Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar litt. Eg har halde meg inne det meste av dagen, med unntak av at eg køyrde ein tur på butikken på føremiddag. Eg fyrer litt i omnen no og då-og eg brukte siste fyrstikka i går så eg måtte ha påfyll. Og så finn eg no ut litt av kvart som manglar når eg likevel er på butikken.
I dag fyller Rasmus 62år, så lenge er det sidan han kom tll verda på sjukehuset på Eid. Men slike hendingar hugsar-i alle fall mora. Eg hugsar også at det var berrfrost og isande kaldt ute, det er sjeldan vi har slikt ver no for tida.No i kveld har vi her lett regn og +6 grader.
I dag har eg ikkje gjort anna enn å strikke, sjå TV og ete. Eg har vore åleine heime heile dagen, men det er OK, når eg har strikketøy og TV.
Men på onsdag skal eg i fødselsdags-selskap til ei venninne som fyller 80 år, og på laurdag skal eg på kino med Margrete. Solveig er vekkreist nokre dagar. Ho er på besøk hos døtra som heiter Olaug Marie, akkurat slik som eg. Ho har ein liten gut som fyller 2 år om nokre dagar. Eg har ein stor familie og dei fleste er ikkje så langt vekke, så eg føler meg ikkje einsam. Eg er ein slik type som likar å vere åleine -men ikkje alltid.
No er det snart nyheiter igjen -på TV , men eg har no høyrt nyheiter om att og om att i heile dag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar