søndag, desember 31, 2023

Dagbok 2013: 31.desember

 


                 Det er alltid nokon som er tidleg ute , dette er ca. kl.21


Klokka er no 18.44, temperaturen ute er minus 2 grader. Så vidt eg veit har det vore opplettog fint ver i dag, eg har ikkje vore ute. Det er enno nokre timar att av året, men eg høyrer stadig skyting i nabolaget, det er no heilt greitt og ikkje noko å bli skemt av. Eg tenkjer på alle barn og vaksne som lever midt i krigane.

Eg høyrde ei russsisk dame som ville ha Russland tilbake slik det var på tsaren si tid- Ja, viss ein skal tenkje slik, så ville vi hatt tilbake Grønland ,Island og Færøyane frå Danmark, og Hjãmtland og Herjedalen frå Sverige. Og dei fleste land i verda har vel anten vakse eller minka viss ein går langt tilbake i tid. Eg synest krig er gammaldags og ikkje noko som folk i vår tid skulle ty til-.

Eg gjer lite og ingenting om dagane anna enn å sjå TV og ete litt innimellom, i daq kom Marit ned og heldt meg med selskap eit par timar, vi finn no alltid noko å snakke om. Og i morgon skal eg på kaffibesøk. Det er ikkje synd i meg, men eg saknar det å vere utte og gå tur. Eg har ikkje tort meg til med det enno.

Der er mykje å sjå på TV heile tida, men eg blir trøtt i augene og hovudet viss det varer FOR lenge. Eg får vente med å legge inn bilde til eg har foreviga. Nyttårsrakettane.


lørdag, desember 30, 2023

Dagbok 2023: 30.desember

                                           Det er framleis jul i stova

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er minus 2 grader, det har vore opplett, men ikkje sol i dag. Men eg er ikkje avhengig av veret, for eg held meg inne. Eg har vore lat i dag, fordi eg sov lite sist natt. Det er slikt som skjer, men som ikkje er så alvorleg.
På føremiddagen fekk eg besøk av ein nabo som ville snakke om ei bok som vi har lese begge to -og akkurat no fekk eg innbyding til kaffi på nyttårsdag borte med dei.
I dag har det ikkje skjedd så mykje her, men det er mykje som skjer på TV, så eg slepp å kjede meg, Men når eg ser tilbake på alt som har skjedd dei to siste åra spesielt, så er det ikkje kjekt. KRIG er noko som aldri skulle finnast, men det er visst vanskeleg å unngå. No er det verre enn nokon gong ser det ut til.
Eg vart litt overraska då dei på TV sa at det var 3 år sidan leirraset, eg trudde ikkje det var så lange sidan.
Kvart år rundt juletider skjer det alltid noko trasig, det kan vere storm, sunami etc. men i år har vi  nok med krigane m.m. 
Her i Ørsta har vi det fredeleg og godt for det meste, men det som skjer i verda angår oss alle.
Eit lyspunkt for meg er at Magnus Carlsen vann sjakk-turneringa i år også. Og no skal eg sjå meir TV. Handa har verkt litt i dag, så no har eg tatt ein Ibux. Eg er spent på korleis det blir å få av gipsen, den 9.januar.
Eg har fått mange brev på digipost. Får brev kvar gong eg har vore på sjukehuset, så må eg betale for det eg har fått der, men sidan eg har frikort får eg att alle pengane etterpå.  
I dag fekk eg også brev på Digipost, det galdt EU-kontroll på bilen. Men eg brukar no ikkkje å ha den på kontroll før i mai , trur eg-eller kanskje april.
I år er nyttårsafta på søndag, det er litt spesielt det også. Eg for min del, ser fram til at det skal bli kvardagar igjen- for eg har no heilårsferie. Så får  vi håpe at det blir ei godt nytt år-



fredag, desember 29, 2023

Dagbok 2023: 29.desember


 Klokka er no 18.20, temperaturen ligg rundt 0 grader og det er opplett. Det er i grunnen ganske fint ute, men eg tek ikkje sjansen på å gå tur, for om eg skulle finne på å dette, kan eg ikkje ta imot med hendene.Det er nokså glatt mange stader, men eg har ikkje gått lenger enn til postboksen-det var glatt nok. 

Eg sov lenge i dag også, men ikkje så lenge som i går. Eg har gjort lite og ingen ting i dag, men Solveig og Øystein var innom på ein tur til Volda og då moka Øystein trappa mi og  så moka han fram bossdunkane. Geir som var her ein dag før har moka heile tunet bort til garasjen. Dei som bur i kjellaren har også mykje å moke, for vi har fått mykje snø alt- og meir blir det vel. Ørsta er ei snøhole om vinteren og verst er det for oss på denne sida av dalen. Ein kan sjå snøbygene kome frå nord og følgje fjellsida her.

Eg har ikkje tort meg ut å gå på lenge, men eg har no piggsko, og så har eg ein sparkstøtting som heng i tilbygget. Den har fått henge i fred i mange år.

Eg laga meg middag i dag, det var lettvindt: pølser, poteter og raudkål, så det vart bra. Så har eg sett i gang oppvaskmaskin og klesvask, det går sånn nokonlunde bra. 

I går tok eg ikkje smertestillnde på dagtid og det har eg ikkje gjort i dag heller. Eg er ikkje smertefri, alt som eg prøver å gjere er vondt, derfor gjer eg minst muleg. Eg tar smertestillande om kvelden for å få sove. Då eg braut høgre handa for 60 år sidan ,verkte eg ikkje etter at eg hadde fått  gipsen på. No verker eg så snart eg gjer noko.

I morgon er det vel laurdag og så blir det to helgedagar igjen-og nytt år. Eg har mange ønsker for det nye året men det viktigaste er FRED  PÅ  JORD.


torsdag, desember 28, 2023

Dagbok 2023: 28.desember

 



Klokka er no 18,30, temperaturen ute er + 2 grader C, og meir veit ikkje eg, for eg har ikkje vore ute for ei dør . Og så sov eg til klokka var 12 i dag, så gale har ikkje hendt før-trur eg- I dag fekk eg gjort litt "husarbeid", vaska litt og støvsuga litt og så vaska eg, eller maskina, litt klede-

Det høyrest kanskje litt rart ut, men eg likar å gå her og tusle med meg sjølv. Eg har lese i ei bok, sett tv etc. Det einaste eg ikkje kan gjere er å strikke-men då kan eg lese i staden, lesing er det eg minst styrer med til vanleg.

Eg sat og såg på dei to danske brørne som lagar mat på TV. Eg såg at dei hadde føre seg nokre fiskehovud og då kom eg på ei historie frå gamle dagar, då eg budde i Trovågen. 

Nils og eg hadde vore ute og fiska, dvs, han drog opp liner og eg såg på- Han fekk masse store fine brosmer, og Agnes som eg budde med då, fekk nokre og sa at no ville ho lage KAMS. Eg hadde ikkje peiling på kva det var, men ho laga ein deig som ho fylte inn i hovuda til brosmene og kokte. Då det var ferdig skulle alle smake på kamsen-men ikkje eg. "Skal ikkje eg få?" spurde eg, "Likar du kams då?" -  "Det veit eg ikkje for eg har aldri smakt det".   Ikkje for på skryte, men eg likar stort sett all mat når den er rett tillaga og eg likte kamsen.

Seinare , då eg gjekk på lærarskulen i Volda  kjøpte eg "torsk og kams" på Kafeteria. Men den kamsen var ikkje noko å skryte av . Og eg hadde aldri før ete kams til torsk. Eg budde i Nordfjord det meste av min ungdom, eit år i Sogn og eit i Sunnfjord, men lengst har eg budd her i Ørsta. Eg har smakt frammande matrettar over alt, det meste har vore godt.

Eg tok fram den fine kokeboka mi som eg fekk til 60-årsdagen  av "tanteungane" på Eid. I denne boka er det  oppskrift på matrettar frå heile Sogn og Fjordane.

No lagar eg ikkje så mykje spennande mat, men eg kan no lese i boka og sjå om der er noko eg kan lage. Og så kan eg no kose meg med bilda.




onsdag, desember 27, 2023

Dagbok 2023: 27.desember.

 




Klokka er 12.43, temperaturen er minus 3 grader C, deter nydeleg lettskya ver, med sol i fjella-. Eg har vore trøtt og uopplagt i dag, fordi eg verkte i armen og sov dårleg sist natt. Men klokka 14 skal eg opp til Marit og drikke kaffi, Even har laga veg til meg med snøfresaren. Som de ser på bilda, har eg ikkje moka på altanen hittil, og viss eg er heldig smeltar snøen så eg slepp mokinga.
Eg kjem kanskje til å skrive meir seinare i dag. Eg har vore veldig sløv hittil, men har no vaska ein liten klesvask i dag. Det er ikkje så mykje ein greier med ei hand, har eg funne ut.


Kl 16.18: No har eg vore oppe hos Marit og drukke kaffi og ete kaker i timesvis. Temperaturen er no minus 4 grader og PC-en melder om "Snø i morgen". Mens eg var på andre sida av gata, kom min gode venn Geir og moka heile tunet mitt igjen. Eg veit ikkje korleis eg skal få takke han, for han vil aldri ha betaling.

Marit og eg diskuterer TV, ho har nettopp fått nytt, og eg er ikkje så veldig flink med mitt. Ho ser på fleire kanalar, men eg held meg helst på NRK ! Men eg har prøvd og variere litt no. Eg var innom Netflix , men eg har visst ikkje adgang der no lenger. EG klarer meg lenge med NRK 1 eigentleg. No skal eg sjå om eg finn noko som eg kan ha til middag i dag.
Fortsatt god jul !

tirsdag, desember 26, 2023

Dagbok 2023: 26.desember :2.juledag

 




Klokka er no 19.37. temperaturen er så vidt litt over 0 grader, og det kjem litt snø heile tida. Eg kom heim att frå Hareid for ei stund sidan, eg sat på med Margrete begge vegane, Amanda og Eirik kom i Amanda sin bil-

I går kveld fekk eg tunet måka av ein som har ein bil til slikt bruk, og hadde det ikkje vore for det hadde det blitt litt vanskeleg i dag.

Det var Solveig som måtte ta jobben med familieselskapet i år, når eg svikta.

Ho serverte kjøttkaker med tilbehør til alle gjestane + dessertbord, og kaffi og kaker seinare. Margrete hadde med seg to av sina barn, Solveig-familien var fulltallige inklusiv sambuaren til Olaug og oldebarnet Amund-Eg er den einaste "gamle" i familien-den einaste gjenlevande besteforelderen her. Gutane i Kongsberg har to besteforeldre i tillegg der nede.

Det var ikkje fint køyrever i dag , mykje snø og slaps alle stader, mørkt på heimvegen, så Margrete hadde ein jobb, men vi kom heile heim til Starevegen i alle fall. Eg kjenner enno at handa mi ikkje er bra, men eg verker mindre enn før. Gipsen må eg ha til 9.januar uansett

Det vart tatt mange bilde av alle, men eg har dei ikkje her -enno. Etter at eg kom heim såg eg litt nyheiter på TV og så sette eg nye batteri i dørkransen , men eg veit enno ikkje om dei lyser. Håper alle som les dette har hatt/har ei god jul til denne tid. Men det blir vel feiring nyttårshelga også.?


                                           Ingeborgs jul i Gøteborg
Og her er vi andre på Hareid 2.juledag. Det er Solveig og Øystein og Thomas som manglar.


mandag, desember 25, 2023

Dagbok 2023:25.desember 1.juledag





Klokka er no 18.30, temperaturen ute er 0 grader og eg veit ikkje så mykje om veret, berre det som eg ser frå vindua og trappa. 

Inne har eg det varmt og godt ,fyrer i omnen i tillegg til at eg harvarmepumpa på.

I dag stod eg veldig seint opp og eg har gjort lite og ingenting, derfor har eg heller ikkje tatt smertestillande for handa mi. Viss eg er heilt i ro, verker den ikkje.

På føremiddagen laga eg glasur til gulrotkaka, så den er ferdig. I morgon skal vi til Hareid  både eg og Margrete-familien. Det er no her vi brukar å vere 2.juledag, men i år var eg ikkje i stand til å lage til selskap sidan eg går med ei broten hand, så Solveig tok over. For to år sidan hadde ho brote handa. 

Til middag i dag hadde eg restar frå i går som Solveig sende med meg, så eg fekk skikkeleg mat i dag også. Til dessert kokte eg kaffi og tok eit par Anthon Berg konfektar som eg har fått frå Rasmus. Eg lever godt-og eg synest det er heilt greitt å vere åleine når eg veit at alle har det bra. 

Viss eg vil ha underhaldning kan eg sette på TV- det einaste er at eg ikkje kan strikke og eg veit ikkje kva tid eg får begynne med det igjen. Gipsen skal av 9.januar. 

Det er kjekt å kose seg i fred og ro åleine, men eg ser fram til å vere i lag med "jentene" og barnebarna i morgon, Ingeborg er ikkje heime i jula i år ,så eg saknar henne. Rasmus-familien plar feire jul i Kongsberg og det gjer dei i år også. Dei fleste vil vel vere "heime" i jula. Det vil eg også sjølv om eg er her åleine.

No kunne eg ha fått mykje god mosjon viss eg hadde hatt to hender  for det er kjempemykje snø ute, og sidan det er såpass mildt er snøen tung og våt. Men eg veit ein som kan hjelpe meg og det trengst - og eg vil.





 

søndag, desember 24, 2023

Dagbok 2023 -24.desember. Julaftan




 Klokka er no 21.42, temperaturen ute er 0 grader, og snøen smeltar meir og mindre. Eg kom nettopp heim att etter å ha feira julekvelden på Hareid. Øystein køyrde meg til døra og bar inn bagasjen. Ingen vil at eg skal dette meir akkurat no-.

Eg har hatt ein veldig fin dag og kveld. Håkon og Amund plukka meg opp , for dei skulle også til Hareid i dag.

Vi var på gudsteneste i Hareid-kyrkja før middag. Det var det også veldig kjekt,-å høyre hareidsdølane synge i kyrkja er ei fryd, dei syng så ein høyrer det. , og så var ei ung dame der som song to av dei finaste julesongane eg veit solo. Ho heiter forresten Lovise Yri og erikkje heilt ukjend på desse trakter. Eit jentekor song ein ukrainsk julesong-og dei var også flinke.

Eg plar seie at eg ikkje høyrer verken kva presten eller andre seier i kykjene. Eg har vor på Eid, i Volda og i Ørsta og ikkje forstått nokon ting;verken med eller utan høyreapparat. I dag forstod eg alt som vart sagt-utan høyreapparat- .

Middagen  var som vanleg heilt nydeleg, og eg greidde å få i meg både kjøt og pølse,sjølv om eg stort sett har berre ei hand.

Der var så mange pakkar under treet at vi måtte ta ein kaffipause då vi var halvvegs. Eg fekk alt eg ønska meg og vel så det. Tusen takk til barn og barnebarn for fine gåver.

Vi har hatt som ein tradisjon at vi har vore her hos meg 3.juledag. Slik blir det ikkje i år. Men for at alle skal få treffe kvarandre ,  stiller Solveig opp med middag og kaffi til heile storfamilien på tysdag. Det blir sikkert kjekt,og ho har no litt større plass enn eg.

Eg skriv ikkje så mykje i kveld, men eg tenkjer på kor heldig eg er som har så mange rundt meg  som har omsorg for meg, eg kjenner meg aldri einsam.

God jul!

lørdag, desember 23, 2023

Dagbok 2023: 23.desember

Klokka er no 14.30, temperaturen ute er minus3 grader og den skal stige står det på PC-en, i dag morgon var det minus 10. Men heile bygda ser ut som eit levande julekort med all snøen som kom i går. I år kan eg ikkje moke snøen sjølv, så no er det bra at eg har friske folk i kjellaren som kan ta eit tak. I dag er eg heime åleine, eg har berre lata meg , sett TV etc. I morgon skal eg ut til Solveig og familien, det har blitt ein tradisjon. 2.juledag plar vi samlast alle her med meg, men i år blir det Solveig som tek over. Eg greier ikkje å stelle til alt, når eg har berre ei frisk hand. Men det går bra med handa eg kan faktisk bruke den litt sjølv om den er gipsa.

Elles skjer det ikkje så mykje no når eg er berre her heime, men eg kosar meg, eg har ny varmepumpe som varmar godt og så fyrer eg litt så det blir skikkeleg varmt. Eg er veldig varmekjær og har lett for å fyse, slik har eg alltid vore, så det er ikkje eit alderdomsteikn-
Eg har ikkje skrive julekort til nokon i år heller, for eg har inntrykk av at dei som kjenner meg ser innom bloggen no og då og så ønsker vi alle GOD JUL på facebook. Eg ønsker sjølvsagt at alle skal ha ei god jul, men no veit vi at det er veldig mange som har det vanskeleg økonomisk i vårt eige land, og så er det krigar og ulykker over alt i verda nesten. Når ein tenkjer framover no, så er det uvisst kva som kan hende i verda og korleis vi her i Norge vil merke det. Men vi vil vel også i år ønske eit godt nytt år, og no ligg det vel meir tanke bak.

Eg vart fødd nokre dagar før 2.verdskrigen kom til Norge, og eg var 5 år då eg såg det første norske flagget vaie frå flaggstonga på garden i Innvik, og eg hugsar at Besten kom heim med radio. Heilt sidan då har det godt framover i vårt land. Folk har stort sett fått det betre etter kvart-heilt til no. Det er uvisst kva som kan skje i verda no framover, vi kan berre håpe på at det skal ordne seg både i Ukraina og Gaza, og andre stader der det er krig og usemje,-men det ser ikkje lyst ut. Likevel vil eg ønske folk GODT NYTT  ÅR  og håpe at det blir det for dei.
Litt dystert å tenkje framover men vi kan i alle fall ha ei 

                                             GOD JUL



 

fredag, desember 22, 2023

Dagbok 2023: 22.desember

Dette bildet tok eg no nettopp, for no funka det bildeprogrammet igjen-og eg får lagt til bilde m.m.. I dag har det snødd uavbrutt. Eg var ein liten tur ut i garasjen, men eg har nokre store, høge gummistøvlar som eg brukar til slike  ærend. Elles fyrer eg i omnen, sidan eg presterte å sette opp døra til altanen litt for lenge, men det er no bra å få lufte skikkeleg iblant. Og varmepumpa virkar som den skal. Eg tok ein liten fredagsvask i dag, men eg må vere forsiktig  med den brotne handa, det skal lite til før den reagerer.
Skal skrive meir seinare.

Klokka 17.50, temperaturen ute er minus 6 grader; no er det opplett men på føremiddagen lava det ned,.så bilen til Ingrid vart heilt nedesnødd, og då Solveig og Øystein kom, måtte Øystein til å grave seg fram til trappa. I år har eg rimeleg grunn for å ikkje moke snø, så slik er det. Solveig og Øystein skulle hente Olaug på ferjekaia i Volda, ho kom med buss frå Bergen. Det var eitt ærend og så sette ho att gåvenettet som skulle til Margrete.  Så kom Margrete og Amanda etter at dei første hadde fare, dei hadde med pakkane som skal til Hareid. Margrete hadde kjøpt med seg diverse matvarer til ei mor med berre ei hand, så eg treng ikkje svelte i jula.
Det ringde på døra, og ei som var nabo før, kom med heimelaga julebrød til meg. Ho laga julebrød til Nils då han var sjuk, og det likte han godt. No er det visst eg som er pasient. Men eg skal vere ærleg å seie at julebrødet var veldig  godt-eg måtte smake på det med det samme eg vart åleine. Enda ein gong ringde det på døra, då var det ei anna dame i Starevegen som kom med eplekake til meg, fordi eg hadde brote handa.Det er mykje bra folk i gata vår. 
Dei tre damene Margrete, Amanda og Ingrid måtte  heim att, Ingrid til foreldra sine og Margrete til hundane m.m. 
Eg skal til Hareid julaftan, det er blitt ein tradisjon. 2. dag blir det familieselskap på Hareid, vi brukar å vere her då, men i år er eg ikkje heilt oppegåande, så Solveig tek over. 
Marit feira 85 -årsdagen sin sist helg, men det er i morgon ho har fødselsdag. Då blir det kanskje at vi feirer-vi to.
Eg sit og skal skive med ei hand, men plutselig brukar eg to, det er ikkje så lurt, for det kjennest i vestrehanda. Det er ikkje lurt å bryte verken hender eller føter rundt juletider- men ikkje elles i året heller.



torsdag, desember 21, 2023

Dagbok 2023: 21.desember.

 

Klokka er no 18.12, og temperaturen er ca.0 grader. Bildet over er ikkje tatt i dag, men det liknar, for no har vi fått snø igjen. Eg hadde kome litt ut av tida, så eg måtte sjekke kva dag og dato det var. Eg er framleis sjukmeld, og kan ikkje gjere særleg mykje- i alle fall ikkje  utan at det blir smertefullt. Eg trudde ikkje at eg skulle merke så mykje til eit skarve brot, men slik vart det. 
I dag morgon vakna eg før halv sju og måtte ta ein Ibux, låg ei stund etterpå, men så stod eg opp. Eg tok på meg poncho i dag også så slapp eg å dra genser eller kofte over gipsen.
Eg har ikkje så veldig vondt at det er noko å snakke om, men eg får lite og ingenting gjort av husarbeid. Eg har vaska litt klede, kokt graut av overflødig melk etc. Marit kom ned og var her med meg ei stund og det er no alltid kjekt.
Eg utsette å pusse kopar og messing , så no blir ikkje det gjort. Eg må vere litt forsiktig også , så eg ikkje bryt opp att. 
Eg har ikkje så mykje å skrive om når eg stort sett sit framfor TVen og har det etter måten bra, kanskje betre enn dei som må lage til mat og vaske til jul. Men eg ville no heller ha vore "frisk" og styrt på slik eg plar gjere. 
Eg har dessverre ikkje mist appetitten, så eg har lyst på mat heile tida-det er heller ikkje bra,  for det er smått med mosjon. Eg har kjøpt ein liten  skalk med svinekam som eg smakte på. Er det jul, så er det jul  og noko må ein unne seg
Eg vart litt sjokka då eg såg at det er fredag i morgon, men då kan eg finne sudokuen på Møre-Nytt på datamaskina litt før kl.22 i kveld, så har ei arbeid med den.

onsdag, desember 20, 2023

Dagbok 20desember 2023


Klokka er no 18.22, temperaturen ute er +1 grad og det har kome litt snø som ligg på vegen og tunet også. Eg har berre så vidt vore ut på tunet i dag, har halde meg inne, det er ikkje så mykje eg kan få gjort, men med hjelp av diverse maskiner kan ein utrette litt.

Eg sov lenge i dag, tok att det eg fosømte frå førre natta, Eg vakna sånn halvvegs sist natt og då forstod eg at eg i søvne prøvde å få av meg gipsen, så eg har kanskje vore medskuldig i dei to gipsane som datt av. Den eg fekk i går skulle vere trygg, men viss eg driv og hjelper til er det ikkje sikkert .

Datamaskina kan eg bruke med ei hand, så eg fekk betalt rekningar i dag. Så har eg vaska 2 maskiner med klede, det går greitt, sjølv om det er litt plunder å henge opp.

Men å lage mat og ete det er lett. I dag laga eg ein av favorittmiddagane mine, spekesild med tilbehør. Og etterpå vart det kaffi og TV. Etter at eg hadde sete i ro var eg litt frostig, så då gjekk eg i skapet mitt og fann fram ein poncho som mamma hekla til meg for lenge sidan, då det var på moten med slike plagg. Greitt å ha på seg når ein sit i ro

Klokka var 18.30 før eg tok den første Ibuxen i dag, men no verker handa så no måtte eg medisinere meg. Eg kan dessverre ikkje fortelje så mykje kjekt i dag.Men eg kan  no berre seie at eg har det etter måten heil greitt, og så lenge eg har TV-en har eg godt selskap- Men eg skal innrømme at eg saknar å kunne strikke.

Noko som irriterer meg er at eg ikkje får til å legge bilde frå tlefonen og inn på datamaskina, det har eg no gjort i mange år før. Så eg må kanskje snakke med ein som kan hjelpe meg.

 





tirsdag, desember 19, 2023

Dagbok 2023: 19.desember

 



Eg ser fram mot våren no.Ca16-18. januar skal vi kunne sjå att sola.

I dag har det vore litt av ein dag, det starta i natt. Eg hadde lagt meg med gips på handa, men vakna opp utan- for andre gong på kort tid. Flaks at eg hadde time på sjukehuset i dag, men eg visste ikkje heilt korleis eg skulle komme meg til Volda , og om Marit kunne vere med etc.

Midt på natta sette eg meg til å skrive ned det som eg skulle seie til henne eg skulle ringe til på sjukehuset. Så la eg meg igjen, og neste gong eg vakna var det tidleg morgon. Då klokka hadde passert 8 ringde eg Volda og alle brikkene fall på plass. Eg skulle få Taxi og Marit skulle få vere med etc. Heimturen hadde eg avtalt med Margrete.

Al saman gjekk heilt fint, Marit heldt meg med selskap på venterommet, og dei eg trefte hadde berre godt å seie om handa mi, røntgenbildet var heilt fint. men eg måtte få ny gips, for dei vil at ein skal gå med gips i 4 veker. Eg fekk ein annan sort gips denne gongen som garantert ikkje skulle dette av. Eg spurde korleis det såg ut på røntgenbildet og det var heilt fint. Det vart eg glad for, for eg var redd at det kunne ha rota det til inn under gipsen slik den dreiv og flytta på seg,:men alt var i orden og godt var det. 

Margrete hadde lova å køyre oss heim så ho kom frå jobben og plukka oss opp. Etterpå var vi på COOP og handla, så no har eg ganske gode forsyningar i hus. Det vil nok gå enda eit par veker før eg kan køyre bil.

Eg har vore innom Digi -post og betalt nokre rekningar til sjukehuset. Eg må betale, men får att pengane fordi eg har frikort.  På Digipost var det eit redigt rot no, både med betalte og ikkje betalte rekningar, men eg har alt under kontroll no trur eg. 

Det som eg no ikkje har kontroll på er fotografia på PC-en- Men no har eg vel god tid til å finne ut av ting, for det er ikkje så mykje anna eg kan gjere. Det er framleis vondt i handa, så eg tek litt smertestillande. Eg bryr meg ikkje så mykje om smertene. Men det er irriterande å ikkje kunne strikke.

mandag, desember 18, 2023

Dagbok 2023: 18.desember


                                       Minne frå sommaren i år.


Klokka er no 26.46, temperaturen ute er + 6 grader C, det er mørkt ute og det regnar. Men eg har "julestemning" inne.

I dag hadde eg ei oppgåve, eg skulle skaffe "bil" til i morgon. Marit ville vere med meg til sjukehuset men ho kunne ikkje køyre. Av ymse grunnar er ho vand med å bestille bil på legesenteret, og det har ikkje vore noko problem. For henne.

Så eg ringde ned på legesenteret i dag og skulle bestille Taxi til i morgon, men der fekk eg beskjed om å ringe på sykehuset sifdan det var dei som hadde kalla meg inn- Eg ringde sjukehuset, men der fekk eg det til svar at eg måtte ringe den Ortopediske avdelinga. Det gjorde eg, og der fekk eg svar: ei stemme opplyste meg om at dei hadde telefonsvaring frå 8-11, og klokka var blitt over 11 då.

Marit kom ned og heldt meg med selskap ei stund, og vi vart samde om å ringe ortopediske i morgon. Så får vi sjå, det går sjølvsagt an å bestille Taxi og betale, men eg meiner at eg har rett på gratis. No har eg vore bort to gonger alt og det har vore venner som har køyrt. Ein gong før eg spurde-fekk eg også nei, og betalte sjølv for Taxi. Dette er ei prinsippsak for meg, det er ikkje det at eg ikkje har pengar.

Lite får eg gjort om dagane, for eg bør helst halde handa i ro. Ellen Marie, som er sjukesøster, sa at eg burde bruke fatle og halde armen hørt, så eg prøver så godt eg kan, men noko må ein no berre gjere. Ellen Marie ringde i dag, vi pratar no med kvarandre av og til.

Det vart slutt  med å gå på Vernet, og slutt med å gå med piggsko, ja, slutt på all trening og uteliv. Men det er vel ein overgang, får eg håpe.

Eg har valt å bu her i huset mitt  "åleine" og det går bra så lenge eg er nokonlunde oppegåande. Ei broten hand/arm er ikkje så dramatisk, eg kan bbli frisk og rask på relativt kort tid. Håper det. 

Men det er trasig å ikkje kunne gjere stort anna enn å sjå TV og "vere på data." Eg skulle ha lese bøker no, før las eg bøker både tidleg og seint, men no har eg vanskeleg for å konsentrere meg. Det har ikkje med brotet å gjere, det har vore slik nokså lenge no.

Eg slepp ialle fall å stresse -jula kjem vel utan mi hjelp. Eg har enno ikkje vunne noko i adventskalenderen min.



søndag, desember 17, 2023

Dagbok 2023: 17.desember





 Klokka er no 16.32, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar. Alt er betre enn snø for meg, akkurat no.

I dag får eg ikkje lagt ut bilde på bloggen min, for no har dei enda ein gong forandra på noko som eg ikkje forstår meg på. Heilt sidan eg fekk datamaskin har eg lagt bilda mine inn på maskina og brukt dei når det var aktuelt, men i dag får eg det ikkje til. Og det er heller ingen i rekkevidde som kan hjelpe meg.(Brukar eit bilde som eg har brukt før,)

Sist natt sov eg faktisk, men stod ikkje tidleg opp likevel. Eg hadde avtalt med Marit at eg skulle komme opp på føremiddagen og slik vart det. Eg tok ei Ibux , og den har hjelpt heilt til no.Då blei det kaffi og kaker frå selskapet hennar. Eg var invitert, men ville ikkje sitte der hjelpelaus med ei hand. 

Då eg kom ned att sette eg på oppvaskmaskina og så har eg sett TV. Det er veldig lite ein kan gjere med ei hand, og når eg prøver å bruke den brotne handa , er det vondt.

I morgon skal eg ringe og bestille taxi til tysdag, då skal eg vere på sjukehuset kl.13, først på røntgen. Eg har ikkje vore så mykje sjuk i mitt lange liv, men eg har vore veldig mange gonger på røntgen av ein eller annan grunn. Eg håper at det står bra til med bruddet og at eg kan få ein betre gips.


lørdag, desember 16, 2023

Dagbok 2023: 16.desember

 





                               Dette er det eg ser frå trappa mi-


Klokka er no 18.08, temperaturen ute er +6 grader og det regnar og blæs-. Tidlegare i dag kom det nokre vindkast som sende mokebrett og bossdukar av garde i full fart, så eg var ut og sette alt inn i garasjen, der er litt ekstra plass no når eg ikkje brukar bilen min. 

No skulle eg eigentleg vore på kulturhuset og feira Marit sin 85 årsdag (ho har bursdag på lille julafta)men eg såg meg ikkje syn med å delta i dag, for eg strevar enno med å halde handa mest muleg i ro -og så verker eg nesten heile tida. Det er tysdag eg skal bort att på sjukehuset. Ca kl.13.

i dag då eg vakna var eg ikkje bra, eg hadde lagt søvnlaus det meste av natta, men sovna litt på morgonkvisten. Eg tok meg saman etter frokosten og fekk dusje og vaske håret, pakka armen godt inn i plast, så det gjekk bra.

Neste problem var varmepumpa, sist natt hadde eg ein el-ovn ståande på stova for at det ikkje skulle vere iskaldt når eg stod opp. Men eg tenkte som så at varmepumpa som er heilt ny, kan ikkje vere øydelagd, så det måtte vere noko ein kunne gjere, så eg sende ei melding til Helge, og han kom når det leid litt på og fann feilen med ein gong. Det var ingen feil på pumpa, det var eg som hadde kome bort i ein knapp som eg ikkje skulle ha trykt på . Eg seier ofte at eg kunne ikkje ha budd her åleine om eg ikkje hadde så mange gode hjelparar, for det er mykje eg ikkje grier sjølv.  Men det kan no hende at naboane blir lei av meg til slutt.

Det einaste eg kan bidra med er å strikke lestar til dei som vil ha,men no kan eg ikkje strikke ein gong.

Sjukehuset sender betalingskrav på Helse Norge, det synest eg eg litt  styr med,og sjølv om ein har frikort må ein betale, for så å få pengane tilbake etterpå. Dei har vel sine grunnar.

I dag fekk eg langt velskive julebrev frå søskenbarnet mitt på Sørumsand, får slike brev kvart år og det er koseleg. Eg skriv ikkje julebrev, eller kort.Men eg veit at mange les bloggen min så eg sender julehelsing herifrå. Takka vere at eg braut venstre handa og ikkje høgre, kan eg skrive på tastaturet, og sikkert med hand også, men det er ikkje aktuelt.

Eg blir mykje sittande å sjå TV, eg brukar alltid å strikke når eg ser TV, men no kan eg ikkje det, og det saknar eg. Det er sjølvsagt veldig irriterande å plagast med ei broten hand, men som eg sa til venninna mi; der er ikkje det verste som kan skje i min alder.

I morgon er det tredje søndag i advent, og takka vere at eg begynte så tidleg med julepyntinga, så er her no litt "julestemning".

fredag, desember 15, 2023

Dagbok 2023 : 15.desember

Klokka er no 16.47, men eg trudde det var langt på kveld sidan det er enda mørkare ute no enn når det er fint ver og klårt. No regnar det og temperaturen er + 4 grader.
Eg er som kjent gipsa og sit her og prøver å treffe rette tastane på maskina. Eg sov godt sist natt utan å misse gipsen igjen, men låg litt lenger i senga i dag tidleg enn det eg brukar å gjere. Sjølv om det er fredag og vaskedag så har eg ikkje gjort noko husarbeid. 
Eg sit mykje her ved datamaskina og "snakkar" med folk, les meldingar etc. I dag fekk eg ei god melding for ein gong skuld. Som regel er det nokon som vil ha pengar, men i dag fekk eg melding frå Mørenytt om at eg hadde betalt neten 30tusen for myke, for eg hadde sett kommaet feil. Så no får eg att dei pengane.
Eg synest eg rotar for mykje med betalingar etc,.men jammen er det mange andre som rotar også. Det er t.d. eit firma som krev 1500 kr for noko dei ikkje har gjort. Eg har ikkje betalt og kjem ikkje til å gjere det heller.

I dag visste eg at Einar skulle komme, så eg hadde laga hugseliste slik at han kunne handle til meg. Eg hadde også planlagt at han skiulle kjøpe krans til grava og eg hadde kjøpt eit nytt lys med to store batteri, så eg håper dei lyser lenge.

Einar kom som planlagt og presis kl.14som han hadde sagt. Eg hadde ikkje laga middag i dag verken til han eller meg sjølv, så vi åt brødskiver og drakk kaffi.
Einar hadde med julegåva til meg, dei siste åra har eg fått ein fin juledekorasjon med han, slik også i år.
Det har vore så godt og varmt med meg sidan eg fekk den nye varmepumpa, men i dag synest eg ikkje at den varmar i det heile tatt, så eg har sett inn el-omnen som eg brukar her på datarommet mitt. Eg må kanskje kontakte ein av alle dei gode hjelparane mine, elektrikaren "min". viss ikkje varmepumpa bestemmer seg for å varme. 
Eit kvart er det støtt og eg hadde ikkje greitt meg sjølv her utan gode hjelparar. No er snart denne veka slutt også og tida raser i full fart mot jul. Eg begynte veldig tidleg å "pynte" til jul, det er eg glad for no. For no greier eg nesten ingen ting, men det går etter måten bra.
 



torsdag, desember 14, 2023

Dagbok 2023: 14.desember

Arbeidsplassen min.

Klokka er no 17.46, og temperaturen ute er +4 grader C, det er lenge sidan sist vi hadde så mange varmegrader. 

Det har vore ein litt annleis dag for meg og det begynte tidleg, for med det same eg vakna oppdaga eg at gipsen min var vekke, eg fann den i senga, og greidde å dra den på meg, men visste ikkje  om den var brukbar.

Eg ville ringe ned på Legesenteret  og spørje legen, men fekk ikkje telefonen til å virke, og naboane var ikkje heime, så eg hadde ingen å spørje etter hjelp. Eg gjorde eit ærend på datamaskina, og då eg prøvde telefonen igjen fekk eg ringt ned på legesenteret og forklart dei kva som stod på; dei meinte at eg skulle ringe Volda med ein gong, og det gjorde eg, Eg måtte fare med ein gong meinte dei for der vart stor kø. Eg ringde venninna mi, Ragnhild og ho tilbaud å følgje meg til Volda, og eg takka og tok imot.

Ikkje berre køyrde ho til Volda, men venta til eg vart ferdig og det tok si tid, trur vi venta nærmare tre timar, og køyrde meg heim.

Eg var den aller siste som slapp til, og det var ein ung mann/gut som la på den nye gipsen-han minte litt om Erlend. Det vart ikkje teke røntgenbilde i dag, så eg må no pent vente til tysdag, men då må eg vel ta bilde også, og få ein litt mindre gips kanskje. No har eg ete  eit godt måltid, hadde ikkje ete sidan frokost.

Eg synest telefonen min har blitt mykje betre, så kanskje eg har gjort ein god jobb utan å vite det.

Ein ting som var lurt var at eg hadde frikortet mitt på telefonen, for det vart spørsmål om det.

Eg vart litt sjokka i dag då eg oppdaga art det var torsdag for eg trudde det var onsdag. Men i morgon kjem Einar ein tur, og det ser eg fram til. Han kan kanskje sjå litt på telefonen min m.a

onsdag, desember 13, 2023

Dagbok 2023:13.desember


 Klokka er no 19.43, temperaturen er minus 2 grader C og det har vore fint ute i dag også. Berre synd at eg må halde meg inne, stort sett. Eg går no her og subbar med ei låk hand som helst ikkje må vere i bruk. Men litt lyt ho tole skal eg greie det eg greie.

Heldigvis kan eg bruke telefonen og datamaskina, Og så har eg hatt besøk av både Marit og Solveig. 

Solveig hadde handla inn mat til meg, så eg treng ikkje å svelte i alle fall. Eg kjeder meg aldri, for eg finn alltid på noko, eg ser TV og så er eg mykje på datamaskina -der er det mykje å finne på og så greier eg å gjere litt husarbeid. I dag la eg i hop ein klesvask, det var ikkje enkelt-og det såg ikkje ut. 

Øystein hadde eit ærend innover og Solveig var med. Solveig braut eine handa si for to år sidan, også det var rett før jul, så ho kom med gode råd til meg. Då eg braut høgre handa for 60 år sidan, kan eg ikkje hugse at eg verkte noko særleg, men Solveig hadde verkt, så då er det ikkje så rart at eg verker. Eg må ta smertestillande tablettar, men med måte. Eg er vel vand med både IbuX og Paracet, eg gjekk no med ei låk hofte i mange år. Men no har eg hatt nokre gode år, og vil gjerne ha nokre fleire.

I dag er det Lucia-dagen , men eg har ikkje laga Lussekattar, det gjorde eg av og til før i tida. Tida fram til jul går sikkert fort. Komande tysdag skal eg bort på sjukehuset  igjen, eg får kanskje ein ny gips og så skal dei i alle fall ta røntgenbilde. Eg håper eg har rett til Taxi-for eg har frikort og då er det gratis.


tirsdag, desember 12, 2023

DAGBOK 2023: 12.DESEMBER




Klokka er no21.10,temprraturen ute er minus 4 grader C. Det har vore opplett og fint i dag også. Ikkje at det har så mykje å seie for meg, eg sit her no berre og kan ikkje gjere det skapte grann. Men eg får no litt mat i meg av og til, og så har eg TV og PC, som eg kan styre med ei hand. og så har eit par av naboane stukke innom. Neida eg  klagar ikkje, eg har ikkje så lett for å kjede meg. Og eg har bøker i massevis som eg kan lese om eg vil. Men eg kan ikkje strikke.

Men det er så mykje anna eg ville ha gjort no før jul. Eg har no sett fram litt julepynt i god tid, så litt julestemning er her no. Det som er verst for meg er at er verker ein god del i brotet mitt, så det er derfor eg må halde meg i ro.Eg kan ikkje hugse at eg verkte så mykje då eg braut hi handa. Men eg kan ha gløymt det.

Eg trudde Solveig skulle komme innom i kveld, men eg har visst misforstått.(Og det hadde eg, ho skal komme i morgon, 

"Det er nokon som skal koma"  (Jon Fosse)

I morgon kan eg feire Lucia,


Eg er så glad i den nye varmepumpa , ho held her godt og varmt heile døgnet, og eg slepp å fyre i omnen i tillegg.

mandag, desember 11, 2023

Dagbok 2023. 11.desember



Klokka er no18.31, temperaturen ute er minus 6 grader C, og det er fint ver og opplett. Men eg sit inne heile tida, mesteparten av tida i godstolen framfor TV.

Eg sov godt sist natt også, vakna tidleg, som vanleg men la meg nedpå igjen, eg hadde ikkje så mykje eg skulle eller kunne gjere. Det var ein heil jobb å få på seg klede, og når eg var ferdig var eg ikkje smertefri akkurat. Utpå føremiddagen kom Marit ned og ho hjelpe meg med å lage ei fatle son eg kan ha armen i, den er til god hjelp- elles Sit eg stort sett i stolen og ser TV. Strikketøyet får ligge i fred inntil vidare. Eg har vore to turar i kjellaren, sette på vaskemaskina-og hengde opp kleda. Datarommet er fullt av klede soM eg ikkje har fått til å henge opp. 

Hugsar ikkje at eg var så hjelpelaus den gongen eg braut høgre handa i 1964. men då hadde eg NILS, han tok seg av alt heime, men eg gjekk på jobb og skreiv på tavla  med venstre handa. Men eg hugsar ikkje at eg verkte etter at eg hadde fått på gipsen. men det gjer eg no, så snart eg ledar på meg. Ja det går seg vel til. Eg hugsar at mamma braut handa året etter, og då budde ungane og eg på EID, Nils jobba i Høyanger. Mamma var deppa for ho trudde at ho aldri kom i arbeid meir, tre veker etterpå var ho i full jobb. Det var forresten ein fin sommar, Bodil hadde fått Audny og eg hadde Rasmus i mi barnevogn. Og så var det fint ver. Ja eit armbrot kan friske opp minne. 

i morgon skal Marit på trening utan meg, og då skal ho kjøpe brød til meg. Elles har eg det eg treng, trur eg.

 

søndag, desember 10, 2023

Dagbok 2023: 10.desember

.

Juletre på kjøkkenbordet, kjøpt på Clas Olson, med batteri.

Eg veit ikkje så mykje om veret i dag ,for eg har ikkje vore ute, men termometeret på trappa viser +1 grad, og i dag har eg ikkje fyrt i omnen, men greidd meg med varmepumpa.
Eg sov godt sist natt til tross for at armen ikkje var god,men eg låg sikkert veldig roleg og så hadde eg tatt ein ekstra sovetablett. Legen min har sagt at eg kan gjere det, eg driv ikkje og overdriv tablettbruk. Men dagen i dag har vore litt utfordrande, sidan eg har problem med å kle på meg.No går eg rundt med ei gammal hagebukse med strikk i livet. Armen verker framleis, men no tok eg ein Ibux tablett i håp om å vere litt betre ei stund. Eg har stort sett site framfor TV-en heile dagen og sett på Nobelpris-utdelinga m.m. 
Så ringde Ellen Marie og vi prata lenge om laust og fast. Om eg ikkje greier så mykje ann, så får eg i alle fall i meg mat. Appetitten forlet meg aldri-No er eg i alle fall glad for ar eg begynte tidleg å pynte til jul, for heretter blir det vel ikkje gjort så mykje. Eg må seie som sant er at eg greier ingen ting så lenge som armen er så vond. Men så får eg sjå kva dei seier på sjukehuset når eg skal bort att i slutten av veka.


Det verste er at eg ikkje får strikke ..................................

lørdag, desember 09, 2023

Dagbok 2023.9.Desember



Klokka er no 18.27, temperaturen ute på trappa er minus 3 graderc, det er fint ver og opplett.

Eg kan ikkje skrive så mykje i dag,for eg har berre ei hand, heldigvis er det den høgre-, dei fleste har vel fått med seg at eg har brote eit bein i venstre handleddet. Det var på føremiddagen i dag at eg sette i gang å rydde rundt huset, eg skulle ta opp noko som låg under altanen og då glei eg og datt. Eg slo meg ikkje i fallet, men eg tok meg føre med venstre handa og då fekk eg med ein gong kjensle av å ha brote bein inne i handleddet. Eg la ut melding på sida vår, og eg kom i kontakt med Margrete,ho ville komme og hjelpe meg. 

Men Ingrid som bur i kjelleren her meinte at ho kunne gjere det. Vi var først på Legevakta  ved flyplassen, og så vart eg sendt til sjukehuset i Volda. Der tok dei røntgenbilde, og ho som gjorde der hadde gått i klasse med Amanda, og ho kjende Erlend også og ho visste kven Ingrid  var. Det var som å kome til nærmaste slekta. 

Men så måtte vi vente i minst to timar før vi fekk komme inn til legen-ein ung mann var det. Han fortalde at der var et lite brot, men han skulle legge på gips. Eg braut høgre handleddet for nokså nøyaktig 60 år sidan og eg kjende att smertene, det var derfor eg var så snar å komme meg til lege. No går eg med ein nokså stor og tung gips på armen-og den verker enno.  Om ei veke skal eg bort att og då håper eg å få eIn mindre gips. Eg har ikkje fatle , men kanskje det hadde vore lurt å ha. Det er så merkeleg for i dag hugsar eg nøyaktig korleis det var å bryte høgrehanda for 60 år sidan. Eg blir vel kvitt verken etter kvart,  alt eg skal gjere er vanskeleg-men det er vel ein overgang.

Det eg ikkje får gjort no, blant anna, er å strikke. 
 

fredag, desember 08, 2023

Klokka er no 20.30, temperaturen ute er minus 6 grader C, det har vore delvis skya i dag og ikkje nedbør. Eg har ikkje vore ute for ei dør, delvis på grunn av høgrefoten, men også fordi eg har hatt litt å styre med inne. Fredag er vaskedagen min,vaskinga var eg no ferdig med nokså tidleg, men eg hadde no litt anna på programmet også.
Eg venta på Solveig som skulle komme ca klokka 18  og då kom ho. Vi kosa oss med kaffi og kjøpekaker mens vi prata. Solveig hadde med seg garn så no slepp eg å tenkje på det. Eg strikkar lestar til alle som vil ha, og blir ikkje lei av det. Det er så sytalaust at om eg skulle sovne, så hadde eg berre strikka vidare i søvne.
I morgon må eg vel kanskje komme meg ut litt, men eg er forsiktig meg å gå for mykje, så lenge eg har problem med foten.
No skal eg sjå litt meir på TV, det er mykje om Jon Fosse. Eg hugsar kor forvirra eg var då eg las første boka hans. Eg har lese fleire etter den tid, men eg forstod ikkje kor "stor" han var. Men det er no fantastisk at ein forfattar som skriv på nynorsk får Nobelprisen! Eg såg eit veldig fint program om Fosse for nokre dagar sidan, og eg kjenner ein som har vore i lag med forfattaren, så litt veit eg om han.No må eg sjå litt meir på TV. 
 Det er faktisk fredag no igjen så eg vil ønske alle ei god helg.



 

torsdag, desember 07, 2023

Dagbok 2023: 7.desember.


                                             Utsikt mot vest klokka 15.30

Klokka er no 15.40, temperaturen er 0 grader, det er opplett, men ikkje sol-ikkje her i alle fall. Veret er fint for såvidt, og ikkje så fryktelig kaldt lenger. Men eg har ein mistanke om at når det blir mindre kaldt kan det kome meir snø, og det ønsker eg ikkje. Men det er no ikkje eg som bestemmer.

I dag har vi vore på trening, Marit og eg, og det var no kjekt på ein måte. Eg var litt spent på korleis det ville vere med høgre hofta når eg skulle til å trene. Det vart både og, det gjekk bra å trene, men så vart det låkt etterpå, då kunne eg nesten ikkje gå, så eg måtte ta det litt forsiktig.

Marit og eg hadde avtalt å handle i dag, og vi starta på apoteket, der eg vart fort ferdig. Etterpå var vi på Europris og handla litt der begge to. Siste stopp var KIWI der vi handla ganske mykje begge to, så bagasjerommet på bilen vart nesten fullt.

Heile tida mens vi handla var foten min bra, men då eg sette meg ned ei lita stund og så reiste meg opp att, då kjende eg det godt, og eg kjenner at det er i hofteleddet, der kula er. Men så lenge eg er såpass  så bryr eg meg ikkje om det.

Eg laga skikkeleg middag til meg sjølv og no er dagen snart omme. Det blir nok ikkje gjort så mykje meir i dag, men eg kan no strikke i alle fall for eg kjøpte litt garn på Europris. Eg må ta meg saman å fare til Volda ein dag, det har eg sagt lenge, men no berre MÅ eg. 

Elles skjer det ikkje mykje her og det er no i grunnen bra. Eg vart nesten sjokka i dag då eg begynte å tenke på at det er fredag i morgon-igjen! Det er snart berre fredagar i veka. Eg sankar å gå tur på Vernet, men eg har halde meg litt roleg på grunn av hofta. No skal eg prøve å rydde litt for her er rot alle plassar, dvs. jule-pynt etc. Ein kan ikkje bruke alt, men så får eg meg ikkje til å kaste så mykje heller-men eg må vel det. Den beste måten å fjerne rot på er å brenne det opp i omnen, så er ein sikker på at det ikkje dukkar opp igjen. Men det er litt brutalt også.



onsdag, desember 06, 2023

Dagbok 2023: 6.desember:Nilsmesse/ Nikolausdagen




Klokka er no 16.48, det er 8 kuldegrader ute, så det er framleis kald vinter. Eg har ikkje vore mykje ute i dag, ville ikkje gå tur, fordi eg kjende litt i foten. 
Eigentleg har det vore ein rotete dag, og eg har ikkje gjort så mykje til gagns. Eg vakna tidleg og følte meg stressa så eg fekk ikkje til å sove meir, eg var oppe ca halv 7. 
Men sjølv om eg starta dagen tidleg, har eg ikkje fått gjort noko særleg til nytte. Eg var irritert fordi eg ikkje fekk lys i dørkransen, så eg tok og opna opp batteriboksen og la inn nye batteri, men det vart ikkje lyst for det. Denne fungerte no fint i fjor.
Men ein ting gjorde eg skikkeleg i dag, eg laga ein porsjon med "fine" rundstykke som var skikkeleg fine. Så er det å rydde litt og vaske opp litt etc.
Gudmund kom og ville ha meg til å starte bilen min, og det gjekk heilt fint, men den står framleis og laddar seg opp. Eg skal køyre på treninga i morgon for Marit sin bil er framleis på verkstad.
Eg har sete ei god stund og sett TV og strikka, men no må eg ta og rydde litt igjen.
Eg blir av og til litt irritert, for i dag fekk eg melding på telefonen om at eg måtte betale for at dei tok ned den gamle varmepumpa. Som før sagt har dei ikkje tatt ned den pumpa, det var det Helge som gjorde, lenge før eg fekk den nye. Det var Rasmus som styrte med dette, så han er sett på saka. Men eg hissar meg litt opp når eg får alle desse betalings-krava, som eg ikkje skal betale. Rasmus har no kontakta dei for lenge sidan, men det skjedde ingen ting. Den er kjøpt på Coop i Volda.
I dag var det tømming av papp, papir og plast. Vi hadde to sekker med plast, men dei tok berre den eine, den andre hang fast med eit skriv på, den plasten var ikkje embalasjeplast så den kunne dei ikkje ta. Eg har tenkt meg  bort på VØR når /viss det blir mildare, for vi har ein del å kvitte oss med. Eg fekk ikkje rydda skikkeleg rundt huset før snøen kom, og eg har sekker med botnfrose hageavfall. 
Kveldane kjem så tidleg no for tida at eg "tek kvelden" altfor tidleg. Men no skal eg i alle fall rydde på kjøkkenet etc.


PS: som de ser har eg ikkje lært meg å behandle bilda slik at dei blir som dei skal vere. Det er fordi eg ikkje har lært meg skikkeleg  det nye bildebehandlingsprogrammet





 

tirsdag, desember 05, 2023

Dagbok 2023: 5.desember



Klokka er no 15.27, temperaturen ute på trappa mi er minus 8 grader C. Vêret er heilt nydeleg , men det er kaldt å vere ute. Men eg tok ein bitte liten tur og gjekk i vanlege støvletar, eg er litt redd å bruke piggskorne sidan eg vart så låk i eine foten sist eg gjorde det, foten er bra no, og det vil eg han skal vere.

I dag skulle Marit og eg på trening og eg skulle køyre sidan bilen hennar er på verkstad, forresten er det eg som skal køyre tysdagar. Eg hadde rygga bilen opp på vegen i går for å vere sikker på at eg kom meg ut. Men kva skjedde i dag? Bilen starta ikkje ! 

Det er slikt som skjer av og til, så eg rekna med det var batteriet denne gongen også. Eg køyrer stort sett berre små turar, og det er litt dumt for batteriet får ikkje  det som trengst. Marit og eg sat og prata i staden for å trimme i dag, men det var no kjekt å få oppdatere kvarandre for vi har ikkje vore mykje i lag siste tida. 

Eg sende ei melding til naboen og no står batteriet på ladding, så eg håper eg kjem meg ut både i morgon og torsdag. Og så må eg hugse å ta litt lengre turar av og til-skulle vore til Volda t. d. Og no er vel ikkje vegane så glatte lenger.

I dag har eg ikkje gjort særleg mykje til gagns; eg laga middag til meg sjølv og i dag vart det grønsaksuppe med pølsebitar. Meir lettvint kan det ikkje bli. No skal eg lage meg kaffi; eg har forresten rydda og vaska "kaffiskuffa" i dag- så det kan hende eg lagar meg ein litt spennande kaffi i dag-eller i morgon.







mandag, desember 04, 2023

Dagbok 2023: 4.desember


 Klokka er no18.00, temperaturen ute er minus 2graderC og det har vore opplett i heile dag.  Eg har knapt vore ute for ei dør, men køyrde bilen ut og inn av garasjen eit par gonger for å sjekke om eg kom meg ut i morgon tidleg når vi skal på trening, og det går bra så lenge som det ikkje kjem meir snø. Det som alt ligg der av snø og is er ikkje godt å få vekk sidan det er stivfrose.

I dag hadde eg ikkje ein sikker plan, dvs. eg hadde mange planar og ei stund gjekk det heilt fint å gjere mange ting på ein gong. Så skulle eg lage ei kake, og brukte samme oppskrift som eg har prøvd før. Det vart ikkje heilt overbevisande denne gongen heller.Eg trur eg må slutte å lage kaker, for det er eg ikkje flink til. Eller skal eg ta fram gamle oppskrifter som eg har brukt for lenge sidan?

På bildet over ser de det nye juletreet mitt, det liknar veldig på det gamle, men på dette er det batterilys, og eg veit ikkje korleis eg skal få batteria på, det samme gjeld dørkransen. I fjor var eg litt meir opplyst, men det er gløymt no-

Eg tek fram litt julepyntkvar dag, men eg kan ikkje pusse kopar og messing enno, for då blir det stygt til jul. 
Eg har strikka ferdig ein lest i dag, men no har eg ikkje meir garn, så då blir det krise, eg må no "ha noko på hendene" når eg ser TV.

I morgon skal Marit og eg på trening igjen. Foten min er heilt bra i dag, men då spørs det om han toler å trene. Eg snakka litt med Marit då ho kom frå senior-dans i dag. Ho har vore med på dansen i mange år; eg har aldri vore der, men eg var på "Internasjonal folkedans" nokre år. Eg er spent på om foten min toler vanleg bruk, slik at eg kan gå tur, men å gå med piggsko, det er litt voldsomt. I alle fall når det er is på vegane. 

Eg trur eg må leite og sjå om eg finn garn som eg kan bruke til lestar, eg skulle absolutt vore ein tur til Volda både for å kjøpe garn og for andre ting. Det er no nokre dagar til jul enno.

Det er noko eg lurer på- Eg kunne ha tenkt meg å lage Pavlova-kake til jul, men kva kan ein bruke eggeplommane til? (Det blir mange)

Her er mykje rot med meg for tida, så lenge eg ikkje er ferdig med pyntinga. Og ferdig blir eg vel ikkje før julaftan. Eg håper vi får bra ver i jula i alle fall, når folk skal reise hit og dit på besøk.


Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...