søndag, november 09, 2008

Julelageret veks.


No har eg kjøpt meir av dette garnet, men i litt andre fargar.
Har strikka ein lest i denne fargekombinasjonen, og etter min smak var den finare enn den eg kjøpte forrige gong.Garnet er ganske tjukt, eg strikkar på bambuspinnar nr.3,5, og det er mjukt og godt å strikke.
Garnet er ikkje drygt, men det kan ein vel knapt vente når det er såpass tjukt.
Men det som irriterar meg er feila på garnnøsta. Garnet er skøytt på fleire stader, slik at eg må ta garn frå andre buntar, skøyte og styre. Mønsteret blir så markant at det går ikkje an å jukse.Dessutan har eg opplevd at to av nøsta var nøsta opp feil veg, så fargane kom i omvendt rekkefølgje. Så var det berre å nøste opp på nytt-rette vegen. Dette er ikkje store problem, men alle som har strikka med slikt garn som lagar mønster sjølv, veit kor irriterande det kan vere. No har eg bestilt Opal i store mengder på Internett og gler meg til å strikke det.
Til lykke med farsdagen alle fedrer !
Her skal vi feire med pannekaker, svenskeflesk og rørte blåbær. Ein av yndlingsrettane til han far sjølv.

7 kommentarer:

solveig sa...

Han brukte å lokke Audun til å ønskje seg den retten etter blåbærturar....
Lurt å lesse cupfinalen til farsdag. Eg stakk på jobb eit par timar og rigga meg til med lefsebaking. Kjøkenet er ikkje ledig i skuletida no når også barneskulen er der.
I år har eg berre 4 grupper med lefsebaking. Og det har ikkje vore noko problem å skaffe folk.

solveig sa...

Legge skulle der stå. Eg trykker litt feil på den nye maskina. Tastane er mindre,så eg må skjerpe meg med korrekturlesing....

Besta sa...

Dette med ulike tastatur kan vere eit problem. Eg trykkjer framleis feil, til tross for at eg fekk nytt tastatur i januar. Det er litt mindre enn dei eg har hatt før. MEN.....når dette tastaturet er utslite, skal eg ta fram det gamle igjen- så får eg vel problemet i revers.

arieldog sa...

Her åt vi ball på farsdag - og far kokte sjølv. Nokon cupfinale veit eg ikkje om han såg, for eg har vore i kjellaren etter den obligatoriske "fjellturen". Kjekt å kunne nyte dagslyset i helgane.

Hildegard sa...

Friske fine fargar i garnnøstet, men det må vere irriterande med desse feila. Er det tilbodsgarn frå Volda?? Har du vore innom den butikken i Ørsta som sel same garnet som Eid Miljø på Eid har? Trur det er meir kvalitet, du får rådføre deg med Strikkemor!
Eidabesta

Besta sa...

Garnet er kjøpt i Ørsta sentrum, på den butikken der Hilde, Elin og eg var inn i lag. Det er ikkje tilbodsgarn, og fell heller dyrt sidan det er så udrygt. Heldigvis er nokre av nøsta heilt feilfrie.Her er dårleg utval av garn i Ørsta for tida.

Hildegard sa...

Då er det sikkert den butikken eg var innom i vinter og kjøpte garn til gensaren til veslejenta fordi Eid Miljø var utselde for den fargen eg mangla. Strikkemor seier det ikkje er så uvanleg at det kan vere feil i garnnøsta. Eg har ikkje hatt slike problem, men så er no produksjonen lav for tida!
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...