moke litt snø. Helge Lid kom og fresa tunet i dag morgon, men så kom plogen...etc, Eg tenkte at eg kunne få vekk alt frå trappa t.d- Det eg ikkje visste var at det var blitt veldig kaldt ute og det meste var frose til is. Eg fekk no tatt litt av på trappa og så slengde eg utover litt grovsalt.

Men det var fint å vere ute og eg fekk lyst å gå tur, ikkje på Vernet, men på vegane.

Men det var mørkt og kveld ute så det var vel for seint. Eg såg på klokka. 

Den var 5!!!!



Eg fekk på meg piggsko og tok på ei vinterjakke som ikkje har vore i bruk på ei stund. Eg bestemte meg for å gå ut Starevegen og inn att Olavsgata. Ingen lang tur,men lang nok når ein går med piggsko. Eg har berre ein stav og den tok eg ikkje med. Nils og eg hadde i si tid to stavar kvar, eg har lenge tenkt å kjøpe meg eit par stavar og no må eg snart somle meg til å gjere det. Veldig mange av dei som går tur på Vernet har stavar. Når ein går med piggsko på is er det veldig godt med ein stav eller to. Det hugsar eg frå i fjor, men då var eg ikkje  i stand til å bruke meir enn ein stav. 

Eg har ingen planar for morgon-dagen enno, men det blir vel ein tur på butikken

om ikkje anna.


mandag, november 18, 2024

Dagbok 2024: 18.november


Klokka er no 16.45, temperaturen ute er så vidt over 0 grader. Det var mykje snø då eg stod opp i dag og det har kome mykje meir no. Eg synest ikkje det er så populært med snø i november; det kan bli ein lang vinter.

Eg kunne sjølvsagt ikkje gjere hagearbeid i dag, så eg er glad for det eg fekk gjort siste veka. Men eg skulle ut i garasjen og hente ved, då tok eg på meg store støvlar og tok ein stav i handa.For sikkerheits skuld.

Eg fann ut at det var lurt å finne fram mokebrettet før det vart for mykje snø å vaspe i så eg gjekk ned i tilbygget og fann fram brett og spadar. Men fekk eg enda ein ide, eg ville brenne opp diverse hagegreiner etc, Ein stor sekk med greiner frå trea og eit plastnett med avfall frå demonteringa av klungerrosene(det var på ingen måte tørt, men eg ville no prøve.) Eg fyrte i omnen og vart sittande mykje å passe elden og legge inn på etter kvart. 

Eg slo sjølvsagt av  varmepumpa   så i dag har eg spart straum. Og kjempegodt og varmt har eg hatt det. Og alt er oppbrent no. Hadde litt god ved innimellom slik at eg fekk brent opp det som ikkje var så tørt også.


Middagsmat hadde eg att frå laurdag, så det var enkelt. Det vart å sette seg ned med ein kaffikopp, strikketøy og TV-etter middagen.

Problemet er no: Skal eg fare på trening i morgon? Orkar eg å få ut bilen? Eg likar ikkje å bestille bil frå pasientreiser til noko som ikkje er så alvorleg (Det er noko anna når ein skal på sjukehuset.Eg hadde nokre turar dit i fjor,  det var i desember) Eg får sjå kor mykje snø som kjem og kor mykje eg må moke for å komme ut med bilen.Det kan no hende eg greier å komme meg ut utan å moke også, viss eg tek kanten som plogen lagar. Eg synest det var litt for tidleg å komme med så mykje snø, så eg håper den fer igjen. Fort!

Eg har så smått begynt å tenkje på jula, kva eg skal lage til dømes. Men eg lagar aldri småkaker meir. Eg kjøpte ein boks med to sortar, den eine sorten var så hard at eg vart redd for tennene mine.

No skal eg inn att på stova og sjå TV og strikke. Vi gamle har det godt, berre vi får vere friske.

NB: Det er ikkje trening i morgon, det hadde eg gløymt, men Marit hugsar det. Så eg treng ikkje stå opp og moke snø i gryotta-ikkje i morgon!

søndag, november 17, 2024

Dagbok 2024: 17.november

 



Klokka er no18.22, men det har vore mørkt ute lenge. Eg har liksom ikkje vent meg til så mørke dagar enno. I dag har eg ikkje vore ute for ei dør. På føremiddagen såg eg TV og strikka litt. Det blei ingen tur på Vernet i dag heller, for det har regna.

Eg venta besøk av Margrete i dag, så det var no eit lyspunkt.

Eg hadde kaker i frysaren, så det var berre å koke kaffi. Erlend kom opp og var ei lita stund, men han hadde andre planar.

Det var ei stund sidan sist eg såg Margrete, så vi hadde mykje å snakke om, og brått hadde ho lita tid til å nå ferja, men ho kom om bord, det fekk eg melding om.


Komande veke skal eg ikkje på trening tysdag, berre torsdag.  
Juleførebuingar blir det ikkje mykje av her i garden, men litt blir det vel i år også.
Jula begynner tidlegare for kvart år, det er lenge sidan eg såg det første juletreet. Men eg har ikkje høyrt julesongar på butikkane enno.

Denne veke kom eg i mål med sudokuen på fredag ettermiddag, så det vart ei god helg.


lørdag, november 16, 2024

Dagbok 2024: 16.november

 

Utsikt frå trappa

Klokka er no16.11, temperaturen ute er +4 grader og i dag har det blese aldri så lite . Eg burde vel vere glad for det, for eg saknar vind her i Ørsta. Den vinden som vi får her no er veldig ujamn og kjem i kraftige rosser, så vi har reist opp att bossdunkane gong etter gong. For ein gongs skuld sov eg nokså lenge på morgonen, så klokka var ca 9+ då eg åt frokost. I går var eg oppe klokka 6 eller enda tidlegare.

Eg lurte på om jentene(Solveig og Margrete) kom på besøk i dag, men dei hadde meir enn nok å styre med der dei var, Eg køyrde på butikken tidleg på dag og handla.

Då eg kom inn att sakna eg bilnøkkelen, og når eg ikkje finn den, då er det krise, for eg har ein einaste nøkkel og det er reservenøkkelen. Eg leita alle stader i lomma,i veska etc. Men nøkkelen var borte, eg hadde låst bilen , så eg hadde no hatt nøkkelen i handa etter at eg kom heim, så den måtte vere her. Eg henta lommelykt og lyste under bilen og alle stader gjekk gjennom veske og posar, Men nei! Nøkkelen må vere her tenkte eg. I fjor var eg ute for det samme, då hang nøkkelen på ein spikar i garasjen, men ikkje akkurat DEN spikaren som han skulle henge på. Enn om det same hadde hendt i dag? Eg gjekk rett på sak, og der var nøkkelen. På feil spikar. Eg var så letta! eg har berre den nøkkelen og det er i grunnen ein reservenøkkel. Eg var bort på Toyota verkstaden ein gong og då spurde eg om det var muleg å få ein ny nøkkel. Nei, då var det mykje anna som måtte gjerast med bilen, og det ville koste over 20tusen kr. Derfor er den nøkkelen eg har veldig dyrebar.

Eg fekk melding om at ingen kom på besøk i dag, så då gjekk eg opp til Marit som er åleine heime, og vi fekk prateei god sttund. Då eg kom netd att laga eg meg middag, i dag vart det potetstappe , pølser og grønsaker. Fort og greit.

Så har eg snakka med Solveig som har vore i Bergen og sett det nye barnebarnet,det er Olaug som har fått ein gut.

No skal eg snart sette på TV-en og høyre nytt, har ikkje sett på før i dag.

                                                         Utsikt frå altanen i kveld

fredag, november 15, 2024

Dagbok 2024: 15.november






Klokka er no 19.42, det er + 10 grader ute og det regnar. Ja,ja, alt er betre enn snø.

Sidan det er fredag i dag, vaska eg fredagsvask. Det går rimeleg fort unna. Så kledde eg på meg uteklede og gjekk og klipte ned NEW Down -rosa. og noko til og hadde opp i ein sekk. Samla alle sekkane eg hadde, dei var ikkje alle like fulle, men eg ville rydde opp, så eg tok med alt i bilen og køyrde på VØR. Det var voldsom trafikk i dag, aller mest TIL Volda, men eg trur det er slik kvar fredag. 

Eg kom meg i alle fall vel heim, Me då eg køyrde inn i garasjen var det noko som ikkje stemte. Det var ikkje lys på bilen og eg forstod eigentleg ikkje kva det var(Det skulle eg ha gjort). Men eg blir litt skipla når det er noko med bilen. Heldigvis såg eg at ein av naboane var ute, så eg gjekk opp og snakka med han. Han kom ned og forstod med ein gong kva det var. Eg hadde på ein eller annan måte kome bort i den hendelen på rattet der ein stiller lyset. Det gjer eg aldri for eg er redd å gjere feil. Men når det skjer eit elle anna med bilen så får eg alltid hetta. Eg er kvar dag glad for å ha alle dess hjelpsomme naboane.

Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, eg har ikkje gått på Vernet t.d. Eg har no styrt litt inne, men mest av alt har eg styrt med sudokuen, og no er den i boks, så kan eg ha fred i sjela i helga.

No skal eg finne fram strikketøy og sette på TV-en og sjå korleis det går med alle krigane. Eg tenkte at Trump skulle fått orden på det heile. Eg har litt tru på han.

Eg vil ønske alle som er innom bloggen min ei god helg! Det er mange som har fått ut "julelys" på husa sine og det er litt godt å sjå på no i mørketida.


GOD HELG !!

torsdag, november 14, 2024

Dagbok 2024: 14.november


Klokka er no15.43, temperaturen ute er + 8 graderC, og det er åt å mørkne aldri så lite. Då eg køyrde til treninga i dag, var det litt sol, meiner eg. I alle fall var det sol litt seinare. 

Etter treninga køyrde eg ned til ALTI og gjekk opp i gågata og bestilte frisør til den 28.november for då er det julebord på hotellet med pensjonistlaget. 

Det vart ein tur på Vernet i dag også, for sola var framme så vidt,men meir der oppe enn her. Eg sette meg ned på første benken og såg vestover. Sist vår tok dei bort mage tre der, og dei som står att er utan lauv. Dermed blir det litt meir utsikt, men ikkje nok. Hadde dei felt trea kunne vi fått sett fjorden utover, slik som dei gjer dei som bur på andre sida av bygda, dei har mykje betre utsikt enn vi, men det er vi som har SOL ! I dag trefte eg to damer som kom frå andre sida og ville gå tur i sola. Sol og sol fru Blom, der var litt disig i lufta i dag. Men sola kom seg så vidt igjennom.

                                 Sola kliv ikkje honnjet no lenger
 
Det stod ein mann på toppen då eg skulle gå opp steintrappa, han fortalde at han hadde vore inn på RAKE (LOEN) og der hadde han gått i steintrapper fleire kilometer og han vart så låk i føtene at det var ikkje måte på. Godt på få vite, så prøver eg ikkje på det.

Då eg sat på den siste benken kom der ein som eg kjenner og han hadde vore i Spania, men ikkje der det var så mykje væte. Så snakka vi litt om nedbør og oppvarming av havet etc.

Som dokke forstår så får eg vite litt av kvart på ein liten runde- i tillegg til at eg får mosjon. Det som er så spesielt med å gå der oppe , er at ein snakkar med folk uansett om ein kjenner dei eller ikkje. Og det synest eg er litt artig.


I dag er det den 14.november, det var Nils sin fødselsdag; hadde han fått leve ville han ha fylt 88 år i dag. Derfor tenkjer eg litt spesielt på han i dag. Harald, far til Lars, hadde også fødselsdag i november og så vart Erlend fødd i samme månaden som begge bestefedrene-eg hugsar vi feira alle tre på Bjørneset. No er det berre Erlend som er att, og han bur her med meg no. 

Eg har fyrt i omnen i stova, må ha det ekstra godt og varmt inne  når det er surt og kaldt ute.

I morgon er det fredag igjen og det er tre veker sidan Rasmus var her, eg har ikkje sett andre enn Erlend av familien sidan den helga. Solveig og Øystein har vore i Bergen sidan den tid -så no håper eg å få sjå nokre av slekta denne helga og få høyre kva dei har opplevd sidan sist..


onsdag, november 13, 2024

Dagbok 2024: 13. november


 Klokka er no 16.03, temperaturen ute er +8 grader, det har vore overskya i heile dag, men det var opplett ei stund midt på dagen.

