tirsdag, august 31, 2010

Møre-Nytt i dag.

Sidan eg går her mykje og tutlar for meg sjølv, har eg ikkje så mange å diskutere med. Eg har jo Nils, men i dei fleste "kommunale" saker er vi enige. Derfor vel eg å utbasunere meiningane mine på bloggen og på FB, så får eg i alle fall sagt det eg meiner. Om nokon bryr seg om det, er ei heilt anna sak. Her er siste utspel i saka eg skreiv om i går.
Elles vil eg anbefale ein fin biltur til dei som ikkje har reist der før: Køyr frå Ørsta til Sæbø, ta ferja til Leknes, køyr til Urke og Øye, opp Nordangsdalen til Hornindal via Hellesylt. God tur. (Det går sjølvsagt an å køyre motsett veg også viss ein t.d. kjem frå Stryn)

Vikingskip

På Face Book reklamerte Bodil for eit program som hadde gått på NRK 1, og no har eg sett det på data.
Programmet heiter Det brente skipet, og det var veldig interessant.
Viss ein reiser gjennom Nordfjoreid til Lote, på den nye vegen, over det som før var markar og bøar, går vegen mellom to gravhaugar. Vi kalla dei Store-Skjoratippen og Lisje-Skjoratippen. Det var forresten tradisjon å ha russedåp på Store-Skjoratippen grytidlig om morgonen 17.mai.
Eg har alltid visst at det var to gravhaugar og at dei hadde funne  "noko" der som var på eit museum i Bergen. Men så viser det seg altså at desse gravhaugane skjuler ei spennande historie frå Vikingtida som eg aldri har høyrt før.
Eg vil anbefale andre å sjå dette programmet, det er både lærerikt og interessant.
Takk for tipset, Bodil!

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/661230/

Vermelding 31.august 2010

Klokka er 12.00. Ute er det skodde og regn,temperaturen er +12 grader og det er ikkje ute verande.
Derfor har eg halde meg på kjøkkenet og baka brød etc. i dag. Lenge sidan sist eg baka; dels har vi hatt brød i frysaren, dels har vi kjøpt. Nils har styrt med eitt og anna i garasjen, no har han tatt ein tur til sin gamle arbeidsplass.
31.august var ein viktig dato i min barndom, då hadde nemlig pappa fødselsdag, han var fødd i 1899. Og ikkje nok med det, mormora mi, besta, var også fødd på denne dagen, men 20 år tidligare. Derfor minnest eg desse to litt spesielt denne dagen.
Pappa vaks opp på Skarnes der far hans var stasjonsmester. Faren døde då pappa var i 10-11-årsalderen, og seinare gifte bestemor seg opp att med ein mann frå Eid, og slik hamna dei der.
Besta kom frå Breim, eller Byrkjelo, som kanskje er eit meir kjent namn. Ho gifta seg med besten som var frå Innvik, og dei vart buande der.
På bildet over er det pappa som sit på fanget til faren sin, Olaus. På bildet under ser vi besta, ho var sikkert over 80 år her.

Stridens eple.

 
Dette er Øye Hotell  på Øye i Nordangsfjorden, ein fjordarm til Hjørundfjorden.Det er eit flott gammalt hotell som er fint oppussa innvendig og har ein flott fasade mot vegen. Hotellet er bygd i ein stil som var moderne den tid det vart sett opp. Eg har vore der ved fleire høve og sett både salongane og dei fine romma i andre etasje. Romma er rett nok moderniserte på den måten at ein del av rommet er gjort om til bad. Til denne tid har hotellet vore ope berre om sommaren, men eigaren vil no gjerne legge om til heilårsdrift. Då må hotellet byggast på så dei får fleire rom, slik at dei kan ta imot konferansar av ymse slag etc.
Så har eigaren fått teikna eit tilbygg i same stil som resten av huset, men fylkeskonservatoren protesterer; han meiner at ein ikkje skal etterape tidlegare stilar, men bygge nybygget i ein stil som passar for notida, og ikkje øydelegg for det gamle.
Helst vil han at dei ikkje bygger på i det heile,men bygger eit separat hus i tillegg til det gamle. Mange raser, men eg er samd med fylkeskonservatoren. Ein skal ikkje bygge i "apekattstil", som eg kallar det. Det påtenkte nybygget vil rett og slett øydelegge den gamle fasaden og ta merksemda bort frå det gamle.Derfor meiner eg at dei kan bygge eit tilpassa, men moderne bygg på baksida av det gamle, slik at ein ikkje kjem i konflikt med den gamle fasaden og hagen.
Det er med vilje eg er litt kontroversiell, men dette er faktisk mi meining.Og kva skal vi med fylkeskonservatorar viss alle andre veit best?

Posted by Picasa

mandag, august 30, 2010

Nyttig tidsfordriv.

Eit lite tips: Viss nokon av dykk skulle ha altfor god tid og ikkje noko å finne på, vil eg foreslå å installere Google Earth. Der er det kart med diverse bilde heilt ned til "husnivå." Veldig kjekt, men eg må berre ta meg sjølv i nakken sidan eg ikkje kan SITTE så lenge. Derfor har eg ikkje utforska nettstaden maksimalt.Det er berre å søke på "Google Earth" så går resten av seg sjølv. Lykke til.

Vermelding 30.august 2010

 
Klokka  nærmar seg 19, og vi er nettopp ferdige med ettermiddagskaffien, så i dag har vi kome litt skeivt ut. Der er overskya i dag, og det kjem små regnbyger innimellom. Temperaturen er ca +13 grader C.
Vi fekk eit anfall av arbeidslyst f.m. og var ute i hagen og jobba.Det går stort sett på ommøblering og vedlikehald. Rabarbrarota vart flytta opp til garasjen etter at Nils hadde likvidert kviteripstreet som stod der. Så plukka eg bæra som var på treet + noko raude rips i tillegg,slik at det blir eit par flasker saft.Vi treng ikkje så mykje av den sorten og har att frå i fjor.
Elles har vi klipt heilt ned den fine skjærsminen, så no skal han få fred nokre år. Viss eg klipper berre litt kvart år, blomstrar han ikkje.Vi får nok ikkje blomster neste år, men så blir det mange blomstrande år, før han må klippast igjen. Nils mol kvistane på kompostkverna. Saknar gamle dagar då vi kunne brenne brising i hagen........!
Ei av naboane kom for å få ein Hosta som eg hadde lova henne, og i byte fekk eg ein raud pelargonium, som det sikkert kan takast avleggar av.Har fått litt dilla på desse vakre plantane etter diverse blogginnlegg og etter at eg sjekka pelargoniumsida på nettet.
Posted by Picasa

søndag, august 29, 2010

Vermelding 29.august 2010

Klokka er 13.45. Ute skin sola sånn delvis, men det er nokså mykje skyer også. Temperaturen er + 16 grader C.
Då eg vakna for første gong i dag tidlig, var Nils vekk. Eg fann ein lapp om at han hadde reist på sjøen klokka 6.15. Eg var ikkje heilt begeistra, så eg gikk og la meg igjen og las/ sov ein times tid til før eg stod opp og åt frokost åleine. Noko som eg absolutt ikkje likar. Nils kom heim att i 10.30 -tida med rikelig makrell. Han fiskar framleis til agn som han skal ha på linene sine. Eg er glad i fisk, men synest det går an å halde fred søndagsmorgonane.
Så har vi plukka litt rips i dag, har berre 2-3 ripsbuskar att. Vi treng ikkje meir.No har eg nettopp snakka med Rasmus,dei driv og heilrenoverer kjøkkenet.Kva som elles skal skje resten av dagen er heil i det blå.

lørdag, august 28, 2010

Vermelding 28.august 2010

Klokka er 16.20, det er +16 grader C ute. Det er skya, men somme tider er sola nesten framme, andre gonger regnar det litt.
Vi har vore ein liten tur til Vik i dag; først på biblioteket, så på Amfi og til slutt på Møbelringen.
Var innom butikken Miss B i dag og såg på haustkolleksjonen. Der var mykje fint, men lite som passar for meg. Dessutan treng eg ikkje klede. Er stadig innom Møbelringen for å sjå om det er mulig å finne ein liten, nett lenestol med MJUKT sete, men har enno ikkje hatt hellet med meg. Einaste staden eg finn stolar som er gode å sitte i for meg, er på Brukthandelen.Men dei er så stygge at eg vil ikkje ha dei i hus.
No har vi ete middag; det vart heimelaga fiskekaker frå frysaren i dag, med rårivne gulrøter til. Ikkje så verst det.

fredag, august 27, 2010

Vermelding 27.august 2010

Klokka er snart halv seks, men endelig fekk vi sjå sola.Det har vore vått før i dag, og ikkje direkte sommarleg. No er temperaturen + 18 grader C,og det er ikkje så verst.
Nils var vekk då eg vakna i dag. Han var sjølvsagt ute og fiska, i lag med Hassan. Dei fekk ein heil del makrell (Nils fiskar for å ha agn til lina, blant anna) og så hadde han fiska sei til middagsmat. Kokt småsei er noko vi aldri blir lei av.Og no hadde vi ikkje hatt fisk sidan tysdag!
Eg har ikkje gjort stort i dag. I tillegg til dei vanlege plagene, er kroppen min full av gikt! Det har eg ikkje vore så mykje plaga med i seinare år, men eg blir alltid meir og mindre plaga av smerter i vått ver.Skulle nok vore ein heilt annan stad enn her.

Eg har planta floks (phlox) tre stader i hagen, men det er den rosa som får stå i  rosebeddet som likar seg best.Dei er fine no mot haust, og finst i mange fargar, Vi har berre rosa og blå.Floks minner meg alltid om skulestart, for i nesten alle år hadde eg ein bukett av denne blomsten på kateteret første skuledag om hausten.
Så vil eg ønske alle blogglesarane ei god helg

torsdag, august 26, 2010

Bok nr.44 2010: Kafka på stranden.

Eg har lese mange bøker av Haruki Murakami, og eg har likt alle. Men Kafka på stranden står i ei særstilling.Den er ikkje verken enkel eller lettfattelig, men utrulig fascinerande, og gir ein virkelig noko å grunde på.Den er kompleks og nokså vanskelig å forstå, derfor har eg no lese den for andre gong, og eg trur nok eg kjem til å lese den fleire gonger også.Eg trur at ein kan lese denne boka nokså mange gonger og finne noko nytt kvar gong. Det er ikkje sikkert at alle er slik som eg på denne måten, men eg likar å lese bøker fleire gonger.Eg vil ikkje gi meg ut på å forklare kva boka handlar om, for det er mykje. Historia som på ein måte ligg i botnen, er skildringa av den unge Kafka Tamura som står på spranget inn i den vaksne verda.Men i denne verda kan alt skje.Det er med andre ord ikkje ei realistisk forteljing, men meir ein metafor...nei, eg gir opp å forklare.De kan lese det som står på omslaget.
Dette er ei av yndlingsbøkene mine, og på ingen måte vanskelig å lese.
Omsettaren har gjort ein kjempegod jobb, og han som les lydboka er heilt fabelaktig.

Vermelding 26.august 2010

Klokka er no 16.15, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya og litt regn av og til.
I dag har den første solsikka sprotte ut. Naboane trur oss ikkje når vi seier at det er fuglane som har sådd frøa, men det er altså sant.Nils har fyrt litt i omnen for å gjere det trivelig inne no når vi skal slappe av.

I dag har det vore ein lapredag. Eg skulle til frisør 11.30 og etterpå skulle vi handle mat etc.
Etter at vi var ferdige på Amfi gikk vi opp i gågata for å sjå litt på dei få butikkane som er att. Vi var inne på den nye interiørbutikken som har ein for oss ny stil. Eg vil kalle den "Fransk, landsens stil med rot i 50-talet". Artig å sjå, men korleis kombinere med det ein har frå før? Det er litt av ei utfordring. For ikkje å gå heilt tomhendt ut att, kjøpte eg dette brettet til ca 200 kr. Dei hadde eit i grønt som eg heller ville hatt, men eg var redd det var feil grønfarge. Kanskje eg kan kjøpe det også og gi vekk det eine?
PS. Har oppdaga at brettet har samme farge som kjøkkeninnreiinga, så det passar i grunnen godt inn.

onsdag, august 25, 2010

Vermelding 25.august 2010

Klokka nærmar seg 12.00. Det er overskya ute, men den fotside skodda ser ut til å forsvinne. Temperaturen er +16 grader.
I dag fekk naboane tvers over vegen besøk av betongbilen. Dei støyper golv i tilbygget. Og som alltid når noko slikt skjer stiller mannfolka opp og studerer og kommenterer.Det må dei vel gjere. Eg støvsuga på stova imens. Gjer "helgereint" i dag sidan eg skal til frisør i morgon.Og fredag er det ikkje godt å vite kva som skjer........

tirsdag, august 24, 2010

Vermelding 24.august 2010

Klokka er no 12.40. Det er + 15 grader C og akkurat no bryt sola fram, tidlegare i dag var det regnbyger.
Både rosene og dei andre blomstrane i hagen vart litt forsluffa etter at regnet kom, men før det var det ganske fint i hagen. På trappa har vi to pelargoniar som overvintra i kjellaren sist vinter og har blomstra sidan tidleg i vår. Sidan ein av blogglesarane er spesialist, lurte eg på om ho kanskje veit namnet?
                          
Nils for på sjøen i dag tidleg for å fiske makrell, og makrell fekk han, både nok og for mykje. Det er ikkje så mange naboar heime i dag, så det meste går vel i frysaren til agn. Sjølve skal vi ha steikt makrell til middag, det har vi hatt berre ein gong før denne sesongen. Det er begrensa kor mykje makrell to menneske kan ete.
Det var ein stor dag for Hassan (frå Irak) - han hadde aldri sett så mykje makrell før.

mandag, august 23, 2010

Vermelding 23.august 2010

Klokka er no 12.45.Temperaturen er + 17 grader C, det er overskya , men opphaldsver.Sola er nesten framme somme tider.
Som de kanskje ser på bildet blomstrar endelig den mørke blålilla clematisen, den plar ofte blomstre seint, og mange år har det snøa på  blomstrane.Eg likar så godt clematis, og det finst så mange sortar og fargar, men vi manglar vegger der han kan klatre. Vivendelen er bra i rute. Rosene stod veldig fine før regnveret kom.
I dag ventar vi Margrete og ungane på besøk, og vi lagar noko som Margrete er glad i: "Pappas ertersuppe"-og så skal eg steike pannekaker i tillegg. Vi har hatt mange diskusjonar på bloggen om kva suppe ein brukar til pannekaker. Her i huset er det ertersuppe som gjeld- og det gir vi oss ikkje på.
Jentene skal på ballettøving i dag og det er her i Ørsta.

søndag, august 22, 2010

Vermelding 22.august 2010

Klokka er snart 18.00. Ute er det regn, skodde og grått, slik det har vore i heile dag.
Temperaturen er + 13 grader.
Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men Nils var ein liten tur på terminalen og fiska nokre få makrellar. Det vart liksom så brått slutt på sommaren, men vi får håpe det blir fleire fine dagar framover.Det er no framleis sommar på kalenderen.
I morgon ventar vi Margrete og ungane på besøk, det er ballettsesongen som tek til etter ferien, og dei øver her i Ørsta.

lørdag, august 21, 2010

I nattens mulm og mørke....

Eg synest ikkje ein skal vere FOR private her på bloggen, men må likevel få lov å fortelje ei sengehistorie frå sist natt.Og for dei som ikkje er heilt orientert, må er fortelje at Nils, mannen i huset, er veldig glad i å plystre, han plystrar stort sett heile dagen, men plar halde opp om natta.
I går kveld då eg la meg, kopla eg lydboka til eine øyret, som vanlig, det er god sovemedisin. Og somna gjorde eg ganske kvikt, men vakna etter ei lita stund av ein skingrande plystrelyd. "No er mannen blitt galen", var det første eg tenkte då tonane til  "Hei hå! Hei hå! " frå Snehvit tona gjennom rommet. Vurderte å vekke han, men tenkte han kunne få plystre ferdig, då eit lite lys gikk opp for meg. Det var frå lydboka tonane kom, og mannen som plystra var den galne, kattedrepande Johnny Walker i Kafka på stranden.Hadde litt problem med å somne igjen.

Tur til Sæbø.

I dag hadde vi eit lite "ærend" til Sæbø, og eg nytta høvet til å fotografere både fjordar og fjell.Her på bloggen blir det imidlertid berre bilde av elva og brua. Dette er vanligvis ei god lakseelv, men akkurat no er ikkje laksefisket det heilt store. Som de ser er det heller lite med vatn i elva.
På 1930-talet var det stor arbeidsløyse i Norge, og det vart sett i gang diverse sysselsettingsarbeid. Meiner at moloen på Eid vart bygd på den tida? Sikkert er det i alle fall at onkelen min, Matias, reiste til Sæbø og arbeidde med elveforebygging. Det vil seie at dei steinsette elva på sidene for å forhindre at ho gjekk ut over breddene sine.I den tida vart Matias kjend med Jon Riise som vart lensmann i Ørsta, og i fleire år var naboen vår. Riise hugsa Matias godt, han var jo litt av ein kraftkar.

Vermelding 21.august 2010

Klokka er 13.15. Temperaturen er + 22 grader C, og det er skya men opphaldsver.
I følge kroppsbarometeret mitt kjem det snart store nedbørsmengder, men verkinga kan vel også komme av at eg stolpra rundt i sko med hælar i går, både i gravferda og på butikkar etterpå. Så det er ein grunn til at eg held meg heime i dag til tross for at det er mykje som skjer både her i Ørsta og andre stader.
I dag kan vi gratulere Helene på Eid med 15-årsdagen!

Ofte får Nils mykje småsei, og vi greier ikkje å ete opp alt mens den er fersk. Sist han fiska, tok han og skar filétar, og i dag laga eg seikarbonadar etter ei skulekjøkken-oppskrift. Dei blei veldig gode, derfor vil eg gjerne dele oppskrifta med andre.Eg doblar oppskrifta og lagar røra på foodprosessoren (matmølla). Eg passar godt på å ikkje røre for lenge, då blir kakene seige. Dei blir sjølvsagt ikkje kvite, men gjer det noko?

 GROVE  SEIBURGERAR 

300 gram seifilet i bitar
1/2 ts salt
1 krm. pepar
2 ts potetmjøl
1 ms løk, finhakka
1 fedd kvitløk
1 ms grasløk/timian (kan sløyfast- eg gjorde det)
3/4 dl iskald lettmelk
1 ms flytande margarin


Desse kan serverast på samme måte som hamburgerar, men vi serverer dei som vanlige fiskekaker, steikt på panna med poteter og grønsaker til.


Elles vil eg skryte av oppskriftbøkene dei brukar i ungdomsskulen no. Ingen kjedelige gammaldagse oppskrifter, men moderne mat "slik som dei unge likar". Den dei brukar på Hareid og som eg har henta denne oppskrifta frå heiter  Kokebok for alle. Frå bollar til burritos.

Bildet er "lånt" frå ei bok.

fredag, august 20, 2010

Vermelding 20.august 2010



Klokka er no 14.30 og temperaturen er litt skiftane -i takt med veret. Temperaturen var for ei lita stund sidan nede i + 20 graderC, då hadde det nettopp vore ei bitte lita regnbyge. No held sola på å kike fram att, så då blir det nok snart varmare.
Dei fleste har vel etter kvart oppdaga at overskrifta på dei daglege epistlane mine like godt kunne vore DAGBOK for det er jo eigentleg det det er.Vurderer å endre ved nyttår.
I dag har det vore ein  spesiell føremiddag. For ei veke sidan døydde ein tidlegare kollega svært brått av hjerteinfakt, han var berre eitt år eldre enn eg, og vi hadde jobba i lag i over 20 år. Her kallar eg han berre H.
I dag var det gravferd i Ørsta frikyrkje, og det vart ei spesiell og fin oppleving, trass alt. Mange tidlegare kollegaer, dei fleste pensjonistar, møtte fram, så kyrkja var nær på fullsett.
H hadde fire søner, men berre ein av dei var gift, og ingen av dei har barn. H var den yngste av seks søsken, og den første som gikk bort.
Ein av sønene til H er buddhistmunk og kom i munkekleda sine. Det var han som opna seremonien med minneord om far sin.Han og faren hadde hatt mange samtalar, særlig om religion, sidan situasjonen var slik han var, og sonen fortalde at dei også hadde snakka om kva gravferd faren ønskte når den tida kom.
H var ein mann med mange gode eigenskapar, blant anna hadde han eit lyst og godt humør, derfor ville han ikkje at gravferda skulle vere trist og sorgfylt, men at ein skulle minnest han med glede. Han ville også bli kremert,og oska skulle spreiast.Men han ønskte likevel ei kristen gravferd, sidan kristendommen var hans fundament. Munken fortalde om livet til faren på ein fin måte, og det vart vist bilde på kyrkjeveggen etter kvart som han snakka.
Seinare tok presten over med skriftlesing og tale etter det vanlige ritualet. Då dei bar ut kista vart ein dansk versjon av De nære ting spela på anlegget.
Når eg skriv så mykje om dette, er det fordi eg synest det er fint at alle kan få ha ei slik gravferd som dei sjølve og dei pårørande ønskjer. No er det ikkje alle som er like opptekne av si eiga gravferd, men har ein spesielle ønskjer, kan det vere greitt å seie ifrå i tide.

torsdag, august 19, 2010

Vermelding 19.august 2010

Klokka er 14.10. Temperaturen + 28 grader. Det er lettskya, med delvis sol, og aldeles herlig sommarver.
Mykje av føremiddagen gikk med til å vaske og støvsuge inne;sidan eg skal i gravferd til ein tidlegare kollega i morgon, tok eg fredagsvasken i dag. 
Så var eg ute og plukka rips av to tre som skal vekk. Vi har meir enn nok rips, og skal bruke området til meir bringebær i staden. Nils har klipt heilt ned trea og male greinene på kompostkverna. Røtene orka han ikkje å ta i denne varmen, så det får vente. Vi ommøblerer stadig i hagen, mykje oftare enn inne i hus.
I dag er det første skuledag for elevane her i distriktet, og av våre barnebarn er det mange som skiftar beite. To av dei tek til på ungdomsskulen i år, ein på vidaregåande og eldstemann set seg også på skulebenken igjen. Denne gongen for å studere engelsk i Volda.Vi ønsker alle lykke til i det nye skuleåret.
Og så får vi også hugse å gratulere Mette Marit med dagen.
Ein  klassekamerat frå lærarskulen fyller 70 år i dag. Han bur på Sæbø og har tidlegare vore ordførar i Ørsta. Vi gratulerer han også.
Klokka 21: No er den første ripsrota oppe. Nils måtte prøve taljen han fekk av naboen.Naboen skal flytte til Ålesund og treng ikkje slikt der.

Bok nr.43 2010: Hotellet på hjørnet av bitter og søt.

Denne boka hadde eg aldri kome til å lese om eg hadde funne den på butikken. Det på grunn av tittelen, som høyrest direkte klissete ut.Men det var så mange som let vel over boka på Face Book, at eg følte at denne MÅTTE eg berre lese.Gjer merksom på at eg har lese lydbokutgåva, og ein flink opplesar ville kanskje fått meg til å like boka litt betre.
MEN...dette er møl frå ende til annan!! Og ingen kan overtyde meg om noko anna. På ein måte minner den om Øya, i det at det er også her er eit stykke for meg ukjent historie som dannar bakgrunn i fortellinga.Bakgrunnshistoria  er også det einaste som er litt interessant. Kort fortalt er det ei kjærleikshistorie mellom ein svært ung kinesisk gut og ei like ung japansk jente som bur i Seattle under andre verdskrigen, då Kina og Japan var på kvar si side i konflikten. Nokon vil kanskje synest historia er søt og romantisk, eg tykte det var ei lita historie med altfor mange ord.Dessutan hatar er sentimentalitet. I alle fall i bøker.

onsdag, august 18, 2010

Vermelding 18.august 2010

Posted by Picasa
No er klokka snart halv elleve om kvelden, og temperaturen er ca 17 grader C. Det har vore ein varm og fin dag, om ikkje sola har vore framme heile tida.
Eg var ute i hagen ei stund før middag, men hadde avtale med ei veninne om å gå på kafé klokka 13. Nils sette meg av ved kaféen og reiste ut for å fiske, men kom att til vi skulle i nabohageselskap klokka 17. Etter at hageselskapet var  slutt klokka 21, var vi til ein annan nabo og såg bilde frå Solund der dei hadde vore på ein miniferie.Og slik gikk den dagen.

tirsdag, august 17, 2010

Vermelding 17.august 2010


Klokka er 17.30, temperaturen er + 25 grader og det er lettskya med mykje sol.
No har eg vore ned i hagen og inspisert rosebeddet, og det var ikkje mykje å skryte av når sant skal seiast. Derfor skal eg ha meg ei lita rydderunde.
Før middag var vi ein tur på Amfi og handla, det er over ei veke sidan eg sist var på shopping. Då vi kom heim plukka vi sukkererter, rensa, vaska og fraus dei. Det gjorde eg i fjor også og det går fint. Kjekt å ta att til vinteren  til Wok og liknande rettar.
Til middag i dag hadde vi kald kokt makrell, og åt trulig så mykje at vi er ulysta ei stund.
Så har vi kvilt middag på altanen, det skya litt over akkurat då, elles er det for varmt å ligge å sove i solsteiken.
Eg er ikkje så flink som visse andre å hugse namn på roser. Eg kastar lappane og tenkjer at det namnet hugsar eg nok.....Uansett er rosene fine same kva dei heiter. Noko stort utval har vi rettnok ikkje.
Trur vi kan belage oss på mykje nedbør dei komande dagane, kroppen min plar fungere bra som barometer, så kanskje eg kan forsvare rolla mi som vermeldar?
 Posted by Picasa

mandag, august 16, 2010

Vermelding 16.august 2010

Klokka er snart 14.00 og temperaturen har stige opp til nærmare 28 +-grader. Nesten FOR varmt å vere på altanen i alle fall.
Nils og Hassan for på sjøen i 9-tida og kom att for ei lita stund sidan.Det vart makrell, sei og kolkjeft i dag. Så no blir det sei i dag og makrell i morgon i alle fall.Kolkjeften toler eit par dagar i kjøleskapet før steiking. Eit anna namn på denne fisken er lysing, ei nydelig fisk både til steiking og fiskemat. Det blir nok sein middag i dag, i denne varmen smakar det ikkje så godt med kraftig mat midt på dagen.
Elles vil vi gratulere Stig  André frå Eid med 20-årsdagen i dag!

søndag, august 15, 2010

Den nye vegen frå Vest-til Austlandet: Kvivsvegen

Posted by Picasa
Det er vel ca eit år sidan sist vi sjekka det nye vegprosjektet, så turen i dag gikk også ut på å sjå kor langt dei var komne med arbeidet. Kvar Kvivsvegen tek til og kvar han sluttar er eg ikkje sikker på, men her brukar eg namnet om vegen frå Volda til Hornindal. Vegen går gjennom fleire store tunnelar, delvis på  gammal veg, men også lange nye strekningar. Dei har laga tunnelar for å få vegen bort frå dei små idylliske bygdene langs den gamle vegen. Mange har nok køyrt over Heggjadalen, og det er mykje dei samme strkningane. Vegen går i tunnel frå Volda til Hjartåbygda, vidare på den noverande vegen, men i tunnel forbi Fyrde i Austefjorden. Vidare på gamlevegen, men i tunnel gjennom Eidsnakken forbi tettbebyggelsen på Kalvatn. Når vegen kjem ut av  tunnelen går han på bru over gamlevegen og gjennom fjellet Kviven til Hornindal. Der er også eit par små tunnelar som eg ikkje har nemnt her. Sidan eg tok bilda på tilbaketuren får de ruta i den rekkefølga på bilda.
Her står eg på brua over gamlevegen. Tunnelen de ser her skal munne ut i Hornindal.
Her har eg snudd meg rundt og ser mot den tunnelen som går gjennom Eidsnakken.
Brua går altså mellom to tunnelar.
Her står eg framleis på brua og ser ned mot Kalvatn, der den gamle vegen går over til Heggjabygda.Vegen rett under brua går til Bjørke.
Eg har mange fleire bilde, av alle tunnelane, men sidan den eine tunnelen er nokså lik den andre, er det ikkje så interessant. Det er mange meiningar om denne vegtrasséen, men når den no først er komen så langt, er det i alle fall bra at dei legg vegen slik at ikkje folk får unødig trafikk oppi dørene, at vegen ligg fint i landskapet og at dei ryddar fint rundt. Det er eit kjempearbeid som blir utført. Ta gjene turen til Bjørke ein sundag!

Vermelding 15.august 2010

Klokka er 16.00. Temperaturen er ca 23 grader C, men det virkar skikkelig varmt til tross for både litt skyer og skodde.
Og kva gjer vi ein slik fin dag. Jau, vi reiser på ein lang biltur til Bjørke og Viddal via Volda og Austefjorden. Det merkelige er at desse bygdene høyrer til Ørsta kommune mens dei ligg nærare Volda sentrum enn Ørsta.
Det er seks år sidan vi sist var der inne, og sidan den tid har dei fått ein 2 km lang tunnel frå Bjørke til Leira/Viddal-der vegen stoppar. Bildet over er tatt frå ei kai på Viddal og vi ser ut Hjørundfjorden.For dei med ørneblikk kan det vere mulig å sjå ferja Sæbø-Leknes.

Nils hadde sjølvsagt fisketroda med seg og gjorde nokre kast på kaia. Her ser vi inn mot Leira -tunnelen går gjennom fjellknausen der. Bjørke ser vi ikkje frå denne vinkelen.
              
På Bjørke er der Handarbeidskafé kvar sundag, i alle fall om sommaren. Dei sel mange slags handarbeid, men vi kjøpte berre kaffi og kake som vi sat ute og kosa oss med. Det er mykje varmare der inne i fjorden enn her i Ørsta.Skal legge inn bilde av handarbeida sidan her er mange handarbeidsinteresserte blogglesarar.
          
             
              

          
          
 
         



           
Seinare i dag/ kveld skal eg komme med eit innlegg om det nye vegprosjektet Kvivsvegen for dei som er spesielt interesserte. Nils og eg likar å sette oss inn i slike nye prosjekt. Men no skal eg ut og sole meg før sola går ned.

lørdag, august 14, 2010

Vermelding 14.august 2010


Klokka er no 12.30 og det er vel ein time sidan Rasmus og familien reiste. Veret er lettskya, med solgløtt, og temperaturen er +22 grader. Slikt ver kunne eg eigentlig tenkt meg å ha ei stund. Nils og eg har i fellesskap fått huset nokonlunde i orden igjen etter at det har stått sånn litt på kant nokre dagar. Det blir tomt når dei reiser, men det var i alle fall kjekt at dei var såpass lenge. Og så er vi fri til å fare å sjå dei att når vi vil. Det er no minstemann som forandrar sog fortast. Dei reiser ikkje heilt heim i dag, men stoppar på Hafjell og Hunderfossen.
Her kan vi sjå den fine hytta der dei overnattar. Litt annan standard enn den tida då vi reiste rundt på camping og låg i telt.

fredag, august 13, 2010

Vermelding 13. august 2010

Klokka er 19.40, temperaturen er + 18 grader C og det regnar ute.Skodda ligg langt ned i fjellsidene.
I dag har "karane" vore ute og fiska igjen, det vart både sei, makrell og blekksprut. Til middag kokte vi småsei og makrell. Då vi skulle ete, kom Margrete på besøk, ho og ei veninne hadde vore til Ulsteinvik og shoppa.

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...