tirsdag, oktober 25, 2022

Dagbok 2022: 25.oktober

Hausten er komen, Desse bilda tok eg litt før klokka 18


Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 11  grader C.  I dag har det ikkje vore mykje sol, men det har vore opplett. Eg var ikkje så arbeidslysten i dag, for det vart dårleg med søvn sist natt, utslettet som eg hadde på foten sveid og "brann" så det var ikkje lett å få sove. Eg fann ut at legen sikkert hadde rett då ho pr.telefon tippa at eg hadde "Helvetes-ild". Namnet passar til smertene- Eg stod opp fleire gonger og fann noko kaldt i frysaren til å legge på utslettet. Eit par timar etter at eg stod opp for godt tok eg smertestillande og då vart eg så pass at eg greidde å støvsuge m.m. Har vaska klede i dag også, og no når Rasmus kjem får eg snart trommelen opp og stå. Det er godt å få den no når det er haust og snart vinter.

I dag fekk er tre nye rekningar frå Koppen som eg betalte. Det vart 7605 kr i alt, og då trur eg at alt er betalt der. Men arbeidspengane er ikkje betalt enno. Eg er litt spent på kva sluttsummen for arbeid og material kjem på. Men eg veit at eg har pengane, elles hadde eg ikkje sett i gang prosessen.

Eg hadde time med legen klokka 14.20, og eg slapp å vente lenge på å få komme inn. Med det samme ho såg utslettet mitt, sa ho: "Helvetesild!" Det var ikkje tvil om det. Eg fekk resept med det samme, den går via data til apoteket. Det var så koseleg å vere med henne i dag. Ho er frå Stryn og fortalde at ho hadde vore ein slags praktikant på sjukehuset på Eid. Ho hadde sikkert ikkje fleire pasientar i dag sidan ho var så pratsom-Eg har no hatt henne som fastlege i nærmare 30 år, eller så lenge som det har vore fastlegar. Eg synest det er synd at der er få få fastlegar i landet, for det er no så bra å ha den samme legen heile tida, ein lege som kjenner deg og veit kva du har hatt av sjukdommar frå før.

Eg køyrde beine vegen ned til ALTI og på apoteket kjøpte eg alle medisinane som eg brukar til vanleg + den eg fekk i dag.

Eg gjekk ein runde på butikkane og såg om dei hadde jakker eller kåper som eg kunne tenke meg, men såg ingen ting. Marit og eg skal kanskje ein tur på Aandahl, men eg er no mest vant til å handle i Volda. 

Eg veit ikkje enno om eg skal møte på spansken i morgon, men eg har i alle fall ikkje gjort leksa, så det er vel best å halde seg heime. Det er ein lettelse å ha fått ein diagnose og medisin.

I dag hadde Svein blitt 81 år om han hadde fått leve. Dessverre fekk han ikkje det. Fredag blir det gravferd på Eid, det blir sikkert både trist og fint. Godt å få møte Bodil og Svein sin store famiie.

I kveld er det fint nok til å gå tur, men eg ventar litt med slik aktivitet til eg er friskare.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...