Eg var frostig då eg stod opp og hadde ikkje lyst til noko, men eg kom meg etter kvart. Eg fekk i alle fall vaska nokre klede(i maskin), og sidan det var opplett kunne eg gå ein tur på Vernet. Der møtte eg eit eldre ektepar som ville prate med  meg. Etter kvart kom det fram at han hadde vore læraren til Margrete på gymnas. Litt artig med slike som presenterer seg og vil prate-

Eg har ikkje gjort mykje i dag, først på dagen regna det og no er det snart mørkt. Eg har ete middag , og så skal eg lage meg litt kaffi, sette på TV og ta fram spøtet. Det er timeplanen i dag, i morgon skal eg på trening igjen, og så er det snart slutt på denne veka også. Det er snart 3 veker sidan Rasmus var her så tida går fort fram mot jul.

Eg hadde mat igjen frå i går, så det vart den samme menyen i dag. Men eg sat ved kjøkkenbordet kom det ein stab og skulle reparere gatelyset, men når eg så ut no var det ikkje lys i stolpen, så då er det vel noko i vegen.


                                Rasteplassen ved Fonnvernet i dag
                          Utsikta er fin sjølv om veret er dårleg.

tirsdag, november 12, 2024

Dagbok 2024:12,november


 Klokka er no18.46, temperaturen ute er + 10 grader og det regnar; det har det gjort i heile dag, så vidt eg veit. Så eg måtte ta eit bilde inne, for ute har eg ikkje vore. Eg har ikkje gått tur i dag heller, men har no fått litt mosjon likevel. 
Eg sov dårleg sist natt, men kom meg opp i rett tid til å fare på treninga. Marit kunne ikkje vere med i dag. Etter treninga var eg på Alti for det var noko eg skulle ha på apoteket. På heimvegen stoppa eg på KIWI og handla litt mat.
Då eg kom heim laga eg meg ein grønsaksalat til middag. Sidan eg ikkje ville ut i regnet, måtte eg finne på noko inne. 
Eg fann på å koke syltetøy, først kokte eg 5 kilo Opal , det vart 7 store glas;  og etterpå nesten like mykje Viktoriaplommer. Det vart ca 6 glas. Eg brukte meir sukker i dag enn eg har gjort før, så eg  trur sylta vart betre på smak, men ikkje så sunn. Eg fekk mykje mosjon av å springe opp og ned i kjellaren ute- i staden for å bruke kjellartrappa. Eg likar ikkje den trappa så godt når eg skal bere med meg noko. Så var det berre å rydde opp og ta seg ein kaffikopp. Som så mange gonger før sovna eg i stolen og tømte ned kaffien. Heldigvis var det kleda mine som fekk bløyta og ikkje golvteppet- kleda kan eg vaske. No har eg fyrt litt i omnen, slik at eg har det varmt og koseleg, og på grunn av den vesle "luren" kan eg halde meg vaken ei stund. I morgon er det heimedag, men eg får vel ikkje gjort noko ute då heller, så då gjeld det å vere oppfinnsom.
Det er ikkje muleg å gløyme at det snart er jul. Det er julepynt og julekaker over alt. Eg fekk vite i dag at julebordet til Pensjonistlaget skal vere på hotellet i år, og det skal vere i slutten av november. Eg har tenkt å klippe håret mitt før eg skal dit, så eg må vel vere om meg å bestille time først best.


mandag, november 11, 2024

Dagbok 2024: 11. november

Klokka er no 19.21, temperaturen ute er +6 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Ja, regn er no betre enn snø i alle fall, men det fristar ikkje å vere ute.I dag hadde eg tenkt å ta ei siste opprydding i hagen og så køyre rusk og rask på VØR-men det måtte eg berre slå frå meg. Men eg hadde ærend på butikken, eg skulle handle på laurdag, men då vart eg så opptatt av kjøleskap at eg gløymde alt anna.

Sidan det ikkje vart ute-ver kunne eg gjere noko til gagns inne, og då tenkte eg straks på brødbaking. Eg hadde eit par slantar med melk som eg kunne få brukt opp. Men først måtte eg på butikken. Det var diverse som mangla av mat og anna. Men eg har det så godt med bilen og butikken så nær, så det er ikkje så mykje bryderi med å handle. Det er lenge sidan sist eg laga brød og dei eg laga i dag vart spesielt gode for eg hadde nedi både det eine og det andre, og deigen heva seg veldig så brøda vart store. Eg tok meg eit par skiver og sa at det var middag.

Eg greidde ikkje å halde fingrane frå fatet, eg måtte prøve sudokuen i dag også, men kom ikkje i mål. Eg måtte berre legge den frå meg og ta fram strikketøyet.

Klokka 10 i kveld får eg løysinga, og då får eg også ein ny sudoku som eg skal løyse, men dei som kjem i tysdagsavisa brukar å vere enkle å løyse.

Eg har ikkje gått på Vernet i dag, men i morgon skal eg på trening i alle fall-

Det er heilt utruleg kor mørkt det blir tidleg på kveld. Men eg har det godt inne.  I dag henta eg inn nokre kjempekubbar, det må vere nokre eg har fått av Rasmus. EIN stor kubbe held det varmt heile kvelden i tillegg til Varmepumpa.

Eg strikka akkurat no ferdig eit lite lestepar. No er familen så stor og mangfaldig at einkvan kan bruke alt eg strikkar-alle storleikar 




 

søndag, november 10, 2024

Dagbok 2024: 10.november


 Klokka er no16.46, temperaturen ute er + 4 grader. Det har vore litt vekslande ver i dag, både sol og litt regn. Det har ikkje vore slik klår luft som det brukar å vere om hausten, det viser på bilda.Bildet over tiok eg frå ein av kvilebenkane då eg var ute og gjekk.

Eg var litt irritert då eg gjekk ut. I går kveld hadde eg bala og bala med sudokuen utan å komme i mål, og eg hadde bestemt at eg skulle ikkje bruke meir tid på den. Men på kjøkkenbordet låg eit eksemplar som eg ville prøve å gjere ferdig. Det gjekk veldig bra , men då eg skull skrive siste bokstaven-var den feil. Eg irriterer meg over meg sjølv som kastar bort tid på slikt, men eg testar hjernen min  på dette. Så etter at eg kom heim att prøvde eg igjen , utan å få det til , eg kjem vel ikkje til å gi opp så lett.

Eg har ikkje gjort anna i dag enn å sjå litt TV, strikke litt, ete litt, og jobbe mykje med sudoku. Eg kjem ikkje til å gi opp -trur eg. Eg har frist til klokka 22 i morgon kveld. Marit er også heime åleine i dag. Det er mykje kjekt ein kan bruke ein sønfdag til, men eg er ikkje flink å komme meg i gang på noko åleine. Det må eg bli betre på. Eg trur eg må begynne å lese bøker igjen, før i tida brukte eg nesten alle ledige stunder på å lese. No er det så mykje anna som tek opp tida mi. Eg synest dagane er korte og kveldane lange på grunn av at vi ikkje har sommartid lenger. 



                                                  Enno har vi haustsol i Starevegen


lørdag, november 09, 2024

Dagbok 2024: 9. november



 

Klokka er no17.50. Temperaturen ute er+ 4 grader. Det har vore ein nydeleg dag, spesielt for oss som bur på solsida av bygda, vi har hatt sol heile dagen-nesten.

I dag hadde eg bestemt meg for å ta ein tur bort i FURENE for å kjøpe eit par ting. Etter å ha stått opp for tredje gong, bestemte eg meg for å bli oppe. Shina meg opp etter beste evne og køyrde av garde. På andre sida av bygda vart eg ikkje plaga med sol i augene når eg køyrde. 

Eg gjekk inn på EL-kjøp og der trefte eg ei eg kjenner bra godt, og kjøpte eit lite kjøleskap til kjellerleilegheita, Men korleis skulle eg få det med? Eg sa som sant er at eg har ein liten bil. Ho sa at eg skulle køyre på oppsida av butikken så skulle der kome ein og hjelpe meg. Der kom ein ung gut som ikkje var heilt norsk, men han ordna ut, la ned seter m.m. og fekk plassert kassa. Eg køyrde veldig forsiktig heim, men alt gjekk bra. 

Men eg kunne ikkje ta ut "pakken" åleine, så eg parkerte bilen på tunet og såg meg rundt etter ein muskuløs mann. Der kom berre damer forbi, og naboen var ute og gjekk tur på Vernet. Eg tenkte eg kunne ta min tur med det samme, så møtte eg naboen på heimveg og sa kva eg trong hjelp til.

Eg fullførte runden min og snakka med folk eg kjende før eg gjekk heim. Der stod bilen på tunet, men "pakken " var vekk. Ikkje berre hadde naboen tatt pakken ut av bilen og sett seta på plass etc. Han hadde også bore pakken heilt ned til kjellardøra. Så no får Erlend pakke ut når han kjem heim att. Gode naboar er godt å ha!!!!

Tilbake til Furene så fekk eg gjort det andre ærendet mitt der også. Det var på JULA, og der skulle eg ha ein piasavakost , og jammen hadde eg ei venninne der også, ei som har budd i kjellarleilegheita her. Og kost fekk eg . Men du store allverda kor stor den butikken er. Der var skikkelege avstandar mellom varene. Eg sa til Ingrid at ho fekk skaffe seg skritt-teljar.

Eg hadde tenkt å handle litt på heimvegen, men så hugsa eg ikkje kva eg skulle ha , så eg køyrde rett heim.

Marit var også ute og gjekk i dag, ho har friskna mykje til etter at ho kom heim frå sjukehuset. Så i dag kunne ho gå opp trappa til huset mitt og komme inn og drikke kaffi med meg. Det er lenge sidan sist ho var her.

Solveig og Øystein er i Bergen og helsar på det nye barnebarnet.


Då eg var på Vernet og såg utover heile bygda, så var det ikkje så mange stader dei hadde sol. Vi her på Vallabøen er vel med dei heldige, men allereie no "misser" vi sola ei stund på dagen, ho kliv ikkje "honnjet" lenger.

fredag, november 08, 2024

Dagbok 2024:8.november

 


Klokka er no 15.40, temperaturen ute er + 10 grader , sola har vore framme nesten heile dagen, men no held ho på og gå ned i vest. Det har vore ein strålande dag. Det er no det er godt å bu på solsida av bygda, og helst langt oppe i bakkane. Slik som eg altså.

Fredag er vaskedagen min og i dag fekk eg vaska soverom og datarom også, fordi det var opphaldsver så eg fekk ha ut diverse teppe etc. Eg hadde god tid for eg slapp å støvsuge sidan eg hadde gjort det på onsdag.

Eg har ein liten jobb kvar fredag-laurdag og søndag- eg snakkar om SUDOKUEN i Møre-Nytt. Eg begynte på den i går kveld, men er ikkje komen i mål. Sist helg heldt eg på heilt til sundag kveld, men eg greidde den til sist.

Etter at eg hadde vaska, og ete litt, tok eg ein tur på Fonnvernet, mens sola enno skein.  Eg fekk ikkje tatt bilde i dag, for der var for lite straum på telefonen. Sola var borte ei lita stund rundt klokka 12 i dag, men ho kom att og skein til ca 15,30. Eg synest vi kunne ha hatt sommartid heile året, for no blir det mørkt så tidleg på kveld.

Solveig og Øystein reiser til Bergen i helga for å sjå det nye barnebarnet sitt,det er ein gut. Det er mest gutar i familien vår, av de 11 barnebarna våre er 8 gutar. Eg er no spent på kva denne skal heite, men det får eg kanskje vite snart. Han er det  2. oldebarnet mitt. Mimi og Rolf(bror til Nils) ventar på oldebarn nummer 14.

Eg håper det gode veret held seg ei stund , for eg har diverse eg skulle ha gjort i hagen før snøen kjem. I morgon må  eg klare å komme meg bort i Furene - eg har ærend både på JULA og på EL-kjøp.

Eg ønsker alle som er innom bloggen ei fin helg, kanskje den finaste på ei stund, for tida går fort mot jul no, og det blir korte dagar.


GOD HELG


torsdag, november 07, 2024

Dagbok 2024: 7.november

Klokka er no 17.37, og det er bekmørt ute, Temperaturen på trappa er + 10 grader C, og vi har hatt ei 
strålande solskinnsdag.

I dag kunne Marit køyre til treninga for første gong på lenge, og eg som hadde så vondt i foten var heilt frisk i dag. Så det var ein fin dag på alle måtar- Treninga gjekk og så bra og på heimvegen handla vi på KIWI som vanleg.
Eg var ikkje heilt sikker på kva eg skulle bruke resten av dagen til, eg kunne til dømes rydde i hagen og køyre på VØR, men var meir frista til å gå tur på Vernet. Etter å ha rydda opp litt som stod att på altanen gjekk eg på Vernet. Det var ein utruleg fin dag, haustfargane er ikkje heilt bort og eg så faktisk vårblomster som hadde kome litt for tidleg. Det var Svæve om nokon vil vite det.
Eg nyt sola og naturen når eg tek runden-eg møtte ingen eg lkjend i dag, Men der var mange barn på tur, og det var barnehage eller skulebarn veit eg ikkje, men det var vel helst barnehage såpass seint på dag.
Eg tok mange fine bilde og eg kan ikkje sette alle inn her
Her ser vi at sola er på veg ned, men vi har henne enno ei god stund på dagen

Då eg gjekk heim att i starevegen heldt sola på å gå ned.

Eg kokte meg ein kopp kaffi då eg kom i hus, og sette på Tv-en for å høyre nytt, Men eg trur eg var litt bortreist ei stund, og det kan vere like godt, for ikkje alt er så kjekt i den store verda. Så spørs det berre om Trump greier å ordne opp i sakene. Eg tvilar litt på det, men kven veit?
I morgon er det frdag og vaskedag, og blir det fint ver i morgon også, kan det vere råd å ha ut diverse teppe. Så har eg litt å gjerei hagen, og kanskje får eg tid å fare på VØR. Det får tida vise.

 

onsdag, november 06, 2024

Dagbok 2024:6.november



Klokka er no 17,30, det er mørkt ute og det regnar. Temperaturen er + 9 grader, så kaldt eg det ikkje.

Eg sjekka først TV-en og såg at Trump hadde vunne valet, slik eg trudde han ville. Ein slik type som han hadde ikkje blitt vald i vårt land , trur eg.  Men eg kan ikkje gjere noko med det så dei får berre styre på borte i Amerika. 

I førre veka hadde eg husvask på onsdag, men dennew veka skal eg ta fredagsvask som vanleg, men kva skulle eg gjere i dag. Eg må alltid ha noko å gjere elles trivst eg ikkje. Men eg kunne i alle fall støvsuge alle teppegolva og det gjorde eg.

Eg har sett at stovevindua ikkje er særleg finpussa, ser det godt når sola kjem fram, eg har tenkt eg skulle vaske dei ,og i dag vart det dagen. Men først måtte eg rydde bort alt styr og stell som står på altanen, noko skulle kastast , noko skulle flyttast ned i tilbygget . Alle ting må vere på rett plass når snøen og vinteren kjem.

Så vaska eg vindua med mopp og langkost og Zalo. Etterpå tok eg vannslangen frå hagen og spylte både glasa og sementgolvet. Det seier seg sjølv at heilt fint vart det ikkje , men det er greit nok. Det var langt på dag før eg var ferdig, så eg laga middag med det samme. Men det var noko som var heilt rart. Då eg stod opp i dag tidleg var eg framleis låk i høgrefoten, eller kneet. Men no var alle smerter borte og eg var liksom meg sjølv igjen. Måtte det berre vare!

Har rydda vekk sommaren no.


Det vert veldig tidleg mørkt for tida , så det er vanskeleg å få tatt bilde ute, men eg kan ta bilde av omnen min som eg fyrer i med heimelaga ved attåt at varmepumpa står på. Eg er glad i å ha det varmt og godt. 

No får eg prøve med trening i morgon viss eg er like bra i kneet som eg har vore i dag.

Dagbok2024: 14.desember

  Klokka er no 18.10, temperaturen ute er +3 grader , og det regnar for det meste. Kanskje litt snø innimellom? Og det er bekmørkt no når kl...