mandag, november 10, 2008

Simpel framferd.

I dag måtte vi ein tur til Volda for å handle pinnekjøt og julepølser på utsalet til Johs.Jacobsen.Akkurat i det vi skulle forlate butikken, kom sjefen sjølv ned frå kontoret sitt og spurde om vi eigde ein lys bil som stod ute.Det gjorde vi. Han kunne fortelje at han hadde høyrt ein kraftig smell og sprunge bort til viduet. Då såg han ein svart bil, truleg ein SUV som køyrde frå staden i full fart. Vi ut- og ganske riktig, bilen vår hadde fått ein skikkelig bulk i venstre framskjermen. Jacobsen hadde som sagt sett bilen, men ikkje fått tatt nummeret sidan han var i 2. etasje og det såleis var vanskelig å sjå.
Vi fekk sterk mistanke til dama som var kunde før oss, men ekspeditrisa visste ikkje kva ho heitte. Eg kom på at ho sa ho hadde bestilt ribbene, men dei hadde berre notert bestillinga, ikkje namnet.Eg trur ikkje ho var frå Volda for då hadde betjeninga kjent henne. Eg såg på klokka mens vi snakka, den var 13.40. Ein har då lese krim!
No har vi vore på verkstaden og registrert skaden, og Nils for rett etter til forsikringsselskapet.
Det er simpelt å stikke ifrå når ein gjer skade på andre.Som han sa,Jacobsen( som er nordlending) : "Sånt gjør man bare ikke"!

7 kommentarer:

bokdama sa...

Dokke he vore skikkeleg uheldige i dag! Trist!

solveig sa...

Nei, slikt gjer ein ikkje!!!
Kvar gong eg ser ei sånn "hit and run"-episode på krim, tenker eg at dei må seie frå med ein gong. Gjer ein noko gale, får ein stå for det, det vert berre verre!
For det må kunne gå an å drive litt detektivarbeid for dei som har tatt opp bestillinga. Elles burde det ha kome i avisa slik at dei som observerer ein SUV med skadar blir mistenksame, viss ho fekk noko sjølv då.
Skikkeleg trasig å kome ut for slike folk.

arieldog sa...

Sikker ikkje store skader på SUV'en, men eit oppslag i avisa kunne gi henne dårleg samvit.

Besta sa...

Ja, eg pønskar på eit avisinnlegg.Hadde eg vore heilt sikker på at det var den dama som sat i SUV-en, hadde det vore enkelt for politiet, for ho betalte med kort.På vår kassalapp stod det 13.35, og ho var rett før.Men det einaste vi veit SIKKERT er at det var ein svart bil som køyrde på vår.Det var plast frå støtfangaren som læg att på vår bil, så der var vel ingen riper i lakken.

Hildegard sa...

Dette var trasig. I og med at vitne høyrde smellen, må vel sjåføren ha merka ka han/ho gjorde? Mange unge sjåførar har steroanlegget så høgt på i bilane sine at ein høyrer berre dunk.. dunk.. når dei køyrer forbi. Du kan vel skrive i avisa: - Du i mørk bil som køyrde på min bil .... må ta kontakt..., det var vitne til uhellet -. Eidabesta

Besta sa...

Der var berre ein bil på parkeringsplassen utanom vår, og den var svart. Det var ei dame i 60-årsalderen som eigde den.Saka skulle vere grei, for det er lett å finne ut kven som betalte med kort, nokre få minutt før oss.

Hildegard sa...

Å... Eg var ikkje klar over at ho var i 60-års-alderen! Trudde damer over 60 var ærlege. Kanskje ho ikkje skjøna at det var ho som laga bråket?
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...