lørdag, mars 31, 2018

Dagbok 2018: 31.mars

Klokka var 20.00 då eg tok bilda. Dei som har ekstra godt syn kan sjå teikn på vår.


Klokka er snart 20.30, temperaturen ute er minus 1 grad, og vi har hatt enda ein finevêrsdag.
I dag var vi tidleg oppe, for Rasmus og familien skulle reise. Han hadde lova gutane ei oppleving i Gjøvik så dei berekna god tid.
Då eg vart att åleine, var det greitt å ty til litt vasking, rydding, klesvask etc. Likar ikkje å sette meg ned å slappe av viss eg ikkje har det ryddig rundt meg. Dette gjeld sjølvsagt berre når eg er åleine. 
Etter at eg hadde fått huset nokolunde i orden, varma eg meg kjøttkaker til middag. Wenche laga så mykje deilige kjøttkaker som vi hadde tenkt å ha både torsdag og fredag, men så vart det tur til Hareid på fredagen-derfor løyvde vi.
Eg sat og slappa av og halvsov i godstolen ei stund. Solveig kom innover og vi køyrde ut til Nils ca. kl.16.30. Ho sat der berre ei lita stund, men eg vart att hos Nils til ho henta meg ca.19.30.
I dag var han meir vaken enn i går, men han er noko desorientert innimellom. Det kjem av at han får mykje sterke medisinar som skal hindre at han har det vondt. Det er ikkje så viktig verken for meg eller han at eg er der i fleire timar no, slik som den tida vi kunne prate og sjå TV i lag. Han er vel fornøgd med at eg går igjen, slik at han får fred. Han har vore på Heimen i snart fire månader, og dei steller vel med han der. No ser eg fram til å sitte pal resten av kvelden,  det einaste som hjelper for foten min er at han får vere i ro. Eg er i grunnen heldig som kosar meg åleine også. Rasmus rekna med å vere heime i Kongsberg klokka 21.
Kåre G. les som regel bloggen min, så då får eg gratulere han med dagen her! Gratulerer med dagen!

fredag, mars 30, 2018

Dagbok 2018: 30.mars

Margrete og Rasmus sine på besøk på Hareid.


Klokka er no ca. 14.00, temperaturen er + 6  grader C og vêret er  framleis kaldt og vakkert.
Eg er heime åleine no, for Rasmus med fam. har reist til Hareid på besøk til Solveig. Det var meininga at eg skulle vere med ein tur ut til Nils, men så ringde dei frå Heimen.  Nils hadde hatt store smerter i natt, men ville ikkje ha morfin. Han hadde vore vaken i dag tidleg og ete litt frokost, men då ville han likevel ha morfin, så no låg han og sov. Rasmus &  co reiste til Hareid, men vi fann ut at Nils kunne få fred til å sove, så eg vart ikkje med ut til Heimen då. Eg får håpe eg kjem meg ein tur ut i løpet av dagen. Men det hastar ikkje, han treng å kvile no.
Eg prøver å rydde litt i huset, men det er ikkje så mykje eg greier, for foten min er framleis minst like vond. Klokka hadde passert 5 før eg sovna i natt. Det passar aldri å bli handikappa, men for meg vart det veldig trasig akkurat no. Viss Nils er så dårleg at han må ligge i tung morfinrus, håper eg det ikkje varer for lenge, for då har han ingen livskvalitet.
Eg har ofte snakka om korleis eg reagerer når eg får desse telefonoppringingane utan namn-det første eg tenker på er sjukehus/sjukeheim/lege etc. Som regel er det telefonseljarar -som skremmer meg. Lurer på om dei nokon gong tenker på det?

Klokka 23.30,i kveld såg eg fullmånen og no er temperaturen minus 4 grader, det er fint, men kaldt.
Det vart til at eg tok taxi ut til Heimen i 17 tida -og var der til kl.21. Rasmus var oppom då dei kom frå Hareid, men Nils var ikkje vaken. Han vakna ikkje etterpå heller, men eg sat der likevel, hadde lydbok og sovna litt. Eg fekk lite kontakt med han i dag, så eg var der eigentleg berre for å vere der-mest for min eigen del. Det er trist, men slik er det. Eg føler at eg alt har mist han. Det har vore godt å ha folk i huset med meg desse dagane, så vart livet litt meir normalt. 
Takk til Solveig for kakene dei hadde med heim. Trur eg må ha lagt kraftig på meg siste månaden. Slutta å trimme og begynte å ete!
Rasmus og familien reiser heim til Kongsberg i morgon. Eg er veldig glad for at dei tok turen hit akkurat no. Og glad for at dei har fått treft så mange av familien.
Viss ikkje foten kjem seg, blir det å kontakte legen etter påske, for eg kan ikkje ha det slik viss det er hjelp å få.

torsdag, mars 29, 2018

Dagbok 2018: 29.mars

Klokka er 22.00, temperaturen er minus 3 grader C og vêret har vore like fint som dagane før. Kaldt er det, men i dag såg eg krokus i bedet nedanfor huset. Så våren kjem i år også.
 Vi har hatt ein triveleg, men nokså lat dag. Først var vi seint oppe, så føremiddagen vart kort. I 15-tida køyrde Rasmus meg ut på Heimen. Eg hadde lagt ein lammelår på langsteiking før den tid.
 Eg var hos Nils 2-3 timar, men han var ikkje så mykje vaken. Han var ikkje omtåka berre veldig sliten og trøytt. Trur ikkje han bryr seg så mykje om at eg skal vere der, men eg er der like mykje for mi eiga skuld. Det er ikkje så oppløftande, men eg likar ikkje å tenkje på at han skal ligge der åleine heile tida heller. Han har hatt slike periodar før også, og kome seg opp att, så ein veit aldri. Dei steller godt med han, og eg takkar dei for det. Eg kan ikkje gjere så mykje for han lenger, så det er godt at der er profesjonelle som stiller opp. Sjuke-og hjelpepleiarar gjer ein kjempejobb som det står respekt av. Jobbar som skulle vore meir verdsette enn det dei er.
Då eg kom heim att hadde Wenche laga ein stor porsjon med kjøttkaker i brun saus, og låret ver nesten ferdigsteikt. Rasmus og eg fiksa poteter og grønsaker, Wenche dekka bordet osb. Dei eg meiner å seie at gjestane mine må arbeide for kost og losji, når vertinna har berre ein frisk fot og knapt nok det. Eg tek tablettar men om dei virkar går det i alle fall ikkje fort. No har jentene mine heile tida mens Nils har vore sjuk oppfordra meg til å vere forsiktig; "Det er nok med ein pasient", har vore omkvedet-no har dei likevel fått to. Eg følte meg fri då eg kunne gå til og frå det meste og no må eg sitte mykje i ein stol.Det er surt! Men tilbake til middagen, så var den berre nydelig, kjøtet var passeleg steikt, kjøttkakene og sausen var kjempegode. Og eg hugsar knapt sist eg åt vanleg middag. Eg er redd eg fekk eit ekstra tillegg rundt midjen i dag. Is og frukt og kaffi vart det også.
I morgon skal Rasmus m/fam. ein tur til Hareid. Eg blir att her heime, og så blir det vel ein tur ut til Nils. Rasmus +fam. skal reise heim att til Kongsberg på påskeafta -det er i alle fall planen. Ønsker alle fortsatt GOD PÅSKE.

onsdag, mars 28, 2018

Dagbok 2018: 28.mars.



Klokka er 22.00, temperaturen er minus 3 grader C og det har vore strålande fint vêr i dag også.
Det er vel ingen som gleder seg veldig til å feire ein 78 -årsdag, det gjorde i alle fall ikkje eg. Men for ein gongs skuld gav eg (nesten) frå meg kommandoen og let neste generasjon ordne opp og planlegge. Eg bidrog kun med eit Visa-kort.
Og så blei det ein veldig fin dag. Alle barn, svigerbarn og barnebarn som var i nærleiken vart invitert til Pizza på Rosabella. Og det vart ein suksess. Etterpå var vi i Starevegen og drakk kaffi og åt is alle saman. Vi var ein bra flokk, og det blir litt meir rot og oppvask enn det eg har vore van med i seinare tid. Og flotte, fine gåver fekk eg av alle som var til stades, skal ikkje nemne nokon spesielt, berre takke! Det vart ein fin dag for meg, sjølv om ikkje Nils kunne vere i lag, og til tross for den vonde foten min. At her såg litt bomba ut i heimen viser berre at her var liv og røre. Takk til seremonimeister Rasmus og alle hjelparane, for ein fin dag.


På føremiddagen køyrde Rasmus meg ut til Nils, som framleis er sløv og sjuk. Han har lite krefter, men har ikkje så mykje smerter, smertene døyver dei med medisin-og takk for det. Legen var der også i dag og eg hadde ein litt lengre prat med henne. Eg spurde henne mellom anna kva ho meinte om å la dei små gutane besøke farfaren-og det meinte ho at dei kunne gjere. Eg spurde Nils om han ville at gutane skulle komme i dag og det ville han. Så eg ringde til Rasmus og heile familien kom og helste på Nils.  Eg trur det gjorde han godt. Håkon og Audun besøkte han etter at vi hadde vore på Rosabella. Eg var ikkje ut att i dag, litt rart for meg å halde meg borte, men eg trur ikkje han saknar med, han vil gjerne ha fred. Men han er alltid glad for å sjå barnebarna, spesielt. Eg har site og rekna på det og trur kanskje eg har feira alle fødselsdagar i lag med Nils sidan den gongen eg fylte 19 år. Eg kan hugse at det også var i påska og eg vart i Trovågen i påskehelga . Mi tilkomande svigermor laga bløtkake til meg, og seint på kvelden/natta gjekk Nils og eg opp på Dyngja, høgste "fjellet" i Trovågen. Det var måneskin og klårt og vi kunne sjå langt vestover i havet. Mange minne dukkar fram slike dagar.

tirsdag, mars 27, 2018

Dagbok 2018: 27.mars




Klokka er 22.15, temperaturen ute er minus 2 grader og vêret har vore like fint i dag som i går- fint men med kald vind.
I natt sov eg relativt godt og vakna av at mobilen ringde. Eit langt nummer utan namn får meg alltid til å tenke det verste- men det var heldigvis berre ein seljar. Veldig festlig ! Eg gav han beskjed om at han "tok meg på senga" og at vi hadde påskeferie. No har eg reservert meg mot alt mulig, men så har eg handla me "Åshild" og han hadde fått kundelista derifrå for å ringe opp til alle. Det han skulle selje var eit telefonnummer ein kunne ringe til for å stoppe uttak i banken om ein vart fråstole Visakortet eller diverse anna. Så vart alt stoppa. Takk, det greier vi oss utan. Misser eg Visakortet ringer eg BANKEN.
Vi var seint i seng i går, og ingen var tidleg oppe i dag, men Rasmus og eg tok ein tur ut til Nils. Eg vart att på Heimen mens Rasmus og resten av gjengen for og handla.
Nils hadde fått mykje medisin i dag og var nokså desorientert. Dessutan var han trøytt og ville helst sove, så Rasmus kom og henta meg og køyrde meg heim før han heldt fram med shoppinga. Han kjøpte den maten han ville ha, og var bort med datamaskina mi, med den øydelagde CD-spelaren. Men det gjekk ikkje på sørvisen, så han kjøpte like godt ein laus CD-spelar som ligg oppå maskina og virkar mykje betre enn den som var i maskina, så no fekk eg endeleg rippa ferdig "Hengte hunder"-etter å ha prøvd tre meir og mindre defekte Walkmen.
Rasmus svinga opp med middag: Tikka Masala med ris til, og det var godt. Så vart det kaffi, is-og kake-restar. Får rydda litt i frysarane no.
Rasmus og eg var ut ein tur på Heimen i kveld også, men var der ikkje lenge. Der er travelt for Nils å konsentrere seg-og han er rimeleg forvirra innimellom, det var han ikkje i går, men i dag hadde han ete litt. Han hadde fått mykje medisin i dag, sa han. Det er kjekt for meg med liv og røre i huset, men det er heile tida ein som manglar her.
Gutane er veldig snille og kjekke, dei to yngste er veldig like. Eldstemann er meir som ein vaksen å rekne, og held seg litt for seg sjølv. 

mandag, mars 26, 2018

Dagbok 2018: 26.mars.





Klokka er 23.40, temperaturen er minus 4   grader C og det har vore mykje sol,  den varmar godt opp huset inne.
Sov dårleg sist natt, det er 2-3 timar, så vaknar eg opp og verker i foten. Men eg står han av. Foten ser ikkje ut til å reagere på tablettane i alle fall.
Føremiddagen gjekk stort sett med til å lage mat, rydde opp att etc. Og så kom Marit ned så vi fekk prate litt.
 Eg lagar alltid Lasagne til Rasmus skal komme, den kan eg lage ferdig og varme opp att. Solveig kom innover i 16-tida og køyrde meg ut på Heimen. Mens eg var der handla ho til meg og laga salat før ho henta meg att klokka 19.
Nils var veldig trøtt og slapp i dag. Han ville berre sove. Ja, ville og ville, han ville vel helst vore frisk og rask, men det er han ikkje.
Førre veka var han i bra form, så det har gått mykje opp og ned. No ser det ut til at det går ein veg, men ein veit aldri. Eg fortalde at Rasmus og familien skulle komme og det syntest han var kjekt.
Dei kom hit litt før klokka 20 i kveld, så no er her litt meir liv og røre i huset enn vanleg.
Vi håper Nils er såpass bra i morgon at gutane kan få sjå han. Rasmus og eg fer no ut i alle fall. No har eg i alle fall skyss både ut og inn nokre dagar-om behovet er der. Det er ingen her som har lagt seg enno, men det er no ferie.

søndag, mars 25, 2018

Dagbok 2018: 25.mars

Klokka er no ca. fem på ti (sommartid) , det er opplett og + 2 grader. Tidlegare var den oppe i + 10.
Elles er det meste som det plar vere for tida, foten min er like låk, men litt betre når eg tek smertestillande. Ser ikkje ut til å gå vegen. Men eg greidde i alle fall å få vaska bad og kjøkken i dag før eg måtte sette meg i godstolen med føtene høgt.
Margrete og alle fire "ungane" kom innom ein tur før dei skulle på restaurant for å feire Ingeborg sin bursdag litt på etterskot. Ho kom heim med nattbussen frå Oslo i dag tidleg.
Det at dei kom oppom her, var mykje for at dei skulle køyre ei gammal, fotalause bestemor ut på Ørstaheimen. Ja, Ingeborg ville no helse på morfaren, sidan ho ikkje var med i går. 
Men i dag var Nils skikkelig sløv, han verken åt eller drakk noko særleg, berre sov og sov. Slik var han for eit par veker sidan også, men siste veka har han vore betre.
Han vakna litt innimellom og då var han heilt klar både i tanke og tale, men eg sat der no til klokka var halv ti for å sjå korleis det utvikla seg. Då ville han at dei skulle komme og vaske og stelle han til natta, så då gjekk eg.
Han livnar til når "damene" som eg kallar dei, kjem. Eg ringde til Gudmund og han henta meg. Fantastiske naboar-eg må berre seie det enda ein gong.
I morgon reknar eg med at Rasmus kjem, så då får naboane fri nokre dagar. Og viss eg ikkje er betre i foten etter påske, må eg berre kontakte legen igjen. Det er vel ikkje råd å komme til før. Det er ikkje berre det at det er vondt å gå, det er vondt heile tida, og eg vaknar opp om natta fordi eg verker. Det er no ein bagatell i forhold til det Nils har å stri med, men gale nok oppi alt.
Nils veit ikkje at Rasmus kjem, så det blir spennande å sjå korleis han taklar det. Og vice versa. Nils er ikkje den samme no som han var sist sommar då Rasmus og familien var her. Eg håper dei er budde på det.
Solveig ville komme innover i dag når ho høyrde at Nils var så slapp, men vi kan trenge henne meir ein annan gong. Siste løpet er ikkje køyrt.

lørdag, mars 24, 2018

Dagbok 2018: 24 mars




Eirik, Amanda og Erlend på besøk hos morfaren.

Klokka er 21.00  normaltid-(i natt skal vi over på sommartid)  Temperaturen er + 3 grader C og det regnar til ein forandring. Audun har nettopp køyrt meg heim frå Heimen der vi har vore på besøk hos Nils. Eg var så bra i foten etter å ha site lenge i ro i godstolen, men så greidde eg å vri foten i ein dårleg posisjon, så no vart det låkt! Det går vel over i løpet av kvelden-håper eg.
I dag trudde eg sjølvsagt at det var sundag, det er det samme kvar laurdag. Men eg styrte no på litt i huset etter beste evne. Margrete og dei tre heimevereande barna kom i 13-14 tida og då hadde eg klar ein bunke med vaflar. Det er ikkje så mykje matstell med meg for tida. Kan knapt hugse kva middag er. Men det er ikkje synd i meg eg kan ete middag viss eg vil anten heime eller på kafé. På mange måtar trivst eg med å bu åleine og gjere kva eg vil, mår det eingong er slik situasjonen er.
Etter eit par kaffikoppar etc. tok vi turen ut til Nils, og han var i bra form i dag, mykje betre enn i går. Det er kjekt for han å sjå både barn og barnebarn. Men han blir fort sliten, så etter at Margrete &co hadde fare, skulle vi sove middag. Men så var det så langt på dag at dei kom med mat til han igjen, og han vart vekt før han hadde fått sove ut.
Derfor var han ikkje så veldig i form då Audun kom klokka 20. Då var han rimeleg trøtt og uopplagt. Det var litt synd, men Audun kan no besøke han ein annan dag også. Det er vanskeleg å vite kva tid på dag han er opplagt på besøk, og kor lenge han held ut. Det er travelt for han å konsentrere seg lenge om gongen. Han får ikkje morfintablettar no, men han får ganske stor dose med smerteplaster, noko som gjer at han blir trøtt og då kan han begynne å rote litt.
Han veit enno ikkje noko om at Rasmus skal komme, for då vil han ligge å grunde på det, kva tid han skal komme, kva veg han skal køyre etc .Eg kjem vel til å seie ifrå kort tid på førehand.
Audun held på å male i leilegheita si innimellom at han skriv på ei oppgåve. Eg var veldig fornøgd fordi han ville ha nokre gamle lampar som vi hadde til overs. Godt å bli kvitt husefyll.

fredag, mars 23, 2018

Dagbok 2018: 23.mars.



Gratulerer med dagen!

Klokka er 22.10, og det er ca. ein halv time sidan eg kom heim. Det var Gudmund som henta meg i kveld. Temperaturen ute er no + 8 grader, så det minner om vår. Det har vore skya, men opplett i dag.
I dag kom Solveig inn frå Hareid for å hjelpe den hjelpelause mora si..Ho Køyrde meg ut til Nils, så fekk ho handleliste og kjøpte det eg skulle ha, køyrde det heim og plasserte det i frysar og kjøleskap. Alt mens eg sat ute med Nils. Eg kunne ikkje ha vore med på butikk for alt i verda, foten min toler det ikkje. I dag tidleg med det same eg var oppe var eg bra i form, ei stund, prøvde å gjere diverse husarbeid, men måtte slutte av før eg ville, og sette meg med beina høgt.
Nils har vore i veldig bra form ei vekes tid, men å går var forma dalande og enda meir i dag. Han hadde ikkje vondt og var ikkje surrete, men han var slapp og trøytt og ville helst sove. Dessutan høyrde han ikkje godt. Det med hørselen er noko som varierer-det også. Alle desse opp og nedturane eg nokså slitsomme etter kvart, både for han sjølv og for oss pårørande. Sjølv om vi veit at han ikkje kan bli frisk er det veldig kjekt dei dagane han er kvikk og i godt humør, slik han alltid var før.
Eg har ikkje sagt noko om at Rasmus kjem, enno.
Eg gjekk litt før "Nytt på nytt" var slutt for då kom dei og ville stelle han for natta. Det er godt for meg å ikkje ha alt ansvaret no-det hadde aldri gått vel.
I dag fyller barnebarnet Ingeborg 25 år, ho er den tredje eldste av dei 11, og den aller eldste av dei tre jentene vi er besteforeldre til. 
Det er ikkje så mange fødselsdaga vi har fått feira siste par åra-men slik er det berre. Håper Ingeborg har hatt ein fin dag i alle fall. 
I morgon kjem Margrete ein tur, og då køyrer ho meg ut til Nils.

torsdag, mars 22, 2018

Dagbok 2018: 22.mars.

Bildet er tatt klokka 15.45

No er klokka 22.30, temperaturen er + 1 grad C, det har vore lettskya og relativt mildt i dag. Men i kveld frys det på.
Då eg vakna og stod opp i dag, tykte eg at eg var litt betre i foten, så eg fekk i alle fall støvsuga i dag-ikkje alle dagar eg gjer såpass. Men etter kvart var eg ikkje fullt så bra. Ragnhild kom og køyrde meg ut på Heimen klokka 16.00, og då var eg innom Kiwi og fekk tak i tablettar.
Nils var ikkje så sprek i dag som han har vore siste veka, han var trøtt og slapp, men klar i hovudet. Og han åt. 
Eg hadde nok gått heim att relativt tidleg om eg hadde kunna gå, men eg veta på at Håkon og Birte skulle køyre meg heim. Dei kom frå Fosnavågen.
Då eg kom heim stod telefonen og blinka, og eg kjende straks att nummeret og ringde opp att til Rasmus. Dei vil komme ein tur heile gjengen, truleg kjem dei på mandag. Eg la korta på bordet og sa at eg var rimeleg handikappa, men dei ville komme likevel. Rasmus vil no hjelpe til med alt mulig, og det veit eg at han gjer. Ikkje minst kan han køyre fram og tilbake.
Eg er den typen som vil at alt skal vere på stell når vi får besøk, men no lyt eg berre ikkje bry meg om husmoræra.
Eg veit ikkje om eg vil seie noko til Nils på førehand, for eg er redd han kan egse seg opp, det skal ikkje så mykje til.
Eg forstår veldig godt at Rasmus og familien vil besøke Nils no, og då er dei nødde til å komme i ei langhelg, sidan dei er så langt borte.
I morgon kjem Solveig ein tur, og laurdag kjem vel Margrete med diverse heimvende barn. Ja, dei får ta det som eg har det. Ikkje så sprekt for tida. Men eg er sjølvsagt glad for å få besøk av barn og barnebarn. Uansett.

onsdag, mars 21, 2018

Dagbok 2018: 21.mars

Klokka er22.15, temperaturen er + 2 grader, det er slapsete, vått og trasig vêr. Men om eit par dagar skal vi få sønnavind og då smelter vel snøen.
I dag då eg stod opp, tykte eg foten min var aldri så lite betre, men så snart eg skulle gå litt, var det krise. Har ikkje tatt mange tablettar i dag, men tok ein som var litt sterkare som eg hadde på lur, og det hjelpte. Fann ut at eg var lens for Paracet, enda så mykje eg har kjøpt. Eg trur framleis at eg har eit lager ein stad, men lånte nokre med ein sjukepleiar på Heimen i kveld. Eg vart nokså hjelpelaus no når eg ikkje lenger kan gå, før stakk eg berre innom nærbutikken når det var noko eg trong. No har eg vore låk i foten i nesten ein månad-det er ikkje til å tru! Men eg har ikkje tatt medisin meir enn ei veke. Så det er enno håp.
Men Nils fekk nokre betre dagar enn vi hadde  våga å håpe på. I dag var han vaken og kjekk, og ikkje surra han så mykje heller. No får han ikkje morfin, og det gjer at han held hovudet klart. Han ser TV og interesserer seg for både eitt og hitt. Ja, no trur eg sjølvsagt ikkje at han blir frisk, men han føler seg bra og har ikkje smerter. Han blir fort sliten, men i dag tok han imot besøk av ein nabo.
Samme naboen køyrde meg ut på Heimen i dag, men så tok eg Taxi heim att. I kveld hadde eg ein sjåfør som hadde sin første arbeidsdag i drosjenæringa. Kjekk gut! Det går fint! Men i morgon har eg skyss både fram og tilbake, så då kan naboane slappe av.
Eg kan ikkje late vere å irritere meg over at eg skulle bli "fotalause" akkurat no. Eg får ikkje gjort noko her heime heller, til nød kan eg vaske klede og ta ut or oppvaskmaskina. Lukka er at eg ikkje har det vondt når eg sit i ro. Både i går og i dag har eg prøvd å strikke litt, men då får eg vondt i skuldra......Ja, ja, det er ikkje så farleg sidan eg ikkje skal gå på hendene.


Bok nr.8 - 2018: Dødsrytteren

Dødsrytteren (lydbok) av Øystein Wiik

«Dødsrytteren» er den syvende boken i serien om Tom Hartmann. Det er oktober 2016. Tom Hartmann er på sitt avgjort siste oppdrag for etterretningstjenesten. Nå sitter han utålmodig i operaen Linz i Østerrike. På scenen spilles "Blodsjøen", et gjestespill fra Nord-Korea, ment for å myke opp Vestens inntrykk av det koranske diktaturet. På samme rad sitter en representant for den nord-koreanske regjerigen, samt han de kaller "generalen". Tom venter på signalet. Nå er det like før han og hans kolleger går til aksjon. Samtidig svever den store nakne kroppen til forretningsmannen Wilfred Strandlie ned fra en av de øverste balkongene på Grand Hotell i Oslo, treffer kanten på en baldakin før den deiser i Karl Johan-asfalten med et guffent klask. Selvmord, konkluderer politiet. Men Cathrine Price får mistanke om at Strandlie fikk litt hjelp i svevet. På samme tid står nord-koreaneren Kang i Longyearbyen på Svalbard og venter på containerskipet med utstyr til Nord-Koreas første fiskemottak på Svalbard. Kang er nervøs og klam i hendene: Han vet at sjefene hans har større planer for Svalbard enn et skarve fiskemottak. Mye større planer.
................................................................................
Det er noko som heiter "Romatisk komedie" i filmsjangeren.
Denne boka burde ha vore filma i sjangeren " Kriminell komedie"
Eg vil ikkje "anmelde" boka, men Øystein Wiik sine bøker blir villare og villare, og her er det heilt vilt. Mykje dramatikk og mykje "drit og lort", som Lothepus ville ha sagt.

tirsdag, mars 20, 2018

Dagbok 2018: 20.mars

Klokka er22.15, temperaturen  er 0 grader C og det har kome meir snø. Då eg stod opp i dag såg eg at heile tunet vårt var mòka reint for snø utan at eg hadde vakna av den grunn. Ikkje visste eg kven som hadde gjort det heller, men no veit eg at det var Helge. Sender ei stor takk til han.
I dag hadde eg ikkje avtale med nokon som eg kunne få sitte på med ut til Heimen, men heimturen var grei, for då skulle Håkon komme. Etter kvart fekk eg tilbod på Messenger, men det eg ikkje visste før i kveld var at eg hadde avtalt med to forskjellige. Skreiv meldingar fram og tilbake til begge utan å registrere at dei var to. Det vart til at eg sat på med Solveig og Gudmund i dag. Eg synest det er veldig flaut å utnytte naboane slik eg gjer, men akkurat no har eg ikkje så mange andre måtar å komme meg ut til Nils på.
Han har forresten vore veldig kvikk og kjekk siste dagane, samanlikna med slik han var førre veka, då han berre sov. Han var ferdig med middagen då eg kom, og etter at vi hadde prata litt, tok han seg ein middagslur. Så såg vi på TV etc. til  Håkon kom og henta meg litt før klokka 21. han vart med meg heim og eg fekk han til å skrue ned lampekuppelen på utelampen, så eg fekk sjå kva slags pære eg skulle kjøpe.Vi sat og prata litt før han reiste heim til Volda. Han går på eit kurs her i Ørsta tysdag og torsdag, så dei dagane køyrer han meg heim.
Eg håper no på å bli bra i foten på sikt, i dag meinte eg at det var litt betring i kneet, men eg er ikkje sikker .Det er bra når eg sit i ro, men eg får ikkje gjort nokon ting. Tek både smertestillande og andre tablettar.
I dag ringde Einar frå Alta, og det var kjekt. Nils greier ikkje så godt å snakke i telefonen, så derfor ringde Einar til meg og fortalde ymse som eg kunne bringe vidare. Nils har veldig omsorg for Einar og er spent på jobben han har no, for NRK i Finnmark. Han jobbar både med TV og radio.Eg har høyrt han på DAB-en som eg har på når eg et frokost.
No skal eg finne meg litt kveldsmat og så blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden.

mandag, mars 19, 2018

Dagbok 2018: 19.mars


Klokka er 21.35, temperaturen er +1 grad og vi har fått litt snø, eller sørpe eller kva ein skal kalle det. Blir vel ikkje så lenge liggande.
Eg meinte det med det same eg stod opp i da at foten/kneet var litt betre, men når eg begynte å gå litt, var det ikkje sprekt. Eg sat det meste av føremiddagen, ved datamaskina og med strikketøy. Det einaste fornuftige eg fekk gjort var å bake brød.
Eg fekk melding frå både den eine og den andre som ville køyre meg i dag. Eg synest det er greitt ar eg får vere med dersom dei har andre ærend. Ragnhild køyrde meg ut på Heimen klokka 16, ho hadde eit ærend til Vik, og Gudmund køyrde meg heim etter å ha køyrt dottera si til flyplassen.
Nils var ikkje verken dårleg eller i storform i dag, og han har litt problem med å halde styr på kva som skjer eller skal skje. Men i kveld var det eit problem om skreifiske i Lofoten på TV som han vart litt interessert i. Det er greitt å sjå TV og prate om det vi ser der, for då rotar det seg ikkje så lett til. Han synest det er greitt at eg går heim att om kveldane for han har det godt , seier han. Ja, eg kan ikkje anna enn å takke og prise fordi vi har sjukeheimen, og for at han kan og vil vere der. Når eg er der frå 4-9, er det lenge nok for han no. Då han var friskare og sterkare kunne eg godt vere der lenger. No har eg sett på ein klesvask, og så skal eg ha meg litt mat før eg set meg med beina høgt.
19. mars var bestemor Hilda sin fødselsdag, så då tenkjer eg på henne.

søndag, mars 18, 2018

Dagbok 2018: 18.mars



Klokka er 15.30, temperaturen er +2  grader C, det er skya, men noko snø har vi ikkje fått enno. Eg venta liksom å vakne til nysnø i dag. Etter så mange dagar med sol og varme inne i huset,, vart det litt råkaldt i dag, så eg måtte kveike opp i omnen.
Heile føremiddagen har eg vore heime åleine og gjort så å seie ingen ting. Har vore mykje på data, høyrt litt lydbok og strikka litt. Det har vore bra for kneet, eg har ikkje verkt så mykje, men når eg skal til å røre på meg blir det vel krise igjen. Fekk forresten ein hyggeleg telefon frå ein tidlegare kollega.
Marit skal køyre meg ut på Heimen i dag, og Audun hentar meg i kveld. Så ingen treng å bekymre seg for meg- i alle fall ikkje i dag. Eg har mange gode hjelparar.
Denne isen er gammal og tjukk.


Kl.21.15: No er det 0 grader ute og det har kome litt snø. Audun køyrde meg heim i kveld. Han og Øystein var ein tur til  Ørsta for å besøke Nils og for å hente bilen vår. Audun skal få ha den mens han er heime eit par veker. Han skal bu heime i leilegheita si mens han skriv ei oppgåve.
Marit køyrde meg ut til Nils, som var i bra form i dag også, og i bra humør. Vi prata litt før vi sov middag. (Eg las lydbok). Elles såg vi litt TV etc. før Hareids-karane kom. Nils var i godt humør og rota ikkje mykje i dag. Han får ikkje morfintablettar no, så eg trur det er derfor han rotar mindre. Ja, at han skulle bli såpass bra igjen hadde eg ikkje trudd, så dårleg som han var for nokre dagar sidan. 
Eg verkte ikkje så mykje i foten så lenge eg sat i ro, men så snart eg går litt, er det same elendet.

lørdag, mars 17, 2018

Dagbok 2018: 17.mars

Klokka er 21.45, temperaturen ute er minus 6 grader C, men eg ser på data at det skal komme snø dei neste fire dagane. ?
Sov ikkje særleg godt sist natt, det kneet mitt er heilt umulig, eg må ta ganske mykje smertestillande i tillegg til den betennelse-hemmande tabletten. E er relativt bra så lenge eg sit i ro,  eg skal ikkje gå mange stega før eg får problem.,men eg snakka med ei ute på Heimen i dag og ho sa at det kan gå ei tid før tablettane verkar. Ja, det er lov å håpe. Eg hadde vel ikkje fokusert så mykje på problemet om det ikkje var for turane ut til Nils.
I dag fekk eg melding frå Margrete om at ho ville komme, og mens vi sat og drakk kaffi, kom Solveig også. Så eg fekk ei kjekk stund i lag med jentene. Dei køyrde til butikken så eg fekk handle før vi for ut til Nils.
Han var overraskande vaken og klar i toppen i dag, så Solveig trudde nesten ikkje sine eigne auge. Etter at jentene hadde fare, sovna han og sov i nærmare to timar, mens eg las lydbok. Då han vakna var han meir i villreie, eg trur han drøymer mykje, så han trur han er med på meir enn det som er realistisk. Men eg seier det til han at det er kjekt han opplever så mykje mens han søv. Det skjer ikkje så mykje elles.
Eg gjekk frå Heimen i 9-tida, då plar dei komme å stelle han til natta, så då kan eg like godt gå. Men i kveld ville han pusse tenner, det er ei stund sidan sist han orka det. 
Eg hadde ingen avtale om henting så eg tok Taxi heim i kveld også, samme bilen som i går, og han var ikkje så redd for å sleppe meg av på glattisen. I motsetnad til Solveig. 
Då eg opna FB såg eg at Håkon hadde bode til å køyre meg heim, men eg hadde ikkje sett meldinga.
Elles oppdaga eg at utelyset var sløkt, så der må det nok ei ny pære til. Trur eg vil be ein av gutane om å skifte den, trur ikkje eg har slike pærer i hus heller, så vi må nok ta ut den gamle og sjekke den.
No skal eg rydde litt opp i huset, og så skal eg ete litt. Eg et ikkje kveldsmat på heimen, for eg synest det er kjekt å sitte og kose meg med litt mat når eg kjem heim. Og det er godt å komme heim så pass tidleg at eg får roe ned litt.

fredag, mars 16, 2018

Dagbok 2018: 16.mars.

Vår i Ørsta.
Og på Kongsberg.



Klokka er snart halv elleve, temperaturen er minus seks grader C og det har vore enda ein nydeleg dag.
Eg kom nettopp heim frå Ørstaheimen. I kveld tok eg Taxi heim til ein forandring, og det gjekk heilt greitt. Marit køyrde meg ut klokka 16-så i dag var eg der lenge. Nils var pratsom og vaken innimellom, men sov ganske mykje i dag også, og rotar litt i hop det han drøymer og det som er. Det får eg berre finne meg i, men han høyrer etter når eg forklarer korleis alt heng i hop. Eg såg no TV, mens han sov, men han klarte å få med seg mykje av "Nytt på nytt". Eg veit ikkje kor mykje tablettar han får, men han har ganske mykje smerteplaster og det blir han trøtt av. Eg får seie som eg plar: Det viktigaste er at han ikkje har det vondt. I dag åt han både middag og kveldsmat mens eg var der. For nokre dagar sidan var han sløvare og då åt han ikkje.
Eg får ikkje gjort mykje. Set på ei og anna maskin med klede. Vaskar mykje ulltrøyer, for det er det Nils brukar der han er. I dag fekk eg shina opp kjøkkenet litt og så går eg her og puslar.
I dag gjorde eg ein liten utejobb også, tok ned nettingen på garasjeveggen og fjerna litt meir av blomsterrusket. Garasjen skal malast, og då må vi ta den veggen først, før blomkarsen spirer.
Foten min er framleis like vond; viss eg sit heilt i ro med pledd over knea ei lang stund kan eg ha det bra, men så snart eg prøver å gå er eg ille ute. Saknar å kunne gå både fram og tilbake, det var fine turar, vi har hatt mykje fint vêr i vinter. Særleg hugsar eg då eg gjekk heim under stjernehimmelen på sjølvaste julaftan. Men ein får ta dagane som dei kjem og gjere det beste ein kan ut av det.
No skal eg ha meg litt mat, sjå litt meir på TV, og så må eg vel legge meg når det lid på. Ønsker alle ei god helg.

torsdag, mars 15, 2018

Dagbok 2018: 15.mars


På FB er det ei gruppe som heiter "Gamle bilete frå Eid" og der er det kome inn på så mange fine bilde frå Eid - veldig gamle og ikkje fullt så gamle. Bildet over er frå 1968, det året Margrete vart fødd, og det året var eg ganske mykje på Eid. Og så har eg aldri sett akkurat dette motivet før. Heilt til høgre i bildet ser vi faktisk litt av det raude paktarhuset der eg budde dei 5-6  første åra av livet mitt. Dobbeltklikk for større bilde.

Klokka er 15.40, temperaturen er + 6 grader C og sola skin. Litt irriterande å sitte inne i finevêret, men eg gjer alt for å bli bra i foten-til og med latar meg. Eg har site mykje med datamaskina i dag, har hatt eit par telefonar og diverse meldingar. Og så har eg høyrt lydbok. Fekk moppa litt av eit par golv; støv vert det om eg er her åleine. No har eg dusja, vaska håret og kledd meg om. I dag er det Anne Elise som køyrer meg ut til heimen, og Håkon skal bringe meg heim att i kveld. Det meste ordnar seg.
No har eg vandra rundt meir og mindre i all slags vêr dei to siste vintrane, då er det litt surt at foten skulle svikte akkurat no. Men så får eg berre håpe på at tablettane hjelper, sjølv om det ikkje er gjort på ein dag.
Kreftkoordinatoren, Solfrid, ringde i dag. Det var ikkje noko nytt, men eg har ikkje vore der når ho besøkte Nils, så ho ville snakke litt med meg også. Det er alltid litt spenning med å komme ut på Heimen, eg veit aldri heilt kva som ventar meg der, og eg kan ikkje gjere så mykje verken til eller frå. Nils søv og døser for det meste, og eg sit der berre. Ikkje fordi eg MÅ, men fordi eg VIL.
I går trudde eg dei heldt på å sage ned tre i Olavsgata ,i dag har eg verken høyrt eller sett noko.
Klokka 21.30. No er temperaturen minus 4 grader C, så det som tinar om dagen, frys til att om natta. Eg kom nettopp heim, Håkon køyrde meg til døra.
Då eg kom ut til Nils i dag, var han vaken og virka kvikk. Han både prata og smilte og var nesten som før. Men han lever delvis i ei fantasiverd; somme gonger er han heilt i vater, andre gonger ikkje. Men han ber meg pent om at eg ikkje må le av han. Han hadde ete litt middag i dag (ball) og drukke to glas kefir + eitt til då eg kom. Han sov ein god middagslur, mens eg las i lydboka mi. Eg kan like godt sitte der ute, som her, for eg får ikkje gjort noko her heller. I dag var det no litt kjekt å vere der, sidan han var vaken innimellom. Det kneet er framleis like vondt, men eg må vel smørje meg med tolmodigheit i tillegg til smertelindrande salve. 

onsdag, mars 14, 2018

Dagbok 2018: 14.mars


Klokka er 13.10, temperaturen er + 6 grader C, det er sol, men eit lett skydekke. Hos naboen foregår det visst litt skogrydding, og sjølv ser eg mykje eg kunne ha tatt tak i ute. Men eg blir stort sett sittande i ro på grunn av det vonde kneet. Det vil ikkje gi seg. Ikkje ein gong om natta får eg fred, men vaknar av at eg verker. Faktisk er det betre å sitte. Så i dag har eg sete og strikka litt, mens eg har høyrt lydbok på PC-en. Så har eg sett på vaskemaskina. Det er stort sett det eg har gjort. Lurte på å bake brød, men så ventar eg også på å høyre frå legen min, forstår ikkje at ho ikkje har ringt.
Ragnhild skal eit ærend klokka 16.30, så då plukkar ho opp meg og køyrer meg ut på Heimen.. Håper på at Nils kan bli litt glad for å sjå meg, men for det meste irriterer han seg over meg; eg maser og plagar han, har eg inntrykk av. Eg kan ikkje bli skuffa og vonbroten av den grunn, for han er ikkje "seg sjølv" lenger - men kanskje får han eit lyst øyeblikk? Kven veit. Vi får ta det som kjem.
Eg har lyst å begynne å rydde litt rundt dørene, men må vere så forsiktig på grunn av kneet. DET irriterer meg. Veit ikkje kor lurt det er å strikke heller, men no var skuldra begynne å komme seg, så eg fekk i alle fall prøve litt. Eg får skrive meir i kveld. 

Kl.21,35: Temperaturen er no minus 2 grader, men det er fint ute. Berre synd at eg ikkje får GÅ ut til Heimen og heim att no. Kneet mitt er like elendig, men no har eg i alle fall fått medisin. Legen min ringde og sa at ho hadde bestilt det eg skulle ha på apoteket. Det er betennelses-hemmande tablettar, eg skal ta ein for dag og den er bitte liten. Kan ta Paracet ved sidan av, men ikkje Ibux. Så får vi håpe det hjelper. I dag gjekk eg utan knestøtte heile føremiddagen og det gjekk bra. Tok på med støtta før eg for ut på Heimen , men då vart eg så låk at eg tok den av der ute. Det var Ragnhild som køyrde meg i dag også, og ho insisterte på at vi skulle ta turen til apoteket først. Det er ei bestemt dame, så eg måtte berre lyde.

Med Nils er det ikkje så store endringar frå dag til dag. I dag var han veldig trøtt og sov nesten heile tida eg var der, dvs. frå 5-9. Han følgjer ikkje med tida, veit ikkje om det er dag eller natt. Han hadde fått berre ein Oxycodone i dag og den fekk han i dag tidleg, så det er ikkje tablettane han blir sløv av no. Men når han ikkje får så mykje medisin greier han å snakke litt tydelegare, så eg forstår kva han seier. Han plar like å høyre nytt om slekt, venner og naboar, no bryr han seg ikkje om noko. Men han hadde fått i seg litt mat i dag også. 
No har eg overlete alt stell til sjukepleiarane, og dei steller fint med han. I dag hadde dei til og med barbert han, og så passar dei på at han får reine ulltrøyer kvar dag. Han er så tander at eg vil ikkje ta for mykje bort i han, for det skal lite til for at det vert vondt. Eg seier det til dei som steller han at eg er så glad for den jobben dei gjer.
Eg ringde til Gudmund nabo og han køyrde meg heim. Eg likar ikkje å vere avhengig av andre heile tida, men no er eg berre nøydd til å ta imot hjelp. Eg veit ikkje om det betyr så mykje for Nils at eg sit der i timesvis, men no gjer eg det vel like mykje for min eigen del.

tirsdag, mars 13, 2018

Dagbok 2018: 13.mars

Klokka er 14.05 , temperaturen er +7 grader C og det er strålande sol. Eg stod oppe hos Marit og prata ei stund, for å få vere litt ute. Elles har eg stor sett sete attmed PC-en eller rusla litt rundt i huset. Kneet hemmar meg heile tida, men no skal eg lage meg litt mat før eg skal ut til Nils. Eg kan like godt sitte der som her, sjølv om eg ikkje får så mykje kontakt med han. Eg ergrer meg gul og grøn på dette kneet som svikta akkurat no , men eg kan ikkje gjere så mykje med det sjølv.

KL.22.00 minus 3 grader C, det ser ut til at vi får ha det kaldt om natta.
Eg kom nyss heim frå Heimen. Håkon var i Ørsta ein tur, så han henta meg og køyrde meg heim. Eg kokte litt kaffi og vi sat her og prata ei stund.
Men Nils er det ikkje så store endringar frå dag til dag. Det som var litt positivt i dag var at han greidde å snakke såpass eg forstod kva han sa. Men han blir veldig fort irritert på meg, han er greiare med pleiarane. Og dei er meir tolmodige enn eg. Eg veit ikkje om han set så veldig pris på at eg er der, men eg vil vere der for mi eiga skuld også. Han et no litt, og drikk melk, men så mykje får han ikkje i seg. Han vil helst ha fred, og han hadde ikkje noko å seie til Håkon i dag. Men eg hadde på TV-en ei stund, og då vart han liggande å sjå litt på eit program om laks.
Det var Ragnhild som køyrde meg ut i dag, eg har som regel mange tilbod. Men er er irritert fordi den foten skal vere så vond, eg følte meg så ovenpå når eg greidde meg så bra sjølv. Har ikkje høyrt frå legen min enno, men håper på å få hjelp. No er det berre å ete på smertestillande og halde meg mest mulig i ro. Blir det fortsatt fint vêr får eg legge meg ut på solseng.

mandag, mars 12, 2018

Dagbok 2018: 12.mars

Vårstemning på trappa. Påskeliljer frå Solveig, perleblomster(?) få Ragnhild. Bildet er tatt med blitz no i kveld.


Klokka er 20.50, temperaturen ute er + 1 grad, og det har vore lettskya og opplett i dag også. Og det har ikkje vore kaldt.
Heile føremiddagen var eg sittande mykje framfor PC-en både for å kvile foten og for å ha kontakt med omverda.
Fekk rydda og vaska litt på eitt av soveromma, det var stort sett alt. Så lenge eg held meg i ro, er kneet til å leve med. Skreiv eit brev til legen min, så ringer ho når ho får tid. Det er slik vi ofte har gjort, og ho seier at det er heilt greitt. Mens eg sat og skreiv fekk eg telefon frå ein nabo som skulle ned på legesenteret, så fekk eg sendt brevet med henne. Alt ordnar seg. Hadde også ein prat med ei venninne på telefonen. Marit G. køyrde meg ut på Heimen klokka 16.
Nils sov då eg kom , men då han vakna litt spurde eg om han ville ha drikke. "Du MASAR" sa han. Eg sette meg ned med lydboka mi, og sovna.
Då eg vakna forstod eg ikkje kvar eg var. Men det varte ikkje så lenge før Solveig kom. Nils sov framleis då Solveig og eg for på Amfi for å handle. Mellom anna skulle eg ha ei "knestøtte, som er har fått på meg no; trur det hjelper aldri så lite. Men eg vart forferdelig låk av å trakke rundt på Amfi, heldigvis er eg relativt bra når eg sit i ro.
Då vi kom opp att på Heimen vakna Nils litt, og såg Solveig. Då lyste han opp ei lita stund før han sovna igjen. Då vi skulle gå fekk eg også litt kontakt. Han sa at han sov heile tida, han har det ikkje vondt, men lurte på om han kunne få litt mat. 
Sjukepleiaren hadde god tid å prate med oss i dag, og vi sa ifrå kvar gong vi gjekk og kom. Elles passar dei veldig godt på han. Frisk blir han ikkje, men når han ikkje har smerter så er i alle fall det godt.
Litt uvant å vere heime så tidleg på kveld, eg har vent meg til å vere på Heimen mange timar på dag/kveld, sjølv om det ikkje gjer så stor skilnad for Nils om eg er der no. Annleis så lenge vi kunne sjå TV og prate. Men slik er det berre.


søndag, mars 11, 2018

Bok nr.7 2018: Berge

Berge
En augustdag i 2008 blir Ap-nestoren Arve Storefjeld og flere i familien hans funnet drept i hytta ved Blankvann i Nordmarka. Fem mennesker har fått strupen skåret over. Hele Norge stopper opp. Også verden ser hitover i tiden etterpå. Det ingen skulle tro kunne skje i idylliske Norge, har skjedd nettopp her.
I Berge fortelles historien i tre deler, fra tre ulike synsvinkler:
Journalist Ine Wang har lenge følt seg akterutseilt, men drapene på Storefjeld-familien endrer alt.
Tingrettsdommer Peter Malm foretrekker en anonym tilværelse med spaserturer i byen og rolige stunder i baren på Grand Hotel. På grunn av ugjerningen i skogen blir han tvunget frem i det offentlige lyset.
Nicolai Berge var kjæreste med Gry, datteren til Arve Storefjeld. Så gjorde hun det slutt. Nå er hun død, og journalist Ine Wang spør om Berge vil la seg intervjue om sitt forhold til Gry.
En journalist, en dommer, en ekskjæreste – alle med sin historie.
Berge er en roman som reiser flere spørsmål. Går det an å kartlegge – for ikke å snakke om forstå – et menneskes mange sider? Hvordan takler vi det meningsløse? Hva er ondskap? Er det mulig å bruke et ord som rettferdighet i dag – snakke om et rettferdig samfunn? En rettferdig dom?
Et av menneskets fremste kjennetegn er evnen til å kunne forestille seg ting som ennå ikke finnes. Berge handler om imaginasjon, om viktigheten av å være forutseende – noe som også innbefatter at vi tar høyde for det usannsynlige. Allikevel: Når det usannsynlige skjer, er vi sjelden forberedt.
............................................................................................
Det er ikkje alle bøker som høver like godt å høyre som lydbok, men denne var berre heilt fantastisk. Boka er på 12 CD plater -og består av tre lange monologar. Vi får høyre journalisten , dommaren og den som er tiltalt for fem bestialske mord.
Å ta ei bok av Jan Kjærstad og tru at det er lett underhaldning, det går ikkje. Derfor har eg somme gonger styrt unna bøkene hans-fordi dei kan vere litt langdryge og tunge.
No er ikkje denne boka heller nokon lettvektar, men eg har lese den på rekordtid. Etter mi meining er den heilt fantastisk spennande-sjølv om det eigentleg ikkje skjer så mykje.
Var begeistra for Levi Henriksen si bok også, når eg kalla den "rå" så meinte eg at den liksom ikkje var så finpussa i språk t.d. Denne boka er verkeleg finpussa. Ikkje alle vil like den, men eg har ein mistanke om at Margrete vil applaudere.

Dagbok 2918: 11.mars

Klokka er no 22.30, temperaturen er minus 2 grader og det har vore lettskya og fint i dag også.
Eg kom nettopp inn døra, sat på med samme pleiaren i kveld som i går; Marit G køyrde meg ned på Heimen. Hadde bestilt skyss opp att også, men det blei avbestilling.
For å seie det som det er så går det fort nedover med Nils no. Det er vanskelegare for kvar dag å få kontakt med han, og vanskeleg å forstå kva han seier. Eg synest det har gått veldig fort nedover  siste tida. Det går ikkje an å ringe til han lenger, og heller ikkje gå på besøk. Eg spør kvar kveld om eg KAN gå heim, og no har eg sikra meg at eg får seng om eg må overnatte. Eg veit om pårørande som har overnatta i godstolane, men det har ikkje eg helse til.
Klokka vart to før eg la meg i går kveld, men vakna likevel klokka 8 med verk i heile kroppen. Det meste går over etter kvart, men kneet er like vondt. Det er ikkje noko å klage over , men det blir no ei ekstra belastning i den situasjonen vi har no.
Eg sat mykje i ro på føremiddagen i dag, reiste ut til Nils halv 4, og eg kjenner at kneet verker ikkje så mykje når eg held det i ro. Tenkte at viss Solveig kom innover i morgon, kunne vi fare på apoteket og få tak i "knestøtte".
Rasmus ringde heim i dag. Eg har sagt det til han at han må ringe meg, og ikkje Nils, det samme får eg seie til andre. I dag ringde Olaug på Nils sin telefon, men då var eg der og tok den. Slik er stoda no, og det er ikkje sjanse for at han blir noko betre, men så lenge han et litt og klarer å svelgje tablettane, så er det eit bra teikn, i følge sjukepleiaren. I dag låg han i ein døs då eg kom og lenge etterpå- og han hadde ikkje fått tablettar i dag-han fekk den første på tidleg kveldstid, så det er ikkje berre tablettane som sløvar han no lenger. Dei har lova at han ikkje skal ha det vondt -og det har han ikkje, men ein kan ikkje seie at han har det så godt heller. Det blir feil.
Eg har med meg lydbøker som eg høyrer på når eg sit der. Føler at eg gjer ein jobb likevel, for så slepp pleiarane å sjå til han så ofte. Men når eg skal hjelpe han med noko, t.d. å drikke så blir han lett irritert på meg- slik var han ikkje før.
Det er unntakstilstand her i heimen no.

lørdag, mars 10, 2018

Dagbok 2018: 10.mars

Klokka er no 22.35, temperaturen er minus 4 grader, men på dagtid var det varmt, særleg inne i huset der sola står på heile dagen.
Eg hadde ikkje bestilt meg henting i kveld, så eg tenkte eg like godt kunne sitte på med ein av pleiarane som slutta klokka 22, og sjå MGP på Heimen. Eg måtte gå nokre minutt før det endelege resultatet kom.Eg synest godt at Rebecca kunne ha vunne, men greit nok med Rybak.
Av alle GP-kveldar var denne den mest spesielle eg har overlevd. Nils sov heile tida, men eg hadde TV-en på (ikkje for høgt) og såg heile programmet. Han var våken nokre minutt no og då så eg spurde om det var greitt. Han er veldig slapp og sløv, men glimtar til innimellom. "Eg har ikkje avtalt med nokon om henting", sa eg for å prøve om han var "med".  "Då får du bestille Taxi", sa han. Seinare forklarte eg at eg skulle sitte på med pleiaren som bur i Olavsgata, og at eg ikkje kom til å vekke han før eg gjekk. Det var heilt i orden. Han bryr seg ikkje så mykje om at eg er der, han synest eg masar for mykje. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å vere der så lenge i dag, men så vart det slik.
Eg var ikkje sikker på kva land pleiaren kom frå, men det var Romania, og ho fortalde meg litt om livet sitt som ambulanse-sjukepleiar i fedrelandet. Dei er langt bak oss i utvikling.
Kneet mitt blir ikkje betre. Veldig irriterande at det skulle bli slik no, all vandring eg har meistra både denne vinteren og den førre, no er det ikkje sikkert at det blir så mykje meir vandring, men det er ikkje godt å seie.
På føremiddagen dreiv eg og rippa bøker og strikka litt, blant anna. Men så vart det kluss med "CD-buret" på maskina, så eg må vel bort på Lefdal og fikse det. Fekk ut plata som stod i.
Margrete og "ungane" kom i 14-tida. Eg hadde steikt sveler, det er det eg tyr til når eg ikkje har så mykje spennande i hus. Vi sat her eit par timar før vi alle for ut til Nils. Akkurat då vi kom var han litt vaken, og eg fekk lese opp helsinga frå Einar og fortalt litt om dei andre barnebarna.Men han ligg så mykje og søv og døser at det hender han har problem med å skilje kva han har høyrt og kva han har drøymt. Men som før sagt, det er viktig at han slepp å ha det vondt- og då må han ha medisin, rettare sagt smertelindring. Slik er det berre, same kor trasig det er.
No har eg diverse eg må gjere, og så må eg ha meg litt mat, og så får eg kanskje sjå litt TV (opptak frå i går)- natta er lang.
Gløymde visst å skrive "God helg" i går. Men det er no litt att av helga enno.

fredag, mars 09, 2018

Dagbok 2018: 9.mars.



Bilda er tatt klokka 11.20. Temperaturen er + 5  grader C. Det har kome litt blaut snø. Eg er blotta for energi, men må vel sjå til å få gjort noko. Planen er at Ragnhild skal køyre meg ut på Heimen klokka 15.00. Solveig kjem seinare. Ho kan køyre meg heim i kveld om det går etter planen.

Kl. 21.40, temperaturen er ca. 0 grader og det sluddar. No vil eg gjerne ha vår, og berre marker. Det kjem nok.
Eg er litt hemma av det vonde kneet mitt, men fekk i alle fall vaska litt til helga.
Ragnhild henta meg klokka 15 og køyrde meg ut til Nils.
Han var sløvare enn nokon gong, og det var ikkje så lenge han var vaken mens eg ar der. Solveig kom ein tur klokka 20, og etter ein halv times tid eller vel det, køyrde ho meg heim. Grunnen til at Nils er så "bortreist" er først og fremst medisinen som han MÅ ha for ikkje å verke for mykje. Men kor vidt det har noko for seg at eg er der 6-7 timar for dag, det må eg vurdere. Så lenge som han fungerte bra slik at vi kunne sjå TV og prate var det noko heilt anna. Når han ligg og døser og søv mesteparten av tida, og eg sit i ein stol og les lydbok, veit eg ikkje . Eg snakkar med pleiarane og avtaler med dei kva som kan gjerast. Legen har undersøkt han, lungene er i orden sjølv om han er litt tungpusta, og i dag hadde han ikkje feber - og ikkje har han infeksjon. Men sjølve sjukdommen krev sitt. 
Solveig kjørte meg heim i kveld og vi sat og prata ei stund før ho reiste ut att.
No skal eg ete litt og så skal eg få med meg det som er/har vore på TV. Sette på opptak nokre program før eg gjekk.


Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...