søndag, november 24, 2024

Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-


Strikk og musikk



Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør. Eg stod ikkje opp så tidleg i dag, og ikkje fekk eg gjort så mykje heller. Eg venta Solveig og Øystein på besøk i dag, men eg sende melding om at det kanskje var lurt å utsette turen for her var dårleg moka m.m. Men dei ville komme likevel og det første Øystein gjorde var å moke heile tunet. Solveig hadde med seg garn, for det trong eg. Eg strikkar lester til heile slekta omtrent, det er sånne lette ting å jobbe med. Eg trur ikkje eg kjem til å strikke genserar etc. meir. Ja, ein skal aldri seie aldri. Solveig hadde med seg garn som ho ikkje brukar, så no skal eg kose meg med fargar -og mønster kanskje. Eg likar å strikke slikt som blir fort ferdig.
Margrete sende melding om at ho kunne hente meg så vi kunne gå på korpskonsert i Volda. Det var no fristande, men eg er litt forsiktig med høge lydar for då vaknar tinnitusen til live igjen, elles høyrer eg den berre svakt som regel.
Barnebarnet som bur i kjellarleilegheita mi fyller 21 år i dag. Då er han myndig etter dei gamle reglane. Eg veit ikkje om han var med og spelte i korpset, men Amanda var der i alle fall. Om eg ikkje var der kan eg sjå og høre dei på Facebook.
Eg skulle ønske at all snøen vart borte, slik at eg kunne få gå på Fonnvernet, det er kjekkare enn å gå gatelangs.Komande veke er det mykje som skal skje. Eg skal sjøvsagt på trening, så skal eg til frisør  og truleg på julebord med pensjonistlaget.
Men i morgon er eg fri til å gjere akkurat kva eg vil.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...