Eg har bestemt meg for å rydde i garasjen, men å ta det med ro, gjere litt kvar dag, så kjem ein vel i hamn ein gong. Det er ikkje godt å forstå kor mykje arbeid det er, viss ein ikkje har gjort noko liknande sjølv. I dag har eg til dømes vaska opp ein god del klede som har vore brukte i arbeid, med til dømes maling av hus etc. Ja, det var no maskinene som vaska og tørka .
Eg hadde også ein annan jobb i dag, eg plukka alle solbæra i hagen,der er eit lite tre som hadde mykje bær og eit stiort tre som eg klipte ned i fjor, der var veldig lite bær. Det vart ikkje så mykje, men no er det i alle fall gjort.
Etterpå var eg oppe hos Marit og sat og prata ei stund før eg gjekk heim og åt middag. No blir det TV resten av kvelden, men eg får ikkje strikke fordi eg har gløymt hælfellinga, dessutan trur eg ikkje det gjer godt for handa mi, i går måtte eg til å sette på meg armbindet igjen, og no har e vore bra lenge. Ein ting var bra i dag, eg var ikkje så låk i føtene som eg har vore i det siste.
I dag var det første skuledagen for mange, men eg saknar ikkje skulen-eg likar betre på vere fri-men det er no for det eg er gammal. Solveig skal bli pensjonist no, men Rasmus ventar til over jul før han gir seg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar