mandag, november 09, 2009

Babystrikk.









Det blir ikkje så mykje strikking med meg, men eit kvart lite har eg som regel "på hendene". Akkurat no går det i babytøy, det er ganske overkomelig. Kom over eit nytt garn på garnbutikken, ei blanding av ull og bomull. Det er greitt å strikke, men meir likt bomull enn ull.Dei hadde berre nokre få og bleike fargar.
Eg har ei gammal sparkebukseoppskrift som eg har brukt til dei fleste barnebarna. Trur mødrene har likt dei godt. Sidan buksa går godt opp både på bryst og rygg,blir det nesten som ein liten vest.Eg legg inn dette mønsteret på bloggen sidan eg veit at det er både bestemødrer og "gamletanter" som er innpå.Jakka og hua på mønsteret har eg aldri strikka, berre buksa.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Koseleg babystrikk, her går det i luer og lester. Reknar med at det går ei stund før nokon treng babykle i mi fam.
Kjekt med eit strikketøy.
Eidabesta

Elin sa...

Så morosamt at du også held deg i babysjangeren for tida...
Lukke til!

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...