Klokka er no 17.43, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar jamt. Eg har nettopp vore ein tur på Vernet og i dag gjekk det heilt fint å gå, var ikkje låk i ryggen lenger. Det er no litt forfriskane å komme seg ut sjølv om veret er vått. Eg var dum som ikkje tok regnjakke på meg ,men gjekk i boblejakka.
Temperaturen ute er + grader og på vervarslinga på PC-en står det "Regn kommer", ja, eg tviler ikkje.
Eg hadde ikkje store planar for dagen, men sidan eg ikkje hadde noko eg "skulle" så gjekk eg no her og styrte litt, eg var også opp til Marit ein tur og fekk høyre litt frå gårsdagen. Her heime har eg "rydda" litt-det er ein jobb som aldri tek slutt.Eg har også strikka litt og sett TV- eg kan ikkje strikke utan å sjå TV, og heller ikkje sjå TV utan å strikke.
Då Einar var herpå laurdag, var vi bort på Plantasjen og kjøpte mold. Eg kjøpte også litt grasfrø, men sidan det var nokså dyrt tok eg den minste pakken. Då eg kom heim såg eg at det var gras og BLOMSTER- frø eg hadde kjøpt. No lurer eg på om eg skal bort å bytte eller om eg skal lage ein blomstrete plen ein plass.
Eg er litt lei for at fineveret tok slutt før eg var heilt ferdig å klippe graset. Dessutan har eg ikkje fått tatt opp alle løvetann -plantane . Alt kom så fort i år. I morgon skal eg på trening, men neste veke får eg det travelt, for då skal eg til lege og frisør i tillegg til det vanlege.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar