lørdag, desember 23, 2023

Dagbok 2023: 23.desember

Klokka er no 14.30, temperaturen ute er minus3 grader og den skal stige står det på PC-en, i dag morgon var det minus 10. Men heile bygda ser ut som eit levande julekort med all snøen som kom i går. I år kan eg ikkje moke snøen sjølv, så no er det bra at eg har friske folk i kjellaren som kan ta eit tak. I dag er eg heime åleine, eg har berre lata meg , sett TV etc. I morgon skal eg ut til Solveig og familien, det har blitt ein tradisjon. 2.juledag plar vi samlast alle her med meg, men i år blir det Solveig som tek over. Eg greier ikkje å stelle til alt, når eg har berre ei frisk hand. Men det går bra med handa eg kan faktisk bruke den litt sjølv om den er gipsa.

Elles skjer det ikkje så mykje no når eg er berre her heime, men eg kosar meg, eg har ny varmepumpe som varmar godt og så fyrer eg litt så det blir skikkeleg varmt. Eg er veldig varmekjær og har lett for å fyse, slik har eg alltid vore, så det er ikkje eit alderdomsteikn-
Eg har ikkje skrive julekort til nokon i år heller, for eg har inntrykk av at dei som kjenner meg ser innom bloggen no og då og så ønsker vi alle GOD JUL på facebook. Eg ønsker sjølvsagt at alle skal ha ei god jul, men no veit vi at det er veldig mange som har det vanskeleg økonomisk i vårt eige land, og så er det krigar og ulykker over alt i verda nesten. Når ein tenkjer framover no, så er det uvisst kva som kan hende i verda og korleis vi her i Norge vil merke det. Men vi vil vel også i år ønske eit godt nytt år, og no ligg det vel meir tanke bak.

Eg vart fødd nokre dagar før 2.verdskrigen kom til Norge, og eg var 5 år då eg såg det første norske flagget vaie frå flaggstonga på garden i Innvik, og eg hugsar at Besten kom heim med radio. Heilt sidan då har det godt framover i vårt land. Folk har stort sett fått det betre etter kvart-heilt til no. Det er uvisst kva som kan skje i verda no framover, vi kan berre håpe på at det skal ordne seg både i Ukraina og Gaza, og andre stader der det er krig og usemje,-men det ser ikkje lyst ut. Likevel vil eg ønske folk GODT NYTT  ÅR  og håpe at det blir det for dei.
Litt dystert å tenkje framover men vi kan i alle fall ha ei 

                                             GOD JUL



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...