søndag, november 29, 2009

Bok nr.79:Dødstårnet.


I min barndom og tidlege ungdom hadde vi ikkje TV i Norge.Og på radioen var det ein norsk kanal å høyre på. Og den brukte vi alle flittig. Det vi gledde oss til mens vi var små, var laurdagsbarnetimen frå klokka 18-19.Då var det som regel "høyrespel" som  gjekk som framhald frå veke til veke.Seinare kom det kriminalhøyrespel for vaksne(og barn) -og det var noko alle høyrde på og såg fram til.Det var så spennande at det var nesten ikkje til å halde ut.Den første serien eg hugsar var den om detektiven Paul Temple, seinare kom serien God aften! Mitt navn er Cox.De finst sikkert liknande ting på radioen no også, men eg er ingen radiolyttar. Her går det i TV og lydbøker.
Eg må innrømme at det var ved eit feiltak eg kom heim med høyrespel frå biblio, og eg vil ikkje påstå at eg er overbegeista for denne forma for lydbok, men litt nostalgisk var det i alle fall.Sjølv om både forma og innhaldet var noko passé.
Verre var det at sidan eg ofte brukar lydbøker som sovemiddel, vart det lite søvn sist natt, for best som dei ropte og smelte med dører, sette det inn med syntetisk sekkepipemusikk. Klokka 4 stod eg opp og fann ei bok eg hadde lese før og somna i løpet av 5 minutt.
Høyrespelet var kort. Berre 3 CD-ar.


1.sundag i advent.


Den første snøen denne vinteren kom sist natt.Eg plar aldri like at det kjem snø, men eg må innrømme at det vart fint og lyst i dag, med sol i skyene. Vi kan vel seie at det vart litt jule-eller adventstemning
Til samanlikning kan eg nemne at i fjor kom den første snøen den 27 oktober.

fredag, november 27, 2009

Bok nr.78: Ikke dø, Sophie.


"Skuddene i Sarajevo" er vel eit kjent omgrep for dei fleste av oss. Vi veit også at mordet på hertug Franz Ferdinand vart opptakta til første verdskrigen.Somme kjenner også namnet på han som vart skulda for mordet-Gavrilo Princip.Men kven var han? Kvifor skaut han? og kven stod bak? Det er vel slikt som ein fordums historiestudent burde vite litt om, men dessverre, dette er spørsmål eg faktisk ikkje har grunda noko særlig på,merkelig nok.
I denne populærvitskapelige historieboka til Karsten Alnes får vi svar på mange av spørsmåla og ei forståing av tendensane i tida som gjorde at dette hende.Ein kan seie kva ein vil om slike historiske dokumentarromanar, men det er litt lettare å tileigne seg kunnskapar når ein får det servert på ein lettfattelig måte.
Boka er ein roman og kan virke litt romantisk/sentimental, noko som i alle fall delvis kan skuldast opplesaren. Det er ei kort bok, berre 5 CD-ar

torsdag, november 26, 2009

Snart advent.


Eg likar å pynte til advent. Likar lilla, kvitt etc. I går starta eg opp med å pusse kopar og messing, og så la eg på lilla løpar m.m. Vi har tre lilla orkidéar som står i blomst, og så fekk Nils denne flotte asaleaen til fødselsdagen sin.I dag har eg samla regnvatn og gitt den rikelig med "drikke". Eg plar ikkje alltid få så godt til denne typen blomster, vi har det nok for varmt. Gode råd vert mottekne med takk.

onsdag, november 25, 2009

Bok nr.77: Kniplingenes hemmelighet.


De kan lese om boka på denne bloggen.

Dette er ei "mangfoldig" bok, og eg veit sannelig ikkje kva sjanger eg skal plassere den i.Eg vart "sjangerforvirra", som så ofte før.Det nærmaste eg kan komme, er psykologisk roman, men heller ikkje det dekker.
Når ein reiser lite, kan det vere eit alternativ å reise i bokverda. Denne gongen kom eg til Salem i Massachusetts-og der har eg aldri vore før. No har eg lært at byen er ein gammal hamneby som er kjend for hekser og kniplingar. Begge delar spelar ei stor rolle i boka.
Sjølve historia er både fantastisk, til tider spennande, og interessant.Det som øydelegg (særleg når ein les lydbok) er at boka er så rotete skriven. Best som vi er her, så er vi der, i notid og fortid. Og så kjøper eg ikkje heilt slutten.(Ikkje alt det andre heller).Det mest finurlige med boka er at eg-personen seier tydelig ifrå om at ho lyg heile tida, men når ho fortel historia si, trur eg likevel på henne.Eg må vere bra lettlurt.
No vart eg ikkje så forskrekka som ho andre som skriv om boka på bloggen sin; men les meldinga hennar,den er bra, og finn ut om du kan tenke deg å lese boka.

Årets julegave !


Dette må vere eit Colombi egg.Bord og hundehus-to ting på ein gong.Skal tru om det finst i fleire storleikar? Kan sikkert også brukast til katt.Julegåva til dei som har alt-også hund. Fann annonsen i Regionsavisa i dag.

Vi testar eit nytt produkt.


Nils set si ære i å halde vinduet på stoveomnen så blankt og fint som mulig. Hittil har han for det meste brukt steikomnrens, men no blir det slutt på det.
I går då vi var på butikken for å handle litt mat, låg hugselista att på kjøkkenbenken heime. Som valig. Dermed blir ein gåande å gløse opp i alle hyller for å prøve å komme på kva det var ein skulle ha. Då såg eg denne boksen, og bestemte prompte at denne skulle Nils få i forsinka farsdagsgåve. No har han prøvd ut stoffet, og det virka heilt glimrande. Omnsvinduet har aldri vore klårare og blankare.Så lenge det varer.
Reknar med at andre kan ha samme "problemet", så her er tipset. Til å gni med brukar han ein avlagd skureskrubb i stål.

tirsdag, november 24, 2009

Erlend 6 år i dag!


I dag fyller storfiskaren og skuleguten Erlend 6 år.Har har alt vorte feira eit par gonger, men det blir vel litt feiring i dag også?
Erlend har alltid eit godt svar. Ein klassikar her i huset: Mormora:"Ein kan ikkje ete så mykje snop, for det er ikkje godt for tennene!" Erlend:"Nei, men det er godt for tunga!" Elles har mora mange historier om guten og hans alter ego Indiana Jones på sin blogg.
I fjor fall det seg slik at han var her hos oss dagen før fødselsdagen,og eg tenkte det kunne vere moro å sjå korleis veret var då.

Sidan Erlend alt er veldig flink å lese, kan han lese denne helsinga sjølv:
GRATULERER  SÅ  MYKJE  MED  6-ÅRSDAGEN I DAG. HÅPER  DU  FÅR  NOKO  DU  ØNSKER  DEG. OG NOKO GODT Å ETE.HA EIN FIN DAG!
VI ER VELDIG GLADE I DEG.
HELSING MORFAR OG MORMOR.
No har det seg slik at både morfaren og farfaren også fyller år i november.Morfaren er vi ferdig med å feire for denne gongen, men vi vil gratulere farfar Harald med 69-årsdagen i morgon.



Som de ser har Erlend litt å slekte på. Interessa for å fiske går kanskje i "arv"?


mandag, november 23, 2009

Om bord og dukar.


Det har vore litt diskusjon i familien om diverse strykefri dukar.Som eg har sett på andre bloggar,tyr somme til nervøs fløyel for å spare arbeid.No har eg rikelig tid å stryke dukane mine, men fann ut at eg skulle prøve fløyel som alternativ. Slikt stoff får ein kjøpt rimelig på Jysk i stuar på 5 meter, i mange fargar.
No landa eg på ein litt finare sort, som gikk under namnet chenille,der er prega mønster i det.Av stuen fekk eg duk til både spisebord m/plate og til salongbordet.Sidan vi skulle ha julemat, valde eg ein mørkraud farge.Vi klipte stoffet i høvelige lengder, sying var unødvendig.Spenninga låg i korleis det ville gå når eg skulle vaske dei feittflekka dukane. Eg spraya flekkane med Vanish før eg vaska dei i maskina på finvask og 40 grader.Det gikk heilt fint; kan ikkje sjå at dukane har tapt seg.Men eg reknar med at desse etter kvart kjem under kategorien "bruk og kast"-og kvifor ikkje?

søndag, november 22, 2009

Bok nr.76: Profitøren.


