fredag, august 21, 2026

Dagbok 2026:21.august



                                      Best å vere inne i dag.

Klokka er no ca19.30 ,

 temperaturen ute er +11 graderC, det er overskya og det regnar inimellom, ein nokså grå dag. Eg var rimeleg tidleg oppe i dag, som vanleg, og i dag visste eg at Margrete skulle komme ein tur. Eg sat og strikka ei stund, men så tok eg ein tur på butikken for eg mangla litt av kvart, men det var ingen problem -for eg hadde bil! Eg kom heim att og begynte å strikke igjen-men så kom Margrete. Vi hadde mykje å snakke om for det var ei stund sidan sist.- Eg kokte kaffi og Margrete hadde sjokolade- slik sjokolade som eg er svak for.

Etter ei stund gjekk turen til Volda der vi skulle gå på kafe.Men først fekk eg kjøpt meg noko som eg mangla-ein heklekrok, ikkje fordi eg skal hekle,men fordi eg skal plukke opp masker som fell av pinnen når eg strikkar- Så blei det Kina-mat i dag, stor porsjon, så eg er rimeleg godt mett. Men eg kan ikkje la vere å tenkje på at det hadde vore godt med litt kaffi og sjokolade no-eller kanskje seinare i kveld! Takk til Margrete for ein kjekk dag.

torsdag, august 20, 2026

Dagbok 2026; 20.august



Klokka er no18.30, temperaturen ute  er + 14 graderC og det regnar så smått. I går var det ganske fint ver, og eg fekk gjort mykje ute; i dag var det innever, så då var eg glad for alt eg hadde gjort i går. I dag hadde eg ikkje tenkt å gjere så mykje, men eg hadde eit par ærend i Vik, så det vart ein biltur. Eg køyrer ikkje meir enn eg treng og i dag hadde eg eit par ærend i sentrum, eg er så glad for at eg kan få gjort slike små ærend utan å måtte "leige" hjelp. 

Eg var litt låk i føtene etter gårsdagens jobb, men det går relativt fort over når eg tek ein halv strikkedag. Det var så kjekt å få strikke litt igjen, men eg må vere veldig forsiktig, for no er det venstre handa som protesterer litt, det er den handa som eg braut for nokre år sidan.

Eg hadde ingen planar for morgondagen, men no fekk eg melding frå Margrete om at ho har fri i morgon og vil komme ein tur. Eg ser fram til å få høyre nytt frå jobben hennar etc, vi får sjå kva vi  finn på. Eg må kanskje ein tur på butikken før ho kjem, for eg gløymde diverse i dag. No kan eg fare på butikk kvar dag om eg vil.
 

onsdag, august 19, 2026

Dagbok 2026:19.august

NB: Eg har rydda bort dette no.


I dag var dei og henta boss, og eg fekk av garde mykje, men her er enno noko att til neste gong-og det er vel ei stund til. Eg kan no gøyme bort litt av rotet til den tid.

Klokka er no 17.10, temperaturen ute er +18 graderC og sola skin, det har ho gjort i heile dag.

I dag hadde eg bestemt meg for å gjere diverse, og eg starta opp med å spyle altanen. Eg forar ein skokk med fuglar der ute og dei rotar med frøa dei får, der er nemnleg skal på frøa og desse skala ligg att.Og når vi går ut på altanen dreg vi med oss rusk inn. Men i dag vart der altså reingjort og desse frøa har eg brukt opp..

Då eg var ferdig med den jobben tok eg fredagsvasken som eg brukar å kalle den, det vil seie at eg vaskar skikkeleg på bad og kjøkken.- Og så var det tid for grasklipp. Batteriet var ladda så det var berre å sette i gang, eg må berre seie at den klipparen eg har no høver ikkje så godt for meg, men eg kjem no i land på ein måte. Heldigvis klipper naboen den plenen som ligg opp til vegen, så ser no der skikkeleg ut.

Då vart det tid for å sette batteriet på ladding, og eg kunne lage meg litt mat- og så såg eg at Marit var ute, så eg måtte opp og prate litt med henne etterpå-

Eg strikka ferdig andre lesten i går kveld, men der er noko eg må fikse før den er heilt i orden. Veldig kjekt å få strikke litt igjen, no må eg berre ikkje overdrive.

Fint ver har vi i alle fall hatt i dag, så sommaren er ikkje heilt over for oss som har heilårsferie.
 

tirsdag, august 18, 2026

                                        Her står batteriet på ladding.


Klokka er no 18.47, temperaturen ute er + 16 grader C, Sola skin som ho har gjort i heile dag(trur eg).

Eg har hatt ein rimeleg aktiv dag i dag. Eg fekk melding frå Einar om at han ville komme og hjelpe meg med å rydde i garasjen. Då kom eg på at eg måtte ha noko på butikken , så då vart det ein liten biltur på meg, eg må berre seie det endå ein gong at det er veldig bra for meg å ha bil, når eg ikkje er så lett på foten. 

Eg tenkte eg kunne klippe litt gras mens eg venta på Einar, men då eg hadde klipt ei stund og gjekk opp att på tunet, var Einar komen. Han jobbar fort, så eg trur han ryddar meir på ei lita stund enn eg gjer på timesvis. Men før vi tok ryddinga heilt ut, åt vi middag og drakk kaffi. Det var ei stor lette for meg å få vekk så mykje av garasjerotet mitt, det var i grunnen ikkje mine ting, men mest slikt styr så Nils hadde hatt når han fiska, ja, og diverse malarkostar etc, som Einar har når han målar på huset her. Og diverse "rot" som låg att etter snikkaren.Og det han ikkje tok med seg står her i sekkar som eg skal ha opp i dei grøne boksane som vert henta av VØR.

Eg tok meg ein pause då eg vart ålene, men så var det han igjen  med plenklipping når batteriet var opplada. Eg klipper og klipper, og graset veks, så eg vart ikkje ferdig i dag heller. Den skråninga nedanfor huset er dryg og batteriet til klipparen treng 4 timar til å ladde opp, så alt tar si tid. Eg veit at dei som er unge og spreke og kan springe med klipparen, dei gjer jobben mykje lettare og fortare.
 

I dag var det ny avis, og der kunne eg lese at Erlend og nokre andre hadde spelt og sunge nede i Vik-utan at eg visste om det. Eg trur han skal synge i kveld også for dei var her og henta han med bil. Han har ikkje bil sjølv -så han blir henta. No skal eg slappe av og høyre nyheiter mellom anna -og så strikkar eg igjen -men ikkje for mykje.

mandag, august 17, 2026

Dagbok 2026: 17.august


 Så er vi komne til klokka 18.10 i dag, og sola har nettopp funne oss. Heilt typisk for denne sommaren  er at vi får kveldsol-og berre det. Men betre seint enn aldri.

Eg var tidleg oppe i dag for eg skulle til legen. Eg er ikkje sjuk, men fastlegen min hadde sagt at eg måtte ha eit treff med den nye legen når eg fekk vite kven det var. Eg trudde eg skulle få ei stund med henne for å bli kjent, men der var så mykje folk  i dag at ho kunne ikkje ta seg så mykje fri-trudde eg.. Så eg bad om å få ta ein blodprøve og dett var dett. Eg har no i alle fall sett henne.

Eg kom meg no fort heim att og der gjekk eg opp til Marit. Ho har ikkje vor så frisk siste dagane, og ho set pris på at eg kjem.

Men eg hadde no ein jobb å gjere også. Og i dag gjekk det veldig fint å klippe plen. Eg skubba klipparen med handemakt så det vart passeleg fart så eg klipte rundt huset og oppe med postkassane og litt nede i hagen. før det var slutt på straumen. No har eg ladda opp att batteriet, men eg trur ikkje eg skal klippe meir i kveld.

Einar har sendt meg ei melding om at han vil kome i morgon og sjå kva vi kan kaste av det som er i garasjen, og det er no ei god hjelp for meg. Det er ikkje så farleg om ein ikkje klipper plenane så ofte no, for graset veks ikkje så fort no lenger.

Eg har sjekka svartsurbæra mine, dei er ikkje modne enno, men eg må passe på når det lid på elles tek fuglane alt.


søndag, august 16, 2026

Dagbok 2026: 16.august



 


Klokka er no 18.40, temperaturen ute er+16 grader C og det blæs litt. PÅ bildet over her ser vi svartsurbærbuska mi. Det er ingen ting som er som det skal vere i år, så eg veit ikkje korleis det går med svartsurbæra. Men blir dei bra må eg skunde meg å plukke dei før  småfuglane kjem og tek alt.

Det har vore ein kald og sur dag i dag, så eg har halde meg inne. Eg var frista til å prøve om eg kunne gå på Vernet, men eg slo det frå meg. Eg har vore her inne i heile dag -åleine, men det er eg no ofte. Eg har strikka litt og jobba med ein sudoku som eg ikkje fekk til. Det  ergrar meg kolossalt.
Eg synest også vi kunne fått litt meir sol og varme, så kunne andre få mindre, men dette styrer ikkje eg.
I dag strikka eg ferdig den første lesten i år, eg har ikkje kunna strikke på grunn av ei vond hand, men no er handa blitt betre ,så eg kan no prøve meg fram. Eg likar å ha noko å pusle med når eg ser TV-
I morgon skal eg  på legesenteret og helse på den nye fastlegen min, eg er ikkje sjuk altså.(Sjuk er eg veldig sjelden)
Det vart litt finare ver no mot kvelden-slik er det ofte her.


lørdag, august 15, 2026

Dagbok 2026.: 15.august



Klokka er no 20.14, temperaturen ute er +13 grader C, og det regnar meir og mindre, slik det har gjort i heile dag. I dagmorgon var det opplett så eg planla å klippe plen. Men først måtte eg på butikken og handle inn mat til helga, må no ha litt ekstra då i tilfelle det skulle kome nokon.  Eg var så vidt komen heim att, så fekk eg melding frå Solveig om at ho var på veg. Det vart eg no sjølvsgt glad for,  og eg mistenkte at ho hadde tenkt å klippe plen. Eg tok ikkje feil, men ho var ikkje før komen, så begynte det å regne. 
Heldigvis hadde eg nesten sagt, for så fekk ho heller hjelpe meg med stikketøyet mitt. Før jul strikka eg minst ein lest for dag, men når eg no skulle prøve meg, hugsa eg ikkje korleis eg skulle felle av hælen. No fekk eg ny opplæring så no kan eg kanskje unne meg å strikke litt av og til-men eg må passe handa mi, for heilt god er den ikkje enno. . 
Det vart ikkje plenklipping i dag altså, men håper det lettar opp over helga. VI har hatt ein trasig August i år når det gjeld ver. Eg brukar å seie at august er den finaste månaden-men det passar ikkje i år. Det ser ut som om eg brukar samme bilda om att her på bloggen, men det gjer eg ikkje, sjølv om det ser slik ut. At veret  er slik som det er kan vi i grunnen vere litt glade for. Det er verre for dei som får altfor mykje sol og varme.Eg set no her åleine framfor TV-en med strikketøyet mitt. Men eg har det godt.
 

fredag, august 14, 2026

Dagbok 2026: 14.august

                    I dag har det regna, og eg har ikkje sett sola

Klokka er no 17.24, temperaturen ute er +15 graderC, og det er nokså overskya   -og eg er glad for både skyer og regn og den låge temperaturen. Eg har nettopp sett på TV og høyrt dei snakke om skogbrannar og voldsomme hetebølger osv.  Då vart eg glad for at det ikkje er slik her, sjølvsagt kan ein ønske seg sol og sommar, men med måte.

Eg kan seie at eg har hatt ein kjedeleg dag, har gått her åleine og ikkje gjort så mykje. Men eg har valt det sjølv! Det var sjølvsagt litt av kvart eg skulle ha gjort, men eg få gjere det i morgon.Kanskje.

Det var langt ut på ettermiddagen før eg kom på å gjere noko ute. Det hadde regna så eg trudde ikkje eg kunne bruke klipparen, så eg jobba for hand i staden, rydda og klipte etc. her og der. Det beste med ein hage er at ein aldri blir arbeidslaus-om ein ikkje vil. Det er visst opplett no, men det har kome nokre byger i dag.

I dag var eg så god i føtene at eg lurte på å gå på Fonnvernet. Det blei ikkje i dag, men eg har håp om at det kan bli ein gong. Eg har vore låk i føtene lenge, men kanskje det kjem seg?

Dagane og vekene fer så fort forbi, og i morgon er det laurdag igjen. Då må eg  ein tur på butikken, og kanskje kjem det nokon på besøk. Det er aldri godt å vite.

