mandag, oktober 31, 2022


 Dette bildet tok eg nettopp no klokka 17.35-det er alt litt skymt ute. Kvelden kjem tidleg- Men no ser vi fjorden, fordi trea har mist lauv eller blitt klipte. 

Klokka er no 17.40, temperaturen på trappa er + 13 grader. og i dag har det vore opplett-eg trur i alle fall det. Eg vakna tidleg i dag også, klokka 6 gjekk eg ut og tok Paracet, spåpass eg fekk sove litt til. Så snart Paracet-tablettane sluttar å virke så får eg helvetesild så eg kjenner det. No har eg tatt alle tablettane mot den sjudommen og det har vel blitt betre- men eg veit ikkje om eg skal ha fleire kurar, for heilt bra er eg slett ikkje. 

Eg skulle no gjere eit kvart til nytte i dag, men det blei ikkje mykje. Her er så mykje som skal ryddast opp at eg ser meg ikkje i stand til det på nokon måte. I dag fekk eg berre rydda litt i tilbygget, såpass eg fekk sette inn hage-reiskapane t.d. Klipte nesten ein sekk med eføy som har tatt vegen gjennom muren.

Eg hadde ikkje lyst på mat i dag, men eg tok meg eit par skiver 16-tida. Så snart eg var ferdig med maten, begynte det å mørkne ute, så heretter lyt eg passe på å komme i sving litt tidlegare på dag.

Eg hadde tenkt å ta ut plenklipparen og ta opp lauv med den, men det er enno så vått på plenen at ein må gå med gummistøvlar- og då høver det ikkje å bruke plenklippar.

Vi har ikkje fått melding om at fysioterapeuten vår er friskmeld, så det blir vel ikkje trening med det første. Men eg har tenkt å prøve meg på spansken igjen på onsdag. Må no trimme hovudet også. No blir det verl å strikke lestar og sjå TV utover kvelden.


søndag, oktober 30, 2022

Dagbok 2022: 30-oktober

                                           Den siste Leonardo da Vinci i år-trur eg.

 Klokka er no 15.10 - temperaturen ute er + 10 grader- I dag morgon var det fint ver og sol,men så kom det regn. No held sola på å kome att. 

Rasmus ville sjølvsagt reise litt tidleg, såpass han fekk køyre i dagslys. Eg er litt spent på korleis det går med lasset. Han for med all materialen i Volvoen, han la ned seta etc. Det var ikkje slik at eg nøydde han til det, men eg skreiv det til han før han reiste heimanfrå at han kunne få material viss han ville. Og eg er sjølvsagt glad for å få den vekk.

Eg har rydda og vaska litt i huset etter at eg vart her åleine, eg har vaska litt klede også, men eg har hengt dei opp på tørkestativ. I går vaska eg sengetøy etc. og brukte tørketrommelen,men det var no Rasmus som styrte med den,mens eg såg på. Så eg veit ikkje om eg er kompetent til å gjere det åleine. Eg tenkte at når Margrete har lært seg kunsten, kan ho lære meg opp. Eg maktar aldri å lese bruksanvisningar og følgje dei. Men eg trur Margrete er flink til det.

I dag fyrte eg i omnen, og no brende eg siste resten av den sjølvkløyvde veden. Det var dårleg ved på den måten at den var tørr og brann fort opp. Men eg har ein sekk med "Even-ved" også, og mykje rusk og rask som eg kan brenne, visss eg får saga det opp litt.

No blir det visst skikkeleg fint ute. Men eg trur ikkje eg skal gå tur i dag. Eg meiner at eg snart skal bli bra av Helvetesilden. Eg har snart brukt opp tablettane som eg fekk,  dei som skal hjelpe meg til å bli frisk , men eg må bruke Paracet mot smertene. Eg må oftast opp om natta og ta smertestillande, men det går sikkert bra.

Eg har sete og gjort ferdig Sudokuen som eg begyte på i går, og no er den i boks.

Det var litt rart å verte åleine i huset igjen, men eg trivst åleine også. Eg skal kanskje lage litt mat når det lid på.

Eg tok med meg telefonen då er var ute og tok bilde av blomster som enno held stand. Eg er glad for kvar dag vi slepp snø og kulde. Men på Clas har dei tatt fram julepynten..


"Einar-rosa" blomstrar enno. Eg fekk den til bursdagen min i -21 og planta den ut om sommaren. Den har blomstra i heile sommar. Det er ei såkalla "Potte-rose."

Eg har tre ulike Klematis , dette er ein av dei. Alt blomstra så seint i år, at ikkje alle vart ferdige.


lørdag, oktober 29, 2022

Dagbok 2022; 29.oktober


 Klokka er no16.50, temperaturen t er +10 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Men Rasmus og eg har hatt det relativt travelt heile dagen, særleg han. Det er mykje han vil hjelpe meg med før har fer att i morgon, men vi har no tid til litt mat og kaffi innimellom. Akkurat no driv han og skifter hjul på bilen min, mens tørketrommelen jobbar i kjellaren.

I natt sov eg heilt til klokka 6 i dag morgon, men då var eg så låk som aldri før. REg gjekk beint ut på kjøkkenet og tok Paracet.

Vi tok ein tur på ALTI på føremiddagen, eg kjøpte ikkje mykje men sikra meg medisin. Mat handla vi på Spar for vi skulle ha den gode spekesilda til middag. Men dei hadde ikkje den som eg likar best, den som er krydra, Men kjøpte bra rikeleg med vanlig. På heimvegen køyrde vi bortom gravplassen og sette nye batteri i lykta på grava.

Mens Rasmus fyllte bilen sin med material, laga eg middag, han laga også til for tørketrommelen i kjellaren og vi fekk sette i gang klesvasker før middag. 

Det var så kjekt å ha ein ekte spekesild-entusiast å ete i lag med, Vi hadde sild og poteter, kålstuing og stappe av gulrot og rabbe, rødbetar og tyttebærsylte. Det kjem til å gå hardt utoer bruslageret, så vi tru at ein av oss må fare på KIWI for å kjøpe kaffi og brus.

Det har vore veldig kjekt å ha Rasmus her, ikkje berre for alt han ordnar med, men berre for å ha han her.Det er så mykje eg ikkje greier sjølv, men so,m han ordnar i ein fart. Eg trur han får med seg all materialen, og då får eg betre plass i garasjen.

Bildet av grava til Svein fekk eg av Bodil i dag, eg synest dei hadde stelt der fint til.Det vart ein goddag i går, sjølv om det var trist, men godt å føle at vi er mange som bryr oss om kvarandre.


fredag, oktober 28, 2022

Dagbok 2922: 28.oktober

Klokka er no 20.10, temperaturen ute er + 14 grader og det regnar.

Dette har vore ein spesiell dag, og eg veit ikkje om eg heilt har fatta alt enno- for i dag følgde vi bror min til grava på Eid. Etter eit sjukehusopphald på Haukeland måtte han gi tapt for kreften. Det var veldig trist og eg såg ikkje akkurat fram til denne dagen. Men det vart på mange måtar ein fin dag, mange møtte fram, mykje slekt ,men også andre som kjende han. Grava si fekk han på gamle Myroldhaugen, tett ved grava til foreldrene våre.

Der var mykje fine blomster-kransar og bukettar. Det var ei fin stund i kyrkje. Dei hadde ei "medbrakt" songarinne, ho var bestemor til eitt av oldebarna til Bodil og Svein. Ho song mange fine songar i kyrkja og på minnestunda.

På Eid er dei så heldige at dei har huset "Kyrkjetun" der det er vanleg å ha minnestunder. Der er fint og kosleg, varmt og godt, og vi var mange som møttest der. Bodil og Svein har stor familie, tre barn, 11 barnebarn(Vaksne) og to oldebarn og alle var der, fleire med ektemake i tillegg. Eg hadde med mine tre godt vasne barn, men berre to barnebarn-dei andre er langt borte. Og så var kusina mi(Og Svein si) der, ho er litt eldre enn eg, men var sporty nok til å ta nattbussen frå Skedsmokorset. For meg var det stort å få sjå att alle desse eg kjende betre før, då dei var heimebuande  og eg trefte dei oftare. Eg trur at vi alle var glade for å vere i lag sjølv om det var ei trist hending som var grunnlaget.

Rasmus køyrde Solveig sin bil med oss tre. Margrete og Erlend kom i Margrete sin.

Då vi kom heim låg der ein nydeleg rosebukett på trappa frå Rolf, broren til Nils, og MImi. Tusen takk!

Eg har vore litt friskare i dag så det gjekk heilt fint å vere med,

 



 

torsdag, oktober 27, 2022

Dagbok 2022: 27.oktober

 


Klokka er no 21.20, temperaturen ute på trappa er + 14 grader C, asfalten på gata var tørr no, men det har  regna i løpet av dagen. Eg har ikkje vore ute anna enn for å hente litt ved.

Eg er ikkje det minste betre av plagene mine, snarare tvert om, men eg må no prøve å komme meg i gravferda i morgon- eg kan ikkje tenke meg å la det vere.  Dei nærmaste i slekta veit no at eg ikkje er bra, men eg synest det er litt trasig å vise seg for eidarane slik, viss nokon skulle kjenne meg att. .

I dag har eg stort sett berre surra rundt, men eg laga ei porsjon med fårikål som Rasmus og eg åt då han kom i halv 5 tida. Han hadde køyrt Gudbransdalen i dag, eg trudde at han skulle komme over Sogn.

Elles har eg no gått her og surra det meste av dagen, i håpet om å bli betre etter kvart. Men det var kjekt då Rasmus kom så eg fekk nokon å prate med. Rasmus var ikkje heilt fri i dag, så han rigga seg til på datarommet mitt og dreiv undervisning i to økter, men no er han ferdig.

Eg tenker stort sett berre på morgondagen, det blir på mange måtar ein tung dag, men det letnar vel etter kvart.

onsdag, oktober 26, 2022

Dagbok 2022: 26.oktober- Rasmus fyller 58 år i dag,

Klokka er no 17.43,temperaturen på trappa er +10 grader C. I dag morgon då eg stod opp var det litt regn og asfalten var våt. Etter ei stund kom sola fram, og det vart skikkeleg fint. Men eg kom meg ikkje ut då. Det går mykje i medisinering for tida. Om eg ikkje har farlege sjukdommar så må eg i alle fall ta tablettar og halde orden på kor mange eg skal ta til ei kvar tid. Tablettane som eg tek mot hevetesild tek ikkje bort smertene, men dei skal gjere meg frisk igjen. Om det ikkje er ein farleg sjukdom, så er det mykje smerte som følgjer med, ikkje berre i det området som ein ser utslett, men vidare utover er huda sår. 
Eg brukar Paracet til smertelindring det er ein god og ufarleg medisin, men eg vil ikkje ta for mykje, så eg rasjonerer litt. Eg tok 2 før eg la meg i går kveld, men midt på natta vakna eg og verkte så mykje at eg måtte ta ein dose til,og då sov eg til morgonen. For ikkje å ta for mykje venta eg med å ta heilt til Marit og eg skulle nedover og då var klokka 14. Ergo hadde eg det nokså vondt på føremiddagen, men eg fekk no gjort LITT. Eg er ikkje noko redd for sjukdommen min, det er berre det at den kom så "ubeleilig".Tankane mine går tilbake til tida då eg var "medisinansvarleg" her heime då Nils var sjuk.
Marit skulle vere med meg og kjøpe ei ny vinterjakke. Vi for på Aandahls og prøvde dei nye jakkene dei hadde. Eg prøvde ei, og nr.2 kjøpte eg. Marit kjøpte også ei- Så for vi bort til SPAR og handla mat, eg må no ha litt meir i huset når Rasmus kjem. EG hadde nesten ikkje ete noko i dag, så eg kjøpte ein pizza på billegsal og åt opp ca halva. (Den var veldig tynn") No skal eg slappe av med litt kaffi trur eg.

tirsdag, oktober 25, 2022

Dagbok 2022: 25.oktober

Hausten er komen, Desse bilda tok eg litt før klokka 18


Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 11  grader C.  I dag har det ikkje vore mykje sol, men det har vore opplett. Eg var ikkje så arbeidslysten i dag, for det vart dårleg med søvn sist natt, utslettet som eg hadde på foten sveid og "brann" så det var ikkje lett å få sove. Eg fann ut at legen sikkert hadde rett då ho pr.telefon tippa at eg hadde "Helvetes-ild". Namnet passar til smertene- Eg stod opp fleire gonger og fann noko kaldt i frysaren til å legge på utslettet. Eit par timar etter at eg stod opp for godt tok eg smertestillande og då vart eg så pass at eg greidde å støvsuge m.m. Har vaska klede i dag også, og no når Rasmus kjem får eg snart trommelen opp og stå. Det er godt å få den no når det er haust og snart vinter.

I dag fekk er tre nye rekningar frå Koppen som eg betalte. Det vart 7605 kr i alt, og då trur eg at alt er betalt der. Men arbeidspengane er ikkje betalt enno. Eg er litt spent på kva sluttsummen for arbeid og material kjem på. Men eg veit at eg har pengane, elles hadde eg ikkje sett i gang prosessen.

Eg hadde time med legen klokka 14.20, og eg slapp å vente lenge på å få komme inn. Med det samme ho såg utslettet mitt, sa ho: "Helvetesild!" Det var ikkje tvil om det. Eg fekk resept med det samme, den går via data til apoteket. Det var så koseleg å vere med henne i dag. Ho er frå Stryn og fortalde at ho hadde vore ein slags praktikant på sjukehuset på Eid. Ho hadde sikkert ikkje fleire pasientar i dag sidan ho var så pratsom-Eg har no hatt henne som fastlege i nærmare 30 år, eller så lenge som det har vore fastlegar. Eg synest det er synd at der er få få fastlegar i landet, for det er no så bra å ha den samme legen heile tida, ein lege som kjenner deg og veit kva du har hatt av sjukdommar frå før.

Eg køyrde beine vegen ned til ALTI og på apoteket kjøpte eg alle medisinane som eg brukar til vanleg + den eg fekk i dag.

Eg gjekk ein runde på butikkane og såg om dei hadde jakker eller kåper som eg kunne tenke meg, men såg ingen ting. Marit og eg skal kanskje ein tur på Aandahl, men eg er no mest vant til å handle i Volda. 

Eg veit ikkje enno om eg skal møte på spansken i morgon, men eg har i alle fall ikkje gjort leksa, så det er vel best å halde seg heime. Det er ein lettelse å ha fått ein diagnose og medisin.

I dag hadde Svein blitt 81 år om han hadde fått leve. Dessverre fekk han ikkje det. Fredag blir det gravferd på Eid, det blir sikkert både trist og fint. Godt å få møte Bodil og Svein sin store famiie.

I kveld er det fint nok til å gå tur, men eg ventar litt med slik aktivitet til eg er friskare.



mandag, oktober 24, 2022

Dagbok 2022: 24.oktober

Klokka er no16,50,temperaturen er + 9 grader C, det har vore ein nydelig solrik dag, men no vil visst sola gå ned snart.

Dagen i dag begynte dårleg, eg vakna før klokka var 6 og verkte i heile kroppen. Eg var no liggande ei stund likevel for eg hadde ikkje så mykje å gjere så tidleg på dag. Etter at eg hadde ete frokost etc. laga eg ferdig brevet til legen min. Eg dusja og kledde skikkeleg på meg før eg tok bilen og køyrde ned på Legesenteret og leverte brevet. Eg har gjort det slik nokre gonger, så les legen brevet og ringer meg opp igjen. Det gjorde ho i dag også, men ville ha meg ned på kontoret i morgon klokka 14.20. 

Sidan er ikkje skulle handle i dag køyrde eg bortom gravplassen og såg etter  korleis stoda var. Dei fine, raude begoniane var berre nokre klyser,så det såg ikkje ut. Eg køyrde rett heim att og tok to lyngplantar som eg hadde på trappa og for fram att og planta dei. Eg fekk ikkje skylt steinen , for vatnet var stengt av for vinteren. Det var så fint der framme i dag, men samme kvar eg snudde meg så kom skuggen min på bildet, så eg måtte klippe bort mykje.

Eg har hatt kontakt med mange i dag , på Messenger og på telefon. Eg snakka med Bodil til dømes. Ho er heldig som har så mange rundt seg no i desse tider. Ho ringde for å sjekke noko som skulle vere med i det dei skulle seie om Svein.

Eg måtte no gjere litt til gagns også, så eg heiv ut alle golvteppa på soverommet og datarommet. Det var slikt eg ikkje kunne gjere så lenge der var stillas. Eg hadde tatt eit par Paracet så då greidde eg å jobbe litt-

Eg har hatt kontakt med Rasmus eit par gonger. Han har ordna det slik at han får reise heimanfrå om morgonen, og så undervise om kvelden herifrå. Eg ser fram til at han skal komme. Bodil vart også glad for at han ville komme i gravferda.

Eg hadde tenkt at Ragnhild skulle vere med meg for å kjøpe jakke/kåpre, men ho skulle ut og reise i dag, men Marit blir no med viss eg spør henne. Ein skulle ha klede til slike anledningar hengande. Det hadde eg før i tida.

I dag laga eg middag, det er lenge sidan sist, eg steikte pølse og tina grønsaker og dett var dett. Eg har ikkje tatt smertestillande sidan tidleg i dag, men no kjenner eg at det er eit behov for det. Eg har ein klesvask på gang også, men trommelen er ikkje tilkobla enno. Tenkte at Rasmus kunne gjere det når han kom. Så det blir vel utetørking denne gongen også-det har i grunnen vore heilt OK med slik tørk så lenge det ikkje er så kaldt og vått. Eg ser ikkje fram til vinter og snø og kulde. Ein ting er sikkert; komande vinter kan eg ikkje moke snø. DET har eg ikkje rygg til.

                   Ryddig på tunet no. Berre LITT material her.(Det er meir i garasjen)

 

søndag, oktober 23, 2022

Dagbok 2022: 23.oktober


Klokka er no 18,40, temperaturen ute er + 5 grader, det er overskya og har vore det i heile dag, eg har knapt vore ut for døra, men halde meg inne og berre lata meg-

Då eg vakna i dag tidleg var det som om eg måtte vekke heile kroppen steg for steg, eg hadde i alle fall fått sove.Eg var stiv som ein kjepp, men etter kvart kom det seg litt. Ryggen var ikkje heilt i vater, men eg kom meg no fram, men klokka var 16.15 før eg åt frokost. Eg har eit håp om at eg kan bli litt betre i rygg og føter etter som tida går. eg greier i alle fall å gå litt. 

Eg har lese ferdig lydboka mi i dag og begynt på siste boka i serien. Det blir mykje omatt -lesing for lydbok er eit godt sovemiddel. Eg vakna tidleg i dag,men låg og las til klokka var godt over 8. 

Marit kom ned og var her ei stund; ho er ikkje heilt i form heller men så kunne vi i alle fall støtte kvarandre litt -vi har ein avtale om det. Eg var ned i tilbygget og henta opp ved, så eg har det i alle fall godt og varmt.

Solveig inviterte meg på middag i dag, men det måtte eg takke nei til, Eg prøver så godt eg kan å bli bra til vi skal i gravferd. No veit eg at Svein skal få grava si der som foreldra og besteforeldra er gravlagde. Det er så vanskeleg å forstå at bror min er borte. 

Viss eg er i form til det, skal eg ut og handle i lag med ei venninne i morgon. Men det spørs.

Som sagt har egikkje opplevd mykje i dag,så det vart eit kjedelig innlegg. Men det får vere eit livsteikn.

Bok nr. 34- 2022: Solsøsteren


 Dette er den nest siste boka i serien, og den eg har likt best hittil. Det som eg likar med bøkene i serien er at ein får innblikk i diverse miljø.  Og hendingane er sett inn verdenshistoria. Men eg strevar litt med å halde styr på alle pesonane i stad og tid. No kjem eg til å lese siste boka også. Eg vil ikkje direkte anbefale dei.

lørdag, oktober 22, 2022

 

Klokka er no17.20,det har vore fint ver i dag også, og no er det nesten 10 varmegrader ute. Eg hadde ei vond natt med mykje verk i ryggen og høgrefoten, eg stod opp og gjekk rundt i huset fleire gonger. Fekk ikkje sove, så eg låg og høyde lydbok. No er det like ille som den tida eg var låk i venstrefoten. Men eg har ikkje tenkt å legge meg føre, for no veit eg meir enn for nesten 20 år sidan. Nok om det.

Eg hadde ikkje lagt planer for dagen så det vart berre surr, men til slutt fann eg no på at eg skulle vaske stuevindua. Eg vaska med mopp og Zalovatn, og håper det vart rimeleg reint. Eg tenkte eg skulle spyle med hageslangen , men eg fekk ikkje til å plassere den på altanen,- men då var eg heldig. Margrete og Svein N kom med Møre-Nytt- bilen, dei hadde med den nye tørketrommelen min, og Svein fekk æra av å plassere slangen på alanen, men eg spyla ikkje før dei var reiste. Eg hadde no ikkje så myke spennande i dag, men eg var no så framsynt at eg hadde kjøpt ein boks med julekaker i går, greitt å ha når folk stikk innom. Ragnhild kom ein tur innom , men ho ville ikkje stanse i dag.

Elles har eg gjort lite og ingenting i dag. Så eg har ikkje mykje å skrive om heller.

Rasmus kjem heim torsdag og skal vere med når vi reiser til Eid i gravferd på fredag. Det blir tungt for oss alle å ta farvel med Svein.

fredag, oktober 21, 2022

Dagbok 2022: 21.oktober


Denne ildtoppen fekk eg av Solveig i dag, litt spent på korleis den er på farge nåblostrane sprett ut. Eg har ikkje leita opp pyntepotte enno.


Klokka er no 20.30 temperaturen er +3 grader C og det har vore ein fin solskinnsdag.

Men dagen starta litt dårleg for meg, fordi eg var så låk i ryggen. Eg greidde å ta fredagsvasken med litt hjelp av tablettar, og seinare tok eg ein tur til Vik og handla på ALTI, matvarer kjøpte eg på Kiwi på heimvegen.

Eg vart sittande nokså lenge med sudokuen i Møre Nytt, så kom Solveig som planlagt. Ho hadde med seg garn og blomst så no kan eg strikke meir lestar. Solveig hadde kontakt med Hilde på Eid og vi fekk vite at gravferda blir neste fredag klokka 12, Det blir eg og dei tre barna mine som reiser herifrå. Rasmus ringde og sa at han ville ordne arbeidstida si slik at han kan reise heimanfrå på torsdag og drive litt undervisning herifrå. Det er slikt som går an no for tida. Eg ser fram til at han skal komme, sjeldan eg ser han, sidan han er så langt borte. 

Det er mange i storfamilen til Svein eg ser sjeldan, berre synd at det skal vere i ei slik anledning vi skal møtast-

Eg synest at gravferd er fryktelig trist, men etter gravferda må ein berre leve vidare så lenge ein kan. Ingen lever evig her på jord.

Som sagt så var vi berre to søsken, og no er det berre eg att av den vesle familien vår. Men vi har mange etterkomarar, Svein og eg. Begge fekk vi to jenter og ein gut, alle 6 vart fødde  frå 1963-1969.Mamma fekk eit nytt barnebarn kvart år med unntak av i 1967.

Eg har 11 barnebarn, 3 jenter og 8 gutar, det samme har Svein. Også dei er nokså like i alder.

No er Svein borte, men har mange etter seg. Og mange bur på Eid. Det er bra for Bodil vil eg tru. Eg tenkjer på dei heile tida.

I morgon kjem Margrete med tørketrommelen som har stått borte på El-kjøp, eg kjøpte og betalte den i sommar då Ramus var her, men Margrete skulle ha samme sorten så eg let min stå att til ho og Svein Nordal hentar begge-

Eg er betre i ryggen no enn eg var i dagmorgon, men eg har no tatt smertestillande.

Ønsker alle ei god helg. Ha det så bra som de kan !


Dette bldet av bror min har sonen hans lagt ut på FB, så då låner eg det.

torsdag, oktober 20, 2022

Dagbok 2022: 20.oktober

 


Klokka er no 16.35, temperaturen ute er + 7,5 grader C, det er fint ver, men det begynner å bli kaldt, i alle fall om natta. I dag måtte eg skrape is av frontruta på bilen. Solskin og fint no. Det var godt å stå opp til eit ferdig hus, sleppe alt rotet med bygningsmaterialar etc. Dvs. her er no mykje styr att, men det ligg no i ro. Eg hadde planen klar, så eg køyrde først  ned på kulturhuset og fekk influensavaksine, Coronavaksine fekk eg ikkje, fordi eg ikkje hadde påbod frå legen. 

Så køyrde eg rett bort på Vør og fekk kasta mange sekker med rusk og rask. Det var ikkje vanleg trafikk der no, eg var der faktisk åleine.

På heimvegen panta eg flasker og handla på KIWI. Eg hadde tenkt meg ein tur ned att i Vik på sikt, men då eg slo på PC-en fekk eg ei trist melding. Bror min som har vore på Haukeland til behandling, døde i natt. Eg kan ikkje seie at det var heilt uventa for meg, for eg visste no kor sjuk han var. Trist er det uansett. Det har vore mange meldingar, og så ringde kusina mi no på ettermiddagen. Vi var berre to søsken, og det var berre 1,5 år mellom oss , så i vår tidlegaste barndom var det vi to som leika med kvarandre. Eg har ikkje mange bilde av Svein, men på bildet over er han og familien på besøk i Starevegen. Svein sit heilt til venstre på bildet.

Svein var dårleg lenge før han kom seg til å søke lege, han var ikkje i strøk siste gongen han var her i vår. Men han skulle skifte dekk på bilen min, same korleis det var. No blir det ein annan som hjelper til med det. Det er alt avtalt. 

Det var mykje eg kunne ha gjort i dag, men ryggen min er ikkje god, så den må vel få kvile litt. Ikkje var eg i humør til å fare til Vik heller, så eg sette meg til og skulle sjå serien min på TV. Den er spansk og alle snakkar spansk, og no har eg ikkje nok spanskkunnskap til å forstå når dei snakkar vanleg fort.Eg klikka på alt som var å klikke på utan at eg fekk det til. Men ein ting kan eg-det er å søke hjelp der hjelpa er å finne. Eg sende ei melding til Helge, som kom og ordna opp. Då var eg komen ned i vaskekjellaren for å støvsuge. Der hadde Brubakk sett inn ny dør og ny dørstokk etc., det verste rotet hadde eg tatt i går.

Helge klikka litt her og der, og så var TV-en i orden, så no skal eg sette meg til å sjå. I dag hadde eg melk som eg måtte bruke opp, så då vart det risgraut. No skal eg koke meg ein kaffi kopp og slappe av. I morgon er det fredag igjen, fredagane kom ikkje ofte før i tida.

onsdag, oktober 19, 2022

Dagbok 2022:19.oktober


 Klokka er no16.20, temperaturen ute er+ 10 grader og sola skin. I dag har ehg vore på spanskkurs, så kom eg heim og sat oppe med Marit ei stund. No har Brubakk gjort ferdig jobben sin, og så har eg så vidt begynt å rydde i garasjen, noko skal brennast og noko skal på Vør, men her er mykje god material til overs om nokon skulle ha bruk for noko. Eg fekk med med Gudmund til å sjå på herlegheita, og med han fekk eg eit tips. Ein kar lenger ute i gata manglar takstige, så det kan eg hjelpe han med. Den gamle takstigen min er fullt brukbar. Det første eg gjer no er å rfå tømt golvet i garasjen slik at eg får inn bilen. Der er mange små treklossar som brenn veldig godt i omnen. Det kan hende at nokon i familien treng trefjøler, så då kan de hente her. At det vart så mykje til over kjem av at han ikkje ville skøyte, og det synest eg er bra, Eg er veldig nøgd med jobben han har gjort. Rekninga får eg i posten med tid og stunder. Det skal bli  godt å få bilen i hus og eit ryddig tun.

I morgon skal eg ned på kulturhuset og få vaksine mot influensa og mot Covid. Marit var der i dag. Dei vaksinerer etter alfabetet, og T kjem etter G , derfor var vi ikkje ilag i dag. No må eg ut att i garasjen og plukke meg ved og koste sagmask. Det blir no ein tur på Vør når eg har fått samla rusket.











tirsdag, oktober 18, 2022

Dagbok 2022: 18.oktober



Klokka er no 17.04, temperaturen ute er + 8 grader. Veret i dag har veksla mellom regn og litt sol.

Eg var litt spent på forma i dag, om eg var låk i rygg og føter, men eg sov godt sist natt og kjende meg rimeleg bra då er var oppe. No er det såpass lenge sidan eg tok smertestillande at eg trur faktisk at eg er ganske bra. Eg vart  veldig redd for at det skulle bli reprise på det eg hadde i venstrefoten  for snart 20 år sidan . Eg vurderte å slutte på spanskkurset blant anna. Men no føler eg at eg kan halde det gåande ei stund til-STILL GOING STRONG! Trur eg.

No er Brubakk nesten ferdig her, han sette inn den nye kjellardøra i dag, men han kjem att i morgon, for han har meir styr liggande att. Han vil gjerne at Øystein kjem innover og ser på det som er gjort, fordi det var han og Øystein som planla prosjektet- Eg er veldig nøgd med arbeidet som er gjort. Maling blir det ikkje før neste år igjen. Problemet no er kvar vi skal gjere av alt som skal kastast -og korleis. Eg blir vekke på spanskkurs 11-13, men eg låser ikkje døra. Viss Øystein ikkje har høve til å kome innover , så er det fint om han ringer og snakkar med Brubakk.

Eg har ikkje gjort stort anna i dag enn å fyre i omnen, sjå TV, strikke, øve på spanskleksa og lage mat. I dag laga eg ei god grønsaksuppe med pølser og litt kjøtt- i følge Ingar kan eg ikkje kalle det grønnsaksuppe når eg har pølser i. Laga så eg har i morgon også.

               Denne kjellardøra kan eg låse Den er finare enn hovuddøra.


mandag, oktober 17, 2022

Dagbok 2022: 17.oktober


Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 9 graderC, det er opplett akkurat no, men det har regna i dag også. Brubakk har vore her, og no er austveggen ferdig. Det som står att er å sette inn den nye kjellardøra , det skal han gjere i morgon om alt klaffar. Maling må vente til neste vår/sommar.

Her er mykje å rydde opp att sjølv om snikkaren har rydda mykje etter kvart-

I dag har eg stort sett sete i ein godstol, og så har eg fyrt i omnen. Eg vart litt redd i går kveld fordi eg vart så låk i ryggen og venstre foten. Eg har aldri kjent noko liknande. Då eg inntok horisontalen i senga, fekk eg slike smerter i foten som eg aldri har kjent maken til. Eg måtte berre stå opp og ta to Paraset ekstra. Eg kan ikkje seie at eg sov så mykje i natt, eg låg heile natta med ei lydbok på øyret.

Eg stod opp og kledde på meg -litt før Brubakk kom . Foten var ikkje så låk, men ryggen verker enno. Det er så rart for det er sårt når eg tek inn på huda der midjen skal vere. Eg skulle ønske eg hadde eit korsett som heldt ryggen oppe. Men det er bra at foten ikkje verker, for eg greier no å gå. Eg har bore inn mykje ved i løpet av dagen, for eg har berre sete og sløva med TV og lydbok. Eg var nesten tom for Paracet så eg trudde eg måtte på butikken, men eg sende ei melding til Marit som var på seniordans og ho kjøpte til meg. Eg håper eg blir så bra at eg kan gå på spanskkurset på onsdag, og torsdag må eg i alle fall ned å ta influensavaksine. 

Eg hadde litt kontakt med Rasmus i dag, han var på Mysen og skulle halde kurs, og så skulle han til Sverige på heimvegen.


Det er enno roser som blomstrar i hagen, dette er ei Leonado da Vinci, eg har fleire av denne sorten, dei blømer både tidleg og seint.

søndag, oktober 16, 2022

Dagbok 2022: 16.oktober


 Klokka er no 17.10, temperaturen ute er + 11 grader C, det er overskya, men opplett. Slik har det vore i heile dag Men trur det hadde regna litt i natt.Etter at eg hadde gått tur i går ettermiddag kjende eg at verken eg hadde i høgre foten ikkje var vekke, og etter kvart vart det noko liknande som eg hadde i venstrefoten i nærmare 10 år. Ikkje like gale alle åra. Eg trur det kjem frå ryggen. Eg står frå før av på venteliste til MR, og kva tid eg slepp til der er ikkje godt å vite. Sist eg var på MR var i 2005, og då fann dei mykje som ikkje var helt bra, og det har vel ikkje minka. I nesten alle åra etterpå har eg hatt problem med føtene, med knea og anna. Eg er så glad for dei åra eg har fått vore "gangbar", men no her eg no bilen  alle fall. Eg greier å gå no også, men det er vondt. Eg er gammal, men eg har energi og arbeidslyst, så eg har ikkje lyst tilå bli sittande. Dette er orientering- og ikkje syting. 

Marit kom ned ein tur på føremiddagen, eg fyrte godt i omnen og vi kosa oss med ved-varme.

I dag tok eg fram att ball-panna og delte innhaldet på tre panner og fraus, så no fekk eg  sett dei i frysaren, så kan eg ta dei fram viss eg får lyst på ball-eg åt ball i dag også, så eigentleg er eg forsynt for ei stund.

Elles har eg høyrt lydbok og strikka, og no har eg vore ute og flytta bilen for Brubakk kjem vel i morgon. Det går heldigvis mot slutten på jobben hans, men så blir det spørsmål om korleis vi skal få fjerna alt som er til overs. Metall får vi levere på VØR-men så må det fraktast dit bort osb. Det skal bli kjekt å få her ryddig igjen -viss det er mulig.

Spanskboka har eg liggande rett framføre meg det meste av dagen, men eg har ikkje fått gjort heile "leksa" enno.


Klematisane ved tilbygget blomstrar enno, rosene blomstrar også-og nokre av buskene er heller ikkje ferdige med å bløme. Det er ikkje råd å få rydde i hagen før vinteren viss den kjem tidleg .


lørdag, oktober 15, 2022

Dagbok 2022: 15.oktober


 Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 8 grader C. Då eg stod opp i dag var det nysnø i fjella og det regna her nede. Det var med andre ord eit trist ver. Men det varte ikkje lenge før sola kom fram og det vart ein nydeleg dag til slutt.

Eg hadde ingen planar for dagen, berre at eg skulle rydde opp det eg ikkje hadde rydda i går. Men så var eg heilt "invalid" i høgre foten og hofta. Der har eg ikkje vore låk før, det er venstresida som har fått lide i mange år. No var eg eigentleg ganske bra, men så begynner høgrefoten å trøble. Ja,ja, vert det ikkje verre enn det er no, kan eg leve med det. Og så får eg vel time til MR når det lid på.

Eg fann i alle fall ut at det var ikkje lurt å sitte i ro heile tida, så eg rydda litt i huset, kveikte i omnen og så gjekk eg ut og rydda litt der også, pakka i hop ein det plast, og plukka opp fjølebitar som eg brende i omnen-her blei veldig varmt sidan sola også varma opp. 

Til middag i dag hadde eg steikt ball, og det smakte godt. Eg har veldig mykje att, så viss nokon får veldig lyst på steikt ball er det berre å kome. Eg har mykje att. Men i morgon kveld skal eg fryse ned restane, så kan eg ha ball kvar veke fram mot jul. Eg fekk ein tanke i dag om å prøve å lage ball på gamlemåten. det får vere ein gong eg har veldig god tid.

Eg har no slappa av med lydbok i dag, og etter at eg hadde ete middag vart eg sittande å halvsove framfor TV-en. Så ville eg prøve om eg greidde å gå ein runde på Vernet, og det gjekk rimeleg bra.

Det blir mange bilde her på bloggen frå Fonnvernet,  til og med på TV har eg sett slike bilde men det er ikkje eg som har sendt dei inn. Elles har vel folk merlka at der er ofte bilde frå Ørsta når der er vermelding på TV. Eg snakkar altså om NRK 1.

                                           Utsikt mot Mosmarka

                       Det begynner å bli ryddig på tunet no etter kvart

fredag, oktober 14, 2022

Dagbok 2022: 14.oktober


 Klokka er no18.38, temperaturen ute er + 9 grader C. Det har vore overskya og regnbyer i dag. Men eg har vore inne. Eg hadde invitert alle i storfamilien som kunne og ville ha ballj til middag i dag, Vi vart ikkje så mange, berre 6 i alt , så der er mykje ballj (klubb) att. No har eg fått rydda opp, sett på oppvaskmaskina og vaska kasseroller med hand.

Takmannen har vore her, han har spikra opp fleire fjøler på veggen, så no nærmar det seg noko. Når veggen er ferdig skal han sette inn ny dør i kjellaren. Det blir litt av ein oppryddingsjobb, som blant andre eg må ta meg av. Men eg er veldig glad for det fine taket eg har fått og for at bordkledninga blir skifta. Dette er austveggen, vestveggen vart oppgradert for 4 år sidan.  Snikkaren har vore her sidan 1.august.

Eg har ikkje tatt fredagsvasken i dag, men kan hende eg tek den i morgon.

Sidan eg ikkje har vore lenger enn til postkassa i dag, har eg ikkje opplevd så mykje, og no er det for seint å gå på Vernet.

Men det er fredagskveld og eg kan kose meg med strikketøy og TV.

torsdag, oktober 13, 2022

Dagbok 2022: 13.oktober



 
Klokka er no 17.53, temperaturen er + 9 grader C og sola skin. Det gjorde den ikkje i dag morgon, men midt på dag kom sola fram. 

Og i dag har Brubakk fått på dei smale borda, og så skal der breide bord utanpå. Han vil kome i morgon også, og no ser vi enden på dette prosjektet. I dag var han til Koppen og kjøpte meir material, så no får eg vel enda ei feit rekning. Det må berre vere slik når ein har eit hus. I dag tenkte eg på folka i Ukraina som får heimane sine bomba og øydelagde.Dei har sikkert kava på for å få seg hus og heim dei også.

Eg sov ikkje godt sist natt, og eg var tidleg oppe likevel, skulle sjå TV, men ville berre sovne. Eg hadde litt å gjere på kjøkkenet, men så køyrde eg på VØR med 5 store sekker med hageavfall. Brubakk meinte eg kunne ha klipt heilt ned buskene, for barlind veks opp att, men eg synest det ser betre ut frå vegen at der står noko att.

I morgon skal vi ha Balljdag her i Starevegen, men eg veit ikkje kor mange som kjem. Eg har no rota fram frå fryserane mykje ymist- av kjøtt og flesk. Det er altfor mykje, men eg kan vel bruke det i supper etc. seinare.Det er så dumt å kjøpe i hop mykje, men så er der gode tilbod innimellom.  Elles har eg no rydda litt her og der, men her er ymse rot både ute og inne. Og meir blir det å rydde opp når Brubakk er ferdig. Han tek med seg heim litt av stillaset kvar dag. Men den gamle bordkledninga ligg att på plenen. Eg skulle tatt med meg noko til VØR i dag, men eg fekk ikkje plass til anna enn sekkane. Eg har levert litt av kvart langsmed. Eg skulle ha gått ein tur i fineveret, men eg sparer litt på kreftene til i morgon.

Eg kan no nemne at eg har jobba med spanskleksa i dag. Eg må øve mykje skal det sitte igjen noko. Hadde eg studert så mykje då eg var ung, hadde eg vore professor i dag, men uansett hadde eg vore pensjonist. Ser fram til å ha besøk i morgon.

onsdag, oktober 12, 2022

Bok nr.33- 2022: Månesøsteren

 

Då har eg høyrt ferdig enda ei av søsterbøkene. Denne var kanskje litt meir interessant enn dei eg har lese før, og kanskje litt meir ryddig. Men eg  er framleis ikkje særleg begeistra. Kanskje les eg dei som er att også, berre for å ha gjort det.

Dagbok 2022: 12.oktober


 Klokka er no 17.07, det er overskya og litt regn av og til, men lange bolkar med opplett. Temperaturen er + 11grader, så det er ikkje så kaldt i dag.

Brubakk kom tidleg i dag, men eg var oppe og ferdig både på badet og med frokosten. Som de ser av bildet har han fått av bordkledninga i dag, Han fann mange kvistar heilt opp til loftet, truleg er det restar frå den tida vi hadde slyngplantar på støttene. No er det ikkje så lenge før han blir ferdig, berre det ikkje kjem snø. Det er snø på dei høgste fjelltoppane, men her nede er det mildare enn det har vore siste dagane. 

I dag var det spanskkurs, og nesten ingen kunne leksa si. Eg ante ikkje at vi hadde så mykje lekse, for Eli hadde berre lagt den ut på FB-sida til Spansk-elevane, og eg hadde ikkje sjekka der. Det samme var visst tilfelle med dei andre. Vi fekk ein ny elev i dag, ei som kan mykje frå før.

Eg har begynt å leite fram og koke diverse som vi skal ha til ballen på fredag, men eg er redd for at det ikkje er så mange som kjem-dvs.kan kome. Men alle som kan er hjarteleg velkomne. Eg handla litt på heimvegen i dag, så slepp er i morgon.

I dag hadde eg att suppe frå i går, så det var no lettvint. Etter at eg hadde ete etc. tok eg ein tur på Vernet. No er Brubakk reist, og eg trur eg skal ut og klippe litt meir der eg var i går, det stod att nokre høge toppar. No har eg snart nok til å fare på VØR med, og då tek eg med ein det boss som følgjer med bygnings-material til dømes mykje plast. Pappkassene brukar eg til kveikje i omnen.

I går kveld vart eg litt "Skremt", plata inne i omnen datt ned, det har den gjort før også, eg har greidd å få den på plass sjølv,men då må omnen vere kald. Eg venta til i dag morgon, og etter litt plunder fekk eg det til. Eg fyrer framleis med veden som eg kløyvde i sommar. Men eg brukar varmepumpa litt også.



tirsdag, oktober 11, 2022

Dagbok 2022: 11.oktober


 Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 7 grader. Akkurat no skin sola, men brått kjem det ei regnbyge, slik har det vore i heile dag-

I dag hadde det snødd langt nedetter fjellsidene og det likar eg ikkje så godt. Ikkje det at eg har det vondt, eg fyrte i omnen og hadde det godt og varmt. I dag var det ingen ting eg skulle og måtte. Derfor fann eg ut at eg ville kokeplommesylte, eg har enno fleire plastikposar med plommer frå i fjor. Men eg er veldig glad i plommesylte så den går unna. I dag kokte eg av ca 6 kilo plommer, det er to gonger opp i den kasserollen eg kokar dei i.

Etterpå koka eg grønsaksuppe som eg hadde til middag i dag.Då snikkaren for heim att, hadde eg tenkt å gå ein tur på Vernet, men så fekk eg ei anna oppgåve. Eg skulle rydde attmed veggen der han no skal skifte bordkledning. Der står nokre store barlindbusker, så der var ikkje framkomeleg. Eg tenkte at eg like godt kunne jobbe med det- i staden for å trimme. Det vart no litt trim med å rydde også. Eg gjekk laus med hagesaks og handsag, og hadde til slutt to store og 1liten sekk med greiner og bar. Dei aller tjukkaste stammane skal er sage opp til ved, men det vart ikkje i dag. Det er nesten ikkje lov å seie det, men eg likar slikt arbeid.


                                 Her har eg så vidt begynt arbeidet.


                                   Her har eg fått til gjennomgang.

Det var meir arbeid enn det ser ut som, men eg kunne ikkje ta vekk så mykje at det vart veldig stygt. Desse buskene vart planta til mamma sin 80-årsdag i 1984.

I går ettermiddag/kveld hadde eg Einar på besøk, i dag har eg ikkje snakka med andre enn snikkaren. Men i morgon skal eg på Bakk-Ola og snakke spansk, det er kjekt og sosialt. Håper at Solveig og Øystein har det kjekt på tur, og eg håper at mange i familien kjem hit på fredag.

mandag, oktober 10, 2022

Dagbok 2022: 10.oktober


 Klokka er no 17.13, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar. Eg var nettopp ned i tilbygget og henta ved, og då måtte eg ha støvlar på meg for heile plenen er som ei våt myr.

Denne dagen begynte litt stressande idet vekkerklokka ringde før halv 7. Den står  på 8 til vanleg og eg visste ikkje at eg hadde rota det til. Merkeleg nok sovna eg ei stund etterpå. Det er Marit som ordnar ut med taxi og greier, og den hadde dei bestillt til kl.10.30, sa dei ute i Ulsteinvik. Bilen kom sjølvsagt ikkje då, og då begynte vi å tenkje på at vi ikkje hadde time før 12.30. Marit ringde på sentralen og vi fekk vite den rette tida og då kom drosjen- og vi kom i rett tid til Ulsteinvik og kom inn  nesten med det samme og alt gjekk greitt. No skal vi ikkje innkallast meir, men vi skal ringe viss det er noko vi vil.

Då vi kom heim att tenkte eg å gå ein tur på Vernet med ein gong, men så var eg så svolten- Eg hadde ikkje tenkt ut kva eg skulle ete i dag, men heiv fort i hop ei pannekakerøre og åt meg mett. Så sette eg meg inn i stova og skulle lese på leksa til onsdag. Men det var heilt umuleg, eg ville berre sove-og det skulle eg ikkje.

Eg høyrde etter kvart at Takmannen begynte å pakke i hop. I dag har han tatt ned mykje av stillaset og det tek han med seg heim. Han visste ikkje kva han skulle gjere i dag tidleg, om han skulle jobbe eller ikkje, men så letta det litt. I Ulsteinvik var det delvis sol på føremiddagen. No har han avslutta for i dag, og då kunne eg kveike i omnen, likar ikkje å lage røyk når han er på taket. 

Eg hadde kome over trøttheita mi då Einar ringde og ville komme oppom ein tur, så no ventar eg på han. Solveig og Øystein for ein tur austover i dag, på haustferie. Dei i familien som er i nærheita skal eg invitere på ballj på fredag-håper det er mange som kan komme.

Sjå på bildet øvst på dette innlegget, eg trur trea ned mot Olavsgata må ha vakse mange meter i sommar. Det er irriterande for oss som misser utsikta til fjorden, ein annan ting er at det kan bli storm  som riv trea overende så det kan bli skader. Men det er ikkje mitt problem.


søndag, oktober 09, 2022

Dagbok 2022: 9-oktober


 Klokka er no17.15, temperaturen ute er + 14 grader og akkurat no er det opplett, litt vind og nesten sol. Det har ikkje regna i dag, så vidt eg veit, men eg veit no ikkje alt. Eg har vore oppe hos Marit sidan middag, men blir heime resten av dagen/kvelden ,trur eg.

I dag før middag høyrde eg på lydboka mi ei stund, så kveikte eg i omnen og sat på stova og såg TV og strikka ei stund, før eg gjekk ein rask tur på Vernet.  Der bles det godt- eg elskar vind, når den ikkje er altfor sterk.

Då eg kom heim laga eg yndlingsretten min til middag, no veit snart heile verda at det er krydderspekesild frå "Fiskemannen" med poteter  og anna tilbehør. Etter at eg hadde ete meg godt mett gjekk eg opp til Marit og fekk kaffi og is.

I morgon skal vi to på drosjetur til Ulsteinvik og Øre-nese-hals-klinikken der. Eg må med skam melde at eg ikkje er så flink å bruke høyre-apparata mine. Vi skal ikkje reise så veldig tidleg at vi må stå opp i gryotta. Vi får Taxi frå dør til dør. Så det er ikkje så verst å vere gammal og ha frikort.

No har eg lagt i hop ein klesvask og sett på ein ny. I morgon kjem vel takmannen att, så då er det han som brukar stikkontakten. Eg er så glad for at han er ferdig på taket, for eg var så redd at han skulle dette ned. Men han har ikkje fått ned alle stillasa enno. Så skal han skifte bordkledning på resten av aust-veggen og sette inn ny kjellardør. Får håpe det ikkje kjem snø før har er ferdig.



lørdag, oktober 08, 2022

Dagbok 2022: 8.oktober


 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er+ 6 grader C og det har regna i dag også.

Det gjekk ei stund i dag før middag før eg kom i gang med noko. Visste verken kva eg måtte eller kva eg ville.  Så bestemte eg meg brått: eg måtte ha noko garn så eg fekk eit strikketøy å halde i mens eg ser TV etc.

 Eg fekk på meg klede i ein fart då eg først hadde bestemt meg. Eg var ein tur på ALTI og kjøpe garn -og så nokre wienerbrød som vi skulle ha til kaffien når Solveig kom.

Handla litt  matvarer på KIWI på heimvegen. Etter at eg hadde bore varene i hus, tok eg ein tur på Vernet, det var litt regn og litt vind, men ikkje verre enn ein godt kunne vere ute. Det er bra med litt mosjon og frisk luft uansett. I morgon må eg prøve å komme meg ut litt tidlegare på dag og ta ein lengre tur. No driv eg ikkje med hagearbeid, så eg må ha annan mosjon.

Så laga eg i stand til Solveig skulle komme til kaffi. Mes eg venta på henne såg eg litt meir av fimen som eg begynte på i går; "Mitt Afrika". Eg såg filmen på kino for mange år sidan, men eg hugsar ingen ting, så det er kjekt å få sjå den att. No har Solveig og eg prata oss tomme for ei stund. Ho og Øystein skal på ein liten Sverige -tur i haustferien. Eg blir heime, men ventar at nokre i familien kjem på besøk.

 
   Det rann friskt i alle elvar og bekkar i dag-ikkje vassmangel her,nei.Eg tenkjer på at vi har det godt som har nok vatn. I dag morgon var det snø på Saudehornet.Vinteren nærmar seg !



fredag, oktober 07, 2022

Dagbok 2022: 7.oktober


Klokka er no 16.53. Temperaturen er + 10 grader, det regnar og blæs av og til og stundom er sola framme.
 "Takmannen" har vore her nokre timar i dag også, han har mellom anna rydda opp på tunet, så no er her plass til bilar.

Eg har vore heime i dag, på føremiddagen tok eg fredagsvasken m.a. Så varma eg opp att suppe frå i går, så det vart middagen i dag også. Eg fyrte litt i omnen , sette på vaskemaskina etc. før eg fekk tatt ein tur på Vernet. Eg er litt streng med meg sjølv, men eg synest det er heit naudsynt å ta ein liten tur no når vi ikkje har trening.


Vatn i elva i dag igjen

No har eg hengt opp ein klesvask og lese avisa. Eg ventar på at Marit skal komme ned ein tur, når "Ungefolket" reiser på hytta.

No regnar og blæs det alvorleg ute, då eg gjekk tur var det nesten sol.

I dag stod TV-en på ei stund og då begynte dei å snakke om atomkrig. Då slo eg av og gjekk ut. Eg hugsar så godt  dei første åra etter krigen kor redd eg var for krig, og Stalin var den eg frykta mest. No kjenner eg på noko av det samme. Vi har hatt det trygt og godt i mange år-og så kjem dette. Putin er nesten verre enn Hitler var. Trur eg.

I morgon trur eg at eg må på ein liten handletur. Elles lurer eg på kven av barnebarna som kjem heim i haustferien og kva tid dei kjem. Eg ser på FB at Eirik skal vere med å synge på "Tredet". Tredet er ein kafe i Volda som før heitte "Det grøne treet". No er namnet forenkla.

Kvar fredag trur eg at det er laurdag- men det er ikkje for seint å ønske alle ei god helg !

(Eg er litt irritert for at eg ikkje får bearbeide bilda mine betre. Eg får ikkje "klipt" dei oppe og nede utan at dei blir smalare. Slik var det ikkje før.)

torsdag, oktober 06, 2022

Dagbok 2022: 6.oktober


 Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 9 grader C og det regnar.Det har det for så vidt gjort i heile dag, men ei lita stund på føremiddagen skein sola såpass at eg trudde det ville klårne opp. Då kom også Brubakk og skulle jobbe. Han har helde på i heile dag, men no har han reist heim. Og den sola som kom fram vart fort vekke igjen. 

I dag skulle vi eigentleg vore på trening, men Ingvil er enno sjukmeld. Eg hadde belaga meg på å handle litt matvarer i dag, så eg hadde laga meg ei liste. Eg hadde tenkt å handle på KIWI; men begynte å tenkje på at eg kanskje skulle ha kjøpt bensin på bilen. Bensinmålaren er ikkje heilt i stad, eg kan ikkje lese av kor mykje bensin eg har, men når det er nesten tomt, får eg raud lys. Eg plar ikkje vente på det, men fyller i tide. Sist eg fylte betalte eg 430 kr, så då fann eg ut at eg hadde no fått nokre liter. Eg fylte i dag -for 430 kr akkurat som sist.Eg har kjørt ganske mykje i seinare tid-ja, alt er no relativt

Sidan eg var nede ved Spar handla eg der. Eg visste at dei hadde norske eple på tilbod, så det kjøpte eg + diverse anna som var på lappen min.

Då eg kom heim sette eg meg til å skrelle og skjere opp eple til eplekake. Det vart ei slik som eg brukar å lage, i ei stor avlang form. Etterpå laga eg ei grønsaksuppe med pølsebitar til middag. Då var kjøkkenet aldeles som bomba, men eg vaska opp for hand og rydda mens suppa kokte. Eg kan vere effektiv når eg må. Etter at eg hadde ete, sette eg meg inn og såg masse nyheiter på TV, Det var mykje om statsbudsjettet, men eg trur ikkje eg hugsar så mykje. Eg tek hugsetablettar kvar dag, men eg trur ikkje det hjelper så mykje.

Eg hadde tenkt eg skulle få gå ein tur i dag også, men vêret innbyr ikkje til slikt. Dessutan ventar eg på at Ingrid skal komme medeit batteri til brannvarslarane, for eg må sjå kva sort eg skal kjøpe. Eg er ikkje så godt inne i det, for Linda som budde her før var så flink å ordne alt slikt sjølv. Ho kjøpte det som skulle til og trekte det ifrå på husleiga.

Eg har ikkje gitt opp håpet på at eg kan komme meg ut ein tur. Eg synest det er tørke over heile verda-berre ikkje her. No kjem det litt sol igjen.

                  Det er ikkje att så mykje "rot" på tunet no lenger



onsdag, oktober 05, 2022

Dagbok 2022: 5.oktober

 


Klokka er no19.10, temperaturen er + 9 grader og det har regna i dag også, men ikkje så mykje som i går.

I dag har "Takmannen" gjort ferdig taket, og i morgon skal han ta ned stillaset, før han begynner på austveggen. Eg er glad for at det har gått bra så langt, eg har vore litt engsteleg for å ha ein 73-åring på taket- var redd han kunne dette ned.

I dag vart det ikkje gjort så mykje før middag, eg strikka ferdig lesteparet eg heldt på med, og så gjekk eg ein tur på Vernet,før eg dusja og vaska håret og kledde meg om til vi skulle på pensjonistmøte. Vi for herifrå før klokka var halv tre, for det er kjekt å ha ei pratestund først. Eg vart sittande mellom Jofrid Loftnes og Kirstin Graff.  Jofrid er blitt veldig gammal og tuslete, men ho er heilt klar i toppen, og det var nesten litt rørande at ho hadde med eit lite blad om Solund som ho hadde fått,- og gav vidare til meg.

Programmet i dag var ikkje så spennande, og særleg ikkje for meg som hadde gløymt å ta på meg høyreapparat. Det var snakk om gamle folk og kva dei trong etc. Det er ei som har jobba med "Leve hele livet" som snakka om det. Dette møtet var ikkje eit vanleg pensjonistmøte, men eit fellesmøte for pensjonistlaget og Eldrerådet, derfor hadde Toril Langlo eit innlegg om eldrepolitikken i kommunen. Passeleg interessant for folk som hadde gløymt høyreapparatet.

Så vart det kaffi, smørbrød og kaker, alt levert og laga av dei som går kokkelinja på Vidaregåande. For å vere heilt ærleg var ikkje maten så god som han såg ut. Dessverre tok eg ikkje bilde før vi var nesten ferdige å ete. Men det såg veldig nydeleg ut, og somt VAR det også.

                                                          Smørbrød med roastbeef

                                                                   Smørbrød med laks

                                                                               Kaker

Så var det underhaldning. Ein 80 år gammal nordlenning skulle kåsere om den nordnorske humoren- og det heldt han på med lenge. For å seie det slik. Oppturen kom då Marie og felespelaren gav oss ein NYDELEG konsert. Med t.d. Vãrmland du skjøna og Danny Boy.

Til slutt vart det trekt ut gevinstar på inngangsbiletten, gevinstane var lyngplantane som stod på borda. Kirstin vann ein, som ho gav til meg, og etterpå vann eg ein sjølv, så då hadde eg to.Så no har eg pynt på trappa.




                                                        Utsikt mot Mosmarka.i 18-tida Klokka er no 17.55, temperaturen er så vidt +1 grad, o...