onsdag, april 30, 2025

Dagbok 2025: 30.april



 


Klokka er no 20.06, temperaturen ute er ca +10 grader og då eg kom ut på trappa såg eg at det hadde regna, det visste eg ikkje noko om. Det har ikkje hendt så mykje i dag, men litt har eg no å fortelje. Eg hadde ikkje planlagt dagen så nøye, men eg måtte i alle fall ein liten tur på butikken. Eg tok med meg to store plastsekker fulle med tomflasker;har ikkje panta sidan før jul, trur eg.

No er heile butikken omkalfatra så eg måtte gå inn og spørje kvar eg skulle gå med tomgodset mitt. Det var ei kjekk løysing, eg gjekk på fortauet på nedsida og så var det berre å late opp ei dør, så var eg der. Inne i butikken fekk eg kjøpe papirpengar, det er meir lettvint enn Minibanken.

Eg er veldig fornøgd med nærbutikken vår etter at dei har pussa opp og bygt om.

Då eg kom heim att gjekk eg tur på Vernet, Der var ikkje mykje folk i dag, men eg vart kjend med ei dame som eg aldri har sett før. Ho jobba på eit kontor og hadde snike seg ut i matpausen. Ho var lett og kjekk å snakke med- men eg kjem ikkje til å kjenne henne igjen om eg ser henne....eg har problem med å kjenne igjen folk-det har eg alltid hatt, men så lenge eg hadde Nils med meg var det ikkje problem for han kjende att alle som han hadde sett før-

Eg laga ikkje middag i dag, brukar ikkje å gjere det så ofte, men så lagar eg meg kanskje noko godt til kvelds.

No har eg sete ei god stund og sett TV og strikka.


I beddet nedanfor garasjen brukar eg å stikke ned slikt som eg finn rundt omkring - til dømes tulipanløkar, det er derfor det ser så rotete ut, men det bryr eg meg ikkje om. Når tulipanane har blomsta ferdig, kan eg  rydde beddet.

Eg har ingen planar for morgondagen. Før var vi alltid i Volda 1.mai, men no er det visst ikkje same programmet som før.


tirsdag, april 29, 2025

Dagbok 2025: 29.april 2025

Trappa med 43 trinn gir litt ektra trim

 Klokka er no15.20; temperaturen ute er +8 grader og det regnar. Og det likar eg dårleg for vi har blitt vande med finever og vil helst ha det støtt.

I dag var det trening og Marit var med. Etter treninga hadde vi ærend på ALTI; og etter at vi hadde handla skeia vi ut med kaffi og kake i kafeen under trappa.

For å bruke opp nokre av kake-kaloriane då eg kom heim gjekk eg på Vernet.. Eg skal helst ikkje gå på Vernet etter trening(det har eg bestemt), men det er lov å bryte reglar - særleg dei ein lagar sjølv. Det regna litt mens eg var der oppe, men det gjorde ingen ting. Då eg kom heim var det diverse i postkassa, mellom anna noko  som skulle betalast. Men så var det trøbbel med banken, så eg må prøve seinare.


Den raude rhododendronen blomstrar no, det er vel ein tidleg sort. Synd at regnet kom før eg var heilt ferdig med å klippe graset i hagen. "Graset" som står rundt rhododendronen er restar frå dei små blå blomstrane som kjem først. Eg håper regnveret går over for eg har så mykje eg skulle ha gjort i hagen.

Eg har ete eit måltid som eg kalla middag, så no skal eg slappe av litt med TV og spøt.

mandag, april 28, 2025

Dagbok 2025: mandag 28.april

 


Klokka er no 17.43, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar jamt. Eg har nettopp vore ein tur på Vernet og i dag gjekk det heilt fint å gå, var ikkje låk i ryggen lenger. Det er no litt forfriskane å komme seg ut sjølv om veret er vått. Eg var dum som ikkje tok regnjakke på meg ,men gjekk i boblejakka.

Temperaturen ute er +  grader og på vervarslinga på PC-en står det "Regn kommer", ja, eg tviler ikkje.

Eg hadde ikkje store planar for dagen, men sidan eg ikkje hadde noko eg "skulle" så gjekk eg no her og styrte litt,  eg var også opp til Marit ein tur og fekk høyre litt frå gårsdagen. Her heime har eg "rydda" litt-det er ein jobb som aldri tek slutt.Eg har også strikka litt og sett TV- eg kan ikkje strikke utan å sjå TV, og heller ikkje sjå TV utan å strikke.

Då Einar var herpå laurdag, var vi bort på Plantasjen og kjøpte mold. Eg kjøpte også litt grasfrø, men sidan det var nokså dyrt tok eg den minste pakken. Då eg kom heim såg eg at det var gras og BLOMSTER- frø eg hadde kjøpt. No lurer eg på om eg skal bort å bytte eller om eg skal lage ein blomstrete plen ein plass.

Eg er litt lei for at fineveret tok slutt før eg var heilt ferdig å klippe graset. Dessutan har eg ikkje fått tatt opp alle løvetann -plantane . Alt kom så fort i år. I morgon skal eg på trening, men neste veke får eg det travelt, for då skal eg til lege og frisør i tillegg til det vanlege.



søndag, april 27, 2025

Dagbok 2025: 27.april

 
Klokka er no18.00, temperaturen ute er + 11grader C. det har vore opplett før i dag, men akkurat då eg skulle gå tur begynte det å regne.Eg hadde utsett turen på Vernet til langt på dag, men eg bestemte meg for å gå turenlikevel, så eg henta paraplyen og gjekk i veg, Men det vart ingen lang tur for eg vart så låk i ryggen med det samme eg skulle gå at det art berre ein liten svipptur i nærområdet, men det var litt kjekt å sjå inn i hagane til naboar for å sjå kor fint dei hadde stelt til.Det er mange som har veldig fine hagar. Før eg var komen heilt heim var eg mykje betre i ryggen. Men eg trur likevel at eg sløyfer Vern-turen.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen, så eg har slappa mykje av og så har eg strikka. Elles har eg ikkje gjort så mykje. Marit og eg hadde planlagt å gå på basar i dag; koret til Janne skulle synge blant anna. Men så trekte eg meg for eg hadde brått ikkje lyst ned. Men eg visste at Marit skulle treffe ei som ho kjenner, men ikkje har sett på lenge. Så då saknar ho vel ikkje meg,får eg tru.
I morgon er det ikkje noko eg skal, men eg hadde håpt at det skulle bli fint ver, for det står att litt gras her og der, Eg har no ein stuttorv om det skulle bli bruk for "handarbeid".
Mandagane har eg ikkje noko som eg må, så då får eg ta ein liten tørt her heime , anten ute eller inne, her er mykje ugjort.



 

                                                  Porsevegen
Viss nokon lurer på kvar dette er, kan eg opplyse om at eg stod på same staden då eg tok begge bilda. Eg måtte berre snu meg.

lørdag, april 26, 2025

Dagbok 2025: 26.april

 

Klokka er no 18.34, temperaturen ute er + 12 grader, og sola skin. Det har vore enda ein nydeleg dag i den finaste våren eg kan hugse.

I dag starta vi med å fare på butikken, Marit og eg, men så fekk vi besøk begge to-så vi måtte skille lag for ei stund. Eg fekk besøk av Einar som hadde lese at grasklipparen  min streika og han ville sjå på den. Men eg trudde ikkje at han ville få den til, for eg trudde det var noko gale med maskineriet. Men når han grov vekk alt graset som hadde klompa seg til-DÅ gjekk maskina, og Einar klipte storparten av skråninga før eg ropte han inn for at vi skulle ete middag og drikke kaffi i lag.Eg var sjeleglad for at eg slapp å kjøpe ny klipper.  Eg spurde Einar om vi kunne fare bort på Plantasjen og kjøpe mold og grasfrø, og det kunne vi. Så no er alt i orden har.

Så gjekk eg ein tur på Vernet og der møtte eg eit ektepar som kjende meg, men eg kjende ikkje dei, vi prata no litt med kvarandre likevel.

Då eg kom heim att klipte eg resten av skråninga sånn på halv 8 , men godt nok til over helga. Så spylte eg klipparen, og tok kveld. Eg syntest det er rart at det er laurdag no igjen-vekene går så fort-

Ønsker alle ei god helg . Nyt det fine veret mens vi har det.




fredag, april 25, 2025

Dagbok 2025: 25. april


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 11grader C og sola skin frå skyfri himmel. Og eg hadde engen ting eg måtte i dag, men mykje som eg gjerne ville få gjort. Eg stod ikkje tidleg opp i dag, men prøvde å sove litt lenger enn vanleg. Etter frokost var det rett ut i hagen for å klippe graset-det gledde eg meg til. At klipparen ikkje starta ved første forsøk brydde eg meg ikkje om, for etter ei lita stund var det full fres. Å! det var kjekt å få klippe graset igjen for jammen var der mykje. Då eg hadde klipt ei stund sette eg meg bort og prata med naboane, før eg heldt fram. Alt gjekk bra før eg tok pause og gjekk inn-då eg kom ut att fekk eg ikkje start på klipparen; eg såg kva som var gale, men kunne ikkje få fiksa det.

Eg heldt på ei stund med anna arbeid som eg kunne gjere utan maskin, men det mona liksom ikkje noko. Eg var skuffa for eg hadde tenkt å klippe heile hagen- og det fekk eg ikkje gjort i dag. No håper eg berre at det er nokon som er litt smartare enn eg, som kan få klipparen i arbeid igjen. Her var veldig mykje gras i år, truleg fordi vi har hatt så mykje fint ver-og ingen snø eller kulde.

Eg lurte på om eg skulle gå ein tur på Vernet no, men klokka er så mykje at eg slår meg til ro og tek fram strikketøyet og set på TV. Eg er litt spent på korleis det går med nordmennene i Amerika(Eg tenkjer på Støre & Co)

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei fin helg og sjølv håper eg på at sola må skine.

Så vil eg henge på ein liten gratulasjon til Wenche som har bursdag i dag. Gratulerer med dagen, Wenche! Eg ser fram til at vi skal til Kongsberg i konfirmasjon 10. mai, det er yngste guten som skal konfirmerast i år, den yngste av alle barnebarna mine.

torsdag, april 24, 2025

Dagbok 2025: 24.april

.Klokka er no 20 23, temperatuen ute er+6 grader. Vi har hatt enda ein strålande dag, sjølv om det ikkje har vore så varmt.

I dag var Marit med på treninga så vi fekk prata ein god del i bilen både før og etter trening. Det likar vi godt. I dag var vi ikkje på butikk på heimvegen.

Eg har bestemt at dei dagane eg går på trening skal eg ikkje gå på Vernet, men i dag gjekk eg likevel ein tur fordi eg ikkje hadde gått i går. Eg går alltid og ser etter kva som veks og gror, i dag såg eg mykje løvetann som blomsta mens lupinane gjer seg klar.


Då eg kom heim att måtte eg ha mat før eg kunne begynne på fredagsvasken. Førre veka blei det ikkje vask så eg tok den ein dag for tidleg denne veka.

Naboen  min har begynt å klippe plen, han tok plenen min ovafor garasjen også, slik han plar, men han sparte dei blå blomstrane, sjølv om dei eigentleg er avblomstra.

Eg kunne tenkt meg å gjere litt hagearbeid i dag, men det var eigentleg litt kaldt ute. Men eg har mykje godt arbeid på vent, eg har mange planar, men det blir vel ikkje så mykje eg får gjort åleine. Erlend og eg skal sage ned plommetreet på plenen, men det skal få blomstre ferdig først. Eg skal bort på Plantasjen ein dag-det er lurt å fare i helga for då er det mindre trafikk.

No skal eg vende tilbake til strikketøyet og TRUMP & Co-eller kanskje eg tek ein annan kanal.?

Fordi eg har vaska trur eg det er fredag-og det er vanskeleg for meg å tru noko anna.


Dagbok 2025: 23.mai

 Klokka er no 23.45, det er +3grader ute no, men vi har hatt ein fin dag med sol og sommar. Har ikkje sett maken til tidleg og fin vår før.Frå altanen min kan eg sjå kor eit gammalt hus får nytt tak m.m.


I dag fylte Bodil 80 år, og det var stort frammøte av slektningar og  andre på "Hildegard" i Alleen på Eid. Solveig henta meg og vi køyrde ferjefritt om Honndalen, mens Margrete køyrde om Stigedalen sidan det er det kortaste for henne.

Det var masse folk på Hildegard og eg kjende ikkje alle, men mange. Særleg kjekt var det å sjå att alle barna og barnebarna til Bodil og Svein, vi treffest ikkje så ofte, og det er litt dumt. Der var stort langbord med sjølvbetjening og folk kom og gjekk som dei ville. I 2.etasje bur eitt av barnebarna med kjæreste, og dei har nettopp fått ein liten son, Eg trur at mor og barn framleis er på sjukehuset, men er ikkje sikker.

Å kome til "Hildegard" er nesten som å kome heim- på Eid. Det var besteforeldra mine som eigde huset i heile min oppvekst, og ein periode budde tanta mi med familien der også. Men dei flytta frå Eid. Då bestefoeldra vart gamle og til slutt kom på aldersheim, var det bror min som tok over, og etter at mamma vart pensjonist budde ho i andre etasje, vi var ofte på besøk den tida.

På heimvegen køyrde vi Stigedalen, så i dag har eg fått vore mange kjende stader, egkan ikkje seie at eg lengtar heim til Eid,eg har det bra i Ørsta og er heime her, det er kjekt å komme på besøk der eg vaks opp, men eg har budd i Ørsta i snart 60 år-så eg er nesten "Ørsting".

No skal eg legge meg, for i morgon klokka 10 er det trening.

tirsdag, april 22, 2025

Dagbok 2025: 22.april:

 Klokka er no16.08, temperaturen ute er +15 grader C, det er overskya, men opplett akkurat no, kva det har vore før i dag er eg ikkje sikker på, og no kjem visst sola også.

I dag har det vore ein litt rotete dag. Først skjer det som skjer nesten kvar dag; eg vaknar opp altfor tidleg og står opp uansett. Eg veit ikkje kva klokka var då eg åt frokost i dag-men det var tidleg. Eg var på trening frå 10 til 11, og det gjekk no heilt greit. Etterpå var eg til frisør og bestilte time til 8.mai, dagen etter reiser vi til Kongsberg.

Var også innom matbutikken og handla diverse der. Og då eg kom heim var eg kjempesvolten og koste meg med det eg hadde kjøpt. Så sette eg meg inn til datamaskina og sende pengar av garde. Men då var der ikkje meir energi igjen, så eg la meg bort på dagsenga og fekk ein liten blund, så no er eg rimeleg akseptabel.

Eg har sagt til meg sjølv at dei dagane eg går på trening treng eg ikkje å gå på Vernet, men eg veit ikkje heilt kor DET går.

Eg har hatt kontakt med Bodil som har bursdag i morgon, ho blir 80 år-Eg har kjent henne sidan ho var 18-19 år. Ho bur no i huset til besteforeldra mine. Ho bur åleine sidan Svein, bror min, døde, men har eit barnebarn som bur i andre etasje. Og han har ei dame som no i påska fekk ein liten gut, så no er dei ein heil familie. Viss vi får det til skal eg og døtrene til Eid i morgon.Eg køyrer ikkje åleine til Eid.(Berre her rundt omkring)

mandag, april 21, 2025

Dagbok 2015:21.april

 

BAKOVER DU SKAL IKKJE står det på den blå fjøla. Eg les dette  nesten kvar dag. Det er ungdomskule -elevar som kjem med så kloke ord.

Klokka er no15.24, og eg er komen att frå tur. Eg har vore veldig sløv i dag, ingen ting fekk eg gjort og ingen ting hadde eg lyst til Eg sat og plundra med TV-en aldri så lenge,men då eg fekk vite at paven var død , vakna eg opp litt. Dvs, eg hadde rota til TV-en slik at eg måtte inn på PC-en og få ordna opp. Eg har det med å trykke på kva som helst når eg skal reparere, men eg fekk det til-til slutt (Dette har eg gjort før) Eg sit ofte og plundrar med TV-en, fordi eg vil ha norsk tekst på norske program, og det får eg ikkje alltid. Då eg hadde fått til TV-en var det første eg fekk høyre -at paven var død. Det las eg for fleire dagar sidan, men han levde no til i dag.

Eg gjekk ein tur på VErner for å sjå om eg vart litt kvikkare av det, og det blei eg kanskje, men eg møtte ingen eg kjenner i dag. Då eg kom heim såg eg bilen til Janne stod oppe ved huset, så då er vel Marit komen heim. Lollo har vore her fleire gonger i dag og ete.

Når eg går turane mine slekker eg alltid kva som har hendt i naturen.Det er veldig grønt og fint i skogen npnår gantrea har fått selskap med lysegrøne lerketre.

I dag har eg fått litt problem med å forstå kva dag det er , men eg har fyunne ut at det er tysdag i morgon og då er det på han igjen med trening kl.10-11:g har ikkje gjort det skapte grann i huset i dag, men eg har strikka litt. Og så har eg vatna bklomstrane, dei stå like fine enno.




søndag, april 20, 2025

Dagbok 2025: 20.april

 Klokka er no20.05, temperaturen ute er no +12 graderC, og det har vore ein strålande dag med mykje sol. Eg har hatt ein sløv dag, har ikkje funne på så mykje, og det angrar eg kanskje på no.

På føremiddagen gjekk eg ein tur på Vernet, det var kaldt til å begynne med, men det kom seg fort. Eg sat på nesten alle benkane og slikka sol. Eg trefte ein av naboane, ein eldre mann som mosjonerer med å sykle høgt og lågt kvar dag. Eg er ikkje heilt trygg på at det går godt. Men han var engstelig for ein annan nabo , ei dame, som han ikkje hadde sett på mange dagar. Heldigvis kunne eg fortelje korleis det hang i hop, så då vart han letta.

Då eg kom heim hengde eg ut flagget, for då såg eg fleire som hadde gjort det før. Elles har eg gjort lite og ingenting; eg har sete og strikka og sett TV og så har eg ete litt innimellom. Eg har litt godteri som eg har fått i gåve, så då må det vere lov å snope litt. Eg matar katten til Marit og no har ho så god appetitt som ho aldri har hatt før. Eg veit ikkje kva tid Marit kjem heim, men eg har kontakt med henne på Messenger. Der har eg prata med Rasmus også, synest det er litt trist at ikkje dei var med på "treffet " i går. Det blir vel ei ny sjanse til sommaren. Men vi skal no først ned dit i konfirmasjon til yngste guten. Det er 10.mai, så det er ikkje så lenge til

 

lørdag, april 19, 2025

Dagbok 19.april 2025: Påskeaftan

  

Her er vi all med unntak av fotografen, Øystein


Klokka er no18.48, temperaturen ute er + 13 grader C, det har vore ein nydeleg dag med sol frå morgon til kveld. Ein vårdag av dei skjedne.

I dag var det familietreff på Hareid hos Solveig og Øystein. Heile familien var til stades, 4 barn og  2 barnebarn med foreldre.

Margrete var der med sine 4 barn og eit par kjærestar.. 

Og eg var den einaste i oldemor-klassen

Heldigvis har dei god plass, så ingen måtte sitte trangt.

Margrete hadde laga ei kake, og det hadde ikkje eg. Men Solveig er heilt rå når det gjeld å diske opp. Først med bufé og seinare med kaffi og kaker. Og alt var godt.

Midtpunktet i dag vart den som var ny i klanen, Tobias,født1.septemger 2024. Det blei kanskje litt for uroleg for han, men så får eg håpe at han sovnar trygt i kveld etter alt styret.


Her er eg(oldemor) med søskenbarna Tobias(5mnd.) og Amund (5år)


Amanda køyrde meg heim og eg fekk gitt Lollo(katten til Marit) mat.

                                       

fredag, april 18, 2025

Dagbok 2025:18.april, Langfredag.

Klokka er no18.04, temperaturen ute er +9 grader og sola skin, det er ein fantastisk vår vi har i år, med tanke på Veret.

Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet; eg skal innrømme at eg gjekk seint for å nyte sola og utsikten. Der oppe er nesten heile skogen grøn, fordi det stort sett erlerketre der.  Eg trefte folk der i dag også, men ingen eg kjende.
Eg har ikkje vore så aktiv i dag, var litt trøtt og slapp først på dagen. Så etter at eg hadde ete "middag" gjekk eg og la meg på "Dagsenga" mi, sovna aldri så lite men eg vart mykje meir opplagt. Det var då eg gjekk tur. På føremiddagen hadde eg ikkje gjort noko særleg og eg har ikkje garn så eg strikke(Det er mi eiga skuld)
Marit er på hyttetur med Janne og familien, så det er berre Lollo og eg som er heime. Den katten er så rar, ho kjem ned på trappa til meg så snart Marit er vekke, men ho vil ikkje inn.

Eg begynte å ta opp løvetannrøter ein dag, men der har eg mykje att; det er berre det at ein må bøye seg ned og ta opp røtene-og det røyner på ryggen. Elles ser det ut til at grasklipparen må fram snart. Klippe plen er heilt OK for då slepp eg å bøye meg så mykje.

I fjor spadde eg opp ein stor rabarbraplante, fordi den låg midt i plenen , og det var dumt når eg skulle klippe. Eg spadde opp ei stor hole, men så må der ha vore litt att, for no er der tilløp til ny rabarbraåker;men eg trur ikkje eg vil tillate det. Det er meir og meir som blir borte frå hagen fordi eg ikkje orkar å styre med så mykje.Eirik spurde meg i går om eg har sukkererter, men det var noko av det første som vart borte. Klarer ikkje alt styret med stokkar og streng.

I morgon er det familieselskap hos Solveig på Hareid, då får eg sjå det nye oldebarnet-og alle dei andre gjestane. Det er Solveig som har dei store familieselskapa, det er dei som har mest plass også-men vi er no blitt nokså mange med tida så vi tek litt plass  også. Ser fram til å sjå både små og store.Trur ikkje eg har sett Olaug sidan i fjor sommar. Ho bur no i Bergen, og dit reiser ikkje eg no for tida. I gamle dagar var eg der av og til. No skal eg sette meg ut på altanen og nyte sola ei lita stund, ho blir vel snart borte. Vi har ikkje så mykje kveldsol her i gata.



torsdag, april 17, 2025

Dagbok 2025: 17.april


 Klokka er no20.10, temperaturen ute er +12 grader, og det er overskya men opplett. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, og Lollo kom meg i møte då ho såg meg og vart med ned på tappa mi, der eg gir henne mat no mens Marit er på hyttetur. Som før sagt ser eg mykje på naturen mens eg går tur og i dag oppdaga eg lauv på ei av bjørkene som står ned mot gata/vegen. Eg såg nøye etter om det verkeleg var bjørkelauv og det var det.

Elles har eg no hatt ein kjekk dag, litt kjedelig til å begynne med, men så fekk eg melding om at ungdommane som var hos Margrete ville komme på besøk. Eirik, Nora og Ingeborg, henta Martin på Sæbø og Erlend kom opp frå kjellaren . Så vart det kaffi og kaker og mykje prat før gjengen reiste vidare til Lars. Amanda fekk ikkje vere med i dag fordi ho måtte jobbe med oppgåver. Det er vel siste spurten før ho blir LÆRAR.

Då eg hadde rydda opp litt tok eg  runden på Vernet. Det var fint og friskt ute, og det har vel stort sett vore opplett i dag. Ikkje veit eg sikkert

No skal eg omsider sette på TV-en og sjå om det har hendt noko i dag.

Fortsatt GOD PÅSKE!


onsdag, april 16, 2025

Dagbok 2025. 16.april


 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe som vanleg, det er ein uvane eg har fått. Klokka 7 var eg påkledd og ferdig med frokosten.

Litt seinare kom Janne og sa at no var bilen min køyreklar. Det var eg glad for, men eg bestemte meg for å gå tur på Vernet først og så handle etterpå.

I dag fann eg ut at eg ville gå rangsøles på Vernet,dvs gå imot sola, så eg starta med å gå oppover på sjølve muren opp til trappa, som eg gjekk ned i staden for opp i dag. 

Eg er interessert i alt som skjer i naturen denne årstida; denne veka har eg sett sniglar for første gong i år, eg har sett små svarte sniglar og gule hestehov, kvitveis har vi hatt lenge og blada til lupinane er på plass, men ikkje blomsten enno. Eg trur det ligg an til å bli ein tidleg vår. Håper det. No er det så fint ute at eg er frista til å ta ein tur til, men eg veit ikkje om det kjem einkvan innom. Eg har no hatt besøk av to naboar i dag. Marit skal på hyttetur, så eg passar Lollo. dvs. Eg gir henne mat, ho vil ikkje vere inne med meg.

Eg hadde så smått tenkt meg ut og gjere litt hagearbeid som eg begynte på i går, men så kom regnet og når det er vått i graset er det ikkje så kjekt å halde å med noko. Alt kjem så tidleg i år viss det held fram slik.

Den lange vegen som eg brukar å gå opp, fekk eg gå NED i dag, og som vanleg må eg sjå på dei kvite fjella i Dalsfjorden.Når eg går tur på Fonnvernet nesten kvar dag er det fordi eg likar å gå der, og fordi det er tryggare for meg enn å gå i ulent terreng. Det er også vanleg å møte kjentfolk der eller folk som ein ikkje kjenner, men likevel tek ein prat med.


Då eg gjekk på folkeskulen på Eid hadde eg Blakset til lærer og han lærte oss namn på alle ville vekster. På lærarskulen dreiv vi også med slikt. Eg er veldig glad i "Naturfag" og likar å lære om plantar og dyr. På Eid hadde vi aldri sett blomsten HESTEHOV-eg såg den ikkje før eg kom hit til Ørsta, men eg hadde lese om den og kjende namnet.
Då eg vaks opp hadde eg ein vane med å smake på alle ting, som til dømes gras og blomster. Eg gløymer ikkje far min, ha sa til meg: Du må ikkje ete GULE blomster for dei kan vere giftige. Og det hugsa eg , men blåklokkene gjekk fint ned.
Eg meiner at naturfag skulle ha vore ein mykje viktigare del av opplæringa enn det har vore. Og det kjem det til å bli framover når ein ser alt som skjer i naturen no.
Nei klokka er berre 6. Eg går ein tur til.
Og så vil eg ønske alle som er innom bloggen ei fin påske.
Klokka er no19.17 og eg er heime frå den andre turen i dag.







tirsdag, april 15, 2025

Dagbok 2025: 15.april


Dette var eit litt kjedelig bilde; men eg ser endringar i naturen for kvar dag eg går der, og alt er tidlegare enn vanleg

Klokka er no 17.32, temperaturen ute er +15 graderC. Det er opplett og fint, men lite sol. PC-en min melder regn i morgon, så då kan det vere litt bra at eg har jobba litt i hagen i dag. Eg kom berre så seint i gang, for i dag har eg berre gått og surra og lurt på korleis eg skulle få bilen opp å stå igjen. Kven skulle eg be om hjelp t.d. No ordnar det seg, for Marit har snakka med Even om det. Eg kunne gjort det før, og eg har gjort det mange gonger, det er særleg to som eg brukar å be om hjelp, men eg har ikkje lyst å mase for mykje på dei.

Eg har gjort fint lite i dag , men eg gjekk i alle fall ein tur på Vernet på føremiddagen; elles har eg gått her og pusla heilt til det leid på dag. Men no har eg vore ute i hagen og rydda, til dømes har eg tatt opp alle løvetennene som stod under altanen, men der er tusen plantar att rundt omkring i hagen. 

Eg studerer på kva eg skal gjere med plommetreet, det er skamklipt for å seie det enkelt. Det var noko som Rasmus og eg styrte med sist haust. Eg har i  grunnen mest lyst til å ha det vekk, for det ser ikkje pent ut, og plommer har eg i frysaren , pluss at eg har eit Victoriatre lenger ned i hagen. Men så kjem den tanken: Kva skal eg ha der i staden?-Ja, eg diskuterer med meg sjølv.

I dag har Eirik fødselsdag, han er 28 år no. Eg har forstått det slik at han er hos Magrete no-i lag med dei andre søskena. Det blir no eit familietreff i  løpet av påskehelga. 

Når eg får bilen opp å gå igjen så kan eg no finne på eit kvart eg også, skulle hatt ein tur på Plantasjen-kanskje. Våren kom fort i år,  eg var ikkje heilt klar. Eg likar hagearbeid, men ryggen likar det ikkje.

No skal eg sjå om eg har bilde på telefonen som eg kan pynte opp med.

mandag, april 14, 2025

Dagbok 2025: 14.april



 


Klokka er19.20,temperaturen ute er +6 grader C,. Det har vore opplett i dag og ein god del sol, men eg har ikkje vore så mykje ute fordi eg hadde noko å gjere inne.

Til alle høgtider og andre merkedaga brukar eg å lage gulrotkake, for det har vore veldig populært blant ungdommen. Og så er dei så gode med at ein kan fryse dei og ta fram fleire gonger. Altså skulle eg lage ei slik i dag.Men eg hadde ikkje alt som skulle til, så eg måtte å butikken først. Eg skreiv hugseliste og gjorde meg klar til avgang. Det var berre å sette seg i bilen å fare. Trudde eg. 

Men bilen var heilt død. Han var heilt grei då eg sette den i garasjen på laurdag. Men eg forstod kva det var, for dette har hendt før-fleire gonger. Det er batteriet som sviktar, truleg på grunn av at eg køyrer berre korte turar så batteriet blir ikkje oppladda. Og kvar gong dette skjer så lover eg bot og betring utan at det hjelper. Naboen har ladda opp for meg mange gonger, men eg har ikkje spurt han i dag. Nok om det. Eg bestemte meg for å gå til butikken sjølv om hugselista var litt lang. Men det gjekk fint. Eg bestemte meg for at turen var nok mosjon for i dag, så eg avlyste tur til Fonnvernet.


Så gjekk eg i gang med bakinga og det gjekk bra, etterpå vaska eg opp både i maskina og for hand.

Eg har hatt ein sudoku liggande sidan torsdag kveld og ikkje greidd å løyse den, men dag gav eg ikkje opp før eg var heilt i mål-og då var eg fornøgd med meg sjølv.

På bilda i dag får de sjå litt av påskepyntinga mi, sidan eg fekk så mykje fine blomster til fødselsdagen min trong eg ikkje så mykje anna. Men som eg sa i går så hadde eg ikkje hugsa at eg skulle "pynte" så det var i all hast.



søndag, april 13, 2025

Dagbok 2025:13.april



Klokka er no17.00, temperaturen ute er +15 grader , det er overskya , men opplett, men maskina spår regn. Ikkje akkurat slik ein vil ha det i "påskeferien". I dag hadde eg ingen planar, men så kom eg på at eg ikkje hadde pynta til påske, så då kom påskepynten fram i ein fart. Så veldig mykje pynta eg ikkje, og her var mykje gult frå før. Men eg fann nokre dukar etc. som eg fekk stryke og legge på plass. 

Og så gjekk eg ein tur på Vernet, der trefte eg ei dame som eg kjenner og vi vart sittande på ein benk og prate. Dama er over 90 år, men heilt klar i toppen så det er kjekt å snakke med henne. Vi gjekk i lag heimover på Starevegen, ho bur lenger inne.

Eg laga meg litt mat og åt før eg sette meg til ved datamaskina igjen.
Eg skulle legge inn bilda som eg tok i dag, men ikkje alle ville med.

I går snakka eg med ei dame også -og vi diskuterte tre-sorten LERK- På oppsida og nedsida av fonnvernet veks det tusenvis av små lerketre, og på hele Vallabøen finst det lerk. Vi hadde ei diger lerk i hagen første tida vi budde her, men sjølv om lerka er eit nåletre står den ikkje med nåler heile året, men feller nålene om hausten. Vi hadde ikkje lerka vår lenge, for nålene fauk alle stader opp i takrennene til dømes og inn i huset om dørene stod opne. No driv alle dei små lerketrea ved Fonnvernet og grønkast-dei er fine-særleg når dei er små. Elles ser eg kvitveis og hestehov der oppe og eg likar å følgje med alt som skjer i naturen.
Eg får håpe det blir høve til å få gjort noko i hagen snart, graset veks, så det blir vel ikkje til 17.mai vi klipper første gong-slik som i fjor.

lørdag, april 12, 2025

Dagbok 2025: 12.april

                                        Snøsmelting i dag
 

Klokka er no17.20, temperaturen ute er +10 grader, og det er opplett, men ikkje sol-enno.

Eg sit her og er ganske trøtt. Det kjem av at eg vaknar så tidleg og står opp i gryotta når det ikkje er noko eg må. Eg drøymer så mykje rart på morgonkvisten at det er ikkje muleg å sove, OK det er ikkje så farleg-eigentleg.

I dag har eg gjort fint lite, men eg har i alle fall gått tur på Fonnvernet i dag, og så har eg vore på butikken. Eg var nesten i hamn på sudokuen i går kveld, men då det var berre eitt tal igjen, så stemte det ikkje. Eg trur ikkje eg gjer meir med det.

Heldigvis får eg til å bruke TV-en, dvs,få norsk tale på alle program også dei programma der dei snakkar norsk. Eg plundrar litt med det framleis, men snart kjem det heilt av seg sjølv, slik som eg hadde det.

Så i kveld håper eg å få følgje skikkeleg med på Stjernekamp.

Som sagt var eg på Vernet i dag, og der trefte eg ei dame som sikkert kjende meg,  eg fann ikkje ut kven ho var, men vi prata no like godt for det.

Eg veit ikkje kor mykje fri dei får i påska dei som er i jobb, synest å hugse at vi ikkje hadde fri heile veka, men kanskje frå onsdag? Eg håper no å få sjå barn og barnebarn- og oldebarn ? Kanskje.

Eg klør litt i fingrane -og har lyst å begynne hagearbeidet. Ja lyst og lyst eg har vel mest lyst til å få rydda opp litt.Den gamle kompostbingen står i fare for å gå ut i spagat, og eg vurderer å snauklippe eller ta heilt vekk plommetreet, men no har eg tatt vekk så mykje at det er lite igjen. Men det er grense for kor mykje hagearbeid ein greier når ein er 85 og har vond rygg. Hadde det ikkje vore for ryggen -kunne eg ha flytta fjell- tru eg. No er det vel på tide å ønske alle ei god påske. Påska kom seint i år så viss det skin opp så blir det nesten sommar-

God Påske ! Ønsker eg alle som er innom bloggen.

fredag, april 11, 2025

Dagbok 2025. 8.mars



Klokka er no 17.87,temperaturen ute er +10 grader, det er overskya og skodde og så regnar det, stort verre kan det ikkje bli. Eg merkar det på humøret . Og tiltaket ;det blir ikkje tur på Vernet i dag!

I går kveld fekk eg eit alvorleg problem med TV-en, eg miste den norske teksten som eg har på alle program. Rasmus hjelpte meg å få det til sist haust og etter det har alt gått av seg sjølv-heilt til no, teksten har kome på heilt av seg sjølv så eg har ikkje tenkt på det ein gong. Eg prøvde å få det til i går, men eg hugsa ikkje kva eg skulle gjere, Lappen som eg hadde skrive det på har eg kasta. Eg kontakta Rasmus og han spurde om eg hadde sett i boka. BOKA det er ei bok eg har fått av Solveig til å skrive opp passord etc. for eg gløymer heile tida.

Eg trudde ikkje vi hadde skrive opp dette, men det hadde vi! og eg fekk det til!!!!så eg kunne legge meg utan å tenkje meir på det. Det funka i dag også, ikkje med det samme, men eg fekk det til-og er litt stolt av det; som regel når det er noko gale på maskinene mine, brukar eg å sende ei melding til Helge. Det slapp eg no-men eg må fram med boka kvar gong eg skal starte opp. Sånn var det før også, men etter ei tid ordna maskina opp sjølv.

I dag har eg tatt fredagsvasken, eg har vaska klede etc. Men det er ikkje råd å få gjort noko storarbeid, verken ute eller inne, når det er slikt ver. Eg synest litt synd på dei som skal ha påskeferie viss det ikkje blir betre ver. Det er ikkje synd på oss som har heilårsferie-men vi vil no gjerne ha fint ver vi også. Og mykje fint ver har vi hatt hittil i år,så vi skal vel ikkje klage.

Eg sat og strikka i går, til tross for at høgre tommelen min har ei "sprekke" no igjen så det er vondt når eg skal gjere noko. Eg har slike sprekker ofte, helst om vinteren.

I morgon fylle Anne Marie, systra til Nils, 90 år. Ho bur no på ein "heim" i Gulen, på sørsida av Sognefjorden, Trovågen ligg på nordsida. Eg hugsar då mor deira vart 90 år, då var det feiring på Hardbakke i Solund - og heile slekta var der. Ho hadde forresten fødselsdag på samme dato som Anne Marie, ho fekk sitt første barn på 20-årsdagen sin. Seinare fekk ho tre søner, berre den yngste lever att no.

Det ser ut til at skodda kan lette og då kan det bli ein liten tur......kanskje.Det har vore typisk heile våren at det skin opp mot kveld.


                         Bilda har eg tatt frå altanen og nedover

torsdag, april 10, 2025

Dagbok 2025: 10.april



Klokka er no 16.10, temperaturen ute er +6 grader og det regnar MYKJE.Eg kom nettopp att frå Vik -der måtte eg gå med paraply i dag ,eg parkerer ved ALTI og går opp i Gå-gata. I dag var eg til synstest, og det er litt morsomt, for eg let vel om at eg såg godt i dei brillene eg hadde, men ho trudde eg ville sjå enda betre i nye briller. Eg prøvde å få henne til å sjå at eg hadde eit fabelaktig sidesyn, men ho var ikkje heilt enig i det. Eg fekk synstesten-mot betaling og skal ha den med til legen 5.mai, så får vi sjå.

I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit har INFLUENSA- Men så fekk eg påskeferie!!!!Det hadde eg ikkje tenkt på. Påska har vore lite omsnakka i år, kanskje fordi den kjem så seint. Eg har så mykje eg skulle ha gjort ute, så det hadde vore godt med nokre fineversdagar, men ikkje på helgedagane sjølvsagt.

Dagen i dag har altså gått med til trening og synstest, med litt handling innimellom- Kjøpte litt gult garn på Europris, nok til eit par påskelestar i relativt liten storleik.Eg måtte berre ha noko å pusle med når eg ser TV.

Eg tok eit bilde, men fekk ikkje til å få det plassert er-enno Det KAN hende at eg får det til med tid og stunder. No skal eg ha meg litt kaffi og roe ned. Det er travelt med syns -test.

onsdag, april 09, 2025

Dagbok 2025: 9.april


Klokka er no18.26, temperaturen ute er + 6 grader C. Det var ikkje heilt fint ute då eg stod opp i dag, men så kom sola og det vart ein strålande dag.

Det var siste  dagen med spansk for denne gong, vi held ikkje på heile tida, og det er bra. Vi hadde ein koselig spansktime i dag, det er ikkje alle som er like flinke, så eg er ikkje åleine. No blir det godt med litt spansk-ferie.

Då eg kom heim tok eg meg litt mat før eg gjekk tur på Vernet. Der var det nydeleg i dag-sol frå klår himmel.Der var ikkje mange som var på tur akkurat då, men eg vart litt kjent med eit ektepar som ikkje er akkurat her i frå.

Eg har ikkje laga meg middag i dag, og eg har ikkje gjort ein einaste jobb bortsett frå at eg tømte oppvaskmaskina. Eg sette meg til for å sjå nyheiter på TV-og då sovna eg ei lita stund. Så denne dagen vart det ikkje mykje gjort. I morgon er det trening og så skal eg til synstesting ei stund etterpå. Det er no godt å få det unnagjort, men legetime fekk eg ikkje får 5.mai.Det er snakk om fornying av sertifikatet.

Eg tok mange fine bilde i dag,men eg legg ikkje ut alle her.

Eg tenkjer på hagen, der er mykje som må gjerast, men no får eg vel god tid til å ta eit lite tak.





tirsdag, april 08, 2025

Dagbok 2025: 8.april


 Klokka er no19.00, temperaturen ute er +7 grader, det er overskya men opplett.

Det har ikkje hendt så mykje i dag, men det gjer ingen ting, det hender nok og for mykje i verda uansett. Det er nesten skummelt å sette på TVen, for der er ikkje så mykje å glede seg over. Men her i Ørsta er det ikkje så skummelt-enno i alle fall-

Marit var forkjøla, så eg måtte fare åleine på treninga, men eg er no ikkje åleine der. Vi er ein flokk med gamle damer og 1 mann som trenar i lag og vi er godt kjende etter fleire år . Etter treninga gjekk eg ut Gågata og bestilte time på brillebutikken. Eg brukar å sjekke augene kvar gong eg skal fornye sertifikatet.Så får eg med meg resultatet på papir og går til legen, så slepp ho å sjekke synet. Så eg var også innom legesenteret og bestilte time der. Optikaren hadde tid til meg komande torsdag, så den er grei.Legetime fekk eg ikkje før 5.mai. Men eg rekk no alt før konfirmasjonen på Kongsberg 10.mai.Eg må passe på å få gjort slikt, og ikkje sakke akterut. I dag skulle eg ikkje gå på Vernet var tanken,men eg angrar litt for det er ikkje så kjekt å vere heime åleine når ein ikkje har meir garn og så er det berre trasig alt som skjer i verda og som vi får høyre om på TV.

Forresten så har eg jobba litt med spansken, for i morgon er det siste gongen før sommarferien -og det er eg glad for. Eg likar å vere på kurset, men eg likar ikkje å gjere lekser. Det er vanskeleg å lære noko nytt når ein er 85 år. I dag er MIMI Trovåg 81 år. Det er synd at vi er så langt borte frå kvarandre og ser kvarandre så sjelden. Men vi har no Messenger.

Gras og blomster veks villeg i år. Eg lurer på kva tid eg skal begynne å klippe plen. I fjor vart plenen klipt første gong til 17.mai.


mandag, april 07, 2025

Dagbok 2025: 7.april

Blomster ved ALTI


 Klokka er no20.26, temperaturen ute er + 8 grader og det har vore fint  i dag også. Eg var tidleg oppe i dag også, men ikkje for tidleg. Etter at eg hadde fått meg frokost etc, tok eg ein tur på Vernet-fint å vere ute tidleg, men det var det fleire som var. Kvar dag, nesten, går eg der oppe og nyt utsikten over "byen" Eg har budd her i Ørsta i nesten 60 år, så det er her det er heime no.

I dag hadde eg avtale med "gamle" kollegaer, vi skulle på Fru Svendsen, eg har ikkje vore der etter at der kom nye folk som driv kafeen. Vi vart ikkje fulltallige i dag, ei av damene måtte melde fråfall, men vi 4som kom var glade for å sjå kvarandre, det minkar stadig på den gamle gjengen.Vi hadde ei koseleg stund, eg køyrde sjølv i dag, men Ragnhild frakta dei to andre.

Etter at eg kom heim vart det berre opp i tull, men eg laga meg middag om ikkje anna. Eg står på altanen og ser ned i hagen-ser på alt som skulle ha vor gjort, men det blir vel ei råd--ein gong,Elles har eg strikka ferdig eit lestepar.


Dette stod å lese i avisa Møre i dag. Det er Volda-avisa. Der står det at høgdepunktet i konserten var då Amanda song på samisk, eller joika som det heiter. Eg syntest også at ho gjorde det godt, men eg er ikkje heilt habil til å bedømme mine barnebarn.

I morgon er det trening igjen, og så må eg gjere spanskleksa til siste timen dette semesteret.


søndag, april 06, 2025

Dagbok 2025: 6.april


 Klokka er no20.35, temperaturen ute er + 6 grader og vi har hatt enda ein fin dag, Ikkje varmt akkurat men mykje sol,

I dag vakna eg ikkje før klokka nærma seg 9, så då kunne eg stå opp på skikkeleg måte.  Eg hadde litt å gjere  på føremiddagen og så kom Marit ned ein tur, ho hadde så lyst å høyre Amanda joike, men eg hadde ikkje funne det pådatamaskina då, eg fann det seinare på dag. Marit og familien hennar i fleire generasjonar har vore interesserte i musikk, og der er mange musikarar i slekta enno.

Marit skulle på konsert i dag også, men eg tok ein tur på Vernet, der var lite folk i dag enda det var søndag, då brukar det å vere fullt opp av turgåarar. Dåå eg hkom heim att laga eg meg litt mat og så har eg sete og strikka og sett TV i timesvis. Eg har sett opp att mykje av serien om "Pølsa", eg hadde sett mykje før  men ikkje alt. Eg set sjølvsagt og strikkar langsmed, for eg greier no ikkje å sitte heilt i ro så lenge.

Eg ser no at vi begynner på veke 16 i morgon og då skal eg ha "Møte" med gamle kollegaer frå Velle. Vi er 5 "damer" som jobba i lag på skulen i mange år. Vi var no ein større flokk før, men det tynnast ut i rekkene. Onsdag er det siste spansk-timen før ferien. 

Elles så veit eg ikkje meir om kva som skal skje framover, men det vert vel både bursdagar og konfirmasjon  på sikt.

Eg synest berre det er så trist og vondt at det skal vere så utrygt i verda. Aldri før, i mi levetid, har ein snakka om kva ein må ha på lager i tilfelle krig etc.Og han som skulle skape fred, sa han, han har gjort det stikk motsette. Eg orkar ikkje å tenke så mykje på det- men gjer det vel likevel.

Nedanfor garasjen er der eit bed, der eg plantar ut diverse som dukkar opp, puttar nedi løkar etc,Der kjem opp litt av kvart i løpet av sommaren.Tulipanar er på veg no.



lørdag, april 05, 2025

Dagbok 2025: 5.april


Klokka er no 22.17, temperaturen ute er + 3 grader og vi har hatt ein strålande dag, med sol frå morgon til kveld.

Eg tenkte meg på butikk og på grava i dag og spurde Marit om ho ville vere med og det ville ho.Eg var ikkje fornøge med plantinga mi, og ville ha litt meir blomster på grava, men i dag var der lite å velje mellom på butikken, men eg kjøpte no litt som eg fekk planta i dag også.

Elles har eg gjort fint lite anna enn å ete og strikke og sjå TV. Men eg gjorde ganske mykje i går.

Det vart tur på Vernet i dag, merkeleg nok var der ikkje mykje folk, men det var veldig fint der oppe i dag. Når eg går turane mine ser eg meg alltid omkring i naturen, kva som veks og blomstra til dømes I dag fekk eg sjå eit tidleg vårteikn, det var hestehov som blomsta ned i mellom steinane ved vegen.


Då eg kom heim att tok eg meg litt mat og strikka litt og såg TV. Eg såg fram tiå sjå Stjernekamp og tenkte at Marit kunne komme hit og sjå, men ho var først ute og ville at eg skulle komme opp til henne, så slik vart det. Eg er skuffa over dette programmet, det er noko heilt anna enn det som før var Stjernekamp, så dei skulle ha tatt eit anna namn på det. Men no gidder eg ikkje å ergre meg meir over det.

For morgondagen har eg ingen plan, anna enn å gå turen min. Sist natt sov eg godt og stod ikkje opp før klokka 9 i dag. Det er lenge sidan sist eg sov ei heil natt.Elles går eg og vatnar og steller med alle dei fine blomstrane som eg har fått. Eg unngår å fyre i omnen, så får vi sjå om dei lever lenger enn dei eg har fått/kjøpt før. Eg skreiv visst ikkje GOD  HELG i går-men helga er ikkje slutt enno.


Når eg sit på siste benken ser eg rett bort på Melle, der vi budde første tida vi var i Ørsta. Det varte lenge ut på våren før vi fekk sol heile dagen, eg trur dei har i alle fall litt sol no-men ikkje heile dagen. (Litt dumt å sitte på benken og ta bilde-for så kom heile vegen  med.) No skal eg finne meg litt kveldsmat og så skal eg sjå nyheiter, Såg før i dag at dei ikkje er så fornøgde med TRUMP lenger -borte i Amerika. Ja, dei har no valt han!!!!!


fredag, april 04, 2025

Dagbok 2025: 4.april

 Klokka er 23.00, temperaturen ute er +3 grader. Eg om nettopp heim,det var Svein

Nordal som køyrde meg , for han skulle også til Ørsta. Vi har nemleg vore på konsert på Folkestad. Grunnen til det var at Amanda skulle delta på konserten som var dei skuffe framføre. Dei hadde lagt opp konserten som ein hurtigrutetur frå Bergen til Kirkenes, og plukka songar som høvde til det dei såg og opplevde på turen.(Dette er dårleg forklart, men det har vore ein lang dag) Amanda skulle vere representanten for Finnmark, så ho måtte joike! Eg var veldig spent på korleis det skulle gå. Ho vart presentert slik: "Vi har ikkje Mari Boine, men vi har AMANDA !"

Og jammen kunne ho joike,ja! Eg trur at Amanda er ei lita jente, men ho blir snart 25år. Flink er ho i alle fall. Kjærasten hennar var med oss på konserten han også, det var han som henta meg. Svein var der og skulle visst hal litt omtale til avisa.

No er eg trøtt og svolten så eg skriv ikkje meir i kveld.Eg har hatt ein kjekk dag.

torsdag, april 03, 2025

Dagbok 2025:3.april.



Klokka er no 18.40, temperaturen ute + 6    grader , det er nokså skya men opplett.
Eg kom nettopp heim frå pensjonistmøte. Det har vore litt aktivitet i dag, i og med at eg var på trening først, så var eg heime ei stund, og då fekk eg rydda i stova og støvsuga teppegolva, mellom anna. Møtet tok til klokka 16, så det vart ikkje så lang dag heime.
På møtet i dag vart eg sittande i lag med Eli, begge kosa vi oss over å ikkje vere i styret. Men dei som var der hadde gjort ein god jobb. Det var fullt hus i dag, trileg fordi "presten" som eg ikkje hugsar heile namnet på -Sindre? var der med gruppa si  og spelte og song.Til mat i dag fekk vi brennsnut(betasuppe) +kaffi.
Der var diverse anna program også, og til slutt var det trekning. Gevinstane i dag var Påskenhøner. Eli og eg sat og flira og snakka om at dei var gyselege-og det var dei!!!! DÅ.......vann eg ei !!!!!Eg lurer på kvar eg skal pynte opp med den?

Marit er med Janne på kor-øving i Loen i dag. Ho var ned med kattamat som eg skulle gi Lolla sidan matmora ikkje var heime. Då eg kom heim ropte eg på henne: Lolloooo og ho kom springande med ein gong.No har klokka bikka 7-talet og det er heilt lyst ute-eg har lyst å gå ein tur på Vernet,  eg har fått det ryktet på bygda at eg er så SPREK og det er eg no ikkje...........men det vart så fint no at eg MÅ ut, så får eg heller vere inne i morgon og ta fredagsvask etc. Og så skal Svein Nordal hente meg og køyre til Ferja, På andre sida tek Margrete i mot oss,og så blir det konsert. 
 KL20.15: No har eg vore ein tur på Vernet, ikkje mykje folk der no, men eg møtte ei eldre dame som hadde fått lyst å gå tur. Ho hadde vore på møte i pensjonistlaget !

onsdag, april 02, 2025

Dagbok 2025: 2.april


 Klokka er no 18.41, Temperaturen ute er +15 grader C og sola skin som aldri før.Eg er nyss komen heim frå ein tur på Vernet. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å gå tur i dag, men så kom eg på at eg må ha  "fri" i morgon for då skal eg både på trening og på pensjonistmøte.

I dag var det spansk-kurs, for nest siste gong dette semesteret. Eg heng no med på ein måte, det er i alle fall kjekt å sysle med noko slikt som ein må bruke hovudet på, og så blir ein no kjende med fleire. 

Etter at vi var ferdige på "Spansken" var eg ein tur på apoteket før eg køyrde heimover. På turen la eg ein plan; eg skulle handle litt på KIWI og då kunne eg sjå om dei hadde blomster som passa på grava. Eg fann ikkje så mykje som høvde, men kjøpte nokre små påskliljer og så kan eg finne noko ein annan gong eller anna stad.  Eg køyrde heim og henta diverse , før eg for på Askjelhaugen og planta,det vart litt for lite syntest eg , men det skal eg ordne på ein annan dag.Eg såg at der var kome stemorsblomster på somme graver, eg trudde det var for tidleg , men  kanskje eg skal prøve det

Eg laga meg litt mat då eg var heime igjen, men så fann eg ut at eg ville gå tur på Vernet - og så gjorde eg det. Møtte ikkje mange kjende men fekk ein prat med den nye leiaren i pensjonistlaget. Ser fram til møtet i morgon-eg trur det blir kjekt.


Eg har ofte klaga på at skogen stenger for utsikta her, men så lenge det ikkje er lauv på trea, kan ein vere heldig og få ein glytt av sjøen her-og sola sjølvsagt!

Takk og pris for slike fine dagar!

tirsdag, april 01, 2025

Dagbok 2025:1.april

                                      Straumshornet og Sykkylvsfjorden

Klokka er no 20.20,det er +11 grader ute og opplett, men eg har ikkje vore ute og gått i dag, eg har bestemt at eg ikkje skal gå tur dei dagane eg er på trening og det var eg i dag. Det er stort sett det eg har gjort i dag, for elles har eg berre ete og slappa av. No angrar eg på det, men eg kan ikkje gå på Vernet når det er mørkt-trur eg.

I dag var eg altså på trening, men verken Marit eller eg skulle handle så vi var heime att tidleg. Eg var så trøtt i dag at eg orka ingen ting-nesten. Eg åt opp maten som var igjen frå i går, og eg er mett enno. Har sett Tv og strikka ei stund, men eg har stort sett hatt ein kviledag. Det verste er at eg ikkje har sjekka spanskleksa, men eg har no jobba med den før; det er no ei heil veke mellom "timane"-men i morgon er det den nest siste før ferien. Vi begynner ikkje før klokka 11, så eg brukar å jobbe litt med leksa om morgonen.

Det er ein del eg må få unna i april,t.d.må eg få testa synet mitt før eg skal fornye sertifikatet, og så må eg ha legetime etterpå. Dette er slikt som stressar meg,utan  grunn. Eg har no ikkje fått påminning enno, men eg har avtalt med legen.

På fredag skal det vere konsert på Folkestad og Amanda skal synge. Då Margrete "inviterte" meg var eg så trøtt at eg kunne ikkje tenke meg å stille opp, men når eg får tenkt meg litt om så har eg no lyst å fare. Det er vel lov å ombestemme seg?  Svein hentar og bringer meg til og frå Volda.
 

Dagbok 2025:20.mai

Klokka er no 18.50, temperaturen ute er +12 grader, sola skin og det er litt vind. Vi har hatt mange fine dagar i mai, men no er det visst s...