lørdag, november 29, 2008

Dagens fangst på biblioteket.


Som de ser har eg fått tak i Unni Lindells bok, så no kan eg avgjere "stri-den" mellom døtrene.Ja sjølvsagt må eg lese den først.
Men eg er dessverre litt forutinntatt- plar ikkje like Lindell så godt, så heilt objektiv er eg ikkje i utgangspunktet.

fredag, november 28, 2008

Karstens fruktkake.

Eg lagar ikkje særleg mykje kaker til jul, og slett ikkje småkaker. Det er to kaker som har utvikla seg til å bli tradisjon; det er den brasilianske fruktkaka, som eg la inn på bloggen i fjor, og Karstens fruktkake. Kvar den oppskrifta kjem ifrå, veit eg ikkje, men den er skriven med Solveig si skrift i den handskrivne oppskriftboka mi. Ein kan lage den som skuffekake, men eg brukar som regel ei rund form på 24cm i diameter, for kaka hever seg ikkje så mykje. Eg steikjer den ca 1 time på 170 grader, men det er slikt ein må finne ut av sjølv.

Oppskrift:

Karstens fruktkake.

Rør kvitt: 250 gram margarin+2 dl sukker
Tisett: 5 egg, eitt om gongen
Ha i: 4,5 dl kveitemjøl
1 teskei bakepulver
50 gram hakka mandlar
50 gram rosiner
250 gram knust ananas ( eg brukar to små boksar med ananasbitar)
Til slutt: 3 spiseskeier ananassaft

Til pynt: 1 plate kokesjokolade smelta i vannbad i lag med ein klatt smør
10 halve valnøtter
(Ein kan sjølvsagt pynte med det ein vil, men det er lurt å ha glasur på kaka, då held den seg saftigare)

torsdag, november 27, 2008

Livet er eit strikketøy.......

..... med rette og vrange masker.
Masker som fell av pinnen og må hentast opp.Feil som er så grove at ein må rekke opp alt og begynne på nytt, og feil som kan kamuflerast. Nokre meistrar strikkekunsten, andre strevar, og for somme er det vanskelig berre det å komme i gang.Men når alle hjelper kvarandre..................................
Slik om lag er allegorien i denne boka, der handlinga er lagt til ein liten garnbutikk i New York.
Boka er enkel, på grensa av det banale, og litt sentimental innimellom. Men alle som er glade i å strikke vil finne ein viss sjarm i den.Tenkte på Strikkemor(o) då eg las den. Strikka ca to par lester med denne boka på øyret.

onsdag, november 26, 2008

Telefonsal.

Solveig har hatt diverse innlegg om dette før, og i dag skal eg komme med mi siste "takling".Vil ikkje seie at eg er direkte stolt av den.
Men i dag ringde det altså ei dame, som presenterte seg,og spurde om det var Olaug Marie. Då lukta eg lunta..... Så begynte ho med den leksa om at eg hadde vore ein god kunde....osb.Og der tente eg, og vart med eitt SVÆRT så veltalande. Eg heldt eit fleire minuttars innlegg utan å sleppe henne til, og så la eg på.

Nils heldt seg roleg så lenge det pågikk, men så begynte han å le!Trur ikkje han har hatt det så morsomt på lenge.Men eg fekk litt bondeanger og tenkte på henne som eigentleg berre gjorde jobben sin.
No veit eg at det er lov å ringe opp til tidlegare kundar sjølv om dei har reservert seg, men kor mange gonger?

tirsdag, november 25, 2008

Gratulerer med dagen, Harald!

Som de veit, feira vi Erlend og dei to bestefedrane hans for ei stund sidan; men først i dag er det Harald sin dag. Han vart fødd hausten 1940, mens eg vart fødd i mars same året. Mykje var forandra i landet på dei få månadane.
Han voks opp på Storebakken i lag med tre søsken; han er den nest eldste.På bildet er han ungkar og spelemann. No er han berre spelemann. Elles er han stadig på farten, og aldri langt unna når ein treng ei hjelpande hand, anten det er passing av barnebarn eller utsetjing av båt. Vi ønsker til lykke med dagen!

mandag, november 24, 2008

Mammas aniskringler.

Eg bad mamma om oppskrift på aniskringler ein gong, og det fekk eg, men eg laga dei aldri. No ser at Solveig har opp til fleire oppskrifter på bloggen sin, så då vil eg komme med mamma si også.

1/4 kg kveitemjøl
80 gram farin
100 gram margarin
1/2 teskei kardemomme
1 teskei anis
3 1/2 dl melk
40 gram gjær

Smuldre margarinen i mjølet, ha i anis, kardemomme og sukker.
Rør gjæren ut i melka, ha det i og bland deigen lett saman. Lat heve til dobbel storleik. Elt deigen og lat den stå i 15 minutt til.Del deigen opp i ca 40 emne og trill kvart emne til ein ca 30 cm lang rull som ein formar til ei kringle.
Etterhev godt over damp, pensle med egg og steik ved 250 grader i 4-5 minutt.
NB: Kan dessverre ikkje legge ved bilde i dag-men kven veit?

Erlend 5 år i dag!


I dag fyller minsteguten på Storebakken fem år.Å vere den yngste av fire, har sine sider, på godt og vondt.Erlend er ein veldig kjekk og snill gut,med mykje fantasi og temperament. I går var han her med oss mykje av dagen mens dei andre dansa ballett, og då er det stor lykke å få ha datamaskina åleine i timesvis.Akkurat no er det Indiana Jones -episodar på You tube som er det store.Han var litt ergerlig fordi han hadde gløymt hatten sin, men ein gammal cowboyhatt, som stammar frå ein countryfestival på Skjåk, fekk gjere nytta. Indiana Jones-legoen som han fekk med oss forrige helg, gjorde stor lykke, vinterdressen som han fekk no, var ikkje fullt så populær- med det same. Det kom seg etter kvart.
Vi gratulerer Erlend så mykje med dagen, som sikkert vert feira i barnehagen.

lørdag, november 22, 2008

Gratulerer med dagen!


I dag er det Rolf sin fødselsdag. Minsteguten i flokken på fire, fyller 67 år i dag! Eg har kjent han i 50 år og Nils enda lenger. Rolf er på farten heile tida,på land og sjø. Ser ikkje ut til at alderen tyngjer.I alle fall ser han veldig ung ut på bildet!
Vi ønsker til lykke med dagen!

Ein nydelig dag.


Som de ser av head-ingen, er det vidunder-lig vakkert her i dag. Ørsta er vakrast om vinteren, har eg alltid hevda, og det står eg ved.Men medaljen har ei bakside:Det må mokast, og det er fullt ut Nils sin jobb, så lenge han orkar det. I dag ymta han frampå om å kjøpe snøfresar til våren når dei kjem på tilbod.

fredag, november 21, 2008

"NY" britisk krim.

I dag vart eg endelig ferdig med denne boka. Det har teke si tid å lese den. Ikkje fordi ho er kjedelig, men fordi eg har prioritert andre ting enn lesing i det siste.Når ein brukar lang tid på ei bok, blir det liksom litt langdrygt. Derfor vil eg ikkje komme med vurdering av denne boka, berre fortelje at det er bok nr. 2 av i alt tre (til no) om etterforskaren Tom Thorne. Eg har også lese den første, som heiter Sov godt.
Nummer tre er komen på norsk under tittelen Slappfisk. DEN trur eg kan bli givande.
Det var kjekt på besteforeldrefesten på Hareid i går, men bilda eg prøvde å ta er ubrukelige på bloggen.

onsdag, november 19, 2008

Hobby-nytt.

I dag fekk eg melding om at der var kome ei brev-sending til meg som var for stor til postkassa. Dermed henta Nils pakken som viste seg å vere Opalgarn frå Maud´s garn. Då eg bestilte garnet spurde eg om å få betale via Nettbanken, og det gikk bra. Dermed slapp eg å betale gebyr, men betalte berre frakt i tilleg til garnet.Eg bestilte mykje meir enn det som kom i dag, så det kjem an på om der kjem ein pakke til.Eg har no arbeid ei stund med dette, for garnet er tynt.
Nils fekk båten på land forrige veke, men så står litt båtpleie for tur.I dag fekk han to naboar til å hjelpe seg med å snu båten. Han har vaska den ganske rein, men så skal han smørje på eit stoff som han skulle ha kjøpt på Biltema, som vi dessverre ikkje har her. På Mekk er det mykje dyrare, så det spørs om vi må reise til Moa...............................
Ingeborg har jobba på Møre-Nytt i tre dagar no og likar seg godt. I morgon skal ho intervjue ein mann heilt åleine,ein ho ikkje kjenner, det gruar ho seg litt til.Både Margrete og Lars kjenner han, så eg trur det går bra.
Vi skal på besteforeldrefest på Hareid, det er Håkon sitt klassetrinn som står for invitasjonen.Det blir sikkert kjekt.




søndag, november 16, 2008

Er dette vanleg....?


I dag kom det ei lita jente og selde snop og kaker på døra. Nils var ute og kjøpte ein boks. Men vi stussa begge då vi såg at overskotet skulle gå til skuletur (leirskule?) til Bjørnsund for 6.klasse ved Velle skule.
At ungdomsskule-elevar sel diverse saker for å kunne reise til Polen til dømes, er vanleg, men eg trudde ikkje barneskuleelevar vart sende på tiggarstien?

lørdag, november 15, 2008

Bursdagsfeiring på Bjørnaset.











Sidan Margrete vart først ute med blogg frå dagen, blir dette berre eit supplement til det ho har skrive.Eg vil takke vertskapet for ein kjekk dag, og seie som det er så populært i desse dagar:Godt jobba! Det vart tre esker med Indian Jones-lego til minstemann, noko han ikkje hadde det aller minste imot.
Bilda er tilfeldig valde, men kva som har skjedd, veit eg ikkje. Bilda vart i alle fall aldeles kornete.

fredag, november 14, 2008

Nils fyller år.
















I dag er det 72 år sidan Nils kom til verda heime i det nybygde huset i Trovågen. Nokre få dagar før hadde familien, mor, far og 1 1/2 år gamle Anne Marie, flytta frå Ura,over Myra og bort på Muren og inn i nyehuset. På kammerset der kom odelsguten til verda. Som dei fleste fiskarfamiliane på den tida hadde også dei eit lite gardsbruk med eit par kyr, nokre sauer og gris. Det var sjølvbergingshushald som galdt. Seinare kom det enda to gutar til i familien, den eine av dei kom bort på sjøen i1956, same året som dei fekk elektrisk lys på staden.
Det var i 1958 eg kom til denne vesle grenda som lærar, rett frå gymnas, og det varde ikkje lenge før vi fann kvarandre. Sidan har vi halde i lag. Dei siste 43 åra har vi budd i Ørsta, men sjølv om han har flytta "fra fjord og fjære til fjell og dypen dal", så har han framleis interesse for fisking. Det er både matauk og hobby. I dag har han teke båten på land for vinteren, men sidan den står på vogn, kan han ta ein tur ut om det skulle høve slik.
Nils har mange gode eigenskapar, særleg set eg pris på at han har eit stabilt og godt humør.Eg ønsker han til lykke med dagen.
PS: Fjellbildet er frå Romedalen.

onsdag, november 12, 2008

Privat etterforsking.

I dag rakk eg å skrive avisinnlegg før eg gikk på trening. Sende same teksten til Møre og Møre-Nytt. Dei ringde frå MØRE , men frå vår avis har vi ikkje hørt noko. Dersom syndaren melder seg, kan vi få leigebil mens bilen vår er til reparasjon t.d.
Politiet ville vi skulle prøve med avisinnlegg først, men det er inga sak for dei å finne den "mistenkte" via elektronisk spor frå kortet ho betalte med. Viss det ikkje er ho som er den skuldige, kan vi berre gi opp. Ja, om ingen melder seg,då.

mandag, november 10, 2008

Simpel framferd.

I dag måtte vi ein tur til Volda for å handle pinnekjøt og julepølser på utsalet til Johs.Jacobsen.Akkurat i det vi skulle forlate butikken, kom sjefen sjølv ned frå kontoret sitt og spurde om vi eigde ein lys bil som stod ute.Det gjorde vi. Han kunne fortelje at han hadde høyrt ein kraftig smell og sprunge bort til viduet. Då såg han ein svart bil, truleg ein SUV som køyrde frå staden i full fart. Vi ut- og ganske riktig, bilen vår hadde fått ein skikkelig bulk i venstre framskjermen. Jacobsen hadde som sagt sett bilen, men ikkje fått tatt nummeret sidan han var i 2. etasje og det såleis var vanskelig å sjå.
Vi fekk sterk mistanke til dama som var kunde før oss, men ekspeditrisa visste ikkje kva ho heitte. Eg kom på at ho sa ho hadde bestilt ribbene, men dei hadde berre notert bestillinga, ikkje namnet.Eg trur ikkje ho var frå Volda for då hadde betjeninga kjent henne. Eg såg på klokka mens vi snakka, den var 13.40. Ein har då lese krim!
No har vi vore på verkstaden og registrert skaden, og Nils for rett etter til forsikringsselskapet.
Det er simpelt å stikke ifrå når ein gjer skade på andre.Som han sa,Jacobsen( som er nordlending) : "Sånt gjør man bare ikke"!

søndag, november 09, 2008

Julelageret veks.


No har eg kjøpt meir av dette garnet, men i litt andre fargar.
Har strikka ein lest i denne fargekombinasjonen, og etter min smak var den finare enn den eg kjøpte forrige gong.Garnet er ganske tjukt, eg strikkar på bambuspinnar nr.3,5, og det er mjukt og godt å strikke.
Garnet er ikkje drygt, men det kan ein vel knapt vente når det er såpass tjukt.
Men det som irriterar meg er feila på garnnøsta. Garnet er skøytt på fleire stader, slik at eg må ta garn frå andre buntar, skøyte og styre. Mønsteret blir så markant at det går ikkje an å jukse.Dessutan har eg opplevd at to av nøsta var nøsta opp feil veg, så fargane kom i omvendt rekkefølgje. Så var det berre å nøste opp på nytt-rette vegen. Dette er ikkje store problem, men alle som har strikka med slikt garn som lagar mønster sjølv, veit kor irriterande det kan vere. No har eg bestilt Opal i store mengder på Internett og gler meg til å strikke det.
Til lykke med farsdagen alle fedrer !
Her skal vi feire med pannekaker, svenskeflesk og rørte blåbær. Ein av yndlingsrettane til han far sjølv.

fredag, november 07, 2008

Timetjuven!

Kven siktar eg til? Jau,Mister Packard Bell personleg ! I dag har eg hatt mykje trøbbel med han. Ikkje berre har han nekta å lystre ordre, han har funne på ting heilt av seg sjølv, rota til-og vekk -program og mykje anna. Og timane går. Tid som kunne vore brukt til nyttigare ting.
Når sant skal seiast, er det vel eg sjølv som er den skuldige. Det er EG som gløymer kva programma heiter og korleis eg skal få dei til å fungere m.m.
Men så har eg altså fått alt i orden igjen, og maskina virkar som ho skal.
Då er eg veldig tilfreds med meg sjølv, og glad for å sleppe å bry andre med data-problema mine. Så kanskje var ikkje tida så bortkasta likevel?
God helg til alle blogglesarane mine!

onsdag, november 05, 2008

Eit historisk val.

Endelig er det avgjort og USA har fått ny president. Eg er veldig glad for at det vart Obama, og føler trang til å feire. At nokon i det heile tatt er villige til å ta på seg ei slik oppgåve som det er å rydde opp i USA etter tidas mest udugelige president, er meir enn eg forstår. Eg er i alle fall glad for at det ikkje er min jobb!
At USA har valt sin første "svarte" president er også historisk. Men sei meg:Kvifor vert Obama karakterisert som svart når mor hans er kvit amerikanar? Han er no like mykje kvit som svart.
Vi får i alle fall håpe det beste for heile verda, vone at han vil prøve å skape fred i staden for krig og hat slik som forgjengaren gjorde.
Hadde eg hatt e-postadressa skulle eg skrive ein mail til han og gitt gode råd. Etter som eg har forstått er han oppteken av bestemødrer.

tirsdag, november 04, 2008

Fire lange langer.


Vi hadde litt attelet for at dei to nye frysarane skulle bli ståande tomme, men no ser det ut til å ordne seg. I dag var Nils oppe i gryotta og drog garn. Han fekk ein stor fin lyr, og ein del mindre seiar. Vi hadde kokt småsei til middag og så blir det vel laga fiskekaker ein av dagane.Han sette ut line også, og drog den i ettermiddag.Han fekk nokre fine langer. Det er vel ikkje alle som trur meg,men "påstråla" lange er noko av det beste eg veit. Vi gløymer aldri den han fekk for to år sidan. Den som var over 17 kilo. Vi åt den opp til siste slutt.

mandag, november 03, 2008

Nytt strømpegarn.


I dag har eg vore og trena, og etterpå var eg på garn-butikken. Dei har veldig dårleg utval av strømpegarn for tida, men dei hadde fått inn ganske mykje av dette. Eg vil helst ha tynnare garn, likar best å strikke det, men fordelen er at det går fortare med tjukt.Ikkje det at eg har dårleg med tid-problemet er å greie å sitte. Har strikka eit par lester i dette garnet før, dei var einsfarga blå, så no måtte eg prøve ein meir fargerik sort.
Nils skal ut og drage teiner, og så skal han sette laksegarn. De har vel høyrt at fjorden her er full av rømt oppdrettsfisk? Han måtte først stad og kjøpe seg ny "garasjefrysar", for den gamle slutta å virke. No er den nye på plass. Så får vi berre håpe han får tak i noko å putte i den.
PS: Fansten i dag vart ein hummar og to krabbar.Det vart "middagen" vår denne dagen. Så spørs det kven som går i garnet i natt. Vi lever i spenning.

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...