torsdag, mars 29, 2018

Dagbok 2018: 29.mars

Klokka er 22.00, temperaturen er minus 3 grader C og vêret har vore like fint som dagane før. Kaldt er det, men i dag såg eg krokus i bedet nedanfor huset. Så våren kjem i år også.
 Vi har hatt ein triveleg, men nokså lat dag. Først var vi seint oppe, så føremiddagen vart kort. I 15-tida køyrde Rasmus meg ut på Heimen. Eg hadde lagt ein lammelår på langsteiking før den tid.
 Eg var hos Nils 2-3 timar, men han var ikkje så mykje vaken. Han var ikkje omtåka berre veldig sliten og trøytt. Trur ikkje han bryr seg så mykje om at eg skal vere der, men eg er der like mykje for mi eiga skuld. Det er ikkje så oppløftande, men eg likar ikkje å tenkje på at han skal ligge der åleine heile tida heller. Han har hatt slike periodar før også, og kome seg opp att, så ein veit aldri. Dei steller godt med han, og eg takkar dei for det. Eg kan ikkje gjere så mykje for han lenger, så det er godt at der er profesjonelle som stiller opp. Sjuke-og hjelpepleiarar gjer ein kjempejobb som det står respekt av. Jobbar som skulle vore meir verdsette enn det dei er.
Då eg kom heim att hadde Wenche laga ein stor porsjon med kjøttkaker i brun saus, og låret ver nesten ferdigsteikt. Rasmus og eg fiksa poteter og grønsaker, Wenche dekka bordet osb. Dei eg meiner å seie at gjestane mine må arbeide for kost og losji, når vertinna har berre ein frisk fot og knapt nok det. Eg tek tablettar men om dei virkar går det i alle fall ikkje fort. No har jentene mine heile tida mens Nils har vore sjuk oppfordra meg til å vere forsiktig; "Det er nok med ein pasient", har vore omkvedet-no har dei likevel fått to. Eg følte meg fri då eg kunne gå til og frå det meste og no må eg sitte mykje i ein stol.Det er surt! Men tilbake til middagen, så var den berre nydelig, kjøtet var passeleg steikt, kjøttkakene og sausen var kjempegode. Og eg hugsar knapt sist eg åt vanleg middag. Eg er redd eg fekk eit ekstra tillegg rundt midjen i dag. Is og frukt og kaffi vart det også.
I morgon skal Rasmus m/fam. ein tur til Hareid. Eg blir att her heime, og så blir det vel ein tur ut til Nils. Rasmus +fam. skal reise heim att til Kongsberg på påskeafta -det er i alle fall planen. Ønsker alle fortsatt GOD PÅSKE.

Ingen kommentarer: