fredag, februar 27, 2009

Bok nr.14

No har eg altså lese ut min første tyrkiske roman.Eg håper ikkje det blir den siste, for denne forfattaren greidde virkelig å fenge meg.Eg vil ikkje skrive så mykje om handlinga i boka, de kan lese det som står på baksida av coveret.I tillegg til dei fem personane som fortel historia frå sin ståstad, er også stemma til den døde farfaren i høgste grad med, gjennom tankane til farmora. I tillegg til familie-historie er dette også ei historie om landet Tyrkia, som står med ein fot i det gamle muslimsk-orientalske samfunnet, og den andre i det moderne sekulariserte Europa.
Noko som eg likte godt var at over-settaren hadde skrive eit etterord til boka, der han fortel om forfattaren,landet og historia.
Han som les boka, er berre heilt topp. Han gir kvar av "forteljarane" ei eiga stemme utan å overdrive.
Denne boka vil eg anbefale på det varmaste.
Du finn ein kjempegod presentasjon av boka på Internett.
Les meir her

torsdag, februar 26, 2009

Tyrkia 1995.











I haust-ferien dette året var vi på ferie i Tyrkia.Det er den finaste ferien vi har hatt nokon gong. Ikkje berre var veret varmt og deilig, Middelhavet salt og godt temperert, men vi opplevde mykje på denne veka som vi aldri vil gløyme.Vi heldt til på hotellet Pasha Bay utanfor byen Alanya, eit luksushotell samanlikna med korleis lokalbefolkninga budde.
Mange av mennene som arbeidde på butikkar og restaurantar snakka godt engelsk og ville veldig gjerne prate med meg.Og det dei helst ville snakke om, var landet sitt; styresett, økonomi og utvikling.Målet var å bli som landa i vest;dei var på veg, men ikkje i mål.Ein som selde vesker inne i byen, ville at eg skulle komme igjen og prate meir, så neste dag heldt eg han med selskap mens han åt lunsjen sin i butikken.Eg må vel legge til at Nils ikkje var langt unna.......
Kvinnene såg vi nesten ikkje, dei jobba mest i "usynlege" jobbar. Det som slo oss var den store kontrasten mellom fattige og rike. Kom vi litt utanfor hotellområdet, var det som å kome mange tiår tilbake i tid.Maten laga dei over open eld på gardsplassen, og gamle krokrygga kjerringar bar store vedbører på ryggen. Vi vart også invitert inn til eit ungt par som budde på eit rom på ca 4x4 meter.Dette var noko av det vi såg og erfarte på ei lita veke, men elles veit eg lite om landet og folket.Ingen ting om kunst,kultur og anna som dei sikkert har som andre land.
Og kvifor skriv eg om dette no???
Det er fordi eg for første gong i mitt liv les ein tyrkisk roman, noko som eg synest er veldig interessant. Skal skrive meir om denne boka når eg har lese den ut.Dette var berre litt bakgrunnsstoff.

søndag, februar 22, 2009

Bok nummer 13.

Denne boka minner litt om den førre boka eg las. Her er det også dysfunksjonelle familiar og brutale ferdrar. Denne boka skildrar familiar i Englands overklasse, der det er viktig å ha eit godt omdømme, same kva som skjer i familien. Boka virkar på ein måte gammaldags i forteljestil og handling. Den er lettfattelig, psykologien er enkel, og ein vert ikkje særleg overraska over det som skjer.På mange måtar minner ho om bøkene til John Steinbeck, og mange gonger kom rolleskikkelsen til James Dean i Øst for Eden for meg mens eg las.(No må eg legge til at eg er veldig glad i Steinbeck sine bøker.)
Men boka er god og ho engasjerer. For meg fungerte ho som ein verkelig "pageturner". Det enkle er ofte det beste, som det står i reklamen.
NB:Det er med vilje eg skriv så lite om handlinga i boka, for dersom andre skal lese henne, er det greitt å ikkje vite alt.Les gjerne denne boka!
Les meir her

Gratulerer med dagen, Audun!

I dag gratulerer vi Audun med 19-årsdagen!
Han skal "feire" dagen med fotballkamp, har eg høyrt rykte om.Elles er det ikkje ofte at heile familien samlast til fødselsdagsfeiring lenger, slik som i gamle dagar. Det er vel ei naturlig utvikling?
Audun går no siste året på vidaregåande og jobbar på spreng for å få karakterar som er gode nok til å komme inn på det studiet han siktar på.Det er så vidt har tek seg tid å sparke fotball. Han har "svikta" heimbygda og spelar helst på Hødd.
Dette bildet tok vi ein sommar han var på ferie her og mormora fekk lov å lage "Fritijov-sveis" -med mykje gelé.
(Kort og pengegåve skulle vi hatt med på lyregarnturen, men sidan den vart utsett,har du ikkje fått noko enno.Du får vente litt til!)

onsdag, februar 18, 2009

Bok nummer 12. Svart humor?

Når det er snakk om svart humor tenkjer eg først og fremst FINSK.Og den humoren diggar eg! No har eg nettopp lese ut denne danske boka, og er sterkt i tvil om kva eg eigentlig meiner om den.Det er ei ganske trist historie i grunnen, om ein familie som på ingen måte fungerer normalt.Det "morosame" med boka er at fortel-jaren er den 11 år gamle guten i familien, som forstår det som skjer på sin måte.Men det funkar ikkje heilt, guten blir ikkje truverdig for meg. Likevel har boka ein viss sjarm, og så er ho litt annaleis-ikkje A4 akkurat.

Eg har lese mange bøker i det siste, men dei har vore relativt korte.Dessutan har skuldra slått seg vrang igjen;eg måtta gi opp både det eine og det andre prosjektet, så då blir det meir lesing.

Karneval = farvel kjøtt.

Før vi set i gang med fastinga, skal vi ha karneval og slå oss riktig laus.Slik var det i alle fall i gamle, gamle dagar. Skikken var og er vel mest utbreidd i katolske land.Kopierte berre litt av det som står om denne festen i "BOKA MI".

Då dei siste elevane eg hadde gjekk i 3.klasse, arrangerte vi karneval, og alle kledde seg ut.Men eg skal seie dei fekk seg ein støkk då det kom ei gammal, stornasa heks inn feil dør! Det gjekk nokre sekund før dei kjende meg att. Etterpå vart det samba gjennom heile skulebygget.
Sjekk riset, som er pynta med farga aluminiumsfolie-restar frå julepynten.
(I kveld har eg forresten vore på koselig pensjonisttreff på den gamle arbeidsplassen min.Sjå bloggen til Bjørg !)




tirsdag, februar 17, 2009

Fastelavn




No har eg blitt påmint, både gjennom bloggen og av risseljarar på trappa, om at det snart er fastelavn, så eg måtte til å sjekke. Så viser det seg altså at det er komande sundag! Har de tenkt over kor kjekt det er å halde på dei gamle skikkane med karneval,krembollar og rømmegraut etc. FASTE derimot.........

Ein ting som forundrar meg er at Saniteten sel ris av bjørkekvistar med fjør- to ting som svært mange er allergiske for.Vårt ris blir sett att ute i snøen ved trappa.

søndag, februar 15, 2009

Bok nummer 11.

Denne norske krim-forfattar-en har fått mykje mindre omtale enn mange andre. Faktisk er han ganske god. Her er ikkje mykje action, og brutaliteten blir ikkje skildra på ein spekulativ måte.Mysteriet vert stort sett løyst ved samtaler, snoking -også på datamaskinar-og tankearbeid. I mesteparten av boka ligg forteljestemma hos hovudpersonen,advokaten Svend Foyn frå Tønsberg. Eg likar den arrogante,slentrande, litt ironiske forteljestilen.Og opplesaren understrekar stilen på ein fin måte.
Spørsmålet som kjem opp mot slutten av teksten er :Skal ein forbrytar alltid straffast?
Eg har lese fleire bøker av denne forfattaren før, og likt dei.

No har eg liggande to bøker som eg fann på biblioteket i går, den eine er så ny at dei hadde fått inn berre lydboka, ikkje papirutgåva.

lørdag, februar 14, 2009

Happy Valentine´s day.

I dag er det Valentinsdagen, enda ein utanlandsk merkedag som er importert til landet.Kva dagen står for veit eg eigentleg ikkje så mykje om, men går ut frå at det er ein dag då ein skal vise merksemd, sende kort og eventuelt blomster til folk ein er glade i.Kanskje helst kjærestar?
No sender eg med denne virtuelle blomsten ei helsing til alle som eg er glad i og bryr meg om. Og det er mange! Alle som les bloggen min t.d.
Ingeborg har vore hos oss i natt. No skal ho til Volda for å delta i Ungdommens kulturmønstring.Ho skal danse til, mens ei av veninnene syng.

fredag, februar 13, 2009

Hals over hovud.

I går fekk vi denne såkalla "bøffen" i reklame frå Kiwi. Nils forstod ikkje kva det var;eg såg straks at det var eit kombinert hals og hovudplagg.
Men i dag, då eg skulle prøve det, såg eg at det i røynda var...ja, ein hijab!
Då eg såg meg i speilet, må eg innrømme at eg noko motvillig må beundre dei muslimske kvinnene som orkar å gå rundt i noko så UKLEDELIG som dette plagget eigentleg er.Og eg som ikkje kler grønt ein gong!
Eg er ikkje imot verken innvandrarar eller muslimar i utgangspunktet, men HIJAB er eg ein sterk motstandar av.Dette plagget symboliserer for meg ei undertrykking av kvinnene.
No såg eg plutselig for meg eit demonstrasjonstog der alle som har fått denne "bøffen" i posten, stilte opp i demonstrasjonstog mot hijab! Blir de med?

torsdag, februar 12, 2009

Bok nummer 10.

Sommaren 2001 reiste Nils og eg rundt på Øland ein heil dag og såg oss om, særleg på den nordlege delen, heilt sør kom vi ikkje.Vi hadde sjølvsagt tenkt å overnatte, men på grunn av ei "linedance-samling" var det uråd å få nattelosji.Har så ofte tenkt at eg gjene skulle ha vore tilbake på denne vakre øya, der Ulf Lundell skreiv songen sin om "øppna landskap"- for det er dette landskapet eg likar beste av alt.TO bilde tok vi på øya; av fyrtårnet Långe Erik lengst nord på øya og eitt frå største byen, Borgholm.Der dei for øvrig hadde verdens beste pizza.

Men no fekk eg gjennom boka eg nettopp har lese ut ein tur tilbake.Såg ikkje at det var krim då eg lånte den, men det var det altså.Boka kan minne mykje om dei islandske krim-bøkene eg har skrive om før: ei gammal sak blir teken opp att og løyst.Det er vel det som på TV blir kalla "kalde spor". Men i tillegg til det kriminelle får vi kjennskap til Ølands natur og historie, og sjølv om eg har vore der berre ein dag,kjende eg meg att.
Eg likte boka godt






mandag, februar 09, 2009

Morsdagsgåver.




I går kom Solveig innom som snarast fordi ho køyrde Einar til Volda. Då fekk eg det deilige mjuke sjalet i gåve.Har gått med det i heile dag, sidan det gjer godt for ein "stiv nakke".

I dag kom Margrete med ein vakker hortensia, ho venta her mens Ingeborg var på ballett. Bildet av dei to gåvene vart ikkje så vellykka; blomsten er finare i verkligheita. Men korleis får ein hortensiaen til å vare lenge? Eg veit at han må få vatn, men eg klarer aldri å halde liv i dei så lenge som eg vil, så viss nokon har eit tips.........

søndag, februar 08, 2009

Bok nr.9

Eg meiner at ein eller annan har hatt denne boka på bloggen før.

Dette er ei fin barndomsskilding av ein veldig spesiell far som tek seg av døtra si, stort sett åleine.Det handler verken om mishandling eller misbruk, men det er heller ikkje noko glansbilde av eit liv.
Det er også ei skildring av miljøet i Vesterås,om klasseskilje og familiekonflikter.(Les det som står bak på boka).
Boka er lett å lese, men ikkje banal.Eg vil anbefale å lese boka.

lørdag, februar 07, 2009

Morsdagsgåve.



I dag tok vi turen til El-kjøp i Ørsta. Der hadde dei fått inn nytt parti av walkmen, same sort som den svarte eg har frå før. Har ikkje vore 100% nøgd med den, så eg var i tvil om eg skulle kjøpe ein til. Etter litt diskusjon fram og tilbake med den unge jenta som ekspederte oss, vart det til at eg faktisk valde å satse på Mp3 spelar i staden. No ventar eg berre på at eg skal få besøk av ein eller annan som kan lære meg kunsten å legge over bøkene via data.Fann ut at eg kan like godt lære det først som sist; eg blir vel ikkje gløggare med åra? Nils insisterte på at eg skulle ha den i morsdagsgåve.Eg vel å ikkje pakke den ut med det første i tilfelle den ikkje blir godkjent.

fredag, februar 06, 2009

Den første og den siste?


Den blå walkmanen(sørgelig blanding av engelsk og norsk) kjøpte Rasmus til meg for fleire år sidan, mens eg enno var oppegåande.Etter kvart som den eine plaga etter den andre melde seg, vart eg meir og meir glad i han.Han har vore ein robust type som har spelt av store delar av Ørsta Folkebibliotek. Ein dag ville han ikkje meir, og eg måtte kjøpe ny-ikkje berre ein men fleire gonger har eg skifta gåmann.Sist eg skulle ha,hadde dei berre ein einaste på El-kjøp her.No har den også vore i golvet X-antall gonger, så eg reknar med at han snart takkar for seg. Var innom både Expert og El-kjøp i Ulsteinvik og spurde etter walkmen,men då fekk eg vite at det var ein utdøydd rase! No Skal det vere Mp3 eller i-Pod. Greitt nok det, men dei spelar ikkje av CD-ane frå biblioteket utan at ein legg dei inn via datamaskin.Straks meir tungvint! Og tenk på alle lydbøkene dei har på biblioteket!

Ut mot havet.









































I dag skulle vi nedover og handle, men då fann vi (dvs.eg) ut at vi heller kunne ta ei handlerunde i nærmaste by. Og gjennom tunnelane bar det. Det gikk ikkje lenge før vi fann ut at kjøpesentera i Ulsteinvik var enda kjedeligare enn i Ørsta. Veret var så aldeles nydelig, så vi fikk den lykksalige ideen at FLØ måtte vere staden i dag.Og det var det. Så herlig å få sjå havet igjen, den store himmelen,sandstrendene, øyane.....................Vi kjørte så langt vegen gikk,bilda tok vi på tilbaketuren.



Legg inn nokre bilde , men må seie at det var ikkje lett å ta gode bilde i dag, for sola hang lågt på himmelen, så eg såg ikkje motivet på skjermen.

torsdag, februar 05, 2009

Bok nummer 8.


Dette er den tredje boka om dei fire kame-ratane Gunnar,Ola,Kim og Seb.Den første og mest kjende er Beatles, den kom ut for mange år sidan. Så kom Bly, og til sist Bisettelsen, som eg nettopp har lese ferdig. Det som er dumt med trilogiar som heng saman, er at det ofte går for lang tid mellom dei. Skulle gjerne lese alle tre rett etter kvarandre, for hukommelsen min er ikkje så god som eg kunne ønske.
Ikkje alle er like begeistra for denne siste boka, men eg ELSKAR den!!!!!! Men så er eg også ein stor beundrar av Lars S.C. I denne boka handlar det mest om Kim og hans fantastiske liv. Ein veit aldri heilt kva tid det er rein fantasi eller kva tid vi får den reelle historia. Ikkje veit ein heilt kva tid ein skal gråte eller kva tid ein skal le heller.
I tillegg til forteljinga om den gamle gutegjengen handlar det også om SPRÅK, i vid forstand. Eg vil berre seie til alle som ikkje har lese desse bøkene:Les dei!

mandag, februar 02, 2009

Sol over Melshornet.


I dag var sola vekke i berre 10 min.på ferda over Hornet, så om det blir sol i morgon, har vi den heile dagen.Kva vi nyttar fineveret til, kan de kanskje lure på? Jau, no fekk eg/vi vaska ferdig stoveveggene og pussa vindua.Sidan Nils ikkje var heilt nøgd med den jobben han gjorde med moppen førre veka, tok han dei om att utvendig i dag. Heilt på eige initiativ!
Eg kunne ikkje dy meg-men spurde om han tenkte på at før gjorde eg alle desse jobbane heilt åleine. Den tanken hadde ikkje streifa han! Men eg ser at sjølv om vi ikkje er så spreke som før nokon av oss, greier vi mykje med godt samarbeid.
Til middag i dag skal vi unne oss ein av livrettane våre:Pannekaker og steikt flesk(jamfør Kyndelsmess)-det er lenge sidan barnebarna har vore her!!!!

søndag, februar 01, 2009

Bok nummer 7.


Eg reagerer litt når eg ser at eg har lese så mykje som 7 bøker i januar.Men for at de ikkje skal tru at eg berre latar meg, må eg opplyse at fleire av bøkene har vore korte, at eg les ein del i sømnlause netter, og at eg ofte strikkar mens eg les.Denne boka vil eg karakterisere som roleg krim, der gåta vert løyst med tankearbeid.Og så reknar eg med at dei fleste kjenner hovudpersonen frå div. TV-seriar.
Neste bok som ligg klar er IKKJE krim.

Kyndelsmesse.

I dag er det første februar, og i morgon er det Kyndelsmesse, ein viktig merkedag i gamle dagar. Eg har tidlegare fortalt at morfaren min spådde veret utfrå slike dagar. Dei som er interesserte kan lese kva det står i boka mi, så kan de kanskje få eit tips om kva de skal ha til middag i mogon, for eksempel.Veret overlet eg til meteorologane å spå,men det kunne no vere artig å sjå om dei gamle teikna hadde noko for seg.Her er det kaldare i dag, skodde i fjellet og opplett.
Ha ein god dag i alle fall



Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...