torsdag, oktober 25, 2007

Mobiltrøbbel

Då eg var på Kongsberg, ladda eg mobilen i minibank. Tykte han vart veldig fort tom, men ladda han på nytt i minibanken her.Men då han vart tom etter mindre enn ei veke,ante eg uråd og kontakta Telenor. Dei skal sende meg ei utskrift over alle samtalar og meldingar siste mnd.
Eg har fått nokre meldigar ganske ofte i det siste som eg ikkje har fostått meg på, så eg har berre trykt på Hopp over og slått av. Lurer på om nokon har "tappa" meg for pengar, og korleis og kvifor.
No har eg slått heilt av telefonen så lenge, så det ikkje er hjelp i å sende sms til meg.
Nils for på sjøen grytidleg i dag, skulle både fiske og sette ut teiner.

4 kommentarer:

solveig sa...

Dette har eg ikkje peiling på!
Sjekk fotballsida til hareidil, det er der vi les nytt.

@afjo72 sa...

Hmmm - hørtes ut til å være noe "muffens" der ja. Best å sjekke opp ihvertfall!

God helg til deg - som jeg dumpet tilfeldig innom fra en annen blogg. Artig å oppdage nye bloggere på sin vei i cyberspace! :o)

Marie sa...

Hei, hei!
Ny blogg for meg dette. Såg du hadde lagt igjen kommentar hos Lappetausa der du skreiv om fargerike sauer du hadde sett. Sjekk min blogg frå 17. september; Tittel; Husdyra våre.
Villsauene våre! Var det slike sauer du såg på turen din?

God helg til deg frå meg :o)

Besta sa...

Kom meg etter litt strev inn på bloggen til Marie og fann både katt og kyr, men ingen sauer.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...