Las for ei stund sidan  boka En kule, denne boka er skriven av samme forfattaren. Boka handlar om folk som profiterte på andre verdskrigen på ymse måtar, og her er mykje faktastoff.For meg er det interessant ,sidan eg faktisk har lese svært lite om kva som skjedde under krigen.Merkelig nok.
Handlinga er lagt til New York i 1940-åra og til Tønsberg i notida. Vi kjenner alle oppskrifta:Brotsverk i notida har røter i fortida.
Eg hadde litt problem med å henge med i meglermiljøet i En kule, denne boka var mykje enklare å "forstå". Det er ikkje djupsindige betraktningar her heller, men her er ein god del action og spenning. Denne boka går under den kategorien som eg kallar"Krim med nogo attåt". Boka har eit flytande og lett språk utan unødige krusedullar,og opplesaren er berre heilt topp. God underhaldning.
Hadde høvd godt som film.


lørdag, november 21, 2009

God kritikk !


Vi unner Øystein at folk set pris på boka som han jobba så mykje med. Nils har lese den, men det tok si tid, så eg har ikkje fått begynt enno. Men berre vent.

torsdag, november 19, 2009

Kaféen Fru Svendsen



Dette huset ligg i gågata her i Ørsta. I gamle dagar var det hovudhuset på den største garden i Vik (Ørstavik), og hadde hage som rakk heilt ned til sjøkanten.No er huset fint pussa opp utvendig, og inne er det kafé i delvis gammaldags stil. Der er ein salong med gammaldagse møblar og eit større rom med meir vanlege kafébord.Ho som driv kaféen har eige heimebakeri, så her får ein nydelige "heimelaga" kaker.Ein kan også kjøpe sunne grove rundstykke, vaflar eller anna. Skal ein ha middag-selskap for mange må ein bestille.
I går var vi samla ein heil flokk med gamle, kvinnelige kollegaer i salongen.Dei aller fleste var pensjonistar-trur det var berre ei som framleis er yrkesaktiv og ho hadde fridag.Kjekt å møtast på ein slik uforpliktande måte, og ingen treng å streve med å lage i stand.For at de skal vite at eg ikkje gikk på ein sprekk denne gongen, kan eg opplyse om at eg åt eit halvt rundstykke med sunt pålegg.

Slik såg det ut i gamle dagar på den garden som vert kalla anten Svendsengarden eller Mellegarden,etter tidlegare eigarar.

søndag, november 15, 2009

Bok nr.75:Granateplene


At eg les mange lydbøker er vel ingen løyndom, og somme gonger går det fort i svingane.Eg bestemmer meg for at denne boka skal vare, men så blir eg fanga.
Denne boka er heilt motsett av denne førre boka eg las. Den var full av action frå først til sist, mens denne er, som forfattaren sjølv seier, kontemplativ.
Mange av dykk har sikkert lese Bienes hemmelige liv av Sue Monk Kidd.Viss ikkje, så les den!
Granateplene er skriven av Sue og dottera hennar, Ann. Dei skriv kvar sine kapittel der dei fortel om livet sitt, kjenslene sine osb. Det startar med at dei reiser til Hellas i lag, då dei begge står ved ein slags milepel i livet. Sue fyller 50 år og Ann er i ferd med å forlate barndomsheimen sin for godt.
Denne boka er så mangfoldig at eg kan ikkje gi meg til å fortelje så mykje.Eg vil påstå at det er ei svært feminin bok, den handlar om kvinnerolla i vid forstand.Her er også rom for mykje tolkning, så det er inga lettvint bok.Eigentleg burde ein lese den på papir og bruke tid til å tenkje innimellom. Boka er nydelig, men for meg blir den litt "søtlanden" innimellom.Det kan også til ei viss grad skuldast opplesaren.
Det er samme pesonen som les både mora og dottera sine kapittel, og ho les godt. Men eg ville likt betre at ei litt eldre stemme hadde lese mora si rolle.

lørdag, november 14, 2009

Gratulerer med dagen!


I dag fyller Nils 73 år og bildet er tatt i høve dagen. Jakka han har på seg tvinga eg inn på han på handlerunden vår i går. Han ville heller hatt fiskeutstyr, men det lyt han kjøpe sjølv.Vi ser fram til å feire dagen når alle er friske og har høve til det.
Vi møtte folk vi kjende i dag,  som ikkje visste at det nærma seg fødselsdag, og så seier dei:"Du, Nils, blir berre yngre og yngre!" Ikkje alle som får slike kommentarar dagen før dei fyller 73.Vel unt! Eg kan berre gratulere den evig unge storfiskaren med dagen!

Som de ser er ikkje ein fødselsdag grunn god nok grunn til å sluntre unna fiskearbeidet.Her fileterer han med samekniven.Men i kveld blir det hjortegryte for to!

Days of vine and roses. Ein nabo var innom med gåve til fødselsdagsbarnet.Han er populær blant naboane fordi han er så hjelpsom, og fordi han skaffar fisk til mange.

onsdag, november 11, 2009

Bok nr.74: En kule.


Denne boka handlar om økonomisk kriminalitet, kort fortalt.Det er svindel på børsen, plassering av pengar i skatteparadisa rundt omkring i verda osb.Ein må minst heite Eva Joly for å forstå det som skjer. Dette er ikkje eit emne som eg har særlig kjennskap til, så eg trudde først at eg kom til å dette av lasset ganske fort.
Men så skjer det! Det blir interessant og til tider uhyre spennande.Forfattaren greier å forklare dei ulike hendingane i meglarverda på ein måte som gjer det mulig å følge med. Boka er svært velskriven og ryddig, slik at ein greier å henge med sånn nokonlunde. Slutten vart svært brutal,noko som høyrer med til sjangeren.Eg såg det heile i fantasien som ein amerikansk "action-film".Eg kan tenkje meg at dette er ei bok for Solveig. Og kansje Eidabesta? (Då tenkjer eg på pengetransaksjonane-ikkje brutaliteten).

mandag, november 09, 2009

Linefangst.


                              Her er dei største fiskane.


Nabokatten Nusse er aldri langt borte når Nils er ute.Ho er også glad i fisk.

I det siste har Nils fått nesten berre småsei når han var ute og fiska. I går egnde han ei line som han sette i dag tidleg. Etter eit par timar heime, var han ut og drog. Fangsten var bra, han fekk nokre relativt store seier og nokre fine langer+ diverse småfisk. No måtte han til å tine opp hageslangen for å få vatn til sløyinga.

Babystrikk.









Det blir ikkje så mykje strikking med meg, men eit kvart lite har eg som regel "på hendene". Akkurat no går det i babytøy, det er ganske overkomelig. Kom over eit nytt garn på garnbutikken, ei blanding av ull og bomull. Det er greitt å strikke, men meir likt bomull enn ull.Dei hadde berre nokre få og bleike fargar.
Eg har ei gammal sparkebukseoppskrift som eg har brukt til dei fleste barnebarna. Trur mødrene har likt dei godt. Sidan buksa går godt opp både på bryst og rygg,blir det nesten som ein liten vest.Eg legg inn dette mønsteret på bloggen sidan eg veit at det er både bestemødrer og "gamletanter" som er innpå.Jakka og hua på mønsteret har eg aldri strikka, berre buksa.

søndag, november 08, 2009

I dag klokka 12.


I dag rundt klokka 12 fekk vi sjå eit sikkert teikn på at vinteren er i kjømda, for no greier ikkje sola heilt å "klive honnje".Men det er berre nokre få minutt at solauget er heilt gøymt bak Melshornet. Då vi først kom til Ørsta, budde vi ved foten av dette fjellet, og der var sola meir og mindre borte nesten halve året. Her vi no bur, er sola borte berre ca 6 veker. Den 18.januar er ho her igjen.Og den tida ho er borte er det oftast overskya.......

lørdag, november 07, 2009

Bok nr.73:Vann til elefantene.


Ein gammal mann på 90 eller 93 år, vaknar ein morgon på aldersheimen der han bur, ganske sur og gretten som vanleg, heilt til sjukepleiaren minner han på at det er denne dagen han skal på sirkus.
Han har jobba på sirkus i fleire år i ungdommen, så dette gler han seg til. I løpet av dagen går tankane hans tilbake til 1920-30 åra i USA då han reiste rundt med såkalla togsirkus.Vi får høyre om dyra,sirkusfolka og det heile er som eit eventyr, men mykje dramatikk, og brutalitet både mot dyr og menneske.
I etterordet fortel forfattaren om korleis han har samla stoff til romanen ved å lese amerikansk sirkushistorie, og anekdotar om kjende sirkusmenneske og  dyr.
Mi meining om boka er at det er god underhaldning, nærmast som eventyr. Om ein vil legge djupare meiningar inn i historia, kan ein sikkert det.
Det mest gripande for meg var å lese om den gamle Jakob. Av hans historie kan ein i alle fall lære at kvart menneske har si historie- ingen er berre GAMLE

fredag, november 06, 2009

Han såg ut på det bårute havet............

Vi har snakka om at vi skulle ha oss ein tur ut på Vigra no når tunnelane er gratis.Elles er det berre når ein skal på flyplassen ein tek den turen.Nils skulle grave i åkeren i dag, men jorda var frosen. Så kom han inn og spurde:" Skal vi fare til Vigra i dag?" -"Ja." sa eg, og så for vi.

                                                  Kyrkja på Vigra.

                                                Hamna på Roald.

                                                Hus på Molnes.
                            

                             

                                  Tettstaden Molnes

                           
                           
Utsikt over havet frå Molnes.Storholmen fyr til høgre på bildet, Erkna til venstre.

No er eg passelig glad i undersjøiske tunnelar, men alt blir ein vane. I dag vart det tre tunnelar kvar veg, sidan vi svippa ut til Godøya også.
I dag var ein slik dag då ein ønska seg skikkelig fotoutstyr og kunnskapar om å bruke det. Den låge novembersola over øyar og hav, var berre så utruleg flott! Eg har vore på Vigra på skuletur ein gong, men Nils har berre vore på flyplassen.For dei som ikkje er kjende, så er Vigra ei stor flat øy med gode beite for kyr og hestar, det blir drive mykje jordbruk der.
Vi stoppa på vestsida av øya, på Molnes, og såg vestover havet; og på Roald, som ligg på austsida, der båtane låg i hamn.

onsdag, november 04, 2009

Klippe, klippe, klippe.........



Sist mandag saga vi ned heile hekken mot naboen på eine sida, og fekk alt rasket levert på VØR. I går begynte vi på "hekken" mot naboen på nedsida.Dvs. det som ein gong var ein granhekk, men som etter kvart har blitt blanda med snøbærbuskar heilt utan menneskeleg hjelp.Sidan hekken no var blitt urimelig høg, måtte han klippast. Eg starta med snøbærbuskane som stod på vår tomt i går og fekk sendt eit par knippe med naboen som skulle på VØR med eige rusk. I dag starta vi opp igjen, denne gong utstyrt med både motorsag og kompostkvern.Det viste seg at mange av granene var fullstendig døde og måtte fjernast. Der var også mange halvdøde som fekk ei lita utsetjing.Og eg klipte og klipte...Kom i hug" Kjerringa mot straumen", eit namn som eg fekk av ein lærar på barneskulen. Han må ha vore framsynt! Klipping er mitt kjæraste hagearbeid!!! No ser hekken virkelig fryktelig ut! Men til trøst for naboane som er på Gran Canari, vil eg minne om at snøbærbuskane veks opp att som ugras til våren og skjuler det verste. Og så kan vi plante nye graner.

mandag, november 02, 2009

Ryddedag i hagen.


Dagane vart veldig korte etter at vi gjekk over til vintertid, så det gjeld å nytte høvet til å vere ute mens det er lyst.Det har vore lite hagearbeid denne sommaren og hausten, men så fekk vi heldigvis nokre nydelige dagar no på tampen.Vi har rydda i hagen så det er ei lyst å sjå. Sjølvsagt er det Nils som tek dei tunge taka, men eg "hjelper til" så godt eg kan. I dag saga vi ned heile Potentilla-hekken mellom oss og naboen, vi får håpe der veks opp att med tid og stunder.Eg forbaud Nils å male opp kvister og greiner på kompostkverna, for dette er ein seig sort.Så han leigde ein tilhengar og kjørte heile greia bort på VØR.Det bles ute, så det gjekk ikkje an å vente med det.Eg hadde jobben med å rake og rydde.Det vart "søndagssei" til middag, og det fortente vi.

søndag, november 01, 2009

Bok nr.72: Fars krig.


Denne boka har Solveig lese før og skrive om den på bloggen sin.Boka er lettlesen og interessant.Den innheld berre 5 CD-ar.
Det er ei noko uvanlig bok frå krigens dagar, og viser at det er mulig å tenke heilt annleis enn det "gode nordmenn" gjorde. Det er som å bli vist eit vrengebilde av situasjonen.Les gjerne boka!
Opplesaren er flink, men gjer den feilen som særleg unge opplesarar gjer: han les for fort! Ein skal ha tid å førdøye teksten mens ein "les". Eg likar best å høyre på litt eldre menn! For eksempel Finn Schau, som eg høyrer på no.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...