I dag har det hendt veldig lite , så eg har lite å skrive om.


torsdag, august 13, 2026

Dagbok 2026: 13.august


Klokka er no 19.41, temperaturen ute er +16 graderC. Det har vore rimeleg bra ver i dag, men det kom litt regn også.
Eg har bestemt meg for å rydde i garasjen, men å ta det med ro, gjere litt kvar dag, så kjem ein vel i hamn ein gong. Det er ikkje godt å forstå kor mykje arbeid det er, viss ein ikkje har gjort noko liknande sjølv. I dag har eg til dømes vaska opp ein god del klede som har vore brukte i arbeid, med til dømes maling av hus etc. Ja, det var no maskinene som vaska og tørka . 
Eg hadde også ein annan jobb i dag, eg plukka alle solbæra i hagen,der er eit lite tre som hadde mykje bær og eit stiort tre som eg klipte ned i fjor, der var veldig lite bær. Det vart ikkje så mykje, men no er det i alle fall gjort. 
Etterpå var eg oppe hos Marit og sat og prata ei stund før eg gjekk heim og åt middag. No  blir det TV resten av kvelden, men eg får ikkje strikke fordi eg har gløymt hælfellinga, dessutan trur eg ikkje det gjer godt for handa mi, i går måtte eg til å sette på meg armbindet igjen, og no har e vore bra lenge. Ein ting var bra i dag, eg var ikkje så låk i føtene som eg har vore i det siste.
I dag var det første skuledagen for mange, men eg saknar ikkje skulen-eg likar betre på vere fri-men det er no for det eg er gammal. Solveig skal  bli pensjonist no, men Rasmus ventar til over jul før han gir seg.



 

onsdag, august 12, 2026

Dagbok 2026:12.august


 Klokka er no19.05, temperaturen ute er 16  grader C, det er overskya og opplett, men det ser ut til at vi skal få litt regn.

Det har ikkje hendt mykje i dag, eg har ikkje vore ute for ei dør-nesten, og har ikkje snakka med ei levande sjel. Eg hadde tenkt meg ut å plukke bær på føremiddagen, men så var det ikkje fritt for at det skulle regne. Utpå dagen laga eg middag , det vil seie at eg tok fram det som var att frå i går og varma det opp. Det vart litt mykje rot syntest eg, så eg tok og vaska opp for hand og fekk orden på kjøkkenet. Eg var veldig trøtt, så eg la meg inn på senga og sovna straks -og sov i fleire timar. Slikt har aldri hendt før, og det bør ikkje hende heller. No er eg oppe- sjølvsagt, og ventar på solformørkning. Det står på kalenderen at det er onsdag, men oppe i hovudet mitt er det søndag.Men det kan ein ikkje bry seg om.

tirsdag, august 11, 2026

Dagbok 2026: 11,august

Klokka er no 19.13, temperaturen ute er +12 graderC og det er mest skyer på himmelen, men det regnar ikkje. 

Dette har vore ein fredeleg dag,utan mange hendingar, og då snakkar eg for meg sjølv. Eg har vore åleine heime i dag, men hadde ein tur på butikken på føremiddagen,. Eg hadde nemleg ikkje att kaffi, og det må ein no ha. På butikken var der full kaos , dei driv og har ut benkane og bordet , der dei har hatt utsal av ferdiglaga mat. Eg tru mange kjem til å sakne den disken. Eg veit ikkje kva som kan kome i staden.

Til middag i dag hadde eg rikeleg att frå i går, eg har ikkje laga desserten enno, men den får eg ta til kvelds-  kanskje.

Eg har vore oppe hos Marit og drukke kaffi og ete is, og prata - ikkje minst. Same kor mykje vi er i lag så har vi mykje å snakke om. Og går vi tomme kan vi begynne frå start igjen. Eg føler på at det har vore sundag,men kalenderen seier at det er tysdag.

NO kom eg på at eg skulle ha plukka bær i dag for det har no vore opplett, men så får eg heller sette det på timeplanen for morgondagen. Der er ein del solbær som eg vil berge. 
 

mandag, august 10, 2026

Dagbok 2026: 10. august






 Klokka er no 19.25, temperaturen ute er pluss 10 grader og det regnar- Eg har sete her i timesvis utan å få til å skrive blogg, det var alle slags vanskar , så eg kom meg ikkje til. Eg sat å plundra med telefonen og såg om der var nokon eg kunne ringe, men eg ringde ingen. Så ringer det på døra, og der står HELGE. og han har hjelpt meg så langt og så spørs det om eg greier å ikkje gjere noko gale.Så no må eg vere forsiktig med kva eg skriv.

Det har no vore ein bra kjekk dag i dag. PÅ føremiddagen laga eg mat til Einar og meg, det var kjøttkaker, som vanleg.Han var heime no,men reiser  tilbake til Oslo for å vere der ei stund til. Han hjelpte meg med datamaskina, men eg har vel greidd å rote det til igjen etterpå.  At Helge kom var nok fordi eg har kome bort i nummeret hans når eg sat og rota med telefonen.

I går kveld fann eg ut at eg var god nok i høgrehanda til å begynne å strikke igjen, og det gjekk heilt fint, heilt til eg skulle felle hælen. Kor mange hælar eg har felt .det må gudane vite, men det har vore pause ei stund, så eg må kanskje spørje Solveig igjen. Det er heilt merkeleg kor ein kan gløyme når ein er gammal.

Det er så trasig å ikkje få vere ute og plukke bær, men denne sommaren regnar no heilt bort no, og ikkje er det varmt heller her hos oss.




søndag, august 09, 2026

Dagbok 2026:9.august



Klokka er no 16.19. temperaturen ute er + 14 graderC, akkurat no er det opplett, men det har regna mykje i dag. Eg har ikkje merka så mykje til det, for eg har vore inne heile tida. Eg var ikje så kvikk på morgonstunda, så eg vart verande inne. men eg kom meg ut på dagen. Eg hadde ikkje så mykje å styre med i dag så eg strikka litt på ein lest som eg begynte på å går. Eg håper handa mi toler det. Eg har ikkje snakka med ei sjel i heile dag, det har no ikkje vore ver til å vere ute heller. Det som plagar meg litt er at eg ikkje kan gå på Vernet fordi eg har ein eller kanskje to vonde føter, men slik er det berre. Eg har altså sete inne og strikka og sett TV. No er det opplett ute, så der går and å vere ute viss ein vil.

I morgon har eg legetime kl.10.20, då skal eg presentere meg for den nye fastlegen min, eg er litt spent på det.Eg likte godt henne eg hadde før, og det var ho som sa at eg skulle gjere det slik. Vi som er gamle er vel dei som likar fastlegesystemet best.(Dette er ikkje sant-eg skal ikkje til lege i morgon, men neste mandag .Eg får ikkje til det eg skal på datamaskina i dag og Erlend er ikkje heime.Håper eg får retta opp feila. 

Eg skulle hatt nokre fleire dagar i hagen, plukka bær til dømes, så eg håper på sol og sommar igjen. No fekk eg lyst til å gå ut og sjå om blåbæra er modne. Det er slike kjøpebær- tre altså, ikkje vanlege skogsbær. Og dei brukar å vere store og gode.


lørdag, august 08, 2026

Dagbok 2026: laurdag 8.august


 Klokka er no16.53, temperaturen ute er + 16 grader C, og det regnar litt, men vi har blitt vande med det no. Vi hadde ein finvår og forsommar, men så vart det slutt. Men vi har det i alle fall grønt og fint. Øystein klipte i bakken her så her er det fint. Eg trur ikkje det er eit einaste eple på det gamle epletreet i år, og samme kan dt vere for dei gjekk for det meste i bosset siste åra.

I dag har eg lata meg og sete for det meste i godstolen, men eg var på ein liten tur til butikken og kjøpte inn litt matvarer. Der trefte eg ein av naboane i gata og informerte han om bilen min som er komen tilbake. Eg trefte gså ei veninne frå pensjonistlaget, ho har slutta å køyre bil no, men ho er over 90 år gammal.Det er kjekt å handle på "Nærbutikken" for då møter ein ofte folke ein kjenner. 

Eg har gjort lite og ingenting i dag, eg er litt låk i føtene etter alt hagestyret så eg er litt handikappa, ikkje i hendene, men føtene.I dag har er tatt heilt fri, men eg lurer kvar dag på om eg kan begynne å strikke igjen.


I bakken her har eg litt bærproduksjon, ikkje alle bæra er like fine/gode men eg har nokre bra solbær. Men eg synest ikkje det er kjekt å plukke bær når det regnar, så eg få vente litt og sjå. Eg har berre ei ripsbuske att og den klipte eg så mykje ned i fjor at der ikkje er eit einaste bær i år. Det er ikkje så farleg.

I dag har eg lata meg skikkeleg, det er greit nok,  eg skulle gjerne ha gått tur på Vernet,  men beina mine er ikkje heilt i orden -eg har litt problem med å gå -men håper eg blir bra igjen. Klokka er berre 17.15 så det kan enno skje noko i dag, men då får eg skrive det seinare.

fredag, august 07, 2026

Dagbok 2026: fredag 7.august

 Klokka er no 20-50, temperaturen ute er +12 grader, det er opplett, men eg trur ikkje eg har sett sola i dag.I dag fekk eg melding om at Margrete ville komme ein tur, og det var eg veldig glad for. Ho har vore i Solund ein tur , så eg ville no høyre korleis dei har det der. Eg reiser ikkje så mykje lenger, eg er blitt for gammal , og har det best heime.Eg laga middag til Margrete og meg, men den var litt overkokt/steikt for Margrete kom nesten ein time "for seint". Men det var ikkje hennar skuld.

Ungdommane i familien er visstnok i syden enno, men Erlend er heime så han har hjelpt mora litt med å passe alle fire hundane.

Det var kjekt å få høyre frå Solund- 

Det er Rolf(broren til Nils) og kona Mimi som styrer butikken og mykje anna i Ytre Solund no, og der er det fullt hus -i alle fall om sommaren. Slik var det også den tida foreldra til Mimi styrte der. Eg hugsar kor hjelpsomme dei var og kor godt det var å komme inn på kjøkkenet til Helena når eg hadde reist med båt frå Bergen om natta.  Men om eg reiser til Solund no, er det ikkje så mange som kjenner meg, og eg kjenner heller ikkje mange . Men Mimi og Rolf kjenner eg sjølvsagt.(Rolf er broren til Nils).

Vi snakka også om korleis det blir for Margrete å begynne på nytt skuleår, med nye elevar. Men det plar gå godt.


Dagbok 2026:6.august

Klokka er no 19, temperaturen ute er + 15 grader C,og det er opplett. Det har vore litt nedbør av og til i løpet av dagen.
Denne dagen gjekk fort forbi, etter morgonstell etc. gjekk turen til frisørdama, det var på tide, og godt å få litt mindre hår å stelle. Det er godt å ha bilen igjen slik at eg kjem meg rundt utan å bry andre.
Då eg kom heim att var eg så trøtt at eg berre måtte legge meg nedpå ei stund.Ikkje forstår eg kva eg var trøtt av, men sovna gjorde eg og sov ei god stund.
Marit hadde vore til legen i dag, så eg måtte no opp til henne og høyre korleis det hadde gått, og det hadde gått fint. Men det var no ei stund sidan sist vi såg kvarandre og då er det mykje å prate om. Så i dag har det ikkje hendt så mykje og eg har ikkje gjort verken hagearbeid eller husarbeid, og det blir ikkje gjort noko meir i kveld. Men endeleg har sola greidd å kome seg gjennom skydekket 
så det kan bli ein fin kveld.
I morgon håper eg på å få kontakt med dei i familien som har vore på tur. Vil gjerne snakke med dei og høyrer korleis dei har hatt det.
Bildet over har eg tatt akkurat no ; veret skifter mellom sol og regn. Eg treng litt finever for å få plukka bæra i hagen- så kanskje i morgon?

PS: Det er kjempegodt å ha bil igjen. 

 

Dagbok



onsdag, august 05, 2026

Dagbok 2026: 5.august


 Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren har eg ikkje vatna mykje med slangen, men det er no greit at det regnar om natta viss vi får sol om dagen. Det har ikkje vore mykje sol i dag- På bildet over her ser vi eit stykke av plenen . Solveig og Øystein kom på besøk og Øystein rakk å klippe resten av plenen, det går litt fortare når han klipper enn når eg styrer med det. Eg klipte litt i går, men ein kan ikkje klippe så lenge med det klipparen vi har no, for den går på batteri, og då må ein ladde opp og det tek tid.At plenen ser litt stripete ut kjem av at der er mose i botnen. 

Som sagt fekk eg besøk i dag og Solveig hadde sørga for blomster til grava, så ho og eg var ein tur på gravplassen. Eg hadde ikkje hugsa å ta med telefonen så eg fekk ikkje tatt bilde. Den blomsten som stod der frå før tok eg med heim og planta i garasjebeddet, så kjem den kanskje att neste år. Eg brukar å gjere det slik.

Eg går og ser på bæra eg har i hagen, og viss det går som eg tenkjer, kjem eg til å plukke ein god del solbær Eg kjem ikkje til å sylte noko , men Solveig gjer det sikkert.

Eg såg på det einaste plommetreet vårt, men der såg eg ikkje ei einaste plomme. Det store gamle epletreet har heller ikkje kome med frukt, men det er kanskje for tidleg. Ja, dei epla blir kasta uansett så det er greitt om det ikkje kjem noko.

 Eg sit her og tenkjer på at det er fredagskveld, fordi eg tok "fredagsvasken"i dag - men det er berre onsdag. Og i morgon skal eg endeleg få kome til frisør og klippe håret mitt. Det vart lenger å vente enn eg hadde tenkt, eg ville vente til eg hadde bilen igjen-og det har eg no.Så håper eg at blir fornøgd med frisyren-den har vore litt uferdig den siste tida. No blir det vel TV det meste av kvelden, eg har enno ikkje tatt sjansen på å strikke-veit ikkje korleis høgre handa vil like det.Men eg kan no prøve viss eg vil.



tirsdag, august 04, 2026

Dagbok 2026: 4.august


I dag vakna eg opp til ein finare dag enn det som har vore i det siste, så eg lurte på å la ullgenseren ligge men den kom på! Den er framleis på, men det er latskap..I dag hadde eg planlagt å fylle bensin på bilen, så det vart først på programmet i dag.   

På heimvegen handla eg på KI-WI, så no er eg i den gamle tralten. Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men har klipt litt plen -så lenge batteriet virka. Det blir ikkje så fint alle stader, men det får vere som det blir. Eg klipte oppe ved postkassa og der må eg gjere litt ekstra sidan vi må ha det litt fint opp mot vegen. Det ser ikkje mykje ut det eg gjer, men eg får mykje gras i kassa mi. NO har eg sett batteriet på ladding-det tek 4 timar -så det blir ikkje meir klipp i dag.

Både Solveig og Margrete vil kome hit ein dag i veka. Eg er heime alle dagar denne veka, med unntak av TORSDAG-då skal eg til frisør klokka 10.30-resten av dagen blir eg vel heime.

Bæra i hagen modnar no. Det er ikkje så mykje å skryte av det som blir produsert her, men eg får litt fine solbær. Og ikkje eit einaste ripsbær, sidan eg klipte buska så voldsomt i fjor. Bringebæra er ikkje fine men eg har tru på blåbæra når dei endeleg kjem. EG har ikkje bærbuskene for å få så mykje bær, men det er litt kjekt å gå der og smake.Eg har ikkje jobba i garasjen i dag, der får eg vere når det er stygt ver ute.

Når eg lest som eg jobbar så mykje er det litt overdrive, men eg likar faktisk å "jobbe" litt- i mitt eige tempo.

         Det gror der som Wenche rydda opp.Men plenen er ikkje heilt grøn enno.
( Der er mose under graset, og når vi klipper graset kjem mosen fram

Klokka er no 17.40 og temperaturen ute er +14 grader C. Det er lettskya og opphaldsver.


mandag, august 03, 2026

Dagbok 2026 :3.august

 


Klokka er no 20.36, temperaturen ute er +10 grader C og det regnar så smått, det har det gjort i heile dag- Eg stod opp og la meg igjen eit par goger i dag morgon, det var ikkje fristande å stå opp- Men så kom eg på at det var mykje eg kunne gjere i dag om ikkje veret var så fint. Eg har ein heil garasje som treng å bli rydda ril dømes, og kvifor ikkje fare ein tur på VØR med søppelsekkane-nok å gjere for den som vil, tenkjer eg  og set i gang. Det var ikkje så mange sekkar , men no vart vi i alle fall kvitt dei, og det var kjekt å få seg ein trur på VØR, det er lenge sidan sist.Eg har jo vore utan bil -lenge.

Då eg kom heim att begynte eg å rydde og vaske i garasjen, Der ser ikkje ut! Her har vore snikkar og saga og så har Einar malersakene sine der og det er mykje fiskeutstyr her enno-8 år etter at Nils døde. Eg får ikkje orden i garasjen på EIN dag, men viss eg tek litt kvar dag kan det hende eg kjem rundt ein gong.

Ein gong for lenge sidan tømde eg heile garasjen og spylte overalt, men der var ikkje så mykje inne den gongen i 1997. Etter at vi hadde spylt garasjen reiste vi til Nordkapp.

No stressar eg ikkje for å bli ferdig, for eg skal ingen stad. Det er bra å ha noko som ein MÅ gjere,så får ein gjort litt.

Eg sovna i stolen då eg kom inn men vakna og fekk lage meg god middag; svenske kjøttbullar med poterer ,grønsaker og Bernaisesaus. IKkje altfor ofte eg lagar meg skikkeleg middag. Men det smakte godt i dag.

Barn og barnebarn har vore på ferie, men held på å komme heimover no, så då får eg vel høyre litt frå den store verda. Margrete har sikkert hatt det livat med 4 viltre hundar, ho og Amanda har kvar sine to. No skal eg plassere meg

 framfor TV og slappe godt av.

                                           Ryddar i garasjen og ute.



søndag, august 02, 2026

Dagbok 2026: 2.august


 Klokka er no17.36, men eg synest dagen har vore lang nok no. Eg har vore her åleine og ikkje funne på så mykje kjekt, eg har stort sett sete og sett TV det meste av dagen.Det er noko eg sjeldan gjer, men i dag var der mykje interessant på NRK 1. Andre kanalar ser eg sjeldan på. Brukar stort sett berre å sjå nyheiter, men i dag såg eg mykje anna.Eg lurte på å ta fram strikketøy, men har ikkje gjort det enno. Handa er stort sett bra, men der er noko rusk oppi skuldra.

Eg har altså sete i godstolen og berre reist meg opp for å hente ved  eller ete. Det kom vel med no at Rasmus hadde fiksa så mykje ved, for i dag var det surt ute. Sjølvsagt ville eg gjerne hatt finever og vore ute i hagen og rydda. Plenen nedafor huset ser ikkje ut, det kan ein sjå på bildet. Det har med klippinga å gjere-og då er det sjølvsagt min feil. 

Marit har vore sjuk i dag også, så eg har ikkje vore opp til henne, men vi sender meldingar til kvarandre. Eg har fyrt i omnen og hatt det varmt og godt. Eg håper at eg snart får sjå att resten av slekta-og hundane, Vesle Bjarne har eg knapt nok sett LIVE.( eg er ikkje sikker). 

Komande torsdag skal eg til frisør. Det trengst, for å seie det enkelt.Trur ikkje eg har vore så lurvete før-. 

Det er så lenge sidan eg har sett resten av familien , så eg håper einkvan dukkar opp snart

lørdag, august 01, 2026

Dagbok 2026: 1.august


 Klokka er no17.50, temperaturen ute er +10 graderC, og det er overskya og litt regn av og til, det er slik vi har hatt det no ei stund, det vart slutt på dei varme soldagane. Eg hadde ingen andre planar for dagen i dag enn at eg skulle på butikken og handle matvarer til helga. Det var veldig kjekt å handle i lag med døtrene mine og andre som eg fekk sitte på med, men det er avslappande å klare seg sjølv. Men eg fekk litt gode idear frå dei andre som eg handla i lag med, så no er ikkje handlekorga mi fullt så kjedelig lenger.

I dag var eg så trøtt då eg stod opp at eg gjekk og la meg igjen etter frokosten.Eg har vore trøtt heile tida etterpå også og det vart ikkje stort betre av å sjå TV med Mikkel og Hermann rundt i Europa. Det var heller ikkje oppkvikkande å fyre godt i omnen. Men det er så kaldt at eg går i tjukk ullgenser heile tida. Men så er eg n veldig glad i varme også-

Eg har ikkje hatt besøk av barn og barnebarn siste dagane, men eg håper dei finn vegen hit igjen om ikkje så lenge. Dei har no vore ute og reist så dei har sikkert noko å fortelje.

No sit eg her ved datamasina mi og frys i ullgenseren, så no må eg inn att på stova.

Dagbok 2026:21.august

                                      Best å vere inne i dag. Klokka er no ca19.30 ,  temperaturen ute er +11 graderC, det er overskya og de...