Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett.
I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort så mykje til gagns. Eg stod opp tidleg og åt frokost, men la meg nedpå litt igjen. Ja eg går no her mest åleine så eg får litt rare vanar innimellom.
Men det var ein ting eg hadde lyst å gjere i dag, det var å ta bilen min og køyre til butikken. Eg er litt slumsete med å passe på batteriet så det blir tomt både titt og ofte.Så då eg ville ut å køyre for eit par dagar sidan, fekk eg ikkje start på bilen, Så eg måtte snakke med naboen, og han fiksa det som vanleg.(Han må no vere ganske lei av at eg må ha hjelp)Men i dag var bilen i storform så eg kom meg på butikken. Eg kunne ikkje kjøpe så mykje i dag , for eg hadde ikkje så mykje kontantar, men i morgon får eg sikkert det nye bank-kortet mitt i posten.
Elles sit eg og strikkar store ,kvite lestar. Det var strikkestopp i mange månader så det var rart å begynne på igjen, men det går relativt bra. Eg strikkar til Solveig og ho gir lestene vidare, det er slik vi har det i familien. Men eg surrar litt med oppskrifta så det blir litt å ta oppatt.
I dag kunne eg ha tenkt meg å gå ein tur på Vernet, prøvd i alle fall, for eg veit ikkje kva føtene mine er gode for no. I heile sommar har eg no halde meg heime i hagen og det er ikkje så utfordrande- Men eg gir ikkje heilt opp å gå tur, eg skal i alle fall prøve. Kanskje i morgon?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar