onsdag, februar 18, 2009

Karneval = farvel kjøtt.

Før vi set i gang med fastinga, skal vi ha karneval og slå oss riktig laus.Slik var det i alle fall i gamle, gamle dagar. Skikken var og er vel mest utbreidd i katolske land.Kopierte berre litt av det som står om denne festen i "BOKA MI".

Då dei siste elevane eg hadde gjekk i 3.klasse, arrangerte vi karneval, og alle kledde seg ut.Men eg skal seie dei fekk seg ein støkk då det kom ei gammal, stornasa heks inn feil dør! Det gjekk nokre sekund før dei kjende meg att. Etterpå vart det samba gjennom heile skulebygget.
Sjekk riset, som er pynta med farga aluminiumsfolie-restar frå julepynten.
(I kveld har eg forresten vore på koselig pensjonisttreff på den gamle arbeidsplassen min.Sjå bloggen til Bjørg !)




2 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for sist!
Håper du godtek bileta frå treffet.
Fint å bli oppdatert på Karneval og Fastelavn.
Eg har kopiert bolleoppskrifta over i mine oppskrifter. I år vil eg prøve denne.

Besta sa...

Sjølv takk for sist.Alltid kjekt å treffe gamle arbeidskameratar. Eg la att fotoapparatet på Personalrommet då vi gjekk på synfaring, så det var fint at du tok bilde.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...