fredag, august 27, 2010

Vermelding 27.august 2010

Klokka er snart halv seks, men endelig fekk vi sjå sola.Det har vore vått før i dag, og ikkje direkte sommarleg. No er temperaturen + 18 grader C,og det er ikkje så verst.
Nils var vekk då eg vakna i dag. Han var sjølvsagt ute og fiska, i lag med Hassan. Dei fekk ein heil del makrell (Nils fiskar for å ha agn til lina, blant anna) og så hadde han fiska sei til middagsmat. Kokt småsei er noko vi aldri blir lei av.Og no hadde vi ikkje hatt fisk sidan tysdag!
Eg har ikkje gjort stort i dag. I tillegg til dei vanlege plagene, er kroppen min full av gikt! Det har eg ikkje vore så mykje plaga med i seinare år, men eg blir alltid meir og mindre plaga av smerter i vått ver.Skulle nok vore ein heilt annan stad enn her.

Eg har planta floks (phlox) tre stader i hagen, men det er den rosa som får stå i  rosebeddet som likar seg best.Dei er fine no mot haust, og finst i mange fargar, Vi har berre rosa og blå.Floks minner meg alltid om skulestart, for i nesten alle år hadde eg ein bukett av denne blomsten på kateteret første skuledag om hausten.
Så vil eg ønske alle blogglesarane ei god helg

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...