lørdag, august 28, 2010

Vermelding 28.august 2010

Klokka er 16.20, det er +16 grader C ute. Det er skya, men somme tider er sola nesten framme, andre gonger regnar det litt.
Vi har vore ein liten tur til Vik i dag; først på biblioteket, så på Amfi og til slutt på Møbelringen.
Var innom butikken Miss B i dag og såg på haustkolleksjonen. Der var mykje fint, men lite som passar for meg. Dessutan treng eg ikkje klede. Er stadig innom Møbelringen for å sjå om det er mulig å finne ein liten, nett lenestol med MJUKT sete, men har enno ikkje hatt hellet med meg. Einaste staden eg finn stolar som er gode å sitte i for meg, er på Brukthandelen.Men dei er så stygge at eg vil ikkje ha dei i hus.
No har vi ete middag; det vart heimelaga fiskekaker frå frysaren i dag, med rårivne gulrøter til. Ikkje så verst det.

2 kommentarer:

solveig sa...

Då vi var på Moa, skein sola, og Øystein ville heim att. På ferja begynte det å regne.

Hildegard sa...

Bygever her også i dag, litt sol og litt regn. Audny og Roger er på Alvøen v/Bergen på ridestemne med Ingrid og Wendy. Det går visst bra.
Ingrid fekk ein dårleg skulestart med feber og øyrebet., måtte avstå frå stemne i Årdal forrige helg.
Vi ser til dei som er heime.

Dagbok 2026: 16 mars

Her stod eg ovafor ALTI og såg mot nedste gata der dei byggar ei stort 4etasjer høgt hus heilt ned mot sjøen.  På andre sida av gata er det ...