tirsdag, januar 31, 2012

Vermelding 31.januar 2012

Klokka er 13.30, sola skin frå nesten skyfri himmel, og temperaturen på trappa vår er minus 1 grad C. Trur det var kaldare i dag morgon.Vi har god nytte av sola som skin inn vindua. Så får det heller våge seg at dei skitne vindua blir svært så synlige. Vi vaska dei i romjula, etter stormen, men dei blei fort stygge igjen.Det var ikkje lange stunda sola var vekke bak Melshornet i dag, så no har vi snart sola heile dagen. Ja, så sant veret held seg like fint.
I dag har Nils vore og saga ved inne i "Fonna". Der låg nokre rotvelter etc. som han hadde sett seg ut.Eg fann meg arbeid inne i varmen. Har rydda og vaska skuffer og skap på kjøkkenet. Oppdaga litt av kvart, så det vart til at eg fann ut at eg kunne koke ball (klubb) og det gjorde eg. Var litt sein å kome i gang, så det blir ikkje middag før om ca 1 time. Etter middagen blir det sikkert stillstand ei stund..........
Eg brukar det ferdige mjølet, så då er det ikkje mykje arbeid, og ballen blir nesten like god som heimelaga.
Ikkje akkurat slankekost, men eg gler meg til middag i dag !

mandag, januar 30, 2012

Vermelding 30.januar 2012

Klokka er vel halv fem. Det har vore nydelig ver ute i dag også, med sol innomellom. Temperaturen er no ca minus 4 grader C. Bildet har eg tatt av himmelen i vest, men det er ikkje så mørkt som det ser ut. (Telefonledningen har ein tendens til å komme med når eg tek bilde i den retninga.)
I dag gikk Nils morgon-/føremiddagstur fram i Nupen utan meg. Han skulle finne att dei gamle turkompisane sine. Eg nytta høvet til å vaske gpolv, henge opp klede og gjere diverse anna husarbeid. Til middag laga eg sei og grønsaker i form, men eg tykte ikkje det vart så godt som den seibiffen eg plar lage. Elles har eg strikka ferdig hua mi mens eg las i Knausgård-boka. Vegane er så strødde at det ikkje er råd å bruke spark, så då er det ikkje så kjekt for meg å gå ut. Trur forresten hofta mi har godt av ein kviledag. Har planar om å strikke eitt eller anna skjerf-liknande av garnrestane frå hua, men er ikkje så motivert. Skal kike inn på "Strikkemor(o)" sin blogg og sjå om eg finn noko fristande.

søndag, januar 29, 2012

Vermelding 29.januar - 2012

Klokka er 14.15, temperaturen er minus 2 grader, og veret er strålande. Vi hadde sol frå klokka var vel ti og ei stund framover, då forsvann ho bak Melshornet. Vi bestemte oss for å fare ut på Setre der det er sol heile året, og gå tur på vegen.
Det gjorde vi, men først laga eg ferdig ein god porsjon med Minestronesuppe, som vi skulle ha når vi kom inn frå kulden. Eg brukte stort sett oppskrifta i "Smalhans"-boka, men var litt lettsindig då eg hadde i makaroni. Tømte rett frå pakken, og var vel raus. Så då vi kom heim att og skulle ete suppa, var den meir som ein gryterett. OK-men det smakte godt, og mette vart vi.
Hadde ein fin tur på den gamle bilvegen på Setre (Hagevegen) og trefte mange andre som hadde oppsøkt sola der ute. Vi gikk med stavar for å få litt mosjon for armane også.
No ser Nils på skirenn, men eg skal legge meg på sofaen med Karl-Ove.

lørdag, januar 28, 2012

Vermelding 28.januar - 2012


Klokka er no ca 19.30. Temperaturen ute er minus 2 grader. I dag har det vore lettskya, ganske fint ver.
Vi reiste utover til Hareid i 12 tida, og var hos Solveig før klokka 13.00. Ikkje lenge etter kom Margrete og ungane. Vi feira Håkon som vart myndig for ti dagar sidan. Det var berre seks av barnebarna våre til stades i dag, så flokken var ikkje så stor som den ofte har vore.
Eg har sjølvsagt ikkje fått alle inn på eitt bilde, så eg måtte legge inn to, og enda får eg ikkje med Erlend. Men han var der, han også. Håkon er guten i kvitt. Elles har Solveig skrive meir om treffet på sin blogg. Vi fekk som vanlig god mat, og som vanlig hadde vi tusen ting å prate om. Takk til Solveig og Øystein m.fl. for ein fin dag.

fredag, januar 27, 2012

Vermelding 27.januar - 2012

I dag er det lettskya, fint ver. Klokka er no 15.15 og temperaturen er + 3 grader C. Bildet er tatt for ein times tid sidan, då var sola framme. I klårver har vi no sola ganske lenge på føremiddagen, og så kjem ho att ein tur litt seinare.
I dag har vi vore ein tur til Vik og handla, og eg har laga til ei kake som vi skal ha med til Hareid i morgon. Då skal vi feire 18-årsdagen til Håkon litt på etterskot. Forrige helg var han med HØDD til Sogndal og spela fotball.
Det skal visst bli skikkelig kaldt snart. Det toler vi nok, men dessverre har det minka stygt på snøen, så sparkføret er ein saga blott. Det beklager eg!
Eg begynte å strikke på ei hue til meg sjølv i går, men måtte ha meir garn, så det kjøpte eg i dag. Eg strikkar i dobbel Alpakka, men kunne tenke meg eit skjerf i enkelt garn. Nokon som har eit lett mønster?
Oppdagar at eg har strikka så lenge på lester etc. at eg er blitt litt slurvete, strikkar ikkje så pent som før. Det kan umulig ha noko med alderen å gjere ?
I dag er det fredag igjen, og eg ønsker alle ei god helg.

torsdag, januar 26, 2012

Vermelding 26.januar 2012

Klokka er17.30, temperaturen ute ca +4-5 grader C. Det er overskya, litt vind av og til, men opplett.Eg synest at det var synd det fine vinterveret med sparkeføre forsvann. 
Dette er første inne/heime-dagen eg har hatt denne veka. Eg brukte føremiddagen til vasking, støvsuging og til å skrive ferdig og sende referatet frå møtet i går til avisa.Etter at det var sendt, oppdaga eg ein feil, men det er ikkje sikkert at andre ser den. Ikkje alle møte er like enkle å referere frå.
Frustrasjonen med spelaren som ikkje virka, gikk fort over då eg fann på-knappen. Det KAN vere lurt å lese bruksanvisningar, det har eg erfart fleire gonger.Men eg trudde faktisk eg kunne alt om Walkmen etter å ha slite ut sånn ca eit dusin av dei.
Nils laga middag i dag. Dvs. han koka poteter og gulrøter og steikte (heimelaga) fiskepudding. Så la eg meg på sofaen med Knausgård. Eg har enno ikkje lese så mykje av boka at eg har blitt fanga. Må legge meg opp eit spøt, har ikkje tolmod til berre sitte og høyre bok.Boka er på 3 MP3 -plater, veit ikkje kva sidetal det svarar til.
Eg skriv ofte ordet "anbefale"- og etter alle gode, gamle nynorskreglar er det sikkert eit ord som er forbode. Men kva skriv ein på nynorsk? Utan å bruke ei heil setning. Eg hadde ei ordbok som heitte "Fornorskingsordbok"-den finn eg ikkje att. Men det er no litt rart at vi som bur i Nynorskland skal trenge noko slikt?

CDON- netthandel

No er det like før eg hyler! Eg har gledd meg til å få den nye CD/ MP3 spelaren i posten, og i dag fekk eg den. Eg har hatt akkurat same sorten før-og hadde ikkje noko problem med den. Og så får eg altså ikkje denne ltil å virke. Har prøvd med to sortar batteri, same som eg har brukt før, og både CD og MP3-plater. Kva gjer eg no?
Internett er ute også, forresten. Og eg skulle sende referat til avisa. Frustrasjonane står i kø!
PS: Det var ikkje så dumt å lese bruksanvisninga. Skal gjere det oftare. Spelaren virkar som han skal både på CD og MP3-plater. Hurra!

onsdag, januar 25, 2012

Eg vann, eg vann!

 Eg plar aldri vinne noko når eg tek lodd. I pensjonistlaget har vi gammaldagse årar som vi sel til 10 kr stk. Nils kjøpte 10 årar og gav til meg, for han skulle vere med å dele ut gevinstane. Det varte ikkje lenge før eg vann, og så vann eg igjen. Heile fem gonger! Det vart heilt flaut !
Her ser de gevinstane: ein primula, to pakkar med kjøkkenhanddukar, og to gåvepakkar frå meieriet med smør, ost og søst(gombe).
Elles var eg litt spent på kåsøren i dag. Han heitte Kjell Løset, og eg meinte at han kanskje gikk i parallellklassen min på gymnas. Det var nesten rett. Broren hans, Karl- Magne, gikk i den klassen. Før vi kom så langt at vi fekk prate med kvarandre, sat eg og såg på han, og tenkte at det kanskje var han eg kjende -og han hadde sett på meg og syntest det var noko kjent med meg. Han påstod at han hadde sett meg før. Han begynte på gymnas på Eid hausten 1958, då var eg slutta, men kanskje han har sett meg på eit bilde?
Møtet var OK, men eg heldt på å kovne, der er så varmt og tung luft der nede.

Vermelding 25.januar 2012

Klokka er snart halv fire og klokka fire begynner pensjonistmøtet på Bakk-Ola. Har vore der på føremiddagen og dekka bord etc. Etterpå var vi ein tur på Amfi og handla litt. Kjøpte ein Grandiosa som vi år då vi kom heim, og med ein kopp god kaffi held eg meg nok våken under møtet. Forresten er det ikkje så avslappande sidan eg må notere under programmet om eg skal ha noko å skrive om i avisa.
Veret i dag er overskya og opphaldsver. Temperaturen er +4-5 grader C.
I dag kjøpte eg med ein "flekkete" orkidé på Coop, men eg håper nokre av dei gamle orkidéane eg har fødd fram over vinteren har tenkt å komme med nye blomster. Det er i alle fall liv i dei.
Forresten er Hassan komen tilbake, så no blir det vel meir fisking.

tirsdag, januar 24, 2012

Bok nr.4 - 2012: Reisen hjem.

Denne boka er ein såkalla "bestseller"- det vil seie at den er lettlesen og enkel.Svært enkel, vil eg seie. Grei avslappingslitteratur. Kva boka handlar om kan de lese om de forstørrar bildet.
Saka er at dette kunne blitt ei fengande fortelling om den var betre skriven; slik den no er blir den veldig triviell."Smalltalk" vil eg kalle forteljemåten. Språket er kjedelig og utan finesser.
Likevel ser eg ikkje bort frå at eg kunne ha likt boka godt om eg var t.d. 15 år.Eller godt over 80.
I dag kjem den nye CD/MP3-spelaren min til Ørsta. Skal hente den på posten i morgon.Då blir det Knausgård. Han kan få den minste banale ting til å bli interessant.

Vermelding 24.januar - 2012

 Her kan vi sjå Liadalsnipa i det fjerne-den ser vi også frå Rjånestet.
Her ser vi tvers over vatnet, der vegen til Ulsteinvik og Hareid går.

Klokka er 15.15, temperaturen er + 2 grader C, og det er delvis skya ute.
Tidligare i dag var det sol frå klår himmel, og vi ville ut å gå tur. Men før vi kom så langt, laga eg ein bløtkakebotn og så laga eg ferdig middagen. I dag vart det ei mild "kyllinggryte" av det som vart at av høna eg kokte søndag. Tok litt av kvart oppi, så eg fekk kvitta nokre fleire smårestar. Godt vart det også. Risen kokte eg godt opp før vi for og la lok på, så då vi kom heim att var det berre å varme opp gryta, så var maten klar.
I dag køyrde vi bort til Hovdevatnet og gjekk på stigen langs vatnet, hadde ikkje ski, berre stavar.Først gjekk vi i sola, men etter kvar kom vi bort i skuggen. Vi gjekk ikkje så veldig langt, for det er verre for meg å gå når vegen er knudrete og ujamn.
På heimvegen stakk vi innom Gjenbruk og skulle sjå om vi fann rammer til maleria våre. Hadde med oss både målband og mål, men ikkje tale om at det var noko som passa, til tross for at der var mange fine rammer.
Kjøpte to nøster lilla "alpakka" som eg skal strikke hue til meg sjølv av. Med dobbel tråd. Såg meg ut eit mønster i huebladet på butikken(samme bladet seom eg har heime)-men no er eg ikkje sikker lenger. Nokon som har eit godt forslag?

mandag, januar 23, 2012

Vermelding 23.januar - 2012


Klokka er13.15, det er lettskya, fint ver og temperaturen er minus 1 grad. Tidlegare i dag var det kaldare, men då var det sol og klårver.
I dag har vi vore ein tur fram i Nupen; eg med spark og Nils på føtene. På den måten slepp han å gå så seint som eg, og eg kan klare mykje lengre  turar enn om eg går på føtene.
Framme i Nupen er det berre ein gard som er i drift, og der sluttar vegen, dvs den går over til "seterveg" som er køyrbar heilt fram til Vallasetra på sommarstid.Då vi kom fram til huset der vi budde ein gong, gjekk vi inn i skuggelandet, men gledde oss til å kome inn at i sola på tilbakevegen. Då hadde det skya over. Men vi hadde ein fin og frisk tur. Hadde ikkje Nils lokka meg ut, hadde eg vel funne noko å gjere inne kjenner eg meg sjølv rett. Fekk vaska og rydda litt på kjøkkenet før vi gjekk ut, så eg slapp å kome heim til rotehus. No har eg sett fiskekaker til varming i steikomnen, så i dag blir det enkel middag. Skal snart lage fiskekaker igjen, lagar ikkje mykje om gongen, dei er best nylaga.
Vi pensjonistar har det som plomma i egget så lenge vi får vere friske. Kan gå tur midt på føremiddagen, og har ingen andre plikter enn å stelle for oss sjølve. Det er berre eit aber, og det er alderen.
Bilda er av Nupen-garden. Det treet som er heilt til høgre på første bildet, kjem att på venstresida av bilde nr.2.Bilde nr 2 skulle eigentlig hange i hop med nr.1. Fjellet på første bildet heiter Nupatippen-om eg ikkje tek feil.

søndag, januar 22, 2012

Vermelding 22.januar - 2012

Klokka er no 12.45, utetemperaturen er minus 2 grader C; det er nesten klårt og nydelig ver.
Sette høna er kjøpte i går på kok, og då sola kom ned hit til oss, var vi klar til å gå tur. Vi gjekk opp Storebakken, og så tok vi av og gjekk eit stykke opp gjennom skogsvegen, Stien var såpass hardtrampa at det gjekk bra å gå eit stykke oppover. Vi måtte forsere eit par graner som låg over vegen, og etter kvart vart snøen for mjuk, så vi snudde ned igjen.
Eg hadde sparken med meg, så i nedoverbakkane gikk det lett, og Nils fekk skikkelig mosjon sidan han måtte springe langsmed.Han fekk tilbod om å sitte på, men takka nei. Han er litt pysete sånn. Stolar vel ikkje på pirattaxisjåføren.Det var i alle fall ein heilt herlig tur i fineveret-ikkje særlig kaldt ein gong.
No driv eg og kokar inn hønsekrafta til Mulligatawny-suppa som eg skal lage etter oppskrift frå boka "Smalhans". Meiner Solveig har lagt oppskrifta inn på bloggen sin. Så får vi sjå om det blir ein favoritt eller ikkje.

lørdag, januar 21, 2012

Vermelding 21.januar - 2012

Klokka er16.00. Temperaturen er minus 1 grad og det er lettskya, fint ver ute, men det er vel like før det skymest.
Det var ikkje fullt så fint i dag tidlig, men det har kome ein liten tanke meir snø. I to vintrar har vi nesten snødd nede, men i år synest eg vi har for lite av sorten
Vi har vore på Amfi nesten heile føremiddagen; trefte mykje kjentfolk som vi prata med. Kjekt det.
Handla berre litt mat på Coop, og trur de ikkje eg fann ei heil høne i dag?  Så no blir det vel endelig Mulligatawny-suppe her i huset også.
I dag vart det Taco til middag. Etter fem dagar med middagar basert på sei, hadde vi behov for noko real HOT. Og det fekk vi. No er det pause, eg trur eg skal høyre lydbok i sittande, strikkande stilling, elles veit eg korleis det går.
I morgon skal eg på sparktur om veret held seg slik som no-og det trur eg det gjer.
(Bildet er frå i går.)

fredag, januar 20, 2012

Vermelding 20.januar 2012


Klokka er snart 13.00. Temperaturen er minus 2 grader, og det er nydelig ver ute. Nils og eg har nettopp gått ein tur rundt Storebakken. Det var fint, men litt glatt, så eg sakna sparken. Må sjå til å få montert den opp. Det første bildet her er tatt frå altanen ca klokka 11.00, det andre frå toppen av Storebakken opp mot skogen.
Eg snakka med noboen min i dag, hobbyastronomen, om kvifor vi fekk sola ein dag for tidlig i år. Og han sa det som eg trudde, at det hadde med skotåret å gjere. Ikkje berre dette skotåret, men også med med den skotårsdagen som vart sløyfa i år 2000. Heile kalenderen vart justert, og er altså litt i utakt med det som før har vore. Eg skal få meir utgreiing om saka seinare.
Før vi gjekk ut vaska eg golv, så no er vi snart klar for helg. Nils driv og varmar opp restar av blandaball, og vi gler oss til nok ein seimiddag. I dag er det 5.seidag denne veka, så i morgon får vi finne på noko anna.
Det skal visst vere enkelt å føre over spora på MP3-plater frå data til MP3-spelar, men eg har ikkje funne ut av det enno. Det er vel tolmodet som manglar. Kan høyre "Min kamp 6" på datamaskina, så det er ikkje så farlig.
Ønsker alle ei god helg! 
I dag er det Renate som har fødselsdag. Vi gratulerer.

torsdag, januar 19, 2012

Vermelding 19.januar 2012

Klokka er snart 15.30. Ute snøar det akkurat no, og det tek til å mørkne. Då eg tok bildet for vel 1/2 time sidan, var det opplett og lyst. Det er meldt at det skal bli kaldt, så eg håper vi får litt snø først. Akkurat no er det+ 1 grad C.
I dag var eg først til frisør og fekk klipt og farga håret. Det var på tide!
Etterpå var vi på biblioteket der eg fekk henta dei tre MP-3 platene med "Min kamp 6 ". Fekk to lydbøker med Einar til jul, som eg ikkje har fått til å spele av med det utstyret eg har tilgjengelig. Den gamle walkman-en min greidde eg å finne att, men ikkje å få lyd i. OK. Eg hadde sett at dei hadde slike på El-kjøp, men den sorten dei har no, spelar ikkje MP-3-plater, berre CD. På Lefdal hadde dei ikkje sorten. Dei unge mennene eg prata med begge stader, syntest det var rart at eg ikkje fekk spele platene på PC-en, og det syntest eg i grunnen sjølv også, så då eg kom heim la eg Knausgård inn i laptoppen. Og der var det lyd! Så prøvde eg den stasjonære- og der var det lyd! Så prøvde eg boka eg hadde fått av Einar. Og der var det lyd! Så kva eg gjorde gale sist eg prøvde, veit ikkje eg. Eg hadde i alle fall på høgtalarane. HEILT sløv er eg ikkje. Men problemet no er at eg ikkje har peiling på om eg kan få lagt spora inn på den vesle MP3-spelaren. Får i alle fall ikkje til å gjere det på samme måte som eg plar.Viss ikkje må eg sitte framfor datamaskina og høyre heile boka, og det er litt drygt.
I dag har vi ikkje laga oss middag, men ete smørbrød med heimelaga fiskepudding, reker og majones.
I dag fyller Øyvind på Eid 19 år og vi gratulerer så mykje med dagen!

onsdag, januar 18, 2012

Vermelding 18.januar - 2012

Klokka har passert 14.00. Ute er det regn og grått. Flaks at sola kom ein dag for tidlig, så fekk vi sett snurten av den. Temperaturen er + 5 grader C.
I dag kom eg meg opp av senga i skikkelig tid, såpass det vart litt ut av føremiddagen.
I dag har eg laga blandaball av sei, så eg kallar denne dagen "3. seidag". Det var kjempegodt etter vår smak. Verken Nils eller eg er vant til denne rekken, men har fått smaken på den på eldre dagar. Eg laga av 1 kilo fisk, og då ha vi tre store middagar. Viss nokon vil vite oppskrifta, finn de den på Solveig sin blogg under etiketten "middag".
Mens ballen koka, fekk eg støvsuga på stova.
I dag fekk eg melding frå biblioteket om at "Min kamp 6" var komen -på MP3 -plate. Eg har sjekka, og funne ut at eg ikkje kan spele av MP3-plater verken på datamaskina eller på CD-spelar/ radioen. Lyt grave fram att den kasserte Walkmannen, og sjå om eg får den i gang.Der har eg spelt MP-3 plater før.
Det er stor usikkerheit i lydbokbransjen om kva format dei skal satse på ser det ut til. Og brått er det noko heilt nytt som kjem på markedet og då er alt anna gammaldags.
No hører eg at Nils har falle ut, så eg få legge meg på sofaen med lydbok og vere stille som mus.

Håkon fyller 18 år- onsdag 18.januar

Vi vil i dag gratulere barnebarnet, Håkon, med at han er blitt myndig. Det er ikkje sikkert han set pris på at mormora mimrar om han, så det skal eg la vere. Hugsar at dei to eldre brørne var veldig begeistra for å få ein bror(og ikkje ei søster)-trur dei såg ein potensiell fotballspelar i han heilt frå fødselen av. Elles har Håkon, i tillegg til fotballen, hatt mange andre interesser også. Ei stund var han ein aktiv ornitolog, og så er han vel den av barnebarna som har vore med morfaren på flest fisketurar. Bildet der han held den store seien er frå 2008. Fotballbildet er av nyare dato.

Gratulerer med dagen!

tirsdag, januar 17, 2012

Vermelding 17.januar 2012


Klokka er ca 15.30. Ute er det fint, lettskya ver, med tidvis sol i fjella.Temperaturen er + 4 grader, men etter som det står i avisene, skal det komme spregkulde frå Russland. I dag kom sola inn i stova til oss, ein dag for tidlig. Eg trudde først det var på grunn av at det er lite snø i fjella, men kom til at det må vere skotåret si skuld. Som kjent følgjer ikkje kalenderen sola heilt  nøyaktig, så vi får ein ekstra dag kvart 4.år. Eg er verken fysiker eller astronom, men det finst vel dei som kan klare opp i dette spørsmålet?
I dag var vi ein tur ned på Amfi for å handle. Etterpå var vi innom rådhuset og prata med kultursjefen om ei sak som har med pensjonistlaget å gjere. Frå parkeringsplassen der, tok eg eit bilde opp mot fjellet "vårt"- Vallahornet.
På heimvegen var vi innom "Gjenbruk" og leita etter skattar. Der hopar det seg opp meir og meir. Dersom ein likar å ta vare på gamle ting og pusse dei opp, er der mykje å finne i underetasjen. Oppe er det  meir koppar og skåler etc.Kika etter nokre grøne skåler til Solveig, men i dag var der ikkje. Kjøpte meg 4 desserttallerkar i glas, det er litt svinn på slikt i heimen. Og så fann eg meg ei eldfast form med lok. Til saman vart det under 100 kr.Til neste gong skal eg ta mål av eit par bilde som eg ikkje har funne ramme til.Ein kan til dømes kjøpe eit innramma bilde og bruke ramma. Dei som er så gamle som eg, hugsar nok dropsspannene som stod i "snopebutikkane" før. No hadde dei fått inn to slike, som dei sel ut att til 250,-kr stk.
Då vi kom heim steikte eg småsei i lange baner, skulle tru det hadde vore nok til eit heilt regiment, men det låg ikkje så veldig mykje att på fatet. Til vår unnskyldning kan eg seie at stykka var tynne.
Sist natt sov eg skikkelig for første gong på lenge, så no gjeld det å ikkje somne på sofaen.

mandag, januar 16, 2012

Bok nr.3 - 2012: Satellittmennesker

No har eg lese Hans Olav Lahlum sin andre krimroman. Den første, "Menneskefluene", har eg også lese.
Eg veit ikkje om eg skal kalle bøkene hans gammaldagse eller klassiske. Han skriv i alle fall i ein stil som ligg litt tilbake i tid.
Han har lagt hendinga til 1969, dermed er her verken mobiltelefonar, datamaskiner eller DNA, slikt som spelar stor rolle i moderne krim. Språket er altså slik det var på den tida. Og språket er godt og presist- merkelig då at han kan skrive "rygge bakover" - som han faktisk gjer.
Førstebetjent Kolbjørn "K2" Kristiansen er etterforskaren , og  han har også fortejarstemma i boka. Han jobbar åleine med å oppklare morda, men han har ein hemmelig rådgivar i den funksjonshemma professordottera Patricia Borchmann. Ja, det er eigentlig ho som er "hjernen" bak oppklaringa.
Romanen er svært fokusert; ikkje mykje "te og bollar" her. Som i dei gamle krim-romanane er det også her mulig for lesaren å gjette seg fram til mordaren, noko som eg greidde denne gongen. Det er eit puslespel der alle bitar skal på plass, så oppklaringa blir litt langdryg.
Boka er godt skriven, alle trådar blir nøsta opp og alt er greitt. På den måten er det ei god bok. Men sidan her er lite handling, men mest samtalar og indre dialog, synest eg det blir litt kjedelig.
Klokka er 13.30. Ute er det overskya, opplett og + 3grader C. Men seinare i veka er det meldt kaldt og sol. Håper vi får LITT fint vinterver  før våren kjem.
I dag for Nils og kamerat Kjell på sjøen for å fiske, dei fekk kva sin stamp med sei, denne gongen var det mest småsei. Så blir det i alle fall "levende pale" til middag, så får eg endelig bruk for smøret eg rova til meg før jul.I det daglige brukar vi ikkje mykje av den sorten.
Eg ligg lenge om morgonane, og det er fordi eg har problem med å få sove om kveldane; klokka kan bli både 4 og 5 før eg somnar skikkelig. I alle desse sømnlause timane ligg eg med lydbok på øyret, så fell ikkje tida så lang.
Elles har eg baka brød i dag, og så begynte eg så smått på våronna innomhus. Dvs. eg tømte bokhylla på stova, vaska hylla og rydda i bøkene. Eit arbeid som faktisk tek litt tid. Det er bra med det, ein har alltid eit skap eller ei skuffe som treng ein omgang. Som husmor er ein aldri arbeidslaus.
Høyrer motorsaga går hos ein av naboane som har ei rotvelta fure liggande i hagen.Nils er ute og steller med fisken sin. Seinare får vel eg overta. Han begynte å snakke om blandaball, ein rett som verken han eller eg er vant til, men som vi likar godt. Solveig har ei oppskrift på bloggen sin.


søndag, januar 15, 2012

Vermelding 15.januar - 2012

Klokka er 15.00. Temperaturen er + 3 grader C. Det er overskya og opplett no; før i dag var det skodde, men den er borte no. Eg er ikkje glad i kulde, men kunne godt tenkt meg litt skikkelig vinter nokre dagar. Nils gikk ein tur f.m., men det er for glatt til at eg kan tore meg ut og gå, og for mildt til å kunne bruke spark. Så eg har halde meg inne. No har eg vore oppe og prata med Marit ei lita stund.
Til middag i dag hadde eg tenkt å lage mulligatawny-suppe. Før jul kjøpte eg inn to store pakkar med kyllinglår som eg hadde tenkt å bruke til det. Heile høner eller kyllingar var ikkje å få kjøpt. Men då eg skulle pakke ut låra, viste det seg at kvar pakke inneheldt 2 små lår, som var krydra og innsmurde med  pesto. Kanskje eg skulle ha lese litt meir på pakken? I alle fall vart kyllinglåra steikte i omnen, så det var greitt nok. Har hatt ståande ein pakke med cous-cous som eg tenkte eg kunne ha attåt. Miksa nokre oppskrifter frå "Smalhans" og dikta litt sjølv, og det blei bra det. Enda betre hadde det blitt om eg hadde hatt passelig mykje cous-cous i. Eg er alltid så redd for å lage til for lite at eg tok dobbelt opp.Vi har til ei måltid til, for å seie det slik.Eg plar aldri lage dessert når vi ikkje har gjestar, men i dag laga eg gelé med frosne bringebær+ vaniljesaus. Prosjektet er å ete av lasset.
Elles har det ikkje skjedd  så mykje i dag, men no skal eg ha meg ei stund med bok på øyret, så blir det sikkert litt meir spenning. Nils ser sport på TV.

lørdag, januar 14, 2012


Klokka er 14.15. Temperaturen ute er + 2 grader C, det ligg litt snø på marka, men det er opphaldsver og stilt.
Vi var ein liten tur nedover, skulle skifte ei bilderamme, for å få litt system i bildeopphenget. Og så var det som vanlig litt vanskelig å arrangere bilda. Eg har litt problem med å få hengt bilda opp på ein litt "artistisk" måte. Det blir som regel"beint og kjedelig", men med eit visst system. Har fått store fine bilde av gutane til Rasmus, som får lov å henge i lag. Eit anna bilde vi fekk av alle tre får stå på dekketøyskapet. Når ein har 11 barnebarn, treng ein litt veggplass. Men det er så koselig å ha dei hengande!
Det var ikkje mykje vi trong på butikken i dag heller, frysarane er framleis nokså fulle. Til middag i dag blir det fiskekaker av dei eg laga nyttårsdag. Det blir vel snart ver å fare på sjøen, så då får eg lage nye. Laga forresten to fiskepuddingar også, og den eine blei veldig god. Den andre var for lite spedd og vart for fast. Så lærte eg at fiskepudding må ein spe meir enn kaker, og vart ei erfaring rikare. No ser eg helikopter over sentrum, skal tru det har hendt ei ulykke igjen?
I dag kan vi gratulere Roar Jarle i Trovågen med dagen!

fredag, januar 13, 2012

Vermelding 13.januar 2012

Klokka er no 14.30.Det er overskya, litt vind og litt snø/hagl/sludd/regn -innimellom. Temperaturen er + 5 grader C.
I dag har eg vore på styremøte i pensjonistlaget. Vi heldt til på Bakk-Ola. Der skal vi også ha dei to første medlemsmøta i år, det første den 25.januar.
Bildet viser møterommet som også blir nytta av andre organisasjonar. Innimellom møta fungerer det som kafé. Det er eit fint rom, men veldig langt og smalt, så det er ikkje så godt eigna til "sceneopptreden".Når vi har lagsmøte er det så vidt alle får plass. Det er derfor vi har somme av møta våre på kulturhuset. Betjeninga på Bakk-Ola er veldig kjekke og tenestevillige, serviceminded på godt norsk.
I løpet av dagen/kvelden skal eg skrive møtereferat før eg gløymer kva vi snakka om. Har sjølvsagt notert litt. Men først skal eg ha meg ei pause med "Satellittmenneske" av Hans Olav Lahlum, på øyrene.
Elles er det jo fredag, og tid for å ønske alle ei god helg.

torsdag, januar 12, 2012

Bok nr.2 - 2012:

Denne boka har eg nettopp lese ferdig. Har ikkje brukt lang tid på den, for den er på berre 7 CD-plater.
Boka høver godt å lese som lydbok, her er ei enkel handling og få personar å halde orden på. Eg likar måten Linn Ullmann skriv på, men det er ikkje så lett å skrive om boka.
Forteljaren er allvitande og skifter fokus, eller korleis eg skal uttrykke det, mellom personane i boka.
Det begynner med at nokre smågutar leitar etter ein skatt dei har grave ned, og finn liket av ei ung jente. Men det er ingen kriminalroman, sjølv om dette mysteriet er sentralt i boka. Djupast sett handlar boka om kommunikasjon mellom menneska, om løgn og sanning, og om det som aldri blir sagt. Ein av hovudpersonane i boka er ein forfattar med skrivesperre, han finn ikkje orda han skal bruke.
Eg har ikkje googla boka, men det er sikkert meir å finne på nettet. Sjølv likar eg best å lese bøkene utan å vite for mykje på førehand.
Eg trur dette er ei bok som særlig kvinner vil like.

Vermelding 12.januar 2012

Bildet er teke frå parkeringsplassen til Amfi for ca eit kvarter sidan, veret er finare no, så det er vel den blå himmelen ytst i fjorden som flyttar seg innover.Det har vore ein del haglbyger i dag, men akkurat no er det opplett. Og vind! Temperaturen er mellom to og tre +-grader- og klokka er 14.15.
Etter at eg hadde vaska golva til helga( skal på møte i morgon f.m.) var vi nedover ein tur. Var innom fleire butikkar, men kjøpte ikkje så mykje. Det er ikkje så mykje vi treng, av mat i alle fall, julelageret varer ei stund.
No virkar både internett og telefon, men litt problem skal det visst alltid vere.
Kort sagt er problemet slik: Den stasjonære maskina nektar å sende ut post, men ho tek imot alt ho får, med unntak av det eg sender frå laptoppen.
Det er sikkert ikkje all verda å fikse det, for dei som kan!
No er ikkje dette noko stort problem i det daglige, men det kan gjere sekretærarbeidet mitt litt infløkt. Eg må sende digitalt det som skal til avisa. Det kan eg gjere frå laptoppen. Men så må eg printe ut same teksten, for å ha den i møteboka, og det er berre den stasjonære maskina som er kopla til printeren. Eg skal innrømme at eg ikkje er nokon teknisk begavelse, så eg vil ikkje begynne å rote med å reparere utan kyndig rettleiing.
No skal eg steike ein pizza som vi kjøpte på Coop i dag. Lenge sidan sist vi hadde slik mat.
Seinare: Har fått telefonhjelp frå Rasmus, så no er dataen fiksa. Feilen var at eg ikkje hadde endra adressa for utsending av post til tussa.com etter omlegginga. g-mailkontoen har virka normalt heile tida.

onsdag, januar 11, 2012

Vermelding 11.januar - 2012


Klokka er snart 13.30. Bildet tok eg for vel ein time sidan - det er ikkje så fint ute no. Det blæs og det regnar, men det er altså bygever. Temperaturen er + 4 grader C. Mykje ruskever denne vinteren, etter to fine, kalde vintrar. Så spørs det-vil vi ha kulde eller ruskever? Godt vi slepp å velje i grunnen.
Vi var godt fornøgde i går då vi hadde fått i orden telefon og internett, men seint på kveld var vi utan nett igjen. Avtalen var at Nils skulle ringe Helge om dette skjedde og det gjorde han i dag tidlig. Det kom ein kar og reparerte, så no virkar det igjen. Men viss det no dett ut igjen, må det vere feil på ledningane som kjem inn utanfrå, sa han. Får inderlig håpe at så ikkje skjer. 
No sit eg i grunnen ferdigpynta og skal i "selskap" til ei veninne. Vi er fem damer, derav fire pensjonistar, som skal møtast til føremiddagskaffi hos den eine. Alle fem jobba vi i lag på Velle skule i si tid.Det kan vel bli litt mimring, men vi har no anna å snakke om også. Det blir sikkert kjekt.
Nils begynte å egne liner i går, men det kan no drøye før han får lagt dei ut, om ikkje veret betrar seg. Det var tordenver i går kveld, og visstnok også i dag tidlig, men då sov eg på mitt grøne øyre. Det skal litt til å vekke meg på den tida.
Dei siste to-tre åre har eg nesten ikkje brukt tørketrommelen, men det har eg gjort denne hausten og vinteren.

tirsdag, januar 10, 2012

Vermelding 10.januar 2012

Klokka er snart 16.30, temperaturen er +4 grader, det er overskya, og is på vegane.
Helge har nettopp vore her med ein ny "boks" frå Tussa og kopla til telefon og data, etter at vi har vore utan samband i over eit døgn. Derfor var der inga "vermelding" frå meg i går. Veret i går var om lag som i dag, men vi hadde hyggelig besøk av Margrete og ungane, og då var ikkje veret så viktig. Bildet er frå middagsmåltidet. Vi hadde julepynten framme i går, men i dag vart det ein brå slutt på jula. No er alle raude lys, og anna pynt som kan minne om jul,fjerna og sett vekk - til neste jul.
Fekk ikkje gjort stort anna på føremiddagen i dag enn å rydde, stryke gardiner og vaske klede. Til middag hadde vi restar frå i går- eg har ein uvane med å lage til meir enn rikelig. Menyen var svinesteik og medisterkaker.
No skal Nils ein tur opp til naboen, som er komen heim frå sjukehuset, og eg skal lese litt i den nye boka eg har begynt på. Det er godt å vere on line igjen!

søndag, januar 08, 2012

Bok nr. 1 - 2012:Gravlunden i Praha.

De kan lese om boka her
Eg har slite meg gjennom denne boka utan å få skikkelig "tak" på den før no på slutten. Noko av grunnen er at eg først i dag tok meg tid til å lese mykje, og det gjorde susen.
La det vere sagt med ein gong, denne boka egnar seg ikkje spesielt godt å lese som lydbok, og det er fleire grunnar til det. Her er fleire forteljestemmer, brev, dagbøker etc. og fortellinga hoppar i tid og rom. Så er her fryktelig mange namn og personar, og sidan det meste av historia foregår i Frankrike, er dei fleste namna franske. Her er også ein del franske og latinske sitat som eg ikkje heilt får taket på.
Eg fekk liksom ikkje så mange "bilde" å halde meg til heller, sidan mykje av boka består av samtalar. Dei som er litt betre kjende enn eg med Europeisk historie frå ca 1880 og framover  har ein fordel. Det gjeld særlig fransk historie. Eg veit ikkje kva som er "sant" eller ikkje, men eg kjende i alle fall att Dreyfus-saka. Dei som vil lese boka gjer lurt i å lese litt på nettet først, det gjorde ikkje eg. Ser ikkje bort frå at eg kan komme til å lese boka om att etter å ha drive litt research.
Dei fleste har vel lese "Rosens navn" av samme forfattar, eller i alle fall sett filmen. Forfattaren skriv godt og har det eg kallar eit "elegant" språk. Men trur de ikkje at eg gikk glipp av siste sekunda? Det har vore ein feil på plata!

Vermelding 8.januar - 2012

Klokka er ca.15.00. Temperaturen ute er minus 4 grader, det er nesten klårt, og nydelig ver. Nils har vore ute og gått ein tur, men han frårådde meg å gå ut utan broddar, og dei eg har er ikkje gode. Han vart vel litt skræmt å går då han var eit ærend på nærbutikken. Då var det ei dame som datt midt på golvet og braut både handa og foten. Det var litt vått på golvet, men ho kan no ha hatt litt sprø bein også. Eg datt fram i setrevegane tidlig i veka, og slo meg ikkje eingong, enda det var is på vegen.
No har vi nettopp ete middag - i dag vart det "luksus-fiskesuppe", sidan vi skal ha kjøt i morgon når Margrete og ungane kjem på besøk. Eg laga som vanlig altfor mykje, og som vanlig åt vi opp alt i hop. Fiskesuppe egnar seg ikkje så godt å varme opp. Så no gjeld det berre å halde seg våken utover ettermiddagen......Det kan by på visse problem. Nils ser sport på TV, så eg har ein sjanse til å bli ferdig med boka mi, når eg strikkar eller legg kabal langs med skal eg ikkje somne, teoretisk sett.
Håper at andre er flinkare enn eg til å komme seg ut og nyte fineveret.
Bildet over er tatt kl.12.15-sola nærmar seg litt for kvar dag.

lørdag, januar 07, 2012

Vermelding 7.januar - 2012

Klokka er snart 14.00. Ute er det regn og slapseføre, skikkelig grisever, og +2 grader C. Men Nils meiner at det er betre enn kulde. Ja, i alle fall når ein er inne.
Vi har vore såpass mykje på rek denne veka, at vi kutta ut sentrumsturen i dag. Nils var nedover eit lite ærend, mens eg bytte på sengane og vaska soverommet. No skal eg snart lage middag. I dag blir det heimelaga fiskepudding i kvit saus med litt reker i.
På bildet kan de sjå "fuglemataren" til Nils- eiga oppfinning. Det er ei plastkanne der han har laga hol i botnen. Han har hengt den opp på denne måten for at ikkje kråke og skjor skal stikke av med maten.

fredag, januar 06, 2012

Vermelding 6.januar 2012

Klokka er 15.30, temperaturen er + 2grader C og det er overskya, med innslag av sludd og regn. Det hadde kome litt snø i natt, men ikkje meir enn Nils kosta vekk med brettet.
Eg driv og ryddar litt her og der, men det er vel berre eg som ser det. Fann ut at vi måtte ein tur til Vik, var innom Europris og Amfi, men rakk ikkje biblioteket. Hadde gløymt at dei stenger klokka 14.00 fredag og laurdag.
No har vi ete middag. I dag vart det spaghetti; må skrive det, slik at de ikkje trur at vi et fisk kvar dag.
I dag er det "13. dag jul" - heilt utrulig kor fort tida går. Skulle visst ha rydda vekk julepynten, har no plukka litt over i kassene. Har ikkje så veldig mykje pynt, så det skal vere fort gjort. Kjøpte eit par ildtoppar i dag, så det ikkje skal bli så fargelaust når julepynten forsvinn. Primula finst no i alle verdens fargar, men det får vente litt, dei står så kort tid i stuevarmen.
Ønsker alle ei fin og koselig helg, med eller utan julepynt. Det er noko som heiter 20.dag også, då kjem det visst ein som heiter "20.dags-Knut" og jagar jula ut.

torsdag, januar 05, 2012

Vermelding 5. januar - 2012

Klokka er snart 13.00. Ute er det nydelig, lettskya ver med sol i fjella; ho nærmar seg litt for kvar dag, den 18.jan. skal ho skine inn i stova vår. Men det kjem no litt an på veret. Temperaturen er mellom 1-2 minus. Men bilen som stod ute, var heilt nedefrosen. Vi kan trygt seie at vi har skiftande ver her.
Eg har brukt føremiddagen til å ta "fredagsvasken"- så er det gjort til helga.
Nils har drive på ute i garasjen og reparert slipemaskina, og så held han på og tinar opp bilen.
Her har kome litt snø på vegen, som har frose til, men sparkføre veit eg ikkje om det er. Skulle hatt lyst ein tur opp i skogsvegane og sett på alle trea som har falle ned, der ser visst fælt ut, men eg veit ikkje om eg har heilt godt av å gå så langt.
Eg har ikkje rydda ut jula, men ser ikkje bort frå at det kan skje noko i løpet av helga. Når det blir så lyst ute, er ikkje julepynten så sjarmerande.
Bildet er teke klokka 12.15.

onsdag, januar 04, 2012

Vermelding 4. januar - 2012.



Klokka er 14.20. I dag har vi hatt både vind, regn og hagl, men no er det litt lysare ut; Temperaturen + 2-3 grader C.
Veret i dag var lite egna til å gå tur, dessutan har eg vondt i hofta etter gårsdagens trim, så vi fann ut at vi kunne ta ein tur på Amfi og sjå om der var noko liv. Vi hadde eit par småærend også. Dessutan var eg innom biblio, utan å finne noko nytt, eg slit litt med "Gravlunden i Praha"-men har eg klart der første seks platene, skal eg vel klare dei neste seks også.
Eg var innom fleire butikkar for å prøve å finne eit skjerf til den nye genseren, og hadde for såvidt gitt opp, då eg fann eit som passa perfekt. På Glitter. Nils kjøpte seg to kvardagsbukser på Dressmann.Så står det berre att å kvitte eit par gamle!?
På bilda kan de sjå kor Dagmar har rota til i området mellom Amfi og sjøen.
No skal vi ete lunsj, med røykelaks etc.

tirsdag, januar 03, 2012

Vermelding 3.januar 2012




Klokka er 14.00, temperaturen er + 3 grader, og det er fint lettskya ver.
Inspirert av bildet som Gry hadde lagt ut på FB i går, fekk vi lyst å ta ein tur fram i vegen som går til Vallasetra og sjå på øydeleggingane. Vi køyrde fram til grinda i Nupen og gjekk framover. Der trefte vi ein pensjonist som heldt på å sage opp velta grantre. Og dei var det nok av. Det var tydelig at folk hadde vore og rydda langs vegen.Kjem nok vel med at mange har fått boka om VED til jul. 
Det vi ikkje var budde på, var at vegen  stadvis var veldig isete og glatt, så vi måtte snu før vi hadde tenkt. Eg datt EIN gong, men slo meg ikkje. Vi kom såleis ikkje heilt fram dit som Gry hadde vore i går, så vi gjekk glipp av det mest dramatiske.Eg likar veldig godt å komme ut i naturen når det ikkje er lauv på trea, for då ser eg så mykje meir enn elles. Denne vegen gikk vi ofte før, men no er det mange år sidan sist eg var der.Som de ser er det grana som minst toler sterk vind. Det var Solveig som minte meg på at grana ikkje høyrer heime på Vestlandet. På skulen lærte vi at det er berre ein naturlig granskog på Vestlandet og den er på Voss - ikkje kysten akkurat. Det er altså ei flause å plante gran på kysten.
Før vi tok turen, steikte eg ferdig sei og sette i steikomnen, og mandelpotetene treng ikkje meir enn 15-20 min., så no er det snart middag.
I dag gratulerer vi Arne på Kongsberg med dagen. Håper det står bra til i Bjørnevegen?

mandag, januar 02, 2012

Vermelding 2. januar - 2012

Klokka har passert 14.00, det er overskya, opphaldsver og +4 grader C.
Så var vi tilbake til kvardagen, og det likar eg i grunnen best, særlig sidan vi kan halde fram med å ha "ferie" resten av året også.
Føremiddagen i dag gikk mykje med til telefonsamtalar og datainnlegg av ymse slag. Vi driv og skal seie opp andre avtalar for telefon, data og TV, sidan vi etter kvart går over til Tussa fiber. Det er eit heilt puslespel å få alt på plass. Er spent på korleis overgangen blir. Det flyt med skjema over alt i heimen. Til slutt måtte vi bort på Tussa-kontoret så Nils fekk snakke med dei ansikt til ansikt, etter å ha site i det uendelige i telefonen og høyrt på musikk. Eg nytta høvet til å stikke innom El-kjøp og sikre meg batteri til radioen i tilfelle lyset skulle gå igjen. Ja, og så kjøpte vi kaffi sjølvsagt - "Løfbergs lila".
Då var det i grunnen ikkje så langt igjen til Volda, så det blei ein tur dit. Eg synest alle genserane mine er for kalde, med unntak av ein lilla som eg kjøpte sist haust. Var innom Møre Konfeksjon for å sjå om dei hadde varme genserar på sal. Kjøpte faktisk ein til same sort som eg hadde, men i ein annan farge. For den første betalte eg 699kr for den andre 299kr. Ikkje lurt å kjøpe klede før jul.
Hadde tenkt meg innom Plantasjen; der var stengt på grunn av vareteljing, men vi var inn på Coop sidan vi første var der borte. Fann no såpass opp i korga at det var skamlaust.
Over alt der vi ferdast, ser vi tre som har brotna eller knekt. Rart det ikkje har gått verre når eg ser kor mange det er som har store tre nær husa sine. Naboen vår har ein nokså stor sypress som han vil ta bort, det er den de ser på bildet.
No skal vi ete middag, det blir restar frå nyttårsafta i dag.
Elles har eg gitt meg i kast med ei bok som eg trur kjem til å ta tid: "Gravlunden i Praha" - av Umberto Eco. Ikkje alle bøker passar like godt som lydbok, men eg har i alle fall kome gjennom dei to første platene av 12.

søndag, januar 01, 2012

Vermelding 1.januar 2012


Klokka har passert 14.30 og TV-en står og masar om hopprenn utan at eg bryr meg. Ute er det opplett og +5-6 grader. Mykje folk har gått forbi på vegen i dag, det er fint turver. Og kva gjer eg? Jau, eg fekk eit anfall av energi, så eg fekk vaska stuevindua, såpass vi ser ut. Eg vaska med Zalo-vatn og mopp, Nils skylte med reint, kaldt vatn. Heile operasjonen tok mindre enn 10 min. Så gikk eg løs og laga to fiskepuddingar, veit ikkje kor vellykka det prosjektet var. To rører med fiskekaker vart det også. Alt laga med foodprosessor i dag. Føler meg litt tryggare på resultatet når eg brukar miksaren og rører på vanlig måte. Fiskematen burde absolutt bli god, sidan dei siste fløteskvettane blei med i rørene.Rasmus ringde midt i prosessen, og vi hadde oss ein lengre prat. No skal vi ete fiskekaker på årets første dag. Fjorden ligg blank som ein spegel i dag, men eg har ikkje høyrt noko om fisketur.
Eg ønsker og håper at det nye året skal by på mange gleder og få sorger for oss alle. Takk for all kontakt gjennom gamleåret! Eg kjem nok til å halde fram med dei daglege epistlane på bloggen, så vi møtest her.
I dag kan vi gratulere nyttårsbarnet, Magnus, på Eid, med 17 årsdagen!

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...