onsdag, oktober 31, 2007

Mobiltrøbbel 3

I dag fekk eg svar frå Telenor. Firmaet Echovox som leverer mobiltenester, held til i Sveits.
I dag skreiv eg til dei - på norsk- og fekk svar på engelsk, tysk, fransk og hollandsk. Det var eit slikt automatbrev. Dei må vel til med ekspertise der nede for å tyde mailen min. Lykke på reisa!!. Lat dei berre streve. Søkte opp fimaet på Google, og dei har visst fleire svin på skogen etter som det ser ut.
I dag regnar det trollkjerringar her, men eg måtte berre UT!!!! Så vi for på shopping i Volda og Ørsta- ein relativt dyr hobby!
Eg veit at eg har fått nye lesarar til bloggen min, og vil berre gjere dei merksame på at dei kan klikke med musa på kommentarer så kan dei skrive melding til meg på bloggen .

tirsdag, oktober 30, 2007

Mobiltrøbbel 2

Fekk utskrift frå Telenor, over alle samtalar og meldingar i oktober. Det viser seg at dei som har tappa meg for pengar er noko som heiter: 2098 Echovox. Eg søkte på Google og fann ut at dei leverer av ei rekke tenester for mobil. Tenester som eg aldri har bede om og aldri brukt ! Etter som eg forstår er det Telenor sjølve som står bak. Eg har skrive ny mail til dei og spurt kva eg / dei skal gjere.
Det einaste "galne" eg har gjort, er å ikkje finne ut av kva alle dei skumle meldingane dreia seg om, berre sletta dei. Men eg har heller ikkje bekrefta noko.Dei har tappa meg for 30 kroner nesten annakvar dag-ikkje det heilt store, men prisippielt godtar eg det ikkje, og skal ha pengane tilbake. Basta.Hermed åtvarer eg alle andre, slik at de ikkje går i same fella som eg.

Den verste dagen?

Dette er den dagen i året er likar minst! Den dagen då den første våte, klisne snøen legg seg som ei glye på alt som er!
Har ikkje noko i mot snø i og for seg, men dette..........
Nils sagar ved i garasjen, eg bakar rundstykke.
Feiaren var her i går,derfor stigen!
Skal til på halsfellinga på ein raglangenser, men eg er litt i tvil, så eg må studere oppskrifta nøye.
Ikkje dei store hendingane her- heldigvis kan ein kanskje seie?

mandag, oktober 29, 2007

Dagens fangst.

Her er det litt av kvart: Sei, lyr, krabbe og hummar.
No har vi nettopp ete oss stappmette på fersk småsei-
med Kvitseidsmør, mandelpoteter frå Sjåk og gulrøter.
Eit herremåltid! No er sofaen neste stopp.
Posted by Picasa

Sunn kost


I dag er det bakedag i pensjonistheimen. Eg bakar Ingers brød til meg sjølv., dobbel porsjon(= 6 brød). Nils toler dei ikkje så godt, så til han lagar eg grove rundstykke.Men ikkje i dag.
Fekk oppskrifta på Ingers av Bodil, og sidan har eg nesten ikkje ete anna brød. Det er mange som ikkje likar desse brøda, men eg synest dei er kjempegode etter eit relativt langt opphald i brødristaren.Men det MÅ vere EKTE geitost på. Så hermed er det over på geit. Dei er også all -righte dyr.
Ingers kokebok har eg fått med Margrete, men det blir helst til at eg lagar maten slik eg er vant til. No ringde Nils frå båten, han hadde fått sei, både liten og stor, så i dag blir det fersk småsei til middag.Eg treng vel ikkje fortelje at vi et svært mykje fisk og fiskemat?

lørdag, oktober 27, 2007

Raudøya


Denne øya er ei naturperle av dei sjeldne.
I "gamle dagar" var det to gardsbruk der, no vert husa på gardane nytta til fritidsbustader.
Inste delen av øya er det kommunen som eig. Det er fritt å ferdast på øya - for alle. (Men det er ikkje lov å klippe sauene)! I fjor reiste vi ut dit med båten, men i år har det vore så lite finever at det har ikkje blitt tur dit.

Apropos allrighte dyr..


Det har vore mykje saueprat på bloggen til Lappetausa og Srikkemor(o). På Raudøya i nærleiken av Rjåneset er det plassert ut ein flokk villsauer som går der heile året. Vi var og såg på dei i fjor, men dei liknar ikkje på dei sauene vi såg på Austlandet i fjor.
Denne karen på Raudøya døypte vi Grevlingen. De ser kanskje kvifor?

torsdag, oktober 25, 2007

Mobiltrøbbel

Då eg var på Kongsberg, ladda eg mobilen i minibank. Tykte han vart veldig fort tom, men ladda han på nytt i minibanken her.Men då han vart tom etter mindre enn ei veke,ante eg uråd og kontakta Telenor. Dei skal sende meg ei utskrift over alle samtalar og meldingar siste mnd.
Eg har fått nokre meldigar ganske ofte i det siste som eg ikkje har fostått meg på, så eg har berre trykt på Hopp over og slått av. Lurer på om nokon har "tappa" meg for pengar, og korleis og kvifor.
No har eg slått heilt av telefonen så lenge, så det ikkje er hjelp i å sende sms til meg.
Nils for på sjøen grytidleg i dag, skulle både fiske og sette ut teiner.

onsdag, oktober 24, 2007

Kva er dette?

I går då eg var opp til Ingunn og såg det nymåla kjøkkenet, viste ho meg dette stativet.
I dag gikk eg opp med fotoapparat for å få vist vidunderet til heile verda.
NB: Det står vanlegvis inne.
Ingunn er utdanna innan kokkefaget og kjempeflink med all slags mat. Blant anna har ho laga fleire bryllaupskaker i seinare år.
I samband med den aktiviteten har ho fått Peder til å lage dette solide stativet i metall, med plass for 5 kaker i ulik storleik. Det er måla med "sølv"-maling, noko som ikkje kjem så godt fram på bildet. Tenkte det kunne vere av interesse når det kanskje ikkje er så altfor lenge før ein ny generasjon skal tre inn i ektestanden. Kanskje?
Elles har vi hatt besøk av Margrete og ungane i dag.
Etter middagen tjuvstarta vi på jula med ferdigkjøpte
peparkaker som vi hadde hamstra inn.

tirsdag, oktober 23, 2007

Stor aktivitet i Starevegen.


Nabo Torbjørn har fått opp den nye bordkledninga på huset sitt, men han må no sage litt og beise før han er ferdig.
Peder har mala tak og vegger på kjøkkenet deira, det var trekvitt panel der før.Eg var opp og såg i kveld. Det var fint!
Etterpå gikk eg ein liten tur rundt "kvartalet". Det er så godt å få vere litt ute og i aktivitet sjølv om eg ikkje blir så bra etterpå.
I morgon kjem Margrete og ungane innom ein tur. Ingeborg skal til tannlegen.Håkon er ferdig med reguleringa, så det blir ikkje samme familietreffa som før på "tannlege-onsdagane".

Hagearbeid.

Endelig fekk vi ein slik haustdag som vi ønska oss, med sol og deilig ver. Nils og eg tok oss eit rafs i hagen. Det er no han som må gjere det meste, mens eg hjelper til etter fattig evne.
Sette ned att løkane som vi tok opp i vår, og så renska han rosebeddet og la på ny mold. Dette er ikkje det som står øvst på HANS prioriteringsliste, men som takk fekk han korte rosebeddet ein meter på lengda i andre enden også. Den første meteren vart attlagd i vår.
I kveld har han hjelpt nabo Helge med å sage ned ei bjørk. Som "betaling" får han heile bjørka, så no får vi enda meir ved.

fredag, oktober 19, 2007

Retting.

Den boka eg begynte på i dag er frå 1.verdenskrig, ikkje frå 2. slik eg trudde.
Men det kan no kanskje vere like bra?

Baksidene

Her kan de lese om bøkene viss de er interesserte.
Går ut frå at de veit at de får større tekst ved å klikke på bilda?

Nye bøker.


Har nettopp lese ut Boktyven.
Handlinga i denne boka er lagd til Munchen under 2.verdenskrig.
Den er ganske spesiell og veldig bra. Les den!!
Så har eg så vidt begynt på Den usynlige muren, der handlinga går for seg i samme tidsrom,denne gongen i England.
No er eg ikkje så glad i vanlige krigsbøker, men desse er garantert annleis.

Novemberkaktus?


For nokre dagar sidan fann eg denne planten i kjellaren, der han har stått i snart eit år, full av knoppar.
Ikkje før var han komen inn i stove-varmen , så viste han seg frå si beste side.
Fann ein til, men han står framleis med knoppar.

onsdag, oktober 17, 2007

Endelig


Etter mykje strev har eg no fått lagt inn dei to gardinbilda. I restekassa kostar desse lengdene 70 kr pr stk uansett tidlegare meterpris.
Posted by Picasa

Picasa:

We are aware of this problem and currently working on a fix.

Beklager

Fekk ikkje til å legge inn bilda verken då eine måten eller hin. Så eg får ta det att når eg ikkje er så mett.

Shopping- just for fun.

Hadde ikkje nokon bestemt plan for dagen i dag, veret var surt og trasig - akkurat som eg.
Men så fekk vi besøk av Harald og Bjørnesetungane, minus Ingeborg. Margrete er i Geiranger og Harald passa i dag sidan det eigentleg er "fridag" både for Margrete og ungane. Eg steikte vafler som gjekk ned på høgkant, og bra var det. Tenk om eg hadde blitt sittande att med dei.................grøss og gru.
Dei skulle på - nille og handle, og etter ei stund for vi også nedover. Eg er stadig på jakt etter ei gardinlengde til badet, derfor var eg innom og rota i restekassa i dag igjen. Gardiner til badet, fann eg ikkje, men derimot to kjempefine lengder, som kan brukast til andre ting. Pop-rock gardina kan f.eks. bli ekstragardin eller puter eller sengeteppe til Ingeborg? Bondegårdsgardina er litt spesiell. Ho er behandla på baksida med eit stoff som gjer henne lystett. Passar t.d. til barnerom? Eller her på datarommet, der eg ligg når eg ikkje får sove. Sjå berre kor godt den passar til tapeten!!!!!
No har vi ete heilt herlig seibiff av ufrosen sei!!! Det er godt det, same kva Håkon seier.Kanskje eg skal legge ut mi spesielle oppskrift på bloggen?

mandag, oktober 15, 2007

Pensjonistarbeid.

Har ikkje skjedd så mykje siste par dagane. Eg for min del har ikkje vore ut for døra.
Nils derimot.......var oppe før det var lyst i dag og for ut for å fiske. Kom heim med nokre langer, ei hyse og ein sei. Ikkje det heilt store, men nok til oss. Det var tomt i frysaren frå før. I morgon skal vi ha lettsalta lange og onsdag blir det seibiff! Vi er gladei fisk.
Så var han ein liten tur bort og hjelpte naboen med prosjektet hans, som går ut på å skifte kledning på ein del av huset. Han må nytte alle stunder med opphaldsver, og dei er det ikkje mange av.
I kveld var gubben på politisk møte, han er ikkje heilt ute av politikken sidan han er første vara.
Elles er eg no spent på korleis det gjekk med lanseringa av Øystein si nye bok, Rabarbrakrigen, i dag. Ø. skulle lese frå boka og så skulle dei ha mat, mellom anna rabarbrasylte.Det var på Hareid.
Harald ringde. Han skulle passe ungar på onsdag. Margrete skal på eit tre dagars kurs til Geiranger. Eg misunner henne ikkje. Var der sjølv ein gong- verste matorgie eg har vore ute for!!!
Etter som eg forstår er det kurs for tillitsvalde.
Posted by Picasa

lørdag, oktober 13, 2007

Gammalt nytt.

Vi har ein bruktbutikk her også, men eg har ikkje vore innom før i dag.Og der fall eg for desse kaffikoppane, som er veldig gamle og løvtynne, slik kaffikoppar skal vere.Koppane er finare enn fata, for å seie det slik.Heilt billege var dei ikkje, men eg fekk 5 kuvertar for 325 kr og så går pengane til misjonen. Så då så...........

Tome kleshengerar-eit herlig syn !


Naboane våre kom i går kveld med to sekker med klede som vi skulle levere på innsamling i dag, for dei skulle i bryllaup.
Då fekk vi eit spark bak sjølve og i dag pakka vi ein full sekk med gode vaksenklede som vi ikkje brukar lenger.Då får ein litt betre samvit når ein kjøper noko nytt-eller???

torsdag, oktober 11, 2007

Nettstrikk i Volda.


Kva kan ein finne på i dette veret? Jo, shoppe og strikke går bra. I dag har eg handla garn i Volda. Oppdaga at det tynne alpakkagarnet som eg trudde fantest berre i grått og koks finst i mange fargar. Mellom anna raudt, så no er det håp for dei som ønsker seg t.d. raud hue til jul!
Fabelgarnet skal bli ein gutagenser str, 6 år med brot i einsfarga mørkeblå Sisu. Håper det skal bli bra?
Skulle kjøpe meir Regia også, men den fargen eg mangla hadde dei verken her eller der.

onsdag, oktober 10, 2007

Blåhuset i Ulsteinvik.

I dag fekk eg akkurat det eg ønska meg. Fann denne jakka på An Chri i Ulsteinvik.
I den alltid aktuelle fargen SVART.
Har vinterjakke frå før, men den er kortare og altså ikkje SVART, noko som er eit must! For meg altså.
Så får eg heller strikke eit skjerf ??????

Solskinnspudding.


No er vi på Hareid, der vi som vanlig har fått mykje godt å ete, blant anna denne puddingen som smaka kjempegodt.
Oppskrifta står i boka Kokebok for alle.

tirsdag, oktober 09, 2007

Eg er på jakt...........................

etter eit kosteskaft. Det er lenge sidan eg har brukt slike langkostar som på bildet, her går det berre i mopp!! Men somme gonger er det støv og skit i krokane som eg ikkje får med meg.
Kunne lett teke skurekosten og fiksa det, viss eg berre kunne bøye meg, sitte på kne eller på huk. Men det kan eg altså ikkje. Då kom eg på at før hadde eg eit kosteskaft med ei klype framme der eg kunne feste små skurekostar av ulik stivheit.Har kika rundt på butikkar, men eg trur ikkje dei finst lenger. Har nokon av dykk sett slike? Det gamle kosteskaftet som vi hadde, vart brukt til riveskaft og "forsatsen" vart kasta.
Posted by Picasa

mandag, oktober 08, 2007

God bok.

Dette er den boka eg oftast kikar i av dei eg har i hylla.
Fekk ho med "tanteungane" mine på Eid til 60-årsdagen.
Her er mange gode oppskrifter på tradisjonsmat;
fine bilde og kulturstoff i tilknyting til mat.
Det er frå denne boka eg har henta oppskrifta på fiskekaker m.a.
Det er gitt ut ei bok til om same temaet, men eg greier meg lenge med denne.
Posted by Picasa

søndag, oktober 07, 2007

Verd å lese.

Har nettopp høyrt ferdig denne lydboka, som er meisterleg lesen av Kai Remlov.
Har gått forbi den på biblioteket fleire gonger fordi eg syntest tittelen var lite freistande.
Men så gjorde bibliotekaren meg merksam på at forfattaren var den same som har skrive
Engelen på det syvende trinn, og då tok eg den med heim. Det angrar eg ikkje! Boka blir faktisk betre og betre utover,
og eg vil tru at mange lærarar vil kjenne seg att i forfattaren og kanskje lære noko av det han skriv.No skal eg ikkje pådytte nokon mine meiningar-det har eg i alle fall lært av å lese denne boka.
Posted by Picasa
Posted by Picasa

Rabarbrakrigen.

No har Øystein vore her og avlevert Håkon+ 2 eks. av boka si; ei til oss og ei til Margrete og Lars. Ser fram til å lese den ! Men av erfaring veit eg at det er heilt umulig å ha ei objektiv meining om bøkene til dei du kjenner så godt.

lørdag, oktober 06, 2007

Laurdag kveld

Ei lita retting: Det var ikkje to blogg-sider frå turen vår, men nærmare tre.
Elles er Margrete & fam heime i god behold, men skuffa over at det ikkje vart nokon "tur" slik dei hadde forventa.
Nils har vore og fiska frå land. Det var vel helst agn til teinene han var ute etter, og det fekk han.
Eg tek det heilt med ro, les lydbok og strikkar litt, så håper eg på at forma kjem att etter kvart.
I går låg eg på solsenga på altanen, men i dag har ikkje sola vore framme, så alternativet var sofaen inne.Men det er deilig og mildt ute til tross for skyene. Elles vil eg oppmode alle om å sjå det fine bildet av Eid på Hilde sin blogg.

Laurbærhegg.

Denne buska blomstrar for andre gong i år. I vår var den pjuskete og full av brune blad, men sjå kor fin den er no! For dei som ikkje kjenner planten , kan eg opplyse om at den er vintergrøn og svært hardfør.
Posted by Picasa

Sommaren er definitivt over

I går hadde vi ein nydelig dag her heime. Brukte noko av tida til å slå plenar og klippe ned visne stauder.Men skam å seie- vi har ikkje hatt mykje sommar i år. Hagebord og stolar har ikkje vore i bruk sidan juni månad!
Margrete & co reiste til Kongsvinger på hundeutstilling i går, men kom ikkje fram. Dei fekk motorhavari og hamna på Vertshuset Sinclair, som vel er kjent for dei fleste. No ventar vi på å få høyre korleis det går vidare.
Posted by Picasa

torsdag, oktober 04, 2007

Viktig opplysning: Eg har lagt inn to sider frå turen vår!

Apropos Glomma.

På turen vår kom vi fleire gonger i kontakt med Norges lengste elv. Her har eg prøvd å ta bilde gjennom bilruta på Konsvinger. Så stoppa vi på Skarnes og tok bilde av stasjonsbygningen der far min vaks opp og av elva der han fanga kreps då han var liten. Han fortalde at dei hadde føtene ut i vatnet og så beit krepsane seg fast i tærne.Gammal og god fiskemetode. Som de ser er bilda mine like dårlege som dei plar vere. Det er "hastverksarbeid"! Trur eg skulle hatt eit fotokurs..............

Posted by Picasa

Posted by Picasa

Vilda djur.

I Charlottenberg var det kome eit nytt digert kjøpesenter sidan sist vi var der. Trur det var bygd av blekkplater!! I alle fall hadde det ein akustikk som ikkje passa for tinnituspasientar-!
Det einaste spennande vi fann der var ein butikk med afrikask kunst. Der var mykje fint, men vi er liksom ikkje dei som kjøper i hop så mykje slikt. Tenkte ungane kunne ha moro av å sjå bilda.

Posted by Picasa

Posted by Picasa

Vaterland, Gamlebyen, Fredrikstad.

Her har vi parkert del lille grå framfor Karen Marie og Øystein sitt hus . Dette huset kan ikkje beskrivast, det må opplevast! Trur det er frå 1700-talet, men inneheld alle moderne fasilitetar på same tid som det gamle er ivaretatt. I tillegg er huset fullt av alle slags "raritetar" frå fjern og nær. Ting som dei har kjøpt på reiser, antikkmarknader og på auksjonar.Huset ligg ikkje langt frå Glomma, de kan sjå elva i enden på gata.
Posted by Picasa


Posted by Picasa

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...