fredag, mars 30, 2018

Dagbok 2018: 30.mars

Margrete og Rasmus sine på besøk på Hareid.


Klokka er no ca. 14.00, temperaturen er + 6  grader C og vêret er  framleis kaldt og vakkert.
Eg er heime åleine no, for Rasmus med fam. har reist til Hareid på besøk til Solveig. Det var meininga at eg skulle vere med ein tur ut til Nils, men så ringde dei frå Heimen.  Nils hadde hatt store smerter i natt, men ville ikkje ha morfin. Han hadde vore vaken i dag tidleg og ete litt frokost, men då ville han likevel ha morfin, så no låg han og sov. Rasmus &  co reiste til Hareid, men vi fann ut at Nils kunne få fred til å sove, så eg vart ikkje med ut til Heimen då. Eg får håpe eg kjem meg ein tur ut i løpet av dagen. Men det hastar ikkje, han treng å kvile no.
Eg prøver å rydde litt i huset, men det er ikkje så mykje eg greier, for foten min er framleis minst like vond. Klokka hadde passert 5 før eg sovna i natt. Det passar aldri å bli handikappa, men for meg vart det veldig trasig akkurat no. Viss Nils er så dårleg at han må ligge i tung morfinrus, håper eg det ikkje varer for lenge, for då har han ingen livskvalitet.
Eg har ofte snakka om korleis eg reagerer når eg får desse telefonoppringingane utan namn-det første eg tenker på er sjukehus/sjukeheim/lege etc. Som regel er det telefonseljarar -som skremmer meg. Lurer på om dei nokon gong tenker på det?

Klokka 23.30,i kveld såg eg fullmånen og no er temperaturen minus 4 grader, det er fint, men kaldt.
Det vart til at eg tok taxi ut til Heimen i 17 tida -og var der til kl.21. Rasmus var oppom då dei kom frå Hareid, men Nils var ikkje vaken. Han vakna ikkje etterpå heller, men eg sat der likevel, hadde lydbok og sovna litt. Eg fekk lite kontakt med han i dag, så eg var der eigentleg berre for å vere der-mest for min eigen del. Det er trist, men slik er det. Eg føler at eg alt har mist han. Det har vore godt å ha folk i huset med meg desse dagane, så vart livet litt meir normalt. 
Takk til Solveig for kakene dei hadde med heim. Trur eg må ha lagt kraftig på meg siste månaden. Slutta å trimme og begynte å ete!
Rasmus og familien reiser heim til Kongsberg i morgon. Eg er veldig glad for at dei tok turen hit akkurat no. Og glad for at dei har fått treft så mange av familien.
Viss ikkje foten kjem seg, blir det å kontakte legen etter påske, for eg kan ikkje ha det slik viss det er hjelp å få